Tag Archives: Nick Cave & The Bad Seeds

Popkroken sitt årsoppgjer 2016

Standard

50 bra plater frå 2016 – og ein del bra bøker.

Bilderesultat for parquet courts human performanceBilderesultat for wussy forever soundsBilderesultat for leonard cohen you want it darkerBilderesultat for angel olsen my womanBilderesultat for årabrot the gospelBilderesultat for a tribe called quest we got it from here... thank you 4 your serviceBilderesultat for steve gunn eyes on the lineBilderesultat for the switch the albumBilderesultat for kate tempest let them eat chaos

Det er nok mogeleg at musikkåret 2016 først og fremst vil bli huska for alle som fall ifrå i løpet av dei 366 dagane. Frå David Bowie til Prince til Phife Dawg til George Martin til Merle Haggard til Alan Vega til Glenn Frey til Guy Clark til Leon Russell til Leonard Cohen til George Michael og fleire med dei. Men eg skal huske det for ny bra musikk også.

I det store perspektivet. Det som rekk langt utafor Popkroken er det nok ymse meiningar om kor bra nett dei 50 platene eg nemner under er. Og ikkje minst vil det kunna bli hevda at her er det jammen meg essensielle saker som manglar. Slike som årets plater frå Radiohead, Kanye West, Jenny Hval, Anohni eller Rihanna. Til det kan eg ikkje seie at eg ikkje har høyrt dei. For det har eg. Den einaste årsaka til at dei ikkje er på lista er at dei ikkje trefte meg like bra som dei som er der gjorde. I subjektivitetens heilage namn er det nett slik det må vere. Noko verre er det då med plater eg ikkje har høyrt. Men som kan ha eit vesen som kunne ha treft meg. Dei rakk dessverre ikkje fram i tide til dette årsoppgjeret, men eg ser fram til å møte dei.

1. Car Seat Headrest – Teens of Denial
Tonane tar verkeleg fyr i dette verket til unge Will Toledo, og eit par medsamansvorne av han. Meir presist er det 70 minuttar med gitarbasert rock, der nittitalet møter nåtid, i songar det osar melodisk kraft og glødande vilje av.

2. Parquet Courts – Human Performance
Femte albumet til New York-kvartetten, og punktonen er litt meir raffinert. Men energien rår og tapte illusjonar flagrar vegg imellom.                                                                                     

3. Wussy – Forever Sounds
Gitar, gitar, elektrisk gitar. Det er Forever Sounds det. Ein stad der heartland møter shoegaze, der psykedelia møter vindskeiv country.

4. Leonard Cohen – You Want it Darker
Vis poesi om kjærleiken, alderdomen, livet, døden og gud.                                                     

5. Angel Olsen – My Woman
Frå det elektrisk pågåande til det praktfullt ettertenksame.                                                      

6. Årabrot – The Gospel
Eit desperat ritt gjennom eit eigenarta postpunklandskap.                                                       

7. A Tribe Called Quest – We Got it From Here… Thank You 4 Your Service
Nittitalets beste hiphop-ensemble hadde litt meir på lager.                                                      

8. Steve Gunn – Eyes On the Lines
Ein ny dose varm Gunn-folkrock til å forsvinne inn i.                                                             

9. The Switch – The Switch Album
Oslobandet serverer her ein raffinert poptriumf av det verkeleg uimotståelege slaget.

10. Kate Tempest – Let Them Eat Chaos
Eit dikt, ein historie, eit usminka og nådelaust hiphop-album.                                                 

11. Beyoncé – Lemonade
Ei samling sterke songar som går vegen frå kneståande fortviling til glødande styrke.                      

12.Okkervil River – Away
Med ny besetning seglar Will Sheff vidare, ny og attkjenneleg og med folkrocken sin glødande intakt.                                                                             

13. Nick Cave & The Bad Seeds – Skeleton Tree
Eitt år etter at Cave mista sonen sin i ei tragisk ulykke serverer han eit album kledd i sorg.              

14. The Jezabels – Synthia
Synth-smart, melodisk forførande, og ei stemme som eig kvart ord.                                       

15. Ryley Walker – Golden Sings That Have Been Sung
Folkrocksongar som er meir enn det.                                                                            

16. Lambchop – FLOTUS
Kurt Wagner har skaffa seg vokalprosessor – Men Lambchop er no Lambchop likevel.        

17. David Bowie – Blackstar
Bowie si siste forvandling, ei gripande ei.                                                                    

18. Kevin Morby – Singing Saw
Musikken, naturen, melankolien, varmen og ei mystisk sag.                                                   

19. Drive-By Truckers – American Band
Ei handfull sterke historier frå vår tids beste sørstatsrockeband                                         

20. Stein Torleif Bjella – Gode Liv
Kan Bjella vere vaksinert mot å gje ut anna enn strålande plater?                                           

21. Kendrick Lamar – Untitled Unmastered
«Pimp pimp hooray», eit lite upolert supplement til fjorårets allereie legendariske To Pimp a Butterfly.                                                                           

