Tag Archives: Tom Roger Aadland

Popkroken sitt årsoppgjer 2016

Standard

50 bra plater frå 2016 – og ein del bra bøker.

Bilderesultat for parquet courts human performanceBilderesultat for wussy forever soundsBilderesultat for leonard cohen you want it darkerBilderesultat for angel olsen my womanBilderesultat for årabrot the gospelBilderesultat for a tribe called quest we got it from here... thank you 4 your serviceBilderesultat for steve gunn eyes on the lineBilderesultat for the switch the albumBilderesultat for kate tempest let them eat chaos

Det er nok mogeleg at musikkåret 2016 først og fremst vil bli huska for alle som fall ifrå i løpet av dei 366 dagane. Frå David Bowie til Prince til Phife Dawg til George Martin til Merle Haggard til Alan Vega til Glenn Frey til Guy Clark til Leon Russell til Leonard Cohen til George Michael og fleire med dei. Men eg skal huske det for ny bra musikk også.

I det store perspektivet. Det som rekk langt utafor Popkroken er det nok ymse meiningar om kor bra nett dei 50 platene eg nemner under er. Og ikkje minst vil det kunna bli hevda at her er det jammen meg essensielle saker som manglar. Slike som årets plater frå Radiohead, Kanye West, Jenny Hval, Anohni eller Rihanna. Til det kan eg ikkje seie at eg ikkje har høyrt dei. For det har eg. Den einaste årsaka til at dei ikkje er på lista er at dei ikkje trefte meg like bra som dei som er der gjorde. I subjektivitetens heilage namn er det nett slik det må vere. Noko verre er det då med plater eg ikkje har høyrt. Men som kan ha eit vesen som kunne ha treft meg. Dei rakk dessverre ikkje fram i tide til dette årsoppgjeret, men eg ser fram til å møte dei.

1. Car Seat Headrest – Teens of Denial
Tonane tar verkeleg fyr i dette verket til unge Will Toledo, og eit par medsamansvorne av han. Meir presist er det 70 minuttar med gitarbasert rock, der nittitalet møter nåtid, i songar det osar melodisk kraft og glødande vilje av.

2. Parquet Courts – Human Performance
Femte albumet til New York-kvartetten, og punktonen er litt meir raffinert. Men energien rår og tapte illusjonar flagrar vegg imellom.                                                                                     

3. Wussy – Forever Sounds
Gitar, gitar, elektrisk gitar. Det er Forever Sounds det. Ein stad der heartland møter shoegaze, der psykedelia møter vindskeiv country.

4. Leonard Cohen – You Want it Darker
Vis poesi om kjærleiken, alderdomen, livet, døden og gud.                                                     

5. Angel Olsen – My Woman
Frå det elektrisk pågåande til det praktfullt ettertenksame.                                                      

6. Årabrot – The Gospel
Eit desperat ritt gjennom eit eigenarta postpunklandskap.                                                       

7. A Tribe Called Quest – We Got it From Here… Thank You 4 Your Service
Nittitalets beste hiphop-ensemble hadde litt meir på lager.                                                      

8. Steve Gunn – Eyes On the Lines
Ein ny dose varm Gunn-folkrock til å forsvinne inn i.                                                             

9. The Switch – The Switch Album
Oslobandet serverer her ein raffinert poptriumf av det verkeleg uimotståelege slaget.

10. Kate Tempest – Let Them Eat Chaos
Eit dikt, ein historie, eit usminka og nådelaust hiphop-album.                                                 

11. Beyoncé – Lemonade
Ei samling sterke songar som går vegen frå kneståande fortviling til glødande styrke.                      

12.Okkervil River – Away
Med ny besetning seglar Will Sheff vidare, ny og attkjenneleg og med folkrocken sin glødande intakt.                                                                             

13. Nick Cave & The Bad Seeds – Skeleton Tree
Eitt år etter at Cave mista sonen sin i ei tragisk ulykke serverer han eit album kledd i sorg.              

14. The Jezabels – Synthia
Synth-smart, melodisk forførande, og ei stemme som eig kvart ord.                                       

15. Ryley Walker – Golden Sings That Have Been Sung
Folkrocksongar som er meir enn det.                                                                            

16. Lambchop – FLOTUS
Kurt Wagner har skaffa seg vokalprosessor – Men Lambchop er no Lambchop likevel.        

17. David Bowie – Blackstar
Bowie si siste forvandling, ei gripande ei.                                                                    

18. Kevin Morby – Singing Saw
Musikken, naturen, melankolien, varmen og ei mystisk sag.                                                   

19. Drive-By Truckers – American Band
Ei handfull sterke historier frå vår tids beste sørstatsrockeband                                         

20. Stein Torleif Bjella – Gode Liv
Kan Bjella vere vaksinert mot å gje ut anna enn strålande plater?                                           

21. Kendrick Lamar – Untitled Unmastered
«Pimp pimp hooray», eit lite upolert supplement til fjorårets allereie legendariske To Pimp a Butterfly.                                                                           

