Tag Archives: The National

The National – I Am Easy To Find

Standard

Bilderesultat for national i am easy to find    Bilderesultat for the national 2019

«I am not in Kansas, where I am, I don’t know». Slik lyde refrenget her. Ja slik lyde første del av refrenget på det mest sentrale kuttet på The National sitt åttande studioalbum, I Am Easy To Find.

«Toto, I’ve a feeling we’re not in Kansas anymore» seier ei noko bekymra Dorothy, i filmen The Wizard of Oz, etter at ein tornado har frakta henne og hunden til ukjente territorium. Seinare er replikken blitt eit ordtak for det å hamne utanfor komfortsona.

Og det er vel akkurat det Matt Berninger vil ha fram i songen Not In Kansas. At han nå, akkurat nå, står midt i ei tid han ikkje kjenner seg komfortabel i. Han skulle nok ha takla det annleis. «Father what is wrong with me». Han skulle så absolutt hatt ballar til å smelle til ein Nazist.

Nei då var nok fotfestet langt betre i ei anna tid. Åttitalet til dømes. Han minnest ei Dylan-plate frå den tida, og ein Psychedelic Furs-låt, og aller mest REM («Begin the Begin over and over»). Det er eit spartansk orkestrert nummer. Nesten utan deltaking frå bandets hyperspirituelle trommeslagar Bryan Devendorf. Det er seks minuttar med songaren i hovudrolla. Ein song laga av enkle, men i mine øyrer særdeles tiltalande tonar. Tilsett eit lite framandelement. Ein annan song. Ein heilt annan song. Laga og spelt inn på nittitalet av nokre heilt andre. Eit obskurt avantpop-band kalla Thinking Fellers Union Local #282 (ja slikt noko går det også an å kalle eit band). The National har gitt tre damer i oppgåve å synge den delen av nummeret. Gail Ann Dorsey, Lisa Hannigan og Kate Stables. Desse tre damene, og andre damer dukkar opp i fleire av songane på albumet.

Eve Owen har ei minst like viktig vokalrolle som Berninger i eit anna sterkt nummer på plata, Where Is Her Head. Ein draumepopsong. Eterisk, hypnotisk, med den hyperspirituelle trommeslagaren Devendorf veldig påkopla. Det er han også når Rylan dukkar opp. Ein song som har vore med bandet i snart ti år, og blitt spelt live, men utan å ha blitt heilt ferdig. Før nå. Den kan nok kallast ein typisk The National-låt. Ein absolutt bra ein.

Albumet som så, kan vel i noko mindre grad kallast eit typisk The National-album. Det har altså alle desse kvinnerøystene. Det har eit noko meir eksperimentelt uttrykk. Er meir orkestrert og svevande. Er eit bra eit…men fleirtalet av album som bandet har gitt ut tidlegare vil eg hevde er betre.

Den beste musikken i 2017, slik det er blitt oppfatta inne i Popkroken

Standard

Bilderesultat for pumarosaBilderesultat for the national 2017Bilderesultat for mount eerie 2017Bilderesultat for father john misty 2017Bilderesultat for kendrick lamar 2017Bilderesultat for lcd soundsystem 2017

Då var vi atter komne til dei dagar då folk med spesielle interesser finn det opportunt å lage årslister. Slike lister som oppsumerar og skal felle ein dom over kva nett denne viktigperen synst om til dømes musikken som kom ut i året som gjekk. Eit døme som nett her sjølvsagt ikkje er dratt ut av lause lufta. For dette er Popkroken veit du. Og her handlar det hovudsakeleg musikk, også om musikk som såg dagens lys nett dette året. Året 2017 etter ein viss fødsel.

Eg skal ikkje skryte på meg at lista kunne ha vore uendeleg mykje lenger. For uendeleg med årsfersk musikk har eg ikkje høyrt dette året. Og uendeleg med god musikk har det vel heller ikkje komme? Eg skal heller ikkje skryte av at den fangar opp ei tidsånd på noko slags vis. Eller at den fortel vesentlege ting om kva som har skjedd på populærmusikkfronten dette året. Dette er resultatet av eit høgst subjektivt einmannsprosjekt med sånn cirka middels kontakt med røyndomen. Vel nok om det, slik ser lista ut i år (i fiks omvendt rekkefølge):

Bilderesultat for posse horse blanket
30. Posse – Horse Blanket 
Ein Seattletrio som etter seiande gjer seg akkurat i det eg har oppdaga dei. Saktegåande og halvsungne låtar i eit suggererande draumelandskap. Gitaren skimrar, og av og til skingrar. Aller best er bandet på dei fleste måtar i det tolv minuttar lange tittelkuttet.


29.The Weather Station – The Weather Station
Canadiske Tamara Lindeman har denne gongen tilført folksongane sine meir energi og lagt dei i eit større sonisk bilde. Noko det viser seg at dei ikkje har vondt av. Tekstleg har dei eit feministisk tilsnitt, og blir framført med ein snerr som har vakna til liv i kryssingspunktet mellom Joni Mitchell og Chrissie Hynde.

Bilderesultat for war on drugs understanding
28. The War On Drugs – A Deeper Understanding
Sonisk fylgjer A Deeper Understanding i spora til Lost In The Dream. Med den forskjellen at alt er større her, alt er det meir av, alt er likare, og alt er endå meir perfeksjonert. Albumet treff meg ikkje like sterkt som Lost In the Dream. Men rundt det elleve minuttar lange hypnotiske senteret Thinking of a Place finst det då ei bra handfull godlåtar.

Bilderesultat for colter wall album
27.Colter Wall- Colter Wall
Røysta. Den er malmfull, baryton djup og rusten, og rik på karakter. Colter Wall skuslar den ikkje bort på pjuskete saker. Han syng songar i eit folk og countrylandskap, i ein tradisjon han ikkje legg skjul på, der i alle fall Townes Van Zandt har vore før han.

Bilderesultat for slowdive album
26.Slowdive – Slowdive
22 år etter sitt tredje album er dei gamle shoegaze-legendene tilbake i manesjen att. Og det med eit album som absolutt ikkje rotar seg bort i dorske taktar. For det er liv i det drøymande vesenet, ein uro i det dvelande draget, og her er ein popmelodisk snert som ikkje er til å kimse av.

Bilderesultat for new pornographers whiteout
25.The New Pornographers – Whiteout Conditions
Tempo, tempo, tempo, det er New Pornographers det. Og aldri har vel bandet køyrt tempo så non-stop som på denne deira sjuande langspelplate. Fengande popmusikk med ei bra ryggsøyle – Eller som sjefslåtskrivaren Colin Newman sjølv kallar det: Bubblegum krautrock.

Bilderesultat for morby city music
24. Kevin Morby – City Music
New York City. Lou Reed. Television. Ramones. Jim Carroll. Det er der Kevin Morby er på denne plata. På sin måte. Og måten: Det sitt ein melankolikar djupt fast i songane til Kevin Morby. Ein sympatisk og melodiskpoetisk ein.

91wusdgpqgl-_sl1500_
23.Nicole Atkins – Goodnight Rhonda Lee
Det er noko med røysta til Nicole Atkins. Ikkje det at den er sensasjonelt annleis. Men den har ein tæl og ein heilt naturleg malmfull rikdom. Den er skapt for å synge soul. Soul med grums i kantane. Soul som kokar og soul som smyg, og soul med litt country i seg.

Bilderesultat for robyn hitchcock album
22. Robyn Hitchcock – Robyn Hitchcock
Eit par elektriske gitarar, bass og tromme, ein distinkt vokalist og frodig harmonisong, det er den overordna resepten her. Resultatet sprenger ingen rammer, men er drivande festleg. Eller kanskje ikkje, kanskje ikkje festleg er rette ordet. «An ecstatic work of negativity» kallar Hitchcock det sjølv. Hmm … er ikkje det litt festleg då?

Bilderesultat for xx i see you
21. The xx – I See You
Eg likte veldig godt den minimalistiske debuten til The xx, og nesten like godt oppfølgjaren. Eg likar I See You også. Sjølv om eg nå opplever trioen som litt mindre The xx  der inne på sitt eige vesle spesielle kammer, og litt meir som eit popband i eit rom med fleire liknande aktørar. Gode låtar er til hjelp i så måte, noko I See You er ganske så rundhanda med.

Bilderesultat for torgeir waldemar borders
20. Torgeir Waldemar – No Offending Borders
Det er definitivt meir lyd å fordøye på Torgeir Waldemar sitt andre album, kontra debutalbumet hans. Lyd á la Crazy Horse, og tidvis groove som kan kallast offensivt, men absolutt i spedd nokre meir dempa viser også. Tematisk vandrar songaren i både globale utfordringar og tett på private grubleri. Han gjer det ganske så fredlaust og inderleg.

Bilderesultat for sun kil moon common as light and love are red valleys of blood
19. Sun Kil Moon – Common As Light and Love are Red Valleys of Blood
Det der å fatta seg i kortheit ligg ikkje for Mark Kozelek. Dette albumet er i så måte kanskje hans drøyaste. Det er dobbelt, har ei samla speletid på over to timar, der Kozelek syng og pratesyng i vanleg lune, gjennom låtar som varer og varer. Malt i eit synthbilde vel så mykje som akustiskgitarbilde, for ikkje å seie bass/tromme-bilde, med Kozelek og Steve Shelley som sentrale aktørar. Og ja, det funkar.

Bilderesultat for simon joyner step into the earthquake
18. Simon Joyner – Step Into the Earthquake
Tretten songar om draumar og realitetar og eit Amerika som har det litt vondt. Det er melodisk, det er på kanten av melodisk. Det er musikk som opererer innafor kjente normer (Dylan, Reed, Stones, Young, Cohen, …). Samstundes som den held seg ute i ein mindre provins av hevdvunnen rock og visesong. Det er eit klart skrangleelement her, ein viss råskap, ein flørt med kanten av det soniske stupet. Akkurat slik vi som med åra har lært oss å sette vår lit til Simon Joyner likar at han gjer det.

Alt Som Har Hendt (VINYL)
17. Erlend Ropstad – Alt som har hendt
Alt som har hendt, det er ein fin tittel det. For det er jo det dei handlar om, songane til Erlend Ropstad. Ikkje fordi han fortel om alt som har hendt, det gjer han jo ikkje. Men han fortel nok. Og det er nok det. Til å forstå at alt det som har hendt, alt som er gjort, og ikkje gjort, har vore vegen fram til akkurat dette augeblikket. Til desse songane. Som er like sterke som songar han har laga før. Sterke og store og blå og sympatiske og poetiske og melodiske, og gode å tilbringe tid i hop med.

Bilderesultat for laura marling semper femina
16. Laura Marling – Semper Femina
Dei to orda Semper Femina har Laura Marling hatt tatovert på eine hofta si i fleire år. Uttrykket er henta frå det romerske nasjonaleposet Æneiden. I norsk omsetjing tyder utrykket noko slikt som «alltid kvinne». Eg høyrer Laura Marling søke inn i det kvinnelege, det mellomkvinnelege i songane på denne plata. Songar om vennskap, kjærleik og med ein viss seksuelt farga undertone. I eit nøysamt og tiltrekkande sonisk bilde.

Bilderesultat for the sadies northern passages
15. The Sadies – Northern Passages
Sjølv om The Sadies har gått gjennom ei klar utvikling sidan debuten for om lag tjue år sidan, er det noko konstant over det dei har gjort desse åra. Noko kjært gjenkjenneleg. Drivande rundt i ein god miks av countryrock, folkrock, psychpop og garasjerock klarer dei gong etter gong å halde fast i energien og den medrivande tonen. Slik blir Northern Passages nok eit sympatisk album i rekka; heilt utan flosklar og kjipe kompromiss.

Bilderesultat for priests nothing feels natural
14.Priests – Nothing Feels Natural
Washington DC-kvartetten Priests er på inga måte av det geistlege slaget. «To people in sanctuaries all I can say is you will not be saved» blir det meldt til kvasse tonar. Punk, for så vidt. Samstundes er det slik at Nothing Feels Natural er ei plate der nyansar og det underfundige blir dyrka i større grad enn det det gjennomsnittlege punkbandet der ute driv det til. I ein slik grad at Priests kanskje ikkje skal kategoriserast som punk… vel, det viktige her er uansett energien, og låtkvaliteten, og fridomen dei gjer seg sjølv.

Bilderesultat for protomartyr relatives in descent cover
13.Protomartyr – Relatives In Descent
Dei har kantar tonane til Protomartyr. Taggete og ugode høgg dei seg fram til meg. Musikkhistorisk kan dei kanskje plasserast i området rundt ein ung Nick Cave og nokre av dei samtidige av han der godt tilbake på åttitalet, som The Fall, som ei god handfull andre engelske postpunkband. Pluss litt garasjerock à la Detroit då. Nokre nyttige meter unna konvensjonell etterplapring. Ganske så nær sentrum av slikt eg vil kalle dugande eigenart. På dette, sitt fjerde album, er dei nokre hakk meir tilgjengelege enn tidlegare. Utan at eg vil kalle dei lett tilgjengelege, absolutt ikkje.

