Tag Archives: Sturgill Simpson

Sturgill Simpson – A Sailor’s Guide to Earth

Standard

Country og soul, ein far og ein son, og ein seilas som bølgjer opp og ned.                               6

  Halvvegs inn i opningssporet skjer det eit hamskifte. Welcome to Earth (Pollywog) som sporet heiter går frå å vere crooner-country til å bli eit heftig soulnummer. Det var også litt slik, men samstundes ganske så annleis, sist Sturgill Simpson var her med eit album. Då starta han med ein klassisk countrylåt, Turtles All the Way Down, formidla ein bra dose religionskritikk, skildra kjærleiken som redninga og påførte etterkvart songen effektfulle psykedeliske svingingar. Psykedeliske svingingar som han ikkje gav alle songane på plata, men som han vandra nok blant til at plata fortente sin tittel, Metamodern Sounds in Country Music.

Spesielt mykje psykedelisk er det ikkje over Simpson sitt tredje album, A Sailor’s Guide to Earth. Utan at countrytonen hans av den grunn får vere i fred frå slikt som ikkje er heilt typisk country. Ja i grunn er vel A Sailor’s Guide to Earth meir sonisk variert og mindre klassisk country enn det Metamodern var. Men eg vil ikkje nødvendigvis kalle den for ei betre plate av den grunn. Det er jo ein del andre ting som skal spele inn og spele med for at slikt skal skje. Og særlig tatt i betraktning at Metamodern jo var slik ei storarta affære.

Suksessen som blei Simpson til del i kjølvatnet av Metamodern gjorde at det blei mykje turnering og speling, og lite heimeliv. Lite tid saman med sonen som blei født på den tida albumet kom ut. Noko Simpson etter kvart kom til skulle bli tema for den neste plata. Han kom også over eit brev som bestefaren hadde sendt kona si i sin ungdom. Då han var soldat på andre sida av Stillehavet, og trudde han kom til å døy der. Dette gav Simpson ideen å lage eit konseptalbum som skulle handle om ein sjømann som drar av garde og ikkje reknar det som sannsynleg å vende heim att. «Hello, my son» er dei tre første orda på albumet. Deretter fylgjer ein syklus av songar der ein fråverande far vender seg til den vesle son sin, i kjærleik og i angst for korleis det skal gå han i verda. Berre forstyrra av ein nennsam song til kona, Oh Sarah.

Country og soul, stille hav og full storm. Her er definitivt ei viss spennvidd. Men kanskje ikkje flust av songar som kryp innunder huda, i alle fall ikkje mi hud. Breakers Roar er ein litt for flat ballade om einsemd, sakn og draumeflukt. Brace For Impact (Live a Little) og All Around You er to heilt greie soulnummer som ikkje klorar seg ut av eit dusinvaretilvære. Keep It Between the Lines opplever eg derimot at kjem ut og soulswingar riktig så bra i frå seg, i takt med at songaren leverer ei rekke velmeinte (tidvis på grensa til hysteriske) formaningar til sonen. Den blir tett fylgt av ein John Prine-slekta countrysong, Sea Stories. Der ein tidlegare marinesoldat ser tilbake, og ganske så bitande og illusjonslaust skildrar kor meiningslaust det heile var, å ha sett «near the whole damn world from the inside of a bar».

Eit lite høgdepunkt på plata er Sturgill Simpson si tolking av den gamle Nirvana-songen In Bloom. Ein song som hyllar det å vere litt annleis – sensitiv og umandig – ved å gjere narr av dei som berre fylgjer den store hopen. Refrenget er jo klassisk: «He’s the one who likes all our pretty songs, And he likes to sing along, And he likes to shoot his gun, But he don’t know what it means, Don’t know what it means to love someone». Simpson flyttar songen frå Nirvana sitt frenetiske ned i det nennsame. Men tar vare på desperasjonen.

Desperasjon er det også til fulle i avslutningssporet Call to Arms. Eit rytmisk viltert rock’n roll-nummer der songaren poengterer overfor sonen kor marionettaktig og lite stilig soldatlivet er, samstundes som han harselerer med amerikansk krigføring og moderne livsstil (og vanar og uvanar vi har pådratt oss i så måte): «Nobody’s looking up to care about a drone, All too busy looking down at our phone».