22. Margo Price – Midwest Farmer’s Daughter
Eit friskt countrypust ifrå utkanten av Nashville.                                                         

23. Anderson .Paak – Malibu
Ein fargerik og varm time i hiphop og r&b-regionen.                                                               

24. Woods – City Sun Eater In the River of Light
Sol og groove og jazzkrydra pop-psykedelia.                                                                           

25. Tom Roger Aadland – Blondt i Blondt
Dylan og vestlandet og skikkeleg musikalsk omsetjing                                                            

26. Diiv – Is The Is Are
Ein poprytmisk odyssé om eit liv som hang i ein tynn tråd.                                                     

27. Savages – Adore Life
Livet er elektrisk, hånda er knyta og groovet gløder.                                                               

28. Kyle Craft – Dolls of Highland
Ein stad mellom Glam og Dylan hiv Kyle Craft seg ut i det.                                                   

29. Thee Oh Sees – A Weird Exits
Ein bra dose groovy psykedelia frå ein produktiv fyr og hans medsamansvorne.                   

30. Brigid Mae Power – Brigid Mae Power
Stillferdige folk-songar som smyg seg tett innpå.  

Og sidan eg først var så godt i gang, og ikkje har vit til å gje meg medan leiken er god, så listar eg altså like godt opp tjue til:                                                                      

31. Preoccupations – Preoccupations
32. Heron Oblivion – Heron Oblivion
33. William Tyler – Modern Country
34. Cian Nugent – Night Fiction
35. Solange – A Seat at the Table
36. Bon Iver – 22, A Million
37. Whitney – Light Upon the Lake
38. Frøkedal – Hold On Dreamer
39. Frank Ocean – Blonde
40. Hiss Golden Messenger – Heart Like A Levee
41. Pinegrove – Cardinal
42. Mayflower Madame – Observed in a Dream
43. Marissa Nadler – Strangers
44. Exploded View – Exploded View
45. Michael Kiwanuka – Love and Hate
46. Chance The Rapper – Coloring Book
47. The Mystery Lights – The Mystery Lights
48. Haley Bonar – Impossible Dream
49. Daniel Romano – Mosey
50. Miranda Lambert – The Weight of These Wings


Bilderesultat for johan harstad max mischaBilderesultat for pedro carmona-alvarez bergen ungdomsteaterBilderesultat for frode grytten menn som ingen trengBilderesultat for tomas espedal året

Bøker har eg også lese. Nye bøker og gamle bøker. Gode bøker og dårlege bøker. Eller kanskje ikkje, kanskje har eg ikkje lese dårlege bøker. I alle fall ikkje ferdig. Og då kan eg vel kanskje ikkje seie at eg har lese dei. For eg veit jo ikkje alt om dei. Og kanskje er dei ikkje dårlege, kanskje har eg berre ikkje funne dei interessante. Og det er jo noko anna. Kanskje har eg ikkje gitt dei ein skikkeleg sjanse. Eller kanskje var det slik at dei ikkje fortente ein skikkeleg sjanse, nokon av dei i alle fall. Den siste boka eg leste har eg nett lagt frå meg, den var ikkje dårleg. Den heiter Europeana. Den tar for seg den europeiske historia frå 1900 til 1999 (pluss nokre blikk utafor kontinentet). Skarve 130 sider blir sett av til det. Ført til torgs i eit språk som får meg til å tenke at slik skulle eg ynskje eg klarte å skrive. Lett, suggererande (ja poetisk) og konsist. Nokre gonger fekk boka meg til å humre litt, før den like etterpå sørga for at humringa sette seg grundig fast i halsen. Historias groteske handlingar blir skildra i ei iskald faktaform. I spedd små anekdotar som ytterlegare synleggjer kva menneske kan få seg til å gjere av bestialske saker. Temaa er sjølvsagt mange, men nazismen, kommunismen, religionen og psykoanalysen er blant dei sentrale raude trådane. Forfattaren er tsjekkisk og heiter Patrik Ouředník. Han skreiv boka ferdig i 2001, og har mottatt både prisar og internasjonal åtgaum for den. I norsk omsetjing, som er den eg har lese, kom den i 2015.

