50 år, og like frisk (eller eventuelt sjuk): The Velvet Underground & Nico

Standard

Bilderesultat for velvet underground & nico

Den 12. mars 1967 kom The Velvet Underground & Nico krypande opp frå undergrunnen og ut på gata. Albumet kraup raskt inn på plass nr 171 på Billboardlista, og forsvann like raskt ut der ifrå. Lou Reed kom ein del år seinare med eit overslag om at albumet dei første fem åra etter utgjevinga hadde selt om lag 30 000 eksemplar. Til det kom Brian Eno med den vidgjetne replikken om at alle som kjøpte plata starta eit band.

I løpet av dei femti åra som er gått er albumet spelt og snakka om i det vide og det breie. Og ein tar ikkje munnen for full om ein i dag hevdar at banana-albumet er eit av dei mest innflytelsesrike albuma i musikkhistoria. Og beste, vil eg legge til, kvar dag, på strak arm.

I anledning av 50-årsjubileet har det naturleg nok dukka opp ei mengd artiklar i ymse magasin, aviser og nettstadar.

Dette intervjuet med John Cale kan lesast hos Rolling Stone:  John Cale on the chaos of Velvet Underground

Her er ein bra artikkel frå Stereogum:  Old but still sounds new

NPR har møtt ein nerd av ein fan:  Meet the world’s most obsessive fan of The Velvet Underground & Nico

Sjølv forfatta eg for eit par år sidan denne omtalen av albumet:  Eit meisterverk i stygt og vakkert

TIDAL: THE VELVET UNDERGROUND & NICO

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s