Monthly Archives: juli 2017

Soft Ride – Burgundy

Standard

Dette er ikkje værmeldinga for Hordaland fylke sommaren 2017.

Bilderesultat for soft ride burgundy  Dette er historia om ein varme som ikkje gøymer seg bakom eit regntungt skylag. Og det kan ein vel synast om?

Dei kallar seg Soft Ride, og det har dei grunn til. Det er tonar med eit rimeleg mjukt fokus som står på agendaen. Godlynte kan dei vel også kallast, stort sett. Utstyrt med eit ganglag som nødvendigvis ikkje tar mål av seg å komme først fram, men som definitivt er groovy nok. Stundom endåtil salig så godt groovy.

Soft Ride er i første rekke Arne Håkon Tjelle og Øystein Braut. To karar som har sentrale roller i eit par andre Bergensband. Tjelle er frontfigur i det smått eksentriske psychrock-bandet Bloody Beach, medan Braut spelar gitar og syng i den dronepsykedeliske kvartetten Electric Eye. I Soft Ride dyrkar dei saker med eit litt meir konvensjonelt preg.

Plateomslaget viser ein fargerik teikning av ei sol med mykje varme i seg. Eit bilde som lett blir med over på den soniske arenaen. Og som kanskje er med på gjere plata til meir av ei sommarplate enn kva den eigentleg er. Eg ser absolutt ikkje bort frå at den funkar 23. januar heller. Men altså, sidan det nå er sommar (i alle fall i fylgje kalendaren der borte på veggen), og sidan Burgundy byr på 10 songar i ei gjennomsnittleg popsonglengd, songar med luft mellom tonane, og som er fordringslause og melodisk tiltalande, så la oss slenge beina på bordet, kjenne varmen i nakken, og løyse billett med Soft Ride. Lista over dummare ting å finne på er lang.

Dei startar med ein song som har same namnet som bandet. Eg høyrer innbydande tonar frå både synthesizer og steelgitar, eg kjenner ein rytme som pirrar, og jammen blir det kora ganske så fint, «looking for a soft ride» blir det sunge. Linn Frøkedal og Einar Kaupang er med og syng dette. Sistnemnte kjenner vi frå bandet Dig Deeper. Soft Ride høyrer til i det same soniske området som det bandet. Eit område som rommar både den fengande poptonen, den skakke countrytonen, den vindfulle bluesen, heile tida med eit islett av forførande psykedelia.

Spor nummer to Red Light kjem med orgeltonar, skimmer i gitaren og lengt i tonen. Gitartonar med skimmer i seg er vel ein slags gjennomgangsmelodi her, skimmer og mild syre. Det dukkar opp i det tilbakelente popnummeret The Sun In Her Eyes. Det er bak der ein plass når det blir sunge om Two Suns Apart. Og det gjer seg gjeldande når eit godt og bassig groove smyge seg på plass i Won’t Stop.

Eg minnast at eg lenger oppe i teksten sa noko om at ganglaget, det rytmiske, ikkje ber preg av å måtta skunda seg veldig. Vel, det popflotte nummeret Light the Lanterns har då (i tillegg til eit fengande refreng) eit temmeleg så sprettent vesen. Og How Deep Is the Night har eit lettbeint rock’n roll driv, eit psykedelisk krautpreg, med eit visst slektskap mot Madchester á la Stone Roses. Slikt gjer jo ikkje akkurat låta til eit uinteressant nummer. På blokka mi står det høgdepunkt med ganske så markante bokstavar. Eit høgdepunkt som skildrar ein ikkje heilt trygg tilstand, ein meir lumsk og nattleg ein, og derfor stiller spørsmålet «how soft is the ride?». Høveleg nok. For det handlar jo ikkje berre om å vandre i solskinn, gjer det?

7/10

TIDAL: SOFT RIDE – BURGUNDY

Peter Perrett – How The West Was Won

Standard

Ein gammal helt viser seg meir levande enn nokon skulle tru.

Bilderesultat for peter perrett how the west was won  «Rock’n roll is back in me» syng Peter Perrett. Og eg ser ingen grunn til å tvile på det, for eg kan høyre det. Men litt utruleg er det nå likevel.

8. april i år runda Peter Perrett 65 år. Eit par dagar etterpå publiserte Domino Records ein flunkande ny song frå mannen. Med opplysningar om at dette det skulle vere tittelsporet på eit album som var i kjømda. Så overraskande frisk, så slentrande cool, så sarkastisk pålogga var songen at det ikkje var anna å gjere enn å vente i spaning.