Så, til trass for at plata nok skuffar meg littegrann: den har sin dose av gode songar, og blir til slutt ein seilas vel verdt å hive seg på.

TIDAL: STURGILL SIMPSON – A SAILOR’S GUIDE TO EARTH

Musikalsk årsoppgjer 2014

Standard

Spådomar frå fleire hald vil ha det til at musikkalbumet er eit utdøyande fenomen. Måtte spådomane slå feil, fullstendig feil. Det har komme flust av album i 2014 eg med styrke vil hevde beviser at albumet har livets rett, og vel så det. Dei 25 beste har det blitt ei liste av.

Men først 3 bøker (ikkje for noko anna grunn enn at bøker er like viktig som musikk, og at desse tre kjennes vel verdt å nemne).

Stoner  Rød eller død av David Peace (Innbundet) Innsirkling 3 av Carl Frode Tiller (Innbundet)

1. John Williams – Stoner
Skriven og utgitt for nesten femti år sidan. I norsk oversetting for første gong i år. Ei kultbok. «The greatest American novel you’ve never heard of» ifylgje The New Yorker. Ein vakkert og nennsamt fortalt historie, om eit ikkje spesielt eksepsjonelt liv. Ein manns liv frå barndom til grav på 270 sider. Melankolsk og skilsettande. Poesi i romanform.

2. David Peace – Rød eller Død
Om den legendariske Liverpool-manageren Bill Shankly. Sosialisten, fotballfanatikaren, arbeidsnarkomanen og eksentrikaren  Shankly. Ein roman, ikkje ein biografi. Fortalt i eit gjentakande, suggererande språk. Like enkel, like komplisert, like medrivande som fotballspelet i seg sjølv. Aldri har eg opplevd fotballsesong etter fotballsesong blitt meir fortetta og poetisk oppsummert.

3. Carl Frode Tiller – Innsirkling 3
Tiller sirklar seg inn på oppklaringa. Kjem fram til den, men ikkje til noko endelig avklaring, heldigvis. Det å vere menneske saman med andre menneske er ikkje enkelt. Kva ein seier, kva ein tenker, kva ein gjer, kva ein burde gjere, er på evig kollisjonskurs. Tiller skildrar det på storarta vis, igjen.

Så, over til albuma:

 Steve Gunn 

1. The War On Drugs – Lost In the Dream
Ei plate som vandrar sporenstreks inn i ein melodisk sigerstemning, og blir der ein heil time. Amerikansk gitarrock der låt etter låt blir tilført vennlegsinna synthlinjer, blir lindrande pianotøtsja, eller kanskje får ein blåleg saksofonvisitt. Låt etter låt som omgås sinnstemningar der mørket og mismotet rår, men der ein stigande aksept av tingas tilstand, og ei evne til å handtere forholda, også blir formidla. Det høyrest ikkje spesielt eksepsjonelt ut, og ei eksepsjonelt original plate er det ikkje. Men ….vel, eksepsjonell er den.

2. Steve Gunn – Way Out Weather
Sakte beveger melodien seg. Sakte beveger melodien. «Slowly moves the melody». Det trygge, det vanlige finst der, i songane, men også det spesielle, det særeigne. Steve Gunn gjer det melodisk, og han gjer det i ein hevdvunne tradisjon. Med ei lett hand får han strengene på gitaren (gitarane) til å synge som få andre gjer. Eg tenker på han som ein ukomplisert virtuos.

3. Sun Kil Moon – Benji
Songar frå perspektivet til ein middelaldrande mann. Songar som ikkje tar føre seg frå eit vidt spekter av det songar kan gjere. Dei held seg alle på innsida av det marginale mønsteret Mark Kozelek plar operere innafor. Der tonar ikkje spring av garde i veldig komplekse former, men der alt ruslar sin gang. Einsformig seier nokon, styggelig vanedannande seier eg.