22. Margo Price – Midwest Farmer’s Daughter
Eit friskt countrypust ifrå utkanten av Nashville.                                                         

23. Anderson .Paak – Malibu
Ein fargerik og varm time i hiphop og r&b-regionen.                                                               

24. Woods – City Sun Eater In the River of Light
Sol og groove og jazzkrydra pop-psykedelia.                                                                           

25. Tom Roger Aadland – Blondt i Blondt
Dylan og vestlandet og skikkeleg musikalsk omsetjing                                                            

26. Diiv – Is The Is Are
Ein poprytmisk odyssé om eit liv som hang i ein tynn tråd.                                                     

27. Savages – Adore Life
Livet er elektrisk, hånda er knyta og groovet gløder.                                                               

28. Kyle Craft – Dolls of Highland
Ein stad mellom Glam og Dylan hiv Kyle Craft seg ut i det.                                                   

29. Thee Oh Sees – A Weird Exits
Ein bra dose groovy psykedelia frå ein produktiv fyr og hans medsamansvorne.                   

30. Brigid Mae Power – Brigid Mae Power
Stillferdige folk-songar som smyg seg tett innpå.  

Og sidan eg først var så godt i gang, og ikkje har vit til å gje meg medan leiken er god, så listar eg altså like godt opp tjue til:                                                                      

31. Preoccupations – Preoccupations
32. Heron Oblivion – Heron Oblivion
33. William Tyler – Modern Country
34. Cian Nugent – Night Fiction
35. Solange – A Seat at the Table
36. Bon Iver – 22, A Million
37. Whitney – Light Upon the Lake
38. Frøkedal – Hold On Dreamer
39. Frank Ocean – Blonde
40. Hiss Golden Messenger – Heart Like A Levee
41. Pinegrove – Cardinal
42. Mayflower Madame – Observed in a Dream
43. Marissa Nadler – Strangers
44. Exploded View – Exploded View
45. Michael Kiwanuka – Love and Hate
46. Chance The Rapper – Coloring Book
47. The Mystery Lights – The Mystery Lights
48. Haley Bonar – Impossible Dream
49. Daniel Romano – Mosey
50. Miranda Lambert – The Weight of These Wings


Bilderesultat for johan harstad max mischaBilderesultat for pedro carmona-alvarez bergen ungdomsteaterBilderesultat for frode grytten menn som ingen trengBilderesultat for tomas espedal året

Bøker har eg også lese. Nye bøker og gamle bøker. Gode bøker og dårlege bøker. Eller kanskje ikkje, kanskje har eg ikkje lese dårlege bøker. I alle fall ikkje ferdig. Og då kan eg vel kanskje ikkje seie at eg har lese dei. For eg veit jo ikkje alt om dei. Og kanskje er dei ikkje dårlege, kanskje har eg berre ikkje funne dei interessante. Og det er jo noko anna. Kanskje har eg ikkje gitt dei ein skikkeleg sjanse. Eller kanskje var det slik at dei ikkje fortente ein skikkeleg sjanse, nokon av dei i alle fall. Den siste boka eg leste har eg nett lagt frå meg, den var ikkje dårleg. Den heiter Europeana. Den tar for seg den europeiske historia frå 1900 til 1999 (pluss nokre blikk utafor kontinentet). Skarve 130 sider blir sett av til det. Ført til torgs i eit språk som får meg til å tenke at slik skulle eg ynskje eg klarte å skrive. Lett, suggererande (ja poetisk) og konsist. Nokre gonger fekk boka meg til å humre litt, før den like etterpå sørga for at humringa sette seg grundig fast i halsen. Historias groteske handlingar blir skildra i ei iskald faktaform. I spedd små anekdotar som ytterlegare synleggjer kva menneske kan få seg til å gjere av bestialske saker. Temaa er sjølvsagt mange, men nazismen, kommunismen, religionen og psykoanalysen er blant dei sentrale raude trådane. Forfattaren er tsjekkisk og heiter Patrik Ouředník. Han skreiv boka ferdig i 2001, og har mottatt både prisar og internasjonal åtgaum for den. I norsk omsetjing, som er den eg har lese, kom den i 2015.

Eg starta året med å lese ei langt tjukkare bok. Johan Harstad sin Max, Mischa & Tetoffensiven (utgitt seint i 2015). Max fortel historia. Frå han som gutunge, tidleg på åttitalet, sterkt ufrivillig flyttar frå Stavanger til New York. Og det er der i verdsmetropolen størstedelen av historia breier seg ut. Det handlar om vennskap og avstand, og ein onkel. Og alt er slett ikkje slik ein skulle tru det var. Det handlar om teater og film og kunst og musikk. Frå Hüsker Dü til jazz til lyrisk pianospel. Frå Apokalypse Nå til stormen Sandy. Romanen går fram og tilbake i tid, men surrar seg aldri vekk frå sin eigen historie. Med både lett og eigenarta penn skriv forfattaren fram ei forteljing eg forsvann inn i nokre veker i januar 2016. Den blei ikkje borte etterpå heller.

