Tag Archives: Big Ups

Musikalsk årsoppgjer 2014

Standard

Spådomar frå fleire hald vil ha det til at musikkalbumet er eit utdøyande fenomen. Måtte spådomane slå feil, fullstendig feil. Det har komme flust av album i 2014 eg med styrke vil hevde beviser at albumet har livets rett, og vel så det. Dei 25 beste har det blitt ei liste av.

Men først 3 bøker (ikkje for noko anna grunn enn at bøker er like viktig som musikk, og at desse tre kjennes vel verdt å nemne).

Stoner  Rød eller død av David Peace (Innbundet) Innsirkling 3 av Carl Frode Tiller (Innbundet)

1. John Williams – Stoner
Skriven og utgitt for nesten femti år sidan. I norsk oversetting for første gong i år. Ei kultbok. «The greatest American novel you’ve never heard of» ifylgje The New Yorker. Ein vakkert og nennsamt fortalt historie, om eit ikkje spesielt eksepsjonelt liv. Ein manns liv frå barndom til grav på 270 sider. Melankolsk og skilsettande. Poesi i romanform.

2. David Peace – Rød eller Død
Om den legendariske Liverpool-manageren Bill Shankly. Sosialisten, fotballfanatikaren, arbeidsnarkomanen og eksentrikaren  Shankly. Ein roman, ikkje ein biografi. Fortalt i eit gjentakande, suggererande språk. Like enkel, like komplisert, like medrivande som fotballspelet i seg sjølv. Aldri har eg opplevd fotballsesong etter fotballsesong blitt meir fortetta og poetisk oppsummert.

3. Carl Frode Tiller – Innsirkling 3
Tiller sirklar seg inn på oppklaringa. Kjem fram til den, men ikkje til noko endelig avklaring, heldigvis. Det å vere menneske saman med andre menneske er ikkje enkelt. Kva ein seier, kva ein tenker, kva ein gjer, kva ein burde gjere, er på evig kollisjonskurs. Tiller skildrar det på storarta vis, igjen.

Så, over til albuma:

 Steve Gunn 

1. The War On Drugs – Lost In the Dream
Ei plate som vandrar sporenstreks inn i ein melodisk sigerstemning, og blir der ein heil time. Amerikansk gitarrock der låt etter låt blir tilført vennlegsinna synthlinjer, blir lindrande pianotøtsja, eller kanskje får ein blåleg saksofonvisitt. Låt etter låt som omgås sinnstemningar der mørket og mismotet rår, men der ein stigande aksept av tingas tilstand, og ei evne til å handtere forholda, også blir formidla. Det høyrest ikkje spesielt eksepsjonelt ut, og ei eksepsjonelt original plate er det ikkje. Men ….vel, eksepsjonell er den.

2. Steve Gunn – Way Out Weather
Sakte beveger melodien seg. Sakte beveger melodien. «Slowly moves the melody». Det trygge, det vanlige finst der, i songane, men også det spesielle, det særeigne. Steve Gunn gjer det melodisk, og han gjer det i ein hevdvunne tradisjon. Med ei lett hand får han strengene på gitaren (gitarane) til å synge som få andre gjer. Eg tenker på han som ein ukomplisert virtuos.

3. Sun Kil Moon – Benji
Songar frå perspektivet til ein middelaldrande mann. Songar som ikkje tar føre seg frå eit vidt spekter av det songar kan gjere. Dei held seg alle på innsida av det marginale mønsteret Mark Kozelek plar operere innafor. Der tonar ikkje spring av garde i veldig komplekse former, men der alt ruslar sin gang. Einsformig seier nokon, styggelig vanedannande seier eg.

4. Wussy – Attica!
Dei har latt seg inspirere, latt seg dugelig inspirere. Som dei uforbederlige rock’n roll-disiplane dei er, har dei latt seg inspirere til å lage songar som liknar på saker vi har høyrt før, som har både tjuveri og låneri klistra på seg. Likevel er dei forunderlig nok berre Wussy. Med ein glød og eit lidenskapelig forhold til alt dei driv med.

5. Sturgill Simpson – Metamodern Sounds In Country Music
Det er ikkje berre den ufattelige friskleiken, og nærværet i tonane, eg merkar meg, men også viljen, og motet, både til å gå den rakaste enklaste mest naturlige og klassiske countryvegen, og til å driste seg utpå. Som det å sveipe tonane inn i psykedelia. Nokre gonger subtilt og sobert, andre gonger meir utstrakt.

6. Ought – More Than Any Other Day
Postpunk. Den stramme pågåande kantete fabelaktige postpunken er vel den mest nærliggande merkelappen å klistre på Ought. Men dei er ikkje berre slik, Ought kan også ha noko meir avrunda og elastisk i det dei gjer. Inntrykket er vel at det ikkje er avgrensingar og dogmer som er opplegget her. Heller eit frilyndt dykk inn dit energien har dei beste vilkår, der temperaturen aldri kviler.

