Tag Archives: Wussy

Wussy – What Heaven Is Like

Standard

Eit Wussy i bra, men ikkje sitt beste, slag.

  Å nytte Gloria som songtittel er ikkje ei spesielt ny oppfinning. Det trur eg ikkje affiserer Wussy det minste. Dei er ikkje her for å presentere nye oppfinningar. Men dei er her. Og det er bra. Med sitt rock-groove, sine elektriske gitarar og sin sympatiske pasjon for det upretensiøse skapar kvintetten eit godt grumsete psykedelisk garasjebråk, samstundes som dei held eit bra tak i det melodiske.

Bandet frå Cincinatti har helde det gåande ei tid nå, og What Heaven Is Like er deira sjuande album. Det plasserer seg ganske så greitt midt i det soniske feltet bandet har vore desse åra. Ikkje fullt så sterkt og overtydande som på dei to føregåande albuma (Attica! og Forever Sounds) men med ei handfull låtar som avgjort vinn fram.

Og då kanskje først og fremst Gloria. Ein song inspirert av hovudpersonen i Fargo, sesong tre, Gloria Burgle. Ei ubestikkeleg kvinne som søker sanninga i ei verd som bognar over av løgn og faenskap. Ein vemodstung og skingrande ballade som søker nokon, ei kraft, som kan vere til hjelp i «the darkness that surrounds» oss. «Her name is Gloria» syng Wussy sin kvinnelege songar Lisa Walker, og eg har gjort meg tankar om at det nærast er noko religiøst over songen. Men det er det ikkje. Snarare høyrer eg ein song som hyllar mot og humanisme, og slik sett vel er ganske så aktuell, i ei tid farga av mistru, fundamentalisme, narsissisme, twitter-skrål og alternative sanningar.

One Per Customer syng Wussy sin mannlege songar Chuck Cleaver. Den nå 59 år gamle mannen som kalla sitt andre band Wussy (hans første heitte Ass Pony) fordi han tenkte namnet ville ta seg bra ut på ei t-skjorte. Ein fyr med ei røyst som har sine knirk, som renn på som ei krokete elv, men som viser seg å ha full kontakt med tonen, med melodien. One Per Customer er ein klassisk Wussy-song i godt melodisk og rockdynamisk slag. Ein song om svunne tider og tapte sjansar. Sjansar verkar å stå på spel i Tall Weeds også. Ein duett mellom dei to vokalistane om det å frenetisk prøve å søke opp ein fredeleg plett litt utanfor skotlinja. På det soniske plan er songen ein slags miks av klassisk americana-rock og shoegaze.

Av dei ti låtane på plata er det to coverlåtar. Aliens In Our Midst frå det nokså obskure California-bandet The Twinkiez, og Kath Bloom-låta Oblivion. Dugande versjonar, men ikkje slike som går inn i historia. Det kan nok seiast om fleire av dei sjølvkomponerte her også. Så: ikkje ei openbaring av ei plate, ord eg godt kunne ha funne på å nytta om bandets to føregåande, men velkomen er den.

7/10

TIDAL: WUSSY – WHAT HEAVEN IS LIKE

Popkroken sitt årsoppgjer 2016

Standard

50 bra plater frå 2016 – og ein del bra bøker.

Bilderesultat for parquet courts human performanceBilderesultat for wussy forever soundsBilderesultat for leonard cohen you want it darkerBilderesultat for angel olsen my womanBilderesultat for årabrot the gospelBilderesultat for a tribe called quest we got it from here... thank you 4 your serviceBilderesultat for steve gunn eyes on the lineBilderesultat for the switch the albumBilderesultat for kate tempest let them eat chaos

Det er nok mogeleg at musikkåret 2016 først og fremst vil bli huska for alle som fall ifrå i løpet av dei 366 dagane. Frå David Bowie til Prince til Phife Dawg til George Martin til Merle Haggard til Alan Vega til Glenn Frey til Guy Clark til Leon Russell til Leonard Cohen til George Michael og fleire med dei. Men eg skal huske det for ny bra musikk også.

I det store perspektivet. Det som rekk langt utafor Popkroken er det nok ymse meiningar om kor bra nett dei 50 platene eg nemner under er. Og ikkje minst vil det kunna bli hevda at her er det jammen meg essensielle saker som manglar. Slike som årets plater frå Radiohead, Kanye West, Jenny Hval, Anohni eller Rihanna. Til det kan eg ikkje seie at eg ikkje har høyrt dei. For det har eg. Den einaste årsaka til at dei ikkje er på lista er at dei ikkje trefte meg like bra som dei som er der gjorde. I subjektivitetens heilage namn er det nett slik det må vere. Noko verre er det då med plater eg ikkje har høyrt. Men som kan ha eit vesen som kunne ha treft meg. Dei rakk dessverre ikkje fram i tide til dette årsoppgjeret, men eg ser fram til å møte dei.

1. Car Seat Headrest – Teens of Denial
Tonane tar verkeleg fyr i dette verket til unge Will Toledo, og eit par medsamansvorne av han. Meir presist er det 70 minuttar med gitarbasert rock, der nittitalet møter nåtid, i songar det osar melodisk kraft og glødande vilje av.

2. Parquet Courts – Human Performance
Femte albumet til New York-kvartetten, og punktonen er litt meir raffinert. Men energien rår og tapte illusjonar flagrar vegg imellom.                                                                                     

3. Wussy – Forever Sounds
Gitar, gitar, elektrisk gitar. Det er Forever Sounds det. Ein stad der heartland møter shoegaze, der psykedelia møter vindskeiv country.

