Tag Archives: Adam Granduciel

The War On Drugs – A Deeper Understanding

Standard

Eit (litt for?) mektig måltid

Bilderesultat for the war on drugs a deeper understanding  Dette var ikkje gjort over natta. Denne plata har Adam brukt tid på. Han er for så vidt kjent for det.

Coverbildet viser Adam Granduciel knipsa midt i prosessen. I eit platestudio. Ved pianoet, omringa av instrumenter og utstyr. Der har han brukt timar, dagar, månader. Perioden 2015-2017. Forresten ikkje berre i eitt studio. Meir korrekt er vel å seie eit titals. Der har perfeksjonisten Adam Granduciel, frontmannen i The War On Drugs, flikka og sveitta og bygd og spelt inn A Deeper Understanding.

Det førre The War On Drugs-albumet, Lost In The Dream, blei eit gjennombrot. Kommersielt og blant musikkskribentar. Fortent nok. Det var, og er, eit album der The War On Drugs tar sin heartlandrock inn i eit widescreenformat som høgg bra tak. Der ein varm synthvind straumar gjennom mykje av stoffet, medan gitarane både vandrar med og kvess litt til. Der det finst flust av melodisk gnist og varme. Og der det kongruente har eit rimeleg variert vesen.

Sonisk fylgjer A Deeper Understanding i spora til Lost In The Dream. Med den forskjellen at alt er større her, alt er det meir av, alt er likare, og alt er endå meir perfeksjonert. Der Granduciel på førre album sånn i snitt spelte rundt fem ulike instrument pr. låt, nærmar han seg denne gongen ti (i tillegg kjem sjølvsagt resten av bandmedlemene sine bidrag). Ei lita utfordring blir då at det subtile, detaljane, kan bli vanskelegare å finne inn til. Det eine smeltar i hop med det andre, og blir til ein mektig masse. Eller kanskje det ikkje blir det i ein slik grad eg innbiller meg, kanskje er det trommene. Kanskje er det den bastante og dominante trommelyden eg finn litt problematisk. Det at den ikkje har spensten og schwungen til å groove sakene vidare. Det at den blir litt giddalaus monoton og samstundes stel for mykje av bildet. Ja kanskje er det der midt vesle problem med denne plata ligg? I alle fall, dei sekstiseks minuttane plata brukar frå første til siste tone blir nok.

Men eg kan ikkje få nok av Thinking Of A Place. Den elleve minuttar lange låta som var det første livsteiknet frå plata. Den er ei inspirert og lett vemodig reise i eit ope landskap, gjennom natta, under ein skinande måne, inn i lyset. Den handlar om kjærleik, og er ikkje utan hypnotiske evner. Der den glir av garde på behagelege soniske bylgjer, og kan skilte med ein skimrande gitarsolo i sin midte. Ja eg kan like fleire av dei andre låtane på plata også. Eg kan det. Eg likar Pain, og det melodisk og melankolsk tiltalande med den. Eg likar den Don Henley-aktige opningslåta Up All Night også. For den har eit groove som funkar, den har det. Og ein gitarsolo som skjær igjennom. Avslutningssongen, den Dylanske balladen You Don’t Have To Go likar eg også, med sin vesle lyriske gitarsolo og sitt gode melodiske lune.

Kva er så denne djupare forståinga som albumtittelen varslar om? Ja sei det du. «Never meant to bring my pain into the frame», syng Granduciel. Eg tar meg i å lure på om det ikkje er nett det han gjer. Vi er jo ikkje komme lenger enn til spor nummer to før vi møter på ein song som kort og godt heiter Pain. Eit ord som rimar på Rain. For regnar gjer det også til tider. Og vegen går rett som det er «into the darkness», inni «the night». Men hei, «night» rimar på «light» det er noko også Granduciel veit. Så her er ikkje bekmørkt, her er også måneskin og dagslys, og angsten kan flyte bort, og kjærleiken flyte inn. Stundom.

Og stundom er kanskje ordet. For stundom, altså nokre gonger når eg har høyrt på plata, har den gjort sterkare inntrykk enn andre gonger. Nokre gonger grip heartlandhymnene på albumet tak i meg, andre gonger visnar interessa mi bort og eg tar meg i å drive med heilt andre ting enn å gå inn i A Deeper Understanding. Kanskje er det ei betre plate enn eg har fått fram i denne teksten? Ja eg trur det, det gjer eg. Men like bra som Lost In The Dream er den ikkje, absolutt ikkje.

