Tag Archives: Stein Torleif Bjella

Popkroken sitt årsoppgjer 2016

Standard

50 bra plater frå 2016 – og ein del bra bøker.

Bilderesultat for parquet courts human performanceBilderesultat for wussy forever soundsBilderesultat for leonard cohen you want it darkerBilderesultat for angel olsen my womanBilderesultat for årabrot the gospelBilderesultat for a tribe called quest we got it from here... thank you 4 your serviceBilderesultat for steve gunn eyes on the lineBilderesultat for the switch the albumBilderesultat for kate tempest let them eat chaos

Det er nok mogeleg at musikkåret 2016 først og fremst vil bli huska for alle som fall ifrå i løpet av dei 366 dagane. Frå David Bowie til Prince til Phife Dawg til George Martin til Merle Haggard til Alan Vega til Glenn Frey til Guy Clark til Leon Russell til Leonard Cohen til George Michael og fleire med dei. Men eg skal huske det for ny bra musikk også.

I det store perspektivet. Det som rekk langt utafor Popkroken er det nok ymse meiningar om kor bra nett dei 50 platene eg nemner under er. Og ikkje minst vil det kunna bli hevda at her er det jammen meg essensielle saker som manglar. Slike som årets plater frå Radiohead, Kanye West, Jenny Hval, Anohni eller Rihanna. Til det kan eg ikkje seie at eg ikkje har høyrt dei. For det har eg. Den einaste årsaka til at dei ikkje er på lista er at dei ikkje trefte meg like bra som dei som er der gjorde. I subjektivitetens heilage namn er det nett slik det må vere. Noko verre er det då med plater eg ikkje har høyrt. Men som kan ha eit vesen som kunne ha treft meg. Dei rakk dessverre ikkje fram i tide til dette årsoppgjeret, men eg ser fram til å møte dei.

1. Car Seat Headrest – Teens of Denial
Tonane tar verkeleg fyr i dette verket til unge Will Toledo, og eit par medsamansvorne av han. Meir presist er det 70 minuttar med gitarbasert rock, der nittitalet møter nåtid, i songar det osar melodisk kraft og glødande vilje av.

2. Parquet Courts – Human Performance
Femte albumet til New York-kvartetten, og punktonen er litt meir raffinert. Men energien rår og tapte illusjonar flagrar vegg imellom.                                                                                     

3. Wussy – Forever Sounds
Gitar, gitar, elektrisk gitar. Det er Forever Sounds det. Ein stad der heartland møter shoegaze, der psykedelia møter vindskeiv country.

4. Leonard Cohen – You Want it Darker
Vis poesi om kjærleiken, alderdomen, livet, døden og gud.                                                     

5. Angel Olsen – My Woman
Frå det elektrisk pågåande til det praktfullt ettertenksame.                                                      

6. Årabrot – The Gospel
Eit desperat ritt gjennom eit eigenarta postpunklandskap.                                                       

7. A Tribe Called Quest – We Got it From Here… Thank You 4 Your Service
Nittitalets beste hiphop-ensemble hadde litt meir på lager.                                                      

8. Steve Gunn – Eyes On the Lines
Ein ny dose varm Gunn-folkrock til å forsvinne inn i.                                                             

9. The Switch – The Switch Album
Oslobandet serverer her ein raffinert poptriumf av det verkeleg uimotståelege slaget.

10. Kate Tempest – Let Them Eat Chaos
Eit dikt, ein historie, eit usminka og nådelaust hiphop-album.                                                 

11. Beyoncé – Lemonade
Ei samling sterke songar som går vegen frå kneståande fortviling til glødande styrke.                      

12.Okkervil River – Away
Med ny besetning seglar Will Sheff vidare, ny og attkjenneleg og med folkrocken sin glødande intakt.                                                                             

13. Nick Cave & The Bad Seeds – Skeleton Tree
Eitt år etter at Cave mista sonen sin i ei tragisk ulykke serverer han eit album kledd i sorg.              

14. The Jezabels – Synthia
Synth-smart, melodisk forførande, og ei stemme som eig kvart ord.                                       

15. Ryley Walker – Golden Sings That Have Been Sung
Folkrocksongar som er meir enn det.                                                                            

16. Lambchop – FLOTUS
Kurt Wagner har skaffa seg vokalprosessor – Men Lambchop er no Lambchop likevel.        

17. David Bowie – Blackstar
Bowie si siste forvandling, ei gripande ei.                                                                    

18. Kevin Morby – Singing Saw
Musikken, naturen, melankolien, varmen og ei mystisk sag.                                                   

19. Drive-By Truckers – American Band
Ei handfull sterke historier frå vår tids beste sørstatsrockeband                                         

20. Stein Torleif Bjella – Gode Liv
Kan Bjella vere vaksinert mot å gje ut anna enn strålande plater?                                           

21. Kendrick Lamar – Untitled Unmastered
«Pimp pimp hooray», eit lite upolert supplement til fjorårets allereie legendariske To Pimp a Butterfly.                                                                           

22. Margo Price – Midwest Farmer’s Daughter
Eit friskt countrypust ifrå utkanten av Nashville.                                                         

23. Anderson .Paak – Malibu
Ein fargerik og varm time i hiphop og r&b-regionen.                                                               

24. Woods – City Sun Eater In the River of Light
Sol og groove og jazzkrydra pop-psykedelia.                                                                           

25. Tom Roger Aadland – Blondt i Blondt
Dylan og vestlandet og skikkeleg musikalsk omsetjing                                                            

26. Diiv – Is The Is Are
Ein poprytmisk odyssé om eit liv som hang i ein tynn tråd.                                                     

27. Savages – Adore Life
Livet er elektrisk, hånda er knyta og groovet gløder.                                                               

28. Kyle Craft – Dolls of Highland
Ein stad mellom Glam og Dylan hiv Kyle Craft seg ut i det.                                                   

29. Thee Oh Sees – A Weird Exits
Ein bra dose groovy psykedelia frå ein produktiv fyr og hans medsamansvorne.                   

30. Brigid Mae Power – Brigid Mae Power
Stillferdige folk-songar som smyg seg tett innpå.  

Og sidan eg først var så godt i gang, og ikkje har vit til å gje meg medan leiken er god, så listar eg altså like godt opp tjue til:                                                                      