4. Wussy – Attica!
Dei har latt seg inspirere, latt seg dugelig inspirere. Som dei uforbederlige rock’n roll-disiplane dei er, har dei latt seg inspirere til å lage songar som liknar på saker vi har høyrt før, som har både tjuveri og låneri klistra på seg. Likevel er dei forunderlig nok berre Wussy. Med ein glød og eit lidenskapelig forhold til alt dei driv med.

5. Sturgill Simpson – Metamodern Sounds In Country Music
Det er ikkje berre den ufattelige friskleiken, og nærværet i tonane, eg merkar meg, men også viljen, og motet, både til å gå den rakaste enklaste mest naturlige og klassiske countryvegen, og til å driste seg utpå. Som det å sveipe tonane inn i psykedelia. Nokre gonger subtilt og sobert, andre gonger meir utstrakt.

6. Ought – More Than Any Other Day
Postpunk. Den stramme pågåande kantete fabelaktige postpunken er vel den mest nærliggande merkelappen å klistre på Ought. Men dei er ikkje berre slik, Ought kan også ha noko meir avrunda og elastisk i det dei gjer. Inntrykket er vel at det ikkje er avgrensingar og dogmer som er opplegget her. Heller eit frilyndt dykk inn dit energien har dei beste vilkår, der temperaturen aldri kviler.

7. Angel Olsen – Burn Your Fire For No Witness
Frå det skjøre til det konfronterande, frå det nennsame til det forrykande, den ueinsarta plata til Angel Olsen dekkar alt det og meir til. Når den så i tillegg er fostra på sterk vilje, har bevart passeleg med smuss, og er melodisk velhalden, sitt eg i grunn att ganske så tomhendt på innvendingar.

8. Parquet Courts – Sunbathing Animal
Eit band i frenetisk vigør, heilfrelste på konsise riff, hissig skinger og rammande groove. Der orda kjem fort, som ein dans i unnabakke. Med og utan fotfeste. Parquet Courts står ikkje stille, dei tar til seg det beste av det dei har høyrt, og gjer det om til sin måte å gå råbarka til verks på.

9. Sharon Van Etten – Are We There
På ingen måte eindimensjonale songar. Dei kan tolkast i ulik lei. Ja det er ikkje ein gong sikkert dei er så melankolityngde som dei gjer inntrykk av å vere. Ikkje er dei så marginale på melodisk variasjon som dei først kan gje inntrykk av å vere heller. Dei har ei blomstrande kraft i seg.

10. Woods – With Light and With Love
Human popmusikk. Med sine manglar, med sine intensjonar, med sitt overskot. Woods sitt album av året har mykje i seg og mykje for seg, og står fram som kongruent og variert i same andedrag. Sprett både lett over overflata og skjer seg inn i materien. Og 1967 er aldri langt unna.

11. Hookworms – The Hum
Psykedelisk vitalitet, hektande melodilinjer, suggererande rytmiske tilhøve, og ein ikkje ubetydelig larm.

12. Torgeir Waldemar – Torgeir Waldemar
Røysta. Den rommar klangen av det den formidlar. Tida. Han tek seg tid til å bli i songane sine. Songane. Dei har sitt klare opphav frå ein tradisjon, har sine merker frå meir enn ein låtskrivar, men høyrer likevel så sjølvsagt heime hos han som syng dei.

13. Simone Felice – Strangers
Han er her ikkje for å revolusjonere musikkhistoria. Han serverer 10 songar som hentar sitt liv og sitt vesen frå den amerikanske songtradisjonen.  Dei har sin verknad.

14. Damien Jurado – Brothers and Sisters of the Eternal Son
Den tidlegare trubaduren har for alvor funne fram til det dansbare, det psykedeliske, og det spirituelle.

15. EMA – The Future’s Void
Strenge, skarpe, kalde lydkjelder dansar og kranglar rundt låtar som oftare enn det kan virke som, sånn med det same, har eit godt melodisk hjerte.

16. Timber Timbre – Hot Dreams
Hot Dreams er ein tanke meir raffinert enn tidlegare plater av Timber Timbre, og har ein varme som ikkje alltid konsulterer gufset. Men fredlaust er det.

