Tag Archives: Angel Olsen

Popkroken sitt årsoppgjer 2016

Standard

50 bra plater frå 2016 – og ein del bra bøker.

Bilderesultat for parquet courts human performanceBilderesultat for wussy forever soundsBilderesultat for leonard cohen you want it darkerBilderesultat for angel olsen my womanBilderesultat for årabrot the gospelBilderesultat for a tribe called quest we got it from here... thank you 4 your serviceBilderesultat for steve gunn eyes on the lineBilderesultat for the switch the albumBilderesultat for kate tempest let them eat chaos

Det er nok mogeleg at musikkåret 2016 først og fremst vil bli huska for alle som fall ifrå i løpet av dei 366 dagane. Frå David Bowie til Prince til Phife Dawg til George Martin til Merle Haggard til Alan Vega til Glenn Frey til Guy Clark til Leon Russell til Leonard Cohen til George Michael og fleire med dei. Men eg skal huske det for ny bra musikk også.

I det store perspektivet. Det som rekk langt utafor Popkroken er det nok ymse meiningar om kor bra nett dei 50 platene eg nemner under er. Og ikkje minst vil det kunna bli hevda at her er det jammen meg essensielle saker som manglar. Slike som årets plater frå Radiohead, Kanye West, Jenny Hval, Anohni eller Rihanna. Til det kan eg ikkje seie at eg ikkje har høyrt dei. For det har eg. Den einaste årsaka til at dei ikkje er på lista er at dei ikkje trefte meg like bra som dei som er der gjorde. I subjektivitetens heilage namn er det nett slik det må vere. Noko verre er det då med plater eg ikkje har høyrt. Men som kan ha eit vesen som kunne ha treft meg. Dei rakk dessverre ikkje fram i tide til dette årsoppgjeret, men eg ser fram til å møte dei.

1. Car Seat Headrest – Teens of Denial
Tonane tar verkeleg fyr i dette verket til unge Will Toledo, og eit par medsamansvorne av han. Meir presist er det 70 minuttar med gitarbasert rock, der nittitalet møter nåtid, i songar det osar melodisk kraft og glødande vilje av.

2. Parquet Courts – Human Performance
Femte albumet til New York-kvartetten, og punktonen er litt meir raffinert. Men energien rår og tapte illusjonar flagrar vegg imellom.                                                                                     

3. Wussy – Forever Sounds
Gitar, gitar, elektrisk gitar. Det er Forever Sounds det. Ein stad der heartland møter shoegaze, der psykedelia møter vindskeiv country.

4. Leonard Cohen – You Want it Darker
Vis poesi om kjærleiken, alderdomen, livet, døden og gud.                                                     

5. Angel Olsen – My Woman
Frå det elektrisk pågåande til det praktfullt ettertenksame.                                                      

6. Årabrot – The Gospel
Eit desperat ritt gjennom eit eigenarta postpunklandskap.                                                       

7. A Tribe Called Quest – We Got it From Here… Thank You 4 Your Service
Nittitalets beste hiphop-ensemble hadde litt meir på lager.                                                      

8. Steve Gunn – Eyes On the Lines
Ein ny dose varm Gunn-folkrock til å forsvinne inn i.                                                             

9. The Switch – The Switch Album
Oslobandet serverer her ein raffinert poptriumf av det verkeleg uimotståelege slaget.

10. Kate Tempest – Let Them Eat Chaos
Eit dikt, ein historie, eit usminka og nådelaust hiphop-album.                                                 

11. Beyoncé – Lemonade
Ei samling sterke songar som går vegen frå kneståande fortviling til glødande styrke.                      

12.Okkervil River – Away
Med ny besetning seglar Will Sheff vidare, ny og attkjenneleg og med folkrocken sin glødande intakt.                                                                             

13. Nick Cave & The Bad Seeds – Skeleton Tree
Eitt år etter at Cave mista sonen sin i ei tragisk ulykke serverer han eit album kledd i sorg.              

14. The Jezabels – Synthia
Synth-smart, melodisk forførande, og ei stemme som eig kvart ord.                                       

15. Ryley Walker – Golden Sings That Have Been Sung
Folkrocksongar som er meir enn det.                                                                            

16. Lambchop – FLOTUS
Kurt Wagner har skaffa seg vokalprosessor – Men Lambchop er no Lambchop likevel.        

17. David Bowie – Blackstar
Bowie si siste forvandling, ei gripande ei.                                                                    

18. Kevin Morby – Singing Saw
Musikken, naturen, melankolien, varmen og ei mystisk sag.                                                   

19. Drive-By Truckers – American Band
Ei handfull sterke historier frå vår tids beste sørstatsrockeband                                         

20. Stein Torleif Bjella – Gode Liv
Kan Bjella vere vaksinert mot å gje ut anna enn strålande plater?                                           

21. Kendrick Lamar – Untitled Unmastered
«Pimp pimp hooray», eit lite upolert supplement til fjorårets allereie legendariske To Pimp a Butterfly.                                                                           