4. Leonard Cohen – You Want it Darker
Vis poesi om kjærleiken, alderdomen, livet, døden og gud.                                                     

5. Angel Olsen – My Woman
Frå det elektrisk pågåande til det praktfullt ettertenksame.                                                      

6. Årabrot – The Gospel
Eit desperat ritt gjennom eit eigenarta postpunklandskap.                                                       

7. A Tribe Called Quest – We Got it From Here… Thank You 4 Your Service
Nittitalets beste hiphop-ensemble hadde litt meir på lager.                                                      

8. Steve Gunn – Eyes On the Lines
Ein ny dose varm Gunn-folkrock til å forsvinne inn i.                                                             

9. The Switch – The Switch Album
Oslobandet serverer her ein raffinert poptriumf av det verkeleg uimotståelege slaget.

10. Kate Tempest – Let Them Eat Chaos
Eit dikt, ein historie, eit usminka og nådelaust hiphop-album.                                                 

11. Beyoncé – Lemonade
Ei samling sterke songar som går vegen frå kneståande fortviling til glødande styrke.                      

12.Okkervil River – Away
Med ny besetning seglar Will Sheff vidare, ny og attkjenneleg og med folkrocken sin glødande intakt.                                                                             

13. Nick Cave & The Bad Seeds – Skeleton Tree
Eitt år etter at Cave mista sonen sin i ei tragisk ulykke serverer han eit album kledd i sorg.              

14. The Jezabels – Synthia
Synth-smart, melodisk forførande, og ei stemme som eig kvart ord.                                       

15. Ryley Walker – Golden Sings That Have Been Sung
Folkrocksongar som er meir enn det.                                                                            

16. Lambchop – FLOTUS
Kurt Wagner har skaffa seg vokalprosessor – Men Lambchop er no Lambchop likevel.        

17. David Bowie – Blackstar
Bowie si siste forvandling, ei gripande ei.                                                                    

18. Kevin Morby – Singing Saw
Musikken, naturen, melankolien, varmen og ei mystisk sag.                                                   

19. Drive-By Truckers – American Band
Ei handfull sterke historier frå vår tids beste sørstatsrockeband                                         

20. Stein Torleif Bjella – Gode Liv
Kan Bjella vere vaksinert mot å gje ut anna enn strålande plater?                                           

21. Kendrick Lamar – Untitled Unmastered
«Pimp pimp hooray», eit lite upolert supplement til fjorårets allereie legendariske To Pimp a Butterfly.                                                                           

22. Margo Price – Midwest Farmer’s Daughter
Eit friskt countrypust ifrå utkanten av Nashville.                                                         

23. Anderson .Paak – Malibu
Ein fargerik og varm time i hiphop og r&b-regionen.                                                               

24. Woods – City Sun Eater In the River of Light
Sol og groove og jazzkrydra pop-psykedelia.                                                                           

25. Tom Roger Aadland – Blondt i Blondt
Dylan og vestlandet og skikkeleg musikalsk omsetjing                                                            

26. Diiv – Is The Is Are
Ein poprytmisk odyssé om eit liv som hang i ein tynn tråd.                                                     

27. Savages – Adore Life
Livet er elektrisk, hånda er knyta og groovet gløder.                                                               

28. Kyle Craft – Dolls of Highland
Ein stad mellom Glam og Dylan hiv Kyle Craft seg ut i det.                                                   

29. Thee Oh Sees – A Weird Exits
Ein bra dose groovy psykedelia frå ein produktiv fyr og hans medsamansvorne.                   

30. Brigid Mae Power – Brigid Mae Power
Stillferdige folk-songar som smyg seg tett innpå.  

Og sidan eg først var så godt i gang, og ikkje har vit til å gje meg medan leiken er god, så listar eg altså like godt opp tjue til:                                                                      

31. Preoccupations – Preoccupations
32. Heron Oblivion – Heron Oblivion
33. William Tyler – Modern Country
34. Cian Nugent – Night Fiction
35. Solange – A Seat at the Table
36. Bon Iver – 22, A Million
37. Whitney – Light Upon the Lake
38. Frøkedal – Hold On Dreamer
39. Frank Ocean – Blonde
40. Hiss Golden Messenger – Heart Like A Levee
41. Pinegrove – Cardinal
42. Mayflower Madame – Observed in a Dream
43. Marissa Nadler – Strangers
44. Exploded View – Exploded View
45. Michael Kiwanuka – Love and Hate
46. Chance The Rapper – Coloring Book
47. The Mystery Lights – The Mystery Lights
48. Haley Bonar – Impossible Dream
49. Daniel Romano – Mosey
50. Miranda Lambert – The Weight of These Wings


Bilderesultat for johan harstad max mischaBilderesultat for pedro carmona-alvarez bergen ungdomsteaterBilderesultat for frode grytten menn som ingen trengBilderesultat for tomas espedal året

Bøker har eg også lese. Nye bøker og gamle bøker. Gode bøker og dårlege bøker. Eller kanskje ikkje, kanskje har eg ikkje lese dårlege bøker. I alle fall ikkje ferdig. Og då kan eg vel kanskje ikkje seie at eg har lese dei. For eg veit jo ikkje alt om dei. Og kanskje er dei ikkje dårlege, kanskje har eg berre ikkje funne dei interessante. Og det er jo noko anna. Kanskje har eg ikkje gitt dei ein skikkeleg sjanse. Eller kanskje var det slik at dei ikkje fortente ein skikkeleg sjanse, nokon av dei i alle fall. Den siste boka eg leste har eg nett lagt frå meg, den var ikkje dårleg. Den heiter Europeana. Den tar for seg den europeiske historia frå 1900 til 1999 (pluss nokre blikk utafor kontinentet). Skarve 130 sider blir sett av til det. Ført til torgs i eit språk som får meg til å tenke at slik skulle eg ynskje eg klarte å skrive. Lett, suggererande (ja poetisk) og konsist. Nokre gonger fekk boka meg til å humre litt, før den like etterpå sørga for at humringa sette seg grundig fast i halsen. Historias groteske handlingar blir skildra i ei iskald faktaform. I spedd små anekdotar som ytterlegare synleggjer kva menneske kan få seg til å gjere av bestialske saker. Temaa er sjølvsagt mange, men nazismen, kommunismen, religionen og psykoanalysen er blant dei sentrale raude trådane. Forfattaren er tsjekkisk og heiter Patrik Ouředník. Han skreiv boka ferdig i 2001, og har mottatt både prisar og internasjonal åtgaum for den. I norsk omsetjing, som er den eg har lese, kom den i 2015.