Bilderesultat for hurray for the riff raff navigator
12. Hurray For the Riff Raff – The Navigator
Sytten år gammal reiste Alynda Segarra heime ifrå. Frå storbyen, frå staden ho vaks opp, Bronx. Etter eit par år med togsniking og haiking på kryss og tvers av Amerika enda ho opp i New Orleans, der ho skulle bli buande nokre år. Nå har rastløysa ført henne heimatt. Både i fysisk og musikalsk forstand. For hennar sjette album, The Navigator, er ikkje berre tufta på tradisjonsmusikken ho før har omfamna, denne gongen kan ein også høyre storbyen der, Bruce Springsteen og Patti Smith, og ikkje minst den latinamerikanske musikken, det puertorikanske. Med kampsongen Pa’lante, ein psykologisk tilstandsrapport, eit poetisk meisterstykke, som sentralt høgdepunkt.

Bilderesultat for fleet foxes crack up
11.Fleet Foxes – Crack-Up
Dei første par gongene eg høyrde gjennom albumet gjorde eg meg tankar om at dette er ein dekonstruksjon av Fleet Foxes slik vi kjenner dei. Etter kvart endra desse tankane seg. Dreidde seg litt rundt sin eigen akse og blei til tankar om at Crack-Up er konstruksjonen av eit Fleet Foxes som gjenoppfinne seg sjølv. Dei harmonivakre vokallinjene vi kjenner så godt flyt rundt i ein kontekst av nyttig motstand. Av ting som skurrar, disharmoni og brot på den lineære forma. I eit luftig og frodig bilde. Kanskje kan det kallast noko slikt som varm folk-prog?

Bilderesultat for ron gallo heavy meta
10.Ron Gallo – Heavy Meta
Dette er total rock’n roll. Ingen tvil. Eg høyrer det frå første nummer. «Young lady, you’re scaring me» ytrar, snerrar, klunkar songaren. I henda har han ein gitar. Han nyttar den ikkje til å gå vidare respektabel til verks. Noko det for så vidt heller ikkje skulle vere grunn til å gjere. Han skildrar ein ustabil situasjon.
Det skal så vise seg medan albumet brenn av garde at det finst meir av om lag same kaliber der. Meir bitande songformidling, meir umoralsk gitarlyd, meir rock’n roll. Frå ein kar som nyleg har flytta frå Philadelphia til Nashville for å komme tettare på garasjerock-scena i countryhovudstaden.

Bilderesultat for margo price all american made
9. Margo Price – All American Made
Med All American Made byr Margo Price på eit endå betre album enn fjorårets debutalbum. Som på debuten kan ein dra linjer til Loretta Lynn og Dolly Parton, men ho touchar denne gongen soulmusikken også, og kjem opp med eit meir variert album.
Der debutalbumet hadde eit visst preg av det sjølvbiografiske rettar Margo Price denne gongen blikket utover Amerika. Og det ho ser er ho glad i, men det er også noko der, ein god del der, ho ikkje synst noko om. Ho vik ikkje unna, ho trør ut i det, og ho trør ikkje utprega varsamt. Men ho trør og lagar spor på eit vis som gjer ho til ein av dei aller beste countryartistane vi har om dagen.

Bilderesultat for peter perrett how the west was won
8. Peter Perrett – How the West Was Won
«Rock’n roll is back in me» syng Peter Perrett. Og eg ser ingen grunn til å tvile på det, for eg kan høyre det. Men litt utruleg er det nå likevel. Mannen er blitt 65 år, byta for mange år sidan musikk-karrieren sin bort mot ein dop-karriere, og så plutseleg er han her, uforskamma levande.
For How The West Was Won er ein overraskande god idé. Albumet tar på eit vis av der The Only Ones slapp (å skape power-lada pop i eit kryssingspunkt mellom Velvet Underground og Bob Dylan). Ok, så har Perrett med seg andre folk, og vel, så har ein sviktande lungekapasitet tvinga han til å synge litt meir avmålt, men han er på ingen måte ein ufokusert tilårskomen junkie. Neidå, her er det fokus, her er det gnist, han syng og snakkesyng med autoriteten til ein sindig faen, og serverer ei handfull låtar som fortener ein plass i The Only Ones-kanonen.

Bilderesultat for ema exile in the outer ring
7. EMA – Exile In the Outer Ring
«I wanna destroy, I wanna destroy, I wanna destroy, …» syng Erika M. Anderson. «I know the rage that’s in me, but I’m just what yoy made me» syng Erika M. Anderson. Ja det ulmar eit sinne utav mange av songane på Exile In the Outer Ring. Ikkje songaren sitt sinne. Ho er midlertidig rolleinnhavar eller formidlar. Folka som kjem til syne i songane hennar er av dei som i november 2016 var med å stemme Donald Trump inn i presidentstolen. Dei blir verken hudfletta eller tatt fint på. Ho stiller dei i eit rått lys men med ein straum av empati sivande rundt dei. Ho gjer det med songar som både omfamnar det melodiske og det støyande. Som byr på både luft og bra med skurr. Som er motsatsen av likegyldige.

Bilderesultat for lcd soundsystem american dream
6. LCD Soundsystem – American Dream
American Dream er eit comeback. American Dream er ikkje eit knuslete comeback. Men American Dream er ikkje eit gaul frå feterte stjerner som burde visst betre. American Dream er verken for mykje eller for lite. American Dream kretsar inn mot LCD Soundsystem sitt indre groovy, ekspanderande og postpunk-melodiske vesen og leverer med skinande relevans. American Dream er LCD Soundsystem sitt fjerde album og det tøtsjar storleiken til dei tre føregåande.
For jaggu har American Dream sitt å by på også. Her finn eg jo Tonite. Ein song der Murphy syng i Byrne-leia og det soniske tar ei medrivande funky ferd tufta på yppig monotoni og ein karakteristisk suggererande ekspansjon. Her er Call The Police, som bygger og løftar seg inn i det LCD-hypnotiske medan songaren teiknar eit heller dystert bilde av samtida. Og her er meir, og meir, ja meir enn nok til at det kan rettferdiggjerast at James Murphy har vekka lydsystemet sitt til liv att.

Bilderesultat for kendrick lamar damn
5. Kendrick Lamar – DAMN.
Om det er eit tema, ein gjennomgangsmelodi, på Kendrick Lamar sitt femte album så kan det vere Gud vs. mennesket, eller kanskje heller mennesket vs. Gud (sidan dette nå ein gong går føre seg på mennesket sin heimebane). Opplegget, eller skal eg kanskje seie kampen, går over fjorten rundar, og sluttar med eit pistolskot, ganske så uavklart. Undervegs har det dreidd seg om både åtak og omfamningar, og mennesket har vel strengt tatt påført seg sjølv fleire kilevinkar enn det Gud er blitt tildelt. I sonisk format vandrar opplegget frå det kvasse og aggressive og over mot meir dovne leier. Jazz-elementa som var veldig dominerande på suksessplata To Pimp A Butterfly er så godt som fråverande. Her er beats og loops og klipp og r&b og funky basslinjer i ein kanskje meir klassisk hiphop-tradisjon. Strammare og meir minimalistisk kan ein vel også seie. Og sjølvsagt umåteleg bra.

Bilderesultat for father john misty pure comedy
4. Father John Misty – Pure Comedy
Pure Comedy er krevjande saker. 75 minuttar om korleis menneskeslekta har tedd seg, og ter seg. Med særleg vekt på det som skjer no, i dei seinare åra av Josh Tillman si levetid. Det angar (for ikkje å seie stinkar) alvorlege ambisjonar over noko slikt. For korleis feste noko det helst blir skrive omfangsrike sosiologiske og filosofiske avhandlingar og bøker om fast i eit musikalsk uttrykk, og så komme frå det utan å stå att som eit fjols? Eg ser ikkje bort ifrå at det er nett det fleire vil hevde at skjer på Pure Comedy. At Misty står att som eit fjols. Vel, eg er i så fall ikkje blant desse som synst det. For i dette pratsame, tidvis sarkastiske og ikkje spesielt optimistiske verket høyrer eg eit fullblods menneske skape songar som veks seg sterke, og gjer inntrykk. Som tittelkuttet. Kanskje spesielt tittelkuttet. Ein buktande popsong i skjeringspunktet mellom Frank Sinatra og Elton John og vestkystrock, men som kanskje ikkje er i det skjeringspunktet i det heile tatt fordi den har ein Misty-faktor som er umiskjenneleg Misty. Eleganse, nonsjalanse, uro, misantropi.
Misty stiller seg kanskje, albumet tvers igjennom, lageleg til for hogg, men han glir då unna det meste, med eit underfundig smillaust smil om munnen.

Bilderesultat for mount eerie a crow looked at me
3. Mount Eerie – A Crow Looked At Me
Han kunne ha kalla plata for Death is Real. Han gjorde det ikkje. Phil Elverum vil fortelje om meir enn døden. Han vil fortelje om kjærleiken også. Og livet, både før og etter at døden blei ein betydeleg del av det.
Mount Eerie er eit einmannsprosjekt Phil Elverum har hatt ein del år nå. Så har det vore med Mount Eerie som med einmannsprosjekt flest, gode hjelparar har blitt invitert med. Ei som stundom har vore innom og hjelpt til var Geneviève Castrée. Ho lever ikkje lenger.
Geneviève Castrée døydde 9. juli 2016. Etter å ha kjempa eit drygt år med ein alvorleg kreftsjukdom herjande i kroppen. Hennar næraste den tida var ei lita jente og mann hennar, Phil Elverum.

Death is real.
Someone’s there and then they’re not
and it’s not for singing about.
It’s not for making into art.
When real death enters the house
all poetry is dumb. 

Opningssongen. Real Death heiter den. Den varer i knapt to og eit halvt minutt, men er på ingen måte fort over. Den sette spor etter seg. På sitt spartanske og lågmælte vis. Med sine reserverte gitar-render, sorgsame tangenttonar, sitt subtile og langsame beat, og denne songaren som ikkje tar i, som syng, som snakkesyng, og som er der, i songen.
Etterpå kjem det fleire songar. Moduset frå opningssongen lever vidare i desse. Tematisk, sonisk. Låt etter låt går over i kvarandre. Liknar kvarandre. Søker inn i det same. Er i det same. Dette lågmælte uttrykket. Dette tomrommet. I eit nettmagasin (eg huskar ikkje kva for eit) såg eg innhaldet på albumet bli klassifisert som «så vidt musikk». Eg tenker at den som har skrive det på eit vis er inne på noko, samstundes som eg tenker, og kjenner på meg, at albumet er ei av dei sterkaste musikkopplevingane eg har hatt dei siste åra.


2. The National – Sleep Well Beast
I sonisk skapnad er Sleep Well Beast eit steg ut til venstre i forhold til løypa The National har fylgt sidan gjennombrotsalbumet Boxer. Ei fruktbar hending på vegen mot denne plata var skisser og tonar Dessner-brørne tok med seg frå eit musikkevenement dei deltok på i Berlin i fjor. Der dei spesielt lot seg inspirere av electronica-duoen Mouse On Mars. Det er ikkje det at The National ikkje har krydra stoffet sitt med elektroniske lydar før, men det har ei lausare, friare og meir eksperimentell form denne gongen. Og det er meir av det. Og det er absolutt ikkje øydeleggande.
Samstundes er dette, denne plata, desse songane, gjenkjennelege National-songar. Kanskje den sterkaste samlinga av slike sidan Boxer.
The System Only Dreams in Total Darkness var den første songen The National gjorde kjent frå albumet. Med sitt rastlause driv, sine korte gitarriff som konsist skjer inn i melodiløpet, og si både skarpe og luftige form hadde den, og har den, National-klassikar gravert inn i seg. Med ei absolutt økonomisert mengd av ord teiknar songaren Matt Berninger eit dirrande bilde av ei stor uro. Ei uro som kan komme frå fleire hald. Som ikkje blir tydeleg plassert. Ei dugande oppskrift på å halde lyttaren i ande det. Noko eg for så vidt kunne ha sagt om fleire låtar her, for ikkje å seie fleirtalet av låtane her. Så det.

Bilderesultat for pumarosa the witch
1. Pumarosa – The Witch
«You dance, you dance, you dance, you dance» lyde omkvedet. Formidla av Isabel Munoz-Newsome. Eller kanskje heller formana, eller ettertrykkeleg konstatert. Medan groovet det går, og går. Luftig, lettbeint og suggererande. Priestess heiter låta. «Electricity flows through your spine and it shows» syng dama, offensivt med ei underliggande beundring. Ho syng det til ei kvinne, ei som dansar med fridom i rørslene, ei søster. Og låta driv lenger og lenger inn i det hypnotiske. Inn i eit krautlandskap, inn til ein saksofon av smått krakilsk karakter. Den kunne gjerne strekt seg over fleire minuttar, forbi dei sju og eit halvt den brukar.
The Witch er Londonkvartetten Pumarosa sitt debutalbum. Det er ikkje eit album som kjem stille og forsagt inn gjennom døra. Her er absolutt visse pretensjonar å spore, og eit mot og ein vilje til å tre fram i lyset. Det går til dømes an å hevde at songaren Isabel Munoz-Newsome tyr til visse teatralske grep. Men eg opplever ikkje hennar framferd som oppstylta, eg opplever henne som eit sentralt kraftfelt i låtane. Enten ho minner meg om Patti Smith, Siouxsie Soux, eller helst beveger seg forbi der ho minner meg om anna enn seg sjølv. Rundt henne er det godt med rom og luft, og medspelarar som har instinktet i orden når det gjeld inspirert suggererande låtbygging. Industrial spiritual er bandet ubeskjedne nok til å kalle lyden dei skaper. Ein karakteristikk dei absolutt skal få komme unna med. Dei lyt nesten også få komme unna med at albumet har ei speletid på 55 minuttar. For dei lar ikkje eitt einaste eitt av desse minutta gå til spille.

