Tag Archives: Steve Gunn

Popkroken sitt årsoppgjer 2016

Standard

50 bra plater frå 2016 – og ein del bra bøker.

Bilderesultat for parquet courts human performanceBilderesultat for wussy forever soundsBilderesultat for leonard cohen you want it darkerBilderesultat for angel olsen my womanBilderesultat for årabrot the gospelBilderesultat for a tribe called quest we got it from here... thank you 4 your serviceBilderesultat for steve gunn eyes on the lineBilderesultat for the switch the albumBilderesultat for kate tempest let them eat chaos

Det er nok mogeleg at musikkåret 2016 først og fremst vil bli huska for alle som fall ifrå i løpet av dei 366 dagane. Frå David Bowie til Prince til Phife Dawg til George Martin til Merle Haggard til Alan Vega til Glenn Frey til Guy Clark til Leon Russell til Leonard Cohen til George Michael og fleire med dei. Men eg skal huske det for ny bra musikk også.

I det store perspektivet. Det som rekk langt utafor Popkroken er det nok ymse meiningar om kor bra nett dei 50 platene eg nemner under er. Og ikkje minst vil det kunna bli hevda at her er det jammen meg essensielle saker som manglar. Slike som årets plater frå Radiohead, Kanye West, Jenny Hval, Anohni eller Rihanna. Til det kan eg ikkje seie at eg ikkje har høyrt dei. For det har eg. Den einaste årsaka til at dei ikkje er på lista er at dei ikkje trefte meg like bra som dei som er der gjorde. I subjektivitetens heilage namn er det nett slik det må vere. Noko verre er det då med plater eg ikkje har høyrt. Men som kan ha eit vesen som kunne ha treft meg. Dei rakk dessverre ikkje fram i tide til dette årsoppgjeret, men eg ser fram til å møte dei.

1. Car Seat Headrest – Teens of Denial
Tonane tar verkeleg fyr i dette verket til unge Will Toledo, og eit par medsamansvorne av han. Meir presist er det 70 minuttar med gitarbasert rock, der nittitalet møter nåtid, i songar det osar melodisk kraft og glødande vilje av.

2. Parquet Courts – Human Performance
Femte albumet til New York-kvartetten, og punktonen er litt meir raffinert. Men energien rår og tapte illusjonar flagrar vegg imellom.                                                                                     

3. Wussy – Forever Sounds
Gitar, gitar, elektrisk gitar. Det er Forever Sounds det. Ein stad der heartland møter shoegaze, der psykedelia møter vindskeiv country.

4. Leonard Cohen – You Want it Darker
Vis poesi om kjærleiken, alderdomen, livet, døden og gud.                                                     

5. Angel Olsen – My Woman
Frå det elektrisk pågåande til det praktfullt ettertenksame.                                                      

6. Årabrot – The Gospel
Eit desperat ritt gjennom eit eigenarta postpunklandskap.                                                       

7. A Tribe Called Quest – We Got it From Here… Thank You 4 Your Service
Nittitalets beste hiphop-ensemble hadde litt meir på lager.                                                      

8. Steve Gunn – Eyes On the Lines
Ein ny dose varm Gunn-folkrock til å forsvinne inn i.                                                             

9. The Switch – The Switch Album
Oslobandet serverer her ein raffinert poptriumf av det verkeleg uimotståelege slaget.

10. Kate Tempest – Let Them Eat Chaos
Eit dikt, ein historie, eit usminka og nådelaust hiphop-album.                                                 

11. Beyoncé – Lemonade
Ei samling sterke songar som går vegen frå kneståande fortviling til glødande styrke.                      

12.Okkervil River – Away
Med ny besetning seglar Will Sheff vidare, ny og attkjenneleg og med folkrocken sin glødande intakt.                                                                             

13. Nick Cave & The Bad Seeds – Skeleton Tree
Eitt år etter at Cave mista sonen sin i ei tragisk ulykke serverer han eit album kledd i sorg.              

14. The Jezabels – Synthia
Synth-smart, melodisk forførande, og ei stemme som eig kvart ord.                                       

15. Ryley Walker – Golden Sings That Have Been Sung
Folkrocksongar som er meir enn det.                                                                            

16. Lambchop – FLOTUS
Kurt Wagner har skaffa seg vokalprosessor – Men Lambchop er no Lambchop likevel.        

17. David Bowie – Blackstar
Bowie si siste forvandling, ei gripande ei.                                                                    

18. Kevin Morby – Singing Saw
Musikken, naturen, melankolien, varmen og ei mystisk sag.                                                   

19. Drive-By Truckers – American Band
Ei handfull sterke historier frå vår tids beste sørstatsrockeband                                         

20. Stein Torleif Bjella – Gode Liv
Kan Bjella vere vaksinert mot å gje ut anna enn strålande plater?                                           

21. Kendrick Lamar – Untitled Unmastered
«Pimp pimp hooray», eit lite upolert supplement til fjorårets allereie legendariske To Pimp a Butterfly.                                                                           