Eg starta året med å lese ei langt tjukkare bok. Johan Harstad sin Max, Mischa & Tetoffensiven (utgitt seint i 2015). Max fortel historia. Frå han som gutunge, tidleg på åttitalet, sterkt ufrivillig flyttar frå Stavanger til New York. Og det er der i verdsmetropolen størstedelen av historia breier seg ut. Det handlar om vennskap og avstand, og ein onkel. Og alt er slett ikkje slik ein skulle tru det var. Det handlar om teater og film og kunst og musikk. Frå Hüsker Dü til jazz til lyrisk pianospel. Frå Apokalypse Nå til stormen Sandy. Romanen går fram og tilbake i tid, men surrar seg aldri vekk frå sin eigen historie. Med både lett og eigenarta penn skriv forfattaren fram ei forteljing eg forsvann inn i nokre veker i januar 2016. Den blei ikkje borte etterpå heller.

Frå den same storbyen, frå New York City, har også Garth Risk Hallberg skrive fram ei omfangsrik historie. En by i brann er den norske tittelen på ei bok som i tid spenner over nokre månader i 1977. Frå eit skjebnesvangert pistolskot til byen bokstaveleg talt blir mørklagt eit heilt døgn. Persongalleriet er stort, og dei kryssar og kryssar ikkje kvarandre sine spor. Her er folk som går over lik, og her er folk som blir til lik. Her er folk som surrar det til og her er folk som berre vil det beste. Her er kunst og punk og ein by på randen. Forfattaren har store ambisjonar med historia, og skriv stundom fram passasjer som gnistrar. I andre passasjer mister han momentum, og det blir litt dødt. Så ei litt ujamn bok.

Om våren er den tredje boka i Karl Ove Knausgård sin kvartett med årstidene som gjennomgangstema. Av desse fire er det den boka som har mest slektskap med Min kamp-serien. I korte trekk handlar den om ein far og ei nyfødt dotter, hennar eldre søsken, og mora som har forsvunne inn i ein depresjon. Boka fortel meg at det er det daglegdagse strevet og livet som er sjølve livet, enten ein vil det eller ikkje. Tomas Espedal ville også skrive ei bok om årstidene. Den startar i april og sluttar i november og heiter Året. Forfattaren kretsar rundt sitt eige, men transformerer det om til det allmenngyldige. Det handlar om døden og kjærleiken. Det handlar om reiser og drikking. Eller livet, om du vil. Ei lita, snøgglest, og poetisk bok.

Tore Renberg tok i år ein liten pause ifrå det han har kalla Teksas-serien sin og fortalte ei lita vond historie om ein mann som med sitt vesen blendar dei han møter. Før noko anna byrjar å melde seg. Ein mistanke, ei uro. Du er så lys er mørkare enn tittelen tilseie. Renberg har forresten for første gong tydd til nynorsk i denne boka, og gjer det bra. Å skrive bra på nynorsk er noko Frode Grytten har gjort i ein del år no. Med årets bok Menn som ingen treng er han tilbake i novellesjangeren han ved nokre høve tidlegare har vist at han har eit spesielt grep om. Slik også denne gongen. Gjennom ti historier om menn som lever opp til bokas tittel. Frå dei hjelpelause til dei uheldige. Frå dei ærlege til dei uærlege. Fortalt med akkurat dei orda som skal til. Aller sterkast gjort i opningsnovella 1974, der eg-forteljaren ser tilbake på nokre skilsetjande månader då han var ung. Prega av svik, erotikk og klassemotsetnad. Tre ord som heller ikkje ville vere heilt fjerne i eit forsøk på å beskrive Pedro Carmona-Alvarez sin roman Bergen Ungdomsteater. Den andre om Marita. Ho som blei fødd nokre år etter at tvillingsøstrene hennar omkom i ei tragisk ulykke. Og som forfattaren starta å fortelje om i romanen Og været skiftet og det ble sommar og så videre. I bok to er faren reist tilbake til USA, og Marita flyttar til Bergen med mora, utan at mora kjem seg vidare i livet av den grunn. Men Marita prøver. Ho er tenåring, ho blir kjent med Johannes, og ho blir kjent med Andreas. Forfattaren fortel i eit melankolsk og rytmisk språk, eit godt språk, om vennskap, om einsemd og det å komme i andre rekke.

Dei to siste bøkene i Elena Ferrante sin Napoli-kvartett (Dei som flyktar og dei som blir og Historia om det tapte barnet) har også stått på menyen dette året. Lena og Lila blir vaksne, delvis i vennskap, delvis i fiendskap, men heile tida med ein avhengigheit av kvarandre. Åleine og saman utfordrar dei normene i bydelen dei vaks opp. På same vis og på ulikt vis er dei begge prega av bydelens jantelover og valdelege løysingar. Forfattaren evnar framleis å halde på lesaren frå side til side. Sjølv om det i desse to bøkene er parti der enkelte tema blir dvela vel lenge med. Slik opplevde eg det ikkje i dei to første.

2016 skulle også bli året då Nobels litteraturpris for første gong gjekk til ein songskrivar. Det har vore snakka om det nokre år. Snakka om at Bob Dylan burde få denne prisen. Snakka om kor vidt han fortener denne prisen. Den diskusjonen stilna ikkje akkurat av når han no endeleg fekk den. Sjølv har eg ei ganske så klar oppfatning av at mannen fortener prisen. Det har Gisle Selnes også. Tilfellet ville det slik at han kort tid etter at kunngjeringa var klar kom ut med ei fyldig bok om songane til Dylan. Den store sangen har han kalla den, med den noko audmjuke undertittelen «Kapitler av en bok om Bob Dylan». Han går her grundig inn i korleis Dylan har henta inspirasjon og drive med kreative tjuveri ifrå den amerikanske musikkarven. I tillegg dreg han linjer frå songane hans til dikt og skjønnlitteratur (frå Shakespeare til Edgar Allan Poe til T.S. Elliott til Jack Kerouac, og så vidare). Om ein har ei litt over gjennomsnittleg interesse for Dylans musikk skulle ein ha mykje glede av Selnes utlegningar om stoffet.

Høyr her (høyr Wussy)

Standard

Popkrokenfavorittane Wussy tar ein New Order. Meir presist så tar dei ein gammal New Order song, Ceremony, og gjer ein absolutt habil versjon av den. Innspelinga skal ut som singel i samband med Record Store Day (15. april).
Som B-side får vi ein eigenskriven tidlegare uutgitt låt, Days and Hours. Ein song som gjer meg litt sånne The Walkabouts-vibber, gode vibber.