Eg starta året med å lese ei langt tjukkare bok. Johan Harstad sin Max, Mischa & Tetoffensiven (utgitt seint i 2015). Max fortel historia. Frå han som gutunge, tidleg på åttitalet, sterkt ufrivillig flyttar frå Stavanger til New York. Og det er der i verdsmetropolen størstedelen av historia breier seg ut. Det handlar om vennskap og avstand, og ein onkel. Og alt er slett ikkje slik ein skulle tru det var. Det handlar om teater og film og kunst og musikk. Frå Hüsker Dü til jazz til lyrisk pianospel. Frå Apokalypse Nå til stormen Sandy. Romanen går fram og tilbake i tid, men surrar seg aldri vekk frå sin eigen historie. Med både lett og eigenarta penn skriv forfattaren fram ei forteljing eg forsvann inn i nokre veker i januar 2016. Den blei ikkje borte etterpå heller.

Frå den same storbyen, frå New York City, har også Garth Risk Hallberg skrive fram ei omfangsrik historie. En by i brann er den norske tittelen på ei bok som i tid spenner over nokre månader i 1977. Frå eit skjebnesvangert pistolskot til byen bokstaveleg talt blir mørklagt eit heilt døgn. Persongalleriet er stort, og dei kryssar og kryssar ikkje kvarandre sine spor. Her er folk som går over lik, og her er folk som blir til lik. Her er folk som surrar det til og her er folk som berre vil det beste. Her er kunst og punk og ein by på randen. Forfattaren har store ambisjonar med historia, og skriv stundom fram passasjer som gnistrar. I andre passasjer mister han momentum, og det blir litt dødt. Så ei litt ujamn bok.

Om våren er den tredje boka i Karl Ove Knausgård sin kvartett med årstidene som gjennomgangstema. Av desse fire er det den boka som har mest slektskap med Min kamp-serien. I korte trekk handlar den om ein far og ei nyfødt dotter, hennar eldre søsken, og mora som har forsvunne inn i ein depresjon. Boka fortel meg at det er det daglegdagse strevet og livet som er sjølve livet, enten ein vil det eller ikkje. Tomas Espedal ville også skrive ei bok om årstidene. Den startar i april og sluttar i november og heiter Året. Forfattaren kretsar rundt sitt eige, men transformerer det om til det allmenngyldige. Det handlar om døden og kjærleiken. Det handlar om reiser og drikking. Eller livet, om du vil. Ei lita, snøgglest, og poetisk bok.

Tore Renberg tok i år ein liten pause ifrå det han har kalla Teksas-serien sin og fortalte ei lita vond historie om ein mann som med sitt vesen blendar dei han møter. Før noko anna byrjar å melde seg. Ein mistanke, ei uro. Du er så lys er mørkare enn tittelen tilseie. Renberg har forresten for første gong tydd til nynorsk i denne boka, og gjer det bra. Å skrive bra på nynorsk er noko Frode Grytten har gjort i ein del år no. Med årets bok Menn som ingen treng er han tilbake i novellesjangeren han ved nokre høve tidlegare har vist at han har eit spesielt grep om. Slik også denne gongen. Gjennom ti historier om menn som lever opp til bokas tittel. Frå dei hjelpelause til dei uheldige. Frå dei ærlege til dei uærlege. Fortalt med akkurat dei orda som skal til. Aller sterkast gjort i opningsnovella 1974, der eg-forteljaren ser tilbake på nokre skilsetjande månader då han var ung. Prega av svik, erotikk og klassemotsetnad. Tre ord som heller ikkje ville vere heilt fjerne i eit forsøk på å beskrive Pedro Carmona-Alvarez sin roman Bergen Ungdomsteater. Den andre om Marita. Ho som blei fødd nokre år etter at tvillingsøstrene hennar omkom i ei tragisk ulykke. Og som forfattaren starta å fortelje om i romanen Og været skiftet og det ble sommar og så videre. I bok to er faren reist tilbake til USA, og Marita flyttar til Bergen med mora, utan at mora kjem seg vidare i livet av den grunn. Men Marita prøver. Ho er tenåring, ho blir kjent med Johannes, og ho blir kjent med Andreas. Forfattaren fortel i eit melankolsk og rytmisk språk, eit godt språk, om vennskap, om einsemd og det å komme i andre rekke.

Dei to siste bøkene i Elena Ferrante sin Napoli-kvartett (Dei som flyktar og dei som blir og Historia om det tapte barnet) har også stått på menyen dette året. Lena og Lila blir vaksne, delvis i vennskap, delvis i fiendskap, men heile tida med ein avhengigheit av kvarandre. Åleine og saman utfordrar dei normene i bydelen dei vaks opp. På same vis og på ulikt vis er dei begge prega av bydelens jantelover og valdelege løysingar. Forfattaren evnar framleis å halde på lesaren frå side til side. Sjølv om det i desse to bøkene er parti der enkelte tema blir dvela vel lenge med. Slik opplevde eg det ikkje i dei to første.

