Tag Archives: Jolie Holland

Dei 5 beste albuma frå mai 2014 (Slik eg har oppfatta det)

Standard

Sturgill Simpson – Metamodern Sounds In Country Music      9

Metamodern Sounds in Country Music Eit utdrag frå ein lengre omtale publisert 25.5.2014.

Opninga er ikkje avgjerande, men det skadar ikkje om den set ting litt på plass. På sitt andre album kjem Sturgill Simpson opp med ei slik opning. Eg snakkar då ikkje om bestefaren hans sin introduksjon, spelt inn over ei telefonlinje, og tilført litt ekkobehandling: «Introducing metamodern sounds in country music». Sjølv om den for så vidt er effektfull og sannferdig nok. Nei eg tenker på den første linja Simpson syng like etterpå, i songen som fantastisk nok heiter Turtles All the Way Down. «I’ve seen Jesus play with flames in a lake I was standing in» syng han. Eg nølar sjølvsagt ikkje så mykje som ein tøddel av eit sekund med å kåre linja til den nestbeste Jesus-opninga i platehistoria.

Metamodern  Sounds In Country Music, ein storarta tittel. Inspirert av ein annan platetittel, og ei storarta plate. Ray Charles sin Modern Sounds In Country and Western Music. Der Charles gjer country på sin måte. Med Metamodern Sounds In Country Music gjer Sturgill Simpson det på sin måte. Sjølvsagt gjer han det, han kunne ikkje tatt sjansen på ein slik tittel om han ikkje det gjorde. Spelt inn over fire dagar, med eit marginalt budsjett, ei handfull medmusikantar, og ei frisk innstilling. Produsert har Dave Cobb gjort. Same mann som har gjort same jobb på Jason Isbell sin Southeastern og Jamey Johnson sine That Lonesom Song og The Guitar Song. Sannsynlegvis dei tre beste platene med countryklang som har komme dei fem-seks siste åra. Med det som utgangspunkt er det nok ein smule dristig å hevde at Metamodern Sounds In Country Music faktisk kan være den aller beste plata Cobb har hatt fingrane sine borti. Eg tar sjansen likevel, for akkurat så steikande bra er denne plata.

 

Wussy – Attica!        9

Attica! Eit utdrag frå ein lengre omtale publisert 5.6.2014.

Det var storarta at Lisa Walker og Chuck Cleaver fant kvarandre for drygt ti år sidan, og blei til Wussy. Cleaver hadde då allereie, som den leiande krafta i bandet Ass Ponys, gjennom fleire år (ja heilt sidan åttitalet) skapt lealaus og smussig rock med visse countrytendensar. Walker var i musikksamanheng ubeskriven, og fleire år yngre. Dynamikken i songen dei to imellom skapte ein dimensjon som Ass Ponys ikkje hadde. To stemmer som utfyller kvarandre, og som utfordrar kvarandre. Cleaver si krokete røyst, og Walker si reinare røyst. Cleaver som kjempar seg i retning av ein symmetri, Walker som hiv inn noko uvørent. Dei får meg til å minnast åttitalsbandet Divine Horsemen, med Chris D. og Julie Christensen i vitale vokalroller. Dei får meg i det heile til å minnast den delen av åttitalet som handla om band som Dream Syndicate, R.E.M. og Green On Red. Sjølv hevdar dei at dei er ute på eit oppdrag som handlar om å spenne ei bru frå The Band til Sonic Youth. Eg forstår kva dei meiner. Den amerikanske musikkskribenten Robert Christgau hevdar at bandet kombinerer Flying Burrito Brothers sin twang med Velvet Underground sine droner. Eg forstår også kva han meiner.

Og eg forstår at sjølv om Wussy har latt seg inspirere, latt seg dugelig inspirere, som dei uforbederlige rock’n roll-disiplane dei er, latt seg inspirere til å lage songar som liknar på saker vi har høyrt før, som har både tjuveri og låneri klistra på seg, så er dei forunderlig nok, berre Wussy. Med ein glød og eit lidenskapelig forhold til alt dei driv med er dei Wussy. Det er som oftast det som skal til, glød og lidenskap, ein visjon, nokre idear, gode idear, og songar som er blitt til fordi dei måtte bli til.

 

Sharon Van Etten – Are We There       8

Are We There Eit utdrag frå ein lengre omtale publisert 3.6.2014.

Sharon Van Etten sine songar er ikkje eindimensjonale, dei er opne for tolking, brei tolking. Ja det er ikkje ein gong sikkert dei er så melankolityngde som dei kan gje inntrykk av å vere.