Wussy – Forever Sounds

Standard

Bandnamnet er ei løgn, men med platetittelen derimot … der er dei inne på noko.                9

  Gitar, gitar, elektrisk gitar. Det er det som gjeld her. Det er Forever Sounds det. Frå start til slutt. Frå Dropping Houses til My Parade.

Dropping Houses?

Dropping Houses ja. Opningssporet og kva no det måtte handle om. Med Lisa Walker i vokalrolla, men der også Chuck Cleaver syng med, idet vi når refrenget. Syng «Spent so long sucking on a snake bite, trying to keep the venom from entering the bloodstream». Så det må då handle om trøbbel dette, alvorlig trøbbel? Eller? Tja, kanskje handlar det meir om å møte trøbbelet med rak rygg. Om å ikkje bukke under, i eit forhold av den kanskje ikkje heilt sunne sorten. Lisa Walker fortel sjølv i eit intervju med magasinet Spin at hennar bilde av fallande hus er henta frå Wizard of Oz, og frå sentrumet av ein tornado og kva ho ser for seg kan openbara seg der. Dramatisk utslettande tilhøve altså. Men samstundes smått surrealistiske. Ein dualitet som vel ikkje blir mindre av den konkluderande meldinga «you give it the old heave ho til the bitter end». Og sidan eg no nemnte dualitet. Her er kva same Walker seier til same magasin om dei soniske tilhøva kring Dropping Houses: «Our dorky dual fandom of 90’s shoegaze + Tom Petty has fully surfaced and become a really singable wall of noise». Eg høyrer på Dropping Houses og skjønar kva ho snakkar om. Eg høyrer på Dropping Houses igjen, og igjen, og igjen. Eg blir i grunn ikkje ferdig med å høyre på Dropping Houses. Den må ha treft sentralnervesystemet eller eit eller anna slikt hos meg. For eg hamnar stadig vekk tilbake i songens klør. Men altså, eg høyrer, og høyrer (og har som de forstår null og niks imot det). I starten høyrte eg eit nesten ugjennomtrengelig gitarnummer. Eg har trengt igjennom. Trengt inn mellom gitarlinjer som brenn, dansande psykedelia, feedback og eit monster av eit groove, og der, der har eg funne melodien. Sjølvaste melodien, den heilt uimotståelige. Slik Lisa Walker syng den (og Chuck Cleaver). Og slått fast at denne låta det er rock’n roll på sitt mest forføreriske vis det.

Eg blei for alvor kjent med Cincinnati-kvintetten Wussy då dei kom med sitt førre album Attica! i 2014. Eit album så dugelig inspirert på eldfull rock’n roll at eg spelte det fram og tilbake til endes og over dei fleste breiddegrader. Frå paradenummeret Teenage Wasteland til den mektig/skranglete duetten Beautiful svinga dei seg i rockehistoria med ein slik glødande kjærleik at eg ikkje hadde anna val enn å omfamne dei. Saman med den dynamiske vekslinga mellom Lisa Walker og Chuck Cleaver sine ganske så ulike røyster har gitaren frå første stund (les 2001) vore bandet sitt fremste soniske våpen. Men den har vel aldri vore meir i skingrande fokus enn det den er her på Forever Sounds, deira sjette album.

Det der som Lisa Walker nemner om shoegaze har forresten gyldigheit for eit par spor til. Det gjeld Hand of God, der Lisa i skuggen av psykedeliske kaskadar manar fram linjer med bibelske dommedagsperspektiv over seg. Og det gjeld Gone, der Chuck Cleaver ser dei fleste håp som «gone», om ikkje Jesus sine frelsande evner skulle vise seg som verkelige då. I så fall: «he’d better run», for sigarettane er borte, hjerta er knuste og våpna lada. Dei sju resterande spora skal eg ikkje trekke shoegaze-kappa rundt i same grad. Utan at eg dermed har sagt at gitarlyden fer stillferdig og pertentlig gjennom dei (det skulle tatt seg ut du).

Eit definitivt høgdepunkt er Donny’s Death Scene. Eit smått episk nummer der gitarar rusar seg opp og ned rundt uhellsvarslande folkmelodiske linjer sunge av Lisa. Linjer som handlar om brå og tragisk død. Som er direkte inspirert av det som hendte karakteren Donny (spelt av Steve Buscemi) i den myteomspunne Coen-brothers filmen The Big Lebowski. Død er så definitivt også eit tema i den Cleaver-sunge og hardt jagande låta She’s Killed Hundreds. Kven denne «she» er blir imidlertid aldri gjort klart. Kanskje eit uvær?

Sjølv om eg har drista meg til å ha nokre oppfatningar av kva Wussy har føre seg på det tekstlige plan er dette sjølvsagt ikkje på noko vis opplagt. Dei er vel helst dunkle og smått surrealistiske desse tekstane deira. Så når eg no seier at den krokete songen Hello, I’m  a Ghost handlar om at etter ein del år i eit samliv byrjar partnarane å bli som ein del av tapeten for kvarandre, så er det slett ikkje sikkert at det er det Chuck Cleaver har hatt i tankane. Eg kan også insinuere at Lisa Walker si skakke skingrevisa Majestic-12 handlar om å kjenne seg framand og avkledd under ugjestmilde tilhøve, men eg er open for at eg kan ta feil. Men det eg føler meg nokså overtydd om er at songane oftare strenar rundt i sinnets mørkare og gåtefulle sider enn at dei vitjar dei lyse og klare. Eller for å bruke Cleaver sine eigne ord om livet: «At least I know this, it may be wrapped up, and tied with a bow, but it isn’t a gift».

Det er dei som hevdar at Wussy er det beste bandet som finst i Amerika for tida. Dei er for så vidt ikkje mange, men dei finst altså. Eg er definitivt i nærleiken. Forever Sounds har ikkje akkurat svekka den tanken.

TIDAL: WUSSY – FOREVER SOUNDS

Musikalsk årsoppgjer 2014

Standard

Spådomar frå fleire hald vil ha det til at musikkalbumet er eit utdøyande fenomen. Måtte spådomane slå feil, fullstendig feil. Det har komme flust av album i 2014 eg med styrke vil hevde beviser at albumet har livets rett, og vel så det. Dei 25 beste har det blitt ei liste av.