31. Preoccupations – Preoccupations
32. Heron Oblivion – Heron Oblivion
33. William Tyler – Modern Country
34. Cian Nugent – Night Fiction
35. Solange – A Seat at the Table
36. Bon Iver – 22, A Million
37. Whitney – Light Upon the Lake
38. Frøkedal – Hold On Dreamer
39. Frank Ocean – Blonde
40. Hiss Golden Messenger – Heart Like A Levee
41. Pinegrove – Cardinal
42. Mayflower Madame – Observed in a Dream
43. Marissa Nadler – Strangers
44. Exploded View – Exploded View
45. Michael Kiwanuka – Love and Hate
46. Chance The Rapper – Coloring Book
47. The Mystery Lights – The Mystery Lights
48. Haley Bonar – Impossible Dream
49. Daniel Romano – Mosey
50. Miranda Lambert – The Weight of These Wings


Bilderesultat for johan harstad max mischaBilderesultat for pedro carmona-alvarez bergen ungdomsteaterBilderesultat for frode grytten menn som ingen trengBilderesultat for tomas espedal året

Bøker har eg også lese. Nye bøker og gamle bøker. Gode bøker og dårlege bøker. Eller kanskje ikkje, kanskje har eg ikkje lese dårlege bøker. I alle fall ikkje ferdig. Og då kan eg vel kanskje ikkje seie at eg har lese dei. For eg veit jo ikkje alt om dei. Og kanskje er dei ikkje dårlege, kanskje har eg berre ikkje funne dei interessante. Og det er jo noko anna. Kanskje har eg ikkje gitt dei ein skikkeleg sjanse. Eller kanskje var det slik at dei ikkje fortente ein skikkeleg sjanse, nokon av dei i alle fall. Den siste boka eg leste har eg nett lagt frå meg, den var ikkje dårleg. Den heiter Europeana. Den tar for seg den europeiske historia frå 1900 til 1999 (pluss nokre blikk utafor kontinentet). Skarve 130 sider blir sett av til det. Ført til torgs i eit språk som får meg til å tenke at slik skulle eg ynskje eg klarte å skrive. Lett, suggererande (ja poetisk) og konsist. Nokre gonger fekk boka meg til å humre litt, før den like etterpå sørga for at humringa sette seg grundig fast i halsen. Historias groteske handlingar blir skildra i ei iskald faktaform. I spedd små anekdotar som ytterlegare synleggjer kva menneske kan få seg til å gjere av bestialske saker. Temaa er sjølvsagt mange, men nazismen, kommunismen, religionen og psykoanalysen er blant dei sentrale raude trådane. Forfattaren er tsjekkisk og heiter Patrik Ouředník. Han skreiv boka ferdig i 2001, og har mottatt både prisar og internasjonal åtgaum for den. I norsk omsetjing, som er den eg har lese, kom den i 2015.

Eg starta året med å lese ei langt tjukkare bok. Johan Harstad sin Max, Mischa & Tetoffensiven (utgitt seint i 2015). Max fortel historia. Frå han som gutunge, tidleg på åttitalet, sterkt ufrivillig flyttar frå Stavanger til New York. Og det er der i verdsmetropolen størstedelen av historia breier seg ut. Det handlar om vennskap og avstand, og ein onkel. Og alt er slett ikkje slik ein skulle tru det var. Det handlar om teater og film og kunst og musikk. Frå Hüsker Dü til jazz til lyrisk pianospel. Frå Apokalypse Nå til stormen Sandy. Romanen går fram og tilbake i tid, men surrar seg aldri vekk frå sin eigen historie. Med både lett og eigenarta penn skriv forfattaren fram ei forteljing eg forsvann inn i nokre veker i januar 2016. Den blei ikkje borte etterpå heller.

Frå den same storbyen, frå New York City, har også Garth Risk Hallberg skrive fram ei omfangsrik historie. En by i brann er den norske tittelen på ei bok som i tid spenner over nokre månader i 1977. Frå eit skjebnesvangert pistolskot til byen bokstaveleg talt blir mørklagt eit heilt døgn. Persongalleriet er stort, og dei kryssar og kryssar ikkje kvarandre sine spor. Her er folk som går over lik, og her er folk som blir til lik. Her er folk som surrar det til og her er folk som berre vil det beste. Her er kunst og punk og ein by på randen. Forfattaren har store ambisjonar med historia, og skriv stundom fram passasjer som gnistrar. I andre passasjer mister han momentum, og det blir litt dødt. Så ei litt ujamn bok.

Om våren er den tredje boka i Karl Ove Knausgård sin kvartett med årstidene som gjennomgangstema. Av desse fire er det den boka som har mest slektskap med Min kamp-serien. I korte trekk handlar den om ein far og ei nyfødt dotter, hennar eldre søsken, og mora som har forsvunne inn i ein depresjon. Boka fortel meg at det er det daglegdagse strevet og livet som er sjølve livet, enten ein vil det eller ikkje. Tomas Espedal ville også skrive ei bok om årstidene. Den startar i april og sluttar i november og heiter Året. Forfattaren kretsar rundt sitt eige, men transformerer det om til det allmenngyldige. Det handlar om døden og kjærleiken. Det handlar om reiser og drikking. Eller livet, om du vil. Ei lita, snøgglest, og poetisk bok.