7/10

TIDAL: THE WAR ON DRUGS – A DEEPER UNDERSTANDING

Høyr her: The War on Drugs og ei heilt ny låt

Standard

The War On Drugs - Thinking Of A Place  Den nye songen til The War on Drugs er i grunn ei nydeleg oppleving. Thinking of a Place heiter den og breier seg utover 11 minuttar, på eit varmt synth-teppe, med ein behageleg puls, i ein lett vemodig tone. Den har sin skimrande gitarsolo og sine lengtande munnspeltonar. Den er ei reise i eit ope landskap, gjennom natta, under ein skinande måne, inn i lyset. Den handlar om kjærleik, og er ikkje utan hypnotiske evner.

Thinking of a Place er det første nye The War on Drugs har presentert sidan albumet Lost In the Dream frå 2014. Bandet har også nyleg annonsert ein lengre haustturné, som 24. november endar opp i Spektrum i Oslo. Men eg har ikkje klart å snappa opp noko rykte om at det kan vere eit nytt album i kjømda…

TIDAL: THE WAR ON DRUGS – THINKING OF A PLACE

Musikalsk årsoppgjer 2014

Standard

Spådomar frå fleire hald vil ha det til at musikkalbumet er eit utdøyande fenomen. Måtte spådomane slå feil, fullstendig feil. Det har komme flust av album i 2014 eg med styrke vil hevde beviser at albumet har livets rett, og vel så det. Dei 25 beste har det blitt ei liste av.

Men først 3 bøker (ikkje for noko anna grunn enn at bøker er like viktig som musikk, og at desse tre kjennes vel verdt å nemne).

Stoner  Rød eller død av David Peace (Innbundet) Innsirkling 3 av Carl Frode Tiller (Innbundet)

1. John Williams – Stoner
Skriven og utgitt for nesten femti år sidan. I norsk oversetting for første gong i år. Ei kultbok. «The greatest American novel you’ve never heard of» ifylgje The New Yorker. Ein vakkert og nennsamt fortalt historie, om eit ikkje spesielt eksepsjonelt liv. Ein manns liv frå barndom til grav på 270 sider. Melankolsk og skilsettande. Poesi i romanform.

2. David Peace – Rød eller Død
Om den legendariske Liverpool-manageren Bill Shankly. Sosialisten, fotballfanatikaren, arbeidsnarkomanen og eksentrikaren  Shankly. Ein roman, ikkje ein biografi. Fortalt i eit gjentakande, suggererande språk. Like enkel, like komplisert, like medrivande som fotballspelet i seg sjølv. Aldri har eg opplevd fotballsesong etter fotballsesong blitt meir fortetta og poetisk oppsummert.

3. Carl Frode Tiller – Innsirkling 3
Tiller sirklar seg inn på oppklaringa. Kjem fram til den, men ikkje til noko endelig avklaring, heldigvis. Det å vere menneske saman med andre menneske er ikkje enkelt. Kva ein seier, kva ein tenker, kva ein gjer, kva ein burde gjere, er på evig kollisjonskurs. Tiller skildrar det på storarta vis, igjen.

Så, over til albuma:

 Steve Gunn 

1. The War On Drugs – Lost In the Dream
Ei plate som vandrar sporenstreks inn i ein melodisk sigerstemning, og blir der ein heil time. Amerikansk gitarrock der låt etter låt blir tilført vennlegsinna synthlinjer, blir lindrande pianotøtsja, eller kanskje får ein blåleg saksofonvisitt. Låt etter låt som omgås sinnstemningar der mørket og mismotet rår, men der ein stigande aksept av tingas tilstand, og ei evne til å handtere forholda, også blir formidla. Det høyrest ikkje spesielt eksepsjonelt ut, og ei eksepsjonelt original plate er det ikkje. Men ….vel, eksepsjonell er den.

2. Steve Gunn – Way Out Weather
Sakte beveger melodien seg. Sakte beveger melodien. «Slowly moves the melody». Det trygge, det vanlige finst der, i songane, men også det spesielle, det særeigne. Steve Gunn gjer det melodisk, og han gjer det i ein hevdvunne tradisjon. Med ei lett hand får han strengene på gitaren (gitarane) til å synge som få andre gjer. Eg tenker på han som ein ukomplisert virtuos.

