Tag Archives: Jason Isbell

Litt om Jason Isbell, Wilco, Dr. Dre

Standard

 

Sommaren 2015 har ikkje berre handla om regn og gråvær, den har sjølvsagt også handla litt om musikk. Innimellom rundar med Stone Roses, Father John Misty, Love, Parliament, Kendrick Lamar og Violent Femmes har det i tillegg blitt tid til  nyleg arrivert musikk. I første rekke dei nye platene til Ezra Furman og Tame Impala. Begge omtalt i rosande ordelag på denne bloggen dei siste vekene.

I tillegg har eg tatt meg tid til å høyre på dei ferske platene til Jason Isbell, Wilco og Dr. Dre. Naturleg nok. Eg hadde jo forventningar. Men, tenker eg no, er dei i grunn så bra som dei burde ha vore?

  Something More Than Free har Jason Isbell titulert si plate. Omslaget er i svart/kvitt, akkurat som Southeastern var. Med eit portrett av Isbell sjølv, akkurat som på Southeastern. Med tonar produsert av Dave Cobb, akkurat som på Southeastern. Med songar om folk med ei fortid, akkurat som på Southeastern. Konsise gode skildringar av menneskeskjebner, akkurat som på Southeastern. Akkurat som Jason Isbell har gjort til sitt kjennemerke sidan han dukka opp med legendariske Outfit for tolv år sidan.

Southeastern var ei særdeles god plate. Jason Isbell si beste plate. Den var eit oppgjer med ei fortid der alkoholen og usympatisk åtferd hadde vore sentrale faktorar. Med minneverdige songar som Cover Me og Elephant i sin midte. Something More Than Free handlar om det tittelen lovar. At det finst noko ein må plusse på fridomen med for at livet skal kjennast bra. Og det ein plussar på med – «a reason» – tar noko vekk frå fridomen. Og så blir livet levd, i strev og glede, og Isbell spør seg: «Are you living the life you chose» eller «Are you living the life that chose you»?

Tonane er som dratt like utav Southeastern. Det er countryrock, folkrock, blue-collar, akustisk med litt elektrisk strø. Det er ei plate eg får ei kjensle av at det står nr II på. Den har sitt å gje, men den gjer meg ikkje like mykje som Southeastern, absolutt ikkje. 6.

  Star Wars har Wilco, av ukjente grunnar, kalla sitt plateframstøyt av året. Og plata kom som skote utav ei E-11 Blaster Rifle. Over natta, midt i juli, blei den lagt ut til fri nedlasting, heilt utan føreannonsering. Eit prisverdig tiltak det for så vidt. For bra er den jo også, om enn noko ujamn.

Nels Cline og Jeff Tweedy har kvesst gitarane sine noko alvorlig. Kvesst dei og så fuzza dei til. Rytmikken er blitt rista i ein boks det står The Feelies anno 1980 på. Og 100% ferdiggjering kan ikkje ha vore eit mantra under innspelinga. Alt dette er jo lovande. Det som ikkje er like lovande er den indre kvalitet i kvar einskilt låt. Det finst meir enn ein låt, ja ein dryg halvpart vil eg hevde, som nok ikkje har det heilt store melodiske vesen eller djupfølte schwung over seg. Litt sånn lettvektarkaliber med andre ord.

Og så finst det ein låt eg aldri skal gløyme. Manande, fuzzande, groande, vidunderlige You Satellite. Kombinasjonen av eit shoegaze-møter-krautrock-driv og ein mild melodisk tone er av det uimotståelige slaget, og linja «you can’t sing what you can’t give away» høyrest temmelig så riktig ut.

You Satellite er den einaste songen på plate som varer over fem minutt, ja den er den einaste som varer over fire minutt også. Plata tippar så vidt halvtimen og songane er av +/- 3 minuttar sorten. Random Name Generator og Cold Slope er to fuzzpoplåtar som kitlar i magen, og The Joke Explained er frisk og fengande countryrock. Sånn elles? … vel vel. 6.

  Compton er tittelen på Dr. Dre sitt ferske album. Hans tredje soloalbum, og det første på denne sida av årtusenskiftet. Dei seksten åra som har gått sidan førre album har han jobba med eit hyperambisiøst prosjekt kalla The Detox. For eit år sidan konkluderte han med at det var og blei skrale saker og skrinla heile greia. Compton tok så form. Som ein slags gjenvisitt til det legendariske NWA-albumet Straight Outta Compton (som no også er tittelen på ein film om Dre og hans kompisar).

På Compton ser Dre tilbake, men like mykje, nei meir, ser han inn i dagens situasjon. Til Los Angeles forstaden Compton, med sin kriminalitet og sine høge drapstal, mot USA elles og den høgaktuelle afroamerikanar vs politi situasjonen, og så snakkar han sjølvsagt om seg sjølv. Legg ikkje skjul på at han er styrtrik («still got Eminem checks I ain’t opened yet»), og gjer det klinkande klart at hans «influence run deep like the ocean» så «don’t get it fucked up».

I sonisk forstand er Compton eit mildt sagt innhaldsrikt album. Her skjer det, og skjer det og skjer det. Soniske utskeiingar fylgjer i hælane på kvarandre. Kvile må ein gjere ein anna stad. Dette er action, og lyd, lyd, lyd. Men ikkje vindskeiv og ute-av-kontroll-lyd. Dre har grepet på alt som skjer. Han og hans studiomusikantar har laga eit velsmurt album. For velsmurt? For utsøkt? For mykje?