The National – Sleep Well Beast

Standard

The National tar ein liten venstresving utan å kødde for mykje med sitt eige medrivande vesen.

  «I have dreams of anonymous castratti singing to us from the trees». Eg skal ikkje påstå at det berre er Matt Berninger som kunne ha komme opp med ei slik linje. Det ville eg jo ikkje hatt dekning for. Men eg vil påstå at linja føyer seg inn i rekka av besynderlege linjer eg gjennom åra er blitt vant med at songaren i The National kjem opp med, skriv ned, og syng. Utan at det gjer den minste ting sjølvsagt. Nett denne linja utgjer starten på tredje vers i songen Dark Side of the Gym. Dei to første versa er to scener med fleire års mellomrom. I den første scena blir songens forteljar avvist av ei ung kvinne. I den andre er det songens forteljar som vender ryggen til den nå ikkje så unge kvinna. I refrenget som krøllar seg rundt versa blir det sunge med empatisk røyst «I’m gonna keep you in love with me for awhile». Og det varmar og kling vennleg, og det er sjølvsagt ikkje vondt å høyre på. Og så kjem tredje og siste vers og songaren tar oss plutseleg med inn i noko heilt anna. Kan det virke som. Til draumar som ikkje berre handlar om kastratsongarar, men også om «the first man and the first lady singing to us from the sea».

Sleep Well Beast, The National sitt sjuande album, er blitt til medan amerikanarane dreiv å valte seg ny president. Dei fem medlemane i The National er erklærte demokratar. Dei spelte på eit par valkamptilstellingar for Barack Obama i 2012. Det er kanskje ikkje ein umogeleg tanke å tenke at det kan vere Barack og Michelle Obama som syng frå havet i draumen til songaren. Det er heller ikkje umogeleg å tenke seg at tankar som blir tenkt og ord som blir sunge her og der på Sleep Well Beast er noko påverka av dei nåverande politiske tilhøva i USA. Ein av songane opplever eg i alle fall at går ganske så hovudstups inn i det. Matt Berninger skreiv etter seiande teksten til Turtleneck i etterdønningane av sjokkbølgja som ramla innover dei på valdagen i november 2016. Turtleneck er med fleire mils avstand den mest aggressive låta på Sleep Well Beast. Den kjem midt i løypa som eit tre minuttars høgst nødvendig sonisk og verbalt åtak. Bit frå seg frå første tone og viser deretter ingen nåde. Det er absolutt ikkje ein klassisk protestsong. Slikt driv ikkje Berninger med. Han vrenger heller på ei gammal Cohen-linje: «The poor they leave their cellphones in the bathrooms of the rich». Før han rettar blikket mot dei som har valt seg ny president og snerrar «everything they switch to is just another man in shitty suits», og sukkar oppgitt «this must be the genius we been waiting years for, oh no,», før han hiv seg inn i eit kokande refreng – «this is so embarrasing, ah, we’re pissing fits». Medan groovet går grundig og gitarane til tvillingbrørne Aaron og Bryce Dessner vrir seg høglytt. Slik er det nødvendigvis ikkje på resten av albumet, med gitarane altså.

I sonisk skapnad er Sleep Well Beast eit steg ut til venstre i forhold til løypa The National har fylgt sidan gjennombrotsalbumet Boxer. Ei fruktbar hending på vegen mot denne plata var skisser og tonar Dessner-brørne tok med seg frå eit musikkevenement dei deltok på i Berlin i fjor. Der dei spesielt lot seg inspirere av electronica-duoen Mouse On Mars. Det er ikkje det at The National ikkje har krydra stoffet sitt med elektroniske lydar før, men det har ei lausare, friare og meir eksperimentell form denne gongen. Og det er meir av det. Og det er absolutt ikkje øydeleggande. Ikkje minst er det det motsette av øydeleggande i songen som ber tittel I’ll Still Destroy You. Songen der den elektroniske faktoren kanskje er aller sterkast til stades. Med sine intrikate og kryssande synthløp og maskinelle hyperbeats i dialog med trommis Bryan Devendorf sin halvskakke rytmepuls, og ikkje minst sin avsluttande crescendo, kjem låta ut som eit av høgdepunkta på plata. Men også takka vere måten Matt Berninger syng seg gjennom den på. Frå at han kikkar ned og inn i sjela og sakte halvsyng sjølvransakande linjer som «I have helpless friendships and bad taste in liquids» til han andre stader får songen til å svaie i ein melodisk bris, og mellom anna syng «this one like your mother’s arms when she was young and sunburned in the 80’s».

Det er ikkje opplagt og fram i dagen kor Matt Berninger vil hen med alt han syng. Slik har det aldri vore. Men han har ein formuleringsevne som vekker interesse, og som gjer at eg fylgjer han. Eller rettare sagt: prøver å fylgje han. Det er noko gjenkjenneleg der og det er noko mystisk der. Ein ganske så perfekt kombinasjon det. Forhold, parforhold, mellommenneskelege tilhøve. Slikt går att, i song etter song. Og då oftast skildringar av slikt som knirkar og ikkje heilt går i hop lenger. Kona hans Carin Besser står som medforfattar på alle spor denne gongen. «You said we’re not so tied together, what did you mean?» har dei to fått songaren til å spørje innleiingsvis. «I don’t need you, besides I barely ever see you anymore» slår han fast ved neste korsveg. «I’ve been trying to see where we’re going, but you’re so hard to follow» lyde eit lite hjartesukk ein annan stad. «It’s nobody’s fault, no guilty party, we just got nothing, nothing left to say» lyde det vagt resignert i ein fjerde song. Og eg vil hevde at sitatutvalet mitt er representativt. Men det er etter seiande på ingen måte ei skilsmisse i emning som vert skildra her. Eg tenker heller vi seier det slik at Matt og frua på usentimentalt og poetisk vis dukkar ned i samlivets kjemiske utfordringar. Slikt som at ein pluss ein ikkje nødvendigvis blir akkurat to, og at alt derfor går opp. Slikt som at det går ikkje an å vike unna ambivalensen. Slikt som at forventningar slett ikkje alltid blir innfridd. Ja slikt, men samstundes, og som sagt, desse tekstane driv så definitivt bort frå tosemda også. For eksempel inn dit søvnen og draumane er.

The System Only Dreams in Total Darkness var den første songen The National gjorde kjent frå albumet. Med sitt rastlause driv, sine korte gitarriff som konsist skjer inn i melodiløpet, og si både skarpe og luftige form hadde den, og har den, National-klassikar gravert inn i seg. Med ei absolutt økonomisert mengd av ord teiknar Berninger eit dirrande bilde av ei stor uro. Ei uro som kan komme frå fleire hald. Som ikkje blir tydeleg plassert. Ei dugande oppskrift på å halde lyttaren i ande det. Noko eg for så vidt kunne ha sagt om fleire låtar her, for ikkje å seie fleirtalet av låtane her. Den fengande Day I Die, med sine referansar til ein onkel som har vore i National-bildet før (Val Jester, på albumet Alligator). Den milde og vakre pianoballaden Carin At the Liqour Store, som ikkje berre er mild. Det lumre nummeret Walk it Back (som eg opplever prøver å seie eit og anna vindskeivt om klimasaka). Og så tittelkuttet då. Som kjem heilt til slutt, og vel er noko av det mest eksperimentelle The National har komme opp med nokon gong. Lydar som gnikkar og gnir seg i ikkje utprega tonale former, og ein songar som ikkje tyr til dei mest melodiske av strofer. Ein song full av uro, ei uro som ikkje legg seg til ro med songarens avsluttande godnatthelsing «I’ll still destroy you someday, sleep well beast. You as well, beast». På ei plate som dirrar også etter at den er ferdig. Uroleg bra.

9/10

TIDAL: THE NATIONAL – SLEEP WELL BEAST

Høyr her: The National rører på seg igjen

Standard

For nokre dagar sidan kom The National med ein lovnad om å gje ut eit nytt album til hausten. Heilt eksakt den 8. september. Tittelen, Sleep Well Beast, kan jo gje ymse assosiasjonar. Inntil vidare skal eg la desse ligge. Men eg lar ikkje den første smaken av albumet ligge. Ein song med tittelen The System Only Dreams in Total Darkness. Noko som vel ikkje kan seiast å vere ein direkte lysteleg tittel. Og det er ikkje songen heller (lysteleg altså). Men bra er den, og går til verket ganske så beinveges gjer den også. Med Bryan Devendorf sitt framoverdrivande og smått intrikate trommespel, Aaron Dessner sine iltre gitarinnspel, og Matt Berninger som syng linjer som «We said we’d only die of lonely secrets». Det går absolutt an å førestille seg at han skildrar ei ikkje spesielt lysteleg samtid. Utan at han adresserer uroa i ein spesiell retning. «An abstract portrait of a weird time we’re in» har han sjølv kalla songen.

Musikalsk årsoppgjer 2013

Standard

2013: Det beste eg høyrte i år

Eg har ikkje tenkt å hevde at dei 25 platene eg har laga ei liste av under er dei 25 beste platene frå 2013. Men, av dei platene eg har høyrt frå dette året (og det er jo langt frå alle) trur eg desse 25 må vere dei beste. Om då ikkje John Grant eller The Sadies eller Neko Case eller Ashley Monroe eller Unknown Mortal Orchestra eller Eleanor Friedberger eller Erlend Ropstad eller Kanye West eller Ty Segall eller Houndstooth eller Mona & Maria eller Sudan Dudan eller Samantha Crain sine respektive utgjevingar burde ha fått ein plass her då. Det kan veldig godt vere.

25. Bill Callahan – Dream River
Ein av våre tiders beste songpoetar. Med klar og særeigen røyst tar han nokre steg i ein litt meir optimistisk retning. Og han er vel verdt å fylgje dit også.

24. Mark Kozelek & Desertshore – Mark Kozelek & Desertshore
Detaljerte betraktningar over dagliglivets prosaiske vesen, tilsatt velkjente Kozelek-
tonar (les Sun Kil Moon, les Red House Painter). Gode tonar.

23. Caitlin Rose – The Stand-in
Countrysongar og andre songar som lever sitt liv utafor tidas avgrensa rammer.
Fengande, brennande, swingande, varlege. Registeret er breitt nok, og songane har ein friskleik som vil vare.

22. Atlanter – Vidde
Bandet er nytt, men mannskapet, i alle fall Jens Carelius, har gjort seg bemerka før. Men dette er meir bemerkelsesverdig. Eit fjellpsykedelisk, vidtrekkande, bluesvandrande og groovy stykke norsk verdensmusikk.

21. Kacey Musgraves – Same Trailer Different Park
Countrytonen er konvensjonell, og nesten på permanent basis svingar den seg inn på eit fengande spor. Men den skrur seg ikkje fullstendig opp. Det er noko som held den att, som jordar den. Ein flittig bruk av akustiske instrument. Eit fråvær av glimmer og fjas. Friske tekstar, rammande tekstar, ein varme, eit mot.

20. Monica Heldal – Boy From The North
Ei ung norsk dame har funne fram til den engelske folktonen. Med den akustiske gitaren i fanget fingerplukkar ho seg gjennom låtane. Men ho har også ordna seg med nokre medmusikantar der elektrisiteten har ei rolle. I lag skapar dei eit rastlaust, bluesblått og groovy stykke musikk. Det handlar om inderlig kjærleik, bevegelse og fridom.

19. Houndmouth – From the Hills Below the City
Originalitet får andre ta seg av bjeffar dei, og omfamnar den amerikanske grunntonen med heile sitt glødande hjerte. Alle fire. Gitaren er alltid elektrisk, orgelet duvar og grev, og rytmeduoen er ikkje utprega anonym. Det er southern style, countryrock og rotekte rock. Og syng gjer dei alle. Åleine, og i medrivande harmonisk utfalding.

18. Yo La Tengo – Fade
Tida går ikkje i frå Yo La Tengo. I eit kvart århundre har dei sysla med sitt. Litt av kvart i grunn, men er like fullt alltid til å kjenne att. I år bydde dei på ei ganske så støysvak og homogen plate. Og tradisjonen tru var den rett så flott.

17. The Men – New Moon
The Men er absolutt ikkje eit trongt, einsarta og uniformert band. The Men vil mykje og mang slags. Først og fremst energisk rock’n roll. Gjerne med litt innebygd hengslete melodiøsitet. Men dei går heller ikkje av vegen for litt countryrock, hissig støy eller groovy kraut. Upolert og reinspikka.