22. Margo Price – Midwest Farmer’s Daughter
Eit friskt countrypust ifrå utkanten av Nashville.                                                         

23. Anderson .Paak – Malibu
Ein fargerik og varm time i hiphop og r&b-regionen.                                                               

24. Woods – City Sun Eater In the River of Light
Sol og groove og jazzkrydra pop-psykedelia.                                                                           

25. Tom Roger Aadland – Blondt i Blondt
Dylan og vestlandet og skikkeleg musikalsk omsetjing                                                            

26. Diiv – Is The Is Are
Ein poprytmisk odyssé om eit liv som hang i ein tynn tråd.                                                     

27. Savages – Adore Life
Livet er elektrisk, hånda er knyta og groovet gløder.                                                               

28. Kyle Craft – Dolls of Highland
Ein stad mellom Glam og Dylan hiv Kyle Craft seg ut i det.                                                   

29. Thee Oh Sees – A Weird Exits
Ein bra dose groovy psykedelia frå ein produktiv fyr og hans medsamansvorne.                   

30. Brigid Mae Power – Brigid Mae Power
Stillferdige folk-songar som smyg seg tett innpå.  

Og sidan eg først var så godt i gang, og ikkje har vit til å gje meg medan leiken er god, så listar eg altså like godt opp tjue til:                                                                      

31. Preoccupations – Preoccupations
32. Heron Oblivion – Heron Oblivion
33. William Tyler – Modern Country
34. Cian Nugent – Night Fiction
35. Solange – A Seat at the Table
36. Bon Iver – 22, A Million
37. Whitney – Light Upon the Lake
38. Frøkedal – Hold On Dreamer
39. Frank Ocean – Blonde
40. Hiss Golden Messenger – Heart Like A Levee
41. Pinegrove – Cardinal
42. Mayflower Madame – Observed in a Dream
43. Marissa Nadler – Strangers
44. Exploded View – Exploded View
45. Michael Kiwanuka – Love and Hate
46. Chance The Rapper – Coloring Book
47. The Mystery Lights – The Mystery Lights
48. Haley Bonar – Impossible Dream
49. Daniel Romano – Mosey
50. Miranda Lambert – The Weight of These Wings


Bilderesultat for johan harstad max mischaBilderesultat for pedro carmona-alvarez bergen ungdomsteaterBilderesultat for frode grytten menn som ingen trengBilderesultat for tomas espedal året

Bøker har eg også lese. Nye bøker og gamle bøker. Gode bøker og dårlege bøker. Eller kanskje ikkje, kanskje har eg ikkje lese dårlege bøker. I alle fall ikkje ferdig. Og då kan eg vel kanskje ikkje seie at eg har lese dei. For eg veit jo ikkje alt om dei. Og kanskje er dei ikkje dårlege, kanskje har eg berre ikkje funne dei interessante. Og det er jo noko anna. Kanskje har eg ikkje gitt dei ein skikkeleg sjanse. Eller kanskje var det slik at dei ikkje fortente ein skikkeleg sjanse, nokon av dei i alle fall. Den siste boka eg leste har eg nett lagt frå meg, den var ikkje dårleg. Den heiter Europeana. Den tar for seg den europeiske historia frå 1900 til 1999 (pluss nokre blikk utafor kontinentet). Skarve 130 sider blir sett av til det. Ført til torgs i eit språk som får meg til å tenke at slik skulle eg ynskje eg klarte å skrive. Lett, suggererande (ja poetisk) og konsist. Nokre gonger fekk boka meg til å humre litt, før den like etterpå sørga for at humringa sette seg grundig fast i halsen. Historias groteske handlingar blir skildra i ei iskald faktaform. I spedd små anekdotar som ytterlegare synleggjer kva menneske kan få seg til å gjere av bestialske saker. Temaa er sjølvsagt mange, men nazismen, kommunismen, religionen og psykoanalysen er blant dei sentrale raude trådane. Forfattaren er tsjekkisk og heiter Patrik Ouředník. Han skreiv boka ferdig i 2001, og har mottatt både prisar og internasjonal åtgaum for den. I norsk omsetjing, som er den eg har lese, kom den i 2015.

Eg starta året med å lese ei langt tjukkare bok. Johan Harstad sin Max, Mischa & Tetoffensiven (utgitt seint i 2015). Max fortel historia. Frå han som gutunge, tidleg på åttitalet, sterkt ufrivillig flyttar frå Stavanger til New York. Og det er der i verdsmetropolen størstedelen av historia breier seg ut. Det handlar om vennskap og avstand, og ein onkel. Og alt er slett ikkje slik ein skulle tru det var. Det handlar om teater og film og kunst og musikk. Frå Hüsker Dü til jazz til lyrisk pianospel. Frå Apokalypse Nå til stormen Sandy. Romanen går fram og tilbake i tid, men surrar seg aldri vekk frå sin eigen historie. Med både lett og eigenarta penn skriv forfattaren fram ei forteljing eg forsvann inn i nokre veker i januar 2016. Den blei ikkje borte etterpå heller.