17. Strand of Oaks – HEAL
Ei reinsing, ein personleg kamp, men kanskje mest av alt ein kjærleik til musikken.

18. Beck – Morning Phase
Temmelig langt unna friskusen frå Odelay. Ikkje så veldig langt unna den tynga melankolikaren frå Sea Change, men med mindre melankoli i brystet.

19. The Men – Tomorrow’s Hits
Du skal ikkje kimse av god gammaldags rufsete rock’n roll. I alle fall ikkje slik den fortonar seg i henda til The Men frå Brooklyn.

20. Hurray For The Riff Raff – Small Town Heroes
Songar som kunne vore her for lenge sidan, som har eit gammalt Amerika i seg. Men dei er heilt nye, dei er eit friskt oppkok av folk, country og blues.

21. John Fullbright – Songs
Country som finn soul, mørke krokar, einsame tonar, og litt lykke.

22. Mirel Wagner – When the Cellar Children See the Light of Day
Ho vev livet, kjærleiken og døden i hop på sin måte – enkelt, tvitydig, dirrande.

23. Big Ups – Eighteen Hours of Static
Med glød i blikket og angst i bringa hiv dei seg over amerikanske undergrunnstonar slik dei lydde den gongen Pixies og Jesus Lizard var unge.

24. Joe Henry – Invisible Hour
Varme tonar, varlege tonar, og gåtefulle innspel om livets relasjonar

25. Pere Ubu – Carnival of Souls
Endå eit vitalt tilskot til ein etter kvart imponerande albumkatalog på utsida av gjengs rock’n roll åtferd.

Dei 5 beste albuma frå mai 2014 (Slik eg har oppfatta det)

Standard

Sturgill Simpson – Metamodern Sounds In Country Music      9

Metamodern Sounds in Country Music Eit utdrag frå ein lengre omtale publisert 25.5.2014.

Opninga er ikkje avgjerande, men det skadar ikkje om den set ting litt på plass. På sitt andre album kjem Sturgill Simpson opp med ei slik opning. Eg snakkar då ikkje om bestefaren hans sin introduksjon, spelt inn over ei telefonlinje, og tilført litt ekkobehandling: «Introducing metamodern sounds in country music». Sjølv om den for så vidt er effektfull og sannferdig nok. Nei eg tenker på den første linja Simpson syng like etterpå, i songen som fantastisk nok heiter Turtles All the Way Down. «I’ve seen Jesus play with flames in a lake I was standing in» syng han. Eg nølar sjølvsagt ikkje så mykje som ein tøddel av eit sekund med å kåre linja til den nestbeste Jesus-opninga i platehistoria.

Metamodern  Sounds In Country Music, ein storarta tittel. Inspirert av ein annan platetittel, og ei storarta plate. Ray Charles sin Modern Sounds In Country and Western Music. Der Charles gjer country på sin måte. Med Metamodern Sounds In Country Music gjer Sturgill Simpson det på sin måte. Sjølvsagt gjer han det, han kunne ikkje tatt sjansen på ein slik tittel om han ikkje det gjorde. Spelt inn over fire dagar, med eit marginalt budsjett, ei handfull medmusikantar, og ei frisk innstilling. Produsert har Dave Cobb gjort. Same mann som har gjort same jobb på Jason Isbell sin Southeastern og Jamey Johnson sine That Lonesom Song og The Guitar Song. Sannsynlegvis dei tre beste platene med countryklang som har komme dei fem-seks siste åra. Med det som utgangspunkt er det nok ein smule dristig å hevde at Metamodern Sounds In Country Music faktisk kan være den aller beste plata Cobb har hatt fingrane sine borti. Eg tar sjansen likevel, for akkurat så steikande bra er denne plata.

 

Wussy – Attica!        9

Attica! Eit utdrag frå ein lengre omtale publisert 5.6.2014.