Men først 3 bøker (ikkje for noko anna grunn enn at bøker er like viktig som musikk, og at desse tre kjennes vel verdt å nemne).

Stoner  Rød eller død av David Peace (Innbundet) Innsirkling 3 av Carl Frode Tiller (Innbundet)

1. John Williams – Stoner
Skriven og utgitt for nesten femti år sidan. I norsk oversetting for første gong i år. Ei kultbok. «The greatest American novel you’ve never heard of» ifylgje The New Yorker. Ein vakkert og nennsamt fortalt historie, om eit ikkje spesielt eksepsjonelt liv. Ein manns liv frå barndom til grav på 270 sider. Melankolsk og skilsettande. Poesi i romanform.

2. David Peace – Rød eller Død
Om den legendariske Liverpool-manageren Bill Shankly. Sosialisten, fotballfanatikaren, arbeidsnarkomanen og eksentrikaren  Shankly. Ein roman, ikkje ein biografi. Fortalt i eit gjentakande, suggererande språk. Like enkel, like komplisert, like medrivande som fotballspelet i seg sjølv. Aldri har eg opplevd fotballsesong etter fotballsesong blitt meir fortetta og poetisk oppsummert.

3. Carl Frode Tiller – Innsirkling 3
Tiller sirklar seg inn på oppklaringa. Kjem fram til den, men ikkje til noko endelig avklaring, heldigvis. Det å vere menneske saman med andre menneske er ikkje enkelt. Kva ein seier, kva ein tenker, kva ein gjer, kva ein burde gjere, er på evig kollisjonskurs. Tiller skildrar det på storarta vis, igjen.

Så, over til albuma:

 Steve Gunn 

1. The War On Drugs – Lost In the Dream
Ei plate som vandrar sporenstreks inn i ein melodisk sigerstemning, og blir der ein heil time. Amerikansk gitarrock der låt etter låt blir tilført vennlegsinna synthlinjer, blir lindrande pianotøtsja, eller kanskje får ein blåleg saksofonvisitt. Låt etter låt som omgås sinnstemningar der mørket og mismotet rår, men der ein stigande aksept av tingas tilstand, og ei evne til å handtere forholda, også blir formidla. Det høyrest ikkje spesielt eksepsjonelt ut, og ei eksepsjonelt original plate er det ikkje. Men ….vel, eksepsjonell er den.

2. Steve Gunn – Way Out Weather
Sakte beveger melodien seg. Sakte beveger melodien. «Slowly moves the melody». Det trygge, det vanlige finst der, i songane, men også det spesielle, det særeigne. Steve Gunn gjer det melodisk, og han gjer det i ein hevdvunne tradisjon. Med ei lett hand får han strengene på gitaren (gitarane) til å synge som få andre gjer. Eg tenker på han som ein ukomplisert virtuos.

3. Sun Kil Moon – Benji
Songar frå perspektivet til ein middelaldrande mann. Songar som ikkje tar føre seg frå eit vidt spekter av det songar kan gjere. Dei held seg alle på innsida av det marginale mønsteret Mark Kozelek plar operere innafor. Der tonar ikkje spring av garde i veldig komplekse former, men der alt ruslar sin gang. Einsformig seier nokon, styggelig vanedannande seier eg.

4. Wussy – Attica!
Dei har latt seg inspirere, latt seg dugelig inspirere. Som dei uforbederlige rock’n roll-disiplane dei er, har dei latt seg inspirere til å lage songar som liknar på saker vi har høyrt før, som har både tjuveri og låneri klistra på seg. Likevel er dei forunderlig nok berre Wussy. Med ein glød og eit lidenskapelig forhold til alt dei driv med.

5. Sturgill Simpson – Metamodern Sounds In Country Music
Det er ikkje berre den ufattelige friskleiken, og nærværet i tonane, eg merkar meg, men også viljen, og motet, både til å gå den rakaste enklaste mest naturlige og klassiske countryvegen, og til å driste seg utpå. Som det å sveipe tonane inn i psykedelia. Nokre gonger subtilt og sobert, andre gonger meir utstrakt.

6. Ought – More Than Any Other Day
Postpunk. Den stramme pågåande kantete fabelaktige postpunken er vel den mest nærliggande merkelappen å klistre på Ought. Men dei er ikkje berre slik, Ought kan også ha noko meir avrunda og elastisk i det dei gjer. Inntrykket er vel at det ikkje er avgrensingar og dogmer som er opplegget her. Heller eit frilyndt dykk inn dit energien har dei beste vilkår, der temperaturen aldri kviler.

7. Angel Olsen – Burn Your Fire For No Witness
Frå det skjøre til det konfronterande, frå det nennsame til det forrykande, den ueinsarta plata til Angel Olsen dekkar alt det og meir til. Når den så i tillegg er fostra på sterk vilje, har bevart passeleg med smuss, og er melodisk velhalden, sitt eg i grunn att ganske så tomhendt på innvendingar.

8. Parquet Courts – Sunbathing Animal
Eit band i frenetisk vigør, heilfrelste på konsise riff, hissig skinger og rammande groove. Der orda kjem fort, som ein dans i unnabakke. Med og utan fotfeste. Parquet Courts står ikkje stille, dei tar til seg det beste av det dei har høyrt, og gjer det om til sin måte å gå råbarka til verks på.

9. Sharon Van Etten – Are We There
På ingen måte eindimensjonale songar. Dei kan tolkast i ulik lei. Ja det er ikkje ein gong sikkert dei er så melankolityngde som dei gjer inntrykk av å vere. Ikkje er dei så marginale på melodisk variasjon som dei først kan gje inntrykk av å vere heller. Dei har ei blomstrande kraft i seg.

10. Woods – With Light and With Love
Human popmusikk. Med sine manglar, med sine intensjonar, med sitt overskot. Woods sitt album av året har mykje i seg og mykje for seg, og står fram som kongruent og variert i same andedrag. Sprett både lett over overflata og skjer seg inn i materien. Og 1967 er aldri langt unna.

11. Hookworms – The Hum
Psykedelisk vitalitet, hektande melodilinjer, suggererande rytmiske tilhøve, og ein ikkje ubetydelig larm.

