Tag Archives: Justin Townes Earle

Musikalsk årsoppgjer for 2010

Standard

Endå eit bra musikkår er til ende. Ei liste på ti, og ti til som burde fått plass er gjort klar:

20. Laura Marling – I Speak Because I Can
19. Kanye West – My Beautiful Dark Twisted Fantasy
18. Arcade Fire – The Suburbs
17. Beach House – Teen Dream
16. Wooden Wand – Death Seat
15. Thomas Dybdahl – Waiting For That One Clear Moment
14. Paul Weller – Wake Up The Nation
13. LCD Soundsystem – This Is Happening
12. Pearly Gate Music – Pearly Gate Music
11. The Sadies – Darker Circles

10. Kristin Hersh – Crooked
Crooked gjer til kjenne ei Kristin Hersh betre enn ho har vore på fleire år. Betre, meir variert, og med låtar av det angrepslystne slaget. Låtar med ein brann i brystet, og eit rastlaust ganglag. Låtar som høyrer med til dei mest energiske ho har presentert i soloformat nokon gong.

9. Mary Gauthier – The Foundling
Eit konseptalbum. Eit barn blir adoptert bort like etter fødselen, og opplever ein oppvekst med sterkt mangelfull omsorg. Rømmer. Inn i eit liv med rus og kriminalitet. «Wanders the darkness and travel alone». Ringer opp si biologiske mor, seier takk og adjø. Hovedpersonen er Mary Gauthier sjølv. Eit sterkt portrett. I country og folk.

8. Justin Townes Earle – Harlem River Blues
Den kjem, innover meg. Frå fleire hald. Den er forankra i tiår av amerikansk musikktradisjon. Den har røter som strekk seg langt tilbake, men ikkje berre i ein retning. For, det er så mang slags songar på Harlem River Blues. Gode songar. På den sterkaste Earleplata sidan Guitar Town.

7. Sharon Van Etten – Epic
Ein singer/songwriter som har sjølvkjensla intakt, som stig fram i eit lys ho vil vere i, ikkje ei som sitt bortkomen i scenelysets utkant og mumlar unnselig. Ikkje det at det ho byr på ikkje er kjenslevart, og kjem oppriktig og beine vegen frå hennar eige hjerte. I ganske så melankolske ordelag og tonefall. For det er det, også.

6. Phosphorescent – Here’s To Taking It Easy
Kosmisk americana. Matthew Houck rullar opp vindauget og tar inn den amerikanske grunntonen. Frå hillbillyland til On the Beach. Sfærisk og jordnært. The Mermaid Parade og ein mektig flott tur til Los Angeles. «Are you getting a lot of attention now».

5. The Walkmen – Lisbon
Lisbon er eit album der det melodiske og raffinerte har gode kår. Lisbon er eit mindre komplekst album enn You & Me. Eit album reinska for overflødig lyd. Der gitaren, vokalen og trommene på kvart sitt vis trer klart fram, i eit reint bilde, og blir tydelige. Men einsretta og gnitent på kontrastar er albumet ikkje. Her er lys og skygge, her er tilfredsheit og misnøye, her er kvile og kløe, her er vellyd og motlyd. Lisbon er tynnkledd og reinskoren, men like fullt kraftfull og frodig.

4. Jamey Johnson – The Guitar Song
Vår mann i Nashville er tilbake med endå lenger skjegg, og ei endå lenger plate. Røff, uredd, sentimental, og suveren. Ein songsyklus der tilstandar vert granska frå litt ulike vinklar, der kjensler vert kjent på, augeblikk fanga, og songen feira. Det er mørkare enn det er lyst. Svartare enn det er kvitt.
Moral og umoral, tru og utru, Gud og Jack Daniels. Slik er countrymusikkens vesen. Frå Hank Williams til Johnny Cash til Jamey Johnson. Han skil seg ikkje ut på nokon måte sånn. Familien syng han om også. Men han gjer det med si stemme. På sitt vis.

3. Timber Timbre    – Timber Timbre
Det er ei fredlaus røyst. Ei einsam og tyngd røyst. Det er noko i den som kan minne om Roy Orbison, men og noko som kan minne om Nick Cave. Den tilhøyrer Taylor Kirk. Eine og aleine Taylor Kirk. Ein kar som for tida held til i Toronto. Dit han kom for nokre år sidan, etter ein oppvekst i dei meir grisgrendte strøk av Ontario, Canada. Songane hans har henta meir frå det rurale enn det urbane.
Dei er sterke desse songane hans. Dei har ei langsam suggererande kraft. Ei mørk kraft. Dei har si stamtavle tilbake til folktonar som har gjort seg gjeldande i generasjonar, og skular samstundes bort på gamle bluestonar i nabolaget. Men songane er Taylor Kirk sine. Det tvilar eg aldri på. Han presenterer dei på sin måte. Han gjer dei sin eigen heimsøkte og golde signatur. I eit bilde som er stort men også klaustrofobisk, truande men vakkert, som rommar stilla, og vekker uro.

