Tag Archives: Wooden Wand

Musikalsk årsoppgjer 2013

Standard

2013: Det beste eg høyrte i år

Eg har ikkje tenkt å hevde at dei 25 platene eg har laga ei liste av under er dei 25 beste platene frå 2013. Men, av dei platene eg har høyrt frå dette året (og det er jo langt frå alle) trur eg desse 25 må vere dei beste. Om då ikkje John Grant eller The Sadies eller Neko Case eller Ashley Monroe eller Unknown Mortal Orchestra eller Eleanor Friedberger eller Erlend Ropstad eller Kanye West eller Ty Segall eller Houndstooth eller Mona & Maria eller Sudan Dudan eller Samantha Crain sine respektive utgjevingar burde ha fått ein plass her då. Det kan veldig godt vere.

25. Bill Callahan – Dream River
Ein av våre tiders beste songpoetar. Med klar og særeigen røyst tar han nokre steg i ein litt meir optimistisk retning. Og han er vel verdt å fylgje dit også.

24. Mark Kozelek & Desertshore – Mark Kozelek & Desertshore
Detaljerte betraktningar over dagliglivets prosaiske vesen, tilsatt velkjente Kozelek-
tonar (les Sun Kil Moon, les Red House Painter). Gode tonar.

23. Caitlin Rose – The Stand-in
Countrysongar og andre songar som lever sitt liv utafor tidas avgrensa rammer.
Fengande, brennande, swingande, varlege. Registeret er breitt nok, og songane har ein friskleik som vil vare.

22. Atlanter – Vidde
Bandet er nytt, men mannskapet, i alle fall Jens Carelius, har gjort seg bemerka før. Men dette er meir bemerkelsesverdig. Eit fjellpsykedelisk, vidtrekkande, bluesvandrande og groovy stykke norsk verdensmusikk.

21. Kacey Musgraves – Same Trailer Different Park
Countrytonen er konvensjonell, og nesten på permanent basis svingar den seg inn på eit fengande spor. Men den skrur seg ikkje fullstendig opp. Det er noko som held den att, som jordar den. Ein flittig bruk av akustiske instrument. Eit fråvær av glimmer og fjas. Friske tekstar, rammande tekstar, ein varme, eit mot.

20. Monica Heldal – Boy From The North
Ei ung norsk dame har funne fram til den engelske folktonen. Med den akustiske gitaren i fanget fingerplukkar ho seg gjennom låtane. Men ho har også ordna seg med nokre medmusikantar der elektrisiteten har ei rolle. I lag skapar dei eit rastlaust, bluesblått og groovy stykke musikk. Det handlar om inderlig kjærleik, bevegelse og fridom.

19. Houndmouth – From the Hills Below the City
Originalitet får andre ta seg av bjeffar dei, og omfamnar den amerikanske grunntonen med heile sitt glødande hjerte. Alle fire. Gitaren er alltid elektrisk, orgelet duvar og grev, og rytmeduoen er ikkje utprega anonym. Det er southern style, countryrock og rotekte rock. Og syng gjer dei alle. Åleine, og i medrivande harmonisk utfalding.

18. Yo La Tengo – Fade
Tida går ikkje i frå Yo La Tengo. I eit kvart århundre har dei sysla med sitt. Litt av kvart i grunn, men er like fullt alltid til å kjenne att. I år bydde dei på ei ganske så støysvak og homogen plate. Og tradisjonen tru var den rett så flott.

17. The Men – New Moon
The Men er absolutt ikkje eit trongt, einsarta og uniformert band. The Men vil mykje og mang slags. Først og fremst energisk rock’n roll. Gjerne med litt innebygd hengslete melodiøsitet. Men dei går heller ikkje av vegen for litt countryrock, hissig støy eller groovy kraut. Upolert og reinspikka.

16. Mikal Cronin – MCII
Det er power i den melodisk velorienterte poptonen til Cronin. Den klassiske beatleske poptonen. Tidvis skyllar fyren ei elektrisk gitarbølgje av nesten tsunamiske dimensjonar innover den. Men han spelar på andre instrument også (så godt som alle ein kan høyre på plata). Og han kan roe støyfaktoren, men det er aldri ei overordna målsetjing.

