Tag Archives: Parquet Courts

2018 – Eit lite musikalsk årsoppgjer

Standard

Ei vedkjenning: Det er drøssevis av album gitt ut det herrens år 2018 som eg ikkje har høyrt på. Og om lag like mange som eg aldri kjem til å høyre på.
Så å stille seg til dommar over kva som er dei aller beste av det som har komme ut av musikk dette året er sjølvsagt ein toskete ting å gjere. Difor skal eg ikkje gjere det. I staden gjer eg noko anna litt toskete, men altså då mindre toskete, eg presenterer ei liste over dei beste albuma eg faktisk har høyrt. Kor mange eg har høyrt? Nei sei det du, eit eksakt rekneskap over slikt fører eg ikkje. Kor mange eg har høyrt godt nok på? Tja, i alle fall tjue…trur eg.

Bilderesultat for parquet courts wide awake

1. Parquet Courts – Wide Awake!
Punk og funk. Alvor og fest. Stramt og skakt. Eller som songaren proklamerer innleiingsvis på albumet: «We are conductors of sound, heat and energy». Du verden som New York-kvartetten lever opp til det manifestet dei neste 38 minuttane.

2. IDLES – Joy As An Act of Resistance
Livleg punkrock med groovet intakt. Med to utemde gitaristar og ein vokalist som på eit kraftfullt og noko ufjelga vis tar eigedom over songar som på det tekstlege plan gjer til kjenne eit sympatisk sinnelag.

3. Sons of Kemet – Your Queen Is A Reptile
Jazzkvartetten frå London leverer på sitt tredje album ein groovefest det er umogeleg å vere likegyldig til. Og nyttar samstundes høvet til å hylle dronningar som fortener å hyllast. Frå saksofonisten Shabana Hutchings eiga oldemor til borgarrettskjempar Angela Davis.

4. Kacey Musgraves – Golden Hour
Frå country til pop, perfekt pop. Utan at countryrøtene er kutta over. For det er countrysjatteringar att i songane på Golden Hour. Nokre har fleire, nokre har færre, nokre har knapt nokon. Først og fremst er dette songar som blenkjer.

5. Rolling Blackouts Coastal Fever – Hope Downs
Det er rastlaust, det er godmelodiske, det kan kallast tøff gitarpop, og det kjem frå Australia. Og Talking Straight kan vel vere årets låt.

6. Camp Cope – How To Socialise & Make Friends
Tre unge damer frå Melbourne som ikkje ber om merksemda, som berre tar den. Og serverer energisk folkpop med punkattityde.

7. Car Seat Headrest – Twin Fantasy
Ein mann og hans band gjer eit glødande besøk tilbake til eiga fortid. Will Toledo spelar inn på nytt, og forbetrar, eit album som først blei spelt inn i 2011.

8. Janelle Monáe – Dirty Computer
Eklektisk er det jo, der det omfamnar så mykje, frå soul og funk til psykedelia og reinspikka pop. Og så er det både utfordrande og yppig … og i grunn ikkje så vanskeleg å like.

9. Ezra Furman – Transangelic Exodus
Desperate songar for desperate tider. Furman har tileigna albumet «the immigrant, the refugee, the closeted, the out, the vulnerable, the homeless, the searching». Fleire enn det vil antakeleg ha utbytte av å ta ein lytt eller ti.

10. No Age – Snares Lika A Haircut
LA-duoen No Age har ikkje mista grepet, og leverer framleis fargerik energi og bra bråk.

11. Courtney Barnett – Tell Me How You Really Feel
Eit friskt og freidig folkpunk-opplegg…ikkje heilt uventa.

12. Årabrot – Who Do You Love
Nok ein bra dose mektig og intens Årabrot-rock.

13. Shame – Songs of Praise
Postpunk frå ein garasje i Sør-London som har sitt å melde.

14. Mitski – Be the Cowboy
Popmusikk som dansar lettbeint av stad. Litt skrudd, temmeleg eklektisk, og fint fengande.

15. Bodega – Endless Scroll
Eit nytt Brooklyn-band, som går energisk til verket og skapar den eine snertne punk-låta etter den andre.

16. Mount Eerie – Now Only
Sterke songar om livet etter å ha blitt ramma av døden, del 2

17. Father John Misty – God’s Favorite Customer
Misty møter Tillman i døra. På eit album som altså har sitt i gje, berre litt mindre enn kva Misty har skjemt meg bort med på sine tre førre.

18. Colter Wall – Songs of the Plains
Country gjort på den enkle og effektive måten. Spartanske tonar fylgjer ei sterk stemme, i ei handfull med gode songar.

19. Haley Heynderickx – I Need To Start A Garden
Ein liten hage av viser som blomstrar både nennsamt og sprekt.

20. Phosphorescent – C’est La Vie
Endå ei stemningsfull og melodisk tiltrekkande plate frå den kanten.

Parquet Courts – Wide Awake!

Standard

Vakent, vakent, særdeles vakent.

RT0001LP Rough Trade Parquet Courts Wide Awake! (LP)  «Savage is my name because savage is how I feel» syng Andrew Savage, eller snakkesyng, eller snerrar, eller spyttar han harmfullt ut, som ei av ei rekke linjer i ein song om vald i Amerika. Violence er songens konsise tittel. Rundt han dansar ei groovy basslinje i loop, og ei basslinje til. Eg kjenner eit suggererande gyng feste taket i meg. Samstundes høyrer eg eit trommemønster utan tolmod. Eg høyrer ein elektrisk gitar komme innom og skingre. Eg høyrer punk full av funk, og ein songar full av ord.

Violence is the fruit of unreached understanding
that flower from the lips of scoundrels
It is a forest so dense and rooted in our past
It tempts us to become lost in its darkness

Det er songens innleiing. Savage tar ikkje derifrå vegen inn i det slagordprega. Han serverer eit komplekst senario. Med eit hovudtrykk på korleis heimlandets svarte befolkning står mest i fare for å bli ramma av valden. Og «in this pornographic spectacle of black lives» som han yndar å kalle det plasserer han seg i hopen av dei privilegerte. I dette landet der «violence is daily life», som dei syng dei tre andre i bandet, i refrenget, som om det er noko ein ikkje bryr seg så nøye om, fordi det er noko som berre er der, kvar dag. Ein kjensgjerning som verkeleg slepp laus den indre villmannen i Savage. Og inn frå venstre kjem George Clinton. I alle fall ei bassig røyst som minner om den gamle funk-kongen. «It’s hard to get used to getting used to violence» ytrar han, røysta. Eg kan ane ei viss motløyse i tonelaget.

Parquet Courts er komme fram til sitt Wide Awake. Eit album som er deira fjerde, femte, sjette eller sjuande. Alt etter kva som skal reknast som offisielle Parquet Courts-utgjevingar. Uansett, frå debutalbumet Light Up Gold såg dagens lys for cirka fem år sidan har dei vore blant dei vaknaste rockebanda der ute. På Wide Awake er dei forsyne meg vaknare enn nokon gong.

«Gjer det sjølv» verkar å ha vore eit mantra for bandet. Dei har invitert få andre i studio når dei har spelt inn plater. Frå speling til produksjon til albumdesign, dei har tatt seg av det sjølve. Denne gongen har dei plassert Danger Mouse i produsentstolen. Ein definitivt renommert kar i så måte. Som ein, nok ikkje heilt utan grunn, kunne frykte ville fjerne noko av gnisten til Parquet Courts. Det har han ikkje gjort. Han har derimot, sannsynlegvis med heilhjarta støtte frå bandet, injisert eit funkelement som ikkje gjer anna enn godt.

Høyr berre på tittelkuttet. Ja høyr og kast deg uti ein dans til tittelkuttet. Og syng gjerne med: «Movin» and groovin» and I ain’t ever losin» the pace». Det er ikkje noko særleg mindre enn ein fest unnagjort på drygt to og eit halvt minutt.  Så laust, så ledig, så funky. Ein dose punkfunk utan andre baktankar enn å begeistre. Full siger.

Det er to låtskrivarar i Parquet Courts. Det vil seie, alle fire i bandet er kreditert på kvar einaste låt. Men det er nå Andrew Savage og Austin Brown som har hovudansvaret. På tidlegare utgjevingar har det av og til vore ganske tydeleg kva som er ei Brown-låt og kva som er ei Savage-låt, medan det andre gonger har vore mindre tydeleg. Denne gongen er det veldig tydeleg. Av albumets tretten låtar er heile ti Savage-komposisjonar. Kvasse, røffe, groovy Savage-komposisjonar. Dei tre til Austin Brown er atskilleg mjukare. Dei har ein psykedelisk faktor, ein skakk melodiøsitet, og eit snev av Lee Hazlewood. Dei handlar om kjærleik, død, og sakn, og er spreidd jamt utover plata. Dei utgjer ei slags motvekt til Savage sine langt meir pågåande saker.