16. Mikal Cronin – MCII
Det er power i den melodisk velorienterte poptonen til Cronin. Den klassiske beatleske poptonen. Tidvis skyllar fyren ei elektrisk gitarbølgje av nesten tsunamiske dimensjonar innover den. Men han spelar på andre instrument også (så godt som alle ein kan høyre på plata). Og han kan roe støyfaktoren, men det er aldri ei overordna målsetjing.

15. Oblivians – Desperation
Femten år etter at Oblivians var her sist dukkar dei opp att. Utan å ha forbetra seg, og takk for det. Her flyg dei vegg imellom, i full desperasjon, og er alt anna enn slutt. Dei sveittar og rockar som om tida aldri har flydd ifrå dei. Det gjer dei sjølvsagt heilt rett i.

14. Stein Torleif Bjella – Heim For Å Døy
Nei lystelig er det definitivt ikkje, men like fullt ein ny porsjon med ganske så udødelige viser. Meir presist elleve songar om å kjenne seg einsam og neglisjert, og ein om nokre gitarar. Formidla med akkurat så mange ord som trengst. Ikkje overtydelig, men heller ikkje utydelig. Forankra i eit Hallingdalsmiljø, men i grunn ganske så universelt.

13. Savages – Silence Yourself
Det er ikkje nokon grunn til å tvile på Savages. Deira agenda er å gå aggressivt til verks, dei sviktar den aldri. Verken på det soniske eller det tekstlige plan. «This album is to be played loud in the foreground» proklamerar dei. Du skal ikkje la deg forstyrre av andre signal. Du skal ha fokuset retta ein stad, hit, på debutplata til dei fire kvinnene i Savages. Det er i grunn ikkje så vanskelig.

12. Okkervil River – The Silver Gymnasium
Scena er den vesle staden der bandets songar og eminente låtskrivar Will Sheff vaks opp. Han skildrar ein barndom som handla vel så mykje om sjukdom og å bli mobba som om ubekymra leik i skogsholtet. Men det er ingen bitter flyktning som kryssar sine spor. Det er ein mann midt i trettiåra som evnar å vere både oppriktig og ettertenksam. Og som finn fram til poptonen i sitt eige orkester. Ein god tone det.

11. The National – Trouble Will Find Me
I eit moderat og smidig modus lirkar Brooklynkvintetten nok ein gong fram ei plate som vinn i det lengre løp. Der den lakoniske barytonrøysta til Matt Berninger behandlar låt etter låt med skarpskodde tekstlinjer. «I have only two emotions» syng han, «careful fear and dead devotion». Og eg tenker at nett det kanskje er eit aldri så lite manifest. På ei plate som ikkje veldig annleis, frå eit band som framleis er veldig bra.

10. Wooden Wand – Blood Oaths Of the New Blues
Eg opplever lydbildet på Blood Oaths som det luftigaste Wand har presentert i nyare tid. Som det rikaste også, men like fullt spartansk. Wand sine medspelarar skikkar seg, dei går ut og inn av bildet, dei har fått rolla som subtile understrekarar. I novellistiske songar av det heimsøkte og støvete slaget, dyppa i country og blues. Der tristessen og lengten rår, men der Wand også finn det føremålstenlig å minne om at «after the darkness there’s a light».

9. My Bloody Valentine – MBV
Det er då noko alvorlig apokalyptisk over mbv, er det ikkje? Poptonen som dansa som ein kaleidoskopisk draum gjennom store deler av Loveless den høyrer eg ikkje så mykje til her. Her høyrer eg noko dunklare noko. Ein slags klagesong kanskje, eller ein jamrande blues, eller ….. Eller for å seie det slik: Shields og hans kumpanar (som ikkje er særlig fleire enn Bilinda Butcher denne gongen) har endå ein gong skapt eit verk som eg ikkje heilt ut forstår, som sikkert alltid vil vere utydelig, og som eg derfor aldri vil bli ferdig med. Og bra er vel det?

8. Kurt Vile – Wakin On A Pretty Daze
Dei drar seg ut i respektable lengder fleire av spora på plata. Såpass at dette endar
opp som eit godt gammaldags dobbeltalbum. Der gitaren, og då spesielt den akustiske varianten, har ei viktig rolle. Gitaristen Kurt Vile har aldri vore noko å kimse av. Men denne gongen gjer han seg sjølv større arbeidsrom, og skapar meir meditativ godlyd, enn nokon gong.
I songar der Vile fører ein slags dialog med seg sjølv. Om eg då ikkje skal kalle det for monologar til ein person som ikkje er til stades. Eller refleksjonar over livet, musikken, kjærleiken, lengselen, og det å vere mann og far.

7. Laura Marling – Once I Was An Eagle
Utan unntak, femten songar til ende, handlar Once I Was An Eagle om kjærleiken. Det startar i eit stummande mørke. «You should be gone beast» lyde opningslinja. Det lysnar litt undervegs. Til slutt adresserar songaren ei oppriktig takkseiing til naiviteten «for failing me again».
Stemma og den akustiske gitaren har hovudrolla. Men utan produsent Ethan Johns si tilføring av rytmisk svir hadde ikkje dette blitt den plata det har blitt. Med handslegne trommer og perkussiv virilitet skaper han eit organisk groove som stikk innom og vitjar dei fleste låtane.
Det har blitt ei plate som er den openbare motsetninga til det fragmenterte. Den krev at ein har tid, at ein tek seg tid, den er verdt kvart eit minutt.

6. Jason Isbell – Southeastern
Ei plate full av countrysoul. 12 sterke melodiar som provar at Jason Isbell har eit grep om det melodiske slik gode låtskrivarar oftast harhar. Det er likevel hans grep om det tekstlige som verkelig imponerer. Han sirklar ikkje rundt med ord som fordampar, han går direkte til verket med ord som brenn seg fast. Han bruker ikkje fleire ord enn nødvendig, han økonomiserer, han er presis, som ein Carver. Han har noko å formidle. Og det han formidlar skildrar også det som ikkje blir uttalt. Eller det kan handle om noko eg først ikkje oppdaga det handla om. Det kan ha ei dobbeltyding. Isbell er ikkje eindimensjonal.
Jason Isbell har endelig laga plata eg ein gong trudde han var i stand til å lage, men som eg hadde byrja tvile på at han ville lage.

5. Vampire Weekend – Modern Vampires of the City
Det finst fleire grunnar til å tvile enn til å tru. Gud er i trøbbel. Sola går minst like ofte ned som den står opp. Visdom er ikkje synonymt med ungdom. Døden er uunngåelig, men heller seinare enn før. «There’s a lifetime right in front of you».
Med betraktningar av dette slaget tar Vampire Weekend oss med på ein liten tur inn i sinnet og sjela til Modern Vampires of the City. På ei plate som er like nådelaus som den er medgjerlig, like absurd som den er lettfattelig, like eksentrisk som den er fengande.
Vokalist Ezra Koenig fer til verket med reinspakka glød og tvillaust nærvær som fremste kjennemerke. Rundt han føregår det saker og ting. Multiinstrumentalist og produsent Rostam Batmanglij er ein mann rik på idear. Han skikkar inn det eine instrumentet etter det andre. Men lite samtidig. Det er godt med rom her. Eit rom som blir nytta til å gje kvar enkelt låt sitt preg, sitt stempel, sitt groove.

4. Ezra Furman – Day Of The Dog
Når Ezra Furman 13 sekund inn i opningsnummeret startar å synge så er det frå djupast nede i magen og utover det heile. Det er fullt åtak, og ein aggresjon mot det han ser der ute og det han kjenner der inne. «All the world is rising up like vomit, filling up my ugly little mouth, there’s a sickness deep inside my eyeball, got to find that tool to cut it out». At refrenget då blir «I wanna destroy something, I wanna destroy myself» er vel bortimot heilt naturlig.
Punk eller ikkje punk, det er for så vidt ikkje spørsmålet. Men svaret er ja, og nei. Dette er punk men langt meir enn som så. Dette er Bo Diddley-beat og femtitalet som tar seg via Dylan og Velvet Underground til punkens gullalder, derifrå går den i klinsj med Violent Femmes, sparrar med Bright Eyes, og sveittar opp ein dose gospel, for så å bli friskt og tydelig signert med Ezra Furman sitt eige handlag.
Ein kan vanskelig hevde at tematikken plata igjennom er av det lystelige slaget. Det handlar mykje om å vere i ein tilstand nokre sjelelige kilometer unna der ein helst kunne tenkt seg å vere. Men det handlar også om å prøve å komme seg ut av tilstanden, og å søke og finne fram til ein som svir mindre. Det handlar i liten grad om å lukkast med det.
Men du verden som Ezra Furman har lukkast med denne si femte plate.

3. Phosphorescent – Muchacho
Sånn mot slutten av plata, i nest siste song, høyrer eg Matthew Houck synge «oh, you’ll spin your heartache into gold». Eg tar like godt og stel den linja eg, for så i neste omgang å rette den mot opphavsmannen sjølv. «You’ll spin heartache into gold, Matthew Houck». Noko du har gjort, for så vidt, i alle fall tidvis, på plate etter plate dei siste ti åra, men denne gongen sannelig meir fullkome enn nokon gong.
Houck seglar framleis, slik han har gjort alle desse ti åra, under fana Phosphorescent. Om enn ikkje, slik det ein gong var, ganske så åleine. Eit visst mannskap har han med seg. Ikkje eit så reint lite eit heller denne gongen. Cirka 10 i talet trur eg det må vere. Det er nå likevel aldri nokon tvil om kven som har grepet om spakane. Houck har, vanen tru, produsert, arrangert, miksa, og skrive låtane. På det mest mangfaldig utforma Phosphorescent-albumet til dags dato.
Houck tek her i bruk elektroniske lydkjelder på ein måte han ikkje har gjort før, og han vitjar fengande poprefreng og tar eit par skikkelig groovy tak. Sonisk sett er albumet kanskje fyrens lettast tilgjengelige. Utan at det har gått utover tonane sin levedyktigheit, eller Houck si evne og interesse for å skildre kjelkete mellommenneskelige tilhøve.

2. Parquet Courts – Light Up Gold
Eg høyrer på Stoned and Starving, og songar frå tidlegare tider kryssar sporet. Det har noko med groovet å gjere, tenker eg. Først og fremst groovet. Det enkle groovet. Sjølve ur-groovet. Eit slikt eit som finn sitt tempo, og som så går, og går, og går, medan tonar av ulik karakter kravlar, kjælar eller piskar kring det.
– Eg spaserte gjennom Ridgewood Queens, innleiar Andrew Savage. Og groovet går, Det groovet. Der har Pablo Picasso spasert ein gong også, tenker eg. Og jentene kunne ikkje motstå blikket hans, og han blei aldri «called an asshole». I fylgje Jonathan Richman, tenker eg. Og groovet går, Det groovet. Ein gong var Lou Reed der også, tenker eg, og formidla morbide og syndige scener, og eit stadig gjentakande «she’s busy sucking on my ding-dong». Gitarane var primitive, orgelet brutalt, og Moe Tucker slo. Det var Det groovet. «I was so stoned and starving» syng Andrew Savage, og fortel om då han stod der med tåkete syn og funderte over om han skulle velje geléfiskar, rista peanøtter eller ei pakke lakris. Veslebror Max Savage administrerar takten, og ein krakilsk gitarsolo krøllar seg rundt den. Som ein svolten orm på jakt etter godsaker. Det er Det groovet.
Og saman med groovet, Dette groovet, går dei heim, utan napp, for så vidt, både Savage og Richman og Reed, både Parquet Courts, Modern Lovers og Velvet Underground. Og naglar kvar sin meisterlige rock’n roll song fast i det tidlause. Sister Ray, Pablo Picasso og Stoned and Starving. 1968, 1976, 2013, whatever, tenker eg.
Årets låt, tenker eg.
Med sine fem minuttars varigheit, og sine gitarsoloar er ikkje Stoned and Starving den typiske låta på plata. Den typiske låta varer ifrå eitt til drygt to minutt, har ikkje utprega god tid, gjer det den har intensjonar om å gjere, og slepp så neste til. Rå, energisk og primitiv punk, postpunk og rock’n roll. Det har sett seg i blodomlaupet til den unge kvartetten. Debutalbumet kokar over av det.

1. Jonathan Wilson – Fanfare
Å du heilage psykedelia! Her er det ambisjonar, her er det musikalitet, her er det ein kosmisk overflod av medrivande tonar.
Med Fanfare utvidar Jonathan Wilson sitt soniske univers. Han lar låtane få lov til å bli større. Gjev dei ein ikkje ueffen nyanserikdom, og sveivar tidvis opp ein energi som ikkje var der på den førre plata, Gentle Spirit. Fanfare er på mange vis eit konglomerat av soniske innfall, men du verden det er eit saumlaust konglomerat. Det hakkar ikkje undervegs. Dansen mellom dei djupaste søkk og dei høgaste tindar høyrest fullkommen naturlig ut.
Over 78 minuttar og gjennom 13 songar, i skiftande tempo, i mangslags fargar, og med vekslande krefter, har Fanfare grepe eit stadig sterkare tak i meg. Varmen har si tvillause skuld i det. Varmen som Wilson har inkorporert i kvar einaste spelte tone. Og så det melodiske då, det er heller ikkje skuldlaust. Det har sin divergerande personlegdom frå låt til låt, men presenterer seg alltid i ei form eg vil kalle smidig, og slik evnar det å smyge innunder huda, og inn til det inste.
Plata har flust av referansar til musikk som blei gitt ut i tidsrommet 1967 – 1977. Men den står aldri fast i noko som ein gong var. Eigentlig står den ikkje fast i det heile. Eigentlig flyg den som ei fri sjel mellom det den fangar og det den skapar, og har like mykje 2013 i seg som all anna musikk som har komme rekandes min veg i år. Men den har garantert meir framtid i seg enn det meste av den. For ikkje å seie all.