Frå den same storbyen, frå New York City, har også Garth Risk Hallberg skrive fram ei omfangsrik historie. En by i brann er den norske tittelen på ei bok som i tid spenner over nokre månader i 1977. Frå eit skjebnesvangert pistolskot til byen bokstaveleg talt blir mørklagt eit heilt døgn. Persongalleriet er stort, og dei kryssar og kryssar ikkje kvarandre sine spor. Her er folk som går over lik, og her er folk som blir til lik. Her er folk som surrar det til og her er folk som berre vil det beste. Her er kunst og punk og ein by på randen. Forfattaren har store ambisjonar med historia, og skriv stundom fram passasjer som gnistrar. I andre passasjer mister han momentum, og det blir litt dødt. Så ei litt ujamn bok.

Om våren er den tredje boka i Karl Ove Knausgård sin kvartett med årstidene som gjennomgangstema. Av desse fire er det den boka som har mest slektskap med Min kamp-serien. I korte trekk handlar den om ein far og ei nyfødt dotter, hennar eldre søsken, og mora som har forsvunne inn i ein depresjon. Boka fortel meg at det er det daglegdagse strevet og livet som er sjølve livet, enten ein vil det eller ikkje. Tomas Espedal ville også skrive ei bok om årstidene. Den startar i april og sluttar i november og heiter Året. Forfattaren kretsar rundt sitt eige, men transformerer det om til det allmenngyldige. Det handlar om døden og kjærleiken. Det handlar om reiser og drikking. Eller livet, om du vil. Ei lita, snøgglest, og poetisk bok.

Tore Renberg tok i år ein liten pause ifrå det han har kalla Teksas-serien sin og fortalte ei lita vond historie om ein mann som med sitt vesen blendar dei han møter. Før noko anna byrjar å melde seg. Ein mistanke, ei uro. Du er så lys er mørkare enn tittelen tilseie. Renberg har forresten for første gong tydd til nynorsk i denne boka, og gjer det bra. Å skrive bra på nynorsk er noko Frode Grytten har gjort i ein del år no. Med årets bok Menn som ingen treng er han tilbake i novellesjangeren han ved nokre høve tidlegare har vist at han har eit spesielt grep om. Slik også denne gongen. Gjennom ti historier om menn som lever opp til bokas tittel. Frå dei hjelpelause til dei uheldige. Frå dei ærlege til dei uærlege. Fortalt med akkurat dei orda som skal til. Aller sterkast gjort i opningsnovella 1974, der eg-forteljaren ser tilbake på nokre skilsetjande månader då han var ung. Prega av svik, erotikk og klassemotsetnad. Tre ord som heller ikkje ville vere heilt fjerne i eit forsøk på å beskrive Pedro Carmona-Alvarez sin roman Bergen Ungdomsteater. Den andre om Marita. Ho som blei fødd nokre år etter at tvillingsøstrene hennar omkom i ei tragisk ulykke. Og som forfattaren starta å fortelje om i romanen Og været skiftet og det ble sommar og så videre. I bok to er faren reist tilbake til USA, og Marita flyttar til Bergen med mora, utan at mora kjem seg vidare i livet av den grunn. Men Marita prøver. Ho er tenåring, ho blir kjent med Johannes, og ho blir kjent med Andreas. Forfattaren fortel i eit melankolsk og rytmisk språk, eit godt språk, om vennskap, om einsemd og det å komme i andre rekke.

Dei to siste bøkene i Elena Ferrante sin Napoli-kvartett (Dei som flyktar og dei som blir og Historia om det tapte barnet) har også stått på menyen dette året. Lena og Lila blir vaksne, delvis i vennskap, delvis i fiendskap, men heile tida med ein avhengigheit av kvarandre. Åleine og saman utfordrar dei normene i bydelen dei vaks opp. På same vis og på ulikt vis er dei begge prega av bydelens jantelover og valdelege løysingar. Forfattaren evnar framleis å halde på lesaren frå side til side. Sjølv om det i desse to bøkene er parti der enkelte tema blir dvela vel lenge med. Slik opplevde eg det ikkje i dei to første.

2016 skulle også bli året då Nobels litteraturpris for første gong gjekk til ein songskrivar. Det har vore snakka om det nokre år. Snakka om at Bob Dylan burde få denne prisen. Snakka om kor vidt han fortener denne prisen. Den diskusjonen stilna ikkje akkurat av når han no endeleg fekk den. Sjølv har eg ei ganske så klar oppfatning av at mannen fortener prisen. Det har Gisle Selnes også. Tilfellet ville det slik at han kort tid etter at kunngjeringa var klar kom ut med ei fyldig bok om songane til Dylan. Den store sangen har han kalla den, med den noko audmjuke undertittelen «Kapitler av en bok om Bob Dylan». Han går her grundig inn i korleis Dylan har henta inspirasjon og drive med kreative tjuveri ifrå den amerikanske musikkarven. I tillegg dreg han linjer frå songane hans til dikt og skjønnlitteratur (frå Shakespeare til Edgar Allan Poe til T.S. Elliott til Jack Kerouac, og så vidare). Om ein har ei litt over gjennomsnittleg interesse for Dylans musikk skulle ein ha mykje glede av Selnes utlegningar om stoffet.