7. Angel Olsen – Burn Your Fire For No Witness
Frå det skjøre til det konfronterande, frå det nennsame til det forrykande, den ueinsarta plata til Angel Olsen dekkar alt det og meir til. Når den så i tillegg er fostra på sterk vilje, har bevart passeleg med smuss, og er melodisk velhalden, sitt eg i grunn att ganske så tomhendt på innvendingar.

8. Parquet Courts – Sunbathing Animal
Eit band i frenetisk vigør, heilfrelste på konsise riff, hissig skinger og rammande groove. Der orda kjem fort, som ein dans i unnabakke. Med og utan fotfeste. Parquet Courts står ikkje stille, dei tar til seg det beste av det dei har høyrt, og gjer det om til sin måte å gå råbarka til verks på.

9. Sharon Van Etten – Are We There
På ingen måte eindimensjonale songar. Dei kan tolkast i ulik lei. Ja det er ikkje ein gong sikkert dei er så melankolityngde som dei gjer inntrykk av å vere. Ikkje er dei så marginale på melodisk variasjon som dei først kan gje inntrykk av å vere heller. Dei har ei blomstrande kraft i seg.

10. Woods – With Light and With Love
Human popmusikk. Med sine manglar, med sine intensjonar, med sitt overskot. Woods sitt album av året har mykje i seg og mykje for seg, og står fram som kongruent og variert i same andedrag. Sprett både lett over overflata og skjer seg inn i materien. Og 1967 er aldri langt unna.

11. Hookworms – The Hum
Psykedelisk vitalitet, hektande melodilinjer, suggererande rytmiske tilhøve, og ein ikkje ubetydelig larm.

12. Torgeir Waldemar – Torgeir Waldemar
Røysta. Den rommar klangen av det den formidlar. Tida. Han tek seg tid til å bli i songane sine. Songane. Dei har sitt klare opphav frå ein tradisjon, har sine merker frå meir enn ein låtskrivar, men høyrer likevel så sjølvsagt heime hos han som syng dei.

13. Simone Felice – Strangers
Han er her ikkje for å revolusjonere musikkhistoria. Han serverer 10 songar som hentar sitt liv og sitt vesen frå den amerikanske songtradisjonen.  Dei har sin verknad.

14. Damien Jurado – Brothers and Sisters of the Eternal Son
Den tidlegare trubaduren har for alvor funne fram til det dansbare, det psykedeliske, og det spirituelle.

15. EMA – The Future’s Void
Strenge, skarpe, kalde lydkjelder dansar og kranglar rundt låtar som oftare enn det kan virke som, sånn med det same, har eit godt melodisk hjerte.

16. Timber Timbre – Hot Dreams
Hot Dreams er ein tanke meir raffinert enn tidlegare plater av Timber Timbre, og har ein varme som ikkje alltid konsulterer gufset. Men fredlaust er det.

17. Strand of Oaks – HEAL
Ei reinsing, ein personleg kamp, men kanskje mest av alt ein kjærleik til musikken.

18. Beck – Morning Phase
Temmelig langt unna friskusen frå Odelay. Ikkje så veldig langt unna den tynga melankolikaren frå Sea Change, men med mindre melankoli i brystet.

19. The Men – Tomorrow’s Hits
Du skal ikkje kimse av god gammaldags rufsete rock’n roll. I alle fall ikkje slik den fortonar seg i henda til The Men frå Brooklyn.

20. Hurray For The Riff Raff – Small Town Heroes
Songar som kunne vore her for lenge sidan, som har eit gammalt Amerika i seg. Men dei er heilt nye, dei er eit friskt oppkok av folk, country og blues.

21. John Fullbright – Songs
Country som finn soul, mørke krokar, einsame tonar, og litt lykke.

22. Mirel Wagner – When the Cellar Children See the Light of Day
Ho vev livet, kjærleiken og døden i hop på sin måte – enkelt, tvitydig, dirrande.

23. Big Ups – Eighteen Hours of Static
Med glød i blikket og angst i bringa hiv dei seg over amerikanske undergrunnstonar slik dei lydde den gongen Pixies og Jesus Lizard var unge.

24. Joe Henry – Invisible Hour
Varme tonar, varlege tonar, og gåtefulle innspel om livets relasjonar

25. Pere Ubu – Carnival of Souls
Endå eit vitalt tilskot til ein etter kvart imponerande albumkatalog på utsida av gjengs rock’n roll åtferd.

Big Ups – Eighteen Hours of Static

Standard

Eit debutalbum spekka av uro og intens energi.                                                                                                      7

cover    Det er ikkje noko å seie på intensiteten og desperasjonen til Joe Galarraga, når han formidlar det han har sett seg føre å formidle. Det kjem seg kanskje av at han formidlar eit ganske så dystert og destruktivt syn på både dei indre og dei ytre tilstandar. «Everybody’s says it’s getting better all the time, but it’s Bad» får han seg til å skrike ut i ein låt. Han spreier linjer av om lag same slaget utover samfulle 11 spor på denne plata. Som ikkje er atten timar med statisk tilstand, men eit høgst bevegelig adrenalindrive åtak unnagjort på under halvtimen.