Frå den same storbyen, frå New York City, har også Garth Risk Hallberg skrive fram ei omfangsrik historie. En by i brann er den norske tittelen på ei bok som i tid spenner over nokre månader i 1977. Frå eit skjebnesvangert pistolskot til byen bokstaveleg talt blir mørklagt eit heilt døgn. Persongalleriet er stort, og dei kryssar og kryssar ikkje kvarandre sine spor. Her er folk som går over lik, og her er folk som blir til lik. Her er folk som surrar det til og her er folk som berre vil det beste. Her er kunst og punk og ein by på randen. Forfattaren har store ambisjonar med historia, og skriv stundom fram passasjer som gnistrar. I andre passasjer mister han momentum, og det blir litt dødt. Så ei litt ujamn bok.

Om våren er den tredje boka i Karl Ove Knausgård sin kvartett med årstidene som gjennomgangstema. Av desse fire er det den boka som har mest slektskap med Min kamp-serien. I korte trekk handlar den om ein far og ei nyfødt dotter, hennar eldre søsken, og mora som har forsvunne inn i ein depresjon. Boka fortel meg at det er det daglegdagse strevet og livet som er sjølve livet, enten ein vil det eller ikkje. Tomas Espedal ville også skrive ei bok om årstidene. Den startar i april og sluttar i november og heiter Året. Forfattaren kretsar rundt sitt eige, men transformerer det om til det allmenngyldige. Det handlar om døden og kjærleiken. Det handlar om reiser og drikking. Eller livet, om du vil. Ei lita, snøgglest, og poetisk bok.

Tore Renberg tok i år ein liten pause ifrå det han har kalla Teksas-serien sin og fortalte ei lita vond historie om ein mann som med sitt vesen blendar dei han møter. Før noko anna byrjar å melde seg. Ein mistanke, ei uro. Du er så lys er mørkare enn tittelen tilseie. Renberg har forresten for første gong tydd til nynorsk i denne boka, og gjer det bra. Å skrive bra på nynorsk er noko Frode Grytten har gjort i ein del år no. Med årets bok Menn som ingen treng er han tilbake i novellesjangeren han ved nokre høve tidlegare har vist at han har eit spesielt grep om. Slik også denne gongen. Gjennom ti historier om menn som lever opp til bokas tittel. Frå dei hjelpelause til dei uheldige. Frå dei ærlege til dei uærlege. Fortalt med akkurat dei orda som skal til. Aller sterkast gjort i opningsnovella 1974, der eg-forteljaren ser tilbake på nokre skilsetjande månader då han var ung. Prega av svik, erotikk og klassemotsetnad. Tre ord som heller ikkje ville vere heilt fjerne i eit forsøk på å beskrive Pedro Carmona-Alvarez sin roman Bergen Ungdomsteater. Den andre om Marita. Ho som blei fødd nokre år etter at tvillingsøstrene hennar omkom i ei tragisk ulykke. Og som forfattaren starta å fortelje om i romanen Og været skiftet og det ble sommar og så videre. I bok to er faren reist tilbake til USA, og Marita flyttar til Bergen med mora, utan at mora kjem seg vidare i livet av den grunn. Men Marita prøver. Ho er tenåring, ho blir kjent med Johannes, og ho blir kjent med Andreas. Forfattaren fortel i eit melankolsk og rytmisk språk, eit godt språk, om vennskap, om einsemd og det å komme i andre rekke.

Dei to siste bøkene i Elena Ferrante sin Napoli-kvartett (Dei som flyktar og dei som blir og Historia om det tapte barnet) har også stått på menyen dette året. Lena og Lila blir vaksne, delvis i vennskap, delvis i fiendskap, men heile tida med ein avhengigheit av kvarandre. Åleine og saman utfordrar dei normene i bydelen dei vaks opp. På same vis og på ulikt vis er dei begge prega av bydelens jantelover og valdelege løysingar. Forfattaren evnar framleis å halde på lesaren frå side til side. Sjølv om det i desse to bøkene er parti der enkelte tema blir dvela vel lenge med. Slik opplevde eg det ikkje i dei to første.

2016 skulle også bli året då Nobels litteraturpris for første gong gjekk til ein songskrivar. Det har vore snakka om det nokre år. Snakka om at Bob Dylan burde få denne prisen. Snakka om kor vidt han fortener denne prisen. Den diskusjonen stilna ikkje akkurat av når han no endeleg fekk den. Sjølv har eg ei ganske så klar oppfatning av at mannen fortener prisen. Det har Gisle Selnes også. Tilfellet ville det slik at han kort tid etter at kunngjeringa var klar kom ut med ei fyldig bok om songane til Dylan. Den store sangen har han kalla den, med den noko audmjuke undertittelen «Kapitler av en bok om Bob Dylan». Han går her grundig inn i korleis Dylan har henta inspirasjon og drive med kreative tjuveri ifrå den amerikanske musikkarven. I tillegg dreg han linjer frå songane hans til dikt og skjønnlitteratur (frå Shakespeare til Edgar Allan Poe til T.S. Elliott til Jack Kerouac, og så vidare). Om ein har ei litt over gjennomsnittleg interesse for Dylans musikk skulle ein ha mykje glede av Selnes utlegningar om stoffet.