2016 skulle også bli året då Nobels litteraturpris for første gong gjekk til ein songskrivar. Det har vore snakka om det nokre år. Snakka om at Bob Dylan burde få denne prisen. Snakka om kor vidt han fortener denne prisen. Den diskusjonen stilna ikkje akkurat av når han no endeleg fekk den. Sjølv har eg ei ganske så klar oppfatning av at mannen fortener prisen. Det har Gisle Selnes også. Tilfellet ville det slik at han kort tid etter at kunngjeringa var klar kom ut med ei fyldig bok om songane til Dylan. Den store sangen har han kalla den, med den noko audmjuke undertittelen «Kapitler av en bok om Bob Dylan». Han går her grundig inn i korleis Dylan har henta inspirasjon og drive med kreative tjuveri ifrå den amerikanske musikkarven. I tillegg dreg han linjer frå songane hans til dikt og skjønnlitteratur (frå Shakespeare til Edgar Allan Poe til T.S. Elliott til Jack Kerouac, og så vidare). Om ein har ei litt over gjennomsnittleg interesse for Dylans musikk skulle ein ha mykje glede av Selnes utlegningar om stoffet.

Tom Roger Aadland – Blondt i Blondt

Standard

Dylan og vestlandet og skikkelig musikalsk omsetjing.                                                         8

  Medan Bob Dylan i det herrens år 2016 reiser rundt og syng Sinatra, har andre nytta året til å synge Dylan. Med hyllest-plater og konsert-tiltak har det blitt grundig markert at det som blir kalla rockens første dobbeltalbum, Blonde on Blonde, fyller femti år i år. Så det er kanskje ikkje heilt tilfeldig at det er nett i år Tom Roger Aadland gjer det same med Blonde on Blonde som han gjorde med Blood On the Tracks for sju år sidan, gjer den ut i nynorsk språkdrakt.

Ho tar nett som ei kvinne                                      She takes just like a woman
Ho elskar nett som ei kvinne                               She makes love just like a woman        
Og ho er sår nett som ei kvinne                         And she aches just like a woman
Men ho fell saman som eit lite barn                But she breaks just like a little girl

Ein kvar med den minste kjennskap til Dylan kjenner att refrenget til Just Like A Woman. Og ein kvar ser at Aadland legg seg tett opp til Dylan sine formuleringar. Noko som for så vidt kjenneteiknar det han gjer plata igjennom, han vandrar ikkje langt bort frå Dylan sitt opphavelige univers. Aadland driv med det Olav H. Hauge ville ha kalla umsetjing. Men når det er sagt, det er mykje som spelar inn når ein song skal omsetjast. Melodien, rytmen, diksjonen, rima, orda, dobbelbetydningane, innhaldet. Ein kjem aldri i mål med noko som helst av verdi om ein trufast og slavisk prøver å oversette/overføre alt akkurat slik det opphavelig er. Då vil ein snuble og tryne, og framstå som ganske så traurig. Aadland snublar ikkje. I endå skarpare grad enn på Blod på spora finn han tonen i hop med det dylanske. Og balansen, ikkje minst balansen. Balansen mellom det å ha respekt for den opphavelige songen og det å ruske litt i den, å våge å gjere den til sin.

Å, kjærast, er det skuggen min som fell
Å sitje fast i Strileland
Med sentrumsblues i kveld

Eit spørsmål eg stilte meg, sånn cirka 20 sekund, etter at eg høyrde ryktet om at Tom Roger Aadland hadde kasta seg over Blonde on Blonde, var: Kva i all verda skal han kalla Stuck Inside of Mobile With the Memphis Blues Again. Svaret er suverent, svaret lyde «Sitje fast i Strileland med sentrumsblues i kveld». Shakespeare er blitt bytta ut med Holberg, Texas Medicine med Hardingøl, «her honky-tonk lagoon» blir til «min barndoms blanke fjord» og Grand Street til Torget. Slik plasserer Aadland den viltre historia i eit vestlandsk landskap, samstundes som Dylan sitt ordkløyveri heile tida er vel tatt vare på.