2. The National – High Violet
Med High Violet har The National på ingen måte gjort noko som minner om eit radikalt hamskifte. Dei er til å kjenne att. Albumet er like fullt ikkje nokon Boxer del 2. Absolutt ikkje. Eller ein Alligator-tur med blåpapiret på innerlomma, for den saks skyld. Dei går litt lengre denne gongen. Gjer meir utav seg. Stirer inn i eit større landskap, og skaper ein kraftigare lyd, krassare lyd, meir fasettert lyd. Dei fem i bandet, og folk dei har fått hjelp frå. Godt over tjue i talet.
Blikket og fokuset til Matt Berninger, songaren, har alltid hatt denne tendensen å styre mot skuggane der mismotet gror, mot krokane der villreia veks. Slik vart det denne gongen også. Slik, men kanskje litt annleis likevel. Songane på High Violet skaper ikkje like sterkt dette synet av ein songar som sit og speglar sitt eige sinn i eit halvtomt vinglass. Det er komme inn eit perspektiv her som i større grad omfattar meir enn berre han sjølv. For når han spaserer der med sine skinande tennissko, med terrorfrykta i bakhovudet, og motløysa i brystet, og hevdar å vere ”afraid of everyone”, er det ikkje sitt eige ve og vel han har fremst i tankane. Den eitt år gamle jenta han ber på skuldrene sine har gjeve han ein litt annan vinkel.

1. Nina Nastasia – Outlaster
Eg har aldri høyrt Nina Nastasia smile. Ikkje på Dogs, ikkje på Run To Ruin (spesielt ikkje på Run To Ruin), eller på nokon av dei andre platene ho har gjeve ut desse ti åra ho har drive på med slikt. Eg kan ikkje høyre henne smile på Outlaster heller. Det er sånn det skal vere.
Eg har aldri høyrt Nina Nastasia gje ut ei uinteressant plate. Ho har meisla meisterverka Dogs og Run To Ruin, og spedd på med tre framifrå plater til. Outlaster gjer på ingen måte skam på denne rekka. Det er sånn det skal vere.
Nina Nastasia er ei dame som held til på utsida av det heilt vanlige. Det kan saktens gjerast forsøk på å plassere henne i folk/vise/country/singer/songwriter-båsen, men ein vil nok oppleve at ho røskar og slit, og ikkje utviser verken tilstrekkelig folkskikk eller konvensjonell nok åtferd til å kunne haldast fast der. Det er sånn det skal vere.
Det er sånn Nina Nastasia har gjort seg til ein av det siste tiårets mest interessante musikarar. Med songar som krev litt tålmod. Litt tid. Dei har noko marginalt og vagt over seg. Sånn med det same. Men dei veks seg til gripande songar. Songar kledd og arrangert i former som både harmonerer, varmar, nyanserer, glefser og utfordrar. Og med tekstar som seier det dei har å seie, og lar det bli med det.

 

 

Justin Townes Earle – Nothing’s Gonna Change The Way You Feel About Me Now

Standard

Earle må ha tatt eit opphald i soulsamlinga si før han spelte inn denne.

5

cover

Dette er ikkje Harlem River Blues, dette er Memphis In the Rain. Dette er ein ung mann sitt neste steg. Eit steg som har ført han nærare soulmusikken enn han nokon gong har vore.

Harlem River Blues, frå 2010, var plata då Justin Townes Earle markerte seg som noko langt meir enn sonen av sin far. Det var plata han viste seg som ein av våre dagars fremste utøvarar av country, folk og slektande tonar. Ei samling der Earle med ei pretensjonslaus og heilhjerta innstilling foreina det meste av det som har inspirert han.

Han går ikkje like vidtrekkande til verks på årets album. Dei fleste songane her har ein fellesnemnar. Den heiter soul. Men ikkje sveitt og lidenskapelig som hos Sam & Dave eller Otis Redding. Den er meir nedpå enn som så. Meir mjukt traskande, meir grublande, meir hutrande, som hos ein ung kvithuda mann med Townes som mellomnamn og countrymelankoli i genane. Countrysoul, med støytdemparar montert.

Eg tar meg sjølv i å tenke at han kunne jo ha køyrt dei litt meir til veggs desse låtane. Gitt dei eit noko meir brusande blodomløp. Gjødsla dei med litt meir rastløyse. For blir det ikkje litt for daft? Litt for avventande og uforløyst? Var det ikkje meir tenning, meir pasjon, då han var i soullune ved førre korsveg og song om Christchurch Woman og drog ein Slippin» and Slidin»?

Dette er Memphis In the Rain, og ein tretti år gammal mann på veg gjennom natta, der han høyrer faren synge «take me home again». Av og til vil han vekk, lengre vekk, langt vekk, andre gonger vil han bli oppringt, og vil heim. Han stiller seg spørsmålet Am I That Lonely Tonight. Til varlige anslag, og i eit blått luskande tempo. I neste vegkryss sukkar han «mama I’m hurting, in the worst way», medan han prøver å lære seg å bli ein betre mann. Ein som ikkje seier ting han ikkje skulle sagt, slik han i tittelkuttet erkjenner at det ofte blir til. Ein som derfor spaserar «on a sunday morning sidewalk», akkurat som Kris Kristofferson, med henda djupt i lommene for å stagge skjelvingane, og er redd for at det Won’t Be The Last Time.

Det er regn, det er natt, og morgonen er ein einsam ting. Skrifta står på veggen. Hjerter blir knust. Angeren kryp oppover. Ei endring bør komme, men den er det vel i grunn ingen andre enn du og du og eg og du som kan stå før. Eller kva Anna? Unfortunately, Anna. Du sitt her ved sida av meg no, på vår ferd gjennom regngrå gater. Du seier du «need to know that there’s something more to this life». Vel eg svarar deg slik, proklamerar songaren, sjåføren: «All this time you’ve been waiting for the world to change, but unfortunately, Anna, it’s you who needs to change.»

«Change» er eit nøkkelord, eit gjennomgangstema på albumet. Men ikkje eit med uana muligheiter. Det er jo trass alt livet dette handlar om. Det uforståelige livet. Som i songarens tilfelle starta i farens tredje ekteskap. Til slutt syng han ein song der mora er djupt involvert. Som samtalepartnar. «I’ll tell her I been gettin» sick again» fortel han, men «we both pretend we don’t know why». Og det handlar om faren, og kor han har vore. Og om sonen som undrar på om han skal ta vegen «back to the night … were my folks first met», og kanskje der finne ut korleis faren knuste mora sitt hjerte. Eller skal han la det fare, og Movin» On? Vi er i avslutningssporet, gitaren går chicka-boom, munnspeltonane dansar, tonane trillar, og Justin Townes Earle si femte plate er på sitt beste.

Ei plate som ikkje er den beste han har laga, og ikkje den nest beste heller. Men bra nok, for så vidt, til å få fram det den ynskjer å få fram, grubling og hutring i regnet, og nokre sordinerte soulglør som prøver å skape litt varme.

Først publisert på Groove.no (i 2012)

 

Justin Townes Earle – Harlem River Blues

Standard

For 25 år sidan var han Little Rock’n Roller i faren sin song, her manifesterer han seg som ein av våre dagars fremste country/folk artistar.

8

cover

Det har blitt eindel av dei etterkvart, desse unge menn og kvinner som tar inn på den same vegen som sin mor og/eller far. Musikkvegen. Justin Townes Earle spora først inn på ein annan av faren sine vegar. Dopvegen. Ein veg han visstnok fylgde nesten til endes, før han fant det meir attraktivt å prøve musikkvegen, og lage songar, og spele inn plater. Og det vart The Good Life. Ja så heiter i alle fall debutalbumet (frå 2008).

Som kjent er det slik at i ein del tilfeller møtest dei to vegane, og stundom går dei endåtil parallelle ruter. Rykta seier at slik har det blitt for unge Earle den siste tida. Så i staden for å reise rundt og konsertere si ferske plate har han lagt seg inn på rehab. La oss håpe han kjem utatt i omlag same forfatning han verkar å ha vore i då Harlem River Blues vart til. Det fortener albumet. Det fortener Earle. Det fortener musikken.

Namnet forpliktar vert det sagt. I tilfellet Justin Townes Earle forpliktar det i så fall dobbelt. Hans far Steve har sett sterkare og betre spor etter seg i countrymusikken enn dei fleste dei siste 25 åra. Og minst like sterke (og endå betre) spor har han sett etter seg mannen som mellomnamnet stammar frå, kongen av den sorgtunge countrytone, texanaren Townes Van Zandt. Trass i blod og genar, det er meir av sistnemnte enn av faderen i det Justin byr på.

Men meir enn det, ein god del meir, er det av Woody Guthrie. Trubaduren og låtskrivaren som reiste Amerika på kryss og tvers med sine songar, men som vel hadde sin mest kreative periode medan han budde i New York på 40-talet. Sidan sist har også Justin skaffa seg eit husvære der, på Lower Manhattan, og gjort New York til sin heimby. Kanskje har han frekventert dei same barane i Harlem som Guthrie og Leadbelly ein gong gjorde også, i alle fall har han stira ned i den skitnaste elva i byen.

Harlem River, dit hovudpersonen i tittellåta er på veg. Mot eit avgjerande vendepunkt. Full av ei heilag fortviling, stukken av ein skjebnesvanger idé om å gjere ende på seg i det grumsete vatnet.

Lord, I’m goin» uptown

to the Harlem River to drown
Dirty water gonna cover me over

and I’m not gonna make a sound 

Slik går refrenget. Og gitaren slingrar og snor seg, orgelet strøymer på, og gospelkoret slår følgje. Gravferda er i sikte. Eller? Nådde han eigentlig fram til elva? Kanskje fant han ein Harlembar i staden? Dette seier soga ingenting om. Men sitt seier den, og det i ein melodisk skapnad som har eit kontrastfullt forhold til sin tekst. Eit forhold tufta på livgjevande tonar. Fengande tonar.

Det har vore noko på gang på dei to første platene til Justin. Ei anstendig mengd med gode låtar, i ein tradisjon der ein kan trekke linjene tilbake til Hank Williams og Woody Guthrie. Men signaturen har vore noko diffus. Det har ikkje vore musikk som har komme like sterkt innover meg som det faren sin Guitar Town ein gong gjorde. Harlem River Blues derimot.

Den kjem, innover meg. Frå fleire hald. Den er forankra i tiår av amerikansk musikktradisjon. Den har røter som strekk seg langt tilbake, men ikkje berre i ein retning. For, det er så mang slags songar på Harlem River Blues. Her er ei vandringsvise i ekte Guthrie-ånd (Wanderin»). Ein rastlaus, munnspelspretten og kitlig folkblues (Ain’t Waitin»). Ei soulbluesaffære der det vert blåst i horna i god Memphis-tradisjon (Slippin» and Slidin»). Ei smidig og strykarpynta countryvise om å lengte heim (One More Night In Brooklyn). Og ein reinskoren rockabillysak om å komme sliten heim (Move Over Mama). Den siste med visse tekstlige referansar til Hank Williams-klassikaren Move It On Over. Ikkje heilt utan glimtet i auga.

Walk in the door and turn on the light

I find you flat on your back with your legs open wide

Move on over mama, I’m coming home

Men dette er, meir enn før, ja fullt og heilt i grunn, Justin Townes Earle. I lauslig, herlig uformell, og komplikasjonsfri sonisk mundur. Saman med ein gjeng som kolorerer, som er heilhjerta tilstades, men som aldri overdriv. Den tidlegare Drive-By Truckers gitaristen Jason Isbell lar gitaren ulme og pirre på særs velsigna vis. Og så er det noko med kontrabassen. Den blir handtert av Bryn Davies, er med på alle spor, og gjer eit beint fram funky inntrykk (ikkje funky som i funk då, men som i eggande og bøyelig). Gløymast skal heller ikkje lambchopper Paul Niehaus, som er innom og lar det regne litt steelgitar-tårer over togarbeidarsongen Workin» For the MTA og den sørgmodige Learning To Cry.

Etter berre litt over halvtimen er heile seansen over. Ein seanse utan sekunda stoff, men der vel særlig tre songar står att som sjølve augeblikka. Tittelkuttet er nemnt. Christchurch Woman er minst like bra. Eit møte med ei kvinne under eit opphald i den nest største byen på New Zealand har sett sine spor. Så med lengt i bringa, men med eit stadig meir devaluert håp i sikte, står han der, og syng. «I’m waiting for a Christchurch woman in the rain». Det er countrysoul med humane blåsarar ein putrande el-gitar, og både Van Morrison og Dan Penn luskande i nabolaget. I eit anna nabolag finn ein Rogers Park. I enden av einsemdas gater, blant øydsla sjansar og knuste draumar, under ein dunkel måne, i ein død by. Ein eller annan gong for lenge sidan kunne Bruce Springsteen ha laga ein song som denne. Ein ballade som denne. Med eit piano sentralt plassert, i eit vemodig, vakkert og romslig bilde. Nå er det ein Earle som gjer det.

Sånn rett før gospelkoret tek seg ein liten tur innom att, på den beste Earle-plata sidan Guitar Town.

Først publisert på Groove.no (i 2010)