Steve Gunn – Eyes On The Lines

Standard

Ein ny dose varm Gunn-folkrock til å forsvinne inn i.                                                                 8

  «Take your time, ease up, look around, and waste the day» seier Jules. Hovudpersonen i songen Ancient Jules. Ein song som innleiar det sjuande soloalbumet til Steve Gunn. Linja er ikkje berre noko denne Jules ytrar, den karakteriserer også, tykkjer eg, albumets vesen. Ikkje fordi dette er eit album som oppmodar til å sulle bort dagen med slendrianfakter, men fordi det er eit album som får meg til å senke skuldrene, slenge beina på bordet, stirre litt hit og litt dit, og forsvinne inn i tonane som blir spelt. Tonar som er lette å ta inn, varmt melodiske som dei er. Tonar som ikkje er lette å bli kvitt, der dei sirklar og rullar i eit godt groovy selskap.

Steve Gunn er ein fabelaktig gitarist. Ikkje fordi han tyr til spektakulære gitarløp eller på anna vis viser fram teknisk briljans av sjeldsynt kaliber, for det gjer han ikkje. Men at han er noko for seg sjølv, det er han. Og han er det gjennom den lyriske tonen han hentar fram idet fingrane hans dansar så lett og så naturlig over strengene i sirkulerande og gjentakande former. Hans distinkte signatur kan vi vel kalle det. Gitaren kan vere akustisk, men meir dominant på denne plata er den elektriske gitaren. Men uansett kva gitar Gunn har mellom henda finn han eit tema, eit farlig tiltalande eit, og så er han i gang. Skapar noko av nærast hypnotisk karakter. Som bevegar seg frå forsiktig til glødande og tilbake igjen.

Men Gunn er her ikkje heilt åleine gjennom dei ni songane som utgjer Eyes On the Lines. Det er nyttig det gitaristen James Elkington gjer også, enten han opptrer som velvillig samtalepartnar, eller kjem med små kontrastøyt. I ryggen har desse to bassist Justin Tripp og trommis Nathan Bowles. Tripp og Bowles bidrar også på ymse tangentinstrument, og elles stikk det innom folk som spelar på fløyte og harpe og endå meir gitar. Og lyttaren, i alle fall denne lyttaren, blir sveiva inn i det. I song etter song.

«Landscape of repetition» ytrar Gunn i ein av dei sterkaste songane på plata. «Landscape of constant rhythm» konstaterer Gunn i den same songen. Og er midt i essensen av kva denne plata, denne Eyes On the Lines, handlar om. Det å vere i bevegelse ute i opent lende. På veg frå her til der. On the road. Der det å vere til stades, midt i det repeterande som hender her, akkurat no, i den konstante rytmen som grip om sansane, med blikket retta mot linjene der borte, der framme, og så samstundes vere i bevegelsen i retning av eit mål som er mindre viktig enn det som skjer akkurat no, akkurat her. Det går sikkert an å hevde at Eyes On the Lines har eit impresjonistisk vesen.

«Landscape of repetition, drained out at the service station» er den første strofa Gunn syng i songen The Drop. Ein av dei sterkaste songane på plata. Det kan vere at songen handlar om ein trailersjåfør og monotonien. Ein vakker monotoni. Det kan også hende at songen handlar om noko anna, men det får så vere. Sikkert er det at den rullar  doggfriskt i eit melodisk sigrande landskap. Og at den har arven frå både Richard Thompson og Grateful Dead med på lasset.

To namn eg opplever som dei kanskje fremste musikkhistoriske referansepunkta til fleire av songane på denne plata. Den før nemnte Ancient Jules er der. Like så den godt drivande Full Moon Tide, med sin fiffige påstand om at «out on the road there are nowhere to go». Ein påstand som ikkje høyrer heime i ei skildring av songen Conditions Wild. For den finn vegar å gå, albumets mest framoverlena affære som den er. Eit rock’n roll nummer med ein god slant psykedelia innabords. Å hevde at den er fengande kjennes på ingen måte feil. Å hevde at den har albumets beste refreng, ja eit beint fram psycht eskalerande refreng, kjennes heller ikkje feil.

Langt meir enn personlige skriftemål og melankolsk grubling så er Gunn sitt tekstlige univers skildringar av sanseinntrykk. Inntrykk som kan tolkast i fleire retningar, som kan skape fleire bilde, men som like fullt ofte står klinkande klare for meg. Det står også rimelig klart for meg at mannen har plassert meir håp enn håpløyse i desse bilda.

Hans uttrykk har både i si soniske og si tekstlige form eit minimalistisk vesen. Der skil han seg kraftig frå det Grateful Deadske. Sjølv når songane driv inn i det jam-prega held dei seg nære sitt eige hjerte, tar ikkje turen ut i villnisse eller tåkelandskapet. Det tekstlige har på si side ei korthogd form, nok ord til å skape eit bilde, men ikkje fleire. Av og til nærast ei stikkordform. Som i smidige (og nydelige) Night Wander. Der ein persons nattlige ekspedisjon under ein lysande måne blir summert opp med nokre få meiningsberande ord, men der eg tydelig ser for meg seansen, frå han klatrar ned veggen til han han skodar «through the trees to the day ahead».

Steve Gunn sitt førre soloalbum, Way Out Weather, var ei lita openbaring av suggererande folkrock. Og er ei plate som aldri er langt unna. Den er der, like i nærleiken, Eyes On the Lines også.