Eit utprega optimistisk bilde av tilstanden kring oss er det ikkje som blir teikna på albumet. Men det opnar med ein song som i alle fall formidlar eit forslag til ei løysing på korleis menneska bør samhandle for å ha det rimeleg godt med kvarandre. Tittelen Total Football har Savage henta frå den Nederlanske 70-tals måten å tenke fotball på. Ideen om at alle skulle kunne handtere alle posisjonar på banen. «Rebels, teachers, strikers, sweepers, better protected, whenever collected» konstaterer Savage, og hevdar at «collectivism and autonomy are not mutually exclusive». Ja ganske så glødande, for ikkje å seie brølande, let han vel i grunn etter seg liten tvil om at dette er noko han verkeleg meiner. I ei langt meir popmelodisk form er han innom noko av det same i avslutningssporet Tenderness. Ein song der fengande pianotonar gjer ein bra jobb, og der Savage reint songteknisk nærmast startar i ei crooner-form for så å ende i full flamme i refrenget. Ein song der han talar nihilismen og materialismen rakt imot, og heilt til slutt slår fast at han treng eit «fix of a little tenderness». Vakkert det.

Direkte vakker skal eg ikkje hevde at Almost Had To Start A Fight/In and Out of Patience er. Men eg merkar den. Med gjentaking som våpen får Savage fram eit nesten botnlaust sinne mot morbid politisk tankegang, mot valden (igjen), mot det urokkelege marerittet som stadig heimsøke han. Tre minutt og femten sekund med pur punk. NYC Observation er eit drygt minutt med pur punk. Meir tid treng ikkje Parquet Courts til å klistre eit tydeleg bilde av klasseskillet i heimbyen New York opp på veggen.

Freebird II er ikkje ei punklåt. Den er heller ikkje ein oppfylgjar av den gamle Lynyrd Skynyrd låta. Tittelen får ein kanskje plassere på humorkontoen, men songen er ikkje vidare humoristisk. Den handlar om omsorgssvikt. Om ein som ser tilbake på ein oppvekst med ei mor som var fråverande, som var meir i rusen enn i livet til son sin. Men det er ikkje ein bitter son som ser tilbake, det er ein mann som er blitt vaksen, som har klart seg, som vender seg til mora og slår fast at «I feel free like you promised I’d be».

Den aller første linja Andrew Savage syng på albumet lyder slik: «We are conductors of sound, heat and energy». Og du verden som Parquet Courts lever opp til det manifestet dei neste 38 minuttane.

9/10

TIDAL: PARQUET COURTS – WIDE AWAKE!

Popkroken sitt årsoppgjer 2016

Standard

50 bra plater frå 2016 – og ein del bra bøker.

Bilderesultat for parquet courts human performanceBilderesultat for wussy forever soundsBilderesultat for leonard cohen you want it darkerBilderesultat for angel olsen my womanBilderesultat for årabrot the gospelBilderesultat for a tribe called quest we got it from here... thank you 4 your serviceBilderesultat for steve gunn eyes on the lineBilderesultat for the switch the albumBilderesultat for kate tempest let them eat chaos

Det er nok mogeleg at musikkåret 2016 først og fremst vil bli huska for alle som fall ifrå i løpet av dei 366 dagane. Frå David Bowie til Prince til Phife Dawg til George Martin til Merle Haggard til Alan Vega til Glenn Frey til Guy Clark til Leon Russell til Leonard Cohen til George Michael og fleire med dei. Men eg skal huske det for ny bra musikk også.

I det store perspektivet. Det som rekk langt utafor Popkroken er det nok ymse meiningar om kor bra nett dei 50 platene eg nemner under er. Og ikkje minst vil det kunna bli hevda at her er det jammen meg essensielle saker som manglar. Slike som årets plater frå Radiohead, Kanye West, Jenny Hval, Anohni eller Rihanna. Til det kan eg ikkje seie at eg ikkje har høyrt dei. For det har eg. Den einaste årsaka til at dei ikkje er på lista er at dei ikkje trefte meg like bra som dei som er der gjorde. I subjektivitetens heilage namn er det nett slik det må vere. Noko verre er det då med plater eg ikkje har høyrt. Men som kan ha eit vesen som kunne ha treft meg. Dei rakk dessverre ikkje fram i tide til dette årsoppgjeret, men eg ser fram til å møte dei.

1. Car Seat Headrest – Teens of Denial
Tonane tar verkeleg fyr i dette verket til unge Will Toledo, og eit par medsamansvorne av han. Meir presist er det 70 minuttar med gitarbasert rock, der nittitalet møter nåtid, i songar det osar melodisk kraft og glødande vilje av.

2. Parquet Courts – Human Performance
Femte albumet til New York-kvartetten, og punktonen er litt meir raffinert. Men energien rår og tapte illusjonar flagrar vegg imellom.                                                                                     

3. Wussy – Forever Sounds
Gitar, gitar, elektrisk gitar. Det er Forever Sounds det. Ein stad der heartland møter shoegaze, der psykedelia møter vindskeiv country.

4. Leonard Cohen – You Want it Darker
Vis poesi om kjærleiken, alderdomen, livet, døden og gud.                                                     

5. Angel Olsen – My Woman
Frå det elektrisk pågåande til det praktfullt ettertenksame.                                                      

6. Årabrot – The Gospel
Eit desperat ritt gjennom eit eigenarta postpunklandskap.                                                       

7. A Tribe Called Quest – We Got it From Here… Thank You 4 Your Service
Nittitalets beste hiphop-ensemble hadde litt meir på lager.                                                      

8. Steve Gunn – Eyes On the Lines
Ein ny dose varm Gunn-folkrock til å forsvinne inn i.                                                             

9. The Switch – The Switch Album
Oslobandet serverer her ein raffinert poptriumf av det verkeleg uimotståelege slaget.

10. Kate Tempest – Let Them Eat Chaos
Eit dikt, ein historie, eit usminka og nådelaust hiphop-album.                                                 

11. Beyoncé – Lemonade
Ei samling sterke songar som går vegen frå kneståande fortviling til glødande styrke.                      

12.Okkervil River – Away
Med ny besetning seglar Will Sheff vidare, ny og attkjenneleg og med folkrocken sin glødande intakt.                                                                             

13. Nick Cave & The Bad Seeds – Skeleton Tree
Eitt år etter at Cave mista sonen sin i ei tragisk ulykke serverer han eit album kledd i sorg.              

14. The Jezabels – Synthia
Synth-smart, melodisk forførande, og ei stemme som eig kvart ord.                                       

15. Ryley Walker – Golden Sings That Have Been Sung
Folkrocksongar som er meir enn det.                                                                            

16. Lambchop – FLOTUS
Kurt Wagner har skaffa seg vokalprosessor – Men Lambchop er no Lambchop likevel.        

17. David Bowie – Blackstar
Bowie si siste forvandling, ei gripande ei.                                                                    

18. Kevin Morby – Singing Saw
Musikken, naturen, melankolien, varmen og ei mystisk sag.                                                   

19. Drive-By Truckers – American Band
Ei handfull sterke historier frå vår tids beste sørstatsrockeband                                         

20. Stein Torleif Bjella – Gode Liv
Kan Bjella vere vaksinert mot å gje ut anna enn strålande plater?                                           

21. Kendrick Lamar – Untitled Unmastered
«Pimp pimp hooray», eit lite upolert supplement til fjorårets allereie legendariske To Pimp a Butterfly.                                                                           

22. Margo Price – Midwest Farmer’s Daughter
Eit friskt countrypust ifrå utkanten av Nashville.                                                         

23. Anderson .Paak – Malibu
Ein fargerik og varm time i hiphop og r&b-regionen.                                                               

24. Woods – City Sun Eater In the River of Light
Sol og groove og jazzkrydra pop-psykedelia.                                                                           

25. Tom Roger Aadland – Blondt i Blondt
Dylan og vestlandet og skikkeleg musikalsk omsetjing                                                            

26. Diiv – Is The Is Are
Ein poprytmisk odyssé om eit liv som hang i ein tynn tråd.                                                     

27. Savages – Adore Life
Livet er elektrisk, hånda er knyta og groovet gløder.                                                               

28. Kyle Craft – Dolls of Highland
Ein stad mellom Glam og Dylan hiv Kyle Craft seg ut i det.                                                   

29. Thee Oh Sees – A Weird Exits
Ein bra dose groovy psykedelia frå ein produktiv fyr og hans medsamansvorne.                   

30. Brigid Mae Power – Brigid Mae Power
Stillferdige folk-songar som smyg seg tett innpå.  

Og sidan eg først var så godt i gang, og ikkje har vit til å gje meg medan leiken er god, så listar eg altså like godt opp tjue til:                                                                      

31. Preoccupations – Preoccupations
32. Heron Oblivion – Heron Oblivion
33. William Tyler – Modern Country
34. Cian Nugent – Night Fiction
35. Solange – A Seat at the Table
36. Bon Iver – 22, A Million
37. Whitney – Light Upon the Lake
38. Frøkedal – Hold On Dreamer
39. Frank Ocean – Blonde
40. Hiss Golden Messenger – Heart Like A Levee
41. Pinegrove – Cardinal
42. Mayflower Madame – Observed in a Dream
43. Marissa Nadler – Strangers
44. Exploded View – Exploded View
45. Michael Kiwanuka – Love and Hate
46. Chance The Rapper – Coloring Book
47. The Mystery Lights – The Mystery Lights
48. Haley Bonar – Impossible Dream
49. Daniel Romano – Mosey
50. Miranda Lambert – The Weight of These Wings


Bilderesultat for johan harstad max mischaBilderesultat for pedro carmona-alvarez bergen ungdomsteaterBilderesultat for frode grytten menn som ingen trengBilderesultat for tomas espedal året