Det var storarta at Lisa Walker og Chuck Cleaver fant kvarandre for drygt ti år sidan, og blei til Wussy. Cleaver hadde då allereie, som den leiande krafta i bandet Ass Ponys, gjennom fleire år (ja heilt sidan åttitalet) skapt lealaus og smussig rock med visse countrytendensar. Walker var i musikksamanheng ubeskriven, og fleire år yngre. Dynamikken i songen dei to imellom skapte ein dimensjon som Ass Ponys ikkje hadde. To stemmer som utfyller kvarandre, og som utfordrar kvarandre. Cleaver si krokete røyst, og Walker si reinare røyst. Cleaver som kjempar seg i retning av ein symmetri, Walker som hiv inn noko uvørent. Dei får meg til å minnast åttitalsbandet Divine Horsemen, med Chris D. og Julie Christensen i vitale vokalroller. Dei får meg i det heile til å minnast den delen av åttitalet som handla om band som Dream Syndicate, R.E.M. og Green On Red. Sjølv hevdar dei at dei er ute på eit oppdrag som handlar om å spenne ei bru frå The Band til Sonic Youth. Eg forstår kva dei meiner. Den amerikanske musikkskribenten Robert Christgau hevdar at bandet kombinerer Flying Burrito Brothers sin twang med Velvet Underground sine droner. Eg forstår også kva han meiner.

Og eg forstår at sjølv om Wussy har latt seg inspirere, latt seg dugelig inspirere, som dei uforbederlige rock’n roll-disiplane dei er, latt seg inspirere til å lage songar som liknar på saker vi har høyrt før, som har både tjuveri og låneri klistra på seg, så er dei forunderlig nok, berre Wussy. Med ein glød og eit lidenskapelig forhold til alt dei driv med er dei Wussy. Det er som oftast det som skal til, glød og lidenskap, ein visjon, nokre idear, gode idear, og songar som er blitt til fordi dei måtte bli til.

 

Sharon Van Etten – Are We There       8

Are We There Eit utdrag frå ein lengre omtale publisert 3.6.2014.

Sharon Van Etten sine songar er ikkje eindimensjonale, dei er opne for tolking, brei tolking. Ja det er ikkje ein gong sikkert dei er så melankolityngde som dei kan gje inntrykk av å vere.

Ikkje er dei så marginale på melodisk variasjon som dei først kan gje inntrykk av å vere heller, desse songane til Sharon Van Etten. Ho innlemmar ei veksande, sakte blomstrande, kraft i dei. Noko ho for så vidt har gjort frå første album av. Frå det spartanske Because I Was In Love, via det noko meir lydfyldige epic, til det Aaron Dessner produserte albumet Tramp. Denne gongen har ho produsert sakene sjølv, og omgjeve seg med noko færre folk frå indierock-sfæra (men både Adam Granduciel, Jonathan Meiburg og Jana Hunter er innom). Eit gigantskritt bort frå der ho var med Tramp har ho imidlertid ikkje tatt. Ho har innført ein noko meir utstrakt bruk av synthesizerar, det rytmiske er kanskje noko meir markant, og strukturen i låtane har eit meir komplekst vesen. Det siste gjer at ein nok må gå endå fleire rundar enn tidlegare for å byrje å ane rikdomen, ta innover seg rikdomen, og kjenne seg djupt til stades blant songane. Det er sjølvsagt verdt det.

 

Paul Heaton & Jacqui Abbott – What Have We Become        7

What Have We Become? Gjenforeiningar kan føre til så mangt. I musikksamanheng oftare kjipe enn gode opplevingar. Her kjem ei god ei. Her kjem Paul Heaton og Jacqui Abbott. Dei har ikkje sunge saman på tolv-tretten år. Men dei gjorde det bra då dei gjorde det, utover nittitalet, på nokre plater med The Beautiful South.

The Beautiful South. Ein gong sprang dei utav The Housemartins. Kvartetten som debuterte med den smått legendariske plata London 0 – Hull 4. Ei plate av fengande og energisk soulpop. Det vart litt meir sofistikert og komplekst i Paul Heaton og Dave Hemmingway’s The Beautiful South. For så vidt ikkje dårligare det. Og spesielt ikkje i Jacqui Abbott-involverte songar som Prettiest Eyes, Don’t Merry Her og Rotterdam.