TIDAL: STEVE GUNN – EYES ON THE LINES

Høyr her (høyr Steve Gunn)

Standard

Om ikkje så mange dagar. Meir presist 3. juni, er popkrokenfavoritt Steve Gunn her med eit flunkande nytt album.
Det kjem sjølvsagt til å bli omtala her inne med tida.

Mitt ærend akkurat no er å spele ein låt frå eit album som musikkmagasinet Mojo har sett saman. Heilt nye coverversjonar av samtlige låtar på Dylans meisterverk, Blonde on Blonde (sånn mens vi ventar på Tom Roger Aadland sine versjonar). Eg vil hevde at det ikkje akkurat er eit uspennande knippe av artistar Mojo har fått med på laget. Eg nemner: Phosphorescent, Kevin Morby, Marissa Nadler, Jim O’Rourke, og ikkje minst Steve Gunn. Han gjer ein meir enn dugande versjon av ein av dei aller beste Dylan-låtane, Visions Of Johanna.

Musikalsk årsoppgjer 2014

Standard

Spådomar frå fleire hald vil ha det til at musikkalbumet er eit utdøyande fenomen. Måtte spådomane slå feil, fullstendig feil. Det har komme flust av album i 2014 eg med styrke vil hevde beviser at albumet har livets rett, og vel så det. Dei 25 beste har det blitt ei liste av.

Men først 3 bøker (ikkje for noko anna grunn enn at bøker er like viktig som musikk, og at desse tre kjennes vel verdt å nemne).

Stoner  Rød eller død av David Peace (Innbundet) Innsirkling 3 av Carl Frode Tiller (Innbundet)

1. John Williams – Stoner
Skriven og utgitt for nesten femti år sidan. I norsk oversetting for første gong i år. Ei kultbok. «The greatest American novel you’ve never heard of» ifylgje The New Yorker. Ein vakkert og nennsamt fortalt historie, om eit ikkje spesielt eksepsjonelt liv. Ein manns liv frå barndom til grav på 270 sider. Melankolsk og skilsettande. Poesi i romanform.

2. David Peace – Rød eller Død
Om den legendariske Liverpool-manageren Bill Shankly. Sosialisten, fotballfanatikaren, arbeidsnarkomanen og eksentrikaren  Shankly. Ein roman, ikkje ein biografi. Fortalt i eit gjentakande, suggererande språk. Like enkel, like komplisert, like medrivande som fotballspelet i seg sjølv. Aldri har eg opplevd fotballsesong etter fotballsesong blitt meir fortetta og poetisk oppsummert.

3. Carl Frode Tiller – Innsirkling 3
Tiller sirklar seg inn på oppklaringa. Kjem fram til den, men ikkje til noko endelig avklaring, heldigvis. Det å vere menneske saman med andre menneske er ikkje enkelt. Kva ein seier, kva ein tenker, kva ein gjer, kva ein burde gjere, er på evig kollisjonskurs. Tiller skildrar det på storarta vis, igjen.

Så, over til albuma:

 Steve Gunn 

1. The War On Drugs – Lost In the Dream
Ei plate som vandrar sporenstreks inn i ein melodisk sigerstemning, og blir der ein heil time. Amerikansk gitarrock der låt etter låt blir tilført vennlegsinna synthlinjer, blir lindrande pianotøtsja, eller kanskje får ein blåleg saksofonvisitt. Låt etter låt som omgås sinnstemningar der mørket og mismotet rår, men der ein stigande aksept av tingas tilstand, og ei evne til å handtere forholda, også blir formidla. Det høyrest ikkje spesielt eksepsjonelt ut, og ei eksepsjonelt original plate er det ikkje. Men ….vel, eksepsjonell er den.

2. Steve Gunn – Way Out Weather
Sakte beveger melodien seg. Sakte beveger melodien. «Slowly moves the melody». Det trygge, det vanlige finst der, i songane, men også det spesielle, det særeigne. Steve Gunn gjer det melodisk, og han gjer det i ein hevdvunne tradisjon. Med ei lett hand får han strengene på gitaren (gitarane) til å synge som få andre gjer. Eg tenker på han som ein ukomplisert virtuos.

3. Sun Kil Moon – Benji
Songar frå perspektivet til ein middelaldrande mann. Songar som ikkje tar føre seg frå eit vidt spekter av det songar kan gjere. Dei held seg alle på innsida av det marginale mønsteret Mark Kozelek plar operere innafor. Der tonar ikkje spring av garde i veldig komplekse former, men der alt ruslar sin gang. Einsformig seier nokon, styggelig vanedannande seier eg.

4. Wussy – Attica!
Dei har latt seg inspirere, latt seg dugelig inspirere. Som dei uforbederlige rock’n roll-disiplane dei er, har dei latt seg inspirere til å lage songar som liknar på saker vi har høyrt før, som har både tjuveri og låneri klistra på seg. Likevel er dei forunderlig nok berre Wussy. Med ein glød og eit lidenskapelig forhold til alt dei driv med.

5. Sturgill Simpson – Metamodern Sounds In Country Music
Det er ikkje berre den ufattelige friskleiken, og nærværet i tonane, eg merkar meg, men også viljen, og motet, både til å gå den rakaste enklaste mest naturlige og klassiske countryvegen, og til å driste seg utpå. Som det å sveipe tonane inn i psykedelia. Nokre gonger subtilt og sobert, andre gonger meir utstrakt.