12. Torgeir Waldemar – Torgeir Waldemar
Røysta. Den rommar klangen av det den formidlar. Tida. Han tek seg tid til å bli i songane sine. Songane. Dei har sitt klare opphav frå ein tradisjon, har sine merker frå meir enn ein låtskrivar, men høyrer likevel så sjølvsagt heime hos han som syng dei.

13. Simone Felice – Strangers
Han er her ikkje for å revolusjonere musikkhistoria. Han serverer 10 songar som hentar sitt liv og sitt vesen frå den amerikanske songtradisjonen.  Dei har sin verknad.

14. Damien Jurado – Brothers and Sisters of the Eternal Son
Den tidlegare trubaduren har for alvor funne fram til det dansbare, det psykedeliske, og det spirituelle.

15. EMA – The Future’s Void
Strenge, skarpe, kalde lydkjelder dansar og kranglar rundt låtar som oftare enn det kan virke som, sånn med det same, har eit godt melodisk hjerte.

16. Timber Timbre – Hot Dreams
Hot Dreams er ein tanke meir raffinert enn tidlegare plater av Timber Timbre, og har ein varme som ikkje alltid konsulterer gufset. Men fredlaust er det.

17. Strand of Oaks – HEAL
Ei reinsing, ein personleg kamp, men kanskje mest av alt ein kjærleik til musikken.

18. Beck – Morning Phase
Temmelig langt unna friskusen frå Odelay. Ikkje så veldig langt unna den tynga melankolikaren frå Sea Change, men med mindre melankoli i brystet.

19. The Men – Tomorrow’s Hits
Du skal ikkje kimse av god gammaldags rufsete rock’n roll. I alle fall ikkje slik den fortonar seg i henda til The Men frå Brooklyn.

20. Hurray For The Riff Raff – Small Town Heroes
Songar som kunne vore her for lenge sidan, som har eit gammalt Amerika i seg. Men dei er heilt nye, dei er eit friskt oppkok av folk, country og blues.

21. John Fullbright – Songs
Country som finn soul, mørke krokar, einsame tonar, og litt lykke.

22. Mirel Wagner – When the Cellar Children See the Light of Day
Ho vev livet, kjærleiken og døden i hop på sin måte – enkelt, tvitydig, dirrande.

23. Big Ups – Eighteen Hours of Static
Med glød i blikket og angst i bringa hiv dei seg over amerikanske undergrunnstonar slik dei lydde den gongen Pixies og Jesus Lizard var unge.

24. Joe Henry – Invisible Hour
Varme tonar, varlege tonar, og gåtefulle innspel om livets relasjonar

25. Pere Ubu – Carnival of Souls
Endå eit vitalt tilskot til ein etter kvart imponerande albumkatalog på utsida av gjengs rock’n roll åtferd.

Dei 5 beste albuma frå mai 2014 (Slik eg har oppfatta det)

Standard

Sturgill Simpson – Metamodern Sounds In Country Music      9

Metamodern Sounds in Country Music Eit utdrag frå ein lengre omtale publisert 25.5.2014.

Opninga er ikkje avgjerande, men det skadar ikkje om den set ting litt på plass. På sitt andre album kjem Sturgill Simpson opp med ei slik opning. Eg snakkar då ikkje om bestefaren hans sin introduksjon, spelt inn over ei telefonlinje, og tilført litt ekkobehandling: «Introducing metamodern sounds in country music». Sjølv om den for så vidt er effektfull og sannferdig nok. Nei eg tenker på den første linja Simpson syng like etterpå, i songen som fantastisk nok heiter Turtles All the Way Down. «I’ve seen Jesus play with flames in a lake I was standing in» syng han. Eg nølar sjølvsagt ikkje så mykje som ein tøddel av eit sekund med å kåre linja til den nestbeste Jesus-opninga i platehistoria.

Metamodern  Sounds In Country Music, ein storarta tittel. Inspirert av ein annan platetittel, og ei storarta plate. Ray Charles sin Modern Sounds In Country and Western Music. Der Charles gjer country på sin måte. Med Metamodern Sounds In Country Music gjer Sturgill Simpson det på sin måte. Sjølvsagt gjer han det, han kunne ikkje tatt sjansen på ein slik tittel om han ikkje det gjorde. Spelt inn over fire dagar, med eit marginalt budsjett, ei handfull medmusikantar, og ei frisk innstilling. Produsert har Dave Cobb gjort. Same mann som har gjort same jobb på Jason Isbell sin Southeastern og Jamey Johnson sine That Lonesom Song og The Guitar Song. Sannsynlegvis dei tre beste platene med countryklang som har komme dei fem-seks siste åra. Med det som utgangspunkt er det nok ein smule dristig å hevde at Metamodern Sounds In Country Music faktisk kan være den aller beste plata Cobb har hatt fingrane sine borti. Eg tar sjansen likevel, for akkurat så steikande bra er denne plata.

 

Wussy – Attica!        9

Attica! Eit utdrag frå ein lengre omtale publisert 5.6.2014.

Det var storarta at Lisa Walker og Chuck Cleaver fant kvarandre for drygt ti år sidan, og blei til Wussy. Cleaver hadde då allereie, som den leiande krafta i bandet Ass Ponys, gjennom fleire år (ja heilt sidan åttitalet) skapt lealaus og smussig rock med visse countrytendensar. Walker var i musikksamanheng ubeskriven, og fleire år yngre. Dynamikken i songen dei to imellom skapte ein dimensjon som Ass Ponys ikkje hadde. To stemmer som utfyller kvarandre, og som utfordrar kvarandre. Cleaver si krokete røyst, og Walker si reinare røyst. Cleaver som kjempar seg i retning av ein symmetri, Walker som hiv inn noko uvørent. Dei får meg til å minnast åttitalsbandet Divine Horsemen, med Chris D. og Julie Christensen i vitale vokalroller. Dei får meg i det heile til å minnast den delen av åttitalet som handla om band som Dream Syndicate, R.E.M. og Green On Red. Sjølv hevdar dei at dei er ute på eit oppdrag som handlar om å spenne ei bru frå The Band til Sonic Youth. Eg forstår kva dei meiner. Den amerikanske musikkskribenten Robert Christgau hevdar at bandet kombinerer Flying Burrito Brothers sin twang med Velvet Underground sine droner. Eg forstår også kva han meiner.

