Tag Archives: Ought

Musikalsk årsoppgjer 2015

Standard

Berre ei liste

Dei førti (for ikkje å seie femti) beste albuma eg har høyrt i år (av slike som kom ut i år). I ei ikkje heilt tilfeldig rekkefølge, men bra er dei alle.

  1. Father John Misty – I Love You, Honeybear
    Uvanlige kjærleikssongar i eit faderlig sterkt folkpopmelodisk famntak. Der kontrastane lever i beste velgåande. Behaget eksisterer side om side med ubehaget. Uroa luskar i fotspora til roa. Smektande strykarar er ikkje garantistar for at fred og fordragelegheit er neste stasjon. Men det vakre er skånsellaust vakkert, og eg kapitulerte.
  2. Kendrick Lamar – To Pimp A Butterfly
    Det er sting i formidlinga, dobbel- og trippeltyding i det uttalte. Det er ein rå poesi i linje etter linje, og ein sonisk nyanserikdom som kontinuerlig held seg på sporet. Det er slikt som er med på å gjere utslaget, i årets mest funky reise.
  3. Ezra Furman – Perpetual Motion People
    Song etter song storma den over meg. Energisk i si framferd, melodisk i sitt vesen. Full på fridom og sing-a-long. Ein skikkelig ukomplisert og uimotståelig rakkar viste den seg å vere. Viser den seg framleis å vere. Eg byrjar å få ein mistanke om at den kan ha evig liv.
  4. Sufjan Stevens – Carrie & Lowell
    Elleve vakre songar. Folkpopmelodiar som kjem grasiøst smygande, og som blir verande. Elleve sakrale og stille skrik. Hjerteskjerande linjer om sakn, lengsel og uforståelige kjensler. Om ei mor som ikkje var der, og som no er død.
  5. Girl Band – Holding Hands With Jamie
    Bråk, til tider eit helsikkes bråk. Men ikkje eit meiningslaust eit. Ein herlig miks av dei motoriske faktene frå krautrocken, den klassiske lågt/høgt-dynamikken, og ei hardcore-innstilling. Noko i den duren i alle fall.
  6. Courtney Barnett – Sometimes I Sit and Think, And Sometimes I Just Sit
    Finurlige tekstar som kan kalle fram eit skeivt smil, eller få ein til å grunne litt. I eit laust, ledug og energisk rock’n roll uttrykk der det meste er upolert, og ganske så uimotståelig.
  7. Tame Impala – Currents
    Popsongar i ein straum av åttitalets synthlyd miksa med funk og disco, men utan at kjærleiken til  sekstitalets psykedelia-tonar er blitt kasta over bord.
  8. Simon Joyner – Grass, Branch & Bone
    Ni folksongar der den akustiske gitaren leiar an. Ei halvskakk og vakker songpoetisk ferd inn til svunne draumar og gulna minner.   
  9. Ought – Sun Coming Down
    Ein postpunkenergi som riv og slit, som koplar på og koplar feil. Mørkesøkande og ikkje heilt ufarlig, men først og fremst livlig påkopla.
  10. TRAAMS – Modern Dancing
    Med groovet godt intakt byr denne sør-engelske trioen opp til ein postpunkdans av det friske slaget.
  11. Sleater-Kinney – No Cities To Love
    Bandcomeback må ikkje vere traurige greier, det kan gnistre også. Ja nesten «shake it like never before».
  12. Destroyer – Poison Season
    Dunkle kammertonar, brunstige blåsarar, og giftig og svartsynt poesi. 
  13. Laura Marling – Short Movie
    Med litt meir elektrisitet enn tidlegare zoomar Marling igjen inn på tilværets dilemma.
  14. Daniel Romano – If I’ve Only One Time Askin’
    Country på gamle måten anno 2015: Trist og friskt.
  15. Sun Kil Moon – Universal Themes
    Ein gretten gubbe og hans empatiske sider.
  16. Syntax TerrOrkester – Bydrifter
    Rock i original kledning, poesi på reinspikka karmøysk – aldeles storarta.
  17. Punch Brothers – The Phosphorescent Blues
    Mandolin. Banjo. Fele. Akustisk gitar. Kontrabass. Slikt blir det fort bluegrass av. Punch Brothers vil det annleis.
  18. Tønes – Vindbrest
    Gjenkjennelig surrealisme og underfundig realisme, slik berre Tønes gjer det.
  19. Erlend Ropstad – Det Beste Vi Får Til
    Like mykje som songar og viser og slikt vil eg kalle det poesi.
  20. Dig Deeper – How You Spend Your Days
    Eit norsk rockeband som lever opp til namnet sitt, og finn skatten.
  21. Protomartyr – The Agent Intellect
    Frå avdelinga «nyare postpunk det gnistrar litt av».
  22. Ryley Walker – Primrose Green
    Ein angloamerikansk folkrocktone dyppa i jazz og leduge arrangement
  23. Kurt Vile – B’lieve I’m Goin Down
    Vile og songane hans går sin slacke gode gang.
  24. Fjorden Baby! – Oh Yeah!
    Med koking og loking og det som meir groovy er har bergensbanden skapt gode tilstandar her inne i kroken.
  25. Wolf Alice – My Love Is Cool
    Ein kvartett frå London som albumdebuterer med pop i tonane og blod i sikte.
  26. Robert Forster – Songs To Play
    Ein ny dose sympatiske popsongar frå den levande Go-Betweens legenda.
  27. Vince Staples – Summertime ’06
    Ei dyster og motsetningsfull affære, i eit fortetta sonisk landskap
  28. New Order – Music Complete
    Hook er hekta av. Keyboardet er ganske så framtredande. Det same er også ein panoramisk og velgjerande poptone.
  29. Nadia Reid – Listen To Formation, Look For the Signs
    Ein albumdebutant frå New Zealand med ein folk/americana tone av det særdeles innbydande slaget på tapetet.
  30. Israel Nash – Silver Season
    Ein texanar ifrå Missouri har komme fram til sin psykedeliske sesong.
  31. Viet Cong- Viet Cong
    Eit tvilsamt bandnamn. Ei mørk og dyster ferd inn i dei meir dystopiske krokane av postpunken.
  32.  Susanne Sundfør – Ten Love Songs
    Samspelet mellom slikt som fenger og slikt som har motstand i seg. Spretten synthpop og dunkle strykarar. Susanne Sundfør får med sjølvsagt eleganse slikt til å funke i hop.
  33. Algiers – Algiers
    Soul og gospel og postpunk. Full energi, knyta nevar og revolusjon i blikket.
  34. Corrina Repp – The Pattern of Electricity
    Skjørt og nakent. Elektrisk og uroleg. Melodisk og dirrande. Verdt å vitje.
  35. The Switch – B For the Beast
    Der popen blir innhaldsrik, kaleidoskopisk og skikkelig påskrudd.
  36. Jamie xx – In Colour
    Jamie frå The xx sin soloalbumdebut er intrikat og minimalistisk, sakte synthflytande og basskraftig. Fargerik, og rytmisk som ein døsig ettermiddagspuls.
  37. Car Seat Headrest – Teens of Style
    Einmannsband. Skranglete låg-fidelity med pophooks og folktristesse.
  38.  Beach House – Depression Cherry
    Ny forsyning med draumande popsongar på sakte puls. (Eit av to album frå duoen dette året).
  39. Low – Ones and Sixes
    Trioen har denne gongen vikla meir elektroniske lydar inn i sine dulmande tonar, utan at det skadar.
  40. Dungen – Allas Sak
    Når gitaren og fløyta og groovet finn sin skapnad, og bilder av aude trefylte landskap veks fram, då er eg i Dungens psykedeliske og suggestive verd. Alltid ein god stad å vere.
  41. Panda Bear – Panda Bear Meets the Grim Reaper
  42. Waxahatchee – Ivy Tripp
  43. Deerhunter – Fading Frontier
  44. Young Thug – Barter 6
  45. Jim O’Rourke – Simple Songs
  46. Julia Holter – Have You In My Wilderness
  47. Daniel Kvammen – Fremad I Alle Retninga
  48. Twerps – Range Anxiety
  49. Autobahn – Dissemble
  50. Best Coast – California Nights

