Monthly Archives: juli 2015

The Switch – We’re Fooling No One

Standard

Pop og psykedelia til ære for sommaren, sola og dråpane som høyrer med.                                7

Ein tur, ei utflukt, ein tripp. Ja eg trur eg kallar det ein tripp. Ein tjue minuttars tripp. Ein bra tripp, bør kanskje leggast til. Slett ikkje ein som går dit angsten og beven rår. Nei dette er ein solskinstripp det. Med beina sånn passelig vagt nedpå jorda, og ansiktet vendt mot sola. «Into the sun sun sun sun» syng songaren i eit av dei tre partia han syng. For det meste syng han ikkje. For det meste dansar godlynte synth-klangbølgjer, doggfriske gitartonar og eit stimulerande groove tvers gjennom trippen. Og forårsakar bevegelse.  Det kan sikkert kallast space rock, det kan definitivt kallast psykedelisk. Komposisjonen eg snakkar om er ikkje eit ekko av Pink Floyds Echoes, men det er likevel litt meir enn at den varer i over tjue minutt som får meg til å kople den opp mot den gamle klassikaren. Kva? For så vidt uforklarleg, men mon tru om det kan ha noko med atmosfæren å gjere? Eller det kosmiske element? Eller kanskje ikkje? Uansett, The Switch presents: The Astrologers heiter opplegget. Ingenting mindre. Og det er spor nummer fire på denne utgjevinga, til det produktive Oslo-bandet The Switch.

Det er berre eit halvår sidan sist eg satt her og høyrde på ei fersk utgjeving av bandet, albumet B for the Beast. No er det sommar, no er tonen litt annleis. Men den lange space-trippen eg nettopp har fortalt om er ikkje typisk for plata. Dei fire andre låtane er vel på eit vis meir typiske. Meir slik plata elles er. Tittellåta kjem først, og gjer som tittelen proklamerer, den lurer ingen. Eit popnummer av feelgood-kaliber, med fengande harmonisong, ein liten inderlig gitarsolo, og den klokkeklare vedkjenninga «I only want you, I only want you». Mjukast av låtane er The King Goes On, eit popmelankolsk nummer der harmonisongen har smeltande evner. Den røffaste rakkaren heiter Every Other Week, der den gjer seg til kjenne med boogiepiano og heftige tilslag. Våtast er Drip Drip, ein song boren fram av ein akustisk gitar, men der nokre varlege lydbyer sig på innimellom.

Gjennom tre plater på eit drygt år har The Switch vist seg som eit band med meir enn ein måte å angripe den ærverdige poptonen på. Måtte dei berre fortsette med det. Kanskje allereie før året er omme?

Wolf Alice – My Love Is Cool

Standard

Wolf Alice albumdebuterer med pop i tonane og blod i sikte.                                                         7

 Motsetningar driftar i hop. Det pure og reine blir utsett for noko grumsete. Eit uskyldig smil står ansikt til ansikt med eit skyldig glefs. Rødhette møter Ulven. Skjønnheten flyttar saman med Udyret. Det er Wolf Alice det. Ei novelle av Angela Carter. Eit rockeband frå London. Sistnemnte er her med debutalbumet sitt. Det har såpass med friskleik over seg at eg fekk hug til å seie noko om det.

I novella til Angela Carter veks Alice opp blant ulvar, men hamnar etter kvart blant menneske. Det går ikkje i hop, så ho flyttar inn hos byens skrekk, varulven The Duke, og blodet flyt.

I rockebandet frå London har Ellie Rowsell den sentrale rolla som songar/gitarist/låtskrivar. Til høgre og venstre og bak seg har ho menn, tre menn. Dei fire går salig bra i hop, i songar som stort sett ikkje står i ro, songar som kjem frå litt ulikt hald, og som både heller mot det pop-pure og det rock-grumsete. Eg har registrert at bandet sjølv har kalla det rocky pop.

Det er vel ikkje til å komme i frå at det er ein god del nittital over opplegget til bandet. Frå The Breeders til Grunge til Elastica og tilbake igjen. Men det er meir her. Om ikkje heile pophistoria revisited, så absolutt ein god del av den. Ei ganske så beundringsverdig spennvidd i grunn, og med den nyttige evna å gje det heile sin eigen signatur.

Bak seg har bandet to ep’ar som har påkalla visse forventningar. Albumet har eit meir gjennomarbeida preg enn ep’ane, og eit større lydbilde, utan at gnisten på noko vis har blitt svakare.

One! two! three! four! five! six! seven!
You ain’t going to Heaven
Cause I’m draggin» you down to Hell

Jodå dei kan sin Pixies også. Rimar seven med heaven, og køyrer ein lågt/høgt dynamikk som luftar sjela. Sitatet er henta frå den kanskje fremste grunge-representanten på plata, den rått åtaksorienterte låta You’re A Germ. Fluffy, med sitt tema om å komme seg ut av ein «dead-out» småby, er ein annan låt med solid åtak i seg. Ein tredje, og riktig så brutal ein, er Giant Peach. Med sin kombinasjon av Black Sabbath-riffing og Neu-motorikk tar den raskt eigedom over det meste som måtte vere i nærleiken.