22. Margo Price – Midwest Farmer’s Daughter
Eit friskt countrypust ifrå utkanten av Nashville.                                                         

23. Anderson .Paak – Malibu
Ein fargerik og varm time i hiphop og r&b-regionen.                                                               

24. Woods – City Sun Eater In the River of Light
Sol og groove og jazzkrydra pop-psykedelia.                                                                           

25. Tom Roger Aadland – Blondt i Blondt
Dylan og vestlandet og skikkeleg musikalsk omsetjing                                                            

26. Diiv – Is The Is Are
Ein poprytmisk odyssé om eit liv som hang i ein tynn tråd.                                                     

27. Savages – Adore Life
Livet er elektrisk, hånda er knyta og groovet gløder.                                                               

28. Kyle Craft – Dolls of Highland
Ein stad mellom Glam og Dylan hiv Kyle Craft seg ut i det.                                                   

29. Thee Oh Sees – A Weird Exits
Ein bra dose groovy psykedelia frå ein produktiv fyr og hans medsamansvorne.                   

30. Brigid Mae Power – Brigid Mae Power
Stillferdige folk-songar som smyg seg tett innpå.  

Og sidan eg først var så godt i gang, og ikkje har vit til å gje meg medan leiken er god, så listar eg altså like godt opp tjue til:                                                                      

31. Preoccupations – Preoccupations
32. Heron Oblivion – Heron Oblivion
33. William Tyler – Modern Country
34. Cian Nugent – Night Fiction
35. Solange – A Seat at the Table
36. Bon Iver – 22, A Million
37. Whitney – Light Upon the Lake
38. Frøkedal – Hold On Dreamer
39. Frank Ocean – Blonde
40. Hiss Golden Messenger – Heart Like A Levee
41. Pinegrove – Cardinal
42. Mayflower Madame – Observed in a Dream
43. Marissa Nadler – Strangers
44. Exploded View – Exploded View
45. Michael Kiwanuka – Love and Hate
46. Chance The Rapper – Coloring Book
47. The Mystery Lights – The Mystery Lights
48. Haley Bonar – Impossible Dream
49. Daniel Romano – Mosey
50. Miranda Lambert – The Weight of These Wings


Bilderesultat for johan harstad max mischaBilderesultat for pedro carmona-alvarez bergen ungdomsteaterBilderesultat for frode grytten menn som ingen trengBilderesultat for tomas espedal året

Bøker har eg også lese. Nye bøker og gamle bøker. Gode bøker og dårlege bøker. Eller kanskje ikkje, kanskje har eg ikkje lese dårlege bøker. I alle fall ikkje ferdig. Og då kan eg vel kanskje ikkje seie at eg har lese dei. For eg veit jo ikkje alt om dei. Og kanskje er dei ikkje dårlege, kanskje har eg berre ikkje funne dei interessante. Og det er jo noko anna. Kanskje har eg ikkje gitt dei ein skikkeleg sjanse. Eller kanskje var det slik at dei ikkje fortente ein skikkeleg sjanse, nokon av dei i alle fall. Den siste boka eg leste har eg nett lagt frå meg, den var ikkje dårleg. Den heiter Europeana. Den tar for seg den europeiske historia frå 1900 til 1999 (pluss nokre blikk utafor kontinentet). Skarve 130 sider blir sett av til det. Ført til torgs i eit språk som får meg til å tenke at slik skulle eg ynskje eg klarte å skrive. Lett, suggererande (ja poetisk) og konsist. Nokre gonger fekk boka meg til å humre litt, før den like etterpå sørga for at humringa sette seg grundig fast i halsen. Historias groteske handlingar blir skildra i ei iskald faktaform. I spedd små anekdotar som ytterlegare synleggjer kva menneske kan få seg til å gjere av bestialske saker. Temaa er sjølvsagt mange, men nazismen, kommunismen, religionen og psykoanalysen er blant dei sentrale raude trådane. Forfattaren er tsjekkisk og heiter Patrik Ouředník. Han skreiv boka ferdig i 2001, og har mottatt både prisar og internasjonal åtgaum for den. I norsk omsetjing, som er den eg har lese, kom den i 2015.

Eg starta året med å lese ei langt tjukkare bok. Johan Harstad sin Max, Mischa & Tetoffensiven (utgitt seint i 2015). Max fortel historia. Frå han som gutunge, tidleg på åttitalet, sterkt ufrivillig flyttar frå Stavanger til New York. Og det er der i verdsmetropolen størstedelen av historia breier seg ut. Det handlar om vennskap og avstand, og ein onkel. Og alt er slett ikkje slik ein skulle tru det var. Det handlar om teater og film og kunst og musikk. Frå Hüsker Dü til jazz til lyrisk pianospel. Frå Apokalypse Nå til stormen Sandy. Romanen går fram og tilbake i tid, men surrar seg aldri vekk frå sin eigen historie. Med både lett og eigenarta penn skriv forfattaren fram ei forteljing eg forsvann inn i nokre veker i januar 2016. Den blei ikkje borte etterpå heller.

Frå den same storbyen, frå New York City, har også Garth Risk Hallberg skrive fram ei omfangsrik historie. En by i brann er den norske tittelen på ei bok som i tid spenner over nokre månader i 1977. Frå eit skjebnesvangert pistolskot til byen bokstaveleg talt blir mørklagt eit heilt døgn. Persongalleriet er stort, og dei kryssar og kryssar ikkje kvarandre sine spor. Her er folk som går over lik, og her er folk som blir til lik. Her er folk som surrar det til og her er folk som berre vil det beste. Her er kunst og punk og ein by på randen. Forfattaren har store ambisjonar med historia, og skriv stundom fram passasjer som gnistrar. I andre passasjer mister han momentum, og det blir litt dødt. Så ei litt ujamn bok.

Om våren er den tredje boka i Karl Ove Knausgård sin kvartett med årstidene som gjennomgangstema. Av desse fire er det den boka som har mest slektskap med Min kamp-serien. I korte trekk handlar den om ein far og ei nyfødt dotter, hennar eldre søsken, og mora som har forsvunne inn i ein depresjon. Boka fortel meg at det er det daglegdagse strevet og livet som er sjølve livet, enten ein vil det eller ikkje. Tomas Espedal ville også skrive ei bok om årstidene. Den startar i april og sluttar i november og heiter Året. Forfattaren kretsar rundt sitt eige, men transformerer det om til det allmenngyldige. Det handlar om døden og kjærleiken. Det handlar om reiser og drikking. Eller livet, om du vil. Ei lita, snøgglest, og poetisk bok.

