Tag Archives: Mirel Wagner

Musikalsk årsoppgjer 2014

Standard

Spådomar frå fleire hald vil ha det til at musikkalbumet er eit utdøyande fenomen. Måtte spådomane slå feil, fullstendig feil. Det har komme flust av album i 2014 eg med styrke vil hevde beviser at albumet har livets rett, og vel så det. Dei 25 beste har det blitt ei liste av.

Men først 3 bøker (ikkje for noko anna grunn enn at bøker er like viktig som musikk, og at desse tre kjennes vel verdt å nemne).

Stoner  Rød eller død av David Peace (Innbundet) Innsirkling 3 av Carl Frode Tiller (Innbundet)

1. John Williams – Stoner
Skriven og utgitt for nesten femti år sidan. I norsk oversetting for første gong i år. Ei kultbok. «The greatest American novel you’ve never heard of» ifylgje The New Yorker. Ein vakkert og nennsamt fortalt historie, om eit ikkje spesielt eksepsjonelt liv. Ein manns liv frå barndom til grav på 270 sider. Melankolsk og skilsettande. Poesi i romanform.

2. David Peace – Rød eller Død
Om den legendariske Liverpool-manageren Bill Shankly. Sosialisten, fotballfanatikaren, arbeidsnarkomanen og eksentrikaren  Shankly. Ein roman, ikkje ein biografi. Fortalt i eit gjentakande, suggererande språk. Like enkel, like komplisert, like medrivande som fotballspelet i seg sjølv. Aldri har eg opplevd fotballsesong etter fotballsesong blitt meir fortetta og poetisk oppsummert.

3. Carl Frode Tiller – Innsirkling 3
Tiller sirklar seg inn på oppklaringa. Kjem fram til den, men ikkje til noko endelig avklaring, heldigvis. Det å vere menneske saman med andre menneske er ikkje enkelt. Kva ein seier, kva ein tenker, kva ein gjer, kva ein burde gjere, er på evig kollisjonskurs. Tiller skildrar det på storarta vis, igjen.

Så, over til albuma:

 Steve Gunn 

1. The War On Drugs – Lost In the Dream
Ei plate som vandrar sporenstreks inn i ein melodisk sigerstemning, og blir der ein heil time. Amerikansk gitarrock der låt etter låt blir tilført vennlegsinna synthlinjer, blir lindrande pianotøtsja, eller kanskje får ein blåleg saksofonvisitt. Låt etter låt som omgås sinnstemningar der mørket og mismotet rår, men der ein stigande aksept av tingas tilstand, og ei evne til å handtere forholda, også blir formidla. Det høyrest ikkje spesielt eksepsjonelt ut, og ei eksepsjonelt original plate er det ikkje. Men ….vel, eksepsjonell er den.

2. Steve Gunn – Way Out Weather
Sakte beveger melodien seg. Sakte beveger melodien. «Slowly moves the melody». Det trygge, det vanlige finst der, i songane, men også det spesielle, det særeigne. Steve Gunn gjer det melodisk, og han gjer det i ein hevdvunne tradisjon. Med ei lett hand får han strengene på gitaren (gitarane) til å synge som få andre gjer. Eg tenker på han som ein ukomplisert virtuos.

3. Sun Kil Moon – Benji
Songar frå perspektivet til ein middelaldrande mann. Songar som ikkje tar føre seg frå eit vidt spekter av det songar kan gjere. Dei held seg alle på innsida av det marginale mønsteret Mark Kozelek plar operere innafor. Der tonar ikkje spring av garde i veldig komplekse former, men der alt ruslar sin gang. Einsformig seier nokon, styggelig vanedannande seier eg.

4. Wussy – Attica!
Dei har latt seg inspirere, latt seg dugelig inspirere. Som dei uforbederlige rock’n roll-disiplane dei er, har dei latt seg inspirere til å lage songar som liknar på saker vi har høyrt før, som har både tjuveri og låneri klistra på seg. Likevel er dei forunderlig nok berre Wussy. Med ein glød og eit lidenskapelig forhold til alt dei driv med.

