Her går det for seg du. Father John Misty har det travelt med å servere låtar frå det kommande albumet sitt (Pure Comedy). To nye, dei to siste dagane.
Two Wildly Different Perpectives: Ein saktegåande pianobasert låt, med sordinert støy og skakk rytmikk i ryggen. Som handlar om krigens fortvilt håplause vesen. Ganske så enkel og likefram, utan sedvanlege Misty-sarkasmer. Opphavsmannen presenterer låta med ein temmeleg dagsaktuell uttale: «More kids are going to die now thanks to the unbelievably selfish immigration policy of places like Saudi Arabia and the USA».
Ballad of the Dying Man: Klassisk folkpop som lener seg lett mot ein akustisk gitar og eit piano. Misty fortel ei historie om ein døyande mann som har brukt mykje av tida si i kommentarfelt på www. Der han etter eige syn har levert djupsindige analysar, og sett samanhengar som ingen andre «pretentious» deltakarar har gjort. I det han skal til å trekke sitt siste andedrag må han berre «checks his news feed to see what he’s ’bout to miss». Klassisk Misty-sarkastiske saker altså.