Og eg forstår at sjølv om Wussy har latt seg inspirere, latt seg dugelig inspirere, som dei uforbederlige rock’n roll-disiplane dei er, latt seg inspirere til å lage songar som liknar på saker vi har høyrt før, som har både tjuveri og låneri klistra på seg, så er dei forunderlig nok, berre Wussy. Med ein glød og eit lidenskapelig forhold til alt dei driv med er dei Wussy. Det er som oftast det som skal til, glød og lidenskap, ein visjon, nokre idear, gode idear, og songar som er blitt til fordi dei måtte bli til.

 

Sharon Van Etten – Are We There       8

Are We There Eit utdrag frå ein lengre omtale publisert 3.6.2014.

Sharon Van Etten sine songar er ikkje eindimensjonale, dei er opne for tolking, brei tolking. Ja det er ikkje ein gong sikkert dei er så melankolityngde som dei kan gje inntrykk av å vere.

Ikkje er dei så marginale på melodisk variasjon som dei først kan gje inntrykk av å vere heller, desse songane til Sharon Van Etten. Ho innlemmar ei veksande, sakte blomstrande, kraft i dei. Noko ho for så vidt har gjort frå første album av. Frå det spartanske Because I Was In Love, via det noko meir lydfyldige epic, til det Aaron Dessner produserte albumet Tramp. Denne gongen har ho produsert sakene sjølv, og omgjeve seg med noko færre folk frå indierock-sfæra (men både Adam Granduciel, Jonathan Meiburg og Jana Hunter er innom). Eit gigantskritt bort frå der ho var med Tramp har ho imidlertid ikkje tatt. Ho har innført ein noko meir utstrakt bruk av synthesizerar, det rytmiske er kanskje noko meir markant, og strukturen i låtane har eit meir komplekst vesen. Det siste gjer at ein nok må gå endå fleire rundar enn tidlegare for å byrje å ane rikdomen, ta innover seg rikdomen, og kjenne seg djupt til stades blant songane. Det er sjølvsagt verdt det.

 

Paul Heaton & Jacqui Abbott – What Have We Become        7

What Have We Become? Gjenforeiningar kan føre til så mangt. I musikksamanheng oftare kjipe enn gode opplevingar. Her kjem ei god ei. Her kjem Paul Heaton og Jacqui Abbott. Dei har ikkje sunge saman på tolv-tretten år. Men dei gjorde det bra då dei gjorde det, utover nittitalet, på nokre plater med The Beautiful South.

The Beautiful South. Ein gong sprang dei utav The Housemartins. Kvartetten som debuterte med den smått legendariske plata London 0 – Hull 4. Ei plate av fengande og energisk soulpop. Det vart litt meir sofistikert og komplekst i Paul Heaton og Dave Hemmingway’s The Beautiful South. For så vidt ikkje dårligare det. Og spesielt ikkje i Jacqui Abbott-involverte songar som Prettiest Eyes, Don’t Merry Her og Rotterdam.

Det er i grunn ikkje dårligare det som er å finne på denne duoplata av året heller. Det er ikkje fjernt frå slik Beautiful South framstod, men med noko ein kanskje kan kalle ein liten Housemartins-edge. Det er catchy. Mykje er catchy. Moulding Of a Foul er umåtelig catchy; Northern soul møter Motown. DIY er ikkje mindre catchy. Den miksar 50-tals rock med country på Nick Lowe vis. Jacqui Abbott tar full eigedom over sakene i Some Dancing To Do. Ein soulraffinert sak om å slite med sjølvkjensla, der linja «I want to be a beautiful mermaid, not just some half-piece of fish» kan få karakteristikken essensiell.

I tittelkuttet sveipar Heaton innom ting som moderne fedmeproblem, songar utan bodskap, opportunisme, og generelt sett nokså nedslåande tilstander, til tonar som berre ber om at ein syng med, med eit nøgd smil om munnen. Ganske typisk Heaton for så vidt. Sarkasmen er der. Og det sosiale samvitet. Det siste kjem aller tydeligast til uttrykk i One Man’s England. Ein song om rasisme på fleire nivå.

Jodå, Heaton er Heaton, og Abbott gjer han godt.

 

Jolie Holland – Wine Dark Sea         7

Wine Dark Sea Blues. No er det blues. Wine Dark Sea er blues. Jolie Holland syng blues, spelar blues. Men ikkje kva som helst blues. Her er blues med soul i seg. Sydande soul. Her er blues som vaklar, her er blues som kranglar, her er blues med folkmelodiske evner, og her er blues med ein djevel i seg. Men først og fremst er dette blues som brenn.

Det har vel alltid vore eit og anna bluestilløp på platene til Jolie Holland. Men det har aldri vore det dominarende tilløpet. Ho starta spartansk, i 2003, med knirkande viser, brakte gradvis inn meir raffinement, og for så vidt lyd, meir lyd, kraftigare lyd.

No er det avgjort kraftigare lyd. Wine Dark Sea er kraftigare lyd. Jolie Holland har fått med seg eit lag som lagar kraftigare lyd enn på noko plate ho har presentert. Men ikkje berre kraftigare, og ikkje alltid kraftigare, slett ikkje. Stundom vil eg heller seie at den er meir i opprør mot songens tone, lyden. Andre gonger vil eg seie den oppfører seg som knusktørr ved i omnen, den brenn nesten litt hensynslaust.

Den elektriske gitaren står bak det meste, av denne lyden. Men også blåsarar, og eit groove, sjølvsagt eit groove. Ho syng om kjærleik med håp i røysta (On and On) og gitaren knurrar og knegg, ho syng om kjærleik som har gått under (Dark Days) og gitaren er ein demon. Ho syng om New Orleans, med vemod i bringa (Saint Dymphna), og ho drar opp ein eggande voodoo-affære (Out On the Wine Dark Sea).

Det er kanskje ikkje hennar aller beste plate, men det er ei bra plate.

Wussy – Attica!