Og så har eg lest ein del bra bøker. Strengt tatt har eg vel brukt minst like mykje tid på det som på musikken. Både gamle og årsferske bøker. Av den siste sorten (årsferske i alle fall i norsk omsetting), fekk eg hug til å nemne nokre:

Roberto Bolaño – 2666
Den chilenske forfattaren Roberto Bolaño døydde i 2003, 50 år gammal. Han var då i siste fase for å ferdigstille sitt storverk 2666. Året etter vart boka utgjeven. Sannsynlegvis så godt som i den forma forfattaren sjølv såg den føre seg. I år ligg den så føre i norsk omsetting. Det er ei tjukk bok (940 sider). Den består av fem bøker. Fem forteljingar. På eitt vis separate forteljingar, på eitt vis nestar dei seg alle i hop i den siste forteljinga. Boka kvalifiserer tvillaust til karakteristikken «ein mangslungen og gåtefull roman». Den er ikkje fullt ut til å forstå. Den går fleire vegar. Hovudvegar, sidevegar, grusvegar, gjengrodde vegar, blindvegar. Den fylgjer desse vegane med ein desperasjon i seg. Og skildrar lidenskap og djevelskap, galskap og draumar. Den er ambisiøs så det held. Den er ein feber av ei bok, og eg må så definitivt lese den fleire gonger.

Elena Ferrante – Mi briljante venninne / Historia om det nye namnet
To bøker, halvparten av ein kvartett. Napoli-kvartetten.
Med eit direkte språk, fritt for dilldall, fortel Elena Ferrante ein medrivande historie om oppvekst, vennskap, kjærleik, fiendskap, vald og makt (og meir til). Sentralt i historia finn vi forteljarstemma til Lena og hennar venninne Lila, og det kontrastfulle vennskapet mellom desse to — både blømande og destruktivt, både støttande og rivaliserande. Lena kjempar seg, til trass for si låge sjølvkjensle, utav kvartalet og til ei universitetsutdanning. Lila, den tøffe og kreative, blir att der og kjempar ein slags sjølvdestruktiv kamp med mann, nabolag og mafiaen.
Bøkene er omsett til levande nynorsk og har ei skikkelig pageturnerkraft (i løpet av 2016 vil kvartetten bli fulltalig).