Det er i grunn ikkje dårligare det som er å finne på denne duoplata av året heller. Det er ikkje fjernt frå slik Beautiful South framstod, men med noko ein kanskje kan kalle ein liten Housemartins-edge. Det er catchy. Mykje er catchy. Moulding Of a Foul er umåtelig catchy; Northern soul møter Motown. DIY er ikkje mindre catchy. Den miksar 50-tals rock med country på Nick Lowe vis. Jacqui Abbott tar full eigedom over sakene i Some Dancing To Do. Ein soulraffinert sak om å slite med sjølvkjensla, der linja «I want to be a beautiful mermaid, not just some half-piece of fish» kan få karakteristikken essensiell.

I tittelkuttet sveipar Heaton innom ting som moderne fedmeproblem, songar utan bodskap, opportunisme, og generelt sett nokså nedslåande tilstander, til tonar som berre ber om at ein syng med, med eit nøgd smil om munnen. Ganske typisk Heaton for så vidt. Sarkasmen er der. Og det sosiale samvitet. Det siste kjem aller tydeligast til uttrykk i One Man’s England. Ein song om rasisme på fleire nivå.

Jodå, Heaton er Heaton, og Abbott gjer han godt.

 

Jolie Holland – Wine Dark Sea         7

Wine Dark Sea Blues. No er det blues. Wine Dark Sea er blues. Jolie Holland syng blues, spelar blues. Men ikkje kva som helst blues. Her er blues med soul i seg. Sydande soul. Her er blues som vaklar, her er blues som kranglar, her er blues med folkmelodiske evner, og her er blues med ein djevel i seg. Men først og fremst er dette blues som brenn.

Det har vel alltid vore eit og anna bluestilløp på platene til Jolie Holland. Men det har aldri vore det dominarende tilløpet. Ho starta spartansk, i 2003, med knirkande viser, brakte gradvis inn meir raffinement, og for så vidt lyd, meir lyd, kraftigare lyd.

No er det avgjort kraftigare lyd. Wine Dark Sea er kraftigare lyd. Jolie Holland har fått med seg eit lag som lagar kraftigare lyd enn på noko plate ho har presentert. Men ikkje berre kraftigare, og ikkje alltid kraftigare, slett ikkje. Stundom vil eg heller seie at den er meir i opprør mot songens tone, lyden. Andre gonger vil eg seie den oppfører seg som knusktørr ved i omnen, den brenn nesten litt hensynslaust.

Den elektriske gitaren står bak det meste, av denne lyden. Men også blåsarar, og eit groove, sjølvsagt eit groove. Ho syng om kjærleik med håp i røysta (On and On) og gitaren knurrar og knegg, ho syng om kjærleik som har gått under (Dark Days) og gitaren er ein demon. Ho syng om New Orleans, med vemod i bringa (Saint Dymphna), og ho drar opp ein eggande voodoo-affære (Out On the Wine Dark Sea).

Det er kanskje ikkje hennar aller beste plate, men det er ei bra plate.

Sturgill Simpson- Metamodern Sounds In Country Music

Standard

Klassisk lovlaus country, der pedal-steel og «god bless america» er byta ut med psykedelia og ei mytisk skilpadde.     9

Metamodern Sounds in Country Music  Opninga er ikkje avgjerande, men det skadar ikkje om den set ting litt på plass. På sitt andre album kjem Sturgill Simpson opp med ei slik opning. Eg snakkar då ikkje om bestefaren hans sin introduksjon, spelt inn over ei telefonlinje, og tilført litt ekkobehandling: «Introducing metamodern sounds in country music». Sjølv om den for så vidt er effektfull og sannferdig nok. Nei eg tenker på den første linja Simpson syng like etterpå, i songen som fantastisk nok heiter Turtles All the Way Down. «I’ve seen Jesus play with flames in a lake I was standing in» syng han. Eg nølar sjølvsagt ikkje så mykje som ein tøddel av eit sekund med å kåre linja til den nestbeste Jesus-opninga i platehistoria.

