Monthly Archives: april 2018

Josh T. Pearson – The Straight Hits!

Standard

Hmm…dette funkar  ikkje heilt mr. Pearson.

Bilderesultat for josh t. pearson the straight hits  Josh T. Pearson har ikkje laga ei spesielt bra plate denne gongen. Han gjorde det i sitt første forsøk, med bandet Lift To Experience. Då han for sytten år sidan var arkitekten bak det bandets einaste album, The Texas-Jerusalem Crossroads. Eit dobbeltalbum full av mektig og feedback-fora rock’n roll. Han gjorde det endå sterkare. Ja i denne lyttarens øyrer ufatteleg sterkt, då han ti år seinare kom med sitt andre album. Soloalbumet Last of the Country Gentlemen. Eit akustisk-spartansk sakteflytande album, med lange songar om livet med kvinna, om livet utan kvinna, om livet i selskap med alkoholen, om livet med Gud, og utan Gud, og om livet med musikken. Eit meisterverk.

Så går nå åra, og Josh T. Pearson lar vente med å høyre frå seg, igjen. Men når beskjeden kjem om at det er eit nytt album i kjømda melder forventningane mine seg. Dei blir ikkje veldig modererte av den første smakebiten. Straight to The Top er tittelen. Og sjølv om låta ikkje fer heilt til topps, viser den seg å vere eit heseblesande countrypunk nummer med visse erobrande evner. Neste smakebit: Straight At Me. Spretne orgeltonar, plystring, garasjerock. Fyren ser absolutt ut til å dansa inn på andre soniske tomter. Vel, det kan bli interessant det. Tredje smakebit: Whiskey Straight Love. Pearson aleine med ein akustisk gitar. Gjort unna på to minutt, men i ånd ikkje ulikt slikt han hadde føre seg på førre album. Forventningane lever.

Straight. Ein fiks idé. Ein del av nokre reglar han laga seg før han skreiv desse songane. Alle songane skal ha Straight i tittelen. Og dei skal ha ei viss makslengd. Og han held seg sånn litt lausleg til desse reglane. Og det er nå heilt greitt tenker eg. Men det er ikkje greitt at blant dei sju songane som ikkje kom som ein smakebit. Som eg til nå ikkje har nemnt. Der er det berre ein eg vil kalle bra.

A Love Song (Set Me Straight) er albumets lengste song, og den er bra. Når regneskapet skal gjerast opp kanskje den beste. Ein vakker ballade og intens affære om kjærleiken. Kjærleiken som «the greatest threat ever known to (beguile) man». Kjærleiken, formidla i glødande takksemd, til ei spesiell kvinne. Av ein Pearson som syng lidenskapeleg, dempa og i falsett.

Elles vasar han mykje rundt her i songar som haltar og grånar bort. Som det hakkete og fjasete folkrocknummeret Give It To Me Straight. Den sjarmlause og slurvete countrysongen Damn Straight. Det gitarstormande nummeret Loved Straight To Hell, der han vitjar Lift To Experience-tida i forferdeleg kavete former. Og verst av alle den oppstylta tonetomme avslutningslåta Straight Down Again.

Han hadde sju år på seg, men det kan like fullt virke som at han ikkje har tatt seg god nok tid. Og er det noko eg har trudd så er det at Josh T. Pearson er god på å ta seg tid.

4/10

TIDAL: JOSH T. PEARSON – THE STRAIGHT HITS!

Kacey Musgraves – Golden Hour

Standard

Country blir til pop, varme tonar og uimotståelege refreng.

  Du verden, dette albumet kjem eg berre ikkje utanom. Golden Hour ber sitt namn med rette. Ikkje fordi Kacey Musgraves sitt tredje ordinære album varer ein heil time, men fordi det byr på 45 minuttar med tonar som finn fram og varmar. Non-stop. 13 låtar til ende av det slaget eg vil kategorisere som perfekt pop.

I kategorien country har Kacey Musgraves tidlegare gitt ut dei absolutt solide albuma Same Trailer Different Park og Pageant Material. Eit kjennemerke her har vore hennar skarpskodde skildringar av det trongsynte og jantetunge småby/bygdelivet (ho kjem sjølv frå den knøttvesle Texas-staden Golden (sic)). Med konsise observasjonar og frilyndte utsegn i John Prine-klassen (ho er opphavskvinna til linja «my idea of heaven is to burn one with John Prine») har ho gjort songar som Follow Your Arrow og Biscuits til moderne countryklassikarar. Eit stempel dei for all del også får takka vere sitt fyrige melodiske vesen.