Dre har sjølvsagt med seg ein god gjeng av rapparar og songarar (velkjente og totalt ukjente). Frå NWA-kompis Ice Cube via Snoop Dogg til Eminem. Men det er Kendrick Lamar som stel showet. Gjennom tre vers frå tre ulike spor etterlet han seg ikkje fnugg av tvil. Han set fyr på sakene. På Genocide, på Darkside/Gone og på Deep Water. Men den aller beste låta er sannsynlegvis Animals. Der ein ung Los Angeles fyr med ei soul-fylt røyst og det noko merkelige namnet Anderson.Paak (han gjer seg forresten gjeldande på fleire spor her) går i eggande klinsj med Dre. I ein song om å bli stempla, om korleis ei heil gruppe («niggas») blir kategorisert utifrå gjerningane til nokre få.

Dre har laga, spelt inn, produsert, og vore med på ein god bunke plater som er betre enn Compton. Men inni her. I denne dryge, veldige timen, finst det saker som får varmen til å breie seg, eller hjarta til å banke, eller beina til å vandre, så noko mindre enn ei bra plate er det jo ikkje. 7.

 

Musikalsk årsoppgjer 2013

Standard

2013: Det beste eg høyrte i år

Eg har ikkje tenkt å hevde at dei 25 platene eg har laga ei liste av under er dei 25 beste platene frå 2013. Men, av dei platene eg har høyrt frå dette året (og det er jo langt frå alle) trur eg desse 25 må vere dei beste. Om då ikkje John Grant eller The Sadies eller Neko Case eller Ashley Monroe eller Unknown Mortal Orchestra eller Eleanor Friedberger eller Erlend Ropstad eller Kanye West eller Ty Segall eller Houndstooth eller Mona & Maria eller Sudan Dudan eller Samantha Crain sine respektive utgjevingar burde ha fått ein plass her då. Det kan veldig godt vere.

25. Bill Callahan – Dream River
Ein av våre tiders beste songpoetar. Med klar og særeigen røyst tar han nokre steg i ein litt meir optimistisk retning. Og han er vel verdt å fylgje dit også.

24. Mark Kozelek & Desertshore – Mark Kozelek & Desertshore
Detaljerte betraktningar over dagliglivets prosaiske vesen, tilsatt velkjente Kozelek-
tonar (les Sun Kil Moon, les Red House Painter). Gode tonar.

23. Caitlin Rose – The Stand-in
Countrysongar og andre songar som lever sitt liv utafor tidas avgrensa rammer.
Fengande, brennande, swingande, varlege. Registeret er breitt nok, og songane har ein friskleik som vil vare.

22. Atlanter – Vidde
Bandet er nytt, men mannskapet, i alle fall Jens Carelius, har gjort seg bemerka før. Men dette er meir bemerkelsesverdig. Eit fjellpsykedelisk, vidtrekkande, bluesvandrande og groovy stykke norsk verdensmusikk.

21. Kacey Musgraves – Same Trailer Different Park
Countrytonen er konvensjonell, og nesten på permanent basis svingar den seg inn på eit fengande spor. Men den skrur seg ikkje fullstendig opp. Det er noko som held den att, som jordar den. Ein flittig bruk av akustiske instrument. Eit fråvær av glimmer og fjas. Friske tekstar, rammande tekstar, ein varme, eit mot.

20. Monica Heldal – Boy From The North
Ei ung norsk dame har funne fram til den engelske folktonen. Med den akustiske gitaren i fanget fingerplukkar ho seg gjennom låtane. Men ho har også ordna seg med nokre medmusikantar der elektrisiteten har ei rolle. I lag skapar dei eit rastlaust, bluesblått og groovy stykke musikk. Det handlar om inderlig kjærleik, bevegelse og fridom.

19. Houndmouth – From the Hills Below the City
Originalitet får andre ta seg av bjeffar dei, og omfamnar den amerikanske grunntonen med heile sitt glødande hjerte. Alle fire. Gitaren er alltid elektrisk, orgelet duvar og grev, og rytmeduoen er ikkje utprega anonym. Det er southern style, countryrock og rotekte rock. Og syng gjer dei alle. Åleine, og i medrivande harmonisk utfalding.

18. Yo La Tengo – Fade
Tida går ikkje i frå Yo La Tengo. I eit kvart århundre har dei sysla med sitt. Litt av kvart i grunn, men er like fullt alltid til å kjenne att. I år bydde dei på ei ganske så støysvak og homogen plate. Og tradisjonen tru var den rett så flott.

17. The Men – New Moon
The Men er absolutt ikkje eit trongt, einsarta og uniformert band. The Men vil mykje og mang slags. Først og fremst energisk rock’n roll. Gjerne med litt innebygd hengslete melodiøsitet. Men dei går heller ikkje av vegen for litt countryrock, hissig støy eller groovy kraut. Upolert og reinspikka.

16. Mikal Cronin – MCII
Det er power i den melodisk velorienterte poptonen til Cronin. Den klassiske beatleske poptonen. Tidvis skyllar fyren ei elektrisk gitarbølgje av nesten tsunamiske dimensjonar innover den. Men han spelar på andre instrument også (så godt som alle ein kan høyre på plata). Og han kan roe støyfaktoren, men det er aldri ei overordna målsetjing.

15. Oblivians – Desperation
Femten år etter at Oblivians var her sist dukkar dei opp att. Utan å ha forbetra seg, og takk for det. Her flyg dei vegg imellom, i full desperasjon, og er alt anna enn slutt. Dei sveittar og rockar som om tida aldri har flydd ifrå dei. Det gjer dei sjølvsagt heilt rett i.

14. Stein Torleif Bjella – Heim For Å Døy
Nei lystelig er det definitivt ikkje, men like fullt ein ny porsjon med ganske så udødelige viser. Meir presist elleve songar om å kjenne seg einsam og neglisjert, og ein om nokre gitarar. Formidla med akkurat så mange ord som trengst. Ikkje overtydelig, men heller ikkje utydelig. Forankra i eit Hallingdalsmiljø, men i grunn ganske så universelt.