Det stansar ikkje med det. Songen har meir å by på, sjølvsagt har den det, og songaren har meir å formidle. Han har møtt djevelen også, påstår han, i Seattle til og med. Og Buddha, og blitt opplyst. Han uttrykke ein tydelig skepsis til kristendommen og dei moralske vaktmennene – «Every time I take a look inside that old and fabled book I’m blinded and reminded of the pain caused by some old man in the sky». Han syng om den gamle myta som fortel at kloden vår kvilar på ryggen til ei skilpadde, og om «reptile aliens», og om dop av ymse slag som «changed the way I see». Denne noko uvanlige beretninga, i countrysongsamanheng i alle fall, blir servert til tonar plukka i det same klassiske landskapet der dei lovlause i si tid henta mang ein song. Der Willie og Waylon, Merle Haggard og Johnny Cash henta mang ein song. Men Sturgill Simpson gjer noko meir med songen, han psykedeliserar den. Med varme bølgjer. Og i desse bølgjene uttalar han det eg trass alt tenker er songens sentrale linje: «but love’s the only thing that ever saved my life». For i botn er det ein slik song det er, ein song som helst ynskjer å fremje kjærleik og humanisme, «to everyone you meet and greet and cheat along the way». Ein fabelaktig song.

Sturgill Simpson, eit storarta namn. Han kunne vel eigentlig ikkje drive med så mykje anna enn countrymusikk med slikt eit namn. Når vi så i tillegg får høyre at han har vakse opp i ei lita bygd i Kentucky, med ein far som var narkospanar og ei mor som var dotter av ein gruvearbeidar (eller a coalminers daughter som dei seier i dei traktene), minkar vel ikkje akkurat sjansane. Men det skulle jaggu ta si tid. Som ung mann ramla han utav skuleverket, hangla inn i marinen, og segla verda rundt før han fant ut at det ikkje var særlig til idé. Skreiv nokre songar, reiste til Nashville, men der var det ingen som såg nokon grunn til å ynskje han velkommen. Så han fant i staden ein venn i whiskyen og anna flytande av same slag. Tok seg etter ei tid i nakken og fekk seg jobb som jernbanearbeidar. Som de no sikkert forstår: Tida går, og countrysongaren inne i han ser ut til å bli verande der inne, utan nokon gong å komme ut og gjere seg til kjenne. Men ei kvinne vil det annleis. Dei vil ofte det, kvinnene. Ho skaffar han små spelejobbar, utan å konferere med han først. Plutselig sitt han der berre, i klisteret, på ein liten klubb, med ei forventning om at han skal spele, nokre songar. Han gjer det, og han gjer det igjen, og så blir han med i eit band (Sunday Valley). Det siste skjer like etter at han for andre gong har flytta til Nashville, denne gongen saman med kvinna. Nashville kastar seg ikkje akkurat om halsen på han denne gongen heller. Til det er nok ikkje songane hans godt nok tilpassa den gjengse oppfatning av kva som slår an. Han er litt for mykje av ein lovlaus. Men ei plate fekk han då spelt inn etterkvart, kalla den High Top Mountain, og gav den like godt ut sjølv. Året er no 2013, Sturgill Simpson er midt i trettiåra, og ein og annan melder tilbake at plata er bra, riktig bra. Sant nok, og forståelig nok, for High Top Mountain er ei bra plate det. I tradisjonen til karane eg nemnte lenger oppe, samt ein og annan likesinna. Flust av slikt noko kom det ikkje i 2013, så sjølv om plata kanskje mangla den siste vesle ekstra susen av råsterk personlegdom, hadde den sin tvillause verdi.

Metamodern  Sounds In Country Music, ein storarta tittel. Inspirert av ein annan platetittel, og ei storarta plate. Ray Charles sin Modern Sounds In Country and Western Music, der Charles gjer country på sin måte. Med Metamodern Sounds In Country Music gjer Sturgill Simpson det på sin måte. Sjølvsagt gjer han det, han kunne ikkje tatt sjansen på ein slik tittel om han ikkje det gjorde. Så den er av eit anna kaliber enn debuten denne plata. Den har ikkje berre ein liten ekstra sus av råsterk personlegdom. Den er gjennomsyra av slikt. Spelt inn over fire dagar, med eit marginalt budsjett, ei handfull medmusikantar, og ei frisk innstilling. Produsert har Dave Cobb gjort. Same mann som har gjort same jobb på Jason Isbell sin Southeastern og Jamey Johnson sine That Lonesom Song og The Guitar Song. Sannsynlegvis dei tre beste platene med countryklang som har komme dei fem-seks siste åra. Med det som utgangspunkt er det nok ein smule dristig å hevde at Metamodern Sounds In Country Music faktisk kan være den aller beste plata Cobb har hatt fingrane sine borti. Eg tar sjansen likevel, for akkurat så steikande bra er denne plata.