Nick Cave & The Bad Seeds – Skeleton Tree

Standard

Eit album kledd i sorg.                                                                                                            8

Bilderesultat for nick cave skeleton tree  Kort tid etter at Nick Cave mista sin 15 år gamle son Arthur i ei tragisk fallulykke spelte han inn songen I Need You. Så har eg i alle fall høyrt. Eg har også høyrt at songen, ja alle songane på Skeleton Tree, vart skrivne før sonen døydde. Det er likevel vanskelig når eg høyrer I Need You, og kjenner til omstenda, å førestille meg anna enn at songen handlar om Nick Cave sitt fortvila sakn etter sonen. Stemma hans er eldre og slitnare, og han går inn i det heilt utan sikringsnett, heilt utan avstand til det han syng, og han syng «nothing really matters, nothing really matters when the one you love is gone».

Nick Cave har ikkje orka, forståelig nok, å gjere intervjurunden i samband med utgjevinga av Skeleton Tree. I staden har det komme ein film (One More Time With Feeling), regissert av Andrew Dominik, frå innspelinga av albumet, der Nick Cave også seier noko om tragedien som ramma han og familien. Eg har ikkje sett filmen. Men eg har lest at han i filmen ved eit tilfelle spør «When did I become an object of pity?». Det enkle svaret på det spørsmålet er ganske opplagt. Eit kvart menneske med eit hjerte synst synd på ein far som mister sitt barn. Men eg tenker Cave med spørsmålet også ynskjer å seie noko om omfanget av medynken, at den ikkje berre kjem ifrå dei næraste, men også ifrå så altfor mange framande, og at den medynken treng han ikkje. Eg og dei aller fleste som lyttar til plata er blant desse framande. Men det er ikkje lett å risse tragedien bort frå Skeleton Tree. Den er med og fargar opplevinga, og gjer nok også noko med vurderingsevna. Ja slik er det, og slik må det vel vere.

Eg er fullt klar over at det sterke opningssporet Jesus Alone handlar om noko anna enn sonen sin død (Jesus sin gjenkomst for eksempel). Men når Nick Cave gjer strofa «with my voice I’m calling you» til eit mantra i avslutningsdelen er det umogeleg å ikkje tenke at det er Arthur som svevar gjennom tankane hans. Eller kva med at han har fått den danske sopranen Else Torp til å synge duett med seg i Distant Sky? Eg gjer meg tankar om at han kanskje synst ei linje som «let us go now, my darling companion, set out for the distant skies» blei for vanskelig å synge sjølv. Og kva med det brutalt vakre refrenget i den avsluttande tittellåta:

I called out, I called out
Right across the sea
But the echo comes back empty
And nothing is for free

Kan det vere andre enn sonen som er gjenstand for det ropet? Det kan det kanskje. Men eg klarar ikkje å tenke at det er andre. Så det er sterkt, det er hjerteskjerande, det er krevjande.

The Bad Seeds har som vanlig vore med og tonelagt songane. Først og fremst med ein av dei, fiolinisten og multiinstrumentalisten Warren Ellis. Som medkomponist og produsent har han nok hatt minst like stor innflytelse på korleis det soniske landskapet har blitt som det Cave sjølv har hatt. Eit landskap der synth-droner, strykar-droner og andre droner, atonalitet, varlege loops og skakk rytmikk sit att som eit hovudinntrykk. Ikkje det at gitaren er heilt borte, ikkje det at tonalitet og melodiske linjer er lagt fullstendig til sides, nei det er ikkje det, men hovudinntrykket er at bandet seglar inn i ein slags avantgardistisk ambient stil, og at den heller meir mot det stillferdige enn det bråkete. Dei var vel for så vidt på veg dit ved førre korsveg, Push the Sky Away (2013). Eg synst dei er der på ein meir medrivande måte denne gongen. Frå det skurrande og skjelvande dronemønsteret som beveger seg under orda til Cave i Jesus Alone, via knirk, sørgmodige synthlinjer og space-klunk i Rings of Saturn, eit meir stormande lyd-drama i Anthrocene, til det ganske så konvensjonelle keyboard-borne tittelkuttet.

«The song, the song it spins now since nineteen eighty-four» syng Nick Cave i songen Girl In Amber, og eg tenker kanskje han har sin eigen karriere saman med The Bad Seeds i tankane. For det var jo i 1984 den første Cave-plata med dette bandet dukka opp, From Her To Eternity. Og sidan har dei dukka opp, og dukka opp, platene, alltid med ein songar i front som har gjort det heile veldig attkjennelig. Men held ein From Her To Eternity sin viltre og skakkøyrte Cave-blues ved sida av Skeleton Tree, ja så høyrer ein to temmelig forskjellige album. Og eg kunne helde andre album ved sida av kvarandre og høyrt at dei var nesten like forskjellige. Noko bind dei likevel i hop: Cave-bluesen, det gotiske dramaet, scener i dryppande mørke, døden og himmelen og helvete, men også noko rungande romantisk noko. Ofte formidla i eit forteljande ordelag, ganske så ordrikt til tider. Det forteljande har Cave så godt som lagt til sides på Skeleton Tree, her er han meir insinuerande, meir over i det underbevisste kanskje.