Tore Renberg tok i år ein liten pause ifrå det han har kalla Teksas-serien sin og fortalte ei lita vond historie om ein mann som med sitt vesen blendar dei han møter. Før noko anna byrjar å melde seg. Ein mistanke, ei uro. Du er så lys er mørkare enn tittelen tilseie. Renberg har forresten for første gong tydd til nynorsk i denne boka, og gjer det bra. Å skrive bra på nynorsk er noko Frode Grytten har gjort i ein del år no. Med årets bok Menn som ingen treng er han tilbake i novellesjangeren han ved nokre høve tidlegare har vist at han har eit spesielt grep om. Slik også denne gongen. Gjennom ti historier om menn som lever opp til bokas tittel. Frå dei hjelpelause til dei uheldige. Frå dei ærlege til dei uærlege. Fortalt med akkurat dei orda som skal til. Aller sterkast gjort i opningsnovella 1974, der eg-forteljaren ser tilbake på nokre skilsetjande månader då han var ung. Prega av svik, erotikk og klassemotsetnad. Tre ord som heller ikkje ville vere heilt fjerne i eit forsøk på å beskrive Pedro Carmona-Alvarez sin roman Bergen Ungdomsteater. Den andre om Marita. Ho som blei fødd nokre år etter at tvillingsøstrene hennar omkom i ei tragisk ulykke. Og som forfattaren starta å fortelje om i romanen Og været skiftet og det ble sommar og så videre. I bok to er faren reist tilbake til USA, og Marita flyttar til Bergen med mora, utan at mora kjem seg vidare i livet av den grunn. Men Marita prøver. Ho er tenåring, ho blir kjent med Johannes, og ho blir kjent med Andreas. Forfattaren fortel i eit melankolsk og rytmisk språk, eit godt språk, om vennskap, om einsemd og det å komme i andre rekke.

Dei to siste bøkene i Elena Ferrante sin Napoli-kvartett (Dei som flyktar og dei som blir og Historia om det tapte barnet) har også stått på menyen dette året. Lena og Lila blir vaksne, delvis i vennskap, delvis i fiendskap, men heile tida med ein avhengigheit av kvarandre. Åleine og saman utfordrar dei normene i bydelen dei vaks opp. På same vis og på ulikt vis er dei begge prega av bydelens jantelover og valdelege løysingar. Forfattaren evnar framleis å halde på lesaren frå side til side. Sjølv om det i desse to bøkene er parti der enkelte tema blir dvela vel lenge med. Slik opplevde eg det ikkje i dei to første.

2016 skulle også bli året då Nobels litteraturpris for første gong gjekk til ein songskrivar. Det har vore snakka om det nokre år. Snakka om at Bob Dylan burde få denne prisen. Snakka om kor vidt han fortener denne prisen. Den diskusjonen stilna ikkje akkurat av når han no endeleg fekk den. Sjølv har eg ei ganske så klar oppfatning av at mannen fortener prisen. Det har Gisle Selnes også. Tilfellet ville det slik at han kort tid etter at kunngjeringa var klar kom ut med ei fyldig bok om songane til Dylan. Den store sangen har han kalla den, med den noko audmjuke undertittelen «Kapitler av en bok om Bob Dylan». Han går her grundig inn i korleis Dylan har henta inspirasjon og drive med kreative tjuveri ifrå den amerikanske musikkarven. I tillegg dreg han linjer frå songane hans til dikt og skjønnlitteratur (frå Shakespeare til Edgar Allan Poe til T.S. Elliott til Jack Kerouac, og så vidare). Om ein har ei litt over gjennomsnittleg interesse for Dylans musikk skulle ein ha mykje glede av Selnes utlegningar om stoffet.

Stein Torleif Bjella – Gode Liv

Standard

Kan Bjella vere vaksinert mot å gje ut anna enn strålande plater?                                 8

  Så finst det likevel eit liv etter døden. Eit godt liv til og med om vi skal feste lit til tittelen på Stein Torleif Bjella si fjerde plate. Og det skal vi vel? Eg har høyrt Bjella referere til ein som har uttala at den neste Bjella-plata burde heite noko slikt som «Vatning på kyrkjegården». Vel vel, Bjella har ikkje gått dit. Han har spankulert inn på ein annan veg i staden han.

Rett skal vere rett: No var det slik for tre år sidan, då Bjella kom med si tredje plate, som han dystert nok kalla Heim For å Døy, at han annonserte at dette var avslutninga på ein trilogi. No skulle arket vendast og ting gjerast litt annleis. Litt ja. For det er litt, berre litt, annleis det er blitt. Gode Liv er ikkje Bjella i nytt modus. Han er så definitivt til å kjenne att. Og eg kjenner på meg at eg synst det er heilt greitt.

«Det gjeld å sjå det negative i det positive, det er då verda går framover» ytra Bjella nyleg i eit intervju i Morgenbladet. Noko han sjølvsagt har heilt rett i. Livet er holete og ikkje altfor samarbeidsvillig. Grenselaus positivisme er trøyttande greier. Ein må møte motstand for å ha glede av medgang. Bjella syng det ganske så glupt i siste song: «Skugge utheva solskinn, og balansera ditt sinn». Det er der i den balansegangen han er når han no presenterer 11 songar under tittelen Gode Liv.

E møte november med eit smil
det takka e deg for gode Liv
Når dagen krympa og lyset går
tenkji e på hausten vår

Eit refreng frå ein av to trommelause songar på plata. Liv heiter visa, og er vel på finurleg vis nesten ein tittellåt. Den handlar om kjærleiken mellom forteljaren og denne Liv, denne gode Liv, samstundes som den også representerer ein gløtt innom det gode livet.

E va kje god for ho
ho va kje god for meg
Ho har det bedre no
det må e leva med

Kjærleiken mellom han og henne er for lengst slokna. Men ho skrive Nordnorske Kjærleiksdikt, og han sitt for seg sjølv og brommar. Ho er blitt ein prislønna poet, han hevdar å ha «ein harddisk med bevis» på at det er deira liv ho skriv om. Eit lite innlegg i den pågåande debatten om diktaren sin bruk av scener og folk frå det verkelige livet i si dikting? Eller kanskje berre eit portrett av ein stakkarsleg skikkelse som innbiller seg ting, som med misunning som drivkraft gjer eit noko ynkelig forsøk på å hauste seg ein dose ikkje heilt fortent medynk.

E ringe for å minne om og berre for å si
Hugs og stikk innom om du er forbi

Gjer du det så treff du ein fyr som kan bjuda på ein Oppfølgingsprat. «Ein stol og litt nevemat og ein oppfølgingsprat». Ja, det er det han har å tilby denne einsame og forsiktige fyren, som sitt der inst i bygda og feirar bursdagen sin ganske så aleine. Utan at han ser svart på det eller er ute etter medynk, han forfektar i grunn å ha det ganske så triveleg. Eg tenkjer det er ein song litt i slekt med Dylan sin If You See Her, Say Hello. Eg tenkjer den har mykje lengt i seg, ein vakker countryfolktone og eit håp om at noko utruleg skal skje.

