Monthly Archives: august 2017

The War On Drugs – A Deeper Understanding

Standard

Eit (litt for?) mektig måltid

Bilderesultat for the war on drugs a deeper understanding  Dette var ikkje gjort over natta. Denne plata har Adam brukt tid på. Han er for så vidt kjent for det.

Coverbildet viser Adam Granduciel knipsa midt i prosessen. I eit platestudio. Ved pianoet, omringa av instrumenter og utstyr. Der har han brukt timar, dagar, månader. Perioden 2015-2017. Forresten ikkje berre i eitt studio. Meir korrekt er vel å seie eit titals. Der har perfeksjonisten Adam Granduciel, frontmannen i The War On Drugs, flikka og sveitta og bygd og spelt inn A Deeper Understanding.

Det førre The War On Drugs-albumet, Lost In The Dream, blei eit gjennombrot. Kommersielt og blant musikkskribentar. Fortent nok. Det var, og er, eit album der The War On Drugs tar sin heartlandrock inn i eit widescreenformat som høgg bra tak. Der ein varm synthvind straumar gjennom mykje av stoffet, medan gitarane både vandrar med og kvess litt til. Der det finst flust av melodisk gnist og varme. Og der det kongruente har eit rimeleg variert vesen.

Sonisk fylgjer A Deeper Understanding i spora til Lost In The Dream. Med den forskjellen at alt er større her, alt er det meir av, alt er likare, og alt er endå meir perfeksjonert. Der Granduciel på førre album sånn i snitt spelte rundt fem ulike instrument pr. låt, nærmar han seg denne gongen ti (i tillegg kjem sjølvsagt resten av bandmedlemene sine bidrag). Ei lita utfordring blir då at det subtile, detaljane, kan bli vanskelegare å finne inn til. Det eine smeltar i hop med det andre, og blir til ein mektig masse. Eller kanskje det ikkje blir det i ein slik grad eg innbiller meg, kanskje er det trommene. Kanskje er det den bastante og dominante trommelyden eg finn litt problematisk. Det at den ikkje har spensten og schwungen til å groove sakene vidare. Det at den blir litt giddalaus monoton og samstundes stel for mykje av bildet. Ja kanskje er det der midt vesle problem med denne plata ligg? I alle fall, dei sekstiseks minuttane plata brukar frå første til siste tone blir nok.

Men eg kan ikkje få nok av Thinking Of A Place. Den elleve minuttar lange låta som var det første livsteiknet frå plata. Den er ei inspirert og lett vemodig reise i eit ope landskap, gjennom natta, under ein skinande måne, inn i lyset. Den handlar om kjærleik, og er ikkje utan hypnotiske evner. Der den glir av garde på behagelege soniske bylgjer, og kan skilte med ein skimrande gitarsolo i sin midte. Ja eg kan like fleire av dei andre låtane på plata også. Eg kan det. Eg likar Pain, og det melodisk og melankolsk tiltalande med den. Eg likar den Don Henley-aktige opningslåta Up All Night også. For den har eit groove som funkar, den har det. Og ein gitarsolo som skjær igjennom. Avslutningssongen, den Dylanske balladen You Don’t Have To Go likar eg også, med sin vesle lyriske gitarsolo og sitt gode melodiske lune.

Kva er så denne djupare forståinga som albumtittelen varslar om? Ja sei det du. «Never meant to bring my pain into the frame», syng Granduciel. Eg tar meg i å lure på om det ikkje er nett det han gjer. Vi er jo ikkje komme lenger enn til spor nummer to før vi møter på ein song som kort og godt heiter Pain. Eit ord som rimar på Rain. For regnar gjer det også til tider. Og vegen går rett som det er «into the darkness», inni «the night». Men hei, «night» rimar på «light» det er noko også Granduciel veit. Så her er ikkje bekmørkt, her er også måneskin og dagslys, og angsten kan flyte bort, og kjærleiken flyte inn. Stundom.

Og stundom er kanskje ordet. For stundom, altså nokre gonger når eg har høyrt på plata, har den gjort sterkare inntrykk enn andre gonger. Nokre gonger grip heartlandhymnene på albumet tak i meg, andre gonger visnar interessa mi bort og eg tar meg i å drive med heilt andre ting enn å gå inn i A Deeper Understanding. Kanskje er det ei betre plate enn eg har fått fram i denne teksten? Ja eg trur det, det gjer eg. Men like bra som Lost In The Dream er den ikkje, absolutt ikkje.

