Monthly Archives: januar 2017

Høyr her: Father John Misty og hans Pure Comedy

Standard

Medan eg har vore på ein annan planet ei vekes tid har Father John Misty servert folket ein ny song. Ikkje berre ein ny song, men også nyhenda om at han den 7. april kjem med eit nytt album. Eit 75 minuttar langt opus om menneskeheita si evne til å stadig trakke feil og få riveskaftet i fjeset eller å skli på dei same bananskalla. Pure Comedy kallar Misty det heile.

Pure Comedy er også tittelen på den ferske songen. Ein seks minuttar lang sakte-ekspanderande ballade som startar i menneskets fødselsaugeblikk («We emerged half-formed and hope that whoever greets us on the other end is kind enough to fill us in») for så til slutt å ende opp i den noko urovekkande konklusjonen «I hate to say it, but each other’s all we got». I minuttane imellom sveipar Misty innom både klimakrisa og det politiske klimaet («Where did they find these goons they elected to rule them?»), og ikkje minst raljerer han ein del over menneskets trong til å feste livet sitt fast i det religiøse («their idea of being free is a prison of beliefs»). På hans sedvanlege gåtefulle, absurde og sarkastiske vis.

I sanning ein Popkrokens mann.

The xx – I See You

Standard

The xx ekspanderer lydbildet, men held fast i den fine poptonen.

  Dangerous er blåsarar og eit uanstendig flott og funky groove. R&B i fargar og oppreist utfalding. Dangerous er opningssporet på The xx sitt tredje album, og er lyden av noko anna enn opningsspora, og alle andre spor, på bandet sine to første album. For så vidt heilt nødvendig det, og definitivt ikkje uventa, London-trioen kunne vel knapt fylgje i dei same nøysame soniske fotefara ein tredje gong.

Då bandets Jamie xx gav ut sitt soloalbum for snart to år sidan kalla han det In Colour og utstyrte det med eit cover i alle regnbogens fargar. I kontrast til covera på The xx sine to første album, som er helde i svart, grått og kvitt. Høveleg nok, for han serverte ei plate der det absolutt var fargar og variasjonar. Noko meir i alle fall enn på The xx sine to album. Album der trioen med enkle soniske middel omfamnar det minimalistiske tonevesen. Til coverbildet på sitt tredje album har trioen henta fram ein av regnbogens fargar, den blå. For så vidt greitt det, at det berre er ein, og at den er blå. Albumet er jo ikkje ein revolusjon. Blåsarar høyrer eg ikkje andre stader enn på Dangerous. Trioen har funne fram til romslegare kår, men ikkje til ein stad der nyansane har ein laussluppen fest. Det strikte er framleis grunntonen i The xx sitt vesen.

Og eg likte veldig godt det strikte, det minimalistiske og reine uttrykket på det sjølvtitulerte debutalbumet. Eg høyrde både Young Marble Giants, Belle and Sebastian, Portishead, Heroes og Wicked Game der, men alt det og meir til blei fullt inkorporert i eit sonisk bilde som var (og er) heilt tydeleg The xx sitt. Dei heldt fram på same sti på andre-albumet, og det var ikkje så vanskeleg å tole. Vanskeleg å tole er heller ikkje I See You. Sjølv om eg nå opplever trioen som litt mindre The xx  der inne på sitt eige vesle spesielle kammer, og litt meir som eit popband i eit rom med fleire liknande aktørar. Gode låtar er til hjelp i så måte, noko I See You har ei god handfull av.

Say something loving
I just don’t remember the thrill of affection
I just don’t remember
Say something loving
I need a reminder, the feeling’s escaped me

Songane er slik det har vore frå byrjinga av ofte duettar, samtalar, mellom Romy Madley Croft (som også spelar gitar) og Oliver Sim (som også spelar bass). Ho og han har vore venner sidan dei var små barn. Songane dei syng, songane til The xx, handlar om relasjonar. Frå ganske så eksplisitt seksuelt lada par-relaterte, til meir mellommenneskelege relasjonar på eit mindre intimt plan. Sitatet over er refrenget til songen Say Something Loving. Der Romy og Oliver leverer ein dialog kring det ikkje heilt ukjente fenomenet at etter ei tid i eit forhold byrjar kjenslene å skrangle, å svinne litt hen. Så korleis då takle uroa som fylgjer i kjølvatnet. Nei då, det er ikkje sensasjonelt stoff. Dei kjem ikkje undervegs på albumet opp med poetiske linjer som tar pusten frå meg, men dei har absolutt eit hendig og uredd grep om tematikken sin.

Every time I let you leave
I always saw you coming back to me
When and where did we go cold?
I thought I had you on hold

Eit anna refreng, ein annan song. On Hold. Eit forhold blir forsøkt redda ved å trykke inn vente-knappen, det blir ingen suksess, det blir berre kaldt, og dødt, og slutt. I enden av refrenget styrtar ei sampling inn i bildet. Av ein gammal Hall & Oates låt. Det funkar. Slikt er det Jamie xx som har ansvaret for. Han spelar på keyboard, på synth, på trommer, han programmerer, produserer, og denne gongen dreg han ved fleire høve samplingar inn på arenaen. Og gjer absolutt sitt til at I See You blir ei ganske så attraktiv plate i R&B, elektropop, eller ganske enkelt pop, segmentet.

