Tag Archives: Joe Henry

Musikalsk årsoppgjer 2014

Standard

Spådomar frå fleire hald vil ha det til at musikkalbumet er eit utdøyande fenomen. Måtte spådomane slå feil, fullstendig feil. Det har komme flust av album i 2014 eg med styrke vil hevde beviser at albumet har livets rett, og vel så det. Dei 25 beste har det blitt ei liste av.

Men først 3 bøker (ikkje for noko anna grunn enn at bøker er like viktig som musikk, og at desse tre kjennes vel verdt å nemne).

Stoner  Rød eller død av David Peace (Innbundet) Innsirkling 3 av Carl Frode Tiller (Innbundet)

1. John Williams – Stoner
Skriven og utgitt for nesten femti år sidan. I norsk oversetting for første gong i år. Ei kultbok. «The greatest American novel you’ve never heard of» ifylgje The New Yorker. Ein vakkert og nennsamt fortalt historie, om eit ikkje spesielt eksepsjonelt liv. Ein manns liv frå barndom til grav på 270 sider. Melankolsk og skilsettande. Poesi i romanform.

2. David Peace – Rød eller Død
Om den legendariske Liverpool-manageren Bill Shankly. Sosialisten, fotballfanatikaren, arbeidsnarkomanen og eksentrikaren  Shankly. Ein roman, ikkje ein biografi. Fortalt i eit gjentakande, suggererande språk. Like enkel, like komplisert, like medrivande som fotballspelet i seg sjølv. Aldri har eg opplevd fotballsesong etter fotballsesong blitt meir fortetta og poetisk oppsummert.

3. Carl Frode Tiller – Innsirkling 3
Tiller sirklar seg inn på oppklaringa. Kjem fram til den, men ikkje til noko endelig avklaring, heldigvis. Det å vere menneske saman med andre menneske er ikkje enkelt. Kva ein seier, kva ein tenker, kva ein gjer, kva ein burde gjere, er på evig kollisjonskurs. Tiller skildrar det på storarta vis, igjen.

Så, over til albuma:

 Steve Gunn 

1. The War On Drugs – Lost In the Dream
Ei plate som vandrar sporenstreks inn i ein melodisk sigerstemning, og blir der ein heil time. Amerikansk gitarrock der låt etter låt blir tilført vennlegsinna synthlinjer, blir lindrande pianotøtsja, eller kanskje får ein blåleg saksofonvisitt. Låt etter låt som omgås sinnstemningar der mørket og mismotet rår, men der ein stigande aksept av tingas tilstand, og ei evne til å handtere forholda, også blir formidla. Det høyrest ikkje spesielt eksepsjonelt ut, og ei eksepsjonelt original plate er det ikkje. Men ….vel, eksepsjonell er den.

2. Steve Gunn – Way Out Weather
Sakte beveger melodien seg. Sakte beveger melodien. «Slowly moves the melody». Det trygge, det vanlige finst der, i songane, men også det spesielle, det særeigne. Steve Gunn gjer det melodisk, og han gjer det i ein hevdvunne tradisjon. Med ei lett hand får han strengene på gitaren (gitarane) til å synge som få andre gjer. Eg tenker på han som ein ukomplisert virtuos.

3. Sun Kil Moon – Benji
Songar frå perspektivet til ein middelaldrande mann. Songar som ikkje tar føre seg frå eit vidt spekter av det songar kan gjere. Dei held seg alle på innsida av det marginale mønsteret Mark Kozelek plar operere innafor. Der tonar ikkje spring av garde i veldig komplekse former, men der alt ruslar sin gang. Einsformig seier nokon, styggelig vanedannande seier eg.

4. Wussy – Attica!
Dei har latt seg inspirere, latt seg dugelig inspirere. Som dei uforbederlige rock’n roll-disiplane dei er, har dei latt seg inspirere til å lage songar som liknar på saker vi har høyrt før, som har både tjuveri og låneri klistra på seg. Likevel er dei forunderlig nok berre Wussy. Med ein glød og eit lidenskapelig forhold til alt dei driv med.