Først og fremst er det den ufattelige friskleiken, og nærværet, i tonane eg merkar meg, men også viljen, og motet, både til å gå den rakaste enklaste mest naturlige og klassiske countryvegen, og til å driste seg utpå. For det er ikkje berre kring det arkaiske cover-fotografiet av Sturgill Simpson og den før omtalte opningslåta at det slyngar seg psykedeliske stemningar. Slikt skjer i fleire andre låtar også. Nokre gonger subtilt og sobert, andre gonger meir utstrakt.

Aller lengst ute på ein tripp er Sturgill Simpson i det nesten sju minuttar lange nummeret It Ain’t All Flowers. Psykedelisk skingrande el-gitarsoloar møter her effektar frå hip-hop, og ting blir gjort både framlengs, baklengs, skeivt og illevarslande. I det som i botn er ein mørk countryblues med kunngjeringar av typen «cleaning out the darkest corner of my mind», erkjenningar av typen «when you play with the Devil you know you gonna get the horns», og primale skrik både før og etter.

«Lately things have been a little complicated» annonserar Simpson i det han går i gang med den songen på plata som rockar og rullar heftigast, Life Of Sin. Og formidlar så ei historie om ein fyr som har eit fromt ynskje om «a little happiness, a little love». Han er eit godt stykke unna å få ynskje oppfylt, han er hard på medisineringa og synst «sex is cheap» og «talk is overrated», men klarer no i det minste å kvittere ut at det er henne (hovudårsaka til komplikasjonane) han har å takke «for all my songs».

Apropos snakking. Ein song på plata handlar spesielt om slikt. Skvaldring, lovnadar og tomprat. I eit samfunn på randen av den store depresjonen er det nokon som har altfor mykje å seie, utan å seie den minste fornuftige ting. Simpson oppsummerar det heile ganske så eksplisitt med linja «a picture’s worth a 1000 words, but a word ain’t worth a dime». I ein song eg tenker Johnny Cash kunne ha likt å sunge.

To av songane er det ikkje Simpson sjølv som har laga. Ein er ein gammal togsong av klassisk skapnad, Long White Line. Den andre er ein synthdansepop-hit frå det seine åttitalet. Det britiske bandet When In Rome sin einaste nemneverdige song, The Promise. Simpson gjer låta om til ein countryballade av den gripande sorten.

Simpson inntek for så vidt litt ulike posisjonar plata igjennom. I eit svakt lite augeblikk serverer han til og med ein liten fyrig gospelsak, A Little Light Within. Men eit overordna inntrykk er at fyren held seg på ein langt meir skeptisk avstand til Gud og religion enn kva den gjengse countrysongar gjer. Så noko takk til Gud, eller Gud velsigne Amerika er ikkje å sjå. På den korte takkelista hans finn eg i staden folk som Aldous Huxley, Carl Sagan og Stephen Hawking. Science fiction, astronomi, og vitenskap altså. Eg ser ikkje heilt bort ifrå at han gjerne kunne ha slått av ein prat med Dalai Lama også. Han ytrar i alle fall vennligsinna ord om buddhismen i Just Let Go. Nærare bestemt buddhismen sin Bardo-tilstand («a 49 divine day vacation»). Alt medan tonar frå eit keyboard flyt rundt, krengar litt, ja endåtil morskar seg litt. Eit keyboard (eller orgel) gjer seg også gjeldande i Living The Dream, på eit svellande vis, medan songaren fabulerer fram tankar av meir fatalistisk karakter. Slike som «I don’t have to do a Goddamn thing except sit around and wait to die».

Sturgill Simpson drar sine linjer til andre, til tradisjonen. Viser respekt, men først og fremst vågemot, og skapar ei plate som er noko litt for seg sjølv.