3. Sun Kil Moon – Benji
Songar frå perspektivet til ein middelaldrande mann. Songar som ikkje tar føre seg frå eit vidt spekter av det songar kan gjere. Dei held seg alle på innsida av det marginale mønsteret Mark Kozelek plar operere innafor. Der tonar ikkje spring av garde i veldig komplekse former, men der alt ruslar sin gang. Einsformig seier nokon, styggelig vanedannande seier eg.

4. Wussy – Attica!
Dei har latt seg inspirere, latt seg dugelig inspirere. Som dei uforbederlige rock’n roll-disiplane dei er, har dei latt seg inspirere til å lage songar som liknar på saker vi har høyrt før, som har både tjuveri og låneri klistra på seg. Likevel er dei forunderlig nok berre Wussy. Med ein glød og eit lidenskapelig forhold til alt dei driv med.

5. Sturgill Simpson – Metamodern Sounds In Country Music
Det er ikkje berre den ufattelige friskleiken, og nærværet i tonane, eg merkar meg, men også viljen, og motet, både til å gå den rakaste enklaste mest naturlige og klassiske countryvegen, og til å driste seg utpå. Som det å sveipe tonane inn i psykedelia. Nokre gonger subtilt og sobert, andre gonger meir utstrakt.

6. Ought – More Than Any Other Day
Postpunk. Den stramme pågåande kantete fabelaktige postpunken er vel den mest nærliggande merkelappen å klistre på Ought. Men dei er ikkje berre slik, Ought kan også ha noko meir avrunda og elastisk i det dei gjer. Inntrykket er vel at det ikkje er avgrensingar og dogmer som er opplegget her. Heller eit frilyndt dykk inn dit energien har dei beste vilkår, der temperaturen aldri kviler.

7. Angel Olsen – Burn Your Fire For No Witness
Frå det skjøre til det konfronterande, frå det nennsame til det forrykande, den ueinsarta plata til Angel Olsen dekkar alt det og meir til. Når den så i tillegg er fostra på sterk vilje, har bevart passeleg med smuss, og er melodisk velhalden, sitt eg i grunn att ganske så tomhendt på innvendingar.

8. Parquet Courts – Sunbathing Animal
Eit band i frenetisk vigør, heilfrelste på konsise riff, hissig skinger og rammande groove. Der orda kjem fort, som ein dans i unnabakke. Med og utan fotfeste. Parquet Courts står ikkje stille, dei tar til seg det beste av det dei har høyrt, og gjer det om til sin måte å gå råbarka til verks på.

9. Sharon Van Etten – Are We There
På ingen måte eindimensjonale songar. Dei kan tolkast i ulik lei. Ja det er ikkje ein gong sikkert dei er så melankolityngde som dei gjer inntrykk av å vere. Ikkje er dei så marginale på melodisk variasjon som dei først kan gje inntrykk av å vere heller. Dei har ei blomstrande kraft i seg.

10. Woods – With Light and With Love
Human popmusikk. Med sine manglar, med sine intensjonar, med sitt overskot. Woods sitt album av året har mykje i seg og mykje for seg, og står fram som kongruent og variert i same andedrag. Sprett både lett over overflata og skjer seg inn i materien. Og 1967 er aldri langt unna.

11. Hookworms – The Hum
Psykedelisk vitalitet, hektande melodilinjer, suggererande rytmiske tilhøve, og ein ikkje ubetydelig larm.

12. Torgeir Waldemar – Torgeir Waldemar
Røysta. Den rommar klangen av det den formidlar. Tida. Han tek seg tid til å bli i songane sine. Songane. Dei har sitt klare opphav frå ein tradisjon, har sine merker frå meir enn ein låtskrivar, men høyrer likevel så sjølvsagt heime hos han som syng dei.

13. Simone Felice – Strangers
Han er her ikkje for å revolusjonere musikkhistoria. Han serverer 10 songar som hentar sitt liv og sitt vesen frå den amerikanske songtradisjonen.  Dei har sin verknad.

14. Damien Jurado – Brothers and Sisters of the Eternal Son
Den tidlegare trubaduren har for alvor funne fram til det dansbare, det psykedeliske, og det spirituelle.

15. EMA – The Future’s Void
Strenge, skarpe, kalde lydkjelder dansar og kranglar rundt låtar som oftare enn det kan virke som, sånn med det same, har eit godt melodisk hjerte.

16. Timber Timbre – Hot Dreams
Hot Dreams er ein tanke meir raffinert enn tidlegare plater av Timber Timbre, og har ein varme som ikkje alltid konsulterer gufset. Men fredlaust er det.