Bøker har eg også lese. Nye bøker og gamle bøker. Gode bøker og dårlege bøker. Eller kanskje ikkje, kanskje har eg ikkje lese dårlege bøker. I alle fall ikkje ferdig. Og då kan eg vel kanskje ikkje seie at eg har lese dei. For eg veit jo ikkje alt om dei. Og kanskje er dei ikkje dårlege, kanskje har eg berre ikkje funne dei interessante. Og det er jo noko anna. Kanskje har eg ikkje gitt dei ein skikkeleg sjanse. Eller kanskje var det slik at dei ikkje fortente ein skikkeleg sjanse, nokon av dei i alle fall. Den siste boka eg leste har eg nett lagt frå meg, den var ikkje dårleg. Den heiter Europeana. Den tar for seg den europeiske historia frå 1900 til 1999 (pluss nokre blikk utafor kontinentet). Skarve 130 sider blir sett av til det. Ført til torgs i eit språk som får meg til å tenke at slik skulle eg ynskje eg klarte å skrive. Lett, suggererande (ja poetisk) og konsist. Nokre gonger fekk boka meg til å humre litt, før den like etterpå sørga for at humringa sette seg grundig fast i halsen. Historias groteske handlingar blir skildra i ei iskald faktaform. I spedd små anekdotar som ytterlegare synleggjer kva menneske kan få seg til å gjere av bestialske saker. Temaa er sjølvsagt mange, men nazismen, kommunismen, religionen og psykoanalysen er blant dei sentrale raude trådane. Forfattaren er tsjekkisk og heiter Patrik Ouředník. Han skreiv boka ferdig i 2001, og har mottatt både prisar og internasjonal åtgaum for den. I norsk omsetjing, som er den eg har lese, kom den i 2015.

Eg starta året med å lese ei langt tjukkare bok. Johan Harstad sin Max, Mischa & Tetoffensiven (utgitt seint i 2015). Max fortel historia. Frå han som gutunge, tidleg på åttitalet, sterkt ufrivillig flyttar frå Stavanger til New York. Og det er der i verdsmetropolen størstedelen av historia breier seg ut. Det handlar om vennskap og avstand, og ein onkel. Og alt er slett ikkje slik ein skulle tru det var. Det handlar om teater og film og kunst og musikk. Frå Hüsker Dü til jazz til lyrisk pianospel. Frå Apokalypse Nå til stormen Sandy. Romanen går fram og tilbake i tid, men surrar seg aldri vekk frå sin eigen historie. Med både lett og eigenarta penn skriv forfattaren fram ei forteljing eg forsvann inn i nokre veker i januar 2016. Den blei ikkje borte etterpå heller.

Frå den same storbyen, frå New York City, har også Garth Risk Hallberg skrive fram ei omfangsrik historie. En by i brann er den norske tittelen på ei bok som i tid spenner over nokre månader i 1977. Frå eit skjebnesvangert pistolskot til byen bokstaveleg talt blir mørklagt eit heilt døgn. Persongalleriet er stort, og dei kryssar og kryssar ikkje kvarandre sine spor. Her er folk som går over lik, og her er folk som blir til lik. Her er folk som surrar det til og her er folk som berre vil det beste. Her er kunst og punk og ein by på randen. Forfattaren har store ambisjonar med historia, og skriv stundom fram passasjer som gnistrar. I andre passasjer mister han momentum, og det blir litt dødt. Så ei litt ujamn bok.

Om våren er den tredje boka i Karl Ove Knausgård sin kvartett med årstidene som gjennomgangstema. Av desse fire er det den boka som har mest slektskap med Min kamp-serien. I korte trekk handlar den om ein far og ei nyfødt dotter, hennar eldre søsken, og mora som har forsvunne inn i ein depresjon. Boka fortel meg at det er det daglegdagse strevet og livet som er sjølve livet, enten ein vil det eller ikkje. Tomas Espedal ville også skrive ei bok om årstidene. Den startar i april og sluttar i november og heiter Året. Forfattaren kretsar rundt sitt eige, men transformerer det om til det allmenngyldige. Det handlar om døden og kjærleiken. Det handlar om reiser og drikking. Eller livet, om du vil. Ei lita, snøgglest, og poetisk bok.

Tore Renberg tok i år ein liten pause ifrå det han har kalla Teksas-serien sin og fortalte ei lita vond historie om ein mann som med sitt vesen blendar dei han møter. Før noko anna byrjar å melde seg. Ein mistanke, ei uro. Du er så lys er mørkare enn tittelen tilseie. Renberg har forresten for første gong tydd til nynorsk i denne boka, og gjer det bra. Å skrive bra på nynorsk er noko Frode Grytten har gjort i ein del år no. Med årets bok Menn som ingen treng er han tilbake i novellesjangeren han ved nokre høve tidlegare har vist at han har eit spesielt grep om. Slik også denne gongen. Gjennom ti historier om menn som lever opp til bokas tittel. Frå dei hjelpelause til dei uheldige. Frå dei ærlege til dei uærlege. Fortalt med akkurat dei orda som skal til. Aller sterkast gjort i opningsnovella 1974, der eg-forteljaren ser tilbake på nokre skilsetjande månader då han var ung. Prega av svik, erotikk og klassemotsetnad. Tre ord som heller ikkje ville vere heilt fjerne i eit forsøk på å beskrive Pedro Carmona-Alvarez sin roman Bergen Ungdomsteater. Den andre om Marita. Ho som blei fødd nokre år etter at tvillingsøstrene hennar omkom i ei tragisk ulykke. Og som forfattaren starta å fortelje om i romanen Og været skiftet og det ble sommar og så videre. I bok to er faren reist tilbake til USA, og Marita flyttar til Bergen med mora, utan at mora kjem seg vidare i livet av den grunn. Men Marita prøver. Ho er tenåring, ho blir kjent med Johannes, og ho blir kjent med Andreas. Forfattaren fortel i eit melankolsk og rytmisk språk, eit godt språk, om vennskap, om einsemd og det å komme i andre rekke.

Dei to siste bøkene i Elena Ferrante sin Napoli-kvartett (Dei som flyktar og dei som blir og Historia om det tapte barnet) har også stått på menyen dette året. Lena og Lila blir vaksne, delvis i vennskap, delvis i fiendskap, men heile tida med ein avhengigheit av kvarandre. Åleine og saman utfordrar dei normene i bydelen dei vaks opp. På same vis og på ulikt vis er dei begge prega av bydelens jantelover og valdelege løysingar. Forfattaren evnar framleis å halde på lesaren frå side til side. Sjølv om det i desse to bøkene er parti der enkelte tema blir dvela vel lenge med. Slik opplevde eg det ikkje i dei to første.

2016 skulle også bli året då Nobels litteraturpris for første gong gjekk til ein songskrivar. Det har vore snakka om det nokre år. Snakka om at Bob Dylan burde få denne prisen. Snakka om kor vidt han fortener denne prisen. Den diskusjonen stilna ikkje akkurat av når han no endeleg fekk den. Sjølv har eg ei ganske så klar oppfatning av at mannen fortener prisen. Det har Gisle Selnes også. Tilfellet ville det slik at han kort tid etter at kunngjeringa var klar kom ut med ei fyldig bok om songane til Dylan. Den store sangen har han kalla den, med den noko audmjuke undertittelen «Kapitler av en bok om Bob Dylan». Han går her grundig inn i korleis Dylan har henta inspirasjon og drive med kreative tjuveri ifrå den amerikanske musikkarven. I tillegg dreg han linjer frå songane hans til dikt og skjønnlitteratur (frå Shakespeare til Edgar Allan Poe til T.S. Elliott til Jack Kerouac, og så vidare). Om ein har ei litt over gjennomsnittleg interesse for Dylans musikk skulle ein ha mykje glede av Selnes utlegningar om stoffet.

Parquet Courts – Human Performance

Standard

Femte album, og punktonen er litt meir raffinert.
Men energien rår og tapte illusjonar flagrar vegg imellom.                                                          9

 

Ashtray is crowded,
bottle is empty,
No music plays and nothing moves without drifting,
into a memory

Andrew Savage fortel om ei kjærleikssorg. Han gjer det i førsteperson. Han prøver ikkje å gøyme seg bak smarte ord. Eller stille seg beherska inntil veggen for å sjå på det heile med eit skrått blikk frå sida. Nei han er midt oppe i det, og legg ikkje skjul på at det gjer vondt, alvorlig vondt.

It never leaves me,
just visits less often,
It isn’t gone and I won’t feel its grip soften,

without a coffin

Vi er i tittelsporet på det femte albumet til Parquet Courts, Human Performance. Og eg har ikkje høyrt Savage uttrykke seg slik før. Utan det der litt distanserte blikket til den coole, utan å skru på forsvarsmekanismar, utan å legge inn ein gåtefull faktor eller fem, utan å opne opp for at dette kan då handle om noko heilt anna enn ein fyr som har snubla i kjærleikslivet. Her er det ingen tvil, kjenslene ligg heilt fremst, og dei er ikkje ubetydelige.

Breathing beside me,
feeling its warmness,
Phantom affection gives a human,

performance    

Skånsellaust skildrar Savage det. Linje for linje, vers for vers. Frå det første teiknet på at forholdet byrja gå mot eit havari. Inn i tilbakeblikk på dei uforderva dagane, då dei elskande tilbedde kvarandre vilkårslaust. Men no i ettertid, i sjølvforaktas teikn, dukkar det opp pinefulle erkjenningar og gnagande spørsmål også om den tida.