Ikkje er dei så marginale på melodisk variasjon som dei først kan gje inntrykk av å vere heller, desse songane til Sharon Van Etten. Ho innlemmar ei veksande, sakte blomstrande, kraft i dei. Noko ho for så vidt har gjort frå første album av. Frå det spartanske Because I Was In Love, via det noko meir lydfyldige epic, til det Aaron Dessner produserte albumet Tramp. Denne gongen har ho produsert sakene sjølv, og omgjeve seg med noko færre folk frå indierock-sfæra (men både Adam Granduciel, Jonathan Meiburg og Jana Hunter er innom). Eit gigantskritt bort frå der ho var med Tramp har ho imidlertid ikkje tatt. Ho har innført ein noko meir utstrakt bruk av synthesizerar, det rytmiske er kanskje noko meir markant, og strukturen i låtane har eit meir komplekst vesen. Det siste gjer at ein nok må gå endå fleire rundar enn tidlegare for å byrje å ane rikdomen, ta innover seg rikdomen, og kjenne seg djupt til stades blant songane. Det er sjølvsagt verdt det.

 

Paul Heaton & Jacqui Abbott – What Have We Become        7

What Have We Become? Gjenforeiningar kan føre til så mangt. I musikksamanheng oftare kjipe enn gode opplevingar. Her kjem ei god ei. Her kjem Paul Heaton og Jacqui Abbott. Dei har ikkje sunge saman på tolv-tretten år. Men dei gjorde det bra då dei gjorde det, utover nittitalet, på nokre plater med The Beautiful South.

The Beautiful South. Ein gong sprang dei utav The Housemartins. Kvartetten som debuterte med den smått legendariske plata London 0 – Hull 4. Ei plate av fengande og energisk soulpop. Det vart litt meir sofistikert og komplekst i Paul Heaton og Dave Hemmingway’s The Beautiful South. For så vidt ikkje dårligare det. Og spesielt ikkje i Jacqui Abbott-involverte songar som Prettiest Eyes, Don’t Merry Her og Rotterdam.

Det er i grunn ikkje dårligare det som er å finne på denne duoplata av året heller. Det er ikkje fjernt frå slik Beautiful South framstod, men med noko ein kanskje kan kalle ein liten Housemartins-edge. Det er catchy. Mykje er catchy. Moulding Of a Foul er umåtelig catchy; Northern soul møter Motown. DIY er ikkje mindre catchy. Den miksar 50-tals rock med country på Nick Lowe vis. Jacqui Abbott tar full eigedom over sakene i Some Dancing To Do. Ein soulraffinert sak om å slite med sjølvkjensla, der linja «I want to be a beautiful mermaid, not just some half-piece of fish» kan få karakteristikken essensiell.

I tittelkuttet sveipar Heaton innom ting som moderne fedmeproblem, songar utan bodskap, opportunisme, og generelt sett nokså nedslåande tilstander, til tonar som berre ber om at ein syng med, med eit nøgd smil om munnen. Ganske typisk Heaton for så vidt. Sarkasmen er der. Og det sosiale samvitet. Det siste kjem aller tydeligast til uttrykk i One Man’s England. Ein song om rasisme på fleire nivå.

Jodå, Heaton er Heaton, og Abbott gjer han godt.

 

Jolie Holland – Wine Dark Sea         7

Wine Dark Sea Blues. No er det blues. Wine Dark Sea er blues. Jolie Holland syng blues, spelar blues. Men ikkje kva som helst blues. Her er blues med soul i seg. Sydande soul. Her er blues som vaklar, her er blues som kranglar, her er blues med folkmelodiske evner, og her er blues med ein djevel i seg. Men først og fremst er dette blues som brenn.

Det har vel alltid vore eit og anna bluestilløp på platene til Jolie Holland. Men det har aldri vore det dominarende tilløpet. Ho starta spartansk, i 2003, med knirkande viser, brakte gradvis inn meir raffinement, og for så vidt lyd, meir lyd, kraftigare lyd.

No er det avgjort kraftigare lyd. Wine Dark Sea er kraftigare lyd. Jolie Holland har fått med seg eit lag som lagar kraftigare lyd enn på noko plate ho har presentert. Men ikkje berre kraftigare, og ikkje alltid kraftigare, slett ikkje. Stundom vil eg heller seie at den er meir i opprør mot songens tone, lyden. Andre gonger vil eg seie den oppfører seg som knusktørr ved i omnen, den brenn nesten litt hensynslaust.

Den elektriske gitaren står bak det meste, av denne lyden. Men også blåsarar, og eit groove, sjølvsagt eit groove. Ho syng om kjærleik med håp i røysta (On and On) og gitaren knurrar og knegg, ho syng om kjærleik som har gått under (Dark Days) og gitaren er ein demon. Ho syng om New Orleans, med vemod i bringa (Saint Dymphna), og ho drar opp ein eggande voodoo-affære (Out On the Wine Dark Sea).

Det er kanskje ikkje hennar aller beste plate, men det er ei bra plate.

