Tag Archives: Pere Ubu

Musikalsk årsoppgjer 2014

Standard

Spådomar frå fleire hald vil ha det til at musikkalbumet er eit utdøyande fenomen. Måtte spådomane slå feil, fullstendig feil. Det har komme flust av album i 2014 eg med styrke vil hevde beviser at albumet har livets rett, og vel så det. Dei 25 beste har det blitt ei liste av.

Men først 3 bøker (ikkje for noko anna grunn enn at bøker er like viktig som musikk, og at desse tre kjennes vel verdt å nemne).

Stoner  Rød eller død av David Peace (Innbundet) Innsirkling 3 av Carl Frode Tiller (Innbundet)

1. John Williams – Stoner
Skriven og utgitt for nesten femti år sidan. I norsk oversetting for første gong i år. Ei kultbok. «The greatest American novel you’ve never heard of» ifylgje The New Yorker. Ein vakkert og nennsamt fortalt historie, om eit ikkje spesielt eksepsjonelt liv. Ein manns liv frå barndom til grav på 270 sider. Melankolsk og skilsettande. Poesi i romanform.

2. David Peace – Rød eller Død
Om den legendariske Liverpool-manageren Bill Shankly. Sosialisten, fotballfanatikaren, arbeidsnarkomanen og eksentrikaren  Shankly. Ein roman, ikkje ein biografi. Fortalt i eit gjentakande, suggererande språk. Like enkel, like komplisert, like medrivande som fotballspelet i seg sjølv. Aldri har eg opplevd fotballsesong etter fotballsesong blitt meir fortetta og poetisk oppsummert.

3. Carl Frode Tiller – Innsirkling 3
Tiller sirklar seg inn på oppklaringa. Kjem fram til den, men ikkje til noko endelig avklaring, heldigvis. Det å vere menneske saman med andre menneske er ikkje enkelt. Kva ein seier, kva ein tenker, kva ein gjer, kva ein burde gjere, er på evig kollisjonskurs. Tiller skildrar det på storarta vis, igjen.

Så, over til albuma:

 Steve Gunn 

1. The War On Drugs – Lost In the Dream
Ei plate som vandrar sporenstreks inn i ein melodisk sigerstemning, og blir der ein heil time. Amerikansk gitarrock der låt etter låt blir tilført vennlegsinna synthlinjer, blir lindrande pianotøtsja, eller kanskje får ein blåleg saksofonvisitt. Låt etter låt som omgås sinnstemningar der mørket og mismotet rår, men der ein stigande aksept av tingas tilstand, og ei evne til å handtere forholda, også blir formidla. Det høyrest ikkje spesielt eksepsjonelt ut, og ei eksepsjonelt original plate er det ikkje. Men ….vel, eksepsjonell er den.

2. Steve Gunn – Way Out Weather
Sakte beveger melodien seg. Sakte beveger melodien. «Slowly moves the melody». Det trygge, det vanlige finst der, i songane, men også det spesielle, det særeigne. Steve Gunn gjer det melodisk, og han gjer det i ein hevdvunne tradisjon. Med ei lett hand får han strengene på gitaren (gitarane) til å synge som få andre gjer. Eg tenker på han som ein ukomplisert virtuos.

3. Sun Kil Moon – Benji
Songar frå perspektivet til ein middelaldrande mann. Songar som ikkje tar føre seg frå eit vidt spekter av det songar kan gjere. Dei held seg alle på innsida av det marginale mønsteret Mark Kozelek plar operere innafor. Der tonar ikkje spring av garde i veldig komplekse former, men der alt ruslar sin gang. Einsformig seier nokon, styggelig vanedannande seier eg.

4. Wussy – Attica!
Dei har latt seg inspirere, latt seg dugelig inspirere. Som dei uforbederlige rock’n roll-disiplane dei er, har dei latt seg inspirere til å lage songar som liknar på saker vi har høyrt før, som har både tjuveri og låneri klistra på seg. Likevel er dei forunderlig nok berre Wussy. Med ein glød og eit lidenskapelig forhold til alt dei driv med.

5. Sturgill Simpson – Metamodern Sounds In Country Music
Det er ikkje berre den ufattelige friskleiken, og nærværet i tonane, eg merkar meg, men også viljen, og motet, både til å gå den rakaste enklaste mest naturlige og klassiske countryvegen, og til å driste seg utpå. Som det å sveipe tonane inn i psykedelia. Nokre gonger subtilt og sobert, andre gonger meir utstrakt.