I’d never felt it,
I’d never heard
I know I loved you did I even deserve it,
when you returned it

Mellom versa og heilt til slutt bråkar eit mørklagt refreng. For der, på det punktet, tar Savage og bandet songen ut av sin elles melodiske habitt og over i det frenetiske. Og korthogd og utan vidare skånsel blir fleire bileter av smerte kasta fram. Det siste høyrest slik ut: «Curved in the dark, rinses of yours».

Human Performance. Ein song som blør. Ein umåtelig sterk ein. Den er ikkje den einaste songen på albumet der kjenslene blir dissekert i eit tydeligare lys enn på tidlegare Parquet Courts utgjevingar. Men eg opplever den som den klarast demaskerande.

Human Performance. Maskert versus usminka. Skodespel versus reinskoren røyndom. Cool versus sentimental. Intellekt versus kjensler. Sanning versus løgn. Det er ute i dette, eksistensielle segmentet, fullt av spørsmål og utan fasitsvar, at New York-kvartetten røskar og slit denne gongen. Med låt etter låt som både sonisk og tekstlig er meisla i former der nonsens og pretensiøs vanskeliggjering er ganske så fråverande. Energisk rytmikk, ein habil dose med melodisk popsensibilitet, og ei effektfull poetisk slagkraft er derimot høgst til stades.

«Cogito ergo sum» – «eg tenker, derfor er eg». Eit vidgjete Descartes-sitat som Austin Brown finn formålstenlig å inkorporere i låta One Man No City. Ein slett ikkje fullt ut forståelig song. Ein noko absurd ein, i grunn. Hovudpersonen kikkar ut, og ser ingenting, går ut og finn ingenting, ikkje ein gong vegen heim igjen. Han kjenner seg bortkomen på ei frenetisk jakt etter ei meining. «No identity, no city, no thoughts, no feelings, no city». Det blir spela på bongotromme og rytmen er groovy. Gitarane ringlar og svir strenger i Velvet Undergroundsk ånd. Den er albumets lengste låt, seks og eit halvt minutt, den smyg seg inn bakom ryggen på Stoned and Starving.

Andrew Savage og Austin Brown deler låtskriving og den vokale hovudrolla sånn nokonlunde jamt mellom seg. Låtane deira står seg, på denne plata som på tidlegare, godt til kvarandre. Det er ikkje slik at det eine er ein typisk Savage-låt og det andre er ein typisk Brown-låt. I den grad eg skulle prøve å karakterisere ein skilnad må det bli noko slikt som at Savage har ein litt råare tone. Denne gongen bidrar forresten dei to andre bandmedlemmene, bassist Sean Yeaton og trommis Max Savage, så smått både som låtskrivarar og i vokalistrolla. Ja for dei to er tilbake etter at dei hadde ein liten pause då Savage og Brown spelte inn det førre albumet, Content Nausea, på tampen av 2014. Eller førre og førre, bandet kom jo med eit lite album i fjor også. Deira eige vesle Metal Machine Music. Monastic Living, ein parentes utan ord, instrumental, noko uryddig, ikkje utprega variert, men groovy nok til at den ikkje fall igjennom som total uinteressant. Men den varsla på ingen måte kva Human Performance skulle bli.

Parquet Courts sin mest melodiøse plate er den vel, Human Performance. Og modnaste, og sannsynlegvis mest gjennomtenkte, og absolutt mest varierte og komplekse. Det siste då i veldig relativ betydning. Vi snakkar sjølvsagt framleis om eit band som hiv seg uti slikt ein kan kalle punk, eller postpunk, eller slacker-rock. Og ein kan komme dragande med Pavement eller Modern Lovers eller det som slektande er. Men aldri har dei, desse få åra dei har eksistert, våre eit meir relevant pust av nåtid og særpreg og slikt enn det dei er på Human Performance.

Og knapt klarar eg å førestille meg ein meir uimotståelig song enn Berlin Got Blurry. Eg viser til tonen, til melodien, til drivet, på eit vis slentrande, men høgst energisk. Eg viser til ørkengitaren og det vesle gjentakande orgeltemaet. Og eg viser til Savage si ekselente formidling av bedagelig byvandring, einsemd, pussige observasjonar, fiffige koplingar, uskyldig sarkasmar, og ein lengt etter ho som ikkje er der, og som det kanskje har byrja å gå litt på tverke i forhold til. «Doner wrappers unwrapped and extinguished … Feeling foreign is such a lonely habit … Funny how it charms you that Teutonic frankness … Well Berlin got blurry, and my heart started hurting for you».

Albumets mest rebelske og punkdrivne låt er Two Dead Cops. Der Savage koplar drapet på to politimenn opp mot den daglige faren og valden folket i gettoen lever under, og i den samanheng finn det heilt på sin plass å servere ei linje som «nobody cries in the ghetto for two dead cops». I den også ganske så aggressive Paraphrased rettar Savage og Parquet Courts blikket mot seg sjølve og slår mellom anna fast at «Sometimes my thoughts are infrequent explosions» og «Sometimes my speech recalls moments of violence, sometimes I can’t be repeated, I can’t be paraphrased».

I den meir harmlause avdelinga av Parquet Courts låtar høyrer Dust til. Eit avgjort godgroovy og medrivande nummer om støvets plager. Korleis det snik seg inn overalt. Og på innsida sitt kanskje hovudpersonen i det sterkt rytmiske semirap-nummeret Captive of the Sun. Ein angstfull livsobservatør som slår fast at han «don’t get out» og «don’t have fun». Dei store håpefulle tankane og illusjonane om verdens ve og vel og ei lykkelig framtid kan eg vanskelig seie at eg registrerer på albumet. Meir presist blir det nok å kalle det eg høyrer for eksistensiell illusjonslause.

Bakpå coveret står det ei oppmoding: «Listen to it at night!». Og det er jo klart at eg har gjort. Men albumet er ikkje noko dårligare på dagtid eller kveldstid, eller i tide og utide heller. I grunn er det det beste albumet Parquet Courts har komme opp med til no. Og då snakkar vi alvorlig bra skal du vite.

TIDAL: PARQUET COURTS – HUMAN PERFORMANCE

 

Musikalsk årsoppgjer 2014

Standard

Spådomar frå fleire hald vil ha det til at musikkalbumet er eit utdøyande fenomen. Måtte spådomane slå feil, fullstendig feil. Det har komme flust av album i 2014 eg med styrke vil hevde beviser at albumet har livets rett, og vel så det. Dei 25 beste har det blitt ei liste av.

Men først 3 bøker (ikkje for noko anna grunn enn at bøker er like viktig som musikk, og at desse tre kjennes vel verdt å nemne).

Stoner  Rød eller død av David Peace (Innbundet) Innsirkling 3 av Carl Frode Tiller (Innbundet)

1. John Williams – Stoner
Skriven og utgitt for nesten femti år sidan. I norsk oversetting for første gong i år. Ei kultbok. «The greatest American novel you’ve never heard of» ifylgje The New Yorker. Ein vakkert og nennsamt fortalt historie, om eit ikkje spesielt eksepsjonelt liv. Ein manns liv frå barndom til grav på 270 sider. Melankolsk og skilsettande. Poesi i romanform.

2. David Peace – Rød eller Død
Om den legendariske Liverpool-manageren Bill Shankly. Sosialisten, fotballfanatikaren, arbeidsnarkomanen og eksentrikaren  Shankly. Ein roman, ikkje ein biografi. Fortalt i eit gjentakande, suggererande språk. Like enkel, like komplisert, like medrivande som fotballspelet i seg sjølv. Aldri har eg opplevd fotballsesong etter fotballsesong blitt meir fortetta og poetisk oppsummert.

3. Carl Frode Tiller – Innsirkling 3
Tiller sirklar seg inn på oppklaringa. Kjem fram til den, men ikkje til noko endelig avklaring, heldigvis. Det å vere menneske saman med andre menneske er ikkje enkelt. Kva ein seier, kva ein tenker, kva ein gjer, kva ein burde gjere, er på evig kollisjonskurs. Tiller skildrar det på storarta vis, igjen.

Så, over til albuma:

 Steve Gunn 

1. The War On Drugs – Lost In the Dream
Ei plate som vandrar sporenstreks inn i ein melodisk sigerstemning, og blir der ein heil time. Amerikansk gitarrock der låt etter låt blir tilført vennlegsinna synthlinjer, blir lindrande pianotøtsja, eller kanskje får ein blåleg saksofonvisitt. Låt etter låt som omgås sinnstemningar der mørket og mismotet rår, men der ein stigande aksept av tingas tilstand, og ei evne til å handtere forholda, også blir formidla. Det høyrest ikkje spesielt eksepsjonelt ut, og ei eksepsjonelt original plate er det ikkje. Men ….vel, eksepsjonell er den.

2. Steve Gunn – Way Out Weather
Sakte beveger melodien seg. Sakte beveger melodien. «Slowly moves the melody». Det trygge, det vanlige finst der, i songane, men også det spesielle, det særeigne. Steve Gunn gjer det melodisk, og han gjer det i ein hevdvunne tradisjon. Med ei lett hand får han strengene på gitaren (gitarane) til å synge som få andre gjer. Eg tenker på han som ein ukomplisert virtuos.