Patti Smith – M Train
For nokre år sidan fascinerte ho med historia om vennskapet mellom seg og Robert Mapplethorpe (Just Kids). Denne gongen møter vi i hovudsak den godt vaksne Patti Smith. På reise til Berlin, til Mexico, til Japan, eller vandrande rundt i New York (særlig då til stamkafeen sin på hjørnet). Innimellom vitjar ho, i tankane, tida ho hadde med ektemannen sin Fred Smith (fram til han brått døydde i 1994). Ho deltar på ein konferanse om polarforsking, vitjar Frida Kahlo museet, ser på engelsk krim på eit Londonhotell, men ikkje minst fortel ho om litteratur ho er glad i. Og det er i dei passasjane eg kanskje synk djupast inn i boka. Når ho fortel om sin kjærleik til bøker av Jean Genet, Sylvia Plath, Michail Bulgakov, W.G. Sebald, Haruki Murakami, Roberto Bolaño, og så vidare.
Side etter side driv så makelig og godt forbi, heilt naturleg, assosiativt og sympatisk.

Jonathan Franzen – Renhet
Ikkje Franzen si beste bok (Den tittelen kjempar framleis Korrigeringer og Frihet om), men på sitt vis ei absolutt fengslande nok bok. Skitnare enn tittelen tyder på. Fortalt frå perspektivet til fleire av bokas karakterar, men med den unge kvinna Pip som hovudaktør. Eit namn som bringe tankane i retning Dickens-klassikaren Store Forventninger. Og noko Dickens er det vel kanskje over måten fleire av karakterane blir skildra på. Boka går fram og tilbake i tid. Femner mellom anna ein historie frå det delte Berlin, og tar føre seg internettets overvakings- og publiseringsmogelegheiter. Franzen har sannsynlegvis ein politisk intensjon med desse perspektiva. Personleg synst eg at han er betre, ja drivande god, når han teiknar opp sine romanfigurar på godt og vondt, og skriv fram strålande dialogar.

Og ikkje heilt ny av året, men gjenutgitt som trilogi i år, Jon Fosse sine tre eineståande kortromanar Andvake/Olavs draumar/Kveldsvævd:
Utanfor tid og rom, i eit suggererande gjentakande språk fortel Fosse historia om to (Alida og Asle) som elskar kvarandre. Ei vakker kjærleikshistorie. Samstundes: ei uhyggelig historie, ei historie som også inneheld død, sakn og bitter fortviling. Den er ikkje festa fast i slikt som logisk sett nødvendigvis kan skje akkurat slik det her skjer, den har noko bibelsk og legendeprega over seg, men gjer likevel frå seg ei kjensle av å vere rå røyndom, ei dirrande kjensle av at dette handlar om ekte levande menneske. Slike som elskar og frys og kjempar og gjer handlingar som ikkje kan rettast opp att.
Det er vakkert, det er trist, og det set evigvarande spor.

Ought – Sun Coming Down

Standard

Postpunkånda sitt urolige sinnelag har tatt ein fruktbar bustad i Ought.                                   8

  Tre og eit halvt minutt inn i låta On the Line touchar Ought Gloria. Patti Smith sin Gloria. Bandet driv inn i den rytmiske oppbyggingsstrukturen til Gloria, og ein intens avslutningsseanse tar form. På sin måte, i sin tone, med eigne ord touchar Ought ein legende, Gloria, og skapar eit eldfullt rock’n roll augeblikk. Samstundes er det jo også slik at det kan hevdast at det er der dei høyrer heime, Montreal-kvartetten Ought. Hos Gloria, i New York, i 1975, og åra som fylgjer. Fram til 80-talet så vidt startar å spire. I selskap med Talking Heads, Television og The Feelies. Ja vel så mykje med desse som selskap som med Gloria. Men likevel der, i ånda og i tonen til det som skjedde på dei kantar på den tida. Og det er sjølvsagt heilt i orden.

Sun Coming Down er Ought sitt andre album, og er ikkje ein heilt annan dans enn debutalbumet. For det var jo der dei var då også. Då dei i fjor kalla plata si More Than Any Other Day og var veldig til stades. Til stades i seg sjølv, i augeblikket, og i dette punktet i musikkhistoria som dirrar tettare, meir kantete, meir nervøst, meir hektisk enn dei aller fleste punkt i musikkhistoria. Postpunk vert det ofte kalla no i ettertid (sjølv om det vel til dels levde ganske så parallelt med punken).

I tilfellet Ought handlar det oftast om få akkordar og stram rytmisk ferdsel. Langt meir over mot det minimalistiske enn mot det maksimalistiske altså. Utan at eg vil kalle dei einsarta. For låtane på plata, åtte i talet, skil seg i grunn veldig så greitt i frå kvarandre. Dei har eit slektskap, men eit eige både ytre og indre vesen.

Sentralt plassert finn vi den nesten åtte minuttar lange Beautiful Blue Sky. Ei ode til det vanlige livet. Og såleis passar det jo at det ikkje er noko ekstraordinært over låta. Den finn groovet sitt raskt, og driv og driv, ein veg, framover. Blir bygd med enkle middel. Gitaren knurrar litt meir nokre stader enn andre stader. Og elles? vel den veks, umerkelig, men den veks. Den er repeterande, men den er i utvikling. Songaren, Tim Darcy (den same Tim som siste heitte Beeler), som også er bandets gitarist, syng og snakkesyng om det vanlige, om flosklane, om det som gjentar seg og gjentar seg, til det kjedsommelige – «beautiful weather today … I feel alright … how’s the family? … how’s the job? … beautiful weather today». Om igjen og om igjen seier slike ting. Som ein tirade. Framoverlena, med ein tiltrekkande energi i diksjonen (litt som David Byrne i Once In A Lifetime). Fram til konklusjonen: «I’m no longer afraid to die, cause that is all that I have left». Og deretter to «yes», to verknadsfulle «yes». To fuktige stønn, eller sukk, av nokre «yes», før Darcy så hevdar at han heller ikkje lenger er redd for å danse, og fylgjer opp med to nye «yes», lystne «yes». Og så går låta sin gang, og slik går livet sin gang, og det funkar, Ought har klart å lage ei sterk låt utav det.