6. Ought – More Than Any Other Day
Postpunk. Den stramme pågåande kantete fabelaktige postpunken er vel den mest nærliggande merkelappen å klistre på Ought. Men dei er ikkje berre slik, Ought kan også ha noko meir avrunda og elastisk i det dei gjer. Inntrykket er vel at det ikkje er avgrensingar og dogmer som er opplegget her. Heller eit frilyndt dykk inn dit energien har dei beste vilkår, der temperaturen aldri kviler.

7. Angel Olsen – Burn Your Fire For No Witness
Frå det skjøre til det konfronterande, frå det nennsame til det forrykande, den ueinsarta plata til Angel Olsen dekkar alt det og meir til. Når den så i tillegg er fostra på sterk vilje, har bevart passeleg med smuss, og er melodisk velhalden, sitt eg i grunn att ganske så tomhendt på innvendingar.

8. Parquet Courts – Sunbathing Animal
Eit band i frenetisk vigør, heilfrelste på konsise riff, hissig skinger og rammande groove. Der orda kjem fort, som ein dans i unnabakke. Med og utan fotfeste. Parquet Courts står ikkje stille, dei tar til seg det beste av det dei har høyrt, og gjer det om til sin måte å gå råbarka til verks på.

9. Sharon Van Etten – Are We There
På ingen måte eindimensjonale songar. Dei kan tolkast i ulik lei. Ja det er ikkje ein gong sikkert dei er så melankolityngde som dei gjer inntrykk av å vere. Ikkje er dei så marginale på melodisk variasjon som dei først kan gje inntrykk av å vere heller. Dei har ei blomstrande kraft i seg.

10. Woods – With Light and With Love
Human popmusikk. Med sine manglar, med sine intensjonar, med sitt overskot. Woods sitt album av året har mykje i seg og mykje for seg, og står fram som kongruent og variert i same andedrag. Sprett både lett over overflata og skjer seg inn i materien. Og 1967 er aldri langt unna.

11. Hookworms – The Hum
Psykedelisk vitalitet, hektande melodilinjer, suggererande rytmiske tilhøve, og ein ikkje ubetydelig larm.

12. Torgeir Waldemar – Torgeir Waldemar
Røysta. Den rommar klangen av det den formidlar. Tida. Han tek seg tid til å bli i songane sine. Songane. Dei har sitt klare opphav frå ein tradisjon, har sine merker frå meir enn ein låtskrivar, men høyrer likevel så sjølvsagt heime hos han som syng dei.

13. Simone Felice – Strangers
Han er her ikkje for å revolusjonere musikkhistoria. Han serverer 10 songar som hentar sitt liv og sitt vesen frå den amerikanske songtradisjonen.  Dei har sin verknad.

14. Damien Jurado – Brothers and Sisters of the Eternal Son
Den tidlegare trubaduren har for alvor funne fram til det dansbare, det psykedeliske, og det spirituelle.

15. EMA – The Future’s Void
Strenge, skarpe, kalde lydkjelder dansar og kranglar rundt låtar som oftare enn det kan virke som, sånn med det same, har eit godt melodisk hjerte.

16. Timber Timbre – Hot Dreams
Hot Dreams er ein tanke meir raffinert enn tidlegare plater av Timber Timbre, og har ein varme som ikkje alltid konsulterer gufset. Men fredlaust er det.

17. Strand of Oaks – HEAL
Ei reinsing, ein personleg kamp, men kanskje mest av alt ein kjærleik til musikken.

18. Beck – Morning Phase
Temmelig langt unna friskusen frå Odelay. Ikkje så veldig langt unna den tynga melankolikaren frå Sea Change, men med mindre melankoli i brystet.

19. The Men – Tomorrow’s Hits
Du skal ikkje kimse av god gammaldags rufsete rock’n roll. I alle fall ikkje slik den fortonar seg i henda til The Men frå Brooklyn.

20. Hurray For The Riff Raff – Small Town Heroes
Songar som kunne vore her for lenge sidan, som har eit gammalt Amerika i seg. Men dei er heilt nye, dei er eit friskt oppkok av folk, country og blues.

21. John Fullbright – Songs
Country som finn soul, mørke krokar, einsame tonar, og litt lykke.

22. Mirel Wagner – When the Cellar Children See the Light of Day
Ho vev livet, kjærleiken og døden i hop på sin måte – enkelt, tvitydig, dirrande.

23. Big Ups – Eighteen Hours of Static
Med glød i blikket og angst i bringa hiv dei seg over amerikanske undergrunnstonar slik dei lydde den gongen Pixies og Jesus Lizard var unge.

24. Joe Henry – Invisible Hour
Varme tonar, varlege tonar, og gåtefulle innspel om livets relasjonar

25. Pere Ubu – Carnival of Souls
Endå eit vitalt tilskot til ein etter kvart imponerande albumkatalog på utsida av gjengs rock’n roll åtferd.