3. Sun Kil Moon – Benji
Songar frå perspektivet til ein middelaldrande mann. Songar som ikkje tar føre seg frå eit vidt spekter av det songar kan gjere. Dei held seg alle på innsida av det marginale mønsteret Mark Kozelek plar operere innafor. Der tonar ikkje spring av garde i veldig komplekse former, men der alt ruslar sin gang. Einsformig seier nokon, styggelig vanedannande seier eg.

4. Wussy – Attica!
Dei har latt seg inspirere, latt seg dugelig inspirere. Som dei uforbederlige rock’n roll-disiplane dei er, har dei latt seg inspirere til å lage songar som liknar på saker vi har høyrt før, som har både tjuveri og låneri klistra på seg. Likevel er dei forunderlig nok berre Wussy. Med ein glød og eit lidenskapelig forhold til alt dei driv med.

5. Sturgill Simpson – Metamodern Sounds In Country Music
Det er ikkje berre den ufattelige friskleiken, og nærværet i tonane, eg merkar meg, men også viljen, og motet, både til å gå den rakaste enklaste mest naturlige og klassiske countryvegen, og til å driste seg utpå. Som det å sveipe tonane inn i psykedelia. Nokre gonger subtilt og sobert, andre gonger meir utstrakt.

6. Ought – More Than Any Other Day
Postpunk. Den stramme pågåande kantete fabelaktige postpunken er vel den mest nærliggande merkelappen å klistre på Ought. Men dei er ikkje berre slik, Ought kan også ha noko meir avrunda og elastisk i det dei gjer. Inntrykket er vel at det ikkje er avgrensingar og dogmer som er opplegget her. Heller eit frilyndt dykk inn dit energien har dei beste vilkår, der temperaturen aldri kviler.

7. Angel Olsen – Burn Your Fire For No Witness
Frå det skjøre til det konfronterande, frå det nennsame til det forrykande, den ueinsarta plata til Angel Olsen dekkar alt det og meir til. Når den så i tillegg er fostra på sterk vilje, har bevart passeleg med smuss, og er melodisk velhalden, sitt eg i grunn att ganske så tomhendt på innvendingar.

8. Parquet Courts – Sunbathing Animal
Eit band i frenetisk vigør, heilfrelste på konsise riff, hissig skinger og rammande groove. Der orda kjem fort, som ein dans i unnabakke. Med og utan fotfeste. Parquet Courts står ikkje stille, dei tar til seg det beste av det dei har høyrt, og gjer det om til sin måte å gå råbarka til verks på.

9. Sharon Van Etten – Are We There
På ingen måte eindimensjonale songar. Dei kan tolkast i ulik lei. Ja det er ikkje ein gong sikkert dei er så melankolityngde som dei gjer inntrykk av å vere. Ikkje er dei så marginale på melodisk variasjon som dei først kan gje inntrykk av å vere heller. Dei har ei blomstrande kraft i seg.

10. Woods – With Light and With Love
Human popmusikk. Med sine manglar, med sine intensjonar, med sitt overskot. Woods sitt album av året har mykje i seg og mykje for seg, og står fram som kongruent og variert i same andedrag. Sprett både lett over overflata og skjer seg inn i materien. Og 1967 er aldri langt unna.

11. Hookworms – The Hum
Psykedelisk vitalitet, hektande melodilinjer, suggererande rytmiske tilhøve, og ein ikkje ubetydelig larm.

12. Torgeir Waldemar – Torgeir Waldemar
Røysta. Den rommar klangen av det den formidlar. Tida. Han tek seg tid til å bli i songane sine. Songane. Dei har sitt klare opphav frå ein tradisjon, har sine merker frå meir enn ein låtskrivar, men høyrer likevel så sjølvsagt heime hos han som syng dei.

13. Simone Felice – Strangers
Han er her ikkje for å revolusjonere musikkhistoria. Han serverer 10 songar som hentar sitt liv og sitt vesen frå den amerikanske songtradisjonen.  Dei har sin verknad.

14. Damien Jurado – Brothers and Sisters of the Eternal Son
Den tidlegare trubaduren har for alvor funne fram til det dansbare, det psykedeliske, og det spirituelle.

15. EMA – The Future’s Void
Strenge, skarpe, kalde lydkjelder dansar og kranglar rundt låtar som oftare enn det kan virke som, sånn med det same, har eit godt melodisk hjerte.

16. Timber Timbre – Hot Dreams
Hot Dreams er ein tanke meir raffinert enn tidlegare plater av Timber Timbre, og har ein varme som ikkje alltid konsulterer gufset. Men fredlaust er det.

17. Strand of Oaks – HEAL
Ei reinsing, ein personleg kamp, men kanskje mest av alt ein kjærleik til musikken.

18. Beck – Morning Phase
Temmelig langt unna friskusen frå Odelay. Ikkje så veldig langt unna den tynga melankolikaren frå Sea Change, men med mindre melankoli i brystet.

19. The Men – Tomorrow’s Hits
Du skal ikkje kimse av god gammaldags rufsete rock’n roll. I alle fall ikkje slik den fortonar seg i henda til The Men frå Brooklyn.

20. Hurray For The Riff Raff – Small Town Heroes
Songar som kunne vore her for lenge sidan, som har eit gammalt Amerika i seg. Men dei er heilt nye, dei er eit friskt oppkok av folk, country og blues.

21. John Fullbright – Songs
Country som finn soul, mørke krokar, einsame tonar, og litt lykke.

22. Mirel Wagner – When the Cellar Children See the Light of Day
Ho vev livet, kjærleiken og døden i hop på sin måte – enkelt, tvitydig, dirrande.

23. Big Ups – Eighteen Hours of Static
Med glød i blikket og angst i bringa hiv dei seg over amerikanske undergrunnstonar slik dei lydde den gongen Pixies og Jesus Lizard var unge.

24. Joe Henry – Invisible Hour
Varme tonar, varlege tonar, og gåtefulle innspel om livets relasjonar

25. Pere Ubu – Carnival of Souls
Endå eit vitalt tilskot til ein etter kvart imponerande albumkatalog på utsida av gjengs rock’n roll åtferd.

Parquet Courts – Content Nausea

Standard

Låg på fidelity høg på rå beatpunk, og så litt sørstatsgotikk                                                              7

  Sørstatsmyter har vi høyrt før. Dystre, skyldtunge, gåtefulle. Andrew Savage har si sørstatsmyte han gjerne vil  fortelje. Han byrja å formulere den for ei tid sida, då han heldt til i Denton, Texas og var frontfigur i bandet Teenage Cool Kids. Seinare har han utvikla den og utvida den, til den no er på ti vers. Han har kalla den for Uncast Shadow of a Southern Myth. Ingrediensane er langt ifrå ukjente: borgarkrig, rasisme, vern om privat eigedom, død og undergang. I tillegg dukkar eit par mystiske Elvis-referansar opp undervegs. Savage snakkar om å høyre «the jangling keys of Graceland» ringe frå dei colaflekka tenna til ein ustødig mann. Ein mann som tilslutt sjekkar ut av Heartbreak Hotel, syndefull og utan framtid.  «He was the uncast shadow of a southern myth» ropar Savage då, fleire gonger, medan låta sprakar mot sin slutt. Før det, gjennom alle dei ti versa, har den jaga framover i ein fortetta folkrock-skapnad, og profilert seg som eit avsluttande tyngdepunkt på plata (for ikkje å seie høgdepunkt). I ei sonisk drakt som står bra til det bandet driv med tidlegare på plata, om enn noko annleis, og for så vidt noko for seg sjølv.

For Parquet Courts er jo ikkje eit sørstatsband i ordets klassiske betyding. Parquet Courts er eit New York band i om lag same grad som Velvet Underground var det, eller CBGB-banden på syttitalet. Også når dei finn på å kalle seg Parkay Quarts. Slik dei gjorde på ein EP i fjor, og slik dei gjer på Content Nausea. I fonetisk målestokk ein marginal namneforskyving, i sonisk målestokk er det heller ikkje snakk om endringsforsøk av særlig omfang. Den største endringa har vel skjedd på mannskapsfronten. Bandet er halvert. Tilbake er dei to låtskrivarane/gitaristane/vokalistane Andrew Savage og Austin Brown. Trommis og bassist har, i alle fall inntil vidare, funne på andre ting å gjere (som å stifta familie og gjere ferdig matematikkstudia).

Dei to spelar det meste sjølv, men har leigd inn litt saksofonhjelp frå Jef Brown (Jackie-O Motherfucker) og litt felehjelp frå Bob Jones (Eaters). Avansert studioteknologi har dei to ikkje nytta seg av. Og ureint og piggtrådbalanserande har det blitt. Fullblods disharmoni, melodisk skrangling, og aldri skrantane energi. I ånda til det eg har høyrt frå den kanten før, og endå eit lite hakk skakkare.

Ordkløyvaren, punkpoeten, for ikkje å seie beatpoeten Andrew Savage er i sett ess i tittelsporet. I løpet av tre minutt og fire sekund held han ein tale som kan ta pusten frå den mest kondisjonssterke. Cirka 25 vers med haglande poesi, som ein Ginsberg eller Dylan på speed. Ein monolog over menneskas sosiale fråvær, elektriske dingsars inntog, og mørke, og einsemd.