Det er ikkje Kjartan Kristiansen som har produsert plata denne gongen (slik tilfelle har vore på dei tre første Bjella-platene). Denne gongen heiter produsenten Bård Ingebrigtsen (ein fyr som for så vidt har vore involvert i dei tre første platene også, både som teknikar og musikar). Det har blitt ei plate med ei veldig god bandkjensle. Ledug og sonisk romsleg, og meir i eit rytmisk leie enn tidlegare plater. Kenneth Kapstad med nokre år bak trommene i Motorpsycho gjer sitt for at det blir slik. Det gjer også eit par som vel må reknast som veteranar i Bjella-bandet, strengevirtuosen Geir Sundstøl og den stødige bassisten Eirik Øien. Og dei lyde minst like inspirerte som nokon gong.

To songar opplever eg som noko atypiske Bjella-songar. «Lite er like ille som når fuglan bi stille» syng Bjella i To Måna Utta Regn, og eg meiner å høyre klimakrisa synge både i bakgrunnen og direkte utav dei fleste av songens linjer. Sonisk er det ein ganske så elektrisk sak, med eit fint gyng, der Kjetil Møster kjem sigande inn frå venstre i siste halvdel for å servere ein klimavennlig saksofonsolo. Songen som fylgjer i hælane på denne, kort kalla Blomen, er vel den som er lengst unna slikt som Bjella har drive med før. I eit litt vevrare stemmeleie enn vanleg syng han ei hymne til blomen og det vakre rundt oss. Utan å seie det direkte slår han vel i songen eit slag for å nytte sjansen og leve livet her på jord og ikkje gå rundt å vente på eit liv etter døden. «Alt for mange store ord» konstaterer han fleire gonger, og konkluderer kvar gong med at «no må e orientere meg på jord». Melodisk og sonisk er låta ikkje milevis unna distriktet der Neil Young og hans Crazy Horse har slått leir fleire gonger. Spesielt ikkje i den ganske så gitarrykande avslutningsfasa.

Plata er den første gitt ut på Bjella sin eigen label Heime med hund. Med slikt eit namn er det vel heller ikkje heilt urimelig at han har med ein song til ein firebeina kamerat. Dreng som den heiter er ein song i blues-lende, og saman med den endå meir bluesprega Stjernepar det minst interessante som skjer på plata. Nett det er eg langt unna å meine om avslutningssporet. For det brenn bra. Med utsikt Utover Øvre-Ål minnast songaren her OnklP på Øya året før, men snakkar mest om å være i livet og ikkje kave ved sida av det. «Det er viktigare enn nokon gong å definere rikdom» erklærer han i refrenget, før han spør seg «må e ha høgare mål ut over Øvre-Ål». I siste vers presenterer han seg så som Bjella, og slår fast at «e lev godt her, åleine ved Langfjella». Der han for all del må halde fram med å lage songar som dette, og andre songar som måtte komme ramlande innover han.

TIDAL: STEIN TORLEIF BJELLA – GODE LIV

Musikalsk årsoppgjer 2013

Standard

2013: Det beste eg høyrte i år

Eg har ikkje tenkt å hevde at dei 25 platene eg har laga ei liste av under er dei 25 beste platene frå 2013. Men, av dei platene eg har høyrt frå dette året (og det er jo langt frå alle) trur eg desse 25 må vere dei beste. Om då ikkje John Grant eller The Sadies eller Neko Case eller Ashley Monroe eller Unknown Mortal Orchestra eller Eleanor Friedberger eller Erlend Ropstad eller Kanye West eller Ty Segall eller Houndstooth eller Mona & Maria eller Sudan Dudan eller Samantha Crain sine respektive utgjevingar burde ha fått ein plass her då. Det kan veldig godt vere.

25. Bill Callahan – Dream River
Ein av våre tiders beste songpoetar. Med klar og særeigen røyst tar han nokre steg i ein litt meir optimistisk retning. Og han er vel verdt å fylgje dit også.

24. Mark Kozelek & Desertshore – Mark Kozelek & Desertshore
Detaljerte betraktningar over dagliglivets prosaiske vesen, tilsatt velkjente Kozelek-
tonar (les Sun Kil Moon, les Red House Painter). Gode tonar.

23. Caitlin Rose – The Stand-in
Countrysongar og andre songar som lever sitt liv utafor tidas avgrensa rammer.
Fengande, brennande, swingande, varlege. Registeret er breitt nok, og songane har ein friskleik som vil vare.

22. Atlanter – Vidde
Bandet er nytt, men mannskapet, i alle fall Jens Carelius, har gjort seg bemerka før. Men dette er meir bemerkelsesverdig. Eit fjellpsykedelisk, vidtrekkande, bluesvandrande og groovy stykke norsk verdensmusikk.

21. Kacey Musgraves – Same Trailer Different Park
Countrytonen er konvensjonell, og nesten på permanent basis svingar den seg inn på eit fengande spor. Men den skrur seg ikkje fullstendig opp. Det er noko som held den att, som jordar den. Ein flittig bruk av akustiske instrument. Eit fråvær av glimmer og fjas. Friske tekstar, rammande tekstar, ein varme, eit mot.

20. Monica Heldal – Boy From The North
Ei ung norsk dame har funne fram til den engelske folktonen. Med den akustiske gitaren i fanget fingerplukkar ho seg gjennom låtane. Men ho har også ordna seg med nokre medmusikantar der elektrisiteten har ei rolle. I lag skapar dei eit rastlaust, bluesblått og groovy stykke musikk. Det handlar om inderlig kjærleik, bevegelse og fridom.

19. Houndmouth – From the Hills Below the City
Originalitet får andre ta seg av bjeffar dei, og omfamnar den amerikanske grunntonen med heile sitt glødande hjerte. Alle fire. Gitaren er alltid elektrisk, orgelet duvar og grev, og rytmeduoen er ikkje utprega anonym. Det er southern style, countryrock og rotekte rock. Og syng gjer dei alle. Åleine, og i medrivande harmonisk utfalding.