Musikalsk årsoppgjer for 2010

Standard

Endå eit bra musikkår er til ende. Ei liste på ti, og ti til som burde fått plass er gjort klar:

20. Laura Marling – I Speak Because I Can
19. Kanye West – My Beautiful Dark Twisted Fantasy
18. Arcade Fire – The Suburbs
17. Beach House – Teen Dream
16. Wooden Wand – Death Seat
15. Thomas Dybdahl – Waiting For That One Clear Moment
14. Paul Weller – Wake Up The Nation
13. LCD Soundsystem – This Is Happening
12. Pearly Gate Music – Pearly Gate Music
11. The Sadies – Darker Circles

10. Kristin Hersh – Crooked
Crooked gjer til kjenne ei Kristin Hersh betre enn ho har vore på fleire år. Betre, meir variert, og med låtar av det angrepslystne slaget. Låtar med ein brann i brystet, og eit rastlaust ganglag. Låtar som høyrer med til dei mest energiske ho har presentert i soloformat nokon gong.

9. Mary Gauthier – The Foundling
Eit konseptalbum. Eit barn blir adoptert bort like etter fødselen, og opplever ein oppvekst med sterkt mangelfull omsorg. Rømmer. Inn i eit liv med rus og kriminalitet. «Wanders the darkness and travel alone». Ringer opp si biologiske mor, seier takk og adjø. Hovedpersonen er Mary Gauthier sjølv. Eit sterkt portrett. I country og folk.

8. Justin Townes Earle – Harlem River Blues
Den kjem, innover meg. Frå fleire hald. Den er forankra i tiår av amerikansk musikktradisjon. Den har røter som strekk seg langt tilbake, men ikkje berre i ein retning. For, det er så mang slags songar på Harlem River Blues. Gode songar. På den sterkaste Earleplata sidan Guitar Town.

7. Sharon Van Etten – Epic
Ein singer/songwriter som har sjølvkjensla intakt, som stig fram i eit lys ho vil vere i, ikkje ei som sitt bortkomen i scenelysets utkant og mumlar unnselig. Ikkje det at det ho byr på ikkje er kjenslevart, og kjem oppriktig og beine vegen frå hennar eige hjerte. I ganske så melankolske ordelag og tonefall. For det er det, også.

6. Phosphorescent – Here’s To Taking It Easy
Kosmisk americana. Matthew Houck rullar opp vindauget og tar inn den amerikanske grunntonen. Frå hillbillyland til On the Beach. Sfærisk og jordnært. The Mermaid Parade og ein mektig flott tur til Los Angeles. «Are you getting a lot of attention now».

5. The Walkmen – Lisbon
Lisbon er eit album der det melodiske og raffinerte har gode kår. Lisbon er eit mindre komplekst album enn You & Me. Eit album reinska for overflødig lyd. Der gitaren, vokalen og trommene på kvart sitt vis trer klart fram, i eit reint bilde, og blir tydelige. Men einsretta og gnitent på kontrastar er albumet ikkje. Her er lys og skygge, her er tilfredsheit og misnøye, her er kvile og kløe, her er vellyd og motlyd. Lisbon er tynnkledd og reinskoren, men like fullt kraftfull og frodig.

4. Jamey Johnson – The Guitar Song
Vår mann i Nashville er tilbake med endå lenger skjegg, og ei endå lenger plate. Røff, uredd, sentimental, og suveren. Ein songsyklus der tilstandar vert granska frå litt ulike vinklar, der kjensler vert kjent på, augeblikk fanga, og songen feira. Det er mørkare enn det er lyst. Svartare enn det er kvitt.
Moral og umoral, tru og utru, Gud og Jack Daniels. Slik er countrymusikkens vesen. Frå Hank Williams til Johnny Cash til Jamey Johnson. Han skil seg ikkje ut på nokon måte sånn. Familien syng han om også. Men han gjer det med si stemme. På sitt vis.

3. Timber Timbre    – Timber Timbre
Det er ei fredlaus røyst. Ei einsam og tyngd røyst. Det er noko i den som kan minne om Roy Orbison, men og noko som kan minne om Nick Cave. Den tilhøyrer Taylor Kirk. Eine og aleine Taylor Kirk. Ein kar som for tida held til i Toronto. Dit han kom for nokre år sidan, etter ein oppvekst i dei meir grisgrendte strøk av Ontario, Canada. Songane hans har henta meir frå det rurale enn det urbane.
Dei er sterke desse songane hans. Dei har ei langsam suggererande kraft. Ei mørk kraft. Dei har si stamtavle tilbake til folktonar som har gjort seg gjeldande i generasjonar, og skular samstundes bort på gamle bluestonar i nabolaget. Men songane er Taylor Kirk sine. Det tvilar eg aldri på. Han presenterer dei på sin måte. Han gjer dei sin eigen heimsøkte og golde signatur. I eit bilde som er stort men også klaustrofobisk, truande men vakkert, som rommar stilla, og vekker uro.

2. The National – High Violet
Med High Violet har The National på ingen måte gjort noko som minner om eit radikalt hamskifte. Dei er til å kjenne att. Albumet er like fullt ikkje nokon Boxer del 2. Absolutt ikkje. Eller ein Alligator-tur med blåpapiret på innerlomma, for den saks skyld. Dei går litt lengre denne gongen. Gjer meir utav seg. Stirer inn i eit større landskap, og skaper ein kraftigare lyd, krassare lyd, meir fasettert lyd. Dei fem i bandet, og folk dei har fått hjelp frå. Godt over tjue i talet.
Blikket og fokuset til Matt Berninger, songaren, har alltid hatt denne tendensen å styre mot skuggane der mismotet gror, mot krokane der villreia veks. Slik vart det denne gongen også. Slik, men kanskje litt annleis likevel. Songane på High Violet skaper ikkje like sterkt dette synet av ein songar som sit og speglar sitt eige sinn i eit halvtomt vinglass. Det er komme inn eit perspektiv her som i større grad omfattar meir enn berre han sjølv. For når han spaserer der med sine skinande tennissko, med terrorfrykta i bakhovudet, og motløysa i brystet, og hevdar å vere ”afraid of everyone”, er det ikkje sitt eige ve og vel han har fremst i tankane. Den eitt år gamle jenta han ber på skuldrene sine har gjeve han ein litt annan vinkel.

1. Nina Nastasia – Outlaster
Eg har aldri høyrt Nina Nastasia smile. Ikkje på Dogs, ikkje på Run To Ruin (spesielt ikkje på Run To Ruin), eller på nokon av dei andre platene ho har gjeve ut desse ti åra ho har drive på med slikt. Eg kan ikkje høyre henne smile på Outlaster heller. Det er sånn det skal vere.
Eg har aldri høyrt Nina Nastasia gje ut ei uinteressant plate. Ho har meisla meisterverka Dogs og Run To Ruin, og spedd på med tre framifrå plater til. Outlaster gjer på ingen måte skam på denne rekka. Det er sånn det skal vere.
Nina Nastasia er ei dame som held til på utsida av det heilt vanlige. Det kan saktens gjerast forsøk på å plassere henne i folk/vise/country/singer/songwriter-båsen, men ein vil nok oppleve at ho røskar og slit, og ikkje utviser verken tilstrekkelig folkskikk eller konvensjonell nok åtferd til å kunne haldast fast der. Det er sånn det skal vere.
Det er sånn Nina Nastasia har gjort seg til ein av det siste tiårets mest interessante musikarar. Med songar som krev litt tålmod. Litt tid. Dei har noko marginalt og vagt over seg. Sånn med det same. Men dei veks seg til gripande songar. Songar kledd og arrangert i former som både harmonerer, varmar, nyanserer, glefser og utfordrar. Og med tekstar som seier det dei har å seie, og lar det bli med det.

 

 

Musikalsk årsoppgjer for 2007

Standard

Joda, det vart gjeve ut ein del bra plater i 2007 også. Eg har heilt sikkert ikkje høyrt alle. Men i alle fall nok til at eg har klart å sette saman ei liste med ti album eg med handa på hjerta kan seie inneheld mykje god musikk. I tillegg ligg det fleire og vaker like under, desse kunne sikkert ved eit anna høve om ei veke eller sju ha erstatta nokre av dei som til slutt vart valt.

Det gjeld album som:
The Sadies – New Seasons
Phosphorescent – Pride
Yeasayer – All Hour Cymbals
P.J. Harvey – White Chalk
Sarabeth Tucek – Sarabeth Tucek
Nina Nastasia & Jim White – You Follow Me
Robert Plant & Alison Krauss – Raising Sand
Andrew Bird – Armchair Apocrypha
Blanche – Little Amber Bottles
Grinderman – Grinderman
Black Cab – Jesus East
Wilco – Sky Blue Sky
Dungen – Tio Bitar
Oakley Hall – I’ll Follow You
The Bees – Octopus

Av norske utgjevingar, skulle i alle fall desse vere verdt å nemne:
Salvatore – Days of Rage
Valkyrien Allstars – Valkyrien Allstars
Texum – Different Strokes For Different Folks
The Lionheart Brothers – Dizzy Kiss
Arve Henriksen – Strjon
I Was a King – Loosing Something Good For Something Better

Så over til dei ti eg landa på:

10.Battles – Mirrored

Musikk oppstår aldri utan å ha ei forankring i noko som har vore der før. Heller ikkje Battles. Men dei er no likevel noko for seg sjølv. Der dei miksar suggererande elektronisk framdrift med rock-riff, jazzige glimt, sugande rytmar og ein forvrengt vokal som har trakka ned fleire dusin smurfar på sin veg fram i lyset. Og Atlas har vel alt som skal til av slikt for å kunne gå av med sigeren i kåringa ”årets mest vanedannande låt”.

9.Radical Face – Ghost

Radical Face er Ben Cooper. Ghost er det andre albumet hans. Det ber sitt namn med rette. Den grunnleggjande tanken til Cooper denne gongen var å skape noko kring ideen om at eit gammalt hus har ein historie. Ein historie saman med menneske. Så kva om huset sine veggar kunne fortelje sin historie? Kva om menneska som har levd i huset no bur i veggene, eller under golvplankane?
Det skikkelig storarta er at i dette knirkande, dunkle og atmosfærekallande opplegget dukkar det fram den eine flotte popsongen etter den andre. Litt for like i både puls og tone er det kanskje nokon som vil hevde. Sterkt forførande i både puls og tone hellar nok underteikna ganske så kraftig mot å hevde.

8.Animal Collective – Strawberry Jam

Eg skal innrømme at eg ved tidlegare høve har opplevd Animal Collective som eit litt i drygaste laget merkverdig tiltak. Der rare påfunn stundevis har vore på kollisjonskurs med groovy framdrift og det melodiske prinsipp. Denne gongen derimot finn eg brygget deira særdeles velsmakande. Skarpt, røft og hasardiøst. Javisst. Men det yppale groovet vik aldri ein tomme og den melodiske tone gøymer seg aldri for lenge bak atonale påfunn. Strawberry Jam forever.

7.Panda Bear – Person Pitch

Noah Lennox snik seg av og til bort frå det noko ustyrlige Animal Collective, kler seg i pandadrakt, og serverer tonar av ein noko meir yndefull karakter. Person Pitch er ein suggererande og surrealistisk popsymfonisk draum henta utav eit landskap der Brian Wilson sine idear flyt rundt på ei dunlett men ikkje heilt ufarlig sky. Ei rekke av subtile påfunn flyt saman til eit dynamisk heile, og blir til ein mektig, mangestemt og vidunderlig vakker popkollasje.

6.The Shins – Wincing The Night Away

Vegen inn til dei skinande poptonane er smalare denne gongen. Den tredje gongen. Litt farga av natta dei prøver å røske bort. Litt farga av psykedeliske undertonar. Litt farga av eit noko meir intrikat vesen. Men dei er der. Og dei skin. Frå Sleeping Lessons til A Comet Appears. Og James Mercer syng minst like overtydande som han har for vane å gjere. Så derfor blir det også denne gongen ei flott plate, frå eit gnistrande band.