5. Sturgill Simpson – Metamodern Sounds In Country Music
Det er ikkje berre den ufattelige friskleiken, og nærværet i tonane, eg merkar meg, men også viljen, og motet, både til å gå den rakaste enklaste mest naturlige og klassiske countryvegen, og til å driste seg utpå. Som det å sveipe tonane inn i psykedelia. Nokre gonger subtilt og sobert, andre gonger meir utstrakt.

6. Ought – More Than Any Other Day
Postpunk. Den stramme pågåande kantete fabelaktige postpunken er vel den mest nærliggande merkelappen å klistre på Ought. Men dei er ikkje berre slik, Ought kan også ha noko meir avrunda og elastisk i det dei gjer. Inntrykket er vel at det ikkje er avgrensingar og dogmer som er opplegget her. Heller eit frilyndt dykk inn dit energien har dei beste vilkår, der temperaturen aldri kviler.

7. Angel Olsen – Burn Your Fire For No Witness
Frå det skjøre til det konfronterande, frå det nennsame til det forrykande, den ueinsarta plata til Angel Olsen dekkar alt det og meir til. Når den så i tillegg er fostra på sterk vilje, har bevart passeleg med smuss, og er melodisk velhalden, sitt eg i grunn att ganske så tomhendt på innvendingar.

8. Parquet Courts – Sunbathing Animal
Eit band i frenetisk vigør, heilfrelste på konsise riff, hissig skinger og rammande groove. Der orda kjem fort, som ein dans i unnabakke. Med og utan fotfeste. Parquet Courts står ikkje stille, dei tar til seg det beste av det dei har høyrt, og gjer det om til sin måte å gå råbarka til verks på.

9. Sharon Van Etten – Are We There
På ingen måte eindimensjonale songar. Dei kan tolkast i ulik lei. Ja det er ikkje ein gong sikkert dei er så melankolityngde som dei gjer inntrykk av å vere. Ikkje er dei så marginale på melodisk variasjon som dei først kan gje inntrykk av å vere heller. Dei har ei blomstrande kraft i seg.

10. Woods – With Light and With Love
Human popmusikk. Med sine manglar, med sine intensjonar, med sitt overskot. Woods sitt album av året har mykje i seg og mykje for seg, og står fram som kongruent og variert i same andedrag. Sprett både lett over overflata og skjer seg inn i materien. Og 1967 er aldri langt unna.

11. Hookworms – The Hum
Psykedelisk vitalitet, hektande melodilinjer, suggererande rytmiske tilhøve, og ein ikkje ubetydelig larm.

12. Torgeir Waldemar – Torgeir Waldemar
Røysta. Den rommar klangen av det den formidlar. Tida. Han tek seg tid til å bli i songane sine. Songane. Dei har sitt klare opphav frå ein tradisjon, har sine merker frå meir enn ein låtskrivar, men høyrer likevel så sjølvsagt heime hos han som syng dei.

13. Simone Felice – Strangers
Han er her ikkje for å revolusjonere musikkhistoria. Han serverer 10 songar som hentar sitt liv og sitt vesen frå den amerikanske songtradisjonen.  Dei har sin verknad.

14. Damien Jurado – Brothers and Sisters of the Eternal Son
Den tidlegare trubaduren har for alvor funne fram til det dansbare, det psykedeliske, og det spirituelle.

15. EMA – The Future’s Void
Strenge, skarpe, kalde lydkjelder dansar og kranglar rundt låtar som oftare enn det kan virke som, sånn med det same, har eit godt melodisk hjerte.

16. Timber Timbre – Hot Dreams
Hot Dreams er ein tanke meir raffinert enn tidlegare plater av Timber Timbre, og har ein varme som ikkje alltid konsulterer gufset. Men fredlaust er det.

17. Strand of Oaks – HEAL
Ei reinsing, ein personleg kamp, men kanskje mest av alt ein kjærleik til musikken.

18. Beck – Morning Phase
Temmelig langt unna friskusen frå Odelay. Ikkje så veldig langt unna den tynga melankolikaren frå Sea Change, men med mindre melankoli i brystet.

19. The Men – Tomorrow’s Hits
Du skal ikkje kimse av god gammaldags rufsete rock’n roll. I alle fall ikkje slik den fortonar seg i henda til The Men frå Brooklyn.

20. Hurray For The Riff Raff – Small Town Heroes
Songar som kunne vore her for lenge sidan, som har eit gammalt Amerika i seg. Men dei er heilt nye, dei er eit friskt oppkok av folk, country og blues.