Ved førre korsveg fant Kacey Musgraves det også på sin plass å synge ei ode til (the) Good Ol» Boys Club. Eit spark og nokre snerr til den mannstunge bastionen som regjerer i countrymusikkens hovudstad. Kompromisslaust slår ho der fast at ho ikkje vil vere ein del i deira store maskineri. Visst andre vil…det er heilt greitt, men ho ligg ikkje søvnlaus og tenker på korleis ho skal te seg for å få suksess. «If I end up goin» down in flames, well at least I know I did it my own way» slår ho trygt fast.

Så går det kanskje an å hevde at Kacey Musgraves med Golden Hour nå er nærare slikt som herreklubben i Nashville set pris på, enn det ho var på sine to førre album. Utan at eg har den minste mistanke om at det har vore ein intensjon. Den trur eg nok heller har vore at dama har hatt eit ynskje om å vise ei anna side av seg. Forståeleg nok. Ho har fleire, ho som oss andre. Denne handlar om kjærleik. Eit tema ho for all del har vore innom før, men ikkje med same varme, ikkje med same funklande blikk som denne gongen.

Perfekt pop sa eg. Og meiner det. Dit har Musgraves nådd utan å skrota countryrøtene. Det er countrysjatteringar att i songane på Golden Hour. Nokre har fleire, nokre har færre, nokre har knapt nokon, men først og fremst er dette songar som blenkjer. Orkestrert på skjønsamt vis. Langt langt unna pompøst, men absolutt nær på det mange (med litt skepsis i blikket kanskje) vil kalle polert.

På dei to første platene skreiv Musgraves songane sine i hovudsak saman med duoen Shane McAnally og Luke Laird. Det er tre slike songar med denne gongen også, men nå er det ein annan duo ho oftast har fått hjelp frå, Daniel Tashian og Ian Fitchuk. Desse to har også ei særs aktiv rolle i produksjonen av plata (saman med Musgraves sjølv då sjølvsagt), og som utøvande multiinstrumentalistar.

Golden Hour er som du sikkert har skjønt inga bråkete plate. Songane kjem ofte med ein akustisk gitar som fundament, og så blir det bygd med eleganse ut derifrå. Heile tida med eit vakent øyre for å gjere det luftig, gjere det lettbeint, legge til rette for at den melodiske krafta som finst i kvar song kjem fullenda ut og fram.

Born in a hurry, always late
Haven’t been early since ’88
Texas is hot, I can be cold
Grandma cried when I pierced my nose

Med desse fire linjene opnar Musgraves sin Golden Hour. Og legg ut eit sjølvbiografisk spor. Noko albumet til ei viss grad antakeleg fylgjer opp. Det er i alle fall ein amorøs og rimeleg lukkeleg hovudperson å finne i fleirtalet av songane. Og nett det kan vel koplast opp mot at dama er ganske så nygift? Så, «Good when you’re putting your hands all over me» lyde det vidare i same song. I den vakre opningssongen Slow Burn, der den ulmar vidare, brenn seg fast. Og set tonen.

Og det veks. Kvar song veks. Albumet veks. Blir betre for kvar gong eg høyrer det. Slikt er teikn på evig liv det.

Og ei stemme kjem lett forvrengt gjennom ein vocoder. «Oh, what a world, I don’t wanna leave» ytrar den. Det er ein banjo der også, og ein steelgitar, saman med programmerte lydar. Futurisme møter tradisjonalisme, har Musgraves sjølv ymta frampå om, i eit forsøk på å beskrive plata. Og den handlar om kjærleiken til det ho ser rundt seg, og det handlar om kjærleiken til ein spesiell. «Oh, what a world, and then there is you» syng ho. Det er banalt, men det er ikkje platt. Det er skrella for pretensjonar. Det er ei likefram innsikt inn i livet slik det kan vere.

Men når lykka er som størst, kan tanken komme om at herifrå her er det berre ein veg, og den går ned. «Happy and sad at the same time» syng dama om den kjensla, i eit av fleire fullkomne refreng. For litt melankoli gjer ho også plass til. Også i den vesle visa til mora, Mother, der sakn står i sentrum. Sakn er ikkje det rette ordet ho kjenner for mannen ho vender seg til i songen Space Cowboy. Men ei oppbrotslåt er det, og flyt med tyngde gjer den, medan cowboyen blir gitt rom og ønska lukke til på vegen utav livet til hovudpersonen. Like vennleg innstilt er ikkje songaren til mannen som er hovudperson i High Horses. Han er ein som sitt på sin høge hest, og som får passet sitt påskrive. I formuleringar som gjer at låta reint tekstleg kanskje blir den her som liknar mest på det ho gjorde på sine to førre plater. Sonisk liknar den ikkje i det heile. Sonisk dansar den fram i disko-drakt, med ganske så attraktive Saturday Night Fever-vibber.