But still no-one came or left they just stayed,
But they weren’t there in the first place,
Overpopulated by nothing, crowded by a sparseness,
Guided by darkness, too much, not enough»

I ein grenseoppgang mellom skremmande realisme og vanvittig surrealisme blir det mana fram eit bilde av «envy, bitterness, love, nostalgia, confusion, guilt, and desire». I song etter song. Tale etter tale. Den om han som går til legen, til dømes, for å få litt rettleiing i å takle livet som vaksen. «Can you pinpoint the origin of my anxiety? spør han, og legen drar fram eit kart. Eit innhaldsrikt kart, The Map. «It’s here» seier plutselig legen og peikar på ein tom flekk, og så går han. Savage konkluderar.

I traced the path of the disappearing road until it was no longer a road
Tapping with my finger on what I decided was the threshold of the road’s existence
I stated, «It is here where I will retire»

To av låtane har Savage og Brown lånt frå anna hald. Roky Erickson sin klassiske Slide Machine gjer dei ein noko spak versjon av. Nancy Sinatra hiten These Boots Are Made For Walking, får dei derimot verkelig til å spasere.

På eit album som visstnok berre er eit album mellom to album. Skrot dei hadde liggande. Bra skrot. Det er klart dei ikkje kunne la ligge.

Parquet Courts – Sunbathing Animal

Standard

Fullstendig umoderne, men heilt og fullt no, no, akkurat no, og i morgon, og deretter……      8

Sunbathing Animal Rått er ikkje den nye vinen. For rått er det blitt gjort før. Av ganske så mange, sidan musikkhistorias morgon. Likevel, det funkar framleis. Det funkar å legge tankar om staffasje og fikse innfall til sides, søke til beinet, til margen, og ta det derifrå. Slik Parquet Courts gjer det. Slik dei har gjort det på sine tidlegare utgjevingar, og slik dei gjer det, med lengre låtar, og kanskje ein tanke meir konvensjonelt, på Sunbathing Animal.

New York tok bustad i Parquet Courts allereie før dei fire i bandet kom flyttande dit (i hovudsak frå Texas) for nokre år sidan. New York slik det fortona seg i låtane til The Velvet Underground, til The Modern Lovers, til Sonic Youth. Saman med ein kompakt dose postpunk frå ei vidare verd bur New York der framleis, sterkt og tydelig. I tillegg noterer eg denne gongen at bluesen har kome til bandet. Slacker-koplinga som eg registrerer ofte blir hengt på bandet kan vel også seiast å vere der, men eg synst ikkje den er eksepsjonelt opplagt.

Parquet Courts er opplagte. I frenetisk vigør, heilfrelste på konsise riff, hissig skinger og rammande groove. Men ikkje berre i eit og same mønster. Det er definitivt ein avstand mellom tittelkuttet sitt halslause tempo og Dear Ramona sin tilbakelente haldning. Like definitivt som det er ein avstand mellom She’s Rolling sitt duvande, gravande groove og uforedla bluesvesen og Instant Disassembly sitt likeframme og fint suggererande folkrockuttrykk. Dei to siste låtane drar seg forresten begge godt over seks minuttar. Medan dei resterande opererer i det klassiske pluss/minus tre minuttar lendet. Ikkje heilt som på fjorårets Light Up Gold altså, der låt etter låt var unnagjort på under to minutt.

Det tekstlige er gitt ein noko større plass på Sunbathing Animal enn på dei tidlegare framstøyta til bandet. Men ikkje på She’s Rolling. Det er ei låt av få ord, til gjengjeld effektive. «She’s racing through the dark, She’s racing through the dark, She’s racing through the dark, She’s racing through the dark, and I, I can feel her burning in the back of my mind» lyde det siste av to vers, om eit sakn, eit ganske så klassisk sakn. Resten tar duvet og groovet seg av, i samkvem med desperate gitargjerningar, og ein rufsete munnspelsolo, spelt av ei kvinne, Lea Cho, den einaste utanom bandet som spelar på plata.

I den andre lange songen stiller det seg annleis. Instant Disassembly er ein fyldig historie. Ein fyldig og knugande historie, og eit enkelt lite gjentakande gitartema. Eg kallar det folkmelodisk. Eg anar noko Dylansk, og litt Zevonsk Carmelita. Eg opplever det fascinerande. Eg høyrer Andrew Savage vende seg til Mamasita. Eg høyrer han be henne om å ta vare på han no når eit mørke er i ferd med å sluke han. Eg høyrer Savage synge om eit forhold som viklar seg inn i ganske så destruktive former. Mot ein undergang, mot ei bøn om å få sleppe fri, frå eit tilvære med umoglege pustetilhøve. I si form, i sin tone, i sitt vesen, er det ikkje ein song eg venta å finne på denne plata, men det er ein song eg er glad eg fant her.

Eg er også glad for at Raw Milk er her. Seige, brennande, lumske Raw Milk. Songaren syng om froskelydar, obskur dansing, og suspekt heimabrygg. Men mest handlar det vel om ei kvinne si rolle blant desse meir eller mindre handfaste opptrinna. Det handlar i grunn ein del om slikt i Parquet Courts si verd også, om kvinner altså. Dear Ramona er ei mystisk ei, «a hypnosis poet, and when she speaks her words weep like rain». I den angrepslystne og fengande Black and White er kanskje ikkje kvinna tydelig tilstades, men hovudpersonen sine skamlause ordgyteri peikar i alle fall delvis i retning av kvinners tiltrekningskraft. «Nothing makes my heart so wild as being in possession of a potent night».

Andrew Savage syng meir enn Austin Brown, men syng gjer dei begge. Og låtane har dei laga i hop med rytmeseksjonen Sean Yeaton og Max Savage. Så nær som ein, Ducking & Dodging. Opphavlig ein gamal song, blues-song, om vi skal tru bandet. Uansett, den er ukjent for meg. Og om eg hadde kjent til den har eg ein mistanke om at eg neppe hadde kjent den att i Parquet Courts sin skapnad. Ein ting er refrenget; om den nøkkelen du ein gong fekk men som ikkje lenger vil passe i låsen. Ein annan ting er versa. To lange, ordrike, intense, og pågåande vers, som sikkert kan handle om litt av kvart, men som skapar eit inntrykk av å handle om nokon som har mista sin fridom og si framtid; politiske fangar, krigsveteranar, flyktningar. «All my friends are disappearing, all my letters are in code, everything I think and feel, in your shadow, it erodes». Samstundes har songen også sine referansar til det viltre og frie liv. «Lady Macbeth, rock me mama, like my back ain’t got no bone».

Det er eit absolutt samsvar mellom tekst og tone hos Parquet Courts. Desperasjon, råskap og eit lite glimt i auga går att i det meste. Men klinkande klart kor vegen går er det i grunn aldri. Her er opningar for frilyndt tolking og å finne ut av ting undervegs, eller kanskje ikkje finne ut av ting i det heile. Ord kjem fort, som ein dans i unnabakke. Med og utan fotfeste. Parquet Courts står ikkje stille, dei tar til seg det beste av det dei har høyrt, og gjer det om til sin måte å gå råbarka til verks på. Det er jaggu verdt å oppsøke denne gongen også.

Musikalsk årsoppgjer 2013

Standard

2013: Det beste eg høyrte i år

Eg har ikkje tenkt å hevde at dei 25 platene eg har laga ei liste av under er dei 25 beste platene frå 2013. Men, av dei platene eg har høyrt frå dette året (og det er jo langt frå alle) trur eg desse 25 må vere dei beste. Om då ikkje John Grant eller The Sadies eller Neko Case eller Ashley Monroe eller Unknown Mortal Orchestra eller Eleanor Friedberger eller Erlend Ropstad eller Kanye West eller Ty Segall eller Houndstooth eller Mona & Maria eller Sudan Dudan eller Samantha Crain sine respektive utgjevingar burde ha fått ein plass her då. Det kan veldig godt vere.

25. Bill Callahan – Dream River
Ein av våre tiders beste songpoetar. Med klar og særeigen røyst tar han nokre steg i ein litt meir optimistisk retning. Og han er vel verdt å fylgje dit også.

24. Mark Kozelek & Desertshore – Mark Kozelek & Desertshore
Detaljerte betraktningar over dagliglivets prosaiske vesen, tilsatt velkjente Kozelek-
tonar (les Sun Kil Moon, les Red House Painter). Gode tonar.

23. Caitlin Rose – The Stand-in
Countrysongar og andre songar som lever sitt liv utafor tidas avgrensa rammer.
Fengande, brennande, swingande, varlege. Registeret er breitt nok, og songane har ein friskleik som vil vare.

22. Atlanter – Vidde
Bandet er nytt, men mannskapet, i alle fall Jens Carelius, har gjort seg bemerka før. Men dette er meir bemerkelsesverdig. Eit fjellpsykedelisk, vidtrekkande, bluesvandrande og groovy stykke norsk verdensmusikk.

21. Kacey Musgraves – Same Trailer Different Park
Countrytonen er konvensjonell, og nesten på permanent basis svingar den seg inn på eit fengande spor. Men den skrur seg ikkje fullstendig opp. Det er noko som held den att, som jordar den. Ein flittig bruk av akustiske instrument. Eit fråvær av glimmer og fjas. Friske tekstar, rammande tekstar, ein varme, eit mot.