Med din merkurmunn i eit misjonsmagasin
Og dine auge som røyk og dine bøner som rim
Og din sølvkross klår, og di klokkerøyst som skin
Å, kven iblant dei trur dei kunne handtere deg  

Det legendariske sistesporet Sad Eyed Lady of the Lowlands er eit høgdepunkt på Blonde on Blonde. Aadland har gjort songen til eit høgdepunkt på Blondt i Blondt også. Igjen, ved å kalle den for «Sorgsame kvinne i frå Jæren», flyttar han den til vestnorske trakter. For så, med ein akustisk gitar i ei førande rolle, å la dei fem lange versa flyte poetisk rikhaldig og melodisk snoande, dei ti minuttane som trengs for å få formidle det han har å formidle om denne kvinna med «helgenandletet» og ei «sjel som ei mørk natt». Så kan jo Dylanologane drøfte om opphavsmannen med «mercury mouth» tenkte på merkur eller på kvikksølv. Dylan, som den rakkaren etter ordspel og dobbelbetydningar han er, har ganske sikkert hatt begge betydningane i tankane. Men her er vi vel inne på eit felt som må vere ei skikkelig utfordring når lyrikk og songar generelt, og Dylan spesielt, skal i frå eit språk til eit anna, ords dobbelbetydning. Den vidgjetne linja «Everybody must get stoned» frå Rainy Day Women # 12 & 35 er vel ein klassikar i så måte. Det er sjølvsagt umulig å bringe dobbelbetydninga med over til norsk utan å klusse det alvorlig til. Jan Erik Vold, som for mange år sidan ganske så frilyndt leika seg med fleire Dylan-låtar, slo til og song «Hele folket må bli steine», Aadland nøyer seg med «Alle saman må bli steine».

Nemnte Vold tok seg også fridomen å døype Leopard-Skin Pill Box Hat om til «Leopardskinnsbadehetta di». Aadland har måtta finne ei anna løysing. Og, «Leopardskinnsbunadshetta di», er ikkje ueffen den heller. Ikkje det soniske arrangementet den har fått heller. Eit ulmande funky eit, som ganske så strålande bygger oppunder den syrlige sjalusien som gjer seg til kjenne både i og mellom linjene. Det soniske uttrykket som Aadland gjev songane skil seg forresten ganske så dugelig frå det kvikksølv-lydbildet Dylan stod for på Blonde on Blonde (og forgjengaren Highway 61 Revisited). Aadland og hans meir enn habile kvartett med medmusikantar skaper i grunn eit ganske så variert lydbilde. Frå countrytonar i «Eg vier mi tid» til heftig rock’n roll i «Absolutt vene Marie». Frå banjoplukking kombinert med eit Springsteensk lydmønster i den flotte versjonen av I Want You (høvelig nok kalla «Eg må ha deg») til det leduge og samstundes djupt gravande groovet i høgdepunktet «Mellombels som Akilles».

Og når vi snakkar om høgdepunkt, og når vi snakkar om attraktive og gode arrangement, og gjerne legg til noko om ein songar i perfekt modus, ja så kjem eg sjølvsagt ikkje forbi «Visjonar av Johanna». Eg går aldri forbi Visions of Johanna utan å snu meg, utan å spele den ein gong til, minst. Det er noko med den låta, noko alvorlig tiltrekkande, med mystikken i den, med melodien den så heilt og fullt er i, med nokre av linjene, fleire av linjene, som «Ain’t it just like the night to play tricks when you’re trying to be so quiet?», som «The ghost of electricity howls in the bones of her face». «Er det ikkje nett likt natta å forføre deg, heilt utan nåde?» spør Aadland og tar lyttaren med inn i ein langsam song om kjærleik, om mystikk, om samvit som forgår, om ei heimsjuk Mona Lisa, og om desse visjonane av Johanna som til slutt er det einaste som er att. Ein varleg elektrisk gitar spelar tonar som kan ha spira fram like sør for Twin Peaks, og ingenting hastar, alt er først og fremst ufattelig vakkert.

Ja så dette fekk han jammen meg til du. Og eg, sjølv om eg absolutt også ville sette pris på ei plate eller to eller tre til av hans hundre prosent eige materiale, tar meg sjølv i å fundere på korleis ein Tom Roger Aadland-tur ned til Desolation Row hadde tatt seg ut.

TIDAL: TOM ROGER AADLAND – BLONDT I BLONDT

Tom Roger Aadland – Rapport Frå Eit Grensehotell

Standard

Songar med eit sakn  i seg, og litt elektrisitet, og ein fin poetisk tone.                                       7

  Avslutningsvis slår Tom Roger Aadland eit slag for å reise heimatt. Heim til Farsfolket, bort frå den kalde byen der folk er så altfor opptatt av å finne ein rygg å plassere dolken i. Hovudpersonen i songen har vore ute i livet, har fått sine flenger og arr, kjent saknet brenne i brystet. Tida er kommen for å søke rekonvalesens hos slekta. Så særlig lystelig kan ein kanskje ikkje kalle songen, men eg kunne ha funne på å kalle den fengande. Ja der gjorde eg det vel i grunnen. Fengande i eit folkrockmodus eg kjenner treff meg, med sonisk detaljrikdom i ein intuitiv og luftig skapnad, der tonar frå eit hammondorgel etter kvart kjem brusande inn og løftar songen heilt heim.