Tore Renberg tok i år ein liten pause ifrå det han har kalla Teksas-serien sin og fortalte ei lita vond historie om ein mann som med sitt vesen blendar dei han møter. Før noko anna byrjar å melde seg. Ein mistanke, ei uro. Du er så lys er mørkare enn tittelen tilseie. Renberg har forresten for første gong tydd til nynorsk i denne boka, og gjer det bra. Å skrive bra på nynorsk er noko Frode Grytten har gjort i ein del år no. Med årets bok Menn som ingen treng er han tilbake i novellesjangeren han ved nokre høve tidlegare har vist at han har eit spesielt grep om. Slik også denne gongen. Gjennom ti historier om menn som lever opp til bokas tittel. Frå dei hjelpelause til dei uheldige. Frå dei ærlege til dei uærlege. Fortalt med akkurat dei orda som skal til. Aller sterkast gjort i opningsnovella 1974, der eg-forteljaren ser tilbake på nokre skilsetjande månader då han var ung. Prega av svik, erotikk og klassemotsetnad. Tre ord som heller ikkje ville vere heilt fjerne i eit forsøk på å beskrive Pedro Carmona-Alvarez sin roman Bergen Ungdomsteater. Den andre om Marita. Ho som blei fødd nokre år etter at tvillingsøstrene hennar omkom i ei tragisk ulykke. Og som forfattaren starta å fortelje om i romanen Og været skiftet og det ble sommar og så videre. I bok to er faren reist tilbake til USA, og Marita flyttar til Bergen med mora, utan at mora kjem seg vidare i livet av den grunn. Men Marita prøver. Ho er tenåring, ho blir kjent med Johannes, og ho blir kjent med Andreas. Forfattaren fortel i eit melankolsk og rytmisk språk, eit godt språk, om vennskap, om einsemd og det å komme i andre rekke.

Dei to siste bøkene i Elena Ferrante sin Napoli-kvartett (Dei som flyktar og dei som blir og Historia om det tapte barnet) har også stått på menyen dette året. Lena og Lila blir vaksne, delvis i vennskap, delvis i fiendskap, men heile tida med ein avhengigheit av kvarandre. Åleine og saman utfordrar dei normene i bydelen dei vaks opp. På same vis og på ulikt vis er dei begge prega av bydelens jantelover og valdelege løysingar. Forfattaren evnar framleis å halde på lesaren frå side til side. Sjølv om det i desse to bøkene er parti der enkelte tema blir dvela vel lenge med. Slik opplevde eg det ikkje i dei to første.

2016 skulle også bli året då Nobels litteraturpris for første gong gjekk til ein songskrivar. Det har vore snakka om det nokre år. Snakka om at Bob Dylan burde få denne prisen. Snakka om kor vidt han fortener denne prisen. Den diskusjonen stilna ikkje akkurat av når han no endeleg fekk den. Sjølv har eg ei ganske så klar oppfatning av at mannen fortener prisen. Det har Gisle Selnes også. Tilfellet ville det slik at han kort tid etter at kunngjeringa var klar kom ut med ei fyldig bok om songane til Dylan. Den store sangen har han kalla den, med den noko audmjuke undertittelen «Kapitler av en bok om Bob Dylan». Han går her grundig inn i korleis Dylan har henta inspirasjon og drive med kreative tjuveri ifrå den amerikanske musikkarven. I tillegg dreg han linjer frå songane hans til dikt og skjønnlitteratur (frå Shakespeare til Edgar Allan Poe til T.S. Elliott til Jack Kerouac, og så vidare). Om ein har ei litt over gjennomsnittleg interesse for Dylans musikk skulle ein ha mykje glede av Selnes utlegningar om stoffet.

Angel Olsen – My Woman

Standard

Frå det elektrisk pågåande til det praktfullt ettertenksame.                                                   8

My Woman  Det startar med ein song som flyt av garde på ei draumeven bylgje av synth-tonar. Songen heiter Intern og handlar om forelsking og det store ønskje om å «be alive» og «make something real». Den er laga på ein melodi til å krype inntil, til å varme seg på, og den er så definitivt verkelig.

Baby don’t forget
don’t forget it’s a song
I’ll be the thing that lives in the dream when it’s gone

Det sluttar med at Angel Olsen sit åleine ved pianoet. Der framfører ho Pops, ein tynnhuda song om å kjenne seg forkommen, forlaten og einsam. Pianotonane hutrar, men maktar like fullt å vere vakre. Angel Olsen syng med skjelv i målet, og spør «what is it my hearts made of?». Men ho syng også med kraftfull indignasjon «live out your life, I’ll never tell you you’re wrong». Og så syng ho sisteverset eg har sitert like før dette avsnittet. I all sin enkelheit føler eg ikkje at det er heilt opplagt kva verset vil sei meg. Men eg veit det er vakkert (det er nok ein av årsakene til at eg måtte sitere det), og eg verar at det ber på eit håp, trass alt. Noko eg for så vidt synst høver seg som eit slags punktum, for det er jo eit spor Angel Olsen er inne på i fleire av songane undervegs, håp-sporet. I større grad enn kva som har vore tilfelle på hennar tre tidlegare plater.