5. Sturgill Simpson – Metamodern Sounds In Country Music
Det er ikkje berre den ufattelige friskleiken, og nærværet i tonane, eg merkar meg, men også viljen, og motet, både til å gå den rakaste enklaste mest naturlige og klassiske countryvegen, og til å driste seg utpå. Som det å sveipe tonane inn i psykedelia. Nokre gonger subtilt og sobert, andre gonger meir utstrakt.

6. Ought – More Than Any Other Day
Postpunk. Den stramme pågåande kantete fabelaktige postpunken er vel den mest nærliggande merkelappen å klistre på Ought. Men dei er ikkje berre slik, Ought kan også ha noko meir avrunda og elastisk i det dei gjer. Inntrykket er vel at det ikkje er avgrensingar og dogmer som er opplegget her. Heller eit frilyndt dykk inn dit energien har dei beste vilkår, der temperaturen aldri kviler.

7. Angel Olsen – Burn Your Fire For No Witness
Frå det skjøre til det konfronterande, frå det nennsame til det forrykande, den ueinsarta plata til Angel Olsen dekkar alt det og meir til. Når den så i tillegg er fostra på sterk vilje, har bevart passeleg med smuss, og er melodisk velhalden, sitt eg i grunn att ganske så tomhendt på innvendingar.

8. Parquet Courts – Sunbathing Animal
Eit band i frenetisk vigør, heilfrelste på konsise riff, hissig skinger og rammande groove. Der orda kjem fort, som ein dans i unnabakke. Med og utan fotfeste. Parquet Courts står ikkje stille, dei tar til seg det beste av det dei har høyrt, og gjer det om til sin måte å gå råbarka til verks på.

9. Sharon Van Etten – Are We There
På ingen måte eindimensjonale songar. Dei kan tolkast i ulik lei. Ja det er ikkje ein gong sikkert dei er så melankolityngde som dei gjer inntrykk av å vere. Ikkje er dei så marginale på melodisk variasjon som dei først kan gje inntrykk av å vere heller. Dei har ei blomstrande kraft i seg.

10. Woods – With Light and With Love
Human popmusikk. Med sine manglar, med sine intensjonar, med sitt overskot. Woods sitt album av året har mykje i seg og mykje for seg, og står fram som kongruent og variert i same andedrag. Sprett både lett over overflata og skjer seg inn i materien. Og 1967 er aldri langt unna.

11. Hookworms – The Hum
Psykedelisk vitalitet, hektande melodilinjer, suggererande rytmiske tilhøve, og ein ikkje ubetydelig larm.

12. Torgeir Waldemar – Torgeir Waldemar
Røysta. Den rommar klangen av det den formidlar. Tida. Han tek seg tid til å bli i songane sine. Songane. Dei har sitt klare opphav frå ein tradisjon, har sine merker frå meir enn ein låtskrivar, men høyrer likevel så sjølvsagt heime hos han som syng dei.

13. Simone Felice – Strangers
Han er her ikkje for å revolusjonere musikkhistoria. Han serverer 10 songar som hentar sitt liv og sitt vesen frå den amerikanske songtradisjonen.  Dei har sin verknad.

14. Damien Jurado – Brothers and Sisters of the Eternal Son
Den tidlegare trubaduren har for alvor funne fram til det dansbare, det psykedeliske, og det spirituelle.

15. EMA – The Future’s Void
Strenge, skarpe, kalde lydkjelder dansar og kranglar rundt låtar som oftare enn det kan virke som, sånn med det same, har eit godt melodisk hjerte.

16. Timber Timbre – Hot Dreams
Hot Dreams er ein tanke meir raffinert enn tidlegare plater av Timber Timbre, og har ein varme som ikkje alltid konsulterer gufset. Men fredlaust er det.