15. Oblivians – Desperation
Femten år etter at Oblivians var her sist dukkar dei opp att. Utan å ha forbetra seg, og takk for det. Her flyg dei vegg imellom, i full desperasjon, og er alt anna enn slutt. Dei sveittar og rockar som om tida aldri har flydd ifrå dei. Det gjer dei sjølvsagt heilt rett i.

14. Stein Torleif Bjella – Heim For Å Døy
Nei lystelig er det definitivt ikkje, men like fullt ein ny porsjon med ganske så udødelige viser. Meir presist elleve songar om å kjenne seg einsam og neglisjert, og ein om nokre gitarar. Formidla med akkurat så mange ord som trengst. Ikkje overtydelig, men heller ikkje utydelig. Forankra i eit Hallingdalsmiljø, men i grunn ganske så universelt.

13. Savages – Silence Yourself
Det er ikkje nokon grunn til å tvile på Savages. Deira agenda er å gå aggressivt til verks, dei sviktar den aldri. Verken på det soniske eller det tekstlige plan. «This album is to be played loud in the foreground» proklamerar dei. Du skal ikkje la deg forstyrre av andre signal. Du skal ha fokuset retta ein stad, hit, på debutplata til dei fire kvinnene i Savages. Det er i grunn ikkje så vanskelig.

12. Okkervil River – The Silver Gymnasium
Scena er den vesle staden der bandets songar og eminente låtskrivar Will Sheff vaks opp. Han skildrar ein barndom som handla vel så mykje om sjukdom og å bli mobba som om ubekymra leik i skogsholtet. Men det er ingen bitter flyktning som kryssar sine spor. Det er ein mann midt i trettiåra som evnar å vere både oppriktig og ettertenksam. Og som finn fram til poptonen i sitt eige orkester. Ein god tone det.

11. The National – Trouble Will Find Me
I eit moderat og smidig modus lirkar Brooklynkvintetten nok ein gong fram ei plate som vinn i det lengre løp. Der den lakoniske barytonrøysta til Matt Berninger behandlar låt etter låt med skarpskodde tekstlinjer. «I have only two emotions» syng han, «careful fear and dead devotion». Og eg tenker at nett det kanskje er eit aldri så lite manifest. På ei plate som ikkje veldig annleis, frå eit band som framleis er veldig bra.

10. Wooden Wand – Blood Oaths Of the New Blues
Eg opplever lydbildet på Blood Oaths som det luftigaste Wand har presentert i nyare tid. Som det rikaste også, men like fullt spartansk. Wand sine medspelarar skikkar seg, dei går ut og inn av bildet, dei har fått rolla som subtile understrekarar. I novellistiske songar av det heimsøkte og støvete slaget, dyppa i country og blues. Der tristessen og lengten rår, men der Wand også finn det føremålstenlig å minne om at «after the darkness there’s a light».

9. My Bloody Valentine – MBV
Det er då noko alvorlig apokalyptisk over mbv, er det ikkje? Poptonen som dansa som ein kaleidoskopisk draum gjennom store deler av Loveless den høyrer eg ikkje så mykje til her. Her høyrer eg noko dunklare noko. Ein slags klagesong kanskje, eller ein jamrande blues, eller ….. Eller for å seie det slik: Shields og hans kumpanar (som ikkje er særlig fleire enn Bilinda Butcher denne gongen) har endå ein gong skapt eit verk som eg ikkje heilt ut forstår, som sikkert alltid vil vere utydelig, og som eg derfor aldri vil bli ferdig med. Og bra er vel det?

8. Kurt Vile – Wakin On A Pretty Daze
Dei drar seg ut i respektable lengder fleire av spora på plata. Såpass at dette endar
opp som eit godt gammaldags dobbeltalbum. Der gitaren, og då spesielt den akustiske varianten, har ei viktig rolle. Gitaristen Kurt Vile har aldri vore noko å kimse av. Men denne gongen gjer han seg sjølv større arbeidsrom, og skapar meir meditativ godlyd, enn nokon gong.
I songar der Vile fører ein slags dialog med seg sjølv. Om eg då ikkje skal kalle det for monologar til ein person som ikkje er til stades. Eller refleksjonar over livet, musikken, kjærleiken, lengselen, og det å vere mann og far.