18. Yo La Tengo – Fade
Tida går ikkje i frå Yo La Tengo. I eit kvart århundre har dei sysla med sitt. Litt av kvart i grunn, men er like fullt alltid til å kjenne att. I år bydde dei på ei ganske så støysvak og homogen plate. Og tradisjonen tru var den rett så flott.

17. The Men – New Moon
The Men er absolutt ikkje eit trongt, einsarta og uniformert band. The Men vil mykje og mang slags. Først og fremst energisk rock’n roll. Gjerne med litt innebygd hengslete melodiøsitet. Men dei går heller ikkje av vegen for litt countryrock, hissig støy eller groovy kraut. Upolert og reinspikka.

16. Mikal Cronin – MCII
Det er power i den melodisk velorienterte poptonen til Cronin. Den klassiske beatleske poptonen. Tidvis skyllar fyren ei elektrisk gitarbølgje av nesten tsunamiske dimensjonar innover den. Men han spelar på andre instrument også (så godt som alle ein kan høyre på plata). Og han kan roe støyfaktoren, men det er aldri ei overordna målsetjing.

15. Oblivians – Desperation
Femten år etter at Oblivians var her sist dukkar dei opp att. Utan å ha forbetra seg, og takk for det. Her flyg dei vegg imellom, i full desperasjon, og er alt anna enn slutt. Dei sveittar og rockar som om tida aldri har flydd ifrå dei. Det gjer dei sjølvsagt heilt rett i.

14. Stein Torleif Bjella – Heim For Å Døy
Nei lystelig er det definitivt ikkje, men like fullt ein ny porsjon med ganske så udødelige viser. Meir presist elleve songar om å kjenne seg einsam og neglisjert, og ein om nokre gitarar. Formidla med akkurat så mange ord som trengst. Ikkje overtydelig, men heller ikkje utydelig. Forankra i eit Hallingdalsmiljø, men i grunn ganske så universelt.

13. Savages – Silence Yourself
Det er ikkje nokon grunn til å tvile på Savages. Deira agenda er å gå aggressivt til verks, dei sviktar den aldri. Verken på det soniske eller det tekstlige plan. «This album is to be played loud in the foreground» proklamerar dei. Du skal ikkje la deg forstyrre av andre signal. Du skal ha fokuset retta ein stad, hit, på debutplata til dei fire kvinnene i Savages. Det er i grunn ikkje så vanskelig.

12. Okkervil River – The Silver Gymnasium
Scena er den vesle staden der bandets songar og eminente låtskrivar Will Sheff vaks opp. Han skildrar ein barndom som handla vel så mykje om sjukdom og å bli mobba som om ubekymra leik i skogsholtet. Men det er ingen bitter flyktning som kryssar sine spor. Det er ein mann midt i trettiåra som evnar å vere både oppriktig og ettertenksam. Og som finn fram til poptonen i sitt eige orkester. Ein god tone det.

11. The National – Trouble Will Find Me
I eit moderat og smidig modus lirkar Brooklynkvintetten nok ein gong fram ei plate som vinn i det lengre løp. Der den lakoniske barytonrøysta til Matt Berninger behandlar låt etter låt med skarpskodde tekstlinjer. «I have only two emotions» syng han, «careful fear and dead devotion». Og eg tenker at nett det kanskje er eit aldri så lite manifest. På ei plate som ikkje veldig annleis, frå eit band som framleis er veldig bra.

10. Wooden Wand – Blood Oaths Of the New Blues
Eg opplever lydbildet på Blood Oaths som det luftigaste Wand har presentert i nyare tid. Som det rikaste også, men like fullt spartansk. Wand sine medspelarar skikkar seg, dei går ut og inn av bildet, dei har fått rolla som subtile understrekarar. I novellistiske songar av det heimsøkte og støvete slaget, dyppa i country og blues. Der tristessen og lengten rår, men der Wand også finn det føremålstenlig å minne om at «after the darkness there’s a light».

9. My Bloody Valentine – MBV
Det er då noko alvorlig apokalyptisk over mbv, er det ikkje? Poptonen som dansa som ein kaleidoskopisk draum gjennom store deler av Loveless den høyrer eg ikkje så mykje til her. Her høyrer eg noko dunklare noko. Ein slags klagesong kanskje, eller ein jamrande blues, eller ….. Eller for å seie det slik: Shields og hans kumpanar (som ikkje er særlig fleire enn Bilinda Butcher denne gongen) har endå ein gong skapt eit verk som eg ikkje heilt ut forstår, som sikkert alltid vil vere utydelig, og som eg derfor aldri vil bli ferdig med. Og bra er vel det?

8. Kurt Vile – Wakin On A Pretty Daze
Dei drar seg ut i respektable lengder fleire av spora på plata. Såpass at dette endar
opp som eit godt gammaldags dobbeltalbum. Der gitaren, og då spesielt den akustiske varianten, har ei viktig rolle. Gitaristen Kurt Vile har aldri vore noko å kimse av. Men denne gongen gjer han seg sjølv større arbeidsrom, og skapar meir meditativ godlyd, enn nokon gong.
I songar der Vile fører ein slags dialog med seg sjølv. Om eg då ikkje skal kalle det for monologar til ein person som ikkje er til stades. Eller refleksjonar over livet, musikken, kjærleiken, lengselen, og det å vere mann og far.

7. Laura Marling – Once I Was An Eagle
Utan unntak, femten songar til ende, handlar Once I Was An Eagle om kjærleiken. Det startar i eit stummande mørke. «You should be gone beast» lyde opningslinja. Det lysnar litt undervegs. Til slutt adresserar songaren ei oppriktig takkseiing til naiviteten «for failing me again».
Stemma og den akustiske gitaren har hovudrolla. Men utan produsent Ethan Johns si tilføring av rytmisk svir hadde ikkje dette blitt den plata det har blitt. Med handslegne trommer og perkussiv virilitet skaper han eit organisk groove som stikk innom og vitjar dei fleste låtane.
Det har blitt ei plate som er den openbare motsetninga til det fragmenterte. Den krev at ein har tid, at ein tek seg tid, den er verdt kvart eit minutt.