21. John Fullbright – Songs
Country som finn soul, mørke krokar, einsame tonar, og litt lykke.

22. Mirel Wagner – When the Cellar Children See the Light of Day
Ho vev livet, kjærleiken og døden i hop på sin måte – enkelt, tvitydig, dirrande.

23. Big Ups – Eighteen Hours of Static
Med glød i blikket og angst i bringa hiv dei seg over amerikanske undergrunnstonar slik dei lydde den gongen Pixies og Jesus Lizard var unge.

24. Joe Henry – Invisible Hour
Varme tonar, varlege tonar, og gåtefulle innspel om livets relasjonar

25. Pere Ubu – Carnival of Souls
Endå eit vitalt tilskot til ein etter kvart imponerande albumkatalog på utsida av gjengs rock’n roll åtferd.

Mirel Wagner – When the Cellar Children See the Light of Day

Standard

Finske Mirel Wagner vev livet, kjærleiken og døden i hop på sin måte – enkelt, tvitydig, dirrande. 7

  Kjellaren og dagslyset. Søtleg hygge og stum terror. Overflata, det som finst under, og ei illevarslande førstelinje. «1 2 3 4 what’s underneath the floor?». Svaret er klart, svaret er uklart. «Chewed up lips, milky milk teeth, a little bit of pain, and a whole lot of need». Platetittelen lovar at dette skal handle om kjellarbarna som ser dagslyset. Opningslåta flaumar ikkje akkurat over av dagslys. Den kan like godt vere ei skildring av ein åstad der ei grufull gjerning har funne stad. Andre åstadar får si behandling utover plata. Utover andreplata til Mirel Wagner. Finske Mirel Wagner. Det er ulikt kva som hender der, eller har hendt der, men dagslyset slit med å gjere seg gjeldande, heile vegen.

Det er blitt meg fortalt at Mirel Wagner skreiv dei ti songane på denne andreplata si i ei gammal tømmerhytte i Nord-Finland. Der heldt ho hus ganske så aleine ein månads tid. Einaste selskapet var visstnok ei einsam mus, som ho delte maten sin med. Mirel Wagner er ganske så aleine om å spele på plata også. Med eit par marginale unntak er dette akustisk gitar og ei stemme. Akkurat som på debutplata treng ho ikkje ty til noko meir for å rive til seg merksemda.

Svart gotisk folkblues, bar, inntil beinet, på utsida av enkle tidsrammer, og meir Mississippi enn Helsinki. Slik var debutalbumet. Slik er for så vidt dette andrealbumet også. Føler likevel at det hellar mot eit litt rundare og meir medgjerlig melodisk vesen. Med ein gitartone som ikkje kan kallast kompleks, heller suggestivt dansande, og ei røyst som både har autoriteten og det såre i seg. Historiene den fortel (røysta) er kortfatta men innhaldsrike. Det skjer langt meir enn det som vert uttalt, ja kanskje endåtil noko heilt anna.

«In my father’s house, everything is nice» kan eg høyre ho synge i ein av dei sterkaste songane på plata. Med forførande tonar dreg songaren meg inn i ein historie som eg raskt byrjar ane at ikkje er så «nice». Portretta på veggen ser deg aldri i augo, stilla gneg, terroren skjular seg i kvar ein krok. «Momma, It’s gonna be all right» kan eg høyre dama synge ein annan stad, i ein anna song, i The Dirt. Det handlar om liv og død, og eit mulig liv etterpå, eller kanskje ikkje. Refrengets siste linje bryt i alle fall ned det meste av håp: «You’ll be in the dirt, you’ll be the dirt». Kanskje under eit Oak Tree. Då treng det i så fall kanskje ikkje vere så ille. Hovudpersonen i songen med det namnet rapporterer i alle fall om «sweet dreams» der ho ligg gravlagt under røter og lauv.