Og absolutt alt er ikkje mørkt og sortungt. Eg opplever i alle fall Rings of Saturn som noko litt anna, som eit erotisk lada augeblikk. Nick Cave halvsyng ein surrealistisk tale, eller kanskje ein hyllest, til ei kvinne, som ligg naken i senga, ved sida av hovudpersonen, etter at sexakta har komme til sin ende, og som ikkje har anna å seie om det enn at «this is the moment, this is exactly where she is born to be». Eit slektande tema kan det også vere at Magneto touchar innom. Refrenget kan i alle fall tyde på det. Refrenget der Cave med lengt i diksjonen syng «In love, in love, in love you laugh, In love you move, I move and one more time with feeling». Samstundes er det noko definitivt sorgtungt over den som gjer at eg tenker at den vel så mykje handlar om å bli ramma av «such a hard blues down there in the supermarket queues». Nede der blant alle som synst synd på han.

Skeleton Tree er musikk som så vidt pustar, men likevel har intense krefter i seg.

TIDAL: NICK CAVE & THE BAD SEEDS – SKELETON TREE

Musikalsk årsoppgjer for 2004

Standard

Endå eit år er kome til sin ende, og det er tid for den særdeles viktige oppsummeringa; Årets beste plater. Skjønt den med tanke på kva som skjedde 26. desember i det Indiske hav, fortonar seg som ein mikroskopisk bagatell.

Etter nærare ettersyn vart eg sitjande att med drøyt 20 album som eg syntes fortjente plass på lista (så det må ha vore eit brukandes år). Her på Groove skal ein imidlertid ned i 10 stykk, så derfor var det berre å setje i gang og kutte ytterligare ned på antallet.

Desse 12 vart ein etter ein, og nokså ufortent fjerna frå lista:
The Gospel Of Progress – Micah P. Hinson
Rejoicing In The Hands – Devendra Banhart
The Graceful Ghost – Grey DeLisle
Cathedral – Castanets
Winged Life – Shearwater
Escondida – Jolie Holland
Amasskoul – Tinariwen
Stories Under Nails – Ben Weaver
Great Lake Swimmers – Great Lake Swimmers
Favourite Colours – The Sadies
Franz Ferdinand – Franz Ferdinand
Seven Swans – Sufjan Stevens

Ingen norske altså, korkje blant desse eller dei ti ”heldige” vinnarane. Men både Tussler, William Hut, Euroboys og nokre til har levert solide saker.

Så til dei ti utvalgte:

1. A Ghost Is Born – Wilco
Etter eit meisterstykke kjem ofte eit antiklimaks. Yankee Hotel Foxtrot var eit meisterstykke, men A Ghost Is Born er ikkje eit antiklimaks. I staden serverer Wilco nok eit meisterstykke, og tek samstundes eit skritt vidare på si innovative oppdagarferd i rock-universet. Albumet skil seg frå forgjengaren først og fremst med å redusere på mengden av synthbaserte og maskindrevne lydinnfall. Bildet er meir jordnært og varmt, enn dei noko bistrare og eksotiske strekane bandet farga (med magnetisk kraft) forrige gong. Fortsatt skuer Tweedy og hans medsamansvorne villig inn på uutforska territorier. Men aldri gjer dei slikt for å være sære, vanskelige eller pretensiøse. Her er ingen fakter og tull og tøys, berre pur kjærleik til musikken. Og sjølv om bandet er eit prosjekt i stadig endring har dei også sin lett gjenkjennelige signatur. Den står skreven der, innimellom den store handlefridom, dei lettbeinte utfluktene, den dempa uroen, og det åpne minimalistiske bildet, bakom Tweedy sine resignerte men sjelfulle vokale avleveringar, i hjarta av hans låtskrivarkunst.
Han avsluttar albumet med å hevde at; ”the best songs will never get sung”.
Sjølv om den påstanden kan virke nokså kategorisk trur eg det er nett desse songane, dei beste, dei usungne, Tweedy og hans Wilco heile tida jaktar på. Og dei tolv han har fanga denne gongen, og gjeve ein sonisk fødsel i ei mangefarga spøkelsesdrakt må då komme veldig nær nett slike skussmål.

2. Aw Cmon / No You Cmon – Lambchop
Eit dobbeltalbum eller to separate album? Det kan egentlig være det same. Det viktigaste er at Kurt Wagner og hans kollektiv fortsatt viser at dei er totalt immune mot å prestere likegyldige og daffe tone-framstøt. I forhold til dei seinare utgjevingane og spesielt den ekstraordinært sordinerte Is A Woman, har dei denne gangen retta opp ryggen og sett seg litt lenger fram på stolkanten. Dei talrike instrumentalistane har fått tildelt ei meir dominerande sonisk rolle, og overdøyver rett som det er Kurt sin vokal. Like fullt, det er herr Wagner som styrer vogna fortsatt. Med vokale tonar henta frå eit djupare bass territorium enn nokon gong før, smyg han seg rundt blant eit rikt antall meisterlige komposisjonar. Ja Aw Cmon / No You Cmon står faktisk fram som bandet sitt mest varierte og rikast fasetterte framstøt til nå, og er eit oppkomme av storveges Lambchop-klang. Litt annleis, men likevel kjent og kjært.