6. Jason Isbell – Southeastern
Ei plate full av countrysoul. 12 sterke melodiar som provar at Jason Isbell har eit grep om det melodiske slik gode låtskrivarar oftast harhar. Det er likevel hans grep om det tekstlige som verkelig imponerer. Han sirklar ikkje rundt med ord som fordampar, han går direkte til verket med ord som brenn seg fast. Han bruker ikkje fleire ord enn nødvendig, han økonomiserer, han er presis, som ein Carver. Han har noko å formidle. Og det han formidlar skildrar også det som ikkje blir uttalt. Eller det kan handle om noko eg først ikkje oppdaga det handla om. Det kan ha ei dobbeltyding. Isbell er ikkje eindimensjonal.
Jason Isbell har endelig laga plata eg ein gong trudde han var i stand til å lage, men som eg hadde byrja tvile på at han ville lage.

5. Vampire Weekend – Modern Vampires of the City
Det finst fleire grunnar til å tvile enn til å tru. Gud er i trøbbel. Sola går minst like ofte ned som den står opp. Visdom er ikkje synonymt med ungdom. Døden er uunngåelig, men heller seinare enn før. «There’s a lifetime right in front of you».
Med betraktningar av dette slaget tar Vampire Weekend oss med på ein liten tur inn i sinnet og sjela til Modern Vampires of the City. På ei plate som er like nådelaus som den er medgjerlig, like absurd som den er lettfattelig, like eksentrisk som den er fengande.
Vokalist Ezra Koenig fer til verket med reinspakka glød og tvillaust nærvær som fremste kjennemerke. Rundt han føregår det saker og ting. Multiinstrumentalist og produsent Rostam Batmanglij er ein mann rik på idear. Han skikkar inn det eine instrumentet etter det andre. Men lite samtidig. Det er godt med rom her. Eit rom som blir nytta til å gje kvar enkelt låt sitt preg, sitt stempel, sitt groove.

4. Ezra Furman – Day Of The Dog
Når Ezra Furman 13 sekund inn i opningsnummeret startar å synge så er det frå djupast nede i magen og utover det heile. Det er fullt åtak, og ein aggresjon mot det han ser der ute og det han kjenner der inne. «All the world is rising up like vomit, filling up my ugly little mouth, there’s a sickness deep inside my eyeball, got to find that tool to cut it out». At refrenget då blir «I wanna destroy something, I wanna destroy myself» er vel bortimot heilt naturlig.
Punk eller ikkje punk, det er for så vidt ikkje spørsmålet. Men svaret er ja, og nei. Dette er punk men langt meir enn som så. Dette er Bo Diddley-beat og femtitalet som tar seg via Dylan og Velvet Underground til punkens gullalder, derifrå går den i klinsj med Violent Femmes, sparrar med Bright Eyes, og sveittar opp ein dose gospel, for så å bli friskt og tydelig signert med Ezra Furman sitt eige handlag.
Ein kan vanskelig hevde at tematikken plata igjennom er av det lystelige slaget. Det handlar mykje om å vere i ein tilstand nokre sjelelige kilometer unna der ein helst kunne tenkt seg å vere. Men det handlar også om å prøve å komme seg ut av tilstanden, og å søke og finne fram til ein som svir mindre. Det handlar i liten grad om å lukkast med det.
Men du verden som Ezra Furman har lukkast med denne si femte plate.

3. Phosphorescent – Muchacho
Sånn mot slutten av plata, i nest siste song, høyrer eg Matthew Houck synge «oh, you’ll spin your heartache into gold». Eg tar like godt og stel den linja eg, for så i neste omgang å rette den mot opphavsmannen sjølv. «You’ll spin heartache into gold, Matthew Houck». Noko du har gjort, for så vidt, i alle fall tidvis, på plate etter plate dei siste ti åra, men denne gongen sannelig meir fullkome enn nokon gong.
Houck seglar framleis, slik han har gjort alle desse ti åra, under fana Phosphorescent. Om enn ikkje, slik det ein gong var, ganske så åleine. Eit visst mannskap har han med seg. Ikkje eit så reint lite eit heller denne gongen. Cirka 10 i talet trur eg det må vere. Det er nå likevel aldri nokon tvil om kven som har grepet om spakane. Houck har, vanen tru, produsert, arrangert, miksa, og skrive låtane. På det mest mangfaldig utforma Phosphorescent-albumet til dags dato.
Houck tek her i bruk elektroniske lydkjelder på ein måte han ikkje har gjort før, og han vitjar fengande poprefreng og tar eit par skikkelig groovy tak. Sonisk sett er albumet kanskje fyrens lettast tilgjengelige. Utan at det har gått utover tonane sin levedyktigheit, eller Houck si evne og interesse for å skildre kjelkete mellommenneskelige tilhøve.

2. Parquet Courts – Light Up Gold
Eg høyrer på Stoned and Starving, og songar frå tidlegare tider kryssar sporet. Det har noko med groovet å gjere, tenker eg. Først og fremst groovet. Det enkle groovet. Sjølve ur-groovet. Eit slikt eit som finn sitt tempo, og som så går, og går, og går, medan tonar av ulik karakter kravlar, kjælar eller piskar kring det.
– Eg spaserte gjennom Ridgewood Queens, innleiar Andrew Savage. Og groovet går, Det groovet. Der har Pablo Picasso spasert ein gong også, tenker eg. Og jentene kunne ikkje motstå blikket hans, og han blei aldri «called an asshole». I fylgje Jonathan Richman, tenker eg. Og groovet går, Det groovet. Ein gong var Lou Reed der også, tenker eg, og formidla morbide og syndige scener, og eit stadig gjentakande «she’s busy sucking on my ding-dong». Gitarane var primitive, orgelet brutalt, og Moe Tucker slo. Det var Det groovet. «I was so stoned and starving» syng Andrew Savage, og fortel om då han stod der med tåkete syn og funderte over om han skulle velje geléfiskar, rista peanøtter eller ei pakke lakris. Veslebror Max Savage administrerar takten, og ein krakilsk gitarsolo krøllar seg rundt den. Som ein svolten orm på jakt etter godsaker. Det er Det groovet.
Og saman med groovet, Dette groovet, går dei heim, utan napp, for så vidt, både Savage og Richman og Reed, både Parquet Courts, Modern Lovers og Velvet Underground. Og naglar kvar sin meisterlige rock’n roll song fast i det tidlause. Sister Ray, Pablo Picasso og Stoned and Starving. 1968, 1976, 2013, whatever, tenker eg.
Årets låt, tenker eg.
Med sine fem minuttars varigheit, og sine gitarsoloar er ikkje Stoned and Starving den typiske låta på plata. Den typiske låta varer ifrå eitt til drygt to minutt, har ikkje utprega god tid, gjer det den har intensjonar om å gjere, og slepp så neste til. Rå, energisk og primitiv punk, postpunk og rock’n roll. Det har sett seg i blodomlaupet til den unge kvartetten. Debutalbumet kokar over av det.