Men først og fremst handlar det om den guddommelege kjærleiken altså. Kjærleiken som ein Wild Thing til ein Velvet Elvis frå ei kvinne som erklærer at ho ikkje er Wonder Woman. Premissar som ikkje har stått i vegen for at ho har laga ei beint fram vidunderleg plate.

9/10

TIDAL: KACEY MUSGRAVES – GOLDEN HOUR

Haley Heynderickx – I Need To Start A Garden

Standard

Ein liten hage av viser som blomstrar både nennsamt og sprekt.

  Det kan vel seiast å ligge ei viss handlekraft i tittelen på Haley Heynderickx sitt debutalbum. Handlekraft er det også i røysta til den unge dama frå Potland, Oregon når ho syng strofa, syng «I need to start a garden», fire gonger i strekk, og til slutt nærast skrik den. Det er ikkje noko ho gjer særleg mykje av på plata, skrik altså.

Nennsamt fingerspel på ein akustisk gitar er eit viktig element i det Heynderickx har føre seg. I ein stil ein nok kan trekke attende til folk som John Fahey og Leo Kottke. Slik startar det i den vesle varlege visa No Face. Med ein einsam gitar, og nokre ord, eit par vers, om ei uvisse. Der songaren syng på eit vis, formar tonar på eit vis, som kan føre tankane mot Vashti Bunyan, mot Sharon Van Etten, men som først og fremst med varme og klangfullheit gjer songen liv. Og slik held det for så vidt fram, hovudsakleg fram, den dryge halvtimen til endes.

Nå har ho eit band med seg. Eit lite band. Eit ikkje veldig bråkete band. Ein trommeslagar som slår varleg i frå seg, ein fyr med ein kontrabass, ei dame som handterer tangentar, og ein som stikk innom med ein trombone ved nokre høve. Saman med hovudpersonen ordnar dei med eit lydbilde eg vil kalle luftig og delikat.

I dette bildet dansar åtte songar av ulik lengde fram i lyset. I vårlyset. Eg har registrert at Heynderickx sjølv har kalla det ho gjer for doom-folk. Personleg må eg seie meg litt usikker på nett den etiketten. Eg opplever å høyre songar med eit godt melodisk hjarte. Songar eg tenker viser fram eit empatisk sinnelag. Songar som The Bug Collector, der trombonen får eit visst spelerom, og der songaren fortel ei historie om ei noko urovekkande morgonstund. Eller kanskje eg heller skal kalle det ei lita fiffig historie om ei som fjernar insekt etter insekt for å gjere morgonstunda leveleg for sin kjære. Eller kanskje eg skal kalle songen smått kryptisk. Der, i det smått kryptiske, er den i tilfelle i slekt med fleirtalet av songane på albumet.

Untitled God Song er eit høgdepunkt. Bak den underfundige tittelen dukkar det fram ei vise der Heynderickx plasserer Gud i eit ikkje-konvensjonelt bilde. Hennar bilde. Der er Gud ei kvinne, kanskje med «thick hips and big lips», og elles både med evner til å styre ein som ein marionett, og ikkje vere heilt til å lite på.

Popsongen, og det store sing-a-long nummeret på albumet, ja for det finst eit slikt eit, heiter Oom Sha La La. I tillegg til å innehalde linjene der Heynderickx syng albumtittelen i smått eskalert form har songen eit refreng som dansar med lettbeinte doo-wop-steg. Litt mindre lettbeint, men like bra er Worth It. Ein lang song (8 min. lang) der bandet spelar høgare og meir uvørdent enn på noko spor på plata. I ein lågt/høgt-dynamikk kastar songaren utav seg, i intensiv form, linjer som teiknar eit portrett av ei mystisk kvinne, ei både usikker og sterk kvinne, ei som ikkje er lett å erobre. Og som til slutt like mykje slår fast som spør: «maybe I, maybe I’ve been worth it». På eit album som absolutt er verdt å høyre på, både ein, to, og fleire gonger.

7/10

TIDAL: HALEY HEYNDERICKX – I NEED TO START A GARDEN