No er det vel også slik at det er nokon fleire musikkhistoriske tangentpunkter i det Ought har å by på enn denne femårs-epoken i New York. Ein kan jo til dømes hoppe nokre år fram, ikkje så mange rett nok, men nokre, og der står Sonic Youth og spelar gitt. Ikkje Men For Miles, for det er det Ought som gjer, no i 2015. Men har ikkje låta ei ilter og opponerande gitaråtferd i god Sonic Youth-ånd? Jo då, og det kler den. Den bevegar seg langs skuggelagte flater, og Darcy snerrar. «Excuse me, would you say there’s a chance of bringing this whole fucker down?» snerrar han, som ein Mark E. Smith, eller beatpoet, med blikket retta mot eit monument, på veg opp til monumentet, med tverre tankar, mot eit forløysande (om enn ikkje spesielt beroligande) refreng: «There were men for miles, There were men for miles, And doesn’t it just bring a tear to your eye».

Fullt ut melodiske kan Ought vere også. Dei er det i Passionate Turn. Ein song utan sonisk tverrskap, der tonane har eit rundare preg. Ein ballade som ikkje er nokon ballade, fordi det rytmiske har eit iherdig vesen. Sannelig om den ikkje minner meg litt om ein song eller fire av The National. For så vidt den minst typiske Ought-låta på plata. Utan at den fell mindre i smak. Ikkje mindre i smak enn den pågåande kranglete (The Fall-slekta) The Combo, eller det syresyrlige nestentittelkuttet Sun’s Coming Down, eller punkfunky og arty Celebration, eller no mercy-infiserte Never Better, eller …

Energi som riv og slit, som koplar på og koplar feil. Mørkesøkande og ikkje heilt ufarlig, men først og fremst livlig påkopla.

Musikalsk årsoppgjer 2014

Standard

Spådomar frå fleire hald vil ha det til at musikkalbumet er eit utdøyande fenomen. Måtte spådomane slå feil, fullstendig feil. Det har komme flust av album i 2014 eg med styrke vil hevde beviser at albumet har livets rett, og vel så det. Dei 25 beste har det blitt ei liste av.

Men først 3 bøker (ikkje for noko anna grunn enn at bøker er like viktig som musikk, og at desse tre kjennes vel verdt å nemne).

Stoner  Rød eller død av David Peace (Innbundet) Innsirkling 3 av Carl Frode Tiller (Innbundet)

1. John Williams – Stoner
Skriven og utgitt for nesten femti år sidan. I norsk oversetting for første gong i år. Ei kultbok. «The greatest American novel you’ve never heard of» ifylgje The New Yorker. Ein vakkert og nennsamt fortalt historie, om eit ikkje spesielt eksepsjonelt liv. Ein manns liv frå barndom til grav på 270 sider. Melankolsk og skilsettande. Poesi i romanform.

2. David Peace – Rød eller Død
Om den legendariske Liverpool-manageren Bill Shankly. Sosialisten, fotballfanatikaren, arbeidsnarkomanen og eksentrikaren  Shankly. Ein roman, ikkje ein biografi. Fortalt i eit gjentakande, suggererande språk. Like enkel, like komplisert, like medrivande som fotballspelet i seg sjølv. Aldri har eg opplevd fotballsesong etter fotballsesong blitt meir fortetta og poetisk oppsummert.

3. Carl Frode Tiller – Innsirkling 3
Tiller sirklar seg inn på oppklaringa. Kjem fram til den, men ikkje til noko endelig avklaring, heldigvis. Det å vere menneske saman med andre menneske er ikkje enkelt. Kva ein seier, kva ein tenker, kva ein gjer, kva ein burde gjere, er på evig kollisjonskurs. Tiller skildrar det på storarta vis, igjen.

Så, over til albuma:

 Steve Gunn 

1. The War On Drugs – Lost In the Dream
Ei plate som vandrar sporenstreks inn i ein melodisk sigerstemning, og blir der ein heil time. Amerikansk gitarrock der låt etter låt blir tilført vennlegsinna synthlinjer, blir lindrande pianotøtsja, eller kanskje får ein blåleg saksofonvisitt. Låt etter låt som omgås sinnstemningar der mørket og mismotet rår, men der ein stigande aksept av tingas tilstand, og ei evne til å handtere forholda, også blir formidla. Det høyrest ikkje spesielt eksepsjonelt ut, og ei eksepsjonelt original plate er det ikkje. Men ….vel, eksepsjonell er den.