13. Savages – Silence Yourself
Det er ikkje nokon grunn til å tvile på Savages. Deira agenda er å gå aggressivt til verks, dei sviktar den aldri. Verken på det soniske eller det tekstlige plan. «This album is to be played loud in the foreground» proklamerar dei. Du skal ikkje la deg forstyrre av andre signal. Du skal ha fokuset retta ein stad, hit, på debutplata til dei fire kvinnene i Savages. Det er i grunn ikkje så vanskelig.

12. Okkervil River – The Silver Gymnasium
Scena er den vesle staden der bandets songar og eminente låtskrivar Will Sheff vaks opp. Han skildrar ein barndom som handla vel så mykje om sjukdom og å bli mobba som om ubekymra leik i skogsholtet. Men det er ingen bitter flyktning som kryssar sine spor. Det er ein mann midt i trettiåra som evnar å vere både oppriktig og ettertenksam. Og som finn fram til poptonen i sitt eige orkester. Ein god tone det.

11. The National – Trouble Will Find Me
I eit moderat og smidig modus lirkar Brooklynkvintetten nok ein gong fram ei plate som vinn i det lengre løp. Der den lakoniske barytonrøysta til Matt Berninger behandlar låt etter låt med skarpskodde tekstlinjer. «I have only two emotions» syng han, «careful fear and dead devotion». Og eg tenker at nett det kanskje er eit aldri så lite manifest. På ei plate som ikkje veldig annleis, frå eit band som framleis er veldig bra.

10. Wooden Wand – Blood Oaths Of the New Blues
Eg opplever lydbildet på Blood Oaths som det luftigaste Wand har presentert i nyare tid. Som det rikaste også, men like fullt spartansk. Wand sine medspelarar skikkar seg, dei går ut og inn av bildet, dei har fått rolla som subtile understrekarar. I novellistiske songar av det heimsøkte og støvete slaget, dyppa i country og blues. Der tristessen og lengten rår, men der Wand også finn det føremålstenlig å minne om at «after the darkness there’s a light».

9. My Bloody Valentine – MBV
Det er då noko alvorlig apokalyptisk over mbv, er det ikkje? Poptonen som dansa som ein kaleidoskopisk draum gjennom store deler av Loveless den høyrer eg ikkje så mykje til her. Her høyrer eg noko dunklare noko. Ein slags klagesong kanskje, eller ein jamrande blues, eller ….. Eller for å seie det slik: Shields og hans kumpanar (som ikkje er særlig fleire enn Bilinda Butcher denne gongen) har endå ein gong skapt eit verk som eg ikkje heilt ut forstår, som sikkert alltid vil vere utydelig, og som eg derfor aldri vil bli ferdig med. Og bra er vel det?

8. Kurt Vile – Wakin On A Pretty Daze
Dei drar seg ut i respektable lengder fleire av spora på plata. Såpass at dette endar
opp som eit godt gammaldags dobbeltalbum. Der gitaren, og då spesielt den akustiske varianten, har ei viktig rolle. Gitaristen Kurt Vile har aldri vore noko å kimse av. Men denne gongen gjer han seg sjølv større arbeidsrom, og skapar meir meditativ godlyd, enn nokon gong.
I songar der Vile fører ein slags dialog med seg sjølv. Om eg då ikkje skal kalle det for monologar til ein person som ikkje er til stades. Eller refleksjonar over livet, musikken, kjærleiken, lengselen, og det å vere mann og far.

7. Laura Marling – Once I Was An Eagle
Utan unntak, femten songar til ende, handlar Once I Was An Eagle om kjærleiken. Det startar i eit stummande mørke. «You should be gone beast» lyde opningslinja. Det lysnar litt undervegs. Til slutt adresserar songaren ei oppriktig takkseiing til naiviteten «for failing me again».
Stemma og den akustiske gitaren har hovudrolla. Men utan produsent Ethan Johns si tilføring av rytmisk svir hadde ikkje dette blitt den plata det har blitt. Med handslegne trommer og perkussiv virilitet skaper han eit organisk groove som stikk innom og vitjar dei fleste låtane.
Det har blitt ei plate som er den openbare motsetninga til det fragmenterte. Den krev at ein har tid, at ein tek seg tid, den er verdt kvart eit minutt.

6. Jason Isbell – Southeastern
Ei plate full av countrysoul. 12 sterke melodiar som provar at Jason Isbell har eit grep om det melodiske slik gode låtskrivarar oftast harhar. Det er likevel hans grep om det tekstlige som verkelig imponerer. Han sirklar ikkje rundt med ord som fordampar, han går direkte til verket med ord som brenn seg fast. Han bruker ikkje fleire ord enn nødvendig, han økonomiserer, han er presis, som ein Carver. Han har noko å formidle. Og det han formidlar skildrar også det som ikkje blir uttalt. Eller det kan handle om noko eg først ikkje oppdaga det handla om. Det kan ha ei dobbeltyding. Isbell er ikkje eindimensjonal.
Jason Isbell har endelig laga plata eg ein gong trudde han var i stand til å lage, men som eg hadde byrja tvile på at han ville lage.

5. Vampire Weekend – Modern Vampires of the City
Det finst fleire grunnar til å tvile enn til å tru. Gud er i trøbbel. Sola går minst like ofte ned som den står opp. Visdom er ikkje synonymt med ungdom. Døden er uunngåelig, men heller seinare enn før. «There’s a lifetime right in front of you».
Med betraktningar av dette slaget tar Vampire Weekend oss med på ein liten tur inn i sinnet og sjela til Modern Vampires of the City. På ei plate som er like nådelaus som den er medgjerlig, like absurd som den er lettfattelig, like eksentrisk som den er fengande.
Vokalist Ezra Koenig fer til verket med reinspakka glød og tvillaust nærvær som fremste kjennemerke. Rundt han føregår det saker og ting. Multiinstrumentalist og produsent Rostam Batmanglij er ein mann rik på idear. Han skikkar inn det eine instrumentet etter det andre. Men lite samtidig. Det er godt med rom her. Eit rom som blir nytta til å gje kvar enkelt låt sitt preg, sitt stempel, sitt groove.