7. Laura Marling – Once I Was An Eagle
Utan unntak, femten songar til ende, handlar Once I Was An Eagle om kjærleiken. Det startar i eit stummande mørke. «You should be gone beast» lyde opningslinja. Det lysnar litt undervegs. Til slutt adresserar songaren ei oppriktig takkseiing til naiviteten «for failing me again».
Stemma og den akustiske gitaren har hovudrolla. Men utan produsent Ethan Johns si tilføring av rytmisk svir hadde ikkje dette blitt den plata det har blitt. Med handslegne trommer og perkussiv virilitet skaper han eit organisk groove som stikk innom og vitjar dei fleste låtane.
Det har blitt ei plate som er den openbare motsetninga til det fragmenterte. Den krev at ein har tid, at ein tek seg tid, den er verdt kvart eit minutt.

6. Jason Isbell – Southeastern
Ei plate full av countrysoul. 12 sterke melodiar som provar at Jason Isbell har eit grep om det melodiske slik gode låtskrivarar oftast harhar. Det er likevel hans grep om det tekstlige som verkelig imponerer. Han sirklar ikkje rundt med ord som fordampar, han går direkte til verket med ord som brenn seg fast. Han bruker ikkje fleire ord enn nødvendig, han økonomiserer, han er presis, som ein Carver. Han har noko å formidle. Og det han formidlar skildrar også det som ikkje blir uttalt. Eller det kan handle om noko eg først ikkje oppdaga det handla om. Det kan ha ei dobbeltyding. Isbell er ikkje eindimensjonal.
Jason Isbell har endelig laga plata eg ein gong trudde han var i stand til å lage, men som eg hadde byrja tvile på at han ville lage.

5. Vampire Weekend – Modern Vampires of the City
Det finst fleire grunnar til å tvile enn til å tru. Gud er i trøbbel. Sola går minst like ofte ned som den står opp. Visdom er ikkje synonymt med ungdom. Døden er uunngåelig, men heller seinare enn før. «There’s a lifetime right in front of you».
Med betraktningar av dette slaget tar Vampire Weekend oss med på ein liten tur inn i sinnet og sjela til Modern Vampires of the City. På ei plate som er like nådelaus som den er medgjerlig, like absurd som den er lettfattelig, like eksentrisk som den er fengande.
Vokalist Ezra Koenig fer til verket med reinspakka glød og tvillaust nærvær som fremste kjennemerke. Rundt han føregår det saker og ting. Multiinstrumentalist og produsent Rostam Batmanglij er ein mann rik på idear. Han skikkar inn det eine instrumentet etter det andre. Men lite samtidig. Det er godt med rom her. Eit rom som blir nytta til å gje kvar enkelt låt sitt preg, sitt stempel, sitt groove.

4. Ezra Furman – Day Of The Dog
Når Ezra Furman 13 sekund inn i opningsnummeret startar å synge så er det frå djupast nede i magen og utover det heile. Det er fullt åtak, og ein aggresjon mot det han ser der ute og det han kjenner der inne. «All the world is rising up like vomit, filling up my ugly little mouth, there’s a sickness deep inside my eyeball, got to find that tool to cut it out». At refrenget då blir «I wanna destroy something, I wanna destroy myself» er vel bortimot heilt naturlig.
Punk eller ikkje punk, det er for så vidt ikkje spørsmålet. Men svaret er ja, og nei. Dette er punk men langt meir enn som så. Dette er Bo Diddley-beat og femtitalet som tar seg via Dylan og Velvet Underground til punkens gullalder, derifrå går den i klinsj med Violent Femmes, sparrar med Bright Eyes, og sveittar opp ein dose gospel, for så å bli friskt og tydelig signert med Ezra Furman sitt eige handlag.
Ein kan vanskelig hevde at tematikken plata igjennom er av det lystelige slaget. Det handlar mykje om å vere i ein tilstand nokre sjelelige kilometer unna der ein helst kunne tenkt seg å vere. Men det handlar også om å prøve å komme seg ut av tilstanden, og å søke og finne fram til ein som svir mindre. Det handlar i liten grad om å lukkast med det.
Men du verden som Ezra Furman har lukkast med denne si femte plate.