7/10

TIDAL: THE WAR ON DRUGS – A DEEPER UNDERSTANDING

Nicole Atkins – Goodnight Rhonda Lee

Standard

Ei rik og fullstendig utilgjort røyst, og ein bunke soulkrydra songar.

Nicole Atkins, Goodnight Rhonda Lee.  Det startar med at Nicole Atkins syng A Little Crazy. Songen A Little Crazy. Og ho syng den bra, verkeleg bra. Det er noko med røysta til Nicole Atkins. Ikkje det at den er sensasjonelt annleis. Men den har ein tæl og ein heilt naturleg malmfull rikdom. Den er skapt for å synge soul. Soul med grums i kantane. Soul som kokar og soul som smyg. A Little Crazy er av sistnemnte slaget. Nicole Atkins har skrive låta saman med Chris Isaak. Eg høyrer at den kunne ha passa perfekt inn i den mannens repertoar. Og eg høyrer eit snev av Roy Orbisons Crying der, samt ein tøtsj av Crazy slik Patsy Cline gjorde den. Men det er ingen tvil om at A Little Crazy er ei låt Nicole Atkins eig, og i eit elegant ganglag gjer til ein soulsmygar som absolutt ikkje berre putrar.

Nicole Atkins er ikkje ein nykommar på musikkscena. Ho har berre segla under min radar. Dama albumdebuterte for ti år sidan med ei plate kalla opp etter heimstaden sin, Neptune City (i nabolaget til Asbury Park, New Jersey). Goodnight Rhonda Lee er Atkins sitt fjerde studioalbum, og vart etter seiande til i ein ikkje heilt fredfull periode i dama sitt liv. Ho flytta til Nashville, men det var nå det minste. Depresjon og alkoholproblem hadde ein større innverknad. Ein innverknad det avgjort er spor av i meir enn ein av songane på plata. Tru likevel ikkje at dette er eit mørkt og dystert verk. Neidå her blir heile livets spennvidde omsunge. Frå det som trykker ein ned til det som skaffar ein venger.

Rhonda Lee er ei nær venninne av Nicole Atkins. Eller meir presist er ho den delen av Atkins sin personlegdom som ikkje sett korken på flaska, som heller blir med natta inn i morgontimane. Det vesle tittelkuttet er ein countrysong, av typen countrysoul med eit lite skjær av latino. Ein tiltrekkande liten sak, der songaren altså gjer eit forsøk på å seie godnatt til den ikkje vondsinna men noko uaktsame venninna. Songen har forresten eit lite glimt i augekroken, har den ikkje? Det er eg meir usikker på om den barblå balladen A Night of Serious Drinking har. Her sit hovudpersonen på eit fly og minnest nokre konsekvensar fylla førte med seg. Spesielt då kva det gjorde med hennar forhold til ein ikkje namngitt eks-kjærast. Ein som stilte henne spørsmål som «what good is love if hurt is just around the bend?». Den dirrar ein del av anger den songen.

Dirrar gjer også Darkness Falls So Quiet. Ein song om å vere åleine i natta med eit sakn etter ein som er ute på ei reis. Ein song om at det slett ikkje er heilt enkelt. Men platene er der … «I have trusted in them many times before» … Så «I sing stories to the shadows on the wall». Og dette i ei låt med eit godt groove. Eit eggande og knipselokkande eit. Det minner meg litt om groovet til ærverdige Son of a Preacher Man. Sjå der du, der fekk eg sveipa innom ei dame Nicole Atkins kan minne meg litt om, Dusty Springfield.

Groovet kokar sjølvsagt bra på fleire andre spor her også. På det funky-drivande Listen Up og det soulfyldige Brokedown Luck for å nemne dei to fremste kandidatane. På eit album som blei spelt inn i løpet av fem dagar, og har eit ledug og organisk preg. Frå ei dame det var på tide å oppdage.

7/10

TIDAL: NICOLE ATKINS – GOODNIGHT RHONDA LEE

Høyr her: Protomartyr og A Private Understanding

Standard

Sommaren (som knapt nok var her) er på hell, men platehausten 2017 er jomfrueleg. Det er eitt og hitt å sjå fram til, skulle eg tru. Ganske så nær sin utgjevingsdato har eg blant anna notert meg at Grizzly Bear, EMA og The War On Drugs er å finne. Sistnemnte går for A Deeper Understanding på sitt nye album. Det absolutt sterke Detroit-bandet Protomartyr tar føre seg A Private Understanding på det første sporet dei gjer kjent frå si kommande plate, Relatives In Descent (med annonsert utgjevingsdato 29. september). Det dirrar litt av denne…