7/10

TIDAL: THE XX – I SEE YOU

Høyr her: Timber Timbre – Sewer Blues

Standard

Det har vel gått noko slikt som tre år sidan sist vi høyrte noko frå det canadiske bandet Timber Timbre. Men nå er det ting på gang. Eit album er innspelt, og skal ut i verda den 7. april. Med ein tittel som ikkje akkurat renn over av håp: Sincerely, Future Pollution. Før det, nett nå i dag faktisk, har bandet sleppt laus den første songen frå albumet. Ein song med den ikkje spesielt oppløftande tittelen Sewer Blues. Lovande nok. Og den blir ikkje mindre lovande etter at eg har høyrt den fem-seks gonger. Dunkel folkrock som kjem krypande innover ein, der synth-linjer dryp som eit omen frå ei framtid som ikkje kjem til å lukte spesielt godt. Hmm…

Frontmann Taylor Kirk formidlar dette om tida då plateinnspelinga fann stad, og om albumets vesen:
«2016 was a very difficult time to observe. I hate to admit that normally I express more sensitivity than concern politically, but I think the tone and result on the record is utter chaos and confusion. When we were recording, the premonition was that the events we saw unfolding were an elaborate hoax. But the mockery made of our power system spawned a lot of dark, dystopic thoughts and ideas. And then it all happened, while everyone was on Instagram. The sewers overflowed.»

Sewer Blues, ver så god:

Sheer Mag – Compilation LP

Standard

Ein garasjeprega fusjon av klassisk riffrock og punk.

Bilderesultat for sheer mag compilation lp  Energisk må det seiast å vere, dette opplegget til Sheer Mag, og rulla i grus og smuss, og vaska i ureint vatn, og tufta på riff og fuzz og rock’n roll. Ja, slik er det. Ikkje er det født i går heller, sjølv om det er av relativt fersk årgang. Syttitalet var klassisk rock og punk. Sheer Mag fusjonerer dei to sjangrane, i ein garasje i heimbyen Philadelphia, og leverer eit friskt åtak på øyregangane.

Den første gongen eg ramla over bandet (for eit knapt år sidan) gjorde eg meg ein tanke om at dei høyrdest ut som ei noko utenkeleg spleising av The Stooges og Suzi Quatro. Sidan eg nemner det nå, kan altså ikkje tanken ha fordufta heilt. Men det finst nok andre, og kanskje meir presise referansar. Som … tja … Mc5, AC/DC-boogie, The Runaways … eller eit ferskare punkband som Perfect Pussy. Der, i det lendet, i ei gitarkvass ferd mellom slikt, høyrer eg Sheer Mag. I eit tett driv som samstundes har noko laust og ledug over seg.

Besetninga er klassisk nok. Bass og trommer og to gitaristar, alle av typen hankjønn. Det er ikkje vokalisten, hankjønn altså. Ho heiter Tina Halladay, og det er vel ikkje heilt feil å hevde at det glødar bra av henne. Ho syng og ho skrik og er fullstendig til stades. Ja det osar så definitivt ein desperasjon utav det ho har føre seg. Og så tenker eg det blir riktig å klassifisere henne som ein sjelfull songar.

Compilation LP er Sheer Mag sitt første full-lengds album. Men er likevel ikkje eit debutalbum i ordets eigentlege forstand. Kvart av dei tre føregåande åra har kvintetten gitt ut ein firespors EP. Med dei fantasifulle titlane I, II og III. Det er dei tolv låtane herifrå som no, heilt i starten av 2017, er samla i kronologisk orden på eit førti minuttar langt album. Alt saman spelt inn under low fidelty tilhøve på ein 8-spors opptakar, men remastra for anledninga.

Kva Tina Halladay syng om ligg ikkje klart og tydeleg framme i dagen. Til hjelp i så måte er bandet si Bandcamp-side (https://sheermag.bandcamp.com/album/compilation-lp). Der heile albumet ligg til fri avlytting (men det bør sjølvsagt handlast inn som Digitalt album eller LP), og der songlyrikken kan takast i nærare augesyn.

Så kva handlar songane om? Eg høyrer og les outsideren inn i dei fleste låtane her. Det vere seg ho eller han som slit med dette tilværet, som «strugglin’ to get by», eller som skrik etter «some way to live». Men det kan vel så gjerne vere den/dei som rettar ryggen og tar opp kampen. «I won’t bow my head to another man» syng Halladay i stridige Button Up. Minst like tydeleg formulerer ho seg mot valdsbruk og stygg maktutøving i det kvasse høgdepunktet Can’t Stop Fighting – «we’re striking back baby, and you can find me in the vanguard».

Kjærleikens kronglete vesen slepp heller ikkje unemnt forbi. Mest fortvila formidla i «The Ronettes møter røff riffrock»-nummeret Nobody’s Baby. Mest suspekt formidla i spenstige Hard Lovin’ – «she gave me hard lovin baby, and I’m hard on you».

På sitt sonisk mørkaste er bandet i Night Isn’t Bright. Ei låt der Halladay både drar fram det utmerka understatementet «the night isn’t bright its dark», den ganske så dagsaktuelle linja «we live and we die by a politics of simplification», for så i siste liten å komme opp med det rett så håpefulle og framtidsretta forslaget: «what if we could band together and leave our mark». Noko eg ikkje ser bort ifrå at Sheer Mag kan ha stoff nok i seg til å gjere.

7/10

https://sheermag.bandcamp.com/album/compilation-lp