2. Steve Gunn – Way Out Weather
Sakte beveger melodien seg. Sakte beveger melodien. «Slowly moves the melody». Det trygge, det vanlige finst der, i songane, men også det spesielle, det særeigne. Steve Gunn gjer det melodisk, og han gjer det i ein hevdvunne tradisjon. Med ei lett hand får han strengene på gitaren (gitarane) til å synge som få andre gjer. Eg tenker på han som ein ukomplisert virtuos.

3. Sun Kil Moon – Benji
Songar frå perspektivet til ein middelaldrande mann. Songar som ikkje tar føre seg frå eit vidt spekter av det songar kan gjere. Dei held seg alle på innsida av det marginale mønsteret Mark Kozelek plar operere innafor. Der tonar ikkje spring av garde i veldig komplekse former, men der alt ruslar sin gang. Einsformig seier nokon, styggelig vanedannande seier eg.

4. Wussy – Attica!
Dei har latt seg inspirere, latt seg dugelig inspirere. Som dei uforbederlige rock’n roll-disiplane dei er, har dei latt seg inspirere til å lage songar som liknar på saker vi har høyrt før, som har både tjuveri og låneri klistra på seg. Likevel er dei forunderlig nok berre Wussy. Med ein glød og eit lidenskapelig forhold til alt dei driv med.

5. Sturgill Simpson – Metamodern Sounds In Country Music
Det er ikkje berre den ufattelige friskleiken, og nærværet i tonane, eg merkar meg, men også viljen, og motet, både til å gå den rakaste enklaste mest naturlige og klassiske countryvegen, og til å driste seg utpå. Som det å sveipe tonane inn i psykedelia. Nokre gonger subtilt og sobert, andre gonger meir utstrakt.

6. Ought – More Than Any Other Day
Postpunk. Den stramme pågåande kantete fabelaktige postpunken er vel den mest nærliggande merkelappen å klistre på Ought. Men dei er ikkje berre slik, Ought kan også ha noko meir avrunda og elastisk i det dei gjer. Inntrykket er vel at det ikkje er avgrensingar og dogmer som er opplegget her. Heller eit frilyndt dykk inn dit energien har dei beste vilkår, der temperaturen aldri kviler.

7. Angel Olsen – Burn Your Fire For No Witness
Frå det skjøre til det konfronterande, frå det nennsame til det forrykande, den ueinsarta plata til Angel Olsen dekkar alt det og meir til. Når den så i tillegg er fostra på sterk vilje, har bevart passeleg med smuss, og er melodisk velhalden, sitt eg i grunn att ganske så tomhendt på innvendingar.

8. Parquet Courts – Sunbathing Animal
Eit band i frenetisk vigør, heilfrelste på konsise riff, hissig skinger og rammande groove. Der orda kjem fort, som ein dans i unnabakke. Med og utan fotfeste. Parquet Courts står ikkje stille, dei tar til seg det beste av det dei har høyrt, og gjer det om til sin måte å gå råbarka til verks på.

9. Sharon Van Etten – Are We There
På ingen måte eindimensjonale songar. Dei kan tolkast i ulik lei. Ja det er ikkje ein gong sikkert dei er så melankolityngde som dei gjer inntrykk av å vere. Ikkje er dei så marginale på melodisk variasjon som dei først kan gje inntrykk av å vere heller. Dei har ei blomstrande kraft i seg.

10. Woods – With Light and With Love
Human popmusikk. Med sine manglar, med sine intensjonar, med sitt overskot. Woods sitt album av året har mykje i seg og mykje for seg, og står fram som kongruent og variert i same andedrag. Sprett både lett over overflata og skjer seg inn i materien. Og 1967 er aldri langt unna.

11. Hookworms – The Hum
Psykedelisk vitalitet, hektande melodilinjer, suggererande rytmiske tilhøve, og ein ikkje ubetydelig larm.

12. Torgeir Waldemar – Torgeir Waldemar
Røysta. Den rommar klangen av det den formidlar. Tida. Han tek seg tid til å bli i songane sine. Songane. Dei har sitt klare opphav frå ein tradisjon, har sine merker frå meir enn ein låtskrivar, men høyrer likevel så sjølvsagt heime hos han som syng dei.

13. Simone Felice – Strangers
Han er her ikkje for å revolusjonere musikkhistoria. Han serverer 10 songar som hentar sitt liv og sitt vesen frå den amerikanske songtradisjonen.  Dei har sin verknad.

14. Damien Jurado – Brothers and Sisters of the Eternal Son
Den tidlegare trubaduren har for alvor funne fram til det dansbare, det psykedeliske, og det spirituelle.

15. EMA – The Future’s Void
Strenge, skarpe, kalde lydkjelder dansar og kranglar rundt låtar som oftare enn det kan virke som, sånn med det same, har eit godt melodisk hjerte.

16. Timber Timbre – Hot Dreams
Hot Dreams er ein tanke meir raffinert enn tidlegare plater av Timber Timbre, og har ein varme som ikkje alltid konsulterer gufset. Men fredlaust er det.

17. Strand of Oaks – HEAL
Ei reinsing, ein personleg kamp, men kanskje mest av alt ein kjærleik til musikken.

18. Beck – Morning Phase
Temmelig langt unna friskusen frå Odelay. Ikkje så veldig langt unna den tynga melankolikaren frå Sea Change, men med mindre melankoli i brystet.

19. The Men – Tomorrow’s Hits
Du skal ikkje kimse av god gammaldags rufsete rock’n roll. I alle fall ikkje slik den fortonar seg i henda til The Men frå Brooklyn.

