Misty møter Tillman i døra
Gud sin favorittkunde flytta for ei tid sidan inn på hotell for eit par månadar. Noko i livet hadde gått i stå. Ei depresjon hadde fata tak i han. Han skreiv seg inn under sitt eigentlege namn, Josh Tillman. Så når hotellresepsjonisten vender seg til han seier han «Mr. Tillman». Som i songen Mr. Tillman. Singelen som dukka opp nokre månader før albumet. Ein definitivt frisk nok popsong om ein ikkje heilt frisk Tillman. Med ein bra dose sjølvironi innbakt er det hotellresepsjonisten songaren lar sleppe til i dei to relativt lange versa. I vennlege ordelag, men med ein undertrykt irritasjon skinande gjennom, prøver resepsjonisten å rettleie den noko fortumla hotellgjesten. Med utsegn av typen: «just a reminder about our policy: Don’t leave your mattress in the rain if you sleep on the balcony». Gjesten, altså Tillman, nyttar så refrenget til å overtyde den bekymra om at han har det heilt fint han, der han lever i «a cloud above an island in my mind». Eg vil kalle det ein ganske så kosteleg liten song. Eg vil ikkje nødvendigvis seie det same om albumet som heilskap.
Ikkje alle, men ein del av songane på God’s Favorite Customer, handlar om ein fyr som slit ganske så tungt, og det er ikkje noko moro med det. Eg vil heller kalle det desperasjon det som flyt fram i til dømes pianoballaden Please Don’t Die. Desperasjon og sjølvmordstankar. Og han har altså forskansa seg på eit hotell. Eller «The Palace» som hans kjære har døypt det. I songen med det namnet, eit spartansk nummer med ikkje mykje meir enn hustrige pianotonar som akkompagnement, syng han om å vere «in over my head» og at han absolutt ikkje vil forlate dette palasset med romservice, hushjelp og speed-levering på døra.
Men Father John Misty nyttar ikkje albumet til å berre synge om desse månadane på hotellet. Han syng også eit lite småfunky nummer kalla Date Night om å vere ein sjarmør, kanskje litt ein sjarlatan, om å bli framstilt som noko ein ikkje tenker ein er. Om den dunkle avstanden mellom den ein er og den ein opptrer som. Father John Misty versus Josh Tillman versus God’s Favorite Customer. I tittelkuttet tilkallar han ein gud han i barndomen lærte fanst. Han har ikkje handla hos han på lenge. Han har for lengst slått fast at det ikkje er noko å hente i den butikken. Men desperate tider kan føre til desperate påfunn, så: «Speak to me» ber han, «Don’t you remember me?» spør han. Og Natalie Mering (Weyes Blood) korar, og eit vagt saktegåande gospelgroove kan fornemmast.
Det soniske, det melodiske, songane sin struktur, og slikt, er kledd i den folkrockfarga vestkystdrakta vi kjenner som Father John Misty si. Ei drakt det tre album til ende har vore givande å tumle rundt i. Eg opplever det litt mindre givande denne gongen. Eg opplever ein del av songane som noko mattare utgåver av tidlegare arriverte songar. Men eg tenker at det er ei plate eg er glad for at er her. Ikkje minst på grunn av den særdeles attraktive psykedeliske poplåta Disappointing Diamonds Are the Rarest of Them All. Der Misty slår eit slag for skavankane. Syng om at kjærleiken nødvendigvis ikkje er så forbanna perfekt, så spesiell og så stor, og kjem opp med eit eineståande refreng:
Disappointing diamonds are the rarest of them all
And a love that lasts forever really can’t be that special
Sure we know our roles, and how it’s supposed to go
Does everybody have to be the greatest story ever told?
På eit album som altså har sitt i gje, berre litt mindre enn kva Misty har skjemt meg bort med på sine tre førre.
7/10
FATHER JOHN MISTY – GOD’S FAVORITE CUSTOMER