6. Ought – More Than Any Other Day
Postpunk. Den stramme pågåande kantete fabelaktige postpunken er vel den mest nærliggande merkelappen å klistre på Ought. Men dei er ikkje berre slik, Ought kan også ha noko meir avrunda og elastisk i det dei gjer. Inntrykket er vel at det ikkje er avgrensingar og dogmer som er opplegget her. Heller eit frilyndt dykk inn dit energien har dei beste vilkår, der temperaturen aldri kviler.

7. Angel Olsen – Burn Your Fire For No Witness
Frå det skjøre til det konfronterande, frå det nennsame til det forrykande, den ueinsarta plata til Angel Olsen dekkar alt det og meir til. Når den så i tillegg er fostra på sterk vilje, har bevart passeleg med smuss, og er melodisk velhalden, sitt eg i grunn att ganske så tomhendt på innvendingar.

8. Parquet Courts – Sunbathing Animal
Eit band i frenetisk vigør, heilfrelste på konsise riff, hissig skinger og rammande groove. Der orda kjem fort, som ein dans i unnabakke. Med og utan fotfeste. Parquet Courts står ikkje stille, dei tar til seg det beste av det dei har høyrt, og gjer det om til sin måte å gå råbarka til verks på.

9. Sharon Van Etten – Are We There
På ingen måte eindimensjonale songar. Dei kan tolkast i ulik lei. Ja det er ikkje ein gong sikkert dei er så melankolityngde som dei gjer inntrykk av å vere. Ikkje er dei så marginale på melodisk variasjon som dei først kan gje inntrykk av å vere heller. Dei har ei blomstrande kraft i seg.

10. Woods – With Light and With Love
Human popmusikk. Med sine manglar, med sine intensjonar, med sitt overskot. Woods sitt album av året har mykje i seg og mykje for seg, og står fram som kongruent og variert i same andedrag. Sprett både lett over overflata og skjer seg inn i materien. Og 1967 er aldri langt unna.

11. Hookworms – The Hum
Psykedelisk vitalitet, hektande melodilinjer, suggererande rytmiske tilhøve, og ein ikkje ubetydelig larm.

12. Torgeir Waldemar – Torgeir Waldemar
Røysta. Den rommar klangen av det den formidlar. Tida. Han tek seg tid til å bli i songane sine. Songane. Dei har sitt klare opphav frå ein tradisjon, har sine merker frå meir enn ein låtskrivar, men høyrer likevel så sjølvsagt heime hos han som syng dei.

13. Simone Felice – Strangers
Han er her ikkje for å revolusjonere musikkhistoria. Han serverer 10 songar som hentar sitt liv og sitt vesen frå den amerikanske songtradisjonen.  Dei har sin verknad.

14. Damien Jurado – Brothers and Sisters of the Eternal Son
Den tidlegare trubaduren har for alvor funne fram til det dansbare, det psykedeliske, og det spirituelle.

15. EMA – The Future’s Void
Strenge, skarpe, kalde lydkjelder dansar og kranglar rundt låtar som oftare enn det kan virke som, sånn med det same, har eit godt melodisk hjerte.

16. Timber Timbre – Hot Dreams
Hot Dreams er ein tanke meir raffinert enn tidlegare plater av Timber Timbre, og har ein varme som ikkje alltid konsulterer gufset. Men fredlaust er det.

17. Strand of Oaks – HEAL
Ei reinsing, ein personleg kamp, men kanskje mest av alt ein kjærleik til musikken.

18. Beck – Morning Phase
Temmelig langt unna friskusen frå Odelay. Ikkje så veldig langt unna den tynga melankolikaren frå Sea Change, men med mindre melankoli i brystet.

19. The Men – Tomorrow’s Hits
Du skal ikkje kimse av god gammaldags rufsete rock’n roll. I alle fall ikkje slik den fortonar seg i henda til The Men frå Brooklyn.

20. Hurray For The Riff Raff – Small Town Heroes
Songar som kunne vore her for lenge sidan, som har eit gammalt Amerika i seg. Men dei er heilt nye, dei er eit friskt oppkok av folk, country og blues.

21. John Fullbright – Songs
Country som finn soul, mørke krokar, einsame tonar, og litt lykke.

22. Mirel Wagner – When the Cellar Children See the Light of Day
Ho vev livet, kjærleiken og døden i hop på sin måte – enkelt, tvitydig, dirrande.

23. Big Ups – Eighteen Hours of Static
Med glød i blikket og angst i bringa hiv dei seg over amerikanske undergrunnstonar slik dei lydde den gongen Pixies og Jesus Lizard var unge.

24. Joe Henry – Invisible Hour
Varme tonar, varlege tonar, og gåtefulle innspel om livets relasjonar

25. Pere Ubu – Carnival of Souls
Endå eit vitalt tilskot til ein etter kvart imponerande albumkatalog på utsida av gjengs rock’n roll åtferd.