20. Hurray For The Riff Raff – Small Town Heroes
Songar som kunne vore her for lenge sidan, som har eit gammalt Amerika i seg. Men dei er heilt nye, dei er eit friskt oppkok av folk, country og blues.

21. John Fullbright – Songs
Country som finn soul, mørke krokar, einsame tonar, og litt lykke.

22. Mirel Wagner – When the Cellar Children See the Light of Day
Ho vev livet, kjærleiken og døden i hop på sin måte – enkelt, tvitydig, dirrande.

23. Big Ups – Eighteen Hours of Static
Med glød i blikket og angst i bringa hiv dei seg over amerikanske undergrunnstonar slik dei lydde den gongen Pixies og Jesus Lizard var unge.

24. Joe Henry – Invisible Hour
Varme tonar, varlege tonar, og gåtefulle innspel om livets relasjonar

25. Pere Ubu – Carnival of Souls
Endå eit vitalt tilskot til ein etter kvart imponerande albumkatalog på utsida av gjengs rock’n roll åtferd.

Tre EP’ar (Ought, Ida Jenshus, Acres Wild)

Standard

Eg er ein album-mann, men EP’ar kan også ha saker og ting å by på. Her er tre av det slaget. To av dei er lange til EP å være. To av dei er av norsk opphav. To av dei har ein link til Paul Simon. Alle tre er bra.

Ought – Once More With Feeling

 Før Montrealbandet Ought kom med sitt sjølvlysande debutalbum av året, ja nesten to år før, gav dei ut sin debut EP (New Calm). Ein bra EP, men bandet har i ettertid komme fram til at den kunne ha vore betre. Ein av låtane derifrå (Pleasant Heart) blei i ei nyinnspelt form førstespor på det temperamentsfulle debutalbumet av året. I sommar spelte dei så to låtar til ifrå EP’en inn på nytt. I ei meir frenetisk form, i ei meir sjølvsikker form. Begge låtane er med på denne ferske EP’en av 2014, i lag med to andre spor som heller ikkje er flunkande nye.

Ikkje flunkande nytt, men Once More With Feeling tar av. Tar av i den energiske høgt/lågt forma som gjorde debutalbumet til slik ei storarta affære. Og kan vel slik få rolla som ein appendix til det albumet, og berre gjere det endå eit hakk betre.

Postpunk var, og vel for så vidt er, det mest nærliggande sjangerbegrepet å ty til for å beskrive lyden av Ought. Det yte dei sjølvsagt ikkje full rettferd, dei er meir enn juksarar i postpunk-faget, dei driv inn i musikkens inste kjerne og hentar fram ekstasen. Ein ganske så essensiell ting å gjere i grunn, og noko som gjer det temmelig underordna at ein, for å plassere dei på musikkartet, også kan dra inn meir enn eit band frå den gylne perioden 1977-1982.

Det er verknadsfullt, det er først og fremst verknadsfullt. Når balladen Pill slentrar av garde utan å bli sløv. Og snarare, langt snarare, fangar gode tonar og drar seg til. Dansar inn i eit farmasøytisk regn av «give it to me», elektrisitet og suggererande krefter. Det blir ikkje mindre av slikt i låtane som fylgjer. New Calm, pt. 2 (som saman med Pill er dei nemnte nyinnspelte) tar seg raskt inn i det, og kjem ikkje utav det før 7 minutt er gått. Det trengte den for så vidt ikkje ha gjort. Den er ein rivande god plass å vere. I all sin intensitet, i all sin mantrakallande skapnad. «Hear me now that I am dead inside» blir det gjentatt og gjentatt, saman med innrømminga «you gave me your calm, and I give it away no,no,no,no» og eit nervøst «daradada, daradada». Og jammen blir det stilt nokre spenstige spørsmål også: «Who built a house, just to lock me out? Who started a fire, yeah that one over there? Who invited Paul Simon?»»Not me». Lou Reed derimot trur eg ikkje dei hadde stilt spørsmål med. New Calm, pt. 3 har i alle fall sin bit med Velvet Undergroundske kaskadar. Slike som reinskar opp og skitnar til i same tonedrag, og det har som kjent mykje for seg.

Bandet avsluttar med ei låt som ikkje fekk lov til å bli med på debutalbumet. Det har nok i så måte vore ein viss anger ute å gått i etterkant. For Waiting er så absolutt utstyrt med alle kvalitetar som kjenneteiknar det albumet. Den har det melodiske, den har drivet, den har rastløysa, den brenn, den ulmar, den vil, og den vil endå litt meir. Og alt dette medan songaren gjer uttrykk for ei skam over å ha latt eit anna menneske vente og vente.

Personleg ventar eg spent på neste framstøyt.

WIMP-link: Ought – Once More With Feeling

Ida Jenshus – Let It Go

 Til EP å vere er denne uhorvelig lang – 32 minutt. Nærpå halvparten av tida tar det innleiande sporet, Shallow River. Ein femten-minuttars songsuite sett saman av tre songar (Shallow River, Storms, Let It Go). Laga i eit lydbilde som vel kan seiast å vere ei slags vidareutvikling av slik Ida Jenshus presenterte seg på sitt førre (og tredje) album. Mindre country, meir pop, større lyd, søkande lyd. Litt i slekt med det Emmylou Harris gjorde då ho hyra inn Daniel Lanois som produsent og spelte inn sin Wrecking Ball. Ida Jenshus sin Lanois heiter Kåre Vestrheim, både på det førre albumet og på årets EP (og sikkert også på albumet som er lova på nyåret).