Det heile er sett i scene av fire unge menn som held til i Brooklyn. Av ein eller annan grunn har dei funne det formålstenlig å kalle bandet sitt for noko såpass ubrukelig som Big Ups, men der stoppar for så vidt det ubrukelige med kvartetten. Av sannsynlegvis heilt andre grunnar har dei ei sonisk åtferd det smakar klassisk gitarbasert amerikansk undergrunn av. Slik den fortona seg utover 80-talet og inn i 90-åra, frå band med eit visst raseri rennande gjennom systemet.

Så her burde eg då kanskje ta ei grundig drøfting av kor originalt dette eigentlig er? Vel, nei eg trur ikkje det gitt. Musikk blir skapt av musikk var det vel ein som sa ein gong. Big Ups sitt prosjekt er som de forstår ikkje noko unntak i så måte. Dei forsyner seg glupsk blant saker dei har høyrt. Men, endar i grunn opp med noko som er deira eige.

Big Ups sitt særpreg handlar om dynamikken mellom å halde att, avvente, snakke lågmælt, kontra det heilt motsatte, det stormfulle angrepet, primalskriket. Med ein sentralt plassert songar som vel så mykje resiterer, snakkar rytmisk, og gaular, som han regelrett syng. I denne strukturen skaper bandet ein energi som evnar å halde lyttaren på tå hev, og vel så det. I alle fall denne lyttaren.

Dei 11 songane er alle i hop bygd over den same stille/høgt-lesten. Når det er sagt, dei er forskjellige også, songane. Absolutt. Her er låtar som beveger seg inn i noko seigt tungt manande (Body Parts) nesten stonerrock-aktig (TMI), her er den gradvis byggande (og tilslutt hundre prosent eksplosive) Wool, og her er låtar med eit meir bistert og kantete postpunk-slekta preg (Grin, Disposer). Nokså gjennomgåande er det at bassgitaren har ei framtredande og brutalfunky rolle.

Av og til oppfører Joe Galarraga seg som om han heiter Black Francis. Når han dukkar ut av det manande innleiingspartiet i Body Parts, og vræler «with eyes and ears we can see in here». Eller når han syng om ein mann og ein svolten hund i Fresh Meat. Han er heller ikkje evig langt unna i songar eg ikkje umiddelbart vil hevde han oppfører seg som Black Francis i. Songar der han altså gjer inntrykk av å ha eit nokså illusjonslaust og svartlagt syn på tilværet. «What happens when it all goes black and I’m lying there dying there trying to think back» spør han seg i eit av albumets sterkaste spor, Goes Black. «No one’s gonna save you, you gotta save yourself» hevdar han i den gudlause Atheist Self-Help. Medan forbrukarsamfunnet får sin krakilske dom i Disposer. Alt er bruk og kast, til og med livet sjølv, slik songaren ser det i alle fall, men han vil ha seg fråbedt å vere noko søppelkvern.

Låtlengda er pluss/minus to minutt. Berre ein låt dreg det litt lenger. Til fire og eit halvt minutt. Wool. I si gradvise oppbygging mot sitt sjølvlysande klimaks behandlar den først og fremst temaet å bry seg eller ikkje bry seg. «I don’t mind» blir gjentatt hyppig undervegs, men i klimaksets gjentakande mantra, «I think I pulled the wool over my own eyes», ligg det nok også ei erkjenning av at kanskje det var eit og anna ein burde ha brydd seg om likevel.

Eighteen Hours of Static gjer kanskje ikkje underverker, men det har definitivt sin verknad.

Dei 5 beste albuma frå januar 2014 (Slik eg har oppfatta det):

Standard

coverBig Ups - Eighteen Hours Of Staticdoug tuttlecover

1. Damien Jurado – Brothers And Sisters of the Eternal Son

Den tidlegare trubaduren har for alvor funne fram til det dansbare, det psykedeliske, og det spirituelle. Med surrealistiske vinklingar og mystiske dialogar drar han inn Gud, Sonen og Den Heilage Ande i eit opplegg som ikkje er heilt til å forstå, men som er det beste han har levert til dags dato.

Metallic Cloud:

2. Big Ups – Eighteen Hours of Static

Ein ung kvartett frå Brooklyn hiv seg over amerikanske undergrunnstonar slik dei lydde den gongen Pixies og Jesus Lizard var unge. Dei gjer det med glød i blikket og angst i bringa.

Goes Black:

3. Doug Tuttle – Doug Tuttle

Heilt psykedelisk. Etter nokre plater med bandet MMOSS albumdebuterar Tuttle som soloartist med ein dose psykedeliske popdrops det smakar evig sekstital og tapt kjærleik av.

I Won’t Do:

4. Ai Phoenix – Hey Now / Being Here Is Everything

Det tok si tid før Ai Phoenix dukka opp att. Men her er dei, med sine tonar utan hastverk. Og det er minst like bra som det nokon gong har vore.

Here’s To You:

5. Rosanne Cash – The River & The Thread

Ei dotter, ei kvinne, elva som renn igjennom henne, og tråden ho prøver å lære seg å elske. Rosanne Cash har oppsøkt sine røter.

When the Master Calls the Roll: