For tjue år sidan var Sharon Van Etten sytten år gamal. I låta Seventeen på sitt ferske album Remind Me Tomorrow tar ho ein liten kikk i den retninga. Til det eg, utan å tvile det minste, går til det skritt å kalle både fengande og attraktive tonar, syng ho om/til ungdommar ho ser i byen ho bur i, New York City. Sjølvsikre og usikre. «Follow my shadow round your corner, I used to be seventeen, now you’re just like me» konstaterer ho, og leverer ein ettertenksam men slett ikkje altfor alvorstyngd pop-ode til det å vere ung.
Det er fleire gode songar på Sharon Van Etten sitt femte album. Slik det jo plar vere på albuma hennar. Frå ho starta stillferdig ut i 2009 med Because I Was In Love og fram til ho med litt meir lydfølgje formulerte spørsmålet Are We There i 2014. Det at ho ikkje har gitt ut eit album på dei åra som er gått sidan då betyr ikkje at ho har lent seg tilbake og slappa av, eller lidd av skrivesperre, eller liknande saker. Neidå, dama har hatt fleire jern i elden enn det dei fleste kan vise til. Ho er blitt mor, ho har prøvd seg som skodespelar i Netflix-serien The OA, komponert filmmusikk til filmen Strange Weather, og ho har starta på psykologistudie. Så det.
Gitaren har vore Sharon Van Etten sin næraste medsamansvorne når ho har komponert låtar, og framført dei. Denne gongen er det annleis. Songane er, visstnok utan unntak, komponert på tangentbaserte instrument. Når ho så skulle til å spele dei inn kontakta ho John Congleton. Ein produsent som frå før har aktverdige album frå folk som St. Vincent, John Grant og Angel Olsen på CV’en sin. No kan han utan skam føre opp Remind Me Tomorrow der.
Van Etten har fortalt at då ho møtte Congleton drog ho fram Portishead, Suicide og Nick Cave sitt Skeleton Tree-album som referansepunkt til korleis ho høyrde for seg at albumet skulle låte. Eg skal ikkje her og nå hevde at plata høyrest ut som ein eksakt miks av desse, men om eg skulle sirkle meg inn mot ei skildring av det endelege soniske uttrykket er desse referansane like så gode som andre eg måtte finne på å komme dragande med. Her er ein ganske så radikal bruk av ymse synthesizerar og tangentinstrument, lyd frå gitar er det knapt råd å høyre. Slik at albumet nok skil seg ein god del frå uttrykket Van Etten gradvis utvikla på sine fire første album. Men røysta hennar er både lett å høyre og lett attkjenneleg. Der den med både kraft og ynde syng songar eg meiner å høyre ytrar ei større tru på kjærleiken enn kva ho tidlegare har formidla (utan at eg skal hevde at ho har vore utan slik tru før). Samstundes er det songar som også skildrar ein uro, ein noko skamfert tryggleik omkring kva framtida kan ha å by på. Frå ei mor, og ein moden artist i stadig utvikling.
Tre personlege favorittlåtar: No One’s Easy To Love, Comeback Kid og framfor alt då Seventeen.