5.Corrina Repp – The Absent and the Distant

Eg oppdaga Corrina Repp i 2007. Det er eg glad for. Mark Kozelek oppdaga ho før meg, og gav ut denne plata på sin eigen label.
Det er ikkje så vanskelig å skjøne kvifor Kozelek falt for denne dama. The Absent and The Distant hentar sine tonar og sin stemning frå dei same dunkelt opplyste kveldstimar som Kozelek sjølv har for vane å rote seg inn i. Dvelande rundt, og midt i, eit folksy uttrykk syng Corrina Repp om sjelelige plager og strevet med å halde seg flytande. Stemma hennar har sitt slektskap med soniske medsøstrer som Cat Power, Nina Nastasia og Julie Doiron. Men det er ikkje noko ein skal henge seg altfor mykje opp i, og i alle fall ikkje bruke mot henne. Ho viser seg nemlig å vere noko meir enn ei i mengda.
Eit sinnbilde som står sentralt i mi oppleving av denne plata, er sinnbildet av eit stort og dunkelt opplyst rom. Månelyset prøver å trenge gjennom nokre sprekkar i tak og vegger, og ei 40 watts lyspære sukkar medtatt og blå bakom ein haug med rusta jern. Anar eg havet utafor? Eg trur det er varmt utafor. Det er klamt innafor. Det dryp. Pianodråpar fell mot klangfullt underlag. Pianotårer fell på steingrunn.
I sanning eit kjærkome funn.

4.Ben Weaver – Paper Sky

Det er som kjent ikkje berre himmelen som er laga av skjørt material. Livet i seg sjølv er jo også ein svakt armert konstruksjon. For ikkje å snakke om illusjonane vi fyller det med, og kjærleiken vi krydrar det med, og hjerta som prøver å halde det heile i gang. Så derfor sit han der då, den einsame trubadur, og prøver å ”draw with black on black”. Det er definitivt ikkje alle som får slikt til. Men Ben Weaver får det til. Kanskje fordi han har denne røffe og uforfalska røysta? Kanskje fordi han har spora opp tonar som slett ikkje høyrest nye eller originale ut, men som er sterkt medrivande, og som brenn? Eller kanskje fordi han har eit skarpskodd instinkt for å handtere ord?
Ein kan verken sonisk eller tematisk skulde Weaver for å operere innafor eit vidtfemnande eller grensesprengande territorium. For sjølv om det er nokre desibel som skil den nennsame haustvisa In November og den nesten Crazy Horse harvande Geisha så har dei begge grodd fram på den same americana-enga der Weaver ruslar rundt og plukkar sine tonar. Med låtane han fyller Paper Sky med, set Weaver sine spor der han også. Definitivt.

3.LCD Soundsystem – Sound of Silver

LCD Soundsystem vil ha oss opp av indiestolen og ut på dansegolvet. Ikkje golvet der plastikkrytmane rår, men eit anna eit, der staffasjen og narrespelet må vike for innhald og groove. LCD Soundsystem er eit funky punky tiltak der forførande rytmar og uimotståelige melodilinjer svingar seg saman i siamesisk skapnad. Smart, tøft og heitt, og med store deler av rockehistoria klistra tett til ryggraden.
På sin debutsingle Losing My Edge frå 2002, namnedroppar LCD Soundsystem sitt alter ego James Murphy ein heil drøss av artistar som har inspirert han til å gjere det han gjer. Frå Can og Lou Reed via Gil Scott Heron til Daft Punk. Det doble sjølvtitulerte debutalbumet som kom nokre år seinare var eit viltveksande oppkomme av spenstige idear og fabelaktige låtar.
På sitt nyaste framstøyt flyttar han lydsystemet sitt eit par sølvkanta steg i popmotorisk retning. Det har definitivt ikkje gjort han mindre inspirerande å frekventere. Lada med rytmisk kåtskap, hooks og melodisk vellyst er så definitivt Sound Of Silver lyd som skin. Her fresar han mot sit eige heimland i råheftige North American Scum, miksar Neu og episk rock på sterkt vanedannande vis i All My Friends, og avsluttar med ei særdeles minneverdig ode til heimbyen sin i New York, I Love You But You Bringing Me Down.
Til å bli sterkt oppspelt av.

2.Okkervil River – The Stage Names

Der Okkervil River sitt førre album Black Sheep Boy ikkje slapp lyttaren inn på seg utan ein viss motstand opnar The Stage Names døra med det same. Utan at alt dei har by på vert avslørt av den grunn, her er for mange rom til det. Og utan at desse tonane, som så raskt finn beinvegen inn i ryggmargen min, luskar mindre inspirerande ut bakvegen nokre rundar seinare. Slett ikkje, dei er der framleis, og er like utkrope fengande, og like vemodsfullt vakre som då dei kom.
The Stage Names gjer inntrykk av å vere Okkervil River si mest sofistikerte og arrangerte plate. Samstundes som eg opplever at den kanskje har eit vel så laust og luftig vesen som det deira tidlegare verk kan skilte med. Ja er dei ikkje litt meir leikne tru? Litt meir på veg til fest og lått? Men ikkje utan at dei byrdefulle kjenslene og sjela sine mørkare krokar slår følgje. Seriøst følgje. Og få er det i dag som gjer uttrykk for slikt med like intens bravur som Okkervil River sin songar og låtskrivar Will Sheff. Han er over songen, han er i songen, ja han er songen. Songar og skildringar som denne gongen er plassert på meir nåtidige scener. Livet som ein sveitt og rotlaus, men også glorifisert, rock’n roller på veg frå by til by dukkar opp som tema i fleire av låtane. Eit liv som vert både feira og forbanna. På ei plate definitivt verdt å feire.

1.The National – Boxer

Ja slik er det. Den subtile New York-kvintetten har levert årets beste i år også, akkurat som i 2005. Det finst meir enn ein grunn til det.
Matt Berninger er ein av dei mest eigenarta rockepoetane som har komme til etter årtusenskiftet. Tematisk kan vel det han har føre seg neppe kallast originalt. Det handlar om relasjonar på randen av undergang, kanossagang eller til nød på veg mot ein ekstraomgang. Han gjer det imidlertid med særdeles låg klisjéfaktor, høg fintefaktor og ein lakonisk poetisk klang.
Men The National er ikkje berre Berninger. Bandet er også brødreparene Dressner og Devendorf. Og dei gjer absolutt sitt for at deira fjerde album blir den vinnaren det er.
Over tolv rundar prøver aldri The Boxer å få inn det eine avgjerande støyte, i staden flyr, flyt og dansar den rundt i ringen på raffinert vis. Den lener seg mot taua. Den stiller seg for slag. Den blør. Den reiser seg. Den får inn ein hook, og ein til, og ein til. Det er til å bli sveitt av. Det er til å miste pusten av. Det vert aldri slått i tomme lufta. Det vert aldri spelt ei unødig note. Den dansar bakover, sidevegs og framover. Den fintar og den dukkar. Den er upretensiøse og raffinerte. Den er ikkje til å bli heilt klok på. Men idet gongongen går for siste gong har den prikka inn så tett med melodiske vinnarar og sitatfreistande linjer at det sjølvsagt ikkje kan bli noko anna enn ein einstemmig og overlegen poengsiger.


Så skulle eg nokre månader etter at året var omme oppdage Elisabeth Cook si friske plate Balls. Det er eg glad for.

Musikalsk årsoppgjer for 2005

Standard

2005 vil vel neppe gå inn i historia som eit legendarisk år på musikkfronten. Det har likevel komme langt meir plater enn kva eg har klart å fordøye. Skal ikkje sjå bort frå at det finst skattar eg ennå ikkje har oppdaga. På reutgjevings- og koke-suppe-på-ein-spiker fronten var nok utan tvil Bob Dylan sin No Direction Home det mest inspirerande tiltaket. Hadde nok kanskje håpa på eit endå meir utvida jubileumsopplag av Patti Smith sin Horses, men den var ikkje så ueffen den heller.

Eit aldri så lite høgdepunkt var også oppdaginga av den gamle hasjfolkloristen Gary Higgins. Hans pot-tette og fine Red Hash frå 1973, dokumenterer (saman med Vashti Bunyan sin like fine Just Like a Diamond) at psych-folk slett ikkje er ei nyoppfinning.

Årets dårligaste plater har eg heilt sikkert ikkje høyrt (og kjem ikkje til å gjere det heller, ein har trass alt anna å bruke tida på), men eit par skuffelsar kan ein jo ta med. Den fantastiske søskentrioen Fiery Furnaces starta året med ein fin liten samling av singlar og rarities, men kom i haust med den overpretensiøse, melodilause og trøyttande Rehearsing My Choir. At det nye Big Star albumet skulle bli særlig minneverdig hadde eg nok ikkje den store trua på (og fekk heilt rett), skuffelsen var vel mest den at også Alex Chilton måtte prøve seg på dette gjenforeinings-idiotiet.

For ein som bur eit stykke utanfor konsertløypa vert det dessverre altfor lite levande musikk. Den beste konserten i året som gjekk trur eg var Micah P. Hinson på Kamelon i Bergen. Ellers bydde jo Ekstremsportveka her i bygda på ein del bra. Med Mastodon og deLillos som høgdepunkt, og eit ukjent band frå Odda, Major Parkinson, som sterk utfordrar (kanskje eit namn å sjå opp for).

Pariakasten konsertalbum har som regel berre limitert interesse, men det kom tre stykke i år som er verdt å nemne. Magnolia Electric Co. sin sørstatsharvande og Young-infiserte mikstur av gamle og nye låtar i Trials & Errors, Bonnie Prince Billy si skeive og elektriske tolking av eigne klassikarar (Summer In the Southeast), og ikkje minst Wilco sitt livskraftige og utviklande dykk ned i eigen katalog (Kicking Television).

Frå heimlege trakter er det verdt å trekke fram Sgt. Petter sin oppegåande og lett psykedeliserte countrypop på Monkey Tonk Matters, Jake Ziah sitt skakke og djupfølte These Days Do You No Justice, samt eit band eg kjem tilbake til når lista under openbarer seg.

Sjølv om 2005 kanskje ikkje har produsert dei himmelstormande klassikarane har det under redigeringa av den endelige «10 beste»-lista vore fleire album det slett ikkje var lett å utelate. Namn som Castanets, Bunky, Franz Ferdinand, Wolf Parade, Josh Rouse, Magic Numbers, Fruit Bats, Dan Sartain, Ryan Adams, Akron/Family, Go-Betweens, Jackie-O Motherfucker, Great Lake Swimmers, Archer Prewitt, Richmond Fontaine, The Clientele, Ry Cooder, Vashti Bunyan, Cloud Cult, Laura Veirs, Iron & Wine/Calexico, A Silver Mt. Zion og CocoRosie stod alle på kladdeblokka. Og aller nærast til å kome med av dei som tilslutt hamna på utsida av lista var desse fem albuma:

Sufjan Stevens – Illinois
The New Pornographers – Twin Cinema
Pinetop Seven – The Night’s Bloom
Low – The Great Destroyer
British Sea Power – Open Season.

10.Bonnie Prince Billy & Matt Sweeney – Superwolf

På sida av alle trendar, langt unna kommersialismen sitt griske grep, luskar det rundt ein ulv i ufrivillige fåreklede. Mystisk, lumsk, svolten, hårete og bister, men av og til også lykkeleg. Ofte søker han offeret sitt åleine, andre gonger har han med seg ein liten flokk. Kanskje i eit håp om å endelig bli tatt for den ulven han verkeleg er kallar han denne gongen framstøyte sitt for Superwolf. Eller kanskje helst fordi han gjer det i tett samarbeid med ein annan ulv, gitaristen Matt Sweeney. Superwolf dukkar ned i det grumsete og blodige, men løftar også hovudet, smiler og er tilfreds. Den er både raffinert og uhøvla. Og består av både mangslungne låtar og meir einsarta saker. I Oldham-katalogen har den kanskje sin næraste slektning i Palace Music utgjevinga Viva Last Blues.

9.Philip Kane – Time: Gentlemen

I det sør-austre hjørnet av London bur ein mann med ei fabelaktig songstemme. Her lever han i anonyme former, avsondra frå det moderne og pulserande bylivet. Han verkar å ha både asosiale og sjølvdestruktive anlegg, men også frisinna og omfamnande perspektiv. Han er eit mysterium og ein altfor godt gøymt løyndom. Med soul-kraft og crooner-glød, poetiske brodd og inspirerte tonar serverer han både mørke og merkelige historier om folk på kant med tilværet, det vedtekne, sanningane, løgnene og seg sjølv. Reint melodisk turnerer låtane hans kring velkjente formlar, men det er sterke formlar. Han skaper tonar som med den «rette» straumlinjeforma produksjonen, og dei «korrekte» harmlause formuleringane sikkert kunne sjarmert seg inn i hjerta til veldig mange. Men det er sjølvsagt ikkje vegen å gå for ein sjølvdestruktiv faen som mykje heller vil skildre dei forhutla, forkasta, forelska, fortvila og forbanna enn å tekkast dei vellykka, velorienterte, veltalande, velmeinande og velskodde.

8.Serena Maneesh – Serena Maneesh

Serena Maneesh lever ikkje i eit tomrom eller gjer forsøk på å komme opp med revolusjonerande saker. Dei har spora opp mykje substansielt stoff (My Bloody Valentine, Spaceman 3, Krautrock, Velvet Underground), og latt seg inspirere, for så å skape eit dynamisk uttrykk. Sitt eige. Eit uttrykk tufta på kontrastar og polarisering. Det hemningslause versus det kontrollerte, det stygge versus det yndefulle, og himmel versus helvete. Frå kvar si side av musikken sitt sentrum lar dei det atonale ramme det melodiøse, og det pompøse elske med det usminka. Det er raffinert råskap med syn for kvite og vevre stråler. Men aller mest så gnistrar og glødar dette som eit lynnedslag i ei røys av usikra elektrisitet.