Pere Ubu – Carnival of Souls

Standard

Endå eit vitalt tilskot til ein etter kvart imponerande albumkatalog på utsida av gjengs rock’n roll åtferd.                                                                                                                                                                        7

Carnival of Souls  Det opnar med total energi. Med Golden Surf II, og ein songars feberaktige opplysning: «I have a map, I make inside my head». Eg slår sporenstreks fast at eit kjært og uregjerlig lag er her igjen. Songaren er den same korpulente David Thomas som alltid har vore der når Pere Ubu entrar manesjen. Ein rock’n roll original, i fronten av eit band som sidan punkens fødestund på midten av syttitalet har framført sin mangslungne avante-garage.

Carnival of Souls er noko slikt som det attende studioalbumet til bandet, og er ikkje enklare å komme i nærkontakt med enn det legendariske debutalbumet The Modern Dance, eller den om lag like legendariske oppfylgjaren Dub Housing, eller for så vidt fleirtalet av albuma dei har prestert å lage i mellomtida. Unntaka må i tilfelle være  dei tre attråverdige «pop-platene» frå det seine åttital og tidlege nittital (The Tenement Year, Cloudland og World In Collision). Skjønt «pop-plater», det er ein grunn til at eg skriv det i hermeteikn. Musikk av det lett framkommelige og pålitelige slaget har vel aldri vore Pere Ubu si sterke side. Musikk av det upålitelige slaget derimot, oh yeah, yeah, yeah.

Dei spelte punk på sin måte. Slikt som ei stund seinare skulle bli kalla postpunk. Men heilt der var dei vel heller aldri. Heile tida har dei i grunn vore noko for seg sjølv, hatt mangt og mykje for seg, og vore influert av både eitt og hitt. Frå Leadbelly til Cpt. Beefheart til MC5, og så vidare, og så vidare. Carnival of Souls ber preg av det same, og er eit absolutt vitalt tilskot til katalogen.

Ein måne skin innover albumet. David Thomas ytrar seg noko ulikt omkring kva den gjer der. «Moon is where the dead people go» forkynnar han i Drag River, medan bandet går sin skakke gang og deira ferskaste medlem Darryl Boon bles blå klarinett-tonar utover stoffet. Tonar som blir med over i Visions of the Moon. Der bandet roar seg litt, og songaren resiterer, hevdar at han bur i ei kasse på månen. Lengre ute i seansen, i den sakte stigande og på mystisk vis smått funky, Road To Utah, kjem så songaren med ei oppmoding om å «follow the moon». Så kan ein jo tenke sitt om det.

Fengande er ikkje eit ord som ligg lengst framme på tunga når ein skal seie noko om Pere Ubu. Men av og til synest eg faktisk dei er det. På sitt upolerte vis. Frå dette albumet opplever eg at Bus Station har slike kvalitetar. Med sitt bassdriv, sitt hektande riff, sine sfæriske luftehull og sitt nervøse hjerte tar den for seg slikt som stadig gjentar seg – showet, besøket i den lokale baren, og ho som fortel at «nothing is free». Midt inne i songen gjentar Thomas ei linje han ikkje har funne på sjølv, men som Screaming Jay Hawkins ein gong introduserte for menneskeheita, og som mange sidan har tydd til – «I put a spell on you because you’re mine». Thomas er ikkje verre på det enn at han gjentar påfunnet i Irene. Same linja, i ein song som har både linjer og idégrunnlag tilbake til ein annan gammal song, Leadbelly sin Goodnight Irene. Ein song bandet forresten har vitja tidlegare. For dei er, i all si særeigne framferd, også godt rota i musikktradisjonen. Der finn dei, der låner dei, der stel dei, for så å inkorporere fangsten i noko som har ei ganske så anna sonisk form.

Slik bandet gjer det i det episke avslutningsnummeret, Brother Ray. Om ein fyr som kan vere ein muleg bror av Sister Ray, men meir sannsynleg er ein etterkommar av Manta Ray (diktet som ein finn inne i coveret på Trout Mask Replica). I alle fall, denne Ray har dratt ut i ørkenen, Mojave Desert, «to work a deal in heaven», og forteljaren er ikkje heilt komfortabel med det påfunnet. Han får telefonoppringingar som ikkje beroligar han, og postkort med bilde av Soda Mountain der det står «yeah, yeah, yeah». Ei mangslungen låt, temposkiftande, humørskiftande, dvelande og kraftfull. Songaren syng, skrik og resiterer. I siste del blir det til ein fabel om ein gåtefull død i Soda Mountain.

Det er slik, med låtar som ikkje fylgjer dei opplagte mønster at gjengen frå Cleveland har drive på år etter år, plate etter plate. Carnival of Souls har som de forstår sin dose.