Ei ung røyst presenterer sterke songar i eit variert folkbilde, og signerer med kjenslevar autoritet.
8
Å kalle den nye plata til Sharon Van Etten for episk er kanskje å ta litt i. Det veit ho sjølv også, så ho gjer det med liten forbokstav. Men målt mot den årsgamle debutplata er epic ei ganske så mangfaldig affære. Ja målt mot veldig mange av desse platene ein endar opp med å plassere i folkbåsen har epic eit mangfaldig vesen. Gjennom berre sju låtar, unnagjort på litt over halvtimen.
Because I Was In Love heitte debutalbumet. Lydsettinga var lite anna enn Sharon Van Etten si stemme og hennar akustiske gitaren. Gjennom elleve viser, framført på eit nennsamt og noko unnselig vis. Men grunnlagt på tonar og ord som evna krype over reservasjonens murar, og manifestere seg som personlige og gjennomsiktige skildringar av skadelig kjærleik.
Sharon Van Etten hadde opplevd det. Ho hadde levd i eit forhold til ein mann som trykte henne ned, og plukka sjølvtilliten av henne. Over fleire år, i Tennessee, før ho til slutt kom seg utav det, og reiste heim til New Jersey. Nå bur ho i Brooklyn. Ein bra plass å bu for musikarar nå til dags. Der har hennar ry etterkvart vakse og fått dugande proporsjonar. Folk snakkar om henne, folk skriv om henne, ho har stader å spele, og folk å spele med, folk å synge med, folk frå Espers, The Antlers, Kyp Malone frå TV on the Radio. Og Bon Iver og The National har spelt Love More live.
Love More avsluttar epic. Love More avsluttar epic på meisterlig vis. Sakte, brennande. Omkring ei varmhjerta drone frå eit harmonium. I førstninga skånsamt lydlagt, i eit ope rom. Eit rom med plass til utvikling og vekst. Og utvikling og vekst blir det. Lyden av ein upolert gitar og sublim harmonisong infiltrerer bildet. Eit bilde drapert i mystikk og vemod. Farga og forma av fortidas mareritt – «you were high, you were high when I was doomed ……. I had nothing to spend but time on you» – men òg farga av nyare erfaringar, der kjærleiken har hatt eit vennligare ansikt. Så, Love More.
Eller Save Yourself. Med steelgitar i ei framtredande rolle, og meir sublim harmonisong som eit vesentlig moment. Ein grasiøst dansande countrysong framført med eit hardkokt snerr i munnvika. For songaren veit at smigeren som møter henne har ein baktanke som ikkje er like vennligsinna. Så når ho og hennar harmonerande medsøstrer kjem til refrenget, syng dei det slik: «Don’t you think I know, you’re only trying to save yourself? Just like everyone else».
Meg Baird frå Espers syng harmoni med henne. Det gjer også hennar Brooklyn-naboar, singer/songwriter Cat Martino, og Jessica Larrabee frå duoen She Keeps Bees. Dei er viktige for kva epic til slutt blir. Ikkje minst i dei to meir psykedelia-sfæriske nummera Dsharpg og Don’t Do It. Dsharpg ein flytande bris med gjentakande linjer om blind tiltru, og eit avsluttande spørsmål – «what if I do?» – som heng taktfullt i lufta i det songen glir over i svaret: Don’t Do It. Eit godt svar.
Det er ei Sharon Van Etten med blikket heva vi møter på epic. Ein singer/songwriter som har sjølvkjensla intakt, som stig fram i eit lys ho vil vere i, ikkje ei som sitt bortkomen i scenelysets utkant og mumlar unnselig. Ikkje det at det ho byr på ikkje er kjenslevart, og kjem oppriktig og beine vegen frå hennar eige hjerte. I ganske så melankolske ordelag og tonefall. For det er det. Ho er der, ho òg. Men det er ein autoritet der, ein styrke der, som i kombinasjon med noko litt rufsete og medtatt sørgjer for at ein signatur vert gravert. På ganske tydelig vis, og litt annleis vis.
Eit visst sinne kan ho også kalle fram. Med ein til brestepunktet stramma gitar som akkompagnatør i A Crime, og med ein liten snerr i diksjonen rettar ho sinnet mest mot seg sjølv, og lar det glid over i anger, dei tapte sjansars anger. Spor av same slags anger kan også anast i One Day, i kompaniskap med eit vagt håp kledd i resignasjonens fargar. Ein storarta song, som frå første «Sister don’t mind that I’m not on time» til siste «You don’t leave me now do you love me back» er kledd i ei popmelodisk drakt som viser at dama har eit velutvikla instinkt for det sterkt fengande også.
Fengande, eterisk, brennande eller forførande, epic har det. epic har mykje, epic er ikkje til å bli ferdig med. Og dette er berre byrjinga.
Først publisert på Groove.no (i 2011)