Det er nokre år (6 år), og nokre soniske steg, sidan Angel Olsen ganske så folk-varleg debuterte med mini-albumet Strange Cacti. For så to år seinare å fylgje opp med eit nytt folk-album (Half Way Home) som heller ikkje bevega seg utafor den akustiske sfære. Annleis, ganske så annleis, skulle det bli når ho i 2014 presenterte seg med sitt tredje album, Burn Your Fire for No Witness. Ei plate der ho hadde eit aldri så lite band med seg, og handterte den elektriske gitaren like så flittig som den akustiske. Resultatet var ein ganske så variert seanse, der både det fyrige, det smussige, og det varlige fekk sin plass.

Når det gjeld My Woman og variasjon stiller det heile seg på ein litt annan måte. Eg har nemnt den soniske og tekstlige avstanden mellom første og siste song. Mellom desse pustar og lever det åtte andre songar med ein meir gitarorientert legning. Men Angel Olsen har gjort noko litt uvanlig når ho har bestemt kva rekkefølgje låtane skal ha. Ho har nemlig valgt, etter at varmen frå førstesporet har lagt seg, å pøse på med dei mest energiske låtane på albumet. For så i albumet sin andre halvdel å både roe tempoet betraktelig og la eit par av låtane flyte av garde til dei nesten passerer 8 minuttar. Om dette påfunnet kan ein jo då komme med den innvendinga at ho ved å stille songane som liknar mest på kvarandre nærast kvarandre rokkar ved variasjonen. Gjer den mindre. Mindre enn nødvendig. Kanskje gjer ho det også? Samstundes opplever eg at kvar enkelt song på plata stemplar inn med såpass eigenart at dei toler det.

I dare you to understand
what makes me a woman

Og plata heiter My Woman, og Angel Olsen er ei kvinne på 29 år, og ho har fortalt at plata mellom anna tar for seg kampen det er å vere kvinne, og det må jo vere vettug å ta for seg. Ho gjer det i samanhengar der det mellommenneskelige er ein vesentlig faktor, og då oftast det der mellommenneskelige som kallast kjærleik. Slik tilfelle er i den eine av dei nemnte lange låtane. Woman heiter den enkelt nok, men kjærleikstilhøvet som blir skildra i den er ikkje like enkelt. Hovudpersonen dobbelkommuniserer, ho fortel ein person at vedkomande kan dra sin veg , men ho gjer også uttrykk for at dei to har noko spesielt saman. Ho bryt og ho ber. Går ned på kne og syng «tell me what I wouldn’t do, tell me that love isn’t true, I dare you to understand, what makes me a woman». Ein gitarsolo, ein oppskrubba ein, gjer eit slags svar. I ei låt som sig fram med psykedeliske synth-fargar som bakteppe, ikkje så veldig langt unna trakter der Portishead har gjort mykje bra. Medan Angel Olsen si allsidige stemme vandrar mellom det kraftfulle og det vevre.

Til I am nothing else
but the feeling

Og røysta hennar er så mykje, frå rå til engleaktig og meir til, og heilt uaffektert er den det. På sitt råaste er den i grunge-åtaket Not Gonna Kill You. Ein song der kjenslene dansar utanpå, og der bøna «let the light shine in» går i nærkamp med destruktive krefter. Røff i mål og tone er dama også i songen som nok har det klaraste hit-potensialet på albumet, Shut Up Kiss Me. Ein song som ganske så eksplisitt maktar å fange augeblikket etter ein krangel der partane ikkje er heilt klare for å gå vidare enno. Men der den eine er nærare det enn den andre. Her er det ho. Noko ho med tydelig diksjon gjer til kjenne i refrenget – «Shut up kiss me hold me tight».

There is nothing new under the sun
heartache ends, heartache ends, heartache ends,
And begins again

Med Heart Shaped Face driv Angel Olsen inn i albumet sin rolege, dvelande avdeling. Det er eit snev av country å spore i den låta, av den sorten Lucinda Williams kunne skape i sine beste dagar, på nittitalet. Samstundes har den også eit vesen som kan minne meg om Sharon Van Etten. Å vere i endring er eit tema som blir tatt opp i låta. Noko den har til felles med Sister, den kanskje flottaste songen på plata. Eit snev av country er det i den også, der den sig framover, og forsiktig bygger seg oppover, og held tak i nokre drivande vakre tonar. «All of my life I thought had changed» er eit mantra i siste del av songen. Den andre songen som strekk seg mot åtte minuttar. Men mest opplever eg den som ei kjærleikserklæring til livet og til ei søster – «I want to live life, I want to die right, next to you».

Slik, med songar som går audmjukt til verks, med songar som er fulle av vilje, og med songar som har snerren i seg, tar Angel Olsen lyttaren med på ei variert ferd som når siste sukk tonar ut viser seg å henge bra i hop.

TIDAL: ANGEL OLSEN – MY WOMAN

Musikalsk årsoppgjer 2014

Standard

Spådomar frå fleire hald vil ha det til at musikkalbumet er eit utdøyande fenomen. Måtte spådomane slå feil, fullstendig feil. Det har komme flust av album i 2014 eg med styrke vil hevde beviser at albumet har livets rett, og vel så det. Dei 25 beste har det blitt ei liste av.

Men først 3 bøker (ikkje for noko anna grunn enn at bøker er like viktig som musikk, og at desse tre kjennes vel verdt å nemne).

Stoner  Rød eller død av David Peace (Innbundet) Innsirkling 3 av Carl Frode Tiller (Innbundet)

1. John Williams – Stoner
Skriven og utgitt for nesten femti år sidan. I norsk oversetting for første gong i år. Ei kultbok. «The greatest American novel you’ve never heard of» ifylgje The New Yorker. Ein vakkert og nennsamt fortalt historie, om eit ikkje spesielt eksepsjonelt liv. Ein manns liv frå barndom til grav på 270 sider. Melankolsk og skilsettande. Poesi i romanform.