7.Richard Hawley – Coles Corner

Eit praktfullt album, støypt i ei vever og vakker melankolsk form. Der dei viktigaste ingrediensane er plukka frå tonar som spreidde seg utover verda på 40-, 50- og 60-talet. Den gongen Frank Sinatra flaut nedover Moon River, Eddie Cochran hevda å vere Three Steps From Heaven, Johnny Cash medgav at han Still Miss Someone og Roy Orbison song for Only The Lonely. Richard Hawley syng med ei baryton-stemme som smyg seg fram med utvungen og vemodsfull croonerkraft. Han er stemma til den einsame nattevandrar som lutrygga og håpefull nærmar seg lysa, men som ikkje får oppleve den salige lykka nede på Coles Corner. Han er stemma til han som ventar, han som flyktar, han som søv aleine og han som håpar. Han er den flottaste stemma frå Sheffield.

6.The White Stripes – Get Behind Me Satan

Skulle denne Satan vere ein representant for den musikalske fortida til The White Stripes, ja så har dei med sitt femte album klart kva tittelen krev. Garasjeblues-avtalen dei gjorde i eit vegkryss ein gong på nittitalet vert her kasta på bålet, men opp av oska stig nye og langt meir ulikt forma tonar. Den dynamiske White-duoen konfronterer fram melodilinjer av både demonisk og velsignande karakter, og ein nygift Jack syng om kjærleikshunger, tapt kjærleik, fridomstrang, vemodskjensle, løgner og forknytte tankar. Og sjølv om Jack i langt større grad enn tidlegare prioriterer pianoet framfor gitaren er Get Behind Me Satan ein potent og vaken affære frå første kåte gitarriff til siste vemodsfulle pianotåre.

5.Bright Eyes – I’m Wide Awake, It’s Morning

To simultant utgitte album var den produktive Oberst Conor sitt bidrag på albumfronten dette året. Det eine var ei berre tidvis vellykka forskarferd inn i den digitale lydverda, den andre, ei jordluktande og uforfalska ode om einsemd, angst, desillusjonisme, krig, måneskin, minner og oppvakning, viste seg fort å vere Conor si kanskje aller sterkaste låtsamling så langt i karrieren. I eit folk- og country-tona lende leverer han ti låtar med solid melodisk gripeevne og tekstlig mot. Den unge mannen har ikkje lagt pretensjonane på hylla, men med å tone dei litt ned får han fram eit sterkare ettertenksamt element, noko som definitivt kler han. Den vakre og lengtande røysta til Emmylou Harris dukkar også opp på tre spor, og finn seg særlig godt tilrette i den vekselvis skjøre og dramatiske Landlocked Blues. Men røysta til Conor står i sentrum, og handsamar dette med ektefølt og skjelvande autoritet frå den innleiande styrtande heisaturen At the Bottom of Everything fram til han i den noko ironisk titulerte Road to Joy avsluttar med å be bandet om å lage litt bråk.

4.Antony and the Johnsons – I Am a Bird Now

Med ei lys, vibrerande og englevakker stemme som i det eine augeblikket omfamnar lidenskapen og i det neste melankolien tar den androgyne New Yorkaren Antony oss med inn striden. Striden om å finne håpet sin venger, og bli ein fugl som er «free at last». Frå fanskaren har ei lita handfull med namngjetne medhjelparar også blitt med i striden. Nå kunne heilt sikkert Antony hanka dette opplegget i land med overtydande kraft kun med hjelp av eiga stemme, men når dei no først er her spelar dei definitivt ei rolle. Med smått sliten stemme er Boy George ein effektfull kontrast til Antony si glasklare i fantastiske You Are My Sister. Devendra Banhart og Rufus Wainwright er også med på kvar si låt, og Lou Reed gjer ei kort innleiande melding i Fistful of Love før han seinare sleng innom med slepne gitarlicks i det låta jumper over i ein brassdriven og bombastisk siste del. Antony balanserar ofte på den tynne lina over pompøsiteten sin endelause avgrunn, men misser aldri fotfeste. I alle fall ikkje før vengene er på og han rettar blikket mot himmelen.

3.Devendra Banhart – Cripple Crow

Den unge frifolkaren har pensa inn på eit litt meir tilgjengelig spor, og tek oss med på ein fryktlaus, naivistisk, idérik, blendande og melodisk erobrande tur. I front saman med Banhart si karakteristiske røyst høyrer vi den akustiske gitaren, men denne gongen har den i langt større grad enn tidlegare eit band i ryggen. Saman kan dei trille fram tonar som kan skape både leirbålstemning, blomeduft og skyfri himmel midt i november, men som også kan bringe fram det ettertenksame og melankolske ein lys julikveld. Det handlar om kjærleiken, lidenskapen og naturen, det handlar om krigen, døden og bluesen, og det handlar om barndom, ungdom og begeistring. Det startar med fridomslengsel og endar i eit velsmakande kyss. Det er meir enn vi ba om, men vi fordøyer det med ei salig og tilfreds mine.

2.Clap Your Hands Say Yeah – Clap Your Hands Say Yeah

Ja så hadde visst Pitchfork rett likevel då. New York-kvintetten med det spektakulære namnet har verkelig noko å by på. Med ei høgenergisk men samstundes smått skjødeslaus innstilling serverer dei nemlig ei aldri så lita feststund her i sitt aller første forsøk. Låtskrivar og songar Alec Ounsworth manglar kanskje litt av det poetiske sinnelaget til David Byrne og Howard Devoto, men har mykje av det same frenetiske og eggande pågangsmotet desse skapte saman med sine respektive band for vel 25 år sidan. Når han så i tillegg har styltra saman ein bugnande porsjon med vinnande melodilinjer, og har med seg ein gjeng som både forsterkar og utfordrar desse, ja då blir dette rett så uimotståelig. Stemma til Ounsworth seier Talking Heads, men går ein forbi den kan ein vel så gjerne finne sprelske Modest Mouse-liknande fakter og snoande Radioheadske tilsnitt, alt bore fram av ein flamme like glødande som den fjorårets beste debutantar Arcade Fire kom ridande på. Høyr berre på den hektisk rytmiserte, fresande synthdraperte, skimrande gitarkledde og himmelsk vakkert melodiserte The Skin of My Yellow Country Teeth. Årets låt. Årets debut. Årets neste beste frå New York.

1.The National – Alligator

Er no dette eigentlig noko å gå av skaftet for då? For når alt kjem til alt er vel ikkje The National noko særlig anna enn eit ganske alminnelig rockeband. Eit rockeband som kryssar folkrock med asfaltdunstande New York angst, popfinesse med postpunk, blåe strofer med raudglødande tonar, og lakonisk bar-crooning med ryggen mot veggen resignasjon. Sant nok er det ikkje alle rockeband som gjer nett det, men spektakulært og innovativt er det vel ikkje. Det er berre det at innafor desse veggene er dei eit frigjort og glødande ensemble med nokre av dei beste låtane som har gjort seg til kjenne så langt i dette årtusenet på programmet. Heilt sidan debuten i 2001 har dei vist gode takter, men med sitt tredje album tek kvintetten steget ut i eit litt meir risikabelt farvatn, og med utsyn mot eit romslegare musikalsk landskap malar dei sitt meisterverk. På hardkorna, ironisk, angerfullt og vemodsfullt vis skildrar National-skalden Matt Berninger det ustabile kjønns- og sjelelivet. Av og til i ein særdeles direkte tone, andre gonger noko meir underfundig, men nesten alltid i briljant språkdrakt av sitatfreistande kaliber. Som i denne essensielle linja frå eit duknakka men trillande vakkert opningsspor; «I had a secret meeting in the basement of my brain.» Utvilsamt.

SÅNN I ETTERTID:
Det er dette med å ha den heile og fulle oversikta når ein lagar lista. Det bør ein.
Men dette året glapp eg rimelig alvorlig. For sjølvsagt skulle Okkervil River sin Black Sheep Boy vore høgt oppe på denne lista.
Andre: når eg får tenkt meg om — eller fordi dei rett og slett ikkje var lytta til på det tidspunktet — :
M Ward – Transistor Radio
LCD Soundsystem – LCD Soundsystem
Andrew Bird – The Mysterious Production Of Eggs
Black Mountain – Black Mountain
Magnolia Electric Co – Trials & Errors
Magnolia Electric Co – What Comes After The Blues
Thåström – Skebokvarnsv. 209

The National – Trouble Will Find Me

Standard

I eit moderat og smidig modus lirkar Brooklynkvintetten nok ein gong fram ei plate som vinn i det lengre løp.

8

cover

Der var den du, den sjette plata til The National. Trouble Will Find Me har dei funne på å kalle den, og til slutt fant den meg. Eller vi fant kvarandre. Det har i grunn alltid vore litt trøblete det der. Dei virkar alltid noko grå og traurige sånn i starten, desse platene til The National. Dei krev sine rundar, tre, fire, fem, seks. Og så med eitt skjer det ei openbaring, gode ting trer fram.

Ja Trouble Will Find Me har dei funne på å kalle den, det kunne dei vel for så vidt ha kalla alle platene sine. «When I walk into a room I do not light it up. Fuck» syng songaren. Og eg tenker at den var ikkje så heilt utypisk den du. «I don’t need any help to be lonely when you leave me» syng han også, denne songaren. Ja den er nok ny den linja der, tenker eg, men du verden den har sine slektningar. Strødd utover fem album eg har lært meg å halde umåtelig kjære. Eg klarar ikkje finne grunnar til å ikkje inkludere dette sjette i klubben.

The National er framleis det same bandet som debuterte med eit sjølvtitulert album i 2001, og dei er det ikkje. «If I forget you, I’ll have nobody left to forget» song Matt Berninger den gongen. Det er klart han kunne ha sunge det i dag også. To år seinare titulerte bandet si andre plate for Sad Songs For Dirty Lovers. Det kunne også ha vore tittelen på alle platene som har komme sidan. Og så er det tonen då, dei har på ingen måte snudd ut og inn på den sidan dess. Men, det var vel noko alt-country der ein gong som eg høyrer lite av i dag. Synthesizerane eg kan skimte lyden av sånn dann og vann no for tida kan eg ikkje minnast var der den gongen. The National gjer ting, tar sjansar, i dag, som var framande for dei for ti år sidan. Men vi er på det subtile plan no. Revolusjonerande endringsprosessar er for andre. Utvikling er ein langsam manøver, i tilfellet The National.

Suksessen kom ikkje til dei i eit stormande tempo heller. Det byrja vel så smått med fantastiske Alligator. Men sånn for alvor byrja det nok med ein song om eit Fake Empire, i det herrens år 2007, og plata den var på, The Boxer. Suksessen kom snikande inn i livet deira, og gjorde at femten til tjue tilhøyrarar i ei lita kneipe ned ei trapp vart til eit tusentals på innsida av breie dører. Her kunne ting fort ha gått gale. Det har vi vore vitne til mang ein gong. Musikken til The National har også i seg ei kjelde til trøbbel på dette planet. Dei kunne blitt eit anthem-band. Dei kunne ha byrja å brusa med fjæra og banka sakene inn med fyndige bevegelsar. Slik har det ikkje gått, fordi dei veit å halde att. Det er framleis noko prisverdig nøysamt og diffust ved dei.

Eit brødrepar dannar rytmeseksjonen. Scott Devendorf med bassgitaren er den stødige, og bandets mest anonyme kraft, men han er på pulsen til broren. Og det er pulsen sin det. Bryan Devendorf kan drive saktegåande tonar framover med tempofiksert tromming, eller han kan ta intrikate skritt på utsida av god taktskikk. Ein vil oppleve det som ei utfordring å prøve å klappe i takt med hans rytmegang. Men du verden som det denne trommisen foretar seg heile tida er i låtas teneste. Eit anna brødrepar, eit tvillingpar, står der med kvar sin gitar. Bryce og Aaron Dessner har mange jern i elden. Begge har dei formell musikkutdanning. Bryce har sine prosjekt inn i dei smalare sfærar av musikkverda. Aaron har bygd studio i garasjen sin, og har ytt produksjonshjelp til fleire plateinnspelingar dei siste åra. Som gitaristar i The National er dei på harmonisk talefot og i utfyllande diskusjonar, både grumsete og svalande. Femtemann i kvintetten, songaren Matt Berninger, har ingen bror.

Eller jo, forresten, han har ein bror. Ein ni år yngre bror. Som elskar heavy metal og horrorfilmar, og synst indierock er noko pretensiøst dill. Ein god bror. I 2010 vart Tom Berninger invitert med som roadie på High Violet-turneen. Han tok med seg eit kamera, og nytta høvet til å lage ein film. Om seg sjølv, og livet i kulissane rundt eit rockeband på tur. Det har også blitt ein film om The National. Mistaken for Strangers, som den heiter (etter ein av bandets låtar), hadde premiere berre nokre veker før Trouble Will Find Me kom ut.

«I should live in salt for leaving you behind» syng Berninger i opningssporet. Det er broren han har i tankane. Broren han reiste frå då denne var ni år gamal, og kanskje trengte den store helten sin rundt seg meir enn nokon gong. Det er blitt ein song om slektsband, om å forstå og misforstå, om å vere forskjellige. Den har både anger, forsoning og kjærleik i seg. Takten går i noko slikt som 7/8, melodien har eit gjentakande vesen, og den gjer inntrykk. Noko den ikkje er åleine om.