3. Chutes Too Narrow – The Shins
Denne kom opphavleg ut i oktober 2003, men fekk først i mars 2004 sin offisielle release i Norge. Og sidan det først var då den nådde mine øyregangar, blir den med på årets liste.
Frå dei lynsnart klappar sakene i gang, tett fulgt av eit kvikt ”woooh” på Kissing The Lipless, blir ein teken med på ei ferd inn i ei fargerik verd, der heftige hooks og briljante tonar presenterer seg i så tett ordning at ein aldri klarer å tørke vekk det fornøyde gliset før lenge etter at siste plystre-tone i avslutningssporet har lagt seg til ro. Tru likevel ikkje at dette er eit ”kjekt i dag gløymt imorgon opplegg”. Melodilinjene til The Shins har både substans og varig dynamisk kraft, og fylgjer slett ikkje alltid den aller mest opplagte ruta. Tekstane er glede, smerte og angst i eit surrealistisk fellesskap. Tilsaman er seansen den friskaste omgangane med tradisjonell popmusikk slik Beatles lærte oss den sidan The La’s kom vandrande utav Liverpool sine bakgater i 1990 (og forsvant like fort tilbake).

4. Dogs – Nina Nastasia
Endå eit album som eigentlig ikkje tilhøyrer 2004 årgangen. Dogs er Nina Nastasia sin debut, og fant vegen ut til publikum for første gong ved inngangen til dette årtusenet. Det gjorde den i eit svært begrensa antall (2000 eksemplar). Og har sidan vore umulig å finne for oss som fant fram til Nina si verd seinare. I år har den blitt trykt opp på nytt, og takk for det.
Nina er ein sjeldan fugl. Ein singer/songwriter med sterke låtar, personleg stemme og ein original innfallsvinkel. Ei dame som ikkje skuar i retning vedtatte normer for låtoppbygging, som tør å leve litt på sida av det gjennomsnittlege og sjølvsagt vinn mykje på det. Først og fremst fordi dei ulike angrepsvinklane ho nyttar seg av, gang på gang skapar praktfull dynamikk. Der ute på kanten, der det nennsomme rett som det er blir utfordra av det desperate. I det eine augeblikket kjempar ho mot lumske kastevindar, i det neste lener ho seg tilbake ei stille morgonstund, for så kanskje like etter å vitje skuggane i skumringstimen. På det tekstmessige plan er det vel sistnemnte tilstand som oftast blir frekventert. For Nina lar oss ofte møte kvinner og menn som stirar katastrofen i augene, som har eit hjarta innkapsla av bitande og angstfylte gifttrådar, som har mista grepet på tilværet, og der utfallet sjeldan ser ut til å bli av det gode.
Steve Albini har produsert, og lar Nina være i sentrum. Det er minimalistisk, usminka, vakkert og forførande.

5. Abattoir Blues / The Lyre Of Orpheus – Nick Cave & The Bad Seeds
Det er ein del år sidan no at det verkeleg slo gnistar rundt Nick og hans medspelerar. Ti år for å være nøyaktig. Med årets dobbelutgåve har mannen funne tonen igjen. Spelet er det same gamle velkjente, sjølv om det nok ikkje er like frenetisk og overoppheita som i mannen sine yngre dagar. Men det han skulle mangle av dristige utspel tar han igjen i smart struktur, sterk melodikk og generell rutinert faenskap.
Det kanskje dårligaste frøet av dei alle Blixa Bargeld har tatt farvel med laget. Men når den villaste katten har reist sin veg, tek dei andre til å frese litt ekstra. Kanskje skal dei innbudte gjestene frå London Gospel Community Choir og deires vitale og elegante sangglede få litt av skylda for det flotte resultatet også.
To innhaldsrike rundar med høgoktan gospel, inspirert blues, monumentale raid, flørting med poptonar, lumsk lusking, sakrale hymner samt omskriving av ein gresk tragedie.

6. Funeral – The Arcade Fire
Prisen for årets debut går til denne sekstetten frå Montreal. Ekteparet Regine Chassagne og Win Butler leiar an ei ferd rik på vanedannande musikalske opptrinn. Det går an å gjere det enkelt for seg og nemne Talking Heads, Gang Of Four, Flaming Lips, Pixies, Roxy Music og fleire andre, men Arcade Fire er meir enn summen av alt dei liknar litt på. Arcade Fire har med utgangspunkt i det som har blitt utvikla tidlegare meisla sitt eige uttrykk. Med mot, eit ope sinn samt eit arsenal av instrument skaper dei eit mangeslungent uttrykk, som spenner frå det overveldande via det kvilelause og febrilske til det tandre. Med ein fabulerande og undrande, av og til nesten naiv, innfallsvinkel oppdagar hovudpersonane i låtane deires eit nabolag og ein verden av løgn, smerte, lengsler og død. Det kunne blitt over toppen og patetisk, det blir glødande, vakkert og uimotståelig.