2. David Peace – Rød eller Død
Om den legendariske Liverpool-manageren Bill Shankly. Sosialisten, fotballfanatikaren, arbeidsnarkomanen og eksentrikaren  Shankly. Ein roman, ikkje ein biografi. Fortalt i eit gjentakande, suggererande språk. Like enkel, like komplisert, like medrivande som fotballspelet i seg sjølv. Aldri har eg opplevd fotballsesong etter fotballsesong blitt meir fortetta og poetisk oppsummert.

3. Carl Frode Tiller – Innsirkling 3
Tiller sirklar seg inn på oppklaringa. Kjem fram til den, men ikkje til noko endelig avklaring, heldigvis. Det å vere menneske saman med andre menneske er ikkje enkelt. Kva ein seier, kva ein tenker, kva ein gjer, kva ein burde gjere, er på evig kollisjonskurs. Tiller skildrar det på storarta vis, igjen.

Så, over til albuma:

 Steve Gunn 

1. The War On Drugs – Lost In the Dream
Ei plate som vandrar sporenstreks inn i ein melodisk sigerstemning, og blir der ein heil time. Amerikansk gitarrock der låt etter låt blir tilført vennlegsinna synthlinjer, blir lindrande pianotøtsja, eller kanskje får ein blåleg saksofonvisitt. Låt etter låt som omgås sinnstemningar der mørket og mismotet rår, men der ein stigande aksept av tingas tilstand, og ei evne til å handtere forholda, også blir formidla. Det høyrest ikkje spesielt eksepsjonelt ut, og ei eksepsjonelt original plate er det ikkje. Men ….vel, eksepsjonell er den.

2. Steve Gunn – Way Out Weather
Sakte beveger melodien seg. Sakte beveger melodien. «Slowly moves the melody». Det trygge, det vanlige finst der, i songane, men også det spesielle, det særeigne. Steve Gunn gjer det melodisk, og han gjer det i ein hevdvunne tradisjon. Med ei lett hand får han strengene på gitaren (gitarane) til å synge som få andre gjer. Eg tenker på han som ein ukomplisert virtuos.

3. Sun Kil Moon – Benji
Songar frå perspektivet til ein middelaldrande mann. Songar som ikkje tar føre seg frå eit vidt spekter av det songar kan gjere. Dei held seg alle på innsida av det marginale mønsteret Mark Kozelek plar operere innafor. Der tonar ikkje spring av garde i veldig komplekse former, men der alt ruslar sin gang. Einsformig seier nokon, styggelig vanedannande seier eg.

4. Wussy – Attica!
Dei har latt seg inspirere, latt seg dugelig inspirere. Som dei uforbederlige rock’n roll-disiplane dei er, har dei latt seg inspirere til å lage songar som liknar på saker vi har høyrt før, som har både tjuveri og låneri klistra på seg. Likevel er dei forunderlig nok berre Wussy. Med ein glød og eit lidenskapelig forhold til alt dei driv med.

5. Sturgill Simpson – Metamodern Sounds In Country Music
Det er ikkje berre den ufattelige friskleiken, og nærværet i tonane, eg merkar meg, men også viljen, og motet, både til å gå den rakaste enklaste mest naturlige og klassiske countryvegen, og til å driste seg utpå. Som det å sveipe tonane inn i psykedelia. Nokre gonger subtilt og sobert, andre gonger meir utstrakt.

6. Ought – More Than Any Other Day
Postpunk. Den stramme pågåande kantete fabelaktige postpunken er vel den mest nærliggande merkelappen å klistre på Ought. Men dei er ikkje berre slik, Ought kan også ha noko meir avrunda og elastisk i det dei gjer. Inntrykket er vel at det ikkje er avgrensingar og dogmer som er opplegget her. Heller eit frilyndt dykk inn dit energien har dei beste vilkår, der temperaturen aldri kviler.

7. Angel Olsen – Burn Your Fire For No Witness
Frå det skjøre til det konfronterande, frå det nennsame til det forrykande, den ueinsarta plata til Angel Olsen dekkar alt det og meir til. Når den så i tillegg er fostra på sterk vilje, har bevart passeleg med smuss, og er melodisk velhalden, sitt eg i grunn att ganske så tomhendt på innvendingar.

8. Parquet Courts – Sunbathing Animal
Eit band i frenetisk vigør, heilfrelste på konsise riff, hissig skinger og rammande groove. Der orda kjem fort, som ein dans i unnabakke. Med og utan fotfeste. Parquet Courts står ikkje stille, dei tar til seg det beste av det dei har høyrt, og gjer det om til sin måte å gå råbarka til verks på.

9. Sharon Van Etten – Are We There
På ingen måte eindimensjonale songar. Dei kan tolkast i ulik lei. Ja det er ikkje ein gong sikkert dei er så melankolityngde som dei gjer inntrykk av å vere. Ikkje er dei så marginale på melodisk variasjon som dei først kan gje inntrykk av å vere heller. Dei har ei blomstrande kraft i seg.

10. Woods – With Light and With Love
Human popmusikk. Med sine manglar, med sine intensjonar, med sitt overskot. Woods sitt album av året har mykje i seg og mykje for seg, og står fram som kongruent og variert i same andedrag. Sprett både lett over overflata og skjer seg inn i materien. Og 1967 er aldri langt unna.

11. Hookworms – The Hum
Psykedelisk vitalitet, hektande melodilinjer, suggererande rytmiske tilhøve, og ein ikkje ubetydelig larm.