17. Strand of Oaks – HEAL
Ei reinsing, ein personleg kamp, men kanskje mest av alt ein kjærleik til musikken.

18. Beck – Morning Phase
Temmelig langt unna friskusen frå Odelay. Ikkje så veldig langt unna den tynga melankolikaren frå Sea Change, men med mindre melankoli i brystet.

19. The Men – Tomorrow’s Hits
Du skal ikkje kimse av god gammaldags rufsete rock’n roll. I alle fall ikkje slik den fortonar seg i henda til The Men frå Brooklyn.

20. Hurray For The Riff Raff – Small Town Heroes
Songar som kunne vore her for lenge sidan, som har eit gammalt Amerika i seg. Men dei er heilt nye, dei er eit friskt oppkok av folk, country og blues.

21. John Fullbright – Songs
Country som finn soul, mørke krokar, einsame tonar, og litt lykke.

22. Mirel Wagner – When the Cellar Children See the Light of Day
Ho vev livet, kjærleiken og døden i hop på sin måte – enkelt, tvitydig, dirrande.

23. Big Ups – Eighteen Hours of Static
Med glød i blikket og angst i bringa hiv dei seg over amerikanske undergrunnstonar slik dei lydde den gongen Pixies og Jesus Lizard var unge.

24. Joe Henry – Invisible Hour
Varme tonar, varlege tonar, og gåtefulle innspel om livets relasjonar

25. Pere Ubu – Carnival of Souls
Endå eit vitalt tilskot til ein etter kvart imponerande albumkatalog på utsida av gjengs rock’n roll åtferd.

Joe Henry – Invisible Hour

Standard

Varme tonar, varlege tonar, og gåtefulle innspel om livets relasjonar.                                               7

Invisible Hour Plata varer i 1 time. Joe Henry har gitt den tittelen Invisible Hour. Eg kan ikkje tru det er fordi han opplever den som ein usynleg time. For usynleg er den jo ikkje. Ikkje det at den er påtrengande heller, eller brusar med fjæra og er høglytt. Dette er ei plate, ein time, som smyg seg inntil ein, utan oppstuss, i eit akustisk folkrockbilde, med render av jazz. Ei varm og god plate, om relasjonar.

Opphavsmannen har sjølv skrive ned nokre tankar om kva plata handlar om. Ekteskap, ytrar han. Men ikkje ekteskap som eit substantiv, heller då ekteskap som eit verb. Noko ein gjer, er, virkar i, og stadfestar kvar dag. Det skin ikkje klart igjennom songanes gåtefulle vesen at det er nettopp dette som blir forsøkt formidla. Kanskje det kan kallast ein styrke? At songane på plata, songane til Joe Henry, gjennom alle hans plater, no tretten i talet, ikkje er opplagte, ikkje er eindimensjonale, ikkje dansar den lettaste vegen, men heller lar lyttaren få litt å gruble over. Sjølvsagt er det ein styrke.

«It wasn’t peace I wanted, so it wasn’t peace I found» er dei fyrste orda Joe Henry syng på plata. I den spesielt godt tempererte og attråverdige songen Sparrow. Orda, innleiingsorda, fortel kanskje noko om kva innstilling han gjekk inn i ekteskapet med, og kva innstilling han lever livet sitt etter. Og kanskje fortel dei også noko om kva innstillinga hans er når han skapar sine songar. Denne gongen, denne timen, i eit meir tålsamt bilde enn på dei føregåande platene. Meir i eit klassisk folksongbilde, meir slik han gjorde det tidleg på nittitalet.

Men Levon Henry var ikkje med og spelte på nittitalsplatene. Han var ikkje gamle karen då. Han har sitt fornamn etter den legendariske songaren og trommeslagaren i The Band, han har sitt etternamn etter faren Joe, han spelar klarinett og saksofon, han gjer gode ting for Invisible Hour. Jazztonen er det han som har hovudansvaret for, ein nennsam, blå, mørk og lys tone, som kan vere både snill og kranglete, karrig og oppglødd.

Van Morrison er aldri langt unna når Joe Henry lagar musikk. Astral Weeks har sannsynlegvis for mange år sidan tatt bustad i han. Så ånda frå den eksentriske iren lever kringom tonane på Invisible Hours også. Der har den eit like godt liv som på tidlegare Henry-utgjevingar. I den episke songen Sign, om ein fyr som har gjort livet surt for mangt eit menneske, ikkje minst seg sjølv. I den lausleg huskande Plainspeak, om kryssande sansar og variantar kring det å uttrykke seg klart og tydelig. Og i den vesle bluesen til Alice, Alice Munro, og hennar evner til å finne det store og essensielle i det små og kvardagslige.

Ein time å lene seg godt inntil.

Musikalsk årsoppgjer for 2003

Standard

Heime i stova mi har det faktisk vore teikn til elektrisk stemning under avspelinga av både det eine og det andre av årets musikalske framstøt, så sjølv om det ikkje er heilt 1969, 1975, 1977 eller 1991 kan eg vel ikkje gjere anna enn å seie meg godt fornøyd med plateåret 2003. Her er platene eg fann det aller riktigast å trekke fram:

1. Ben Weaver – Hollerin» At a Woodpecker
Det er sannelig ikkje kvar dag ein får oppleve sangarar som går så fryktlaust og direkte til verks i historiane sine som unge Ben Weaver frå St. Paul, Minnesota. Historiar om tap, savn, redsel, mot, håp, motgang, blod, fortvilelse, død, hat og lidenskap. Med ei stemme som ber i seg fjellets fasthet, skogens mystikk, præriens einsemd og elvas villskap leverer han 14 sangar som nektar å være likegyldige. Der han fjernar all ferniss og søker mot sjela til karakterane sine. Han finn den og, som regel skakkøyrt og ulykkelig, men med eit romantisk hjerte som dunkar ikkje langt unna.
Han pløyer ikkje ukjent mark, men han pløyer med ein intensitet og ein smertelig råskap som lagar spor få har gjort før han. Det er eit enkelt komp han har valgt som følge; akustisk gitar, banjo, mandolin, fele, litt enkel rytme og eit munnspel som er overalt. Sangane hentar sin inspirasjon frå folk, country og blues, det lyder friskt og ekte, og er som ein renselse mot alt det kjønnslause og masseproduserte.

2. Lucinda Williams – World Without Tears
La det være sagt med ein gong; World Without Tears representerer femte kapittel i føljetongen «Lucinda Williams sine ekstraordinære album». For nok ein gang har den Louisiana fødte Lucinda levert eit briljant album i skjæringspunktet mellom country, folk, blues og rock.
Sjeldan har eg høyrt ei plate så intenst levande som denne. Den er eit knust hjerte, ei skadeskutt sjel, eit rått og nakent oppgjer, og er full av lengsel og begjær. Det er ikkje mange som har mot til å servere ein så hudlaus, og til tider brutal poesi som det Williams gjer i desse 13 sangane. Ho opptrer utan sikkerhetsnett i sine skildringar av korleis innvollane vrir seg av fortviling og vrede over svikefulle elskarar, eller i framstillingane av frynsete og stormfull lidenskap. Men ho er aldri i nærleiken av å brekke nakken, den presise inn-til-beinet poesien fangar essensen, og Lucinda framstår nok ein gong som ein av vår tids mest truverdige skildrarar av mellommenneskelige (unntaks)tilstandar.

3. Joe Henry – Tiny Voices
Joe Henry sitt siste verk, døypt Tiny Voices, er ingenting mindre enn ein musikalsk fest av dimensjonar. Ein drøy time med store låtar, stor musikalitet, løpske instrument, eklektisk innstilling og sjel, sjel, sjel.
Det er ikkje støtt ord som levande, friskt og idérikt er like treffande som tilfellet er i forhold til denne vesle dingsen med innspelt musikk. Her sprett det fram tone etter tone med ei magnetisk tiltrekningskraft, som fører ein avgårde på eit usedvanlig fargerikt musikalsk eventyr. Vel kan det seiast å være atmosfæriske sammenvevde og intrikate klangar som dukkar opp. Men der andre i samme ærend ofte går seg fast i flinkheten og idérikdommen, har Joe ein så grødefull melodiskatt på baklomma at sangane aldri står i fare for å bli livlause skjelett.

4. Ed Harcourt – From Every Sphere
Det skulle ha vore eit dobbeltalbum. Det skulle hatt tittelen The Ghosts Parade, og det skulle bli eit ambisiøst konseptalbum om spøkelser, eventyr, fantasiar og draumar. Eit lengre kjærleiksforhold gjekk imidlertid i oppløysning i starten av prosjektet, slik endte Harcourt opp med mange sangar om savn og lidenskap. Så det blei litt annleis. Tittelen kunne likevel framleis vore dekkande, for spøkelser av ulike valørar har ei framtredande rolle på albumet. Men From Every Sphere er ein god tittel det og, for Ed Harcourt forsyner oss med opplevingar frå mange sfærer her. Det handlar om dei harde realitetane og uregjerlige fantasiane, om håpefulle draumar og svette mareritt, om fortida sine spøkelser og framtida sine forhåpningar, men aller mest handlar det om livet, om kjærleiken og om døden.

5. The Fiery Furnaces – Gallowsbird’s Bark
Vil du helst ha din rock og din blues kraftfull, kompakt, rakrygga og konvensjonell, kan du like godt stige av her. For denne turen ber rake vegen til ein blues-gjødsla grøftekant der slike førestellingar er heilt ukjente. Det er ein grøftekant eg ikkje ante eksisterte, men som har nokre av dei styggvakraste blomane eg nokon gong har oppspora. Dei veks opp av steinar, ut av metallrestar, igjennom knuste glasflasker, og dei får sin gjødning frå ein kakkelovn som spyr ut gloheite, skarpslipte og vaklevorne riff og tonar henta frå ein ilsken men ikkje så lite fascinerande blues-republikk som for fleire år sidan blei utstøtt frå det gode selskap. Dei har ein uanstrengt haldning til sine røter, kan være respektlause, er ikkje redd for å bryte reglar, og har i all sin snodighet eit særdeles vinnande vesen. Dei kallar seg The Fiery Furnaces.

6. Nina Nastasia – Run to Ruin
Dette kunne vore åtte låtar gjort i ein konvensjonell folkcountry-stil, og sikkert blitt eit rett så bra album. Dette kunne vore ei lita diktsamling, åtte minimalistiske nedteikningar, og det hadde også blitt patent. Men dette er likevel noko heilt anna: Det er Nina Nastasia si røyst, dvelande og forførande men framfor alt veldig levande, som opptrer i perfekt selskap med eit glødande ensemble, der instrumenter som cello, fiolin og kontrabass, samt Jim White (Dirty Three) sitt smidige trommespel spelar viktige roller. Her i krysningspunktet mellom Nina sine vokale prestasjonar og bandet sine frenetiske, men i høgaste grad dynamiske, avleveringar er det Run To Ruin sitt sanne ansikt og magnetiske tiltrekningskraft ligg. Her blir motsetningane sett opp mot kvarandre; lys versus skygge, det melodiøse versus det atonale, det skjøre versus det brutale, det vakre versus det stygge.

7. Richmond Fontaine – Post To Wire
Langt borte frå tonepyntarane og lydakklimatisererane sin verden går livet stadig sin skeive gang. Eit gjeng som manar fram inspirerte tonar frå denne delen av musikk-kartet er Portland, Oregon kvartetten Richmond Fontaine. Bandet sin femte utgjeving, med tittelen Post To Wire, gjer det klart og tydelig at vi her har å gjere med eit band som har så vel skarpsindige ord som tonar på programmet. På ein sti like i nærleiken av countryrock terrenget Uncle Tupelo, Jayhawks (Mark Olson-æra) og Whiskeytown vandra rundt i på 90-talet har dei funne eit åpent lende der så vel sår akustikk som truande ørkenvind og råbarka gitar overhalingar for lov å gjere seg gjeldande. Ein plass der også melodi-snittet til gamle heltar som Paul Westerberg (The Replacements) og Grant Hart (Hüsker Dü) gror.
Utan tvil eit av dei aller mest oppegåande country-infiserte rocke-tiltaka i dagens musikkbilde.

8. My Morning Jacket – It Still Moves
Neil Young + Wayne Coyne (Flaming Lips) : 2 = Jim James. Dette er ikkje matematikk, dette er ikkje ei udiskutabel sanning, men det er noko i fraseringane til My Morning Jacket sin sangar som minner veldig om dei to nevnte herrar. Det totale bildet er det imidlertid Jim og hans kompanjongar frå Louisville, Kentucky som komponerer med heilt sjølvmiksa fargar. Og det er eit stort lerret dei har sett seg føre å dekke (12 låtar, 70 minuttar), likevel er det sjeldan dei går trøtte og dreg uinspirerte linjer og strøk. For med noko som minner om sitt bysbarn Muhammed Ali sin smidighet, vev dei saman eit mektig brygg av seig boogie, countryflørt, riff rock samt kraftfulle droner og serverer det heile med eit melodi-mønster skapt av ein James som veit korleis rocke-vendingar skal gjerast og kor popskapet står.

9. Outkast – Speakerboxxx/The Love Below
Ingen årsbeste-liste utan ein dose med skikkelig funky saker, og då kjem ein ikkje forbi sørstats-duoen Outkast, som for tre år sidan leverte noko som minna sterkt om tidenes beste hip-hop album (Stankonia). Nå er dei tilbake med ein dobbel porsjon, henta frå kvar sin sydande seanse. Speakerboxxx tilhøyrer Big Boi og The Love Below er Andre 3000 sin. Og for ein rett dei serverer, for sjølv om det kanskje finst ingrediensar ein dyttar litt til sides, og ein sit noko aldeles stappmett tilbake hvis ein inntar alt i ei vending, er dette definitivt heftige saker. Hovedingrediensen er fortsatt Hip-Hop men det heile er i endå sterkare grad enn tidlegare tilført ein salig blanding av psykedelia, soul, jazz, swing, funk og pop. Hey Ya!

10. Pedal Steel Transmission – The Angel of the Squared Circle
Er du redd for steel gitarar, høyrest dette bandnavnet sikkert skummelt ut. Men det er ingen grunn til å skygge unna, for Pedal Steel Transmission leverer ein time rockbasert musikk som bør røre ved sjela til langt fleire enn steel gitar interesserte. Ja når sant skal seiast er det nok atskillig meir å hente her for tilhengarar av frigjort rock’n roll enn for dogmatiske country entusiastar. På programmet står nemlig ein saliggjerande mikstur av det meste ein kan tenke seg frå countryrock via psykedelia og progrock til postrock. Definitivt eit av denne hausten sine aller mest innbydande rock’n roll brygg. Der ein kan kjenne smaken av alt frå Love og Flying Burrito Brothers til nyare akter som Mercury Rev, Built To Spill og Wilco. Men når det er sagt; blandingen PST serverer er aller mest noko heilt for seg sjølv.

Og når eg så fekk tenkt meg om, i vekene, månadane og åra som kom etter at denne lista vart til, så ser eg så definitivt at desse platene også skulle ha vore med der:

Songs: Ohia   – The Magnolia Electric Co
M. Ward  – Transfiguration Of Vincent
The Wrens  – The Meadowlands
Okkervil River  – Down the River of Golden Dreams
Drive-By Truckers – Decoration Day
Broken Social Scene – You Forgot It In People
The New Pornographers –  Electric Version
The National – Sad Songs For Dirty Lovers
Sufjan Stevens  – Greetings From Michigan
Super Furry Animals – Phantom Power

Joe Henry – Tiny Voices

Standard

Ein drøy time med store låtar, stor musikalitet, løpske instrument, eklektisk innstilling og sjel, sjel, sjel.

cover  Eg har ei stor synd å erkjenne: Eg har sannsynlegvis gjort Joe Henry ein grov urett. Det har seg nemlig slik at eg i 1999 etter nokre timar i samvær med Fuse konkluderte med at Joe Henry sin musikk var for så vidt grei nok den, men faktisk litt kjedelig også. Fem år tidlegare hadde eg rett nok funnet ein del fine ting på den country-infiserte Kindness of the World, men likevel uten at den var i nærleiken av å ta pusten frå meg på nokon som helst måte. Når så Scar dukka opp for eit par år sidan, og fekk omtalar som burde ført meg rett til nærmaste platesjappe for å handle inn, møtte eg den istaden med ei kald skulder: «Joe Henry, pøøhh!» Dette er truleg ein av dei største feilvurderingane eg har gjort i mitt platekjøpande liv.

Plata eg har levd saman med den siste tida, Joe Henry sitt siste verk døypt Tiny Voices, er nemlig ingenting mindre enn ein musikalsk fest av dimensjonar. Ein drøy time med store låtar, stor musikalitet, løpske instrument, eklektisk innstilling og sjel, sjel, sjel.

Til sitt vesle sjangerblandande univers har Joe Henry fått med seg ein brokete gjeng musikantar. Frå den mykje brukte tangentspelande Patrick Warren (Michael Penn, Macy Gray, Aimee Mann) til den frilynte klarinettisten Don Byron. Før innspelingane skulle ta til gav han desse musikarane, i frisk stil, kun skissene av låtane. Han ville nemlig ikkje at dei skulle møte med for mange fastlåste overtydingar om korleis dette skulle låte. I løpet av fem dagar improviserer og spelar dei så inn dei tolv spora som utgjer Tiny Voices.

Det er ikkje støtt ord som levande, friskt og idérikt er like treffande som tilfellet er i forhold til denne vesle dingsen med innspelt musikk. Her sprett det fram tone etter tone med ei magnetisk tiltrekningskraft, som fører ein avgårde på eit usedvanlig fargerikt musikalsk eventyr. Vel kan det seiast å være atmosfæriske sammenvevde og intrikate klangar som dukkar opp. Men der andre i samme ærend ofte går seg fast i flinkheten og idérikdommen, har Joe ein så grødefull melodiskatt på baklomma at sangane aldri står i fare for å bli livlause skjelett.

Sjølv om Joe Henry sitt uttrykk absolutt kan få karakteristikken originalt, har han i likhet med alle andre også latt seg påvirke av nær og fjern musikalsk historie. Nå har ikkje eg den voldsomme kjennskapen til mannen sine favorittkjelder, men ynskjer likevel å peike på fire album som eg personleg synest har eit visst slektskap med Tiny Voices:

Det første albumet eg vil trekkje fram er i mange sine auger eit av rockehistoriens største, vi snakkar om Van Morrison sitt stilblandande verk Astral Weeks. Eg føler nemlig at Joe Henry er ute i noko av det samme ærendet her, der han blandar rock, folk, soul, blues og jazz på den mest naturlige måte.
Dei to neste albuma er John Hiatt sitt Bring the Family og Graham Parkers Howlin» Wind. I tillegg til ein viss stemmelikhet med desse to, er det låtar på Tiny Voices som melodimessig held til i samme soulinfiserte landskap som det Hiatt og Parker opererer i på deler av sine utgjevingar.
Den fjerde plata er Kind Of Blue. Ja, du leste heilt rett, Miles Davis sitt mesterverk frå 1959. Eg er ingen jazz-kjennar, hadde eg vore det kunne eg sikkert funnet eit meir opplagt valg. Men det er likevel noko med den leikande, fabulerande og improviserande framferda som gjer at Tiny Voices har mykje av det samme vinnande vesenet som jazzklassikaren.

Vel vel, nå skal eg ikkje dra dette lenger ut på viddene, men heller prøve å bringe oss tilbake til det det egentlig skulle handle om, låtane på Tiny Voices. Det åpnar med This Afternoon, ein sak der Joe sine fraseringar ikkje er så ulikt ein viss Sting, men med langt meir substans enn kva engelskmannen har å vise til. Vi får og servert små friske utblåsingar frå både nevnte Byron og trompetisten Ron Miles. Ja, låta markerer seg som ein særdeles velsmakande og kvalifisert smaksprøve på kva vi har i vente. Tekstmessig slår han også an tonen her, stikkord er ubehag, maktmisbruk, svik, unge prostituerte, forretningsmenn, revolusjon og ein oransje kopp. Og det er som regel her i dette temmelig dunkle og mistrøstige lendet han opererer. Han gjer det imidlertid som oftast på eit surrealistisk og absurd vis. Slik at dei sterke, svette, desperate, mørke, skitne, blodige, lidenskapelige, dirrande og kryptiske bildene han teiknar får eit ikkje så lite burlesk preg.

Sånn, då får eg kanskje prøve meg på ein liten karakteristikk av dei resterande spora. Og då tenkjer eg vi startar nærast jazz-territoriet og bevegar oss gradvis mot soul- og pop-riket. Dei mest jazzinspirerte tilfella har sine representantar i dei seige og ulmande låtane Animal Skin og Flesh and Blood. Sistnevnte var for øvrig også eit av høgdepunkta på Joe Henry-produserte Solomon Burke comeback frå i fjor. Jazz er vel også kanskje den viktigaste dosen i dei Tom Waits-liknande Loves You Madly, ikkje så reint lite sprelsk og karnevalsk, og Widows of the Revolution, som nærmast kunne vore henta rett ut av Small Change. Joe Henry er nå for øvrig å finne på samme label som Waits, Anti/Epitaph.

Dampande om skam og mismot er balladen Sold; «Please don’t speak another truth out loud, whatever else you do». Mens Byron sin klarinett truar med å sette fyr på nydelige Leaning, som handlar om rastlausa og dei fortvila minnene som ikkje slepper taket når den klaustrofobiske einsemda truar. I frå samme melodiske kjelde har Henry også henta inn dynamiske og stridslystne Flag. Tittelkuttet er ein enkel rockelåt, laust joggande, funky og med eit deilig luftig groove. Tilstandar som og kan være ganske så beskrivande for den litt barskare Dirty Magazine.

Albumet sine kanskje mest iøyrefallande stunder er å oppleve i selskap med det duvande soulpop-eventyret Lighthouse, og avsluttande Your Side of My World som etterkvart smyg seg inn i mektig harmonisang. Ein sjølvransakande illusjon, eit surrealistisk opptog; «coming in as big as life, from your side of my world». Grundig vakkert.

Så ta dykk tid og råd til ein tur inn i Joe Henry sin musikalske verden. Det er nemlig slett ingen god idé å ignorere denne akrobatiske og innovative artisten, eg talar av erfaring. Men no skal det rettast opp att; Fuse har alt fått sin oppreisning, og ved sida av meg ligg eit nyinnkjøpt og jomfruelig eksemplar av Scar. Eg gler meg.

8/10

Først publisert på Groove.no (i 2003)