I fylgje Domino Records er How The West Was Won Peter Perrett sitt debutalbum som soloartist. Dei har vel så godt som rett i det. Heilt rett om ein ikkje reknar albumet Woke Up Sticky frå 1996, som han gav ut under signaturen Peter Perrett In the One, som eit soloalbum. Men skitt, slikt er berre av akademisk interesse. How The West Was Won er på ingen måte berre av akademisk interesse, plata viser seg nemleg å by på eit knippe songar som rullar og blør og lever. Utan at det blir gjort eit stort nummer av det. Det er noko nøkternt og avslappa over det heile. Noko storarta naturleg. Der songaren, altså Peter Perrett, har sin sjølvsagte plass fremst i miksen, men der den nonsensfrie soniske støtta han får frå det vesle laget han har med seg er av avgjerande betydning. Eit lag som forresten tel to av hans eigne søner (Jamie Perrett på gitar, keyboard og kor, og Peter Perrett jr. på bass).

Ein kan vel seie at Peter Perrett forsvann på byrjinga av åttitalet. Etter å ha fronta det med tida legendariske London-bandet The Only Ones gjennom tre albumutgjevingar og ei minneverdig rad med konsertopptredenar blei han borte frå musikkscena. Eit inntak av rusmiddel solid over grensa for tilrådeleg var skuld i det. Rapportar om ein Perrett som sjangla rundt på kanten av grava dukka stundom opp. Men ikkje musikk. Ei heller ein nekrolog. Midt på nittitalet kom eit kortvarig musikalsk livsteikn frå Perrett i form av det før nemnte og absolutt dugande albumet Woke Up Sticky. Ti år deretter var Perrett framleis i live, og blei med på ei gjenforeining av The Only Ones. Over ein to årsperiode (2007-2008) spelte kvartetten fleire konsertar, men dei tre andre klarte aldri å overtyde Perrett om at å lage ei ny plate var ein god idé.

How The West Was Won er ein overraskande god idé. Albumet tar på eit vis av der The Only Ones slapp (å skape power-lada pop i eit kryssingspunkt mellom Velvet Underground og Bob Dylan). Ok, så har Perrett med seg andre folk, og vel, så har ein sviktande lungekapasitet tvinga han til å synge litt meir avmålt, men han er på ingen måte ein ufokusert tilårskomen junkie. Neidå, her er det fokus, her er det gnist, han syng og snakkesyng med autoriteten til ein sindig faen, og serverer ei handfull låtar som fortener ein plass i The Only Ones-kanonen.

Tematisk så er ikkje tittellåta typisk for albumet. Den har eit raljerande samfunnskommentarande tilsnitt (tar føre seg både amerikansk imperialisme og Kim Kardashians yppige bakdel) som den i liten grad deler med resten av albumet. Albumet kunne nok vel så gjerne hatt tittelen I Can’t Live Without the Girl I Love. For er det noko som går igjen i meir enn eitt spor her så er det Peter Perrett sin kjærleik til ei viss kvinne. Vi snakkar då ikkje om Another Girl frå Another Planet (for å dra ein billig konneksjon til    hans mest kjente låt). Vi snakkar om Zena. Peter Perrett sin ektemake i 47 år. Han syng om sitt forhold til henne i den gripande vesle spretne popsongen An Epic Story («I’ll always be your man, no-one could love me the way that you can»). Ho er kvinna som ein Man Of Extremes drøymer om. Ho er ein av to karakterar i det som kunne vore ein duett, Troika. Og ho spelar ei sentral rolle i den nesten seks minuttar lange balladen med sakrale tendensar, titulert C Voyeurger. «I see her everywhere» syng songaren, i ein song som i tillegg til å ta eit sympatisk famntak kring den store kjærleiken handlar om tid og forfall og «the point where life and death collides».

Av Perrett sine medmusikantar på plata er det sonen Jamie som gjer mest utav seg. Han viser seg som ein glimrande gitarist. Blir gitt rom til ein solo eller tre, og grip då høvet til å gjere stoffet ei teneste. Røffast og mest bitande gjer han det i den seige rockelåta Living In My Head. Men aller best gjer han det etter mi oppfatning med sine licks og små utskeiingar i høgdepunktet Something In My Brain. Eit luftig og fengande stykke power pop eller rock’n roll der Perrett slår fast at han framleis er «capable of one last defiant breath», og elles syng om rotte-eksperimenter og dop og dystopiske tilstandar.