Standard

Det er twang, det er støy, det er reinspikka rock’n roll                                                                         9

Attica! Eit gjentakande tema, spelt på eit elektrisk orgel, dansar seg tvers igjennom The Who sin Baba O’Riley. Ein vidgjeten song, eit vidgjete tema. Cincinnati-bandet Wussy er ikkje skvetnare enn at dei adopterer temaet, og gjer det til intro i opningssongen på sitt femte album, med den forskjell at det blir spelt på gitar. «Don’t cry, don’t raise your eye, it’s only teenage wasteland» syng Pete Townshend midtvegs i Baba O’Riley. Teenage Wasteland er tittelen på opningssongen på Wussy sitt femte album. «Do you remember the moment you finally did something about it, When the kick of the drum lined up with the beat from your heart» syng Wussy-vokalist Lisa Walker, i songen si innleiande linje. Eg tenker at det er ein song som heidrar augeblikket då rock’n rollen sin heilage ande traff med evigvarande kraft. Kanskje gjennom ein song av The Who? Eit upretensiøst anthem, ein fantastisk song. Eg høyrer groovet gå, eg høyrer forstyrra og utemde tonar frå steel-gitaren til John Erhardt, eg høyrer Chuck Cleaver kalle fram el-gitaren sin ustabile demon, eg høyrer også at han syng med i nokre strofer. «Yeah, we heard you Pete, real clear, loud and clear on the last one» høyrer eg han og Lisa synge. Det er ein song som er 100 % rock’n roll. Full av levande nostalgi og pasjonert eksistens.

Wussy har vore eit band i over ti år. Utan at eg har klart å få det med meg, før altså denne Teenage Wasteland openbara seg. Noko eg nok burde har gjort, fått det med meg altså. Noko eg garantert hadde gjort om eg var ein ivrig lesar av den legendariske amerikanske musikkskribenten Robert Christgau. Mannen har, ser eg no, over fleire år prøvd å overtyde verda om at Wussy er det beste amerikanske bandet for tida, og gitt alle albuma deira ståande ovasjon. Utruleg nok er han inne på noko. Når eg no har dukka ned i heile backkatalogen deira, og hamna uforsvarleg djupt inn i Attica! er eg veldig nær med å gje han heilt rett. Sjølvsagt kan ein seie det litt meir snusfornuftig. Sjølvsagt kan ein seie at Wussy er eit av dei beste amerikanske banda for tida. Det er nok meir korrekt. Men du verden, det er både lett og kjekt å bli reven med. Spesielt når ein spreier eit bodskap om noko storarta som få har høyrt om.

Det var storarta at Lisa Walker og Chuck Cleaver fant kvarandre for drygt ti år sidan. Cleaver hadde då allereie, som den leiande krafta i bandet Ass Ponys, gjennom fleire år (ja heilt sidan åttitalet) skapt lealaus og smussig rock med visse countrytendensar. Walker var i musikksamanheng ubeskriven, og fleire år yngre. Dynamikken i songen dei to imellom skapte ein dimensjon som Ass Ponys ikkje hadde. To stemmer som utfyller kvarandre, og som utfordrar kvarandre. Cleaver si krokete røyst, og Walker si reinare røyst. Cleaver som kjempar seg i retning av ein symmetri, Walker som hiv inn noko uvørent. Dei får meg til å minnast åttitalsbandet Divine Horsemen, med Chris D. og Julie Christensen i vitale vokalroller. Dei får meg i det heile til å minnast den delen av åttitalet som handla om band som Dream Syndicate, R.E.M. og Green On Red. Sjølv hevdar dei at dei er ute på eit oppdrag som handlar om å spenne ei bru frå The Band til Sonic Youth. Eg forstår kva dei meiner. Robert Christgau hevdar at bandet kombinerer Flying Burrito Brothers sin twang med Velvet Underground sine droner. Eg forstår også kva han meiner.

Og eg forstår at sjølv om dei har latt seg inspirere, latt seg dugelig inspirere, som dei uforbederlige rock’n roll-disiplane dei er, latt seg inspirere til å lage songar som liknar på saker vi har høyrt før, som har både tjuveri og låneri klistra på seg, så er dei forunderlig nok, berre Wussy. Med ein glød og eit lidenskapelig forhold til alt dei driv med er dei Wussy. Det er som oftast det som skal til, glød og lidenskap, ein visjon, nokre idear, gode idear, og songar som er blitt til fordi dei måtte bli til.

Songar som spenner frå sonisk brutalitet og nedharving av eit kjærleikstilhøve i Rainbows and Butterflies til meir truskyldig folkpop om badande jenter, iskrem og sommarleg sjel i North Sea Girl. Den første syng Chuck Cleaver, den andre syng Liza Walker. Cleaver er hovudvokalist i fire songar, Walker i seks, i ein song deler dei hovudrolla. Det er avslutningssporet Beautiful. Eit upretensiøst anthem, ein fabelaktig song. Den handlar om ein brann, som startar i ein lauvhaug, forårsaka av ein sigarett. Ting går tapt i brannen. Ting går tapt i livet. Ting har gått tapt mellom to stykk, mellom ho og han, men det starta med ein brann, ein fantastisk brann. Samstemt syng Cleaver og Walker eit tvitydig og fyrig refreng: «I’m not the monster that I once was, Twenty years ago I was more beautiful than I am today».

Det brenn forresten minst like sterkt i ein annan låt på plata, Acetylene. Den elektriske gitaren brenn, sakte, ulmande, og einslige strykarar glir innom i same ærend. Cleaver syng. «This is not a home, this is an appartment» startar han, og festar slik oppbrotstilstanden på tavla. «This is not a dream, this is disappointment» legg han snarleg til, og glir inn i ein historie om enno eit kjærleiksforhold som ikkje vart ein suksess. Slik han på ulikt vis gjer i mange av songane sine. Slik også resultatet vart då han og Lisa Walker hadde eit kjærleiksforhold i starten av Wussy-tida. Men då det tok slutt, og vart skrinlagt, gjekk det ikkje same vegen med bandet. Dei to må ha klart å kome fram til ei funksjonell forståing.

Ei forståing som kanskje er i samsvar med den dei to samstemt formidlar i avslutningsfasa av To The Lightning: “Bide your time, And when the time arises, rise and shine, and let me go». I ein song som tydeligare enn nokon andre på plata kan sporast tilbake til eit eksakt band; REM. Men det gjer ingenting, for det er ein popstorm av ein song. På ei plate som omfamnar mangt som har vore, men som først og fremst er. Som først og fremst er inderlig til stades i seg sjølv, og derfor vanskelig kan forvekslast med noko anna enn Attica!.