3. Phosphorescent – Muchacho
Sånn mot slutten av plata, i nest siste song, høyrer eg Matthew Houck synge «oh, you’ll spin your heartache into gold». Eg tar like godt og stel den linja eg, for så i neste omgang å rette den mot opphavsmannen sjølv. «You’ll spin heartache into gold, Matthew Houck». Noko du har gjort, for så vidt, i alle fall tidvis, på plate etter plate dei siste ti åra, men denne gongen sannelig meir fullkome enn nokon gong.
Houck seglar framleis, slik han har gjort alle desse ti åra, under fana Phosphorescent. Om enn ikkje, slik det ein gong var, ganske så åleine. Eit visst mannskap har han med seg. Ikkje eit så reint lite eit heller denne gongen. Cirka 10 i talet trur eg det må vere. Det er nå likevel aldri nokon tvil om kven som har grepet om spakane. Houck har, vanen tru, produsert, arrangert, miksa, og skrive låtane. På det mest mangfaldig utforma Phosphorescent-albumet til dags dato.
Houck tek her i bruk elektroniske lydkjelder på ein måte han ikkje har gjort før, og han vitjar fengande poprefreng og tar eit par skikkelig groovy tak. Sonisk sett er albumet kanskje fyrens lettast tilgjengelige. Utan at det har gått utover tonane sin levedyktigheit, eller Houck si evne og interesse for å skildre kjelkete mellommenneskelige tilhøve.

2. Parquet Courts – Light Up Gold
Eg høyrer på Stoned and Starving, og songar frå tidlegare tider kryssar sporet. Det har noko med groovet å gjere, tenker eg. Først og fremst groovet. Det enkle groovet. Sjølve ur-groovet. Eit slikt eit som finn sitt tempo, og som så går, og går, og går, medan tonar av ulik karakter kravlar, kjælar eller piskar kring det.
– Eg spaserte gjennom Ridgewood Queens, innleiar Andrew Savage. Og groovet går, Det groovet. Der har Pablo Picasso spasert ein gong også, tenker eg. Og jentene kunne ikkje motstå blikket hans, og han blei aldri «called an asshole». I fylgje Jonathan Richman, tenker eg. Og groovet går, Det groovet. Ein gong var Lou Reed der også, tenker eg, og formidla morbide og syndige scener, og eit stadig gjentakande «she’s busy sucking on my ding-dong». Gitarane var primitive, orgelet brutalt, og Moe Tucker slo. Det var Det groovet. «I was so stoned and starving» syng Andrew Savage, og fortel om då han stod der med tåkete syn og funderte over om han skulle velje geléfiskar, rista peanøtter eller ei pakke lakris. Veslebror Max Savage administrerar takten, og ein krakilsk gitarsolo krøllar seg rundt den. Som ein svolten orm på jakt etter godsaker. Det er Det groovet.
Og saman med groovet, Dette groovet, går dei heim, utan napp, for så vidt, både Savage og Richman og Reed, både Parquet Courts, Modern Lovers og Velvet Underground. Og naglar kvar sin meisterlige rock’n roll song fast i det tidlause. Sister Ray, Pablo Picasso og Stoned and Starving. 1968, 1976, 2013, whatever, tenker eg.
Årets låt, tenker eg.
Med sine fem minuttars varigheit, og sine gitarsoloar er ikkje Stoned and Starving den typiske låta på plata. Den typiske låta varer ifrå eitt til drygt to minutt, har ikkje utprega god tid, gjer det den har intensjonar om å gjere, og slepp så neste til. Rå, energisk og primitiv punk, postpunk og rock’n roll. Det har sett seg i blodomlaupet til den unge kvartetten. Debutalbumet kokar over av det.