12. Torgeir Waldemar – Torgeir Waldemar
Røysta. Den rommar klangen av det den formidlar. Tida. Han tek seg tid til å bli i songane sine. Songane. Dei har sitt klare opphav frå ein tradisjon, har sine merker frå meir enn ein låtskrivar, men høyrer likevel så sjølvsagt heime hos han som syng dei.

13. Simone Felice – Strangers
Han er her ikkje for å revolusjonere musikkhistoria. Han serverer 10 songar som hentar sitt liv og sitt vesen frå den amerikanske songtradisjonen.  Dei har sin verknad.

14. Damien Jurado – Brothers and Sisters of the Eternal Son
Den tidlegare trubaduren har for alvor funne fram til det dansbare, det psykedeliske, og det spirituelle.

15. EMA – The Future’s Void
Strenge, skarpe, kalde lydkjelder dansar og kranglar rundt låtar som oftare enn det kan virke som, sånn med det same, har eit godt melodisk hjerte.

16. Timber Timbre – Hot Dreams
Hot Dreams er ein tanke meir raffinert enn tidlegare plater av Timber Timbre, og har ein varme som ikkje alltid konsulterer gufset. Men fredlaust er det.

17. Strand of Oaks – HEAL
Ei reinsing, ein personleg kamp, men kanskje mest av alt ein kjærleik til musikken.

18. Beck – Morning Phase
Temmelig langt unna friskusen frå Odelay. Ikkje så veldig langt unna den tynga melankolikaren frå Sea Change, men med mindre melankoli i brystet.

19. The Men – Tomorrow’s Hits
Du skal ikkje kimse av god gammaldags rufsete rock’n roll. I alle fall ikkje slik den fortonar seg i henda til The Men frå Brooklyn.

20. Hurray For The Riff Raff – Small Town Heroes
Songar som kunne vore her for lenge sidan, som har eit gammalt Amerika i seg. Men dei er heilt nye, dei er eit friskt oppkok av folk, country og blues.

21. John Fullbright – Songs
Country som finn soul, mørke krokar, einsame tonar, og litt lykke.

22. Mirel Wagner – When the Cellar Children See the Light of Day
Ho vev livet, kjærleiken og døden i hop på sin måte – enkelt, tvitydig, dirrande.

23. Big Ups – Eighteen Hours of Static
Med glød i blikket og angst i bringa hiv dei seg over amerikanske undergrunnstonar slik dei lydde den gongen Pixies og Jesus Lizard var unge.

24. Joe Henry – Invisible Hour
Varme tonar, varlege tonar, og gåtefulle innspel om livets relasjonar

25. Pere Ubu – Carnival of Souls
Endå eit vitalt tilskot til ein etter kvart imponerande albumkatalog på utsida av gjengs rock’n roll åtferd.

Angel Olsen – Burn Your Fire For No Witness

Standard

Ei pur og sterk røyst melder for alvor frå at ho er her.                                                                                     8

cover  Til slutt kjem optimismen sigande. Skimrande og uendelig vakkert kjem den sigande, gjennom Windows. Opne Windows. «What’s so wrong with the light?» spør Angel Olsen, og det uutalte svaret lyde vel sånn cirka «ikkje så mykje, absolutt ikkje så mykje». «Won’t you open a window sometime?» spør ho også, og det bygger seg opp, utsikta klarnar, der ute finst håpet. Noko Angel Olsen i dei ti føregåande songane slett ikkje har gitt uttrykk for at ho har kjent seg overvettes sikker på. Der har det vel handla meir om å slå av lyset enn om å slå det på. Men songane har aldri slokna. Til det er dei altfor sterke, og ikkje minst er dei blitt formidla av ei røyst som er 100% tilstades midt i dei. Slikt set spor.

Burn Your Fire For No Witness er Angel Olsen si tredje plateutgjeving. På dei to første (6-spors mini-lp’en Strange Cacti og albumet Half Way Home) har det ikkje vore så veldig mykje meir enn ho og gitaren. Omslutta av romklang på Strange Cacti, heilt nær på Half Way Home. To faktorar som blir kombinert på Burn Your Fire For No Witness, i tillegg til at ho har fått seg eit lite band. Trommisen Joshua Jaeger og bassisten Stewart Bronaugh. Saman med produsent John Congleton spelar dei to på ein del andre instrument også, medan Angel Olsen sjølv i langt større grad trakterer den elektriske gitaren enn den akustiske. Slikt kan det bli bra med lyd av. Til tider i alle fall.

Forgiven/Forgotten representerer definitivt slike tider. Eit stridig rockeaugeblikk som kunne ha blitt fødd tidleg på nittitalet, i ein grunge-kjellar, eller der Liz Phair gjennomførte sitt Exile In Guyville. Men Angel Olsen har i grunn ingen vanskar med å overtyde meg om at dette her er hennar greie, hennar song, hennar refleksjonar. «If there’s one thing I fear, it’s knowing you’re around, so close but not here» syng ho, på veg inn i ein tilstand av vil/vil ikkje, også kalla den store villreia. Ein tilstand ho på sett og vis er innom i mange av songane. Og der ho ikkje skildrar nett den tilstanden så skildrar ho slektningar av den.

For eit par år sidan høyrde eg ho synge nokre songar saman med Bonnie Prince Billy på hans Wilfroy Goes To Town album. Sterkast kan eg minnast henne i eit ikkje heilt udramatisk augeblikk spørje «Ain’t I a woman? Ain’t you a man? Why wait for somebody? Why make a plan?» og så konkludere med «Fuck birds in bushes! Lets take em in hand!». Det handlar om kvinner og menn i songane ho syng på denne sin eigen plate også, men like direkte til matfatet fer ho nok ikkje her.

Eg opplever songane hennar som omskiftelige. Dei er fulle av kjensler, men ikkje av einsretta kjensler. Ho kan vere krass og bruke harde ord, men evnar samstundes å vere reflektert. Perspektivet ho startar ein song med kan dreie seg ganske kraftig undervegs. Frå åtak til vørdnad, frå draum til realitet, frå kjærast til fiende, frå skrik til song. Og gjerne tilbake igjen, eller inn i ein tredje eller uklar retning.

«I wish I had the voice of everything» høyrer eg Angel Olsen synge i Stars, som siste linje i eit oppskaka vers, i inngangen til eit refreng som handlar om skriket. I ei glødande tonedrakt formidlar dama eit ynskje om å skrike alt som eksisterer tilbake til «nothingness». Etter neste vers – eit ikkje like oppskaka vers, eit vers der ho formidlar at eit smil kan få henne inn på heilt andre tankar – endrar refrenget seg. Ho vil ikkje lenger skrike, ho vil synge, ho vil synge nytt liv i alt kring seg, og tonane glødar ikkje akkurat mindre. Ein song som set spor.

Og ein til. «Everything is tragic, it all just falls apart» opnar ho White Fire med, og held fram med å uttrykke anger og uro, men også det å vere på utkikk etter «all things summer». Ho kjem med ei oppmoding om å brenne flammen utan vitner, og ho kjem fleire gonger inn på dette å vera uønska. «I heard my mother thinking me right back into my birth» lyde ei sentral linje. Forkynt av ei ung kvinne som blei adoptert bort då ho var eit lite barn. I ein song ho syng åleine med gitaren sin, til tonar som slektar på eit par gamle Cohen-balladar, men som i denne skilsettande samanhengen blir 100 % Angel Olsen.

Utprega skvetten opplever eg henne ikkje å vere. Den ikkje heilt nyoppdaga linja «I feel so lonesome I could cry» har ho mage til å opne ein av sine songar (Hi-Five) med. Men idet songen jumpar og knurrar vidare og skildrar einsemd som møter einsemd, og ein smått sarkastisk Olsen slår sine «high five», er det vel ikkje akkurat Hank Williams eg har i tankane. Nei snarare heller Lou Reed då tenker eg. Ein fyr som låta High & Wild også ber på ei lita gjeld til. Der den tar seg fram med manande krefter, og dama med mikrofonen snerrar meir eller mindre velvalgte linjer mot ein fyr ho ikkje kjenner seg heilt trygg på lenger: «You’re here, you’re here, but your spirit disappeared off to some place that I don’t know, some demon thing has squashed your soul and I don’t recognize you».

Frå det skjøre til det konfronterande, frå det nennsame til det forrykande, den ueinsarta plata til Angel Olsen dekkar alt det og meir til. Når den så i tillegg er fostra på energi, har bevart passeleg med smuss, og er melodisk velhalden, sitt eg i grunn att ganske så tomhendt på innvendingar.

Dei 5 beste albuma frå februar 2014 (Slik eg har oppfatta det)

Standard

Sun Kil Moon – Benji        9

Benji 46 år gammal er Mark Kozelek no over tjue år inn i ein musikk-karriere som har avfødd fleire plateutgjevingar enn det eg har oversikt over. Det første tiåret under signaturen Red House Painters, seinare under eige namn, og i diverse samarbeidskonstellasjonar, men først og fremst som Sun Kil Moon. Heile tida i dette ikkje spesielt hastige tempoet, med den akustiske nylonstrenggitaren som det sentrale instrumentet, og  med melankolien som den drivande grunnkrafta. Einsformig seier nokon, styggelig vanedannande seier eg (og på Benji for så vidt ein tanke meir variert enn den gjennomsnittlege Kozelek-utgjevinga – kva no det er).

Mark Kozelek høyrer nok med blant desse ein kan nytte det noko omstridde begrepet litterær låtskrivar om. Det er ikkje mindre aktuelt denne gongen, for aldri har han fylt songane sine med fleire ord. I tillegg er det freistande å trekke ein parallell til eit konkret litterært verk, Karl Ove Knausgård sin Min Kamp. Akkurat som Knausgård går Kozelek inn i sin private sfære, blottlegg eigne kjensler, fortel det slik det blir opplevd, eller slik minnet om noko som hendte fortonar seg, utan ironi, utan metaforar, i eit enkelt og dagligdags språk. Nokre gonger nesten på grensa til platt, ved andre høve utstrålar det ei poetisk kraft, men heile tida maktar Kozelek, akkurat som romanforfattaren, å skape noko med ein suggestiv energi i seg.

Men Kozelek er ikkje forfattar, han er låtskrivar, så det han byr på er først og fremst songar. Energien i orda hans hadde nok ikkje vore den same om dei ikkje hadde hatt sin eksistens i lag med tonar. Eller om dei ikkje hadde blitt fortalt i songaren sin slentrande, modne og sterkt nærverande songstil, akkompagnert av fingerplukka gitartonar, og litt meir (litt koring, ein xylofon, ein bass, eit tangentinstrument, ja endåtil trommer ved nokre høve, og ein saksofon i avslutningslåta).

Ein dryg time varer plata. Den kjennest berre så altfor kort. Akkurat som livet, for oss middelaldrande menn, og kvinner. Dette er songar for oss det.