1. Jonathan Wilson – Fanfare
Å du heilage psykedelia! Her er det ambisjonar, her er det musikalitet, her er det ein kosmisk overflod av medrivande tonar.
Med Fanfare utvidar Jonathan Wilson sitt soniske univers. Han lar låtane få lov til å bli større. Gjev dei ein ikkje ueffen nyanserikdom, og sveivar tidvis opp ein energi som ikkje var der på den førre plata, Gentle Spirit. Fanfare er på mange vis eit konglomerat av soniske innfall, men du verden det er eit saumlaust konglomerat. Det hakkar ikkje undervegs. Dansen mellom dei djupaste søkk og dei høgaste tindar høyrest fullkommen naturlig ut.
Over 78 minuttar og gjennom 13 songar, i skiftande tempo, i mangslags fargar, og med vekslande krefter, har Fanfare grepe eit stadig sterkare tak i meg. Varmen har si tvillause skuld i det. Varmen som Wilson har inkorporert i kvar einaste spelte tone. Og så det melodiske då, det er heller ikkje skuldlaust. Det har sin divergerande personlegdom frå låt til låt, men presenterer seg alltid i ei form eg vil kalle smidig, og slik evnar det å smyge innunder huda, og inn til det inste.
Plata har flust av referansar til musikk som blei gitt ut i tidsrommet 1967 – 1977. Men den står aldri fast i noko som ein gong var. Eigentlig står den ikkje fast i det heile. Eigentlig flyg den som ei fri sjel mellom det den fangar og det den skapar, og har like mykje 2013 i seg som all anna musikk som har komme rekandes min veg i år. Men den har garantert meir framtid i seg enn det meste av den. For ikkje å seie all.

Stein Torleif Bjella – Heim For Å Døy

Standard

Nei lystelig er det definitivt ikkje, men like fullt ein ny porsjon med ganske så udødelige viser.

8

cover

Dette blir berre verre og verre. Heim For Å Døy du. Den er då brutal. Og ikkje er det slik at innhaldet bakom tittelen akkurat prøver å slå på lyset heller. Ifrå Undergang til Mayhem Heime, ifrå eit Ubrukt Liv til ein Taus Manns Tale er dette låtar som ransakar dei meir mismotige tankar og opplevingar eit menneske kan dra på seg. Her representert med hankjønnet, og hans syn på seg sjølv, sine skortande kommunikative evner, si klønete handtering av mellommenneskelige tilhøve, og damelengselen (og annan lengsel) som fylgjer i kjølvatnet. Med mindre opning for håp enn kva Stein Torleif Bjella har forfekta på sine to første plater. Ikkje dårlig.

Til å fylgje seg på vegen har Bjella leigt inn dei same kreftene som har vore med han før. Kjartan Kristiansen er produsent, og spelar på fleire strenger enn tidlegare, elektriske også. Geir Sundstøl spelar på endå fleire. Marita Vårdal Igelkjønn musiserer inn litt tangentbasert klang. Medan kontrabassen plassert i henda på Eirik Øien og Tor Egil Kreken grev djupt, svartare enn blått, og dirrar faretruande.

Men Michael Blair har ikkje vore med på dette før. Det vil seie han har vore med på litt av kvart den fyren. I lag med Tom Waits på fleirtalet av hans beste plater. Og han har gjort tonar gode og utrygge saman med Lou Reed, John Zorn, Elvis Costello og fleire med. No er det altså Bjella sine som har fått litt pisk frå Blair sitt slagverk og marimba. Eg kan ikkje høyre at dei har tatt alvorlig skade av det.

Alle har vel då fått med seg at denne plata har meir lyd i seg enn sine føregjengarar. Meir blues har den også. Utan at eg skal gjere noko større nummer utav det. Plata er, i fylgje opphavsmannen, avslutninga på ein trilogi. Og eg har ingen vanskar med å høyre at den plasserer seg ved sida av Heidersmenn og Vonde Visu. Både sonisk og tekstlig. Bjella si høgst personlege visesjel har solid bustad i desse songane også.

Tolv songar der eg kan bli freista til å tenke (slik eg har tenkt om songane på dei to andre platene til mannen) at orda er den vesentligaste faktoren. Slik er det ikkje. Dette er ikkje dikt som utan vidare hadde klart seg på eiga hand. Dei treng tonen, og dei får den. Ein tone som snirklar og luskar tett inntil, som er ein kamerat som talar same språk, som gjer sitt beste for å forstå, som tenkjer at den kan vere til nytte, og er det.

Tolv songar som med sitt forteljande vesen har eit vel så sterkt slektskap til novella som det dei har til diktet. Med akkurat så mange ord som trengst skildrar Bjella ein situasjon, ei oppleving, ein tilstand. Ikkje overtydelig, men heller ikkje utydelig. Bilde, som minnar meg om det slaget eg kan få når eg les ei novelle dannar seg, og eg driv inn i stoffet. Inn i songar som er lokalt forankra i eit Hallingdalsmiljø, men som er ganske så universelle.