4. Ezra Furman – Day Of The Dog
Når Ezra Furman 13 sekund inn i opningsnummeret startar å synge så er det frå djupast nede i magen og utover det heile. Det er fullt åtak, og ein aggresjon mot det han ser der ute og det han kjenner der inne. «All the world is rising up like vomit, filling up my ugly little mouth, there’s a sickness deep inside my eyeball, got to find that tool to cut it out». At refrenget då blir «I wanna destroy something, I wanna destroy myself» er vel bortimot heilt naturlig.
Punk eller ikkje punk, det er for så vidt ikkje spørsmålet. Men svaret er ja, og nei. Dette er punk men langt meir enn som så. Dette er Bo Diddley-beat og femtitalet som tar seg via Dylan og Velvet Underground til punkens gullalder, derifrå går den i klinsj med Violent Femmes, sparrar med Bright Eyes, og sveittar opp ein dose gospel, for så å bli friskt og tydelig signert med Ezra Furman sitt eige handlag.
Ein kan vanskelig hevde at tematikken plata igjennom er av det lystelige slaget. Det handlar mykje om å vere i ein tilstand nokre sjelelige kilometer unna der ein helst kunne tenkt seg å vere. Men det handlar også om å prøve å komme seg ut av tilstanden, og å søke og finne fram til ein som svir mindre. Det handlar i liten grad om å lukkast med det.
Men du verden som Ezra Furman har lukkast med denne si femte plate.

3. Phosphorescent – Muchacho
Sånn mot slutten av plata, i nest siste song, høyrer eg Matthew Houck synge «oh, you’ll spin your heartache into gold». Eg tar like godt og stel den linja eg, for så i neste omgang å rette den mot opphavsmannen sjølv. «You’ll spin heartache into gold, Matthew Houck». Noko du har gjort, for så vidt, i alle fall tidvis, på plate etter plate dei siste ti åra, men denne gongen sannelig meir fullkome enn nokon gong.
Houck seglar framleis, slik han har gjort alle desse ti åra, under fana Phosphorescent. Om enn ikkje, slik det ein gong var, ganske så åleine. Eit visst mannskap har han med seg. Ikkje eit så reint lite eit heller denne gongen. Cirka 10 i talet trur eg det må vere. Det er nå likevel aldri nokon tvil om kven som har grepet om spakane. Houck har, vanen tru, produsert, arrangert, miksa, og skrive låtane. På det mest mangfaldig utforma Phosphorescent-albumet til dags dato.
Houck tek her i bruk elektroniske lydkjelder på ein måte han ikkje har gjort før, og han vitjar fengande poprefreng og tar eit par skikkelig groovy tak. Sonisk sett er albumet kanskje fyrens lettast tilgjengelige. Utan at det har gått utover tonane sin levedyktigheit, eller Houck si evne og interesse for å skildre kjelkete mellommenneskelige tilhøve.

2. Parquet Courts – Light Up Gold
Eg høyrer på Stoned and Starving, og songar frå tidlegare tider kryssar sporet. Det har noko med groovet å gjere, tenker eg. Først og fremst groovet. Det enkle groovet. Sjølve ur-groovet. Eit slikt eit som finn sitt tempo, og som så går, og går, og går, medan tonar av ulik karakter kravlar, kjælar eller piskar kring det.
– Eg spaserte gjennom Ridgewood Queens, innleiar Andrew Savage. Og groovet går, Det groovet. Der har Pablo Picasso spasert ein gong også, tenker eg. Og jentene kunne ikkje motstå blikket hans, og han blei aldri «called an asshole». I fylgje Jonathan Richman, tenker eg. Og groovet går, Det groovet. Ein gong var Lou Reed der også, tenker eg, og formidla morbide og syndige scener, og eit stadig gjentakande «she’s busy sucking on my ding-dong». Gitarane var primitive, orgelet brutalt, og Moe Tucker slo. Det var Det groovet. «I was so stoned and starving» syng Andrew Savage, og fortel om då han stod der med tåkete syn og funderte over om han skulle velje geléfiskar, rista peanøtter eller ei pakke lakris. Veslebror Max Savage administrerar takten, og ein krakilsk gitarsolo krøllar seg rundt den. Som ein svolten orm på jakt etter godsaker. Det er Det groovet.
Og saman med groovet, Dette groovet, går dei heim, utan napp, for så vidt, både Savage og Richman og Reed, både Parquet Courts, Modern Lovers og Velvet Underground. Og naglar kvar sin meisterlige rock’n roll song fast i det tidlause. Sister Ray, Pablo Picasso og Stoned and Starving. 1968, 1976, 2013, whatever, tenker eg.
Årets låt, tenker eg.
Med sine fem minuttars varigheit, og sine gitarsoloar er ikkje Stoned and Starving den typiske låta på plata. Den typiske låta varer ifrå eitt til drygt to minutt, har ikkje utprega god tid, gjer det den har intensjonar om å gjere, og slepp så neste til. Rå, energisk og primitiv punk, postpunk og rock’n roll. Det har sett seg i blodomlaupet til den unge kvartetten. Debutalbumet kokar over av det.