Eg vil reise heim til farsfolket
Forbi svingen og litt til
Kome heim til farsfolket
Der elva renn så still

Og dette i slutten av ei plate der det er mykje snakk om einsemd og oppbrot. Einsemd som i Einsam Utan Deg, ein blues der ein elektrisk gitar eller to tøtsjar Ribot/Waits-lende og songaren driv rett til botnast med det svartmalte mantraet «det står beint fram, beint fram dårleg til med meg». Oppbrot som i Oppløyst og Medtatt, ein dunkelmelodisk sak der motsetningane riv, tvila er sterk, og kunsten å vere likeglad ikkje viser seg som det lettast handterbare her i verda. I eit av fleire lettare forvirra utsegn formidlar hovudpersonen: «Eg er takksam og bitter, eg er fri og bak gitter».

Han firar ikkje på kvaliteten Tom Roger Aadland her på si femte plate. Spesielt ikkje på den tekstlige kvaliteten, men heller ikkje på kvaliteten i songen som eit heile. I lag med eit friskt lag av medkombattantar skapar han ein seanse som så avgjort kastar glød ifrå seg. Elektrisiteten gjer seg meir gjeldande enn på tidlegare Aadland-plater, og noko sonisk ureint ulmar i underlaget. Om eg skal titulere han for visesongar eller rockepoet, eller eit eller ant anna i den lei har eg ikkje bestemt meg for. Og kjem heller ikkje til å bestemme meg for. Først og fremst er eg opptatt av at han er ein skapar av songar, reinspikka konvensjonelle songar, gode songar, der ei poetisk åre er ein vesentlig faktor.

Eg vakna i morgons
Og det eg tok på meg
Høvde perfekt for
Ein mann utan von

Ein Rapport Frå Eit Grensehotell altså. Ein stad der det finst rom og ei seng, men som ikkje er nokon blivande stad. Ein stad der einsemda har sjekka inn, men den slår seg ikkje til ro der, og kanskje er den der ikkje heilt åleine heller. Ja kanskje er det ei von der trass alt. Ein eller annan stad, og kanskje nærare enn ein skulle tru. Ja eg trur jaggu meg det. For når denne mannen utan von ligg der og leitar etter «varmen frå ein ikkjeeksisterande kropp» ja så er det ei kjensle som vert skildra, eit sakn, ikkje eit heilt og fullt liv. Vegen vidare går ikkje nødvendigvis til eit nytt grensehotell, eller inn i ei vedvarande mistrøystigheit, stundom er den frigjerande også.

Det er songen av jorda du høyrer
Eg veit det no, at du blir aldri mi
Stundom blir han spelt for døve øyrer
Stundom set han den som lyttar fri

Eit grensehotell kan nok også ha ein annan dimensjon. Ein meir konkret ein. I tittellåta er det også ein forhutla stad midt i ei krigssone. Befolka av diplomatar, «Guden for hemn og hat» og åtseletarar. Men også av dei som saknar, inkludert krigskorrespondenten sjølv. Mei krigstilstand, om enn i overført tyding, kan vel seiast å finne stad i låta Alle. Der det blir uttrykt både nasegrus beundring og djup forakt til ein og same person, ifrå «alle, absolutt alle». I ein tone som kan få tankane til å drive i retning av både diktatorar og casanovaer, men òg andre meir samvitsplaga menneske.

Somme har eit embete,
Somme har ei gate eller ei bod.
Somme, dei har songane
Som dei skreiv med sitt eige blod
Eg vakna i dag tidleg
Og kjende at eg fraus.
Det går mot haust.

Songen heiter Haust, og er ein countrysong, ein av desse enkle som ikkje prøver å materialisere seg inn i noko større. Og slik kanskje set sterkare spor enn dei fleste, med buktande orgeltonar og ein melodi og lene seg inntil. Ein annan stad på plata vert det sunge vemodsvakkert om ho han ynskjer «like til mi dør, slik du gjorde før, då himmelen var blå». I Vel Av Garde blir det varleg ymta frampå om at det å dra ikkje nødvendigvis er synonymt med å reise bort. Og i Hud mot Hud blir det mimra om fortids intimitet blant ein stabel med bøker. Når eg tenker meg om (og det ikkje særlig lenge) kunne eg nok funne godord å seie om alle songane her. For det er ei slik plate, det er det.

Tom Roger Aadland – Føyel og Stål

Standard

Fleire gode viser om slike ting som livet har å by på.