I ei tid der det å klikke seg hastig vidare er blitt til det typiske er det herlig motstraums å plassere eit nummer på femten minutt i førarsetet. No kunne det for så vidt ha vore tre låtar. Slik arrangementet er løyst er det på sett og vis også tre låtar. Dei er ulike, dei glir over i kvarandre, men dei glir aldri inn i kvarandre. Overgangane er tydelige dempa instrumentale mellomspel. Medan dei lengre låt-sekvensane har ein vegg av lyd. Ikkje ein Spectorsk vegg, ein langt luftigare vegg, men like fullt ein vegg. I sentrum av denne veggen lever så songen. Frå det folkblues-prega, litt Led Zeppelinske, førstekapittelet via det melodisk vene andrekapittelet til ein manande og smått hektisk sistedel. Frå ei reise i grunne elveløp til oppmodingar om å opne seg opp mot verda, kaste maska og kappa og vere den ein er.

Etterpå kjem tre låtar til. Lydbildet er mykje av det same. Songane kunne ha blitt til i 1967, i 1972, og der om kring, men høyrer også til andre tider, vår tid for eksempel. Hero, med eit snev av Heartlandrock i seg. Set Us Free, med sine håpefulle vyer. Og som avslutning den næraste og varlegaste av dei, countryvisa om Sylvia. Om ei kvinne på søk, på vandring, som stadig må vidare. Ikkje så heilt ulik ho som syng om henne kanskje.

WIMP-link: Ida Jenshus – Let It Go

Acres Wild – The Prophecies of Skeeter Davis

 Apokalyptisk? Glad-apokalyptisk? Skeeter Davies sin profeti? The End of the World? Det er Oslobandet Acres Wild sine eigne ord, kasta fram i eit forsøk på å forklare kva som er tema på denne EP’en. Men kor tar nå desse ni minuttane oss eigentlig? Desse ni minuttane og tre songane som er bandets andre EP. Ikkje heilt ut på kanten av avgrunnen i alle fall.

I fjor presenterte dei seg med ein EP der i alle fall eitt spor har sett seg fast i minnet mitt. Den melodisigrande og friske sommarbrisen med den korte og fyndige tittelen ’63. Ei låt sterk på livfull nostalgi og med eit lite skråblikk på 60-talsfilmen The Graduate. Der ei viss Mrs Robinson var ein sentral skikkelse. Mange er det vel som har sunge med på Paul Simon sin ikkje heilt ukjente hitlåt frå filmen. Karane i Acres Wild mistenker eg for å ha sunge med på meir enn ein Simon-song. The Only Living Boy In New York for eksempel, for korleis kan det elles ha seg at dei i den lakoniske og elegant tilbakelente popsongen Balcony Song stadig gjentar linja «the only living boy in Oslo» (neppe fordi dei er blitt inspirert av Simon Joyner sin The Only Living Boy In Omaha vil eg tru).

Acres Wild er som de no sannsynlegvis har oppfatta eit popband med røter som finn mykje av si næring ifrå sekstitalet. Paul Simon er nemnt, The Beatles og The Byrds og The Zombies kan sjølvsagt også nemnast, og frå seinare tider er det vanskelig å komme utanom Teenage Fanclub.

Some Will Never Die er eit fengande opningsspor med eit Peter Pan liknande tema i teksten. Balcony Song høyrer på si side meir til i lendet beina-på-gelenderet-gitaren-i-fanget. Medan tittelsporet er jingle-jangle, nemnte fanklubb og strålande melodiske linjer, og fremjar eit avslappa forhold til både livet og det som kjem etterpå.

Ein konklusjon? For så vidt ikkje det minste nytt, berre popmelodisk tiltrekkande.

WIMP-link: Acres Wild – The Prophecies of Skeeter Davis

Ought – More Than Any Other Day

Standard

I avdelinga postpunk med noko attåt serverer Ought eit særs overtydande tilskot                           8

More Than Any Other Day  Det er ikkje klinkande klart kva som skjer, men det er klinkande klart at Ought er midt oppe i det. Midt mellom to like fantastiske songar dukkar fantastiske Habit opp. På ei stram basslinje, framfor eit slentrande trommemønster, i lag med klaprande gitartonar, syng Tim Beeler om noko å tru på, eit eller anna som er vanskelig å gripe fatt i, noko ein lengtar etter skal skje, som kan skje overalt. «In a non specific party, in a non specific city». Og no nærmar det seg, no nærmar det seg. Intensiteten grip om seg, låta veks, sug seg fast, gnistrar. «Is there something you were trying to express here?» spør Beeler, «express it with me» foreslår han, desperat. Med ei røyst som har nervøsiteten til ein ung David Byrne i seg lar han dei fleste forsvarsverk falle, og driv inn i det. Ser Det komme igjen, komme til han, ser ein vane ta form, og formidlar ein angst, ei spenning, eit begjær. Eg kan minnast Gordon Gano i nokre klassiske Violent Femmes-augeblikk gjere noko liknande. Gå inn i ein urovekkande ekstase, og mane fram opplevinga. “Do you feel it like I feel it, like I feel it? I feel a habit forming” messar Beeler, «a habit, a habit, a habit». Og nokre strykartonar har komme til, desorienterte og truande, temperaturen er forbi faregrensa. Ein rock’n roll låt av varig verdi er født.