1. Jonathan Wilson – Fanfare
Å du heilage psykedelia! Her er det ambisjonar, her er det musikalitet, her er det ein kosmisk overflod av medrivande tonar.
Med Fanfare utvidar Jonathan Wilson sitt soniske univers. Han lar låtane få lov til å bli større. Gjev dei ein ikkje ueffen nyanserikdom, og sveivar tidvis opp ein energi som ikkje var der på den førre plata, Gentle Spirit. Fanfare er på mange vis eit konglomerat av soniske innfall, men du verden det er eit saumlaust konglomerat. Det hakkar ikkje undervegs. Dansen mellom dei djupaste søkk og dei høgaste tindar høyrest fullkommen naturlig ut.
Over 78 minuttar og gjennom 13 songar, i skiftande tempo, i mangslags fargar, og med vekslande krefter, har Fanfare grepe eit stadig sterkare tak i meg. Varmen har si tvillause skuld i det. Varmen som Wilson har inkorporert i kvar einaste spelte tone. Og så det melodiske då, det er heller ikkje skuldlaust. Det har sin divergerande personlegdom frå låt til låt, men presenterer seg alltid i ei form eg vil kalle smidig, og slik evnar det å smyge innunder huda, og inn til det inste.
Plata har flust av referansar til musikk som blei gitt ut i tidsrommet 1967 – 1977. Men den står aldri fast i noko som ein gong var. Eigentlig står den ikkje fast i det heile. Eigentlig flyg den som ei fri sjel mellom det den fangar og det den skapar, og har like mykje 2013 i seg som all anna musikk som har komme rekandes min veg i år. Men den har garantert meir framtid i seg enn det meste av den. For ikkje å seie all.

Jason Isbell – Southeastern

Standard

Eg har venta ei tid på at Jason Isbell skal lage ei verkelig stor plate. No ventar eg ikkje lenger.

8

cover

Eg kjem ikkje utanom opningssongen på Jason Isbell si nye plate, Cover Me Up. Den dreg meg stadig tilbake. Den har noko med seg som grip eit inderlig tak i meg. Eg skal prøve å gje ei forklaring: Det blir ofte snakka om sjel. At ein song kan ha sjel. Visst det stemmer, og det gjer det antakelig, har Cover Me Up ei dugelig ei. Men det er ikkje berre det. Cover Me Up er ein song tufta på vilje. Ein song som er her fordi den må vere her. Cover Me Up har ingen fakter. Det er ein enkel song, med eit tydelig slektskap til songar eg har høyrt før. Løfta fram av ei røyst som vekslar mellom å vere varleg og kraftfull. Ei sterk røyst, kompa av ein akustisk gitar, og pirra av ein elektrisk gitar. Fleire soniske variablar har ikkje songen, og treng det ikkje heller. Den har ein vals i seg, og makelaust attraktive southern countrytonar. Cover Me Up ruslar med brennande steg, og songaren fortel om å sigre over seg sjølv og sine demonar, ved hjelp av ei kvinne. Han fortel om det å møte dagen i edru tilstand, og det å ville vere der, i ein slik tilstand, saman med denne kvinna. «Girl, leave your boots by the bed we ain’t leaving this room, till someone needs medical help or the magnolias bloom». Det renn eit håp tvers igjennom songen, men det er som med håp flest, det har ei usikker framtid – så «cover me up».

For ti år sidan høyrde eg Jason Isbell synge Outfit. Det var den første songen eg høyrde han synge. Han gjorde det som ferskt medlem av Drive-By Truckers. Songen var den eine av to songar Isbell var ansvarleg for på sørstatsbandets fjerde plate (den andre var tittelkuttet, Decoration Day). Eg har sidan den dagen betrakta Outfit som den sterkaste songen i heile katalogen til Drive By-Truckers. Ein grunnleggande sympatisk, men samstundes bitande song, der ein fars alvorlige, patriotiske, men også skjemtande tale til ein son på veg ut i verda er det sentrale tema. Eit låtskrivartalent av dei sjeldne hadde presentert seg.

Eg venta på meir. Kor blei det av? For all del, Isbell har skrive nokre sterke songar desse ti åra som har gått, det er ikkje det. Goddamn Lonely Love og Danko/Manuel før han blei sparka ut av Drive By-Truckers på grunn av eit forstyrrande slitsamt forhold til alkoholhaldelige drikker. Dress Blues, Cigarettes and Wine, Alabama Pines og Codeine frå dei tre platene han har gitt ut under eige namn før årets Southeastern. Men eg synst han har laga litt for mange middelmåtige låtar også, songar eg aldri har funne tonen med, og plassert dei på platene sine. Plater som eg derfor har opplevd som ujamne. Southeastern opplever eg annleis.

Southeastern er langt i frå berre Cover Me Up. Southeastern har også Elephant. Der vi møter drankaren og den dødssjuke. Eit par som har sett betre dagar, no for tida prøver dei for det meste å bevare sjølvrespekten og ignorere verkelegheita. Døden. Etterkvart kjem det sigande innover forteljaren (drankaren), ja det blir rimelig klart for han: «No one dies with dignity». Isbell formidlar historia utan å gli over i det sentimentale, samstundes som han held seg på god avstand til det hardkokte. Han fortel berre ei historie om to menneske som må takle noko det ikkje finst ei oppskrift på korleis dei skal takle. Han gjer det med den akustiske gitaren i fanget, og nokre sordinerte pianotonar bakom ryggen. Meir trengst ikkje.

Southeastern skulle bli ei plate med Isbell og gitaren og nokre nyskrivne songar. Den skulle produserast i samarbeid med Ryan Adams. Det blei ikkje 100 % slik det var planlagt. Adams forsvann fort ut av prosjektet, uvisst av kva årsak. Inn kom Dave Cobb, som dei siste åra mellom anna har vore involvert i eit par sterke plater av Jamey Johnson. Eg ser ikkje bort ifrå at det kan ha vore eit heldig skifte. Isbell og Cobb fant raskt ut at det blei for kjedelig å lage ei plate med berre Isbell og kassagitaren, så det blei henta inn meir lyd. I hovudsak frå medlemmer i hans faste backingband dei siste åra, The 400 Unit.