20. Monica Heldal – Boy From The North
Ei ung norsk dame har funne fram til den engelske folktonen. Med den akustiske gitaren i fanget fingerplukkar ho seg gjennom låtane. Men ho har også ordna seg med nokre medmusikantar der elektrisiteten har ei rolle. I lag skapar dei eit rastlaust, bluesblått og groovy stykke musikk. Det handlar om inderlig kjærleik, bevegelse og fridom.

19. Houndmouth – From the Hills Below the City
Originalitet får andre ta seg av bjeffar dei, og omfamnar den amerikanske grunntonen med heile sitt glødande hjerte. Alle fire. Gitaren er alltid elektrisk, orgelet duvar og grev, og rytmeduoen er ikkje utprega anonym. Det er southern style, countryrock og rotekte rock. Og syng gjer dei alle. Åleine, og i medrivande harmonisk utfalding.

18. Yo La Tengo – Fade
Tida går ikkje i frå Yo La Tengo. I eit kvart århundre har dei sysla med sitt. Litt av kvart i grunn, men er like fullt alltid til å kjenne att. I år bydde dei på ei ganske så støysvak og homogen plate. Og tradisjonen tru var den rett så flott.

17. The Men – New Moon
The Men er absolutt ikkje eit trongt, einsarta og uniformert band. The Men vil mykje og mang slags. Først og fremst energisk rock’n roll. Gjerne med litt innebygd hengslete melodiøsitet. Men dei går heller ikkje av vegen for litt countryrock, hissig støy eller groovy kraut. Upolert og reinspikka.

16. Mikal Cronin – MCII
Det er power i den melodisk velorienterte poptonen til Cronin. Den klassiske beatleske poptonen. Tidvis skyllar fyren ei elektrisk gitarbølgje av nesten tsunamiske dimensjonar innover den. Men han spelar på andre instrument også (så godt som alle ein kan høyre på plata). Og han kan roe støyfaktoren, men det er aldri ei overordna målsetjing.

15. Oblivians – Desperation
Femten år etter at Oblivians var her sist dukkar dei opp att. Utan å ha forbetra seg, og takk for det. Her flyg dei vegg imellom, i full desperasjon, og er alt anna enn slutt. Dei sveittar og rockar som om tida aldri har flydd ifrå dei. Det gjer dei sjølvsagt heilt rett i.

14. Stein Torleif Bjella – Heim For Å Døy
Nei lystelig er det definitivt ikkje, men like fullt ein ny porsjon med ganske så udødelige viser. Meir presist elleve songar om å kjenne seg einsam og neglisjert, og ein om nokre gitarar. Formidla med akkurat så mange ord som trengst. Ikkje overtydelig, men heller ikkje utydelig. Forankra i eit Hallingdalsmiljø, men i grunn ganske så universelt.

13. Savages – Silence Yourself
Det er ikkje nokon grunn til å tvile på Savages. Deira agenda er å gå aggressivt til verks, dei sviktar den aldri. Verken på det soniske eller det tekstlige plan. «This album is to be played loud in the foreground» proklamerar dei. Du skal ikkje la deg forstyrre av andre signal. Du skal ha fokuset retta ein stad, hit, på debutplata til dei fire kvinnene i Savages. Det er i grunn ikkje så vanskelig.

12. Okkervil River – The Silver Gymnasium
Scena er den vesle staden der bandets songar og eminente låtskrivar Will Sheff vaks opp. Han skildrar ein barndom som handla vel så mykje om sjukdom og å bli mobba som om ubekymra leik i skogsholtet. Men det er ingen bitter flyktning som kryssar sine spor. Det er ein mann midt i trettiåra som evnar å vere både oppriktig og ettertenksam. Og som finn fram til poptonen i sitt eige orkester. Ein god tone det.

11. The National – Trouble Will Find Me
I eit moderat og smidig modus lirkar Brooklynkvintetten nok ein gong fram ei plate som vinn i det lengre løp. Der den lakoniske barytonrøysta til Matt Berninger behandlar låt etter låt med skarpskodde tekstlinjer. «I have only two emotions» syng han, «careful fear and dead devotion». Og eg tenker at nett det kanskje er eit aldri så lite manifest. På ei plate som ikkje veldig annleis, frå eit band som framleis er veldig bra.

10. Wooden Wand – Blood Oaths Of the New Blues
Eg opplever lydbildet på Blood Oaths som det luftigaste Wand har presentert i nyare tid. Som det rikaste også, men like fullt spartansk. Wand sine medspelarar skikkar seg, dei går ut og inn av bildet, dei har fått rolla som subtile understrekarar. I novellistiske songar av det heimsøkte og støvete slaget, dyppa i country og blues. Der tristessen og lengten rår, men der Wand også finn det føremålstenlig å minne om at «after the darkness there’s a light».

9. My Bloody Valentine – MBV
Det er då noko alvorlig apokalyptisk over mbv, er det ikkje? Poptonen som dansa som ein kaleidoskopisk draum gjennom store deler av Loveless den høyrer eg ikkje så mykje til her. Her høyrer eg noko dunklare noko. Ein slags klagesong kanskje, eller ein jamrande blues, eller ….. Eller for å seie det slik: Shields og hans kumpanar (som ikkje er særlig fleire enn Bilinda Butcher denne gongen) har endå ein gong skapt eit verk som eg ikkje heilt ut forstår, som sikkert alltid vil vere utydelig, og som eg derfor aldri vil bli ferdig med. Og bra er vel det?

8. Kurt Vile – Wakin On A Pretty Daze
Dei drar seg ut i respektable lengder fleire av spora på plata. Såpass at dette endar
opp som eit godt gammaldags dobbeltalbum. Der gitaren, og då spesielt den akustiske varianten, har ei viktig rolle. Gitaristen Kurt Vile har aldri vore noko å kimse av. Men denne gongen gjer han seg sjølv større arbeidsrom, og skapar meir meditativ godlyd, enn nokon gong.
I songar der Vile fører ein slags dialog med seg sjølv. Om eg då ikkje skal kalle det for monologar til ein person som ikkje er til stades. Eller refleksjonar over livet, musikken, kjærleiken, lengselen, og det å vere mann og far.

7. Laura Marling – Once I Was An Eagle
Utan unntak, femten songar til ende, handlar Once I Was An Eagle om kjærleiken. Det startar i eit stummande mørke. «You should be gone beast» lyde opningslinja. Det lysnar litt undervegs. Til slutt adresserar songaren ei oppriktig takkseiing til naiviteten «for failing me again».
Stemma og den akustiske gitaren har hovudrolla. Men utan produsent Ethan Johns si tilføring av rytmisk svir hadde ikkje dette blitt den plata det har blitt. Med handslegne trommer og perkussiv virilitet skaper han eit organisk groove som stikk innom og vitjar dei fleste låtane.
Det har blitt ei plate som er den openbare motsetninga til det fragmenterte. Den krev at ein har tid, at ein tek seg tid, den er verdt kvart eit minutt.

6. Jason Isbell – Southeastern
Ei plate full av countrysoul. 12 sterke melodiar som provar at Jason Isbell har eit grep om det melodiske slik gode låtskrivarar oftast harhar. Det er likevel hans grep om det tekstlige som verkelig imponerer. Han sirklar ikkje rundt med ord som fordampar, han går direkte til verket med ord som brenn seg fast. Han bruker ikkje fleire ord enn nødvendig, han økonomiserer, han er presis, som ein Carver. Han har noko å formidle. Og det han formidlar skildrar også det som ikkje blir uttalt. Eller det kan handle om noko eg først ikkje oppdaga det handla om. Det kan ha ei dobbeltyding. Isbell er ikkje eindimensjonal.
Jason Isbell har endelig laga plata eg ein gong trudde han var i stand til å lage, men som eg hadde byrja tvile på at han ville lage.

5. Vampire Weekend – Modern Vampires of the City
Det finst fleire grunnar til å tvile enn til å tru. Gud er i trøbbel. Sola går minst like ofte ned som den står opp. Visdom er ikkje synonymt med ungdom. Døden er uunngåelig, men heller seinare enn før. «There’s a lifetime right in front of you».
Med betraktningar av dette slaget tar Vampire Weekend oss med på ein liten tur inn i sinnet og sjela til Modern Vampires of the City. På ei plate som er like nådelaus som den er medgjerlig, like absurd som den er lettfattelig, like eksentrisk som den er fengande.
Vokalist Ezra Koenig fer til verket med reinspakka glød og tvillaust nærvær som fremste kjennemerke. Rundt han føregår det saker og ting. Multiinstrumentalist og produsent Rostam Batmanglij er ein mann rik på idear. Han skikkar inn det eine instrumentet etter det andre. Men lite samtidig. Det er godt med rom her. Eit rom som blir nytta til å gje kvar enkelt låt sitt preg, sitt stempel, sitt groove.