Steve Gunn – Way Out Weather

Standard

Gitartonar hypnotiserar, songar ekspanderar, og fryden ulmar i brystet                                          9

Way Out Weather  Sakte beveger melodien seg. Sakte beveger melodien. «Slowly moves the melody». Det er Steve Gunn som syng det sjølv. I tittellåta. På denne plata. Kanskje for å seie noko om songane sine? Eg synst i alle fall han gjer det. I dobbel tyding.

Men «Way out weather is a common song» er den aller første linja han syng. Kva han vil seie om været med eit slikt utsegn skal ikkje eg gjere meg til dommar over. Kanskje er det ein flyktig kommentar til våre tiders ekstremvær? Kanskje føler han det berre ganske enkelt tryggast å snakke litt om været først? Slik jo folk ofte gjer når dei møtest. Eller kanskje han kjenner på ein trong til å fortelje at plata, Way Out Weather, er den der vanlige greia. Eg kjøper alle tre forklaringane eg, og synst at han også med denne linja seier noko om songane sine. Det trygge, det vanlige finst der, i songane, men også det spesielle, det særeigne. Steve Gunn gjer det melodisk, og han gjer det i ein hevdvunne tradisjon. Med ei lett hand får han strengene på gitaren (gitarane) til å synge som få andre gjer. Eg tenker på han som ein ukomplisert virtuos.

Eg har ikkje eit sterkt behov for å setja Steve Gunn i nokon bås, men det må vel kunne forsvarast å plassere dei åtte songane på Way Out Weather i eit folkrock-segment. Eit grunnleggande trekk i låtane er Gunn sin særeigne sirkulerande gitarstil. Blir ein råka av den, denne stilen, denne gitartonen, veks det fram ein indre fryd, og ein står i fare for å bli alvorlig fanga. Fanga av ei utvungen suggestiv kraft, som ein vil tilbake til, igjen og igjen, og oppdage nye variantar av, igjen og igjen. Det er i alle fall dette som har skjedd med meg.

Det store er at det finst ein del å forsyne seg av. I åtte år har Steve Gunn spelt inn plater, men han har ikkje nøydd seg med ei om året. Sist eg talde opp kom eg til femten album (inkludert Way Out Weather). Cirka halvparten er rett nok samarbeidsplater, eller meir presist duoplater, men i imponerande liten grad parentesar. Han har gjort ei plate saman med M.C. Taylor frå Hiss Golden Messenger. Dei to kalla seg då Golden Gunn, og sentrerte opplegget sitt rundt ein felles fascinasjon for J.J. Cale (men med visse avstikkarar). I lag med den jazzmelodiske trommisen John Truscinski har Gunn spelt inn to plater, begge fullt ut instrumentale i si form. Særlig den siste, Ocean Parkway (2012), er av det sterkt rammande slaget. Ei groovy hypnotisk ferd inn i eit virvlande landskap av folk, blues og jazz. Det førebels siste samarbeidsprosjektet hans kom ut på plate tidlegare i år, og er ei innspeling gjort i Lisboa saman med den gamle engelske frikfolk-fyren Mike Cooper. Vel verdt litt merksemd den plata også.

Personlig skal eg ikkje skryte på meg ei lang fartstid blant Steve Gunn sine tonar. Den byrja vel strengt tatt for mindre enn eit halvår sidan. Eg hadde registrert nokre omtalar av fyren, og at han der blei omtalt på måtar som kalla på ei interesse. Omsider manifesterte interessa seg i at eg byrja lytte på ei plate. Verkelig lytte. Noko som i grunn ikkje var hardt arbeid, sant å seie kom det heilt av seg sjølv. Så nokre rundar inn i 2013 utgjevinga Time Off var det gjort, eg var hekta. Eldre plater blei oppsøkt. Andre plater. Ulike plater. Som alle hadde det til felles at dei hadde denne gitartonen som heile tida drog meg til seg. Eg opplevde likevel at Time Off representerte eit lite sprang i hans karriere. Eit sprang inn i noko ein vel kan kalle meir konvensjonelt. Frå eit tilvære med ein viss eksperimentell karakter over i eit meir singer/songwriter-segment. Med dei farar for å forsvinne inn i den store hop som fylgjer av slikt. Det gjer, som de nok skjønar, ikkje Gunn. Han legg ikkje frå seg den han har vore tidlegare, den delen er der i Time Off også. Men i tillegg denne andre dimensjonen, ein meir sjølvsikker songar og hans medrivande låtar. Time Off er ei fengslande plate.

Way Out Weather er endå betre. Frå tittellåta klunkar i gang, og samlar seg om framdrift etter dryge halvminuttet, til Tommy’s Congo groovar ut er det ei attråverdig stund. Ei eg kjenner meg djupt tilstades i gjennom samfulle åtte låtar, gjennom samfulle 43 minuttar og 26 sekund. Det er ikkje akkurat flust av plater eg ville ha sagt noko slikt om.

Way Out Weather går vidare i spora frå Time Off, men Steve Gunn har samla fleire folk rundt seg. Så for første gong presenterer mannen ei plate med eit bandsound. Tru imidlertid ikkje av den grunn at gitaren hans er mindre sentral. Tru meg heller når eg seier at kvar spelte tone blir gitt plass, får godt med luft rundt seg. For dette er ei slik plate, ei der dei spelte tonane fører samtalar med kvarandre, aldri pratar i munnen på kvarandre. Den har eit varmt vesen.