Songane er slike som Isbell skreiv etter at han hadde hatt eit opphald på ein rehabiliteringsklinikk for alkoholikarar for eit drygt år sidan. Noko som avgjort speglar seg att i fleire av dei. Drankaren får til dels eit nådelaust lys på seg, men like mykje er det ettertenksame refleksjonar kring den han er no. Ikkje nødvendigvis ein heilt annan. Den han var er framleis ein ikkje ubetydelig bit av han. På godt og vondt. «There’s a man who walks beside me he is who I used to be» syng han i den fine visa Live Oak. Ein song som tilsynelatande handlar om ein hardbarka drapsmann som ein dag møter ei kvinne som treff nokre ømme punkt i han. Så han endrar seg. Men byrjar etter kvart å få ei noia. Ein sjalusi veks fram i han. Er det verkelig han ho elskar, eller kan det vere han som går ved sida av han. «I wonder if she sees him and confuses him with me» spør han seg. Det endar i tragedie. Men bakom denne historia tenker eg historia til den tørrlagte alkoholikaren finst. Han lurer nok på korleis verda vil ta imot han no, vil dei finne han like interessant. Vil han bli likt? Det treng ikkje ende i tragedie.

Det var ei kvinne som spelte ei aktiv rolle i å få Isbell lagt inn på rehab. Det kom visstnok til giftemål i etterkant. Namnet hennar er Amanda Shires. Ho er musikar og plateartist sjølv. Spelar fele gjer ho også, og bidrar med denne på Traveling Alone. Ein song der songaren minnest tider der han var «so high, the streetgirls wouldn’t take my pay». Men han blei trøytt. Av å stå til ansvar overfor seg sjølv, av eit konstant utmatta hjerte, av å gjere reisa aleine. Så «won’t you ride with me?» lyde omkvede. Og fela den let.

Jo meir eg har spelt Southeastern jo meir har det blitt klart for meg at det i grunn finst tolv nemneverdige songar på plata. Det er ikkje flust av plater eg kan seie det om no til dags. Eg skal ikkje trøytte ut verken meg sjølv eller den som måtte lese dette ved å brodere ut både det eine og det andre om alle tolv. Men eg vil no nett nemne at Isbell byr på uimotståelig countryrock med el-gitaren i grunnstilling og solid rytmikk i ryggen når han formidlar ein lengsel han ein gong kjente på eit hotellrom i eit iskaldt Stockholm. Det skal heller ikkje vere unemnt at han byr på sviande southern rock’n roll i Super 8, og avdekkar ein historie der ein bakrus frå det djupaste helvete står sentralt. Eit lite utdrag av dei ubarmhjertige refleksjonane i den klassiske countryrocksaken New South Wales synst eg også det finst gode grunnar til å ta med.

And here we sit
Singing words nobody taught us
Drinking fire, and spitting sawdust,
Trying to teach ourselves to breathe,
We haven’t yet,
But every chorus brings us closer
Every flyer and every poster
Gives a piece of what we need

Isbell har eit grep om det melodiske slik gode låtskrivarar har, men det er hans grep om det tekstlige som verkelig imponerer. Han sirklar ikkje rundt med ord som fordampar, han går direkte til verket med ord som brenn seg fast. Han brukar ikkje fleire ord enn nødvendig, han økonomiserer, han er presis, som ein Carver. Han har noko å formidle. Og det han formidlar skildrar også det som ikkje blir uttalt. Eller det kan handle om noko eg først ikkje oppdaga det handla om. Det kan ha ei dobbeltyding. Isbell er ikkje eindimensjonal.

Og Isbell har laga ei plate eg ikkje lenger trudde han ville vere i stand til å lage. Ei plate eg trur det går an å nytte det loslitne ordet meisterverk om. Men eg lar korken vere på flaska.

Først publisert på Groove.no (i 2013)

 

Drive-By Truckers – Brighter Than Creation’s Dark

Standard

I skuggen av lyset fortel dei nitten historier som avgjort tåler dagens lys, men som meir enn gjerne også søker mørkret.

8

cover

Ingen har, dei seinare åra, helde liv i sørstatsrocken og dens meir eller mindre ufjelga slektningar like overtydande som det Drive-By Truckers har gjort. Deira trilogi Southern Rock Opera, Decoration Day og The Dirty South er ein røff, hardbarka og solid søknad om evig plass ved Lynyrd Skynyrd si høgre side.

På sitt førre album, A Blessing and a Curse, lot dei litt av sørstatseimen dunste bort. På dette tidspunktet i karriereløpet sannsynlegvis ingen dum idé. Men det som var dumt, var at mange av låtane hadde eit noko bleikare drag over seg enn kva gjengen hadde skjemt oss bort med. Så litt skuffa vart eg.

Ikkje så lenge etter tikka det inn ei melding om at mannen som hadde laga banden sine kanskje to aller flottaste låtar (Outfit og Danko/Manuel), Jason Isbell, tok farvel med både band og dame (sistnemnte, bassist Shonna Tucker). Så eg putta Decoration Day i spelaren, og tenkte med meg sjølv at så bra blir nok aldri Drive-By Truckers igjen. Eg tok feil.

Med Brighter Than Creation’s Dark viser Patterson Hood, Mike Cooley, ei plutselig låtskrivande Shonna Tucker og deira medsamansvorne at dei har minst like mykje saltsmak i kjeften og rammande tonekraft som det dei nokon gong har hatt. Med på laget har dei også invitert den gamle heidersmannen Spooner Oldham, ein kar som veit meir om korleis ein skal fargelegge med tangentane enn det dei fleste gjer.