Den lakoniske barytonrøysta til Berninger er der og behandlar låt etter låt med skarpskodde tekstlinjer. «I have only two emotions» syng han, «careful fear and dead devotion». Og eg tenker at nett det kanskje er eit aldri så lite manifest. I alle fall om ein legg til at det sikkert er gjort med eit lite smil om munnen og ein bra dose sjølvironi i bringa. Når så er sagt, Trouble Will Find Me er ikkje bandets sterkast melankolitynga plate. Det er noko meir laust og ledug over den enn kva som er tilfelle med nokon av forgjengarane. Men ting blir ikkje tatt lett på av den grunn. Livet er ingen gylden spiral og døden er noko langt meir urovekkande enn ein fjern muligheit. «I do my crying underwater, I can’t get down any farther» croonar vår mann, og er midt inne i ein attraktiv song om døden og sine Demons. Ved eit anna høve ser songaren døden komme og innhente han i eit fornedrande augeblikk, «under the withering white skies of humiliation». Ei plate full av morosame songar om døden har eg registrert Berninger ytre i intervju. Kor morosame songane er vil det sikkert herske usemje om. Kor dominerande dødstematikken er kan nok også takast opp til diskusjon. Det viktige er vel at det ikkje er klinkande klart, og at i alt dette uklare sig den eine velsigna flotte låta etter den andre fram i dagen.

Platas siste halvdel er hakket sterkare enn den første. Då særlig takka vere tre songar. Graceless, Slipped og Pink Rabbits. Med ein kompleks puls i sin midte veks Graceless på erobrande vis seg inn i skiftande melodiske former. I låtas første del formidlar hovudpersonen nokså overtydande at han er oppe i ein situasjon han ikkje taklar. «I don’t have the sunny side to face this» er ei av linjene han kastar fram for å bli trudd på det. Andre del stuper han inn i med fylgjande ikkje altfor oppløftande melding: «all of my thoughts of you, bullets through rotten fruit». Deretter handlar det om å forstå døden, om at blomar kan gjere ein forskjell «if you’re dead in the mind», og at det er «the side effects that save us». Slipped er annleis. Slipped er ein enkel song, i eit stoisk mønster. Ei bedrøva pianolinje renn igjennom den, gitartonar skvulpar langs den, rytmen er bedagelig, og songaren syng om å oppsøke staden der ting gjekk gale. For å ta opp kampen og kanskje klare seg. Eller kanskje ikkje, kanskje heller berre for å erkjenne at «I don’t need any help to be breakable, believe me». Treffande nok. Men sterkast treff Pink Rabbits. Matt Berninger tar her eit steg bort frå den velkjente baryton-tonen og finn eit litt høgare register. I ein song eg knappast ynskjer skal ta slutt. Den har ein melodi som overmannar meg. Ein sonisk struktur med ein subtil ekspansjon. Pianotonar er igjen sentrale, rytmen dorsk men potent. Og tekstlinje på tekstlinje viser at Berninger er ein av våre tiders fremste skaparar av slike. Det handlar om ei rastløyse, eit sakn, og eit håp om å kunne vere i tankane til den som drog sin veg. For så plutselig å stå ansikt til ansikt med denne personen. «I’m so surprised you want to dance with me now» stotrar då hovudrolleinnehavaren fram, før den tilbakekomne lyt stå til rette for smerta vedkomande har vore årsak til:

You didn’t see me I was falling apart
I was a white girl in a crowd of white girls in a park
You didn’t see me I was falling apart
I was a television version of a person with a broken heart

– Og Bona Drag var soundtracket, og du sa «it would be painless», «it wasn’t that at all». Skilsettande stoff i grunn. Eg har høyrt Berninger påstå å ha laga åtte versjonar av denne songen, og at han er like glad i alle. Han ser for seg å sende ein liten boks ut til folket med samfulle åtte oppi. Nett det synst eg høyrest ut som ein utmerka idé.

Si vane tru har ikkje kvintetten sørgja for all lyd åleine. Dei har med seg ein anstendig gjeng musiserande hjelparar. Frå Sufjan Stevens til Richard Reed Parry til Thomas Bartlett til Sharon Van Etten. Og fleire spelar på strykarar og blåsarar. Men det blir aldri for mykje. Det blir i grunn akkurat nok. Nok til at The National manøvrerar endå ei uunnverlig plate inn i hylla mi.

Først publisert på Groove.no (i 2013)

 

The National – High Violet

Standard

Frakken er den same, og det dunkle har ikkje sleppt taket. Det har heller ikkje evna til å skape storarta songar.

8

cover

Store forventningar er ikkje berre tittelen på ein Dickens-roman, det er også tittelen på det eg gjekk å kjente på i vekene før The National sitt femte album skulle innfinne seg. Forståelig nok. For dette er bandet som nytta førre tiår til å skape eit uttrykk som råka meg akkurat der det gjer best. Allereie frå debuten av, men aller sterkast på sine to meisterstykke Alligator og Boxer. To plater som vel knapt lar seg overgå. Eller?

Med High Violet har bandet på ingen måte gjort noko som minner om eit radikalt hamskifte. Dei er til å kjenne att. Matt Berninger si barytonrøyst finn sin plass sentralt i bildet. Lakonisk, distinkt, og med denne vemodige klangen. Tvillingbrørne Dessner sine gitarar samtalar, kranglar og lovprisar. Trommis Bryan Devendorf er som før eit aktivum, ein spelande stikkesvingar som definerer pulsen. Hans bass-broder Scott gjer minst utav seg, han berre står der, stødig.

High Violet er like fullt ikkje nokon Boxer del 2. Absolutt ikkje. Eller ein Alligator-tur med blåpapiret på innerlomma, for den saks skyld. Dei går litt lengre denne gongen. Gjer meir utav seg. Stirer inn i eit større landskap, og skaper ein kraftigare lyd, krassare lyd, meir fasettert lyd. Dei fem i bandet, og folk dei har fått hjelp frå. Godt over tjue i talet. På tangentar, på blåsarar, på strenger, på strykarar, på ei harpe, på ei fløyte, og som koristar. Dei har namn som Padma Newsome (den australske bogestrykaren som er bandets uoffisielle sjette medlem), Thomas Bartlett (også kjent som Doveman), Marla Hansen (ho syng bakom Berninger), Richard Reed Parry (frå Arcade Fire), Justin Vernon (også kjent som Bon Iver), og Sufjan Stevens. Dei går ikkje i vegen for kvarandre.

Å spele inn låtane live i eit studio er ikkje The National si greie. Dei bygger dei lag for lag. Og så har dei eit demokratisk prinsipp om at alle fem i bandet skal synast at ein song er god, riktig så god, for å bli sett på som presentabel. Slikt kan ta tid. Slikt kan bli dyrt. Derfor bygde dei like godt sitt eige studio før innspelingane av High Violet tok til. I garasjen til gitarist Aaron Dessner. Der har dei gjort sine åtti innspelingar av Lemonworld, før dei fant ut at ein versjon dei fanga tidleg i runddansen var riktig så god likevel. Der har dei krangla om blåsararrangement, gitarlyd, tekststrofer, sett lyst på det, sett mørkt på det, kasta låtar i bosset, og byrja om att. Der har dei jakta den endelige tonen. Ikkje den perfekte og veldreidde, men den der som brenn.

Ulmar og brenn.

Slik det gjer ganske så intenst på Terrible Love. Der tvillinggitarane kostar seg framover i skurrande former, som om dei vert spelt med stålull i henda, mot eit crescendo av kvit støy. Songaren dveler ved tankane sine, gjentek dei, og er ein del av det fortetta trykket: «It’s terrible love, and I’m walking with spiders».

Slik det gjer i melodiske og songharmonisk grasiøse former på Vanderlyle Crybaby Geeks. Justin Vernon er songpartnar, og Matt Berninger kjem i kontakt med dei lysaste strengene på stemmebandet sitt. Det same barnerimet som var bakgrunnen for ein Beatles-låt på The White Album, kan godt ha vore utgangspunktet. Resultatet blir veldig annleis, og storlig vakkert.

Terrible Love og Vanderlyle Crybaby Geeks, to låtar i kvar sin ende av albumet. To låtar i kvar sin ende av den soniske sfæren som High Violet omfamnar. I lag, ei ypparlig ramme, kring eit forførande bilde. Eit bilde der dei dunkle linjer, og dei dystre fargar dominerer. Slik det jo plar vere hos The National.

Då arbeidet med albumet tok til, gjekk visstnok ambisjonen i ein annan retning. Dette skulle bli ei lys, festlig, og catchy plate. Den ambisjonen gjekk raskt i stå. Det er lite eller ingenting med High Violet som forsvarer slike karakteristika. Blikket og fokuset til Matt Berninger har alltid hatt denne tendensen å styre mot skuggane der mismotet gror, mot krokane der villreia veks. Slik vart det denne gongen også.

Slik, men kanskje litt annleis likevel. Songane på High Violet skaper ikkje like sterkt dette synet av ein songar som sit og speglar sitt eige sinn i eit halvtomt vinglass. Det er komme inn eit perspektiv her som i større grad omfattar meir enn berre han sjølv. For når han spaserer der med sine skinande tennissko, med terrorfrykta i bakhovudet, og motløysa i brystet, og hevdar å vere «afraid of everyone», er det ikkje sitt eige ve og vel han har fremst i tankane. Den eitt år gamle jenta han ber på skuldrene sine har gjeve han ein litt annan vinkel. Ein vidare ein.

Han får det til frå denne vinkelen også. Får til desse skarpsindig formulerte og Matt Berningerske tekstlinjene, som set det avgjerande stempelet på songane til Brooklyn-kvintetten. Dei kjem ikkje tumlande på rekke og rad i ei forteljande, eller ordrik, form. Han seier knapt nok det han må, og det er slett ikkje alltid greitt å skjøne kor han vil hen. Det har fleire botnar. Men viktigast; det har ein effektiv snert, ein poetisk snert.

Ved fleire høve tyr han til gjentaking som metode. Ei suggererande gjentaking. Suggererande under melodiske tilstandar som på ingen måte har tapt seg sidan sist. Melodiske tilstandar som brukar litt kortare tid på å openbare seg enn kva som har vore National-tilfelle tidlegare. Utan at eg her og nå hardnakka skal hevde at det osar hit-potensiale utav tonane. Det vil seie, etter mitt hovud gjer det vel det. Men mitt hovud har gjennom åra vist seg å vere noko på kant med dei gjengse hitvilkåra.

Eg trur no likevel det er mange som vil ha ustyrtelig mykje att for å gjere seg kjent med High Violet. Med Sorrow, ei kjærleikshymne til den sørgmodige tilstanden; «Sorrow found me when I was young, sorrow waited, sorrow won». Eller med Little Faith, ein rytmisk intrikat og svellande rakkar, som mellom anna uttrykker eit noko beiskt syn på religiøs aktivitet av ymse slag; » We’ll play nuns versus priests until somebody cries». Og ikkje minst med Bloodbuzz Ohio. Ei særdelses tiltrekkande, om enn sterkt ambivalent, ode til staten dei fem vaks opp i; «I never thought about love, when I thought about home».

Lemonworld var på nippet til å hamne i søpla. Det hadde ikkje tatt seg ut. For den er god. Smidig, litt bistrete, og god. Og handlar om (trur eg) ein eks-soldat som ikkje lenger har eit heilt sunt forhold til tilværet; «Lay me on the table, put flowers in my mouth, and we can say that we invented a summer lovin» torture party».

Runaway er balladen med svalt dansande gitarspel, og varleg vinnande melodiutøving. Tematisk opplever eg den som eit veto mot å springe i takt med fleirtalet; «What makes you think I’m enjoying being led to the flood». Carin Besser, Matt Berninger si kone, la på si side ned veto mot å kalle ei låt, der ekteskapets stridfulle sider er tema, for Romantic Comedy. Så derfor heiter den Conversation 16. I eit bølgjande driv drar songaren til med meldingar av denne typen; «We’ll live on coffee and flowers, try not to wonder what the weather will be, I figured out what we’re missing, I tell you miserable things after you are asleep».

Blant alt dette storarta heiter min personlige favoritt, akkurat no, England. Den stuper rett inn i sentralnervesystemet med denne fantastiske opningslinja; «Someone send a runner through the weather that I’m under for the feeling that I lost today». Etter det smyg den seg rundt i elegante melodiøse former eit par minutt. Og skildrar ein fyr som sit i L.A og saknar (men vil ikkje innrømme det) ho som han ser for seg trippe lykkelig gatelangs i London. I låtas andre del eksploderer sakene, og eit frenetisk mantra blir gjentatt, og gjentatt; «Afraid of the house, stay the night with the sinners, Afraid of the house, cause they’re desperate to entertain».

High Violet. Når siste tone stilnar, saknar eg eit spor nummer 12, og 13, og 14, og 15, og … Men det er ikkje eit dårleg alternativ å gå tilbake til start heller. Og ta runden ein gong til. Absolutt ikkje.

Først publisert på Groove.no (i 2010)