Elleve songar om å kjenne seg einsam og neglisjert. Nokre gonger fortvilt åleine, andre gonger i ei trykkande tosemd. Ved eit høve seier Bjella det heilt utan ord, berre med strenger (Taus Manns Tale). Færrast strenger sluttar seg til han når han syng om Rottu I Hjarta. Då er det berre songaren og ein akustisk gitar. Og linjer om anger og ei uuthaldelig lengt, og ei erkjenning av å stadig støyte kvinner frå seg med sine rotfesta usympatiske personlegdomstrekk («det bur rottu i hjarta mitt, dei er kje råd og bi kvitt»). Ein annan karakter med usympatisk trekk dukkar opp i Helsing Judas. Songens hovudperson vedkjenner seg at han ikkje var god for nokon. «Eg laug sjelen fin, rosemåla verden min …… det eg sa vog ingenting, som fuglepust i vind …. smadra løfti som glas». (Så kan ein kanskje hevde at det at hovudpersonen innser sine usympatiske trekk er formildande, både når det gjeld rottesongen og judassongen? Ja eg trur det. Og eg endar derfor opp med å synast meir synd på vedkomande enn å kjenne ein antipati mot han). Bjella syng forresten ikkje Helsing Judas åleine, han får selskap av den vene røysta til Maria Due. Ilag vartar dei opp med tonar som snik seg like varlig ikring som galante syndarar.

Rottu I Hjarta

Den stridigaste lyden tumlar gjennom Mayhem Heime. Ein elektrisk gitar svir av nokre desperate riff, og eg tenker bluesrock. Bjella syng om å «spela sørgemarsj på stereon» og å leve i det uhandterlige vakuumet etter ho som vart «forsynt tå mayhem heime». Ein fyr med ganske så likedanne opplevingar klagar sin nød i Undergang. «No kjem det tomme i tunge velt, som godstog jøno hogstfelt» lyde den bilderike første linja. «Det tomme» det er det som vart att etter ho som «kom med undergang» og alle dei andre som har flytta ut. Vår mann går for tida og «vasa i nedlagte bruk» medan han etter beste evner prøver å døyve ei rastløyse som er i ferd med å ta styring over forstanden hans. Løysinga, i alle fall midlertidig, er denne: «For å få luft og lys gjekk eg te vatnet i dag, og heiv stein på stålis, det sang som paukeslag». Nydelig.

Andre lever framleis i ei tosemd (i alle fall om ein ser litt stort på det). Og så har dei ein bil. Den kan komme til nytte. For då kan dei jo ta ein biltur i lag dei to (til Ivar som «flutte heim te Hokksund»). Ja ikkje berre ein tur, men ei utflukt som «kan bi vår nye start, på noko som ska bi stort». Slike tankar tenker hovudpersonen i Halde Maska. Han maktar ikkje lenger den store stilla som har lagt seg over ekteskapet, han kjenner ei fortviling over kjærleiken som har rent utav det. No gjer han eit framstøyt (eit siste) og syng sitt refreng. «Eg og vil seile på kjærleikens sjø, ankre upp ved ei øy, å halde maska er å døy».

Bil har også karen i Separate Sinn. Korleis det står til med tosemda er noko meir uklart. Han har sett folk le og kalle han for skrotnisse. Han kan ikkje akseptere at det er slutt med henne. Han har høyrt «koss småting kan endre på eit liv», så han tok likegodt «te høgre i krysset og køyrde vestover i bil». No står han, på andre dagen, og kikkar mot døra der ho bur, «og det er fortsatt stagnasjon». Det har låst seg, han finn ikkje nøkkelen, og om han skulle finne den er det vel mest sannsynleg at låsen er bytta ut. Så «kan nokon gripe inn, du har din måne, eg har min, separate sinn». Platas einaste strykarkolorering prøver å døyve litt av smerta, i ein song eg har bokført som eit essensielt Bjella-augeblikk.

Separate Sinn

Før plata kom singelen. Idiotisk Einvegslove. Med rytmisk driv, feber og snerr. Og nei, kjærleiken funklar ikkje i denne heller. Som tittelen fortel gjekk den i grunn berre ein veg. Ho ytte aldri tilbake slik han tenkte ho skulle gjere. No er det slutt, han er meir sint enn sår. For «koss kan eg føle meg snytt, du va alder i livet mitt, koss kan eg miste gong på gong, ein som alder kom … eg låg vakjin når du sov, idiotisk einvegslove».

Nokre av mennene er også fedre. Ein av dei stemplar livet sitt som eit Ubrukt Liv. Han prøvde å føre sonen sin inn på kunst- og kultursporet. Poesisporet. La bort eigne diktarambisjonar for papparolla. «Ville guten skulle sjå, kunstens indre vesen, eg la vekt på Olav H». Det gjekk skeis. Så no sit han der, «unaturleg blid», og drar den smertelige konklusjonen at han burde ha satsa på den boka si i staden. Ein annan far har satsa på Gud. Satt sin lit til Gud. No har han mista sonen sin i ei bilulykke. Tilliks med Bibelens Job spør han sin gud kva meininga var med det. «Var han din Yndlingsengel»? I ein song med eit saktmodig bluegrassprega gospeluttrykk.

Eg nemnte at plata hadde elleve songar om å kjenne seg einsam og neglisjert. Eg heldt ein unna. Modningsangst. For den er annleis. Den kjem til slutt, og er fire vers om fire gitarar, og litt anna. Målt mot resten av plata har den eit nesten lystelig preg. Låtskrivaren er glad i gitarane. Han har ingen tankar om å svikte dei, og best av alt, det er ingen grunn til å tru at dei vil svikte han heller. Bjella nyttar samstundes høvet til å rette eit lite skråblikk på seg sjølv og sine songar.

Eg har ein gitar i kjellaren
eg ikkje veit kor kjem ifrå
eg veit eg vil alder selge han
det er den eg skriv sanga på
dei kjem frå dalen bakom
og bi ofto litt for tung
sentimental sagastil
i tilfelle du va i tvil

Modningsangst

Og når modningsangsten for alvor drar seg til stemmer også Maria Due i, og saman syng ho og Bjella om verdien av å ha «ein gitar å halde i, so skallen fær litt fri». Litt «trøyst og melodisk sus» altså, for å låne ei linje frå eit dystrare augeblikk på plata. Eg kan ikkje seie anna enn at eg synst det er ein fin måte å avslutte plata på. For etter elleve songar utan spor av happy ending kan det jo vere greitt å gje tristessen og døden ein aldri så liten kilevink. Sånn i all vennskapelegheit. Utan at eg vil gjere meg til talsmann for at tonen etter trilogien bør bli lysare. Nei det vil eg ikkje, for det meiner eg ikkje. Og kven har forresten sagt at det berre skal vere tre plater i ein trilogi?

Først publisert på Groove.no (i 2013)