6

cover

Det strålar ein god varme utav songane til Tom Roger Aadland. Næra av livserfaring og eit raust sinnelag finn den fram til både melankoli og hugnad, Den kan te seg mjukt og fløyelsaktig, den kan te seg hardt og ubøyelig. Tittelen på Aadland si nye plate er inga tilfeldig sak.

Fløyel og Stål er Tom Roger Aadland si andre plate etter at han fekk sitt vesle gjennombrot med nynorskgjendiktinga av Dylans Blood On the Tracks (Blod På Spora). Han viste ved førre korsveg, og plata Det Du Aldri Sa, at han var vel så interessant når han laga songane sine heilt sjølv. Songar som i si soniske form høyrde til i eit rimelig ukomplisert og melodisk attraktivt folkrock-landskap. Songar der tekstane stod fram som velformulerte og kloke skildringar av slikt som menneske utsett seg sjølv og andre for.

Sine tidlegare plater har han spelt inn i nabolaget til den vestlandsbygda (Vikebygd) der han vaks opp og blei ein mann. Årets plate har han spelt inn i den norske hovudstaden der han no bur. Det er blitt ei plata som statuerar det han viste på Det Du Aldri Sa. Ein tanke meir fløyel over produksjonen kanskje, ein tanke meir pop i tonelaget kanskje, men først og fremst er han den gode trubaduren som framleis skildrar diverse mellommenneskelige tilhøve på slåande vis.

Eg ser skuggane rundt bordet
Eg ser skrømt på høglys dag
Eg ser alt me ikkje gjorde
Eg ser deg og meg i lag

Songen heiter Skuggane. Det er ein song om ei affære som ikkje blei noko av. Om det å sjå seg tilbake og kjenne angeren brenne for steg ein aldri tok. Ei sterk vise. Versa luntar langsamt, refrenget travar raskare, lidenskapen lever i tonane, og eg kan høyre både lengt og harme i songaren si røyst. Men han overdriv ikkje denne songaren, ikkje i denne songen, og ikkje i andre songar. Eg opplever han som uttrykksfull på den måtehaldne måten, den gode måten, langt langt unna der patos og slikt veks seg uhandterlig. Også når han sig i kne.

Eg sig, eg sig, eg sig i kne
Denne verda gjev deg aldri fred
Men ein engel kom meg til behag
Du er min beste ven på ein dårleg dag

Min Beste Venn På ein Dårleg Dag er det fengande folkpopnummeret som innleiar seansen. Ein song om det å skubbe seg på skarpe kantar for å finne fram til noko ein kan stole på, samstundes som songaren ymtar frampå om at det nok vil gå bra til slutt. Det er ein avstand der, mellom desperasjonen på den eine sida og den håpefulle trøysta på motsatt side. Kontrastar av dette slaget er eit gjentakande fenomen plata igjennom. Den lett spretne Smilefjes har eit muntert vesen. Men er no alt like smilande på innsida av fjeset? Den mjuke og godlynte tributten Skulle Kledd Deg i Silke blir avløyst av eit oppgjerets time. Blueslåta Song Gjennom Natta. Med ein eg-person som formulerer beiske skuldingar både mot seg sjølv og ei kvinne, og tida dei har tilbrakt saman. Ei tid som i bakspegelen fortonar seg full av rimfrost og klake. Like fullt, er det ikkje slik at han eigentlig sit der med eit sakn i brystet, og kunne tenkt seg tilbake dit? Eit sakn som i andre samanhengar blir formulert på andre måtar.

Kva bryr det meg om vårregnet fell
Om dagslyset varer litt lengre kvar kveld
Om mildvêret kjem, medan vinteren dreg
Utan deg her, kva bryr det meg?

Kva Bryr Det Meg er platas høgdepunkt. Ei gripande vise om kor fåfengte alle verdens store under fortonar seg når det aller viktigaste, Du, er borte. Poetisk og varleg uttrykt. Der akustiske gitartonar både fargar løypa med blomestøv, og vitjar søla i grøfta like ved. Og i skumringa som luskar etter kan ein ane at nokon strør litt sonisk gnissel, med nennsame fingrar. Det sitrar.

Tom Roger Aadland syng for så vidt ikkje om saker som aldri er blitt omsunge. Han syng for så vidt om livet slik det er. Men han gjer det med ord som får meg til å grunne. Som har ein verknad. I songar det derfor går an å lengte tilbake til. Og finne att.