Jolie Holland – Escondida

Standard

Jolie Holland anno 2004: Litt meir produsert. Litt nærmare jazzleiren. Framleis omgitt av denne eimen av svunne tider. Framleis ei særeigen stemme.

cover  Etter dei første to gjennomhøyringane var eg litt skeptisk. Hadde Jolie Holland flytta inn i samme etasje som Norah Jones, Diana Krall og deires like? Ikkje det at Norah og hennes søstre i ånden er så håplause, tvert imot, dei er rett som det er innom ålreite saker, dei. Men Jolie sin debut Catalpa fortalde trass alt om ei dame med endå større ting på programmet. Den var nemlig eit skjørt, underprodusert, eigenarta og vakkert lite eventyr litt utanom det vanlege. Sjølvsagt rekna eg ikkje med at Jolie skulle finne ei avsidesliggande og antikvert stove med knirkande plankar og 200 år gamle gyngestolar for å spele inn tonane sine, nok eingang. Sjølvsagt rekna eg med at ho kom til å oppsøke ein tanke meir strigla og moderne lokaliteter denne gongen. Men eg hadde håpa på at mystikken, og den uforfalska og lågmælte intensiteten, stadig var tilstades. Vel, det er den også.

Det tok nemlig ikkje så mange fleire rundar før eg oppdaga at vår kjære Jolie oppheld seg i eit litt anna slags rom enn den perfekt designa og uklanderleg møblerte stova til Norah og Diana. Sjølvsagt gjer ho det. Istaden er ho å finne oppe på loftet der tradisjonane lever og bur. Der, med ein nennsom respekt for arven som sit i veggane, og som gøymer seg i krokane, transformerer ho musikk frå svunne tider over i ein moderne verden. Oppe på loftet har ho tatt innover seg ånden frå avdøde søstre som Bessie Smith, Billie Holiday og Patsy Cline, samt vore lydhøyr for dei fleste gamle folk-songarane Harry Smith og Alan Lomax fant på si vandring. Ho har bladd i gamle fotoalbum, lest både Faulkner og Flannery O’Connor. Og funne sin eigen tone.

Nå var eigenarta i tonen hennes for så vidt solid på plass allereie på Catalpa, men ho har utvikla den endå litt vidare, gjeve den eit meir jazzigt slør. Den tek slett ikkje skade av det. Fortsatt er det ei forsiktig dame vi møter, som heile tida held stemma i eit reservert leie. Men som samstundes maktar å mane fram klangfulle tonar av stor nåde. Ja, så veldig vågalt er det vel ikkje å hevde at dama er innehavar av ein av dei finaste stemmene som har introdusert seg i det nye milleniet.

Med seg på Escondida (som er spansk for gøymt), har Jolie instrumentalistar på både strenger (banjo, mandolin, gitar, bass), blås (trompet, saksofon), og ulike rytmiske lydkjelder. Utan at lyden av alt dette på noko som helst vis tar av i nærleiken av kakafoniske retningar. Neidå, her blir det helde nedpå, og gitt god plass til kvart instrument. Varsemd og luft.

Akkurat slik den dunkle spøkelses-visa Alley Flower gjorde det på debuten så set den velforma atmosfæren i åpningssporet Sascha saker og ting på plass frå første strofe. Til raffinert Billie Holiday-aktig sjonglering med bluesen i jazzen (eller jazzen i bluesen) syng ho; «Oh tonight my heart is full of a sad song, my lonesome lover has taken off». Og der, på den vemodige delen av trivsels-skalaen, er det at vi møter Jolie mesteparten av tida.

Black Stars er sakte og ulmande, og som tittelen hintar om, ikkje av det lystigaste slaget. Glødande i samme melankolske ærend, akkompagnert av piano og mørke bass-strofer, kjem Damn Shame smygande med sin eim av skam og brent eksos. Frå ein mørk stad midt mellom den tradisjonelle gospel-låta Old Time Religion og gammal medtatt akustisk blues dukkar fabelaktige Old Fashion Morphine fram. Den pianodraperte og lune balladen Amen høyrer på si side til blant Escondida sine meir oppstemte øyeblikk. Kun akkompagnert av heftige trommevisper og klangen frå eit par cymbalar syng Jolie den gamle engelske folkevisa Mad Tom of Bedlam. Goodbye California byr seg fram som ein vindskeiv Jambalaya, og for å illustrere lengselen mot heimtraktene syng Jolie låta med ein brei og nærast uforståelig aksent. Medan hovedpersonen i Do You?, i nokså fortvila tilstand, trør til med kraftuttrykk som; «and you motherfucker, I wanted you». Og Faded Coat of Blue er ei gammal vise ho har funne fram om ein soldat sitt triste sorti, den er også Escondida sitt teppefall.

Men historien om Jolie Holland sluttar nok ikkje her, den har akkurat starta. For eg er heilt sikker på at denne dama kjem til å hente fram inspirerte tonar frå morkne veggar, mørke krokar og frå si eiga gåtefulle sjel også i åra som kjem.

8/10

Først publisert på Groove.no (i 2004)