Over i meir poplei har vi Bros. Ein song om barndommens vennskapsband, med eit grasiøst melodisk vesen, både der den er catchy, der den er draumande, og der gitaren finn fram til eit Sloop John B slekta tema. I same poplei høyrer også Silk til. Ein ekspanderande og dramadriven låt, med eit særdeles medrivande refreng. Soapy Water er ein tredje i dette popsegmentet. Ein låt med eit mystisismens preg, sugande beat, og nokre skikkelige eksistensielle statement.

It’s hard to live when you’re scared to die

If life is easy then what is this?

Eksistensielle spørsmål driv i grunn som ein flisete tråd tvers gjennom plata. Og verken Gud eller kjærleiken står att med eit sigersmil om munnen:

Just looking for a protector
God never reached out in time
There’s love, that is a savior
But that ain’t no love of mine

Til slutt kjem det mest komplekse nummeret, The Wondewhy. Både ei bøn og eit åtak. Både eit rop om kva som vil skje etterpå, etter døden, og funderingar omkring kva det kan ha å seie for utfallet at «I find thrill in sin and desire, and warm my toes on Hell’s fire».

Eg får seie som han sa, ærverdige Warren Zevon: «Ah-hooo, werewolves of London».

CADDY – The Better End

Standard

Popmusikk som møter sommaren med gode avtrykk frå fleire popmeistrar.                                 7

  Gerard Love likar CADDY. I alle fall er han sitert med nokre ord i følgeskrivet til denne utgjevinga som vanskelig kan tolkast på annan måte. Og ein treng ikkje gå The Better End spesielt nære etter i saumane for å få visse idear om kvifor den ærverdige herremannen frå Teenage Fanclub  synst godt om dette. Ja hadde eg ikkje visst betre kunne eg nok ha gjort meg tankar om at The Better End er den nye plata til Teenage Fanclub. Den varsla oppfylgjaren til Shadows frå 2010. For det er så definitivt i det soniske landskapet CADDY opererer. Og jammen blir det operert på tiltalande vis du.

CADDY er så godt som berre Tomas Dahl. Ein fyr som har musisert i ulike samanhengar sidan nittitalet (bl.a som trommeslagar og bassist i The Yum Yums, og som trommis i dei seinare åras utgåve av Turboneger). Under signaturen CADDY har han operert sidan 2004 (om vi skal tru Facebook-sida hans – og det skal vi vel?). Kva nummer i rekka av utgjevingar The Better End er kan eg ikkje seie meg sikker på, til det har eg ikkje fylgt godt nok med i den timen. Men det er minst album nummer to. For eg har funne fram til eitt anna album, Electric Hour (2010), fullt av gitarelektrisk powerpop der Cheap Trick fell nærare å tenke på enn Teenage Fanclub.

I den grad The Better End kan kallast powerpop så er det powerpop med eit mjukare handlag. Og då er det kanskje ikkje powerpop lenger? Kanskje får eg nøye meg med å ganske enkelt kalle det for pop, med ein sommarleg bris i seg lyt då leggast til. Multiinstrumentalisten Dahl drar inn både eitt og hitt av instrumenter, men handterer det på eit ytst edruelig vis, og skapar eit lettbølga og varmt album.

Vestkyst records heiter labelen som gjer ut plata, og i den grad songane ikkje har ei Teenage Fanclub-feeling, så er det vel der dei har sitt opphav. Ikkje langs den norske vestkysten, men den som møter Stillehavet der borte i California.

Om Brian Wilson likar CADDY vil vi sannsynlegvis aldri få svar på, men Tomas Dahl likar Brian Wilson. Tydeligast fortel han det i tittelkuttet. Ei popmelankolsk godstund om å vandre mot ein betre slutt med eit og anna spøkelse på skuldra. Konturar av Wilson er det også i Flangbenny. Falsettharmonering er ein bit av den, kunsten å vere intrikat og catchy i same andedrag ein annan.

Mest strålande av dei Fanclub-infiserte spora er Something About Carina. Der gitarane svellar, refrenget er uimotståelig, og kvinna det handlar om er utilnærmelig. Platas kanskje mest umiddelbare sak er Wherever You Go, der eit neonfarga åttital lurer i kulissane, subtilt understreka av nokre saksofontonar frå Bendik Brænne. Brænne, den eine av to som er innom og yte ein liten musisk skjerv til Dahl sitt einmannsshow. Den andre er Janne Hea. Ho syng duett med Dahl på det som er blitt til mitt favorittspor på plata. Bring It Back, som har vemodet, som har lengselen, som skin i nåtid og spreier popvarme av det særdeles godgjerande slaget. Med ein tematikk som dreier seg kring «the long lost summer days» og ei forelsking som verken han eller ho er framande for å få ein reprise av.

Eg kunne også sagt noko bra om det luskande og harmonifine opningssporet Here It Comes Again, eller om songen som refererer til ein stad på Den franske riviera, eller kanskje noko om popballaden som kjem heilt til slutt og seier farvel til sommaren. Ja det kunne eg, for den er i grunn ganske så fri for skip-materiale denne plata. Sånn skal det vere.