Først publisert på Groove.no (i 2012)

Tom Roger Aadland – Det Du Aldri Sa

Standard

Han treng slett ikkje hjelp av Dylan for å formulere livet om til ord og tonar denne Aadland.

cover

Sist gong song han ein an mann sine songar. Blod På Spora heitte plata dei songane var å finne på, Bob Dylan heitte den andre mannen. Tom Roger Aadland hadde mota seg opp til noko få andre ville gjort, han hadde gjendikta Blood On The Tracks. Det opprivande albumet frå den tida då Dylan skilde lag med Sara. Aadland fant tonen, og orda, og blei Dylan, på nynorsk. Han kom frå det med respekten intakt. Men, Blod På Spora har nok ikkje evna å overleve særlig lengre enn dit augeblikkets interesse rakk. Naturlig nok, tenkjer eg, og nappar Blood On The Tracks ut av hylla.

«No er allting i eit anna spor», syng Aadland. I år. Hans eige spor, skuldar eg å legge til. Eit bra spor det. Denne Dylan luskar framleis litt rundt i tonelandskapet. Blant viser, blues og rock. Men dette, det er Aadland sine songar det, det er eg aldri i tvil om.

Sporet er mindre blodig også, denne gongen. Mindre tufta på opprivande mellommenneskelige tilhøve, bitre erklæringar og det lidande kjensleregisteret. Mindre, men absolutt ikkje reinska for slikt. Det Du Aldri Sa har sine songar om kjærleik som er godt i stykke. Den har sine songar om kjærleik det aldri blei noko av. Men, den har også sine songar om kjærleik som lever, og har ei framtid.

Aadland formidlar det meste han vil seie om slike ting med ei til tider drivande god songpoetisk formidlingsevne. Og det er her hans fremste styrke er å finne, i tekstbiten. Med poengterte og minneverdig einlinjarar og gode historier. Noko som løftar dei gode, men kanskje ikkje eksepsjonelt originale, melodiane opp i ei låtsfære eg lar meg fascinere av. Det er jo heller ikkje noko minus at Aadland har med seg ein alt anna enn baktung gjeng av lokale musikarar, frå band som The Low Frequency In Stereo og Bergen Mandolinband.

Han var ikkje så heilt ung (42 år) då han albumdebuterte i 2007 med det engelskspråklige og Irlandinnspela albumet Obviously Embraced. Han er ikkje så mykje yngre i dag. Tekstane talar om levd liv, om erfaringane, og om det som aldri blei sagt. Albumtittelen har han klipt utav opningssporet Fall For Deg For Alvor. Ein song om dei tapte sjansars bitre ettersmak. Om dama som ein gong plasserte eit uutslettelig avtrykk i sjela hans, men som glapp unna.

I dagar og i netter såg eg etter deg
Eg kjenner kvar ein hårnålssving av det som blei min veg
Eg skulle ikkje ha sirkla, eg skulle ha gått beint
Eg skulle ha teke det du aldri sa slik det var meint 

Ein song som saman med avslutningssporet Postkort I Oktober er høgdepunktet på plata. I den siste tar songaren rolla til ein som observerte nokre hendingar litt frå utsida. Ein som lever i desse glashusa ute på bygda, men som prøver å forstå, i staden for å kaste steinar. Han fortel det i ein song som eg opplever som eit vakent avkom av ein fusjon mellom Tangled Up In Blue og If You See Her Say Hello. Det handlar om ei rastlaus kvinne, ein heimekjær mann, og eit barn. Kvinna drar. Ho var på eit vis ikkje laga for å bli. «Du høyrde denne svake songen» syng Aadland om henne, «Der andre ikkje høyrde nokon ting». Han tek ikkje parti, han syng heller eit refreng.

Rekk ut handa når du vaknar
Sjå ut glaset før du dreg
Nemn eit ord for det du saknar
Og kom gjerne innom meg 

Det er mykje bra i det som gjer seg til kjenne mellom desse to songane også. I den varleg/mektige Tyngde Og Lette, med Linn Frøkedal i ei duettrolle. I countrysongen Der Eg Er No, som prisar det å vere to i ro, kontra det å vere ein på ei evig reise. Og i den regntunge og lågt smygande ulmebluesen Skipet Mitt, med slagferdige linjer som dette:

Båten min gjer tretten knop
I lasta har eg eit periskop
Eg kan sjå attende på alt eg har gjort
Er det rart eg reiser bort? 

Ei gjendikting har han med denne gongen også. Fiskarmannens Blues heiter den, og alle tenker då at det er hans versjon av ei kjent Waterboys-låt. Og alle har heilt rett. Den er heilt grei den, men kanskje likevel platas minst interessante augeblikk. For Aadland kan laga songar heilt og halde frå eige bryst han. Ja han er best når han gjer det slik. Det Du Aldri Sa heiter beviset.

Først publisert på Groove.no (i 2011)