How The West Was Won er altså eit album som omfattar både gripande kjærleikserklæringar og dyster undergangsprat. Eit noko tvitydig opplegg kan ein kanskje seie. I det refrengsterke nummeret Sweet Endeavour til dømes anar eg både optimisme og djup pessimisme. Eg høyrer han synge om å danse i gatene, og eg høyrer han hevde at «to live the life you must be fluid». Eg høyrer han gjenta linja «it took you for a ride in life’s sweet endeavour» og eg høyrer han nådelaust slå fast at «the future is already dead and gone». I ein annan song, den smått hymneprega avslutningssongen, høyrer eg Perrett synge om å hangle gjennom livet utan heilt å forstå si eiga rolle. I den samanhengen leverer han minneverdige linjer som «I wish I could die in a hail of bullets some time, but all I can do is sing and play on the front line».

Velkommen tilbake til frontlinja Peter Perrett. Går det an å håpe på at det blir meir enn denne eine seansen?

8/10

TIDAL: PETER PERRETT – HOW THE WEST WAS WON

 

Kevin Morby – City Music

Standard

Sympatiske og melankoli-disponerte bysongar.

  Tittelsporet: Det varer i nesten sju minuttar, men det er ikkje mange orda der. Gitaren, eller gitarane, det er vel to av dei, leiar an. Serverer linjer og kjensler og ein energi som om dei kom rett utav ein klubb på Lower Manhattan i 1976. CBGB. Og derifrå søker medlemskap under Marquee Moon. I selskap med få ord altså, men dei er opplysande nok, orda:

Oh that city music
Oh that city sound
Oh how you pull at my heart strings
Oh, lets go downtown

Sist vi høyrde frå Kevin Morby i albumform er ikkje stort meir enn eitt år sidan. Då kalla han opplegget for Singing Saw. Han heldt til i Los Angeles-traktene, og serverte i hovudsak songar som handla om natur og musikk i meir rurale omgjevnader. Nå handlar det om byen. Det forstår ein jo allereie av album-tittelen. Det blir ikkje mindre tydeleg når ein søker inn til songane.

Morby har visstnok flytta frå LA til fødebyen Kansas sidan sist. Og han har besøkt mang ein by når han har reist rundt og spelt musikken sin. Men det er nå først og fremst ein by dette City Music-opplegget hans skaper bilder av. New York City.

Ånda av Lou Reed gjer seg til kjenne i meir enn ein song her. Den sakteflytande og intime Dry Your Eyes har ikkje så mange soniske sprell av typen Velvetsk støy å by på. Mest har den ein Morby som sitt tett på mikrofonen og medprodusent Richard Swift som korar subtilt like bakom. Like fullt opplever eg songen som ein åndsfrende av slikt som Velvet Underground dreiv med på sekstitalet. Så har vi Tin Can, låta tar ikkje ein Walk on the Wild Side men den skodar ned på ein by som hovudpersonen gjerne skulle ha komme nærare på, og den gjer det i ein veldig Reedsk tone.

Apropos å skoda ned på byen, eller ut på byen, eller vandre nedover ei gate, i ein by full av folk, og der kjenne seg veldig åleine, det er eit tema som går att i fleire av songane. «I can’t wait for the sun to go down» og «I can’t wait for the moon to shine» høyrer vi frå eit einsamt nattemenneske i det sfæriske og orgeldraperte opningssporet Come To Me Now. «There ain’t no soul I know, no commotion for me to be a part of» formidlar hovudpersonen i nemnte Dry Your Eyes. Medan hovudpersonen i den semi-akustiske og porøst dansande Night Time rettar fylgjande hjarteskjerande bøn til menneska der ute: «Oh turn me on, don’t turn on me».

Så handlar det om vennskap. Spesielt gjer det det i den sympatisk ekspanderande og vakre Aboard My Train. Songaren minnast her først eit vennskap frå barndomen, før han i andre del ramsar opp i poetiske ordelag all slags folk han betraktar som «a friend of mine». Venner av han hevdar han også at dei fire han syng om i 1234 var. Dei er døde nå, dei var ein gong The Ramones. I ein song som i soniske former er heilt Ramones avsluttar han med å låne ei linje frå ein song av kult-helten Jim Carroll: «They were all my friends, and they died».

Ein annan helt er det melodiske førebildet for avslutningsnummeret Downtown’s Light. Den på ingen måte New York-relaterte Townes Van Zandt. Ein mildt sagt nydeleg song er det nå uansett. Om den heilage Mother Sister, om nåde og død, og ein kjærleik som kan vere sterk men ikkje evig. Det sitt ein melankolikar djupt fast i songane til Kevin Morby. Ein sympatisk og melodiskpoetisk ein.

7/10

TIDAL: KEVIN MORBY – CITY MUSIC