7. Trampin’ – Patti Smith
Trampin’ femner om eit breidt register, frå den skjøraste tone til dei mest infernalske raid. Frå personlege nedteikningar til sterke politiske og dagsaktuelle ytringar. Frå romantiske forestillingar via pretensiøst ordgyteri til kraftfulle utsegn, rikt krydra med fabelaktig surrealisme og vakre lyriske bilder. Det sentrale øyeblikket er like fullt det kraftfulle rittet Radio Baghdad. Tolv minuttar som er både dagsaktuelle og evigvarande. Tolv minuttar vekslande mellom sang, deklamering, kviskring og høglydte sukk. Tolv minuttar med same intense nerva vi fant i klassiske rock’n roll rekviemer som Land, Gloria, Radio Ethiopia og Rock’n Roll Nigger. Tolv minuttar med eit heilt anna verdensbilde enn den amerikanske administrasjonen. Tolv minuttar som får meg til å minnast kvifor eg tok til å elske Patti Smith, ein gong i det forrige årtusen.
Mykje bra blant dei resterande kutta også, både blant dei sakrale balladane og dei drivande rockenummer. Trampin’ er kort fortalt det beste dama har gjort sidan Easter, ein gong i det forrige årtusen.

8. Love Songs For Patriots – American Music Club
For ti år sidan var det stopp, gjengen som hadde gjeve oss California, Everclear og Mercury gjekk kvar sin veg. No har den vegen endelig ført dei saman igjen, og her presenterer Eitzel og hans klubbmedlemmer tretten låtar og ein time i velkjent AMC fasong. Det betyr musikk vaklande mellom dei varaste tonar og el-gitar feedback, forstyrra bassgangar, og anna glødande grums. Musikk som er free folkrockin’ nedover ein grusveg få andre tør følgje, men som hentar inspirasjonen frå store deler av det amerikanske musikk kartet; rock, folk, blues, country, jazz.
Frå sitt skeive hjørne har Mark Eitzel stadig noko å melde, både som sjelegranskar og som skildrar av meir politisk karakter. Og sjølv om det er livet sine mørkare irrgangar som oftast blir granska, og samfunnsynet hans er heller pessimistisk, så viser han på Love Songs For Patriots at han og har eit lite lyst glimt innerst i augekroken.
Årets comeback, og eit nytt kapittel i AMC sine makelause bulletiner frå dei skrå breidder.

9. Blueberry Boat – The Fiery Furnaces
Med utgangspunkt i søskenparet Friedberger sin interesse for The Who sine rock-opera tilfeller A Quick One (While He’s Away) og Rael legg Blueberry Boat til land med ei musikalsk last fylt til randen (eller kanskje helst over randen) av fargerike, fantasifulle og smått infame soniske påfunn. For sjølv om The Fiery Furnaces drikk av kjelder også andre har forsynt seg frå, ser det ut som effekten blir noko annleis når dette amerikanske søskenparet får stoffet innabords. Allereie på sitt friske og vindskeive debutalbum Gallowsbird’s Bark, frå i fjor, framstod dei som noko litt for seg sjølv. Men klarer likevel å plassere seg endå nokre hakk lengre vekk frå normal folkeskikk her på oppfølgjaren. Med tonar hente frå ulike hjørner av rockehistorien, cabaret-formen, musikalar, spenstig folk og …. tja, litt av kvart igrunn, serverer dei ein ordrik, vanvittig og surrealistisk seanse, vel verdt å få med seg.

10. Antics – Interpol
Med ein debut bak seg som fullt fortjent fekk mykje godord for sitt mørke og suggestive vesen, kan det ikkje ha vore berre lett å forme oppfølgjaren. Dei mest slåande endringane i forhold til debutskiva er at Paul Banks sin vokal er plassert lengre fram i bildet, tonen kan virke litt lysare, og ein del av låtane viser seg å ha kvaliteter i retning popdrops-lende. Slik blir dette noko litt anna, men og ei plate som har minst ein fot trygt plassert innafor det same feltet dei dreiv rundt på sist.
Bandet sin tone har stadig sine tydelige likhetstrekk med britiske new wave aktørar som Joy Division, The Sounds og Echo & The Bunnymen, men er fyldigare og meir velkledd. Det er tøft det er coolt det er stillstand i møte med eksplosivitet, det er smarte taktskifter og eggande rytmegangar, og på toppen av det heile injiserer dei stoffet med særdeles velutvikla dosar tiltalande melodilinjer.

Og når vekene, månadane og åra no har gått ser eg sjølvsagt at desse platene også burde ha vore nemnt, og kanskje til og med blitt tildelt atskilleg med skryt, i denne samanhengen:
The Walkmen – Bows + Arrows
Dungen – Ta Det Lungt
Devendra Banhart – Nino Rojo
Iron & Wine – Our Endless Numbered Days
Black Cab – Altamont Diary

Grinderman – Grinderman

Standard

Med hår i fjeset, lyst i blikket, og synd i tankane.