Sørstatseimen er vel heller ikkje denne gongen fullt så dominant som på trilogien. Historiane dei fortel, heile nitten i talet, kunne heilt sikkert ha funne stad over heile USA. Ja dei fleste kunne sannsynlegvis også blitt plukka opp i mitt nabolag, eller ditt. Som tittelen lovar vert vi aldri tatt med inn i det mest altoppslukande av mørke. Vi møter ikkje på dei aller mest motlause, forkrøpla eller uforsonlige av individ. Det handlar stort sett om folk vi kjenner att. I oss sjølv, i nabohuset, i det målingavskala huset borte ved kiosken, i familiefaren på andre sida av gata, eller i den rastlause fyren i tredje etasje som stadig er på farten med Buicken sin. Folk midt i livet. Dei har sitt å strid med. Dei har sitt å fryde seg over. Stundom stirer dei nok inn i mørkret, men dei rettar også blikket mot håpet. Og mest av alt prøver dei å gjere det rette. Kva no det måtte vere.

Eller for å seie det med hovudpersonen i den Hood-komponerte og røft pulserande The Righteous Path, ei låta som på eit vis summerer opp mykje av grunntonen på plata:

I got a brand new car that drinks a bunch of gas
I got a house in a neighborhood that’s fading fast
I got a dog and a cat that don’t fight too much
I got a few hundred channels to keep me in touch
I got a beautiful wife and three tow-headed kids
I got a couple of big secrets I’d kill to keep hid
I don’t know God but I fear his wrath
I’m trying to keep focused on the righteous path

Som vanleg er det Patterson Hood som har skrive flest låtar. Han hevdar hardnakka at han hadde femti ferdigskrivne då innspelingane starta. Ni av dei fekk til slutt plass på plata. Sonisk sett dekker dei området frå buldrande uvær til banjoplukkande og folksy tonar. Hood sin næraste våpendragar gjennom desse åra, Mike Cooley, har sjeldan hatt for vane å komme dragande med så veldig mange låtar. Men dei han kjem med plar visstnok alltid komme på plata. Denne gongen hadde han med seg fleire enn nokon gong. Sju stykker. Dei kom sjølvsagt alle med. Det kan eg godt skjønne. For det er Cooley sine bidrag som heilt utan unntak treff dei inste sirklane i sanseapparatet. Nokre gonger boogierockande i riffskarpe former, andre gonger langt meir akustisk, sordinert og twangfiksert. Dei tre siste låtane på albumet er det kvinna i banden, Shonna Tucker, som er opphavet til. Dei har alle ein countryfeeling, men avgjort med ulik grad av elektrisitet i ryggen.

Om du gjennom opplysningane i føregåande avsnitt har fått ei kjensle av at Brighter Than Creation’s Dark er mindre buldrande og rockande og meir folk og country lada enn tidlegare utgjevingar, ja så skal du stole på den kjensla. Fjorårets semi-akustiske The Dirt Underneath-turné har med andre ord sett sine spor. Drive-By Truckers har gira ned eit hakk, og svinga inn i eit litt meir sordinert landskap. Når eg tenker meg om så er det nett inn i eit slikt lende eg hadde håpa Drive-By Truckers ein dag skulle køyre løpet sitt. For det er når dei har dempa pulsen, slått av litt av elektrisiteten og øvd litt mindre press på stemmebanda at deira aller mest minneverdige augeblikk har dukka opp. Det er fleire slike augeblikk på Brighter Than Creation’s Dark. Fleire enn på noko tidlegare Truckersplate tør eg hevde.

Cooley si lakoniske countryvise om Bob, den middelaldrande ungkaren som bur heime hos ho mor, og som har «more dogs than he ever had friends», høyrer med blant desse augeblikka. Det gjer også same mannen sin Lisa’s Birthday. Der vi i klassisk countrytapning får servert historia om den ikkje heilt edruelige Lisa som har sett fyr på mangt eit dansegulv i Texas, som har hatt fleire bursdagar «than there are sad country songs», og som ringer heim til sin trufaste beilar når festen er over og bilen ikkje er å finne der ho parkerte den. Like klassisk country er balladen Daddy Needs a Drink, ein heller tragisk kvardagshistorie, der tidlegare assortert medlem, og no meir eller mindre fast medlem John Neff, understrekar armoda med gråtkvalte steelgitartonar.

Frå eit meir elektrisk og fritert hjørne dukkar Cooley opp med den sprekt gyngande 3 Dimes Down. Ei ordknapp skildring av ein udåd og dens etterdønningar. Frå same hjørne, med eit erobrande melodisk vesen, kjem også Self Destructive Zones. Der Cooley flekker tenner og tar føre seg rock’n roll angst, kynisme, dei døde, dei feite og dei rike.

Patterson Hood er på si side meir opptatt av å bringe dei familiære og nære ting inn i eit kanskje litt større perspektiv. I det folksy opningssporet Two Daughters and a Beautiful Life møter vi ein nyleg avdød familiefar rett utanfor perleporten, derifrå skodar han tilbake på eit godt liv han nødig ville reise frå. I den dorskt slentrande The Opening Act fortel ein reisande i opningsaktørbransjen om eit ikkje altfor glamourøst liv frå stad til stad, og alltid så altfor langt heimanfrå. Medan Irak-krigen får sin kommentar gjennom dei alt anna enn marerittfrie funderingane til ein heimvendt soldat og far i den Ragged Glory dampande That Man I Shot.

I’m Sorry Huston syng Shonna Tucker med ei slepande southern-røyst. Og viser at ho både har ei stemme og låtskrivareigenskapar som gjer ho til eit definitivt aktivum i gjengen. Den sterkaste låta hennar, ja ein av dei aller mest skilsetjande songane på heile plata, er den stillferdig huskande The Purgatory Line. Der det handlar om å prøve å finne balansen midt i ein lengsel så stor; «lovin» you is so easy, but waitin» here just ain’t».

Det er Checkout Time In Vegas for ein av dei heller paranoidiserte individa på albumet. Men det er definitivt ikkje checkout time for Drive-By Truckers. Ti år etter at dei gav ut si første plate, verkar dei å ha meir å by på enn nokon gong. Med Brighter’s Than Creation’s Dark har dei skapt sitt meisterverk. Med Brighter’s Than Creation’s Dark har dei skapt noko som veldig vel kan vise seg å vere noko av det beste som har årstalet 2008 trykt på seg.