Men alt er slett ikkje idyll. Tar eg turen inn under overflata, noko eg sjølvsagt ikkje kan la vere å gjere, låtane formelig ber meg jo om det, høyrer eg mørklette funderingar. Eller for å seie det litt meir nyansert og korrekt så høyrer eg også mørklette funderingar. Blant funderingar av det lettare slaget, dagdraumar og nattlege draumar, flytande mystikk og surrealistiske vendingar, dukkar også det mørklette fram. Ta no til dømes Milly’s Garden. Ei melodisk høgtidsstund av ei låt. Lettbeint, groovy og full av fargar. Den har ein fryd i seg, men meir enn det er den gåtefull. Og når refrenget blomstrar ut i noko Stones-aktig høyrer eg songaren snerre: «Your faith is savage, And your mind is damaged, You’re more than halfway there». Halvvegs til kor hen? Det er ein song med ei reise i seg, ei viktig reise, men inga enkel reise.

Ei anna slags reise kjem til uttrykk i Drifter. Den framoverlena og rockruskande låta Drifter, med eit og anna spor av Steve Gunn sin gode venn Kurt Vile. Ein fyr Gunn tidlegare har spelt i hop med, som medlem av backingbandet The Violators (Gunn turnerer forresten i desse dagar med ein annan Vile-venn Adam Granduciel, og hans band The War On Drugs). Men altså Drifter, om dagsrivarens dans mellom håpet og det gravlagde liv, der den essensielle linja vel er denne: «Shaking along while this world is gone, hanging out once again».

Way Out Weather har eit meditativt lynne. Med låtar som vel kan seiast å operere i overeinsstemming med kvarandre. Dei er likevel til dels ganske så forskjellige. Midtvegs kan vi lene oss mot ein lausleg vals kalla Shadow Bros, med banjo, mandolin og harpe i framskotne posisjonar, og ei tilårskome countrykjensle i kantane. Atmosphere er på si side omlag det tittelen legg opp til, sfæriske klunk i eit dvelande tempo og lite med groove. Det siste er til gjengjeld avslutningssporet Tommy’s Congo godt forsynt med. Eit fantastisk vestafrika-inspirert gitartema går tvers igjennom låta. Synthtonar krengar og vrinskar og groovet har eit definitivt krautpreg. Songaren sitt snerr i slutten av kvart vers slektar på Dylan sitt snerr i klassikaren It’s All Right Ma I’m Only Bleeding. Medan refrenget er psykedelia à la 1967, og sjølvsagt totalt uimotståelig: «Never look down on what you need to do».

Way Out Weather: Godt jorda men like fullt nesten ei spirituell oppleving.

Hmm…

Standard

Det finst sjølvsagt flust av ting ein har gjort altfor lite av. Eg har for eksempel lytta altfor lite til Steve Gunn. Ja for ei veke sidan hadde eg knapt nok lytta til han i det heile. Feil prioritering kan eg no seie, definitivt feil prioritering. Siste veka har eg lytta meir til han enn nokon andre. Med god grunn.

Eit vasshjul gjer det same heile tida, går rundt og rundt, tar imot vatn, og går rundt, tar imot meir vatn, og går rundt, og så kanskje litt fortare rundt. Slik driv det på, så lenge det er vatn. Steve Gunn spelar ei låt han har kalla Water Wheel. Tonane i songen gjer mykje av det same heile tida, går rundt, sirkulerar, tar til seg litt meir, går nye rundar, rundt same tema. Men eg som lyttar føler ikkje stillstand og uuthaldelig monotoni i selskap med Gunn. Neidå, eg får ei kjensle av å bli sveipt inn i musikken, av å være der, av å ville være der.

Steve Gunn har spelt gitar nokre år. Inspirert av John Fahey, Michael Chapman, Jack Rose. Han har spelt med Kurt Vile også. I bandet hans. Dei kjem frå same forstad i Philadelphia. No bur Steve Gunn i Brooklyn.

Water Wheel er opningssporet på ei plate han gav ut sommaren 2013. Time Off heiter den. Det er fem spor til på plata. Dei er på ingen måte eksepsjonelt annleis enn Water Wheel. Steve Gunn syng, noko han ikkje har gjort så mykje på tidlegare plater, syng med ei døsig røyst. Han kan minne meg litt om JJ Cale. Steve Gunn syng om å luske rundt, og det ein då ser, eller trur ein ser, i nabolaget og der omkring. Lurker er ein slik song. Eit presist og minimalisert tema spelt på ein akustisk gitar snørar og snørar, vandrar og vandrar, suggererande. Ein elektrisk gitar kjem innom bak der, og dansar nennsamt, kurrar psykedelisk. Bassisten og trommisen er med i drivet, det gyngande drivet. Det ragaliknande drivet. Det blir med over i neste spor, og neste ….

Eg blir ikkje ferdig med tonane til Steve Gunn. 7. oktober kjem han med ei ny plate, Way Out Weather.

Lurker:

 

Milly’s Garden (frå det komande albumet):