7

cover

«I’ve gotta get up to get down and start all over again,
Head on down to the basement, and you shout;
Kick those white mice and black dogs out,
Kick those white mice and baboons out,
Kick those baboons and other motherfuckers out,
and
Get it on»

Nick Cave har barbert Bad Seeds, men har enda opp med eit vesen som er skikkelig hårete. Grinderman er berre han og tre til, fiolin og strengetuktar av rang Warren Ellis, bassist Martyn P Casey og trommis Jim Sclavunos. Han har tatt dei med seg ned i kjellaren, der kan det godt vere dei har sparka etter irriterande beist, men først og fremst har dei spelt gamle bluesplater. John Lee Hooker, Howlin» Wolf, Willie Dixon, Memphis Slim. Ut att kjem dei i ei infernalsk sinnsstemning, med lyst i blikket og synd i tankane. Dei har tatt Grinderman-frakken på, og ser sitt snitt til å slå eit slag for mannen sine meir basale behov.

Det var dei same tre han i 2004 tok med seg til Paris for å gjere forarbeidet til det som skulle bli ein av Cave sine sterkaste plater, Abattoir Blues/The Lyre of Orpheus. Denne gongen har dei fullført sakene utan å blanda inn fleire. Grunnmønsteret er enkelt. Skrikande blues, ramlande rock, og innimellom eit og anna som tar det litt meir med ro.

Med bakgrunn i støynivået til Grinderman er det sjølvsagt freistande å trekke trådande tilbake til 80-talet og Cave sine første plater med Bad Seeds, eller kanskje til og med tilbake til pre-Bad Seeds akter som Boys Next Door og Birthday Party. Men Grinderman er ikkje heilt det same. Den gongen var det ein ung mann sine febertokter, deleriske formidlingsbehov og grenselause uro som var drivkrafta. Han dunka skallen i asfalten fordi den var der, han hadde hovudet fullt av idear og ein ubendig trong til kaste dei fram, og han skaut med hutrande hjerte og eit opprørt sinn når noko rørte seg. No når han er blitt ein middelaldrande mann gjer han det litt annleis. Han har sett meir, erfart meir, tenkt meir og han har utvikla ein trong til å ha litt meir orden i sakene, til å vere meir presis. Så når han møter opp på arenaen i desse dagar tar han seg tid til å sikte. Med stødig puls treff han også. Det er berre det at han, akkurat som dei fleste av oss surt har erfart mang ein gong, har sikta seg inn på feil blink.

No Pussy Blues er glansnummeret her. Han kjenner til triksa, og han gjennomfører dei, alle. Han ber henne ut, han skiftar sengjetøy, han kjemmer håret, han tar oppvasken, han kallar henne med kjærlige namn, han prøver med all slags blomar, han les poesi for henne, og han syng for henne, men ingenting nyttar. Til slutt heller han i seg ein liter med konjakk, men får berre hånleg latter tilbake. Så i eit torever av lausslopne strenger og elektrisk gnissel konkluderer han fatalistisk; «i got the no pussy blues».

Go Tell the Women er nesten like bra. Det soniske har ei meir tilbakelent form, nonchalant form, arrogant form, med gjentakande klunkande gitartonar som bindingsmiddel. Ein macho vitskapsmann og hans medsamansvorne har gått seg fast, og er i ferd med å gje opp og forlate bygningen:

«We are scientists, we do genetics,
We leave religion to the psychos and fanatics,
We are tired, we have nothing to believe in
We are lost

Go tell the women that we’re leaving»

Nick Cave tar seg av gitarspelet (for første gong?), og det overraskar sikkert ingen at han har lært meir av Blixa Bargeld enn Eric Clapton. Det er enkelt og ukultivert, men presist plassert. Noko som i grunn karakteriserer heile albumet sitt soniske vesen. Støybyene er ein del av noko som verkar å vere ein gjennomtenkt dynamikk. Kanskje kan ein seie at dette tar litt av den frigjorte gnisten vekk, men eg synst ikkje vi skal kimse av ein 50-åring og hans appetitt på å støye på ein 50-årings kontrollerte vis. Og påtatt opplever eg det i alle fall ikkje. For det er vel inga lov som seier at ein skal trø forsiktigare på fuzzpedalen, eller ikkje skal kunne skru temperaturen på brestepunktet, etter at hårfeste har byrja å svikte?

Derfor er eg med på notane når Cave dreg sine tre våpendragarar med på eit Cramps-tokt kalla Honey Bee (Let’s Fly to Mars). Eller når skrikande strenger akkompagnerer han medan han gjer eit forsøk på å ta vare på forstanden i Love Bomb. Men eg synst også det er heilt greitt når dei fire dempar lyden til det knapt høyrande i Man In the Moon, og Cave går inn i rolla til ein som har sakna ein far heile sitt liv.

Grinderman er ikkje det aller mest skarpskorne Cave har hatt føre seg, men plata har nok uvær i seg til at den nok ikkje legg seg til ro med det første.

Først publisert på Groove.no (i 2007)