PJ Harvey dukkar av og til opp i tankane mine når eg høyrer på Mirel Wagner. Aller mest i songen Taller Than Tall Trees. Fraseringa, bluesen, og temaet i denne kunne ha blitt dratt like utav hjertet til To Bring You My Love. Då er det sjølvsagt den store kjærleiken det handlar om. Om denne er stor som i stor eller om den er stor som i uoppnåelig er imidlertid ikkje klinkande klart. Slik lyde ei linje som dukkar opp nokre gonger: «See that girl fall apart, soon as his shadow touches her heart». Kjærleiken frå ein annan vinkel blir omsunge i Ellipsis. Vi kjem inn etter krangelen, etter brotet, med ein opning for ein veg tilbake. Men korleis gjere det med æra inntakt? Tonar frå ein cello fremjar både motstand og ynde. Det er den skotske komponisten Craig Armstrong som står for desse. I avslutningsnummeret Goodnight – ein song med eit morbid mord/sjølvmord-tema – lokkar same mann fram nokre knokkeltonar frå eit piano. Elles gjer Mirel Wagner det åleine, åleine saman med produsenten Vladislav Delay, som også heiter Sasu Ripatti og er ein elektronika/ambient musikar. Elektroniske element har han som de forstår ikkje dratt inn i sin produksjon av denne plata. I staden ei dirrande stille. Og det er heilt på sin plass.

Også verdt å høyra på: Mirel Wagner, Ty Segall, The New Pornographers)

Standard

Av nyare arriverte plater har eg (endå ein gong) funne tonen saman med ei og anna:

Mirel Wagner – When The Cellar Children See the Light of Day

Plate nummer to frå finske Mirel Wagner. Svart gotisk folkblues, bar, inntil beinet, på utsida av enkle tidsrammer, og meir Mississippi enn Helsinki. Slik var debutalbumet. Slik er for så vidt dette andrealbumet også. Føler likevel at det hellar mot eit litt rundare og meir medgjerlig melodisk vesen. Med ein gitartone som ikkje kan kallast kompleks, heller suggestivt dansande, og ei røyst som både har autoriteten og det såre i seg. Historiene den fortel (røysta) er kortfatta men innhaldsrike. Det skjer langt meir enn det som vert uttalt, ja kanskje endåtil noko heilt anna. 7

Ty Segall – Manipulator

Han søker ikkje nye territorium, han er der han har vore desse åra. I ein godtepose av pop-psykedelia, garasjerock, stoner og glam. Slikt som vart oppfunne for sånn cirka førti-femti år sidan. Ty Segall tilfører det lite anna enn pasjon og energi. Ganske så hemningslaust har han spelt inn den eine plata etter den andre. Tonar har skeina og skimra, halta og larma. Utav det har det komme albumhøgdepunkt som Twins og Hair. Med Manipulator tar han litt meir kontroll over sakene.  Formar linjene litt klarare, pussar tonane litt reinare, og skapar eit meir kongruent fokus. Gjennom 17 låtar. Frå tittelsporet sitt drivande psych-vesen, via stonergroovy Feel til falsettfunky Mister Main heng det heile veldig så bra i hop. Men når framtida melder seg, om ikkje så lenge, trur eg nok likevel det blir Twins eller Hair eg drar fram frå hylla idet eg føler for ein liten dose med Segall. 7

The New Pornographers – Brill Bruisers

Eg har slitt litt med å jobbe opp den store entusiasmen for dei to føregåande platene til denne gjengen. Gav det vel beint fram heilt opp på eit tidspunkt. Med Brill Bruisers merkar eg at det er annleis. Med Brill Bruisers treff dei. Her er det pophooks, eit massivt driv og sigrande melodilinjer. Ei gjenoppstanding av slikt som bandet skjemte oss bort med på sine tre første plater. I alle fall nesten, og nesten skal ein som kjent ikkje kimse av. Ikkje når The New Pornographers kler seg i frodige former, tar sats med eit mektig uimotståelig tittelspor og i liten grad hamnar ut i det blasse etter det. Den varaste og luftigaste popstunda har tittelen Champions of Red Wine, og har røysta til Neko Case som varmblodig midtpunkt. Dan Bejar er i sitt ess i det drivande synth- og gitar virvlande nummeret War on the West Coast. Og AC Newman drar i trådane, skrur på knappane, syng med, og smiler. 7

 

Og i går høyrte eg på det legendariske avantgardepunkbandet Pere Ubu sitt ferske album Carnival of Souls for første, og andre, og definitivt ikkje siste gong………..