17. Strand of Oaks – HEAL
Ei reinsing, ein personleg kamp, men kanskje mest av alt ein kjærleik til musikken.

18. Beck – Morning Phase
Temmelig langt unna friskusen frå Odelay. Ikkje så veldig langt unna den tynga melankolikaren frå Sea Change, men med mindre melankoli i brystet.

19. The Men – Tomorrow’s Hits
Du skal ikkje kimse av god gammaldags rufsete rock’n roll. I alle fall ikkje slik den fortonar seg i henda til The Men frå Brooklyn.

20. Hurray For The Riff Raff – Small Town Heroes
Songar som kunne vore her for lenge sidan, som har eit gammalt Amerika i seg. Men dei er heilt nye, dei er eit friskt oppkok av folk, country og blues.

21. John Fullbright – Songs
Country som finn soul, mørke krokar, einsame tonar, og litt lykke.

22. Mirel Wagner – When the Cellar Children See the Light of Day
Ho vev livet, kjærleiken og døden i hop på sin måte – enkelt, tvitydig, dirrande.

23. Big Ups – Eighteen Hours of Static
Med glød i blikket og angst i bringa hiv dei seg over amerikanske undergrunnstonar slik dei lydde den gongen Pixies og Jesus Lizard var unge.

24. Joe Henry – Invisible Hour
Varme tonar, varlege tonar, og gåtefulle innspel om livets relasjonar

25. Pere Ubu – Carnival of Souls
Endå eit vitalt tilskot til ein etter kvart imponerande albumkatalog på utsida av gjengs rock’n roll åtferd.

The War On Drugs – Lost In The Dream

Standard

The War On Drugs vandrar sporenstreks inn i ein melodisk sigerstemning, og blir der ein time. 

Lost in the Dream  Det hender ein gong iblant at det dukkar opp songar som grip meg noko inderlig. Det kan vere ulike kvalitetar som forårsakar slikt. Som oftast klarer eg ikkje komme opp med ei eksakt forklaring, det er berre noko som skjer. Eyes To The Wind, sentralt plassert på det tredje albumet til The War On Drugs, er ein slik song. Det er ingen innovativ eller ekstraordinær song. Like fullt er den ….. vel, ekstraordinær. På sitt ukompliserte vis. Frå den melder sitt kome i form av ein kort dialog mellom ein akustisk gitar og ein steelgitar til den andar ut (seks minutt seinare) med ein varm saksofontone har songen ei saliggjerande effekt.

Eg trur det går an å seie at Eyes To The Wind har noko storslagent med seg, men at den samstundes er motpolen til pompøs. Det er mange instrument i arbeid undervegs. Men du verden så naturlig og lett dei arbeidar saman. Sym inn, driv ut, gjer gode ting i hop. Skapar eit luftig lag. I velkjente sfærar. Den amerikanske vestkysten tenkte eg dei første gongene. Jackson Browne og Don Henley tenkte eg. Eller kva med mannen som samla seg så storveges rundt slike tonar førre året, Jonathan Wilson? Tenkte eg. Etter fire-fem gonger i selskap med songen slutta eg å tenke slik. Etter det har eg berre tenkt at dette, det er The War On Drugs. Dette er frontfigur Adam Granduciel som syng om å komme seglande «down here on the wind», men som berre ei lita linje seinare ser seg sjølv som eit «train in reverse down a dark road». Det bles ein melankolsk bris tvers gjennom songen. Hovudpersonen kjenner seg «a bit run down here at the moment», men det er ikkje slik fatt med han at han på noko vis har gitt opp. Han set sin lit til vinden. Ja eg meiner beint fram å høyre ein jubel i røysta til songaren idet han bringer låta inn i sin avsluttande instrumentale fase, med desse orda: «Yeah, I’m all alone here, living in darkness, all right».

Det hender ein gong iblant at det dukkar opp plater eg kjenner meg sterkt knytt til. Det kan vere ulike årsaker til det. Det kan stundom til og med vere vanskelig å forstå, eller å forsvare for den saks skuld, men det skjer. Det tredje albumet til The War On Drugs er ei slik plate. Ei eksepsjonelt original plate er det ikkje. Men ….vel, eksepsjonell er den. På sin måte. Frå den melder sin kome med forstyrra hypertikkande perkussivitet til den glir bort i ein mild synthbris 60 minutt seinare har den vist seg som ein romslig draum, elegisk og håpefull, og djupt inspirert.