Kvartetten Ought held hus i Montreal. Dei fire møttest der i samband med studier. Dei kjem alle frå anna hald, og ingen frå Canada. Songar og gitarist Tim Beeler, tangentist Matt May og bassist Ben Stidworthy kjem alle frå dei nordlege delar av USA, medan trommeslagar (og fiolinist) Tim Keen kjem frå Australia. Biografien fortel at dei fire tilhøyrer eit kunst- og politisk aktivt miljø i den canadiske byen. Som band har dei helde det gåande sidan 2011, gitt ut eit par EP’ar, etter kvart fått platekontrakt med Constellation records, og albumdebuterar no med den 46 minuttar og 8 låtar lange bragda More Than Any Other Day.

Postpunk. Den stramme pågåande kantete fabelaktige postpunken er vel den mest nærliggande merkelappen å klistre på Ought. Ikkje veit eg kva og kven som har dratt bandet i denne retninga, men eg meiner i alle fall å høyre  hos dei noko av det same kvilelause draget som i si tid kjenneteikna Talking Heads og The Feelies. Men no er dei ikkje berre slik, Ought kan også ha noko meir avrunda og elastisk i det dei gjer. Inntrykket er vel at det ikkje er avgrensingar og dogmer som er opplegget her. Heller eit frilyndt dykk inn dit energien har dei beste vilkår, der temperaturen aldri kviler.

Politikk. “Today, together, we’re all the fucking same” uttalar Beeler i det som tittelmessig nesten er eit tittelspor. Manar til revolusjon gjer ikkje bandet, men eit tydelig sosialistisk element er det i mykje av det dei formidlar. Introspektiv kjærleikstrøbbel lar dei stort sett ligge, og behandlar heller individet i ein større samanheng. Ein større samanheng som aldri blir eit utydelig heile. Det hadde jo vore meiningslaust. Som vi alle veit er den store samanhengen summen av uendelige mengder små samanhengar og mikroskopiske hendingar. Det er desse Ought zoomar inn på.

“Today, more than any other day, I am excited to feel the milk of human kindness» syng Beeler i det tittelsporet offisielt kjem i gang. Det er midtvegs i låta. Då har den bygd seg opp frå ein enkel dvelande start, via eit gradvis intensiverande «we’re sinking deeper», til eit rått temposkifte, og Beeler sin introduksjon til det som så fylgjer. Og det som fylgjer er dette:

«Today, more than any other day, I am excited to feel the milk of human kindness.
And today, more than any other day, I am excited to go grocery shopping.
And today, more than any other day, I am prepared to make the decision between 2% and whole milk.
And today, more than any other day, I’ll look into the eyes of the old man crossing me at the train station and say: ‘Hey, everything’s gonna be okay!»

Korleis dette verset skal tolkast? Vel, eg tenker at på den eine sida formidlar Beeler menneskelig omtanke og godheit, på den andre sida kjem han med eit sarkastisk lite spark til forbrukarsamfunnet og den menneskelig dårskap. Deretter blir det krakilsk. Deretter går tonar i fleire retningar og Beeler prøver å formulere sitt » today, together, we’re all the fucking same».

På andre sida av Habit kjem The Weather Song. Med snerr i tonelaget, smått agitatoriske grep og eit noko desillusjonert syn på tingas tilstand. Versa har eit skranglete men samstundes målmedvite ganglag, og eit hint av Street Fighting Man. Medan refrenget, «I just want to revel in your lies, we got to feeling we won’t take it any more», refrenget, med sitt keyboard-driv, sitt eldfulle vesen, er det mest fengande ein finn på plata.

Det er liv i dei fem andre låtane på plata også. Frå det intrikate og grumsete opningssporet Pleasant Heart til krautgroovy og aggressive Gemini, med den klargjerande opningslinje, «I retain the right to be disgusted by life, I retain the right to be in love with everything in sight». Frå langsamt gnagande og smått Velvetske Forgiveness, via Around Again sin nervøse danserytmikk og ein songars utspørjing av Gud, til sonisk ugode og dramatunge Clarity!.

Så jodå, det er klinkande klart at Ought er midt oppe i det. Og der trur eg jaggu meg dei kjem til å være ei stund.

Hmm…

Standard

Kjære dagbok (også kalla Popkroken). Eg innrømme med dette at det blei vel mykje stress å få til den der spalta om dei fem beste platene kvar månad. Og stress er ikkje bra, stress gidd eg ikkje ha, ikkje meir enn nødvendig i alle fall, og den spalta var ikkje nødvendig. Langt ifrå nødvendig. Så no finst den ikkje lenger. I staden dukkar det opp ei ny, ei det ikkje skal bli stress å fylgje opp. Eg har døypt den «Hmm».

Kor lange innlegga i spalta skal være har eg få tankar om. Det vil seie, ein gong kan den vere på to ord, ein annan gong på totusen ord. Lyst, behov, intensjon og dagsform er avgjerande. Trur eg. Kva det skal handle om? Musikk sjølvsagt, og i tillegg kva som helst anna med litt groove i seg.

Apropos det, groove altså, her er bandet eg har høyrt klart mest på dei siste dagane, Ought frå Montreal: