Tag Archives: Camp Cope

2018 – Eit lite musikalsk årsoppgjer

Standard

Ei vedkjenning: Det er drøssevis av album gitt ut det herrens år 2018 som eg ikkje har høyrt på. Og om lag like mange som eg aldri kjem til å høyre på.
Så å stille seg til dommar over kva som er dei aller beste av det som har komme ut av musikk dette året er sjølvsagt ein toskete ting å gjere. Difor skal eg ikkje gjere det. I staden gjer eg noko anna litt toskete, men altså då mindre toskete, eg presenterer ei liste over dei beste albuma eg faktisk har høyrt. Kor mange eg har høyrt? Nei sei det du, eit eksakt rekneskap over slikt fører eg ikkje. Kor mange eg har høyrt godt nok på? Tja, i alle fall tjue…trur eg.

Bilderesultat for parquet courts wide awake

1. Parquet Courts – Wide Awake!
Punk og funk. Alvor og fest. Stramt og skakt. Eller som songaren proklamerer innleiingsvis på albumet: «We are conductors of sound, heat and energy». Du verden som New York-kvartetten lever opp til det manifestet dei neste 38 minuttane.

2. IDLES – Joy As An Act of Resistance
Livleg punkrock med groovet intakt. Med to utemde gitaristar og ein vokalist som på eit kraftfullt og noko ufjelga vis tar eigedom over songar som på det tekstlege plan gjer til kjenne eit sympatisk sinnelag.

3. Sons of Kemet – Your Queen Is A Reptile
Jazzkvartetten frå London leverer på sitt tredje album ein groovefest det er umogeleg å vere likegyldig til. Og nyttar samstundes høvet til å hylle dronningar som fortener å hyllast. Frå saksofonisten Shabana Hutchings eiga oldemor til borgarrettskjempar Angela Davis.

4. Kacey Musgraves – Golden Hour
Frå country til pop, perfekt pop. Utan at countryrøtene er kutta over. For det er countrysjatteringar att i songane på Golden Hour. Nokre har fleire, nokre har færre, nokre har knapt nokon. Først og fremst er dette songar som blenkjer.

5. Rolling Blackouts Coastal Fever – Hope Downs
Det er rastlaust, det er godmelodiske, det kan kallast tøff gitarpop, og det kjem frå Australia. Og Talking Straight kan vel vere årets låt.

6. Camp Cope – How To Socialise & Make Friends
Tre unge damer frå Melbourne som ikkje ber om merksemda, som berre tar den. Og serverer energisk folkpop med punkattityde.

7. Car Seat Headrest – Twin Fantasy
Ein mann og hans band gjer eit glødande besøk tilbake til eiga fortid. Will Toledo spelar inn på nytt, og forbetrar, eit album som først blei spelt inn i 2011.

8. Janelle Monáe – Dirty Computer
Eklektisk er det jo, der det omfamnar så mykje, frå soul og funk til psykedelia og reinspikka pop. Og så er det både utfordrande og yppig … og i grunn ikkje så vanskeleg å like.

9. Ezra Furman – Transangelic Exodus
Desperate songar for desperate tider. Furman har tileigna albumet «the immigrant, the refugee, the closeted, the out, the vulnerable, the homeless, the searching». Fleire enn det vil antakeleg ha utbytte av å ta ein lytt eller ti.

10. No Age – Snares Lika A Haircut
LA-duoen No Age har ikkje mista grepet, og leverer framleis fargerik energi og bra bråk.

11. Courtney Barnett – Tell Me How You Really Feel
Eit friskt og freidig folkpunk-opplegg…ikkje heilt uventa.

12. Årabrot – Who Do You Love
Nok ein bra dose mektig og intens Årabrot-rock.

13. Shame – Songs of Praise
Postpunk frå ein garasje i Sør-London som har sitt å melde.

14. Mitski – Be the Cowboy
Popmusikk som dansar lettbeint av stad. Litt skrudd, temmeleg eklektisk, og fint fengande.

15. Bodega – Endless Scroll
Eit nytt Brooklyn-band, som går energisk til verket og skapar den eine snertne punk-låta etter den andre.

16. Mount Eerie – Now Only
Sterke songar om livet etter å ha blitt ramma av døden, del 2

17. Father John Misty – God’s Favorite Customer
Misty møter Tillman i døra. På eit album som altså har sitt i gje, berre litt mindre enn kva Misty har skjemt meg bort med på sine tre førre.

18. Colter Wall – Songs of the Plains
Country gjort på den enkle og effektive måten. Spartanske tonar fylgjer ei sterk stemme, i ei handfull med gode songar.

19. Haley Heynderickx – I Need To Start A Garden
Ein liten hage av viser som blomstrar både nennsamt og sprekt.

20. Phosphorescent – C’est La Vie
Endå ei stemningsfull og melodisk tiltrekkande plate frå den kanten.

Camp Cope – How To Socialise & Make Friends

Standard

Tre unge damer som ikkje ber om merksemda, som berre tar den.

  Ingen dikkedarar. Rett til beinet. Fri for pynt og staffasje. Ein gitar, ein bass, eit trommesett, og ei røyst ein nok ikkje skal tvile på. Dei er tre. Dei er unge. Dei er damer. Dei kallar seg Camp Cope, og kjem tilsynelatande med oppskrifta på How to Socialise & Make Friends. Om ein skal tru på, og legge sterk vekt på, tittelen på deira andre album i alle fall. Det er eg litt i tvil om, men eg er ikkje det minste i tvil om at dei ni låtane på dette albumet er ekte vare.

Camp Cope kjem frå Melbourne, Australia. Eg oppdaga dei heilt nyleg, men dei starta ut som band for sånn cirka tre år sidan. Og albumdebuterte i 2016 med eit sjølvtitulert album, der coverframsida er eit barndomsbilde av vokalist/gitarist/låtskrivar Georgia «Maq» McDonald (knipsa få dagar etter at ho var ute for ei ulykke). Denne gongen er alle tre damene avbilda på framsida. I ein bil. I baksetet trommeslagar Sarah Thompson, som på albumet har ein fyndig omgang med trommesettet, der ho vel meir går inn i ein dans med songaren enn at ho tar full kontroll over det rytmiske. I førarsetet bassist Kelly-Dawn Hellmrich, som viser seg som ein bassist med hang til å servere melodiske linjer. Ho fyller på eit vis eit eige rom i lydbildet, og ho gjer det med både kreativitet og eleganse. På taket, med nøklane dinglande i handa, Georgia Maq. Og det er vel ikkje til å komme forbi at ho har ei nøkkelrolle i trioen. Ho syng som om ho meiner kvart einaste ord. Og det er det vel all grunn til å tru at ho gjer? Ho syng frå innerst og ut. Ikkje elegant, men sterkt. Ikkje i songar som nødvendigvis har ein tradisjonell vers/refreng-form. Men i songar der det raskt blir etablert ein grunnmelodi, og så blir tatt med på ei ferd derifrå, men heile tida sirkulerande rundt denne grunnmelodien. Energisk sirkulerande.

Camp Cope er i full fyr. Ein kan beskrive det dei gjer som punk, men må då legge til at det er punk med ein folky-tone. Litt som Liz Phair då ho gjorde sin Exile In Guyville, litt som den energiske visepunken til Ani DiFranco, og litt som den energiske poptonen til Waxahatchee. Men sjølvsagt mest, og ganske så fullt og heilt, som Camp Cope.

«The future is female» står det å lese på ei t-skjorte Georgia Maq stundom kler seg i. Då bandet rundt nyttår spelte på ein festival (Falls festival) proklamerte Maq frå scena at ho var misnøgd med at det var så få kvinner blant artistane på festivalen. Bandet stilte også i, og delte ut, t-skjorter med teksten «The person wearing this shirt stands against sexual assault and demands a change».

Camp Cope legg ikkje eit sekund skjul på at feministiske tema opptar dei. Og dei har eit bodskap i songar på albumet som treff ganske så midt i #meetoo tematikken. The Face of God er sonisk sett ein av dei meir nedtona spora på albumet, men Maq er ikkje spesielt nedtona når ho fortel korleis eg-personen i songen klokka tre om natta drar heim og finn komfort i midten av si eiga seng. Heilt åleine. Etter å ha blitt utsett for krenkande åtferd frå ein mann. Frå ein musikar. Ein flink musikar. Som ingen kan få seg til å tru kan gjere nokon noko vondt, fordi hans «music is too good».

I den sonisk offensive og smått intrikate låta Animal & Real er klokka to om natta. Og eg-personen har noko som plagar henne. Frå ei nær fortid. «The past won’t leave the present alone», ytrar songaren. Kva som ligg i fortida kjem ikkje klart fram. Her er eit uavklara samansurium av skam og hugnad. Slik jo livet kan fortone seg. Og her er vi vel med ein slags kjerne i Camp Cope sine songar. Dei er slett ikkje eindimensjonale åtak. I sin offensive skapnad tar dei inn i seg ikkje så reint lite med nyansar. Og fortel at vi menneske, vi elskar og vi snublar og vi prøver og er alt anna enn perfekte, men ein ting vil vi i det minste bli, vi vil bli respektert.

The Opener er eit opningsspor, men har sin tittel frå det å vere eit opningsband. Camp Cope vil ikkje vere eit opningsband. Songen startar som ei beskriving av eit kjærleiksforhold på veg inn i ei krise. Ei krise forårsaka av at mannen ikkje klarar å takle dama når ho utfordrar han («Treat them like queens until they disagree»), og når ho får suksess. Siste del av songen er ei oppramsing av utsegn trioen har fått frå ymse menn. «It’s another man telling us we’re missing a frequency, show ’em Kelly» syng Maq, og har i tankane at bassisten spelar instrumentet sitt i eit høgare tonelag enn kva som er vanleg. Noko fleire menn har rådd dei å gjere noko med. «It’s another man telling us to book a smaller venue» syng Maq. Som deretter opplevde å fylle den større konsertsalen. Og finn det derfor høveleg å avslutte songen med ein strålande snerr: «Well, see how far we’ve come not listening to you».

Tittellåta handlar ikkje så mykje om å bli sosialisert og få venner. I eit bra driv formidlar Maq heller korleis eg-personen riv seg laus frå eit forhold. Korleis ho ikkje møter opp og finn nøkkelen han har gøymt ved bakdøra. Korleis ho syklar gjennom nattlege folketomme gater på ein sykkel utan styre. Og korleis ho til slutt med fynd slår fast at «I can see myself living without you, and being fine».

Som siste song på albumet kjem det eg vil kalle ei nydeleg vise. Der Georgia Maq åleine med sin akustiske gitar syng om faren som døydde hausten 2016. Etter ein kamp mot kreften. Ho vev inn i songen ulykka som skada henne stygt då ho var liten, og ho vev inn nokre linjer om «the casual blindness toward the cruelty of man», men først og fremst er det ein kjærleikssong til ein far (Hugh McDonald, som også var musikar, bl.a. ei tid i bandet Redgum):

I will never meet a man
That can make me question life the way you can
A defender of freedom
An advocate for truth
I’m so proud that half of me grew from you
All the broken parts too
I’ve got you

Med mot, med ein musikalitet som ligg utanpå, og med «all the broken parts too» har Maq og hennar to venninner laga eit album (for ikkje å seie to, for debuten er om lag like bra) fri for nonsens, fullstappa av glød.

8/10

TIDAL: CAMP COPE – HOW TO SOCIALISE & MAKE FRIENDS