4. Ezra Furman – Day Of The Dog
Når Ezra Furman 13 sekund inn i opningsnummeret startar å synge så er det frå djupast nede i magen og utover det heile. Det er fullt åtak, og ein aggresjon mot det han ser der ute og det han kjenner der inne. «All the world is rising up like vomit, filling up my ugly little mouth, there’s a sickness deep inside my eyeball, got to find that tool to cut it out». At refrenget då blir «I wanna destroy something, I wanna destroy myself» er vel bortimot heilt naturlig.
Punk eller ikkje punk, det er for så vidt ikkje spørsmålet. Men svaret er ja, og nei. Dette er punk men langt meir enn som så. Dette er Bo Diddley-beat og femtitalet som tar seg via Dylan og Velvet Underground til punkens gullalder, derifrå går den i klinsj med Violent Femmes, sparrar med Bright Eyes, og sveittar opp ein dose gospel, for så å bli friskt og tydelig signert med Ezra Furman sitt eige handlag.
Ein kan vanskelig hevde at tematikken plata igjennom er av det lystelige slaget. Det handlar mykje om å vere i ein tilstand nokre sjelelige kilometer unna der ein helst kunne tenkt seg å vere. Men det handlar også om å prøve å komme seg ut av tilstanden, og å søke og finne fram til ein som svir mindre. Det handlar i liten grad om å lukkast med det.
Men du verden som Ezra Furman har lukkast med denne si femte plate.

3. Phosphorescent – Muchacho
Sånn mot slutten av plata, i nest siste song, høyrer eg Matthew Houck synge «oh, you’ll spin your heartache into gold». Eg tar like godt og stel den linja eg, for så i neste omgang å rette den mot opphavsmannen sjølv. «You’ll spin heartache into gold, Matthew Houck». Noko du har gjort, for så vidt, i alle fall tidvis, på plate etter plate dei siste ti åra, men denne gongen sannelig meir fullkome enn nokon gong.
Houck seglar framleis, slik han har gjort alle desse ti åra, under fana Phosphorescent. Om enn ikkje, slik det ein gong var, ganske så åleine. Eit visst mannskap har han med seg. Ikkje eit så reint lite eit heller denne gongen. Cirka 10 i talet trur eg det må vere. Det er nå likevel aldri nokon tvil om kven som har grepet om spakane. Houck har, vanen tru, produsert, arrangert, miksa, og skrive låtane. På det mest mangfaldig utforma Phosphorescent-albumet til dags dato.
Houck tek her i bruk elektroniske lydkjelder på ein måte han ikkje har gjort før, og han vitjar fengande poprefreng og tar eit par skikkelig groovy tak. Sonisk sett er albumet kanskje fyrens lettast tilgjengelige. Utan at det har gått utover tonane sin levedyktigheit, eller Houck si evne og interesse for å skildre kjelkete mellommenneskelige tilhøve.

2. Parquet Courts – Light Up Gold
Eg høyrer på Stoned and Starving, og songar frå tidlegare tider kryssar sporet. Det har noko med groovet å gjere, tenker eg. Først og fremst groovet. Det enkle groovet. Sjølve ur-groovet. Eit slikt eit som finn sitt tempo, og som så går, og går, og går, medan tonar av ulik karakter kravlar, kjælar eller piskar kring det.
– Eg spaserte gjennom Ridgewood Queens, innleiar Andrew Savage. Og groovet går, Det groovet. Der har Pablo Picasso spasert ein gong også, tenker eg. Og jentene kunne ikkje motstå blikket hans, og han blei aldri «called an asshole». I fylgje Jonathan Richman, tenker eg. Og groovet går, Det groovet. Ein gong var Lou Reed der også, tenker eg, og formidla morbide og syndige scener, og eit stadig gjentakande «she’s busy sucking on my ding-dong». Gitarane var primitive, orgelet brutalt, og Moe Tucker slo. Det var Det groovet. «I was so stoned and starving» syng Andrew Savage, og fortel om då han stod der med tåkete syn og funderte over om han skulle velje geléfiskar, rista peanøtter eller ei pakke lakris. Veslebror Max Savage administrerar takten, og ein krakilsk gitarsolo krøllar seg rundt den. Som ein svolten orm på jakt etter godsaker. Det er Det groovet.
Og saman med groovet, Dette groovet, går dei heim, utan napp, for så vidt, både Savage og Richman og Reed, både Parquet Courts, Modern Lovers og Velvet Underground. Og naglar kvar sin meisterlige rock’n roll song fast i det tidlause. Sister Ray, Pablo Picasso og Stoned and Starving. 1968, 1976, 2013, whatever, tenker eg.
Årets låt, tenker eg.
Med sine fem minuttars varigheit, og sine gitarsoloar er ikkje Stoned and Starving den typiske låta på plata. Den typiske låta varer ifrå eitt til drygt to minutt, har ikkje utprega god tid, gjer det den har intensjonar om å gjere, og slepp så neste til. Rå, energisk og primitiv punk, postpunk og rock’n roll. Det har sett seg i blodomlaupet til den unge kvartetten. Debutalbumet kokar over av det.

1. Jonathan Wilson – Fanfare
Å du heilage psykedelia! Her er det ambisjonar, her er det musikalitet, her er det ein kosmisk overflod av medrivande tonar.
Med Fanfare utvidar Jonathan Wilson sitt soniske univers. Han lar låtane få lov til å bli større. Gjev dei ein ikkje ueffen nyanserikdom, og sveivar tidvis opp ein energi som ikkje var der på den førre plata, Gentle Spirit. Fanfare er på mange vis eit konglomerat av soniske innfall, men du verden det er eit saumlaust konglomerat. Det hakkar ikkje undervegs. Dansen mellom dei djupaste søkk og dei høgaste tindar høyrest fullkommen naturlig ut.
Over 78 minuttar og gjennom 13 songar, i skiftande tempo, i mangslags fargar, og med vekslande krefter, har Fanfare grepe eit stadig sterkare tak i meg. Varmen har si tvillause skuld i det. Varmen som Wilson har inkorporert i kvar einaste spelte tone. Og så det melodiske då, det er heller ikkje skuldlaust. Det har sin divergerande personlegdom frå låt til låt, men presenterer seg alltid i ei form eg vil kalle smidig, og slik evnar det å smyge innunder huda, og inn til det inste.
Plata har flust av referansar til musikk som blei gitt ut i tidsrommet 1967 – 1977. Men den står aldri fast i noko som ein gong var. Eigentlig står den ikkje fast i det heile. Eigentlig flyg den som ei fri sjel mellom det den fangar og det den skapar, og har like mykje 2013 i seg som all anna musikk som har komme rekandes min veg i år. Men den har garantert meir framtid i seg enn det meste av den. For ikkje å seie all.

Parquet Courts – Tally All The Things That You Broke

Standard

Kvartetten set fyr på fem nye spor. Nokre brenn betre enn andre, men lite blir til aske.

7

cover

Rock’n roll kan gjerast utan komplekse avtrykk, ganske så enkelt. For å sitere ærverdige Lou Reed: «One chord is fine. Two chords are pushing it. Three chords and you’re into jazz». Parquet Courts driv ikkje med jazz. Deira energibombe av eit album, Light Up Gold, fanga meg inn med skarpskodd punkattityde tidlegare i år. No er dei her med ein femspors ep, og den er ikkje akkurat puslete den heller.

Ikkje puslete, men nok ikkje heilt og fullt der dei var med Light Up Gold. Der den plata var 14 låtar med ei gjennomsnittleg speletid på cirka 2 minutt (samt ein allereie legendarisk groovy og gitarsviande Stoned and Starving, på 5 minutt) har denne ep’en eit noko mindre stramt og energisk fokus. Til tider er den noko slentrande og ganske så slackeraktig.

Men det startar på ingen måte slik. You’ve Got Me Wonderin» Now er eit ivrig stykke punkrock der gitarane får brukt seg og det melodiske er meisla i fengande former. Tre vers der eit par smertelige erfaringar om det ustadige kjærleikslivet blir kasta fram i scenelyset. Ja såpass smertelige er erfaringane at songaren har funne ut at «toothache’s better than heartache baby». Så når han kjem til refrenget er det berre å innsjå det: «I thought I knew a thing or two about the blues, but you’ve got me wonderin» now». Greatest Hits stoff.

Av same kaliber er ikkje dei to andre korte låtane på plata. Descend (The Way) er ein kantete og for så vidt habil sak, medan Fall On Yr Face er ein mindre habil bluespunk parentes. Dei to lange låtane på plata – for ja det er to lange låtar på plata – har imidlertid ganske så mykje for seg. Rett nok forvaltar dei ikkje si lengd like godt som Stoned And Starving. Ei låt som kunne vore ti minutt og minst like bra. Og forsåvidt er det, live. For du verden som bandet, og især songar og gitarist Andrew Savage, svir av den låta på eit par YouTube-kutt eg har komme over. The More It Works har litt av det same potensialet. Ei låt der den «filosofiske» slutninga «the more you use it, the more it works» har rolla som eit frenetisk mantra, og arven frå Pavement er ganske så tydelig. Men så går den inn i ein tomgang og døyr mot slutten. Redigering kunne altså ha gjort seg. Det same gjeld sju minuttar lange He’s Seeing Paths. I former som minner meg om Beck frå Odelay-dagane tar Savage oss her med på ein tur gatelangs i New York City. Sentralt i akkompagnementet er sampla beats og ei kubjølle. Groovet er bra, men klarar ikkje halde koken heilt til endes. Det er likevel noko friskt og vågalt over det dei foretar seg, som gjer at sjølv når dei bommar litt går dei seg ikkje bort.

Bandet har skrive om namnet sitt frå Parquet Courts til Parkay Quarts (om det er varig eller midlertidig veit eg ikkje), men dei har ikkje skrive om si evne til å kople enkle grep med energisk åtferd på ein besettande måte. Nett der har dei ikkje flust av likemenn for tida.

Først publisert på Groove.no (i 2013)