1. Jonathan Wilson – Fanfare
Å du heilage psykedelia! Her er det ambisjonar, her er det musikalitet, her er det ein kosmisk overflod av medrivande tonar.
Med Fanfare utvidar Jonathan Wilson sitt soniske univers. Han lar låtane få lov til å bli større. Gjev dei ein ikkje ueffen nyanserikdom, og sveivar tidvis opp ein energi som ikkje var der på den førre plata, Gentle Spirit. Fanfare er på mange vis eit konglomerat av soniske innfall, men du verden det er eit saumlaust konglomerat. Det hakkar ikkje undervegs. Dansen mellom dei djupaste søkk og dei høgaste tindar høyrest fullkommen naturlig ut.
Over 78 minuttar og gjennom 13 songar, i skiftande tempo, i mangslags fargar, og med vekslande krefter, har Fanfare grepe eit stadig sterkare tak i meg. Varmen har si tvillause skuld i det. Varmen som Wilson har inkorporert i kvar einaste spelte tone. Og så det melodiske då, det er heller ikkje skuldlaust. Det har sin divergerande personlegdom frå låt til låt, men presenterer seg alltid i ei form eg vil kalle smidig, og slik evnar det å smyge innunder huda, og inn til det inste.
Plata har flust av referansar til musikk som blei gitt ut i tidsrommet 1967 – 1977. Men den står aldri fast i noko som ein gong var. Eigentlig står den ikkje fast i det heile. Eigentlig flyg den som ei fri sjel mellom det den fangar og det den skapar, og har like mykje 2013 i seg som all anna musikk som har komme rekandes min veg i år. Men den har garantert meir framtid i seg enn det meste av den. For ikkje å seie all.

Wooden Wand – Blood Oaths of the New Blues

Standard

Heimsøkte og nedtona, vidstrakte og støvete, novellistiske songar dyppa i country og blues.

8

cover

Bluesen er trong har eg høyrt nokon hevde. Eg kan forstå kva dei meinar, men den treng jo ikkje være det. Den kan vide seg ut, kaste skjemaet i dunken, lausrive seg, og ta til seg næring frå anna hold. Den kan blande blod med både sakrale viser, psykedeliske idear og skeive føretak. Eg har som regel opplevd at slikt berre gjer den godt. Blood Oaths of the New Blues proklamerar Wooden Wand og spelar blues på sin måte. Rasjonelt lydtilført og sakte brennande. Heilt i utkanten av bluesen. Eller om du vil: Outsider Blues. Som han også har døypt den kanskje aller sterkaste låta på plata. Nesten like mykje ei novelle som ein song.

Kristy finally sold a painting, so we decided to drive to the outsider bluesfest in Toronto. We packed a couple of bags and left bright and early. Once we got outta town I put on some Mississippi Fred McDowell. Kristy said, -Don’t you think we’ll be hearing enough blues this weekend? So I played Sticky Fingers, and I sang along to each word of each song. Kristy drove with two fingers on the steering wheel, drummin».

Dovent men ikkje kraftlaust sig songen framover. I 7 minutt. Med handslegne trommer, eit enkelt sirkulerande gitartema, og ein vag brus i det fjerne. I ein song som handlar om å være på veg. Med ein vaklande lengt om ein gong å kunne plante flagget i bakken. Hos ein hovudperson som konstaterar at ei slik frelse uansett berre ville være éin versjon av det verkelige. I ein «outsider blues with little to lose».

Wooden Wand gjorde seg først bemerka saman med den stadig besetningsskiftande banden Vanishing Voice. Ein frilyndt gjeng som nytta dei første åra av totusentalet til å spleisa i hop dei fleste musikksjangrar. Tidvis klarte dei endåtil, på plater som Buck Dharma og Gipsy Freedom, å samle kaoset i soniske åtak med eit suggererande lynne. Songstemma til fyren som leia slaga, og som eigentlig ber namnet James Jackson Toth, var i liten grad ein del av opplegget. Etter at The Vanishing Voice blei etterlete i ein grøftekant (eller noko slikt) ein gong i 2006 har imidlertid songstemma til denne Toth gjort seg gjeldande. På plater, ja ganske så mange plater faktisk (nærmare ti i talet!), som har eit langt meir konvensjonelt vesen. Stikkord: Gitar og song, folk og country, heimsøkt og tungsindig, gåtefullt og forderva. I sine beste stunder har Toth vist seg å være ein låtskrivar med ein poetisk puls og beundringsverdige evner til å leite opp melodisk grøftekantgull. I rikast monn har eg så langt funne slikt på plata han i 2010 spelte inn under Michael Gira si overvaking, og som blei gitt ut på same Gira sin label, Young God Records. Death Seat er platas ikkje altfor lystelige tittel. Ein tittel som sjølvsagt speglar innhaldet rimelig fortreffelig.