Det minst originale ein kan gjere når ein skal omtale The War On Drugs er sannsynlegvis å komme drassande med Bruce Springsteen. Eg avgjer her og no at eg ikkje går inn for å være original og kjem derfor drassande med Bruce Springsteen. Eg høyrer visse avtrykk av den mannen på plata, og eg høyrer veldig vel at Burning dansar rundt der Dancing In the Dark vart til. Ein song som avgjort ikkje høyrer med til Springsteen sine beste. «You’re not the demon in the dark» syng Granduciel og får sin song til å danse med meir oppriktig spenst og luftig eleganse enn kva Springsteen fekk til.

Det er ikkje særlig meir originalt å komme drassande med Bob Dylan. Granduciel brekar ikkje like fabelaktig som den gamle trubaduren (absolutt ikkje) men det er likevel noko med fraseringa hans, på meir enn eit par av songane; den har ein dylansk snert i seg. Idet opningssporet breiar seg ut og opningslinja – «Well the comedown here was easy» – blir levert, så er den der, snerten. I ein song som handlar om eit forhold i ferd med å rakne. Om ein fyr som er i ferd med å miste grepet, «just trying not to crack under the pressure».

Tida etter at Adam Granduciel hadde turnert sitt førre album Slave Ambient skulle vise seg å bli problematisk. Han og dama slo opp, han dreiv inn på eit spor der han byrja mista grepet om tilværet, psyken vakla. I denne tilstanden, heime på kammerset, byrja han så innspelinga av det som til slutt skulle bli Lost In The Dream. Han har ikkje gjort heile plata åleine. Han har hatt eit band rundt seg, men mykje har han gjort sjølv. Han står oppført med ansvaret for seks-sju instrument på kvart spor. Ein multiinstrumentalist altså. Og eg kan sjå han føre meg, der heime på kammerset og i platestudioet, på kvilelaus jakt etter den perfekte soniske drakta for song, etter song, etter song. Med ein aldri forsvinnande uro for at det sikkert finst betre løysingar. Så derfor; -flikkar vi litt her, stryk litt der, opnar opp litt her, puttar på nokre tonar der. Eller kanskje ikkje? 16 månadar tok det Granduciel å gjere plata ferdig. Det har som de skjønar ikkje blitt eit overprodusert og perfeksjonert galmannsverk. Det har blitt ei plate med ein heilt naturlig flyt i seg.

I desse låt-tider utfordrar nok ei plate på 60 minutt tålmodet til folk. Og kva med låtar som varer i 6, 7, 8, og 9 minutt? The War On Drugs ignorerer ganske så elegant problemstillinga, og driv inn i musikken, tar seg tid der, dveler, og kolorerer både ein, to og tre gonger til. Tonane blir tilført eit meditativt aspekt. Glir inn i soniske landskap som er i slekt med grubleri og dagdrøyming.

Låt etter låt med vennlegsinna synthlinjer straumande gjennom seg, det er Lost In The Dream det. Låtar som blir oppvakt gitarbehandla, lindrande pianotøtsja, eller kanskje får ein blåleg saksofonvisitt. Der det rytmiske spenner frå det bedagelige til det meir oppdrivne. Låt etter låt som behandlar sinnstemningar der mørket og mismotet rår, men der ein stigande aksept av tingas tilstand, og ei evne til å handtere forholda, også blir formidla. Låt etter låt som har ting til felles, som er tru mot platas filmatisk drøymande vesen, men som like fullt presenterer seg med personlegdom og eigenart.

Den kjapt flytande Red Eyes, med sitt subtile «whoo!», treffsikre ekspansjon, og knurrande saksofontonar. Den sakte svivande Suffering, med sin «I can be bigger then the tones» påstand, og sine grasiøse overgangar frå piano, til gitar, til saksofon. Tittelkuttet, som er ein enkel og vakker song om draum og minner, vonde minner og gode minner, og ei påminning om at «love’s the key to the things that we see». Medan avslutningssporet, In Reverse, har ein ambient og varleg gnislande vind i seg, eit tiltakande vesen, og ei smått dylansk opningslinje som set agendaen; «meet me out in the street, talk about the war with me».

Big music, stor musikk, klassisk rock, i ein skapnad som når alt kjem til alt og strekar og slikt skal settast under svaret er og blir The War On Drugs, og lite anna.

9/10

War On Drugs – Slave Ambient

Standard

Ei reiseskildring som smeltar i hop det rurale og det urbane, heartlandrock og ambiente lydbølgjer.

cover Langt meir enn kva som er vanlig no til dags så er Slave Ambient eit album. Eit album samla i ein klangrik flytande tone, der låtar kjem og låtar fer. Underlaget, eller vegen om du vil, er lagt i eit ambient lydmønster. Men i hjerta av det heile er The War On Drugs eigentlig eit gitarrock-band med solide melodiforankra folksongar i skjeppa si.

Det byrja då Adam Granduciel kom til Philadelphia for nokre år sidan og møtte Kurt Vile. Dei fant tonen. I lag kreerte dei The War On Drugs sitt debutalbum Wagonwheel Blues. Det var i 2008. Før året var omme søkte Kurt Vile avskjed og vandra sine eigne vegar som soloartist. Granduciel har imidlertid brakt prosjektet vidare. Mykje på eige hand, men også med god hjelp frå andre musiserande individ. På sitt album nummer to kombinerer The War On Drugs americana og heartlandrock med buktande syrevaska gitartonar, elektroniske droner og straumar, og eit suggererande groove. Og får det til å funke.

Det er tolv låtar på Slave Ambient. Fire av desse er instrumentale stykke med ei samanføyande rolle. Slave Ambient heng ihop. Ikkje på ein slik måte at eg vil kalle det eit konseptalbum. Det er ikkje eit tydelig tema her. Eg er meir freista å kalle Slave Ambient ein symfoni, men det blir for pretensiøst høyrer eg. Så eg trur heller eg kallar det ei reise.

Ei reise i geografisk forstand. Gjennom høgland og lågland, «past the farms and debris», under neonlys og ned til hamna. Men like mykje ei tankereise, ei flukt. Ei reise mellom medvit og draum. Ei reise utan eit utpeikt mål. Ei reise der reisa sjølv er målet.

Det startar i nattlige omgjevnadar, i selskap med draumar. Det sluttar, tre kvarter seinare, ganske så uavklart i ein oppgjerets time. Undervegs handlar det om kjærleiken og hungeren etter den, om tru og mistru, om å kjenne på rastløysa men ikkje rotløysa. Om å vere «ramblin», driftin», movin'» i sirkulære former, der ruta heimatt er eit like aktuelt alternativ som vegen bort.

Songane, dei åtte med tekst, kunne heilt klart blitt gjort på ein annan måte. Dei kunne blitt gjort som dynamiske folkrocksongar med sonisk sting og markant ramme. Dei blir gjort som luftige hendingar med sonisk gjennomtrekk og glidande overgangar. Dei første gongene eg møter på dei opplever eg dei som heller anonyme. Dei fer forbi og ut av minnet som småbyar og tettstader ein passerer på ei ferd mot eit eksplisitt mål. Det varar ikkje ved. Det skjer ei endring etter nokre gonger. Eit eller anna, med tonen, med klangen, med oksygentilstanden, byrjar dra meg mot dei. Songane avdekker ein energi som ligg og ulmar i deira sentrale deler. Songane avdekker eigenart og nyansar.

Songane viser seg fram som Best Night, med luskande gitartonar brakt inn frå nedre Manhattan, og eit lakonisk fengande melodiuttrykk. Rock’n roll gallopperande Baby Missiles, med den innleiande erklæringa «I’m on the back of a new belief». Organisk groande Black Water Falls med si stemning av oppgjer og oppbrot. Varmblodige Brothers, der Granduciel drar fram si Dylanske fraseringsside. Det gjer han i fleire songar. Noko som nok fører han nærare den ærverdige brekemannen enn han vel strengt tatt skal.

Albumets tyngdepunkt, for ikkje å seie høgdepunkt, opplever eg å finne i triangelet Your Love Is Calling My Name, The Animator og Come To The City. Den midterste er eit to minuttars stilleståande mellomspel. Eit pusterom mellom to episk disponerte og suggererande nummer. To djupt tiltrekkande og romslig arrangerte rockelåtar, som susar motorisk langs freewayen (Your Love Is Calling My Name), og rullar breitt gjennom opne belter med neonlysets lokkande fargar i sikte (Come To the City).

Plata gjer seg sjølvsagt godt i bilen. Ikkje er den trafikkfarlig heller. Den har eit klart nærare slektskap mot det bedagelige enn mot det hastige. Og til tross for at den miksar ihop ein bra dose soniske komponentar opplever eg den aldri vanskelig eller forsert. Den har i grunn eit ganske så naturlig og upretensiøst sinnelag.

7/10

Først publisert på Groove.no (i 2011)