Først publisert på Groove.no (i 2008)

 

Drive-By Truckers – Decoration Day

Standard

Sørstatsbanden har mykje på hjertet, og svingar seg frå countrytonar til brutal bluesrock.

cover  Då Allman Brothers Band frå Georgia inntok podiet på tampen av 60-talet med sin mixtur av tung bluesrock, jazz, country og eit frodig, men stødig groove, blei dei også opphavet til det som seinare skulle få namnet sørstatsrock. Blant banda som fulgte i deira fotspor er det først og fremst Lynyrd Skynyrd som er verdt å hugse. Den dyktige sangaren og låtskrivaren Ronnie Van Zandt og banden hans spelte i ein fire-års periode midt på 70-talet inn fleire sterke album, der vi får servert klassiske låtar som Free Bird, Gimme Three Steps og Sweet Home Alabama. Og her er det Alabama/Georgia kvintetten Drive-By Truckers kjem inn i bildet. Denne gjengens forrige utgjeving kalt Southern Rock Opera var nemlig ein tributt til sørstatsrocken, og især Lynyrd Skynyrd. Ein både storslått og rufsete song-syklus som sjølvsagt endar i ein tragisk flystyrt.

Southern Rock Opera blei første gang utgitt i 2001 på eit lite, uavhengig selskap, men oppmerksomheten albumet fekk gjorde sitt til at Universal-underbruket Lost Highway viste sin interesse, noko som førte til at plata kom ut på denne etiketten året etter. Men når så Drive-By Truckers dukka opp på Lost Highway sine kontorer med sine neste innspelingar, falt desse ikkje heilt i smak. Bandet tok då ein «Wilco» og kjøpte opptakene. New West (med bl.a. Chuck Prophet, Mark Eitzel og Vic Chestnut i stallen) tok imot bandet, og var ikkje seine om å skikka Decoration Day ut til folket.

Myten om sørstatane er spekka med intense bilder og heftig dualisme. Heit lidenskap, stor kjærleik, elskelige skikkelsar, strenge familiebånd, kompromisslaus bibeltru, stolthet, synd, incest, sjølvmord, drap, hat, rasisme, vondskap. Kjensler og førestellingar som sjølvsagt er å finne over alt, men historiane, litteraturen, filmane og sangane frå Mississippi sine sørlige bredder gjev oss eit inntrykk av at det har eit endå sterkare fotfeste nett der. Dei 15 låtane på Decoration Day er nok også farga av dette, ein raud tråd kan for øvrig være; valgets kval, – nokon velger lurt, andre velger dumt, mens enkelte ikkje har noko valg. Alt er komponert av bandets tre gitartraktørar og vokalistar. Av desse er det Patterson Hood som står fram som ein slags frontfigur, han er ansvarleg for ni av låtane, og er også innehavar av den røslegaste stemma, ein stad i lende Don Henley møter ein ung Rod Stewart. Mannen som starta bandet saman med Hood, Mike Cooley, bidrar med fire spor, og nykommar Jason Isbell står som komponist av to.

Albumet åpnar med tre strake Hood-bravader. Deeper In bygger på ein sann historie om dei to einaste amerikanske statsborgarane som for tida sonar ein dom for bror/søster-incest. Ein naken saktegåande country-vals, bore fram av kraftfulle trommeslag og Patterson Hood sin djupfølte sanginnsats. Frå denne går turen rett over i den mørke bluesrock-saken Sink Hole, ein slik ein som Steve Earle kan gjere i sine mest brutale stunder: Om bonden som er komme i klørne på nådelause pengemenn og ser garden sin gå til pises. På Hell No, I Ain’t Happy er dei over i eit ulendt Crazy Horse-landskap, ja hadde mr. Hood overlatt mikrofonen til Neil Young kunne denne sklidd rett inn på Ragged Glory som ein solid Young-komposisjon. Av dei øvrige opusa frå Hood si side utmerkar både den hardkokte countryrock-affæren Heathens og det seige og giftige bluesrock-åtaket Your Daddy Hates Me seg. Men aller best er den frådande Do It Yourself, eit skånsellaust angrep på ein venn som tilslutt valgte sjølvmord som ei løysing; «Living too hard just couldn’t kill you, in the end you had to do it yourself». Faktisk har Mike Cooley også ein sang om den samme sjølvmordaren, When the Pin Hits the Shell. Men hans versjon er langt mindre frådande og meir forsonlig, like fullt er denne nesten like sterk. Og er saman med den Rolling Stoneske riffrockaren Marry Me Cooley sine beste bidrag. Den sistnevnte er for øvrig utstyrt med platas beste tekstlinje; «Rock’n’roll means well, but it can’t help telling young boys lies».

Litt oppsiktsvekkande er imidlertid det faktum at unge Jason Isbell sine to bidrag, Outfit samt tittelsporet, viser seg å være albumets kanskje sterkaste låtar. Den første er sørstatsrock i kraftfull valsetakt, som tekstmessig er ein dose faderlige og sikkert velmeinte råd; «Have fun but stay clear of the needle, call home on your sister’s birthday, don’t tell them you’re bigger than Jesus, don’t give it away». Mens tittelsporet på sin side er eit dundrande og inspirert folkrocknummer, med glødande gitartonar, om ein familiefeide ute av kontroll.

David Barbe (Sugar, Son Volt) har produsert, og kanskje har Drive-By Truckers vel så mykje til felles med nyare band som The Replacements, Son Volt og The Bottle Rockets som med 70-talets sørstatsrock-grunnleggarar. Eit inderlig og drivande godt fem-mannslag med gode historiar innpakka i sterke melodiar er dei i alle fall.

8/10

Først publisert på Groove.no (i 2003)