Blood Oaths of the New Blues har absolutt fleire fellestrekk enn den har ulikskapar med Death Seat. Fleire enn den har med Wooden Wand si førre plate, Briarwood. Ei plate som var fyrens mest elektriske sidan Vanishing Voice tida. Der den turnerte rundt på eit sørstatsrock-territorium som Drive-By Truckers har vore dei sikraste leverandørane frå dei siste ti åra. Eg opplevde i grunn ikkje Wooden Wand sitt framstøyt som så fyrig og bra som det strengt tatt burde ha vore. Han må imidlertid ha funne ein god tone med dei som spelte på plata, då han for ein gongs skuld ikkje har skifta ut medspelarar, men latt dei same spele med under innspelingane av Blood Oaths også. Men altså, på eit ganske så anna vis.

Eg opplever lydbildet på Blood Oaths som det luftigaste Wand har presentert i nyare tid. Som det rikaste også, men like fullt spartansk. Wand sine medspelarar skikkar seg, dei går ut og inn av bildet, dei har fått rolla som understrekarar. Ei rolle som handlar like mykje om å være stille som å uttrykke seg. I lag formar dei eit sonisk bilde med ei sterk stemning i seg. Ei stemning der både ro og uro har ein plass.

Lengst framme i bildet, i stemninga, står songaren. Han syng sterkare enn han nokon gong har gjort. «Do they innocent die differently from they guilty?» spør han i Dungeon Of Irons. Ein song som tar sitt utgangspunkt i ei sak der nokre kvinner 400 år etter at dei blei skulda for hekseri og avretta absurd nok vart benåda. Wand er ikkje nådig mot mobben som i si tid førte kvinnene i grava. «She’s no more witch than you are a wizard, and if you take away her life God will give you blood to drink». Då er han langt meir nådig mot Jhonn Balance. For som han uttrykke det «I was thinkin» about Jhonn Balance and how he seemed like a man you could trust». I songen med tittelen Jhonn Balance, som i alle fall til ein viss grad handlar om grunnleggaren av det avantgardistiske støyrock-bandet Coil. Men som også handlar om heilt andre saker. Ganske så brutale saker i grunn. Isolasjon, død, kvalme, sal av sjela, og meir til. I ein viss kontrast til songens melodivakre vesen og vennlegsinna keyboard-droner.

Vakrast, og tristast, er countrysongen Supermoon (The Sounding Line). Der Wand i selskap med ei kvinnerøyst, mørkkledde steelgitartonar og anna som høyrer med syng ein song om å gå og drukne seg. Eller i alle fall å formulere tankar om å gå og drukne seg. Det er etter at hovudpersonen hamna i klammeri med kjærasten sin «around the time of the supermoon» at desse tankane har materialisert seg. Og i sterk semje med hjertet sitt har han bestemt seg for at det skal skje, i djupna ute på Mark Twain Lake.

Før alle desse tinga skjer. Før desse songane eg no har streifa innom gjer seg til kjenne, brukar Wand elleve minuttar og førtiåtte sekundar på å ta seg gjennom opningssporet, No Bed For Beatle Wand /Days This Long. Etter eit lengre innleiingsparti der eit sirkulerande gitartema og ein xylofon har hovudrolla kjem røysta til Wand inn i bildet og formidlar fire lange og smygande vers om å prøve å finne balansen der slikt noko er alt anna enn enkelt å finne. Fire vers som alle sluttar med dei to orda «for her». Helten kjenner ei jente «who’s perfectly worth waiting for». Ei jente som «retreats to the gardens, confesses to water, and leave that lake muddy and soiled». Hmmm. Utover snakkar han om udrøymelige draumar, om å skyte for å drepe men som regel bomme, om å gissa meir enn berre tilhøyrarens namn, og om å gjere dei skamlause skamfulle. Det kan vel seiast å være ein viss surrealisme ute å går her. Og den går like inn i den droneflytande del to, der bøna og spørsmålet «who’s gonna keep me from freakin» out» har ei sentral rolle.

Plata gjer ikkje svaret. Den er berre steikande god på å formulere det på nye måtar. Samstundes som den innimellom gjer rom til å formulere slikt som «after the darkness there’s a light». Og eg, eg slit med å rive meg laus i frå desse greiene.

Først publisert på Groove.no (i 2013)