Låt: Ben’s My Friend 

 

Angel Olsen – Burn Your Fire For No Witness       8

Burn Your Fire for No Witness For eit par år sidan høyrde eg Angel Olsen synge nokre songar saman med Bonnie Prince Billy på hans Wilfroy Goes To Town. Sterkast kan eg minnast henne i eit ikkje heilt udramatisk augeblikk spørje «Ain’t I a woman? Ain’t you a man? Why wait for somebody? Why make a plan?» og så konkludere med «Fuck birds in bushes! Lets take em in hand!». Det handlar om kvinner og menn i songane ho syng på denne sin eigen plate også, men like direkte til matfatet fer ho nok ikkje her.

Eg opplever songane hennar som omskiftelige. Dei er fulle av kjensler, men ikkje av einsretta kjensler. Ho kan vere krass og bruke harde ord, men evnar samstundes å vere reflektert. Perspektivet ho startar ein song med kan dreie seg ganske kraftig undervegs. Frå åtak til vørdnad, frå draum til realitet, frå kjærast til fiende, frå skrik til song. Og gjerne tilbake igjen, eller inn i ein tredje eller uklar retning.

Burn Your Fire For No Witness er Angel Olsen si tredje plateutgjeving. På dei to første (6-spors mini-lp’en Strange Cacti og albumet Half Way Home) har det ikkje vore så veldig mykje meir enn ho og gitaren. Omslutta av romklang på Strange Cacti, heilt nær på Half Way Home. To faktorar som blir kombinert på Burn Your Fire For No Witness, i tillegg til at ho har fått seg eit lite band. Det har ikkje gjort songane hennar vondt. Songar som beveger seg mellom det skjøre og det konfronterande. På ei plate som framstår som ganske så ueinsarta. Når den så i tillegg er fostra på vitalitet, har bevart passeleg med smuss, og er melodisk velhalden, sitt eg i grunn att ganske så tomhendt på innvendingar.

Låt: Stars 

 

Beck – Morning Phase        7

Morning Phase Dette er temmelig langt unna friskusen frå Odelay. Men det er ikkje så veldig langt unna den tynga melankolikaren frå Sea Change. «A companion piece of sorts» i fylgje opphavsmannen sjølv. Og sidan det no er han som seier det, og tonen ein gong er lagt i denne tålsamt glidande og akustisk-orienterte leia, skal ikkje eg legge inn dei store protestane. «California music» har Beck også kalla det, og her eg sit med Laurel Canyon på tungespissen er heller ikkje det ein karakteristikk eg kjenner sterkt for å motseie.

Tar eg vegen inn i orda så merkar eg meg at det er tale om einsemd og avskjed, eg høyrer han synge om at det er ingenting att «except the damage done», og eg høyrer han nemne drukning og underdønningar. Lystelig kan ein vel neppe kalle slikt. Men i staden for å slåss med dønningane kan ein kanskje finne ei bølgje og flyte med, og så heiter jo ikkje plata Morning Phase heilt utan grunn, det er eit morgonlys å spore her. Ein fred å kvile i. Så like botnlaus melankolsk som Sea Change er ikkje denne plata. Heilt like bra er den vel heller ikkje. Den har sine anonyme låtar som ikkje heilt klarar å komme seg ut av sin anonymitet, utan at det frustrerar meg nemneverdig. For mest av alt er plata deilig lat og vakker.

Låt: Blue Moon 

 

Hurray For the Riff Raff – Small Town Heroes       7

Small Town Heroes Dette er songar som kunne vore her for lenge sidan. Dei har eit gammalt Amerika i seg. Men dei er heilt nye, det er i grunn ikkje så vanskelig å oppfatte. Dei er alle skrivne av 26 år gamle Alynda Lee Segarra. Ho har saker og ting på hjerta.

Alynda Lee Segarra har foreldre frå Puerto Rico, ho vaks opp i New York, men som tenåring slengte ho sekken på ryggen og drog USA på kryss og tvers. Av alle byane og stadane ho var innom likte ho New Orleans aller best. No bur ho der. Og har dette bandet, som ho er den definitive drivkrafta i, men som er eit band.

Small Town Heroes er på ingen måte eit debutalbum. Det er bandets femte. Det føregåande, Look Out Mama, er av same kaliber.

Songane Til Alynda er befolka av personar som ikkje lever sine liv i den offisielle amerikanske draumen. Ho syng om den mytiske helten John Henry, om draumaren, vandraren, dei misforståtte, dei misbrukte, dei valdsutsatte, dei homoseksuelle, dei verkelige heltane, og så syng ho om byen ho bur i.

I eit friskt oppkok av folk, country og blues. Tradisjon utan datostempel.

Låt: The Body Electric 

 

Temples – Sun Structures         7

Sun Structures Fleire songar som kunne ha vore her for lenge sidan. I alle fall for 47 år sidan. Tettpakka som dei er av kaleidoskopiske strukturar og svevande bildespråk kunne dei ha blitt til på den amerikanske vestkysten midt i den psykedeliske høgtida. Men heilt slik står det altså ikkje til. Desse tonane har blitt til i den heller anonyme engelske Midlandsbyen Kettering, no ganske så nylig. Av ein ung kvartett som har høyrt sin dose av The Byrds, Jefferson Airplane og The Moody Blues.

På dette debutalbumet omfamnar dei herlegdomen med energisk lyst og velorienterte melodiske evner. Lyden er stor, av Spectorske dimensjonar. Romklangen varmar inne i eit luftig tåkelag. Trommene lyde bombastisk og tolvstrengsgitaren ringer, og innimellom blir det sunge som om det var glamrock dei dreiv med og ikkje ei kosmisk reise.

I all denne klangen av saker som har komme til dei utanfrå lukkast Temples med å vise att sjølve. Uttrykke ein personlegdom. Og det er jo bra.

Låt: Colours To Life