Tag Archives: Bonnie Prince Billy

Musikalsk årsoppgjer 2011

Standard

Eitkvart år er eit bra musikkår, seier dei hos det svenske musikkmagasinet Sonic. Eg seier meg samd. 2011 føyer seg inn i rekka. Eg kjenner meg vel forsynt av tonar som har gitt næring og gjort inntrykk i år også. Nokre av dei har komme frå heimlandet. Aller mest verdt å nemne i så måte er nok hallingtrubaduren Stein Torleif Bjella og hans underfundig melankolske Vonde Visu. Av andre aktverdige framstøyt føler eg trong til å halde opp Martin Hagfors sin popintrikate I Like You, Tom Roger Aadland sin livserfarne Det Du Aldri Sa, The Last Hurrah sitt dronefolk-album Spiritual Non-Believers, og The Captain & Me, som i afrocalifornisk lyddrakt varta opp med eit konseptalbum (Migrant) om ein afrikansk flyktning.

Den ferdigredigerte lista over dei ti eg har sett aller størst pris på skiltar imidlertid ikkje med anna enn slikt som kjem frå det store engelskspråklige utland. Frå det same utland har eg aller først lyst å nemne ei god handfull eg synst det var litt vanskelig å utelate, men som likevel blei det. Utelete. Eg nemner, i fleng: Okkervil River (I Am Very Far), Sarabeth Tucek (Get Well Soon), Bon Iver (Bon Iver, Bon Iver), Bill Callahan (Apocalypse), Akron/Family (S/T II: The Cosmic Birth And Journey of Shinju TNT), The Decemberists (The King Is Dead), The War On Drugs (Slave Ambient), Southeast Engine (Canary), The Low Anthem (Smart Flesh). Men altså, først og fremst, og aller mest handla det om desse:

10. Girls – Father, Son, Holy Ghost
Utan blygsel serverer dei låtar som den neonspirituelle Vomit, surfande Honey Bunny, rifftunge Die, og meir til. Utan blygsel tek dei litt her, låner litt der, og skaper eit popbilde som er både enkelt, fengande, intrikat, mangfaldig og elastisk poptastisk.

9. Gillian Welch – The Harrow & The Harvest
Åtte år sidan førre plate, og ho er den ho er. Saman med mannen sin, David Rawlings, leverer ho tradisjonsbundne tonar i organisk forfatning. Ti asketiske og akustiske songar som på ulikt vis er rota i sørstatsgotikken og dens hang mot å spegle det dystre og amoralske.

8. Abigail Washburn – City Of Refuge
Ho kan sin banjo, og ho kan sin americana, men aller viktigast er det at ho kan noko om musikalsk poding. Med å dryppe nokre doggfriske dråpar av Kina i det amerikanske lagar Abigail Washburn noko som er litt annleis, og som har ein frodig personlegdom ein slett ikkje møter så ofte.

7. Laura Marling – A Creature I Don’t Know
Ei plate skapt av ei kvinne med ei tydelig stemme. Ei som lagar songar ut frå sitt eige indre. Ikkje sjølvutleverande og hudlause songar, men songar der ho med nøye avmålt distanse til det personlige og private ser seg sjølv som menneske, som kvinne, på den store gåtefulle og krevjande scena kalla tilværet. Laura Marling er kanskje ung, men ho er ikkje født i går. Og har ikkje lenger berre ein akustisk gitar.

6. Fleet Foxes – Helplessness Blues
Den er absolutt annleis enn debuten, og den er absolutt veldig Fleet Foxes. Pecknold har ikkje svikta sine idear. Plata har ei mørkare sjel, den dansar i mindre grad med lette popsteg, og den held seg i eit ganske så samanhengande sonisk bilde. Den har meir lyd enn debuten, den har større kompleksitet, nokre fleire psykedeliske manerar, og den vil nok av fleirtalet bli opplevd som litt vanskeligare.
Samstundes, den har varmen. Den vellydande og harmonimerka Fleet Foxes-varmen. Og den kjennes nær, imøtekomande open, og velkommen.

5. Bonnie Prince Billy – Wolfroy Goes To Town
Årets Bonnie Prince Billy plate er i rosa omslag, og med eit knippe låtar som etterlet seg eit temmelig så spartansk inntrykk. Men rosa er den berre utanpå, inni er det svart. Og spartansk er ikkje synonymt med nusselig om noko skulle falle for å tru det. Ta heller då ein smak på tittelen; Wolfroy Goes To Town. Nemlig, ulven er på ferde.
Ulveframferd av typen uling og gauling er sjølvsagt heilt fråverande. Denne ulven luskar og smyg mot målet, men vondt kan den bite. Både mot gud, djevel, venn, fiende, lykka og kjærleiken. Og langs vegen den går legg den etter seg eit titals storarta songar.

4. A.A. Bondy – Believers
A.A. Bondy manar fram diffuse snapshots og gåtefulle stemningsleie. Gjennom ti låtar dyppa i gårsdagens regn, brennmerka med melankoliens render, og omslutta av eit heimsøkt drag. Folk noir. Ti opptrinn som skjeler mot både røyndom og draum. Og glipa imellom. Ti scener der atmosfæren dei lever under fortel like mykje som orda dei er forsynt med. Ti scener av det slaget som stort sett er like mørke som natta, og like lumske som vegen heim ein tåkete morgon.
Med andre ord, slike som held til i eit tematisk territorium det har komme mange songar ut av. Men å legge det fram like meisterlig, i ord, tonar og sonisk habitt, som det A.A. Bondy gjer på si tredje soloplate er slett inga vanlig hending.

3. My Morning Jacket – Circuital
Med Circuital gjer Louisville-banden det tittelen hintar om, dei vender blikket mot dit dei starta ut. Mot ein storslagen americana med staselige sørstatstakter. Men dei er også eit popband, eit sveitt og rytmisk band, eit funky band. Eit mangslunge band.
Og ein 33 år gamal songar med ei sublim røyst, som syng om tilværet sett frå ein vaksen mann sin synsvinkel. Som duellerer manndomen og ungdomen, og talar om pliktkjensla og ansvaret kontra fridomen og opprøret. Ikkje med eit moraliserande eller urokkelig blikk. Meir med eit undrande og leikent blikk. Eit som ser livet som ein sirkel, og dansar med det, og ikkje mot det. Eit fint blikk. På ei plate full av overskot og melodisk danselyst. På ei plate som smiler. Så eg smiler tilbake.

2. P.J. Harvey – Let England Shake
Tjue år inn i eit musikarliv som aldri har vore prega av stillstand har P.J. Harvey laga eit meisterverk. Ikkje sitt første, men kanskje sitt beste. Om krigen. Tolv poetiske, men ubarmhjertige krigsreportasjar, og elsk/hat songar om ein nasjon iferd med å visne på rot. «England’s dancing days are done» syng ho. «Let’s head out to the fountain of death & splash about» held ho fram.
Krig er ikkje vakkert. PJ Harvey zoomar direkte inn på slagmarka og fortel kva som er sjå. Ho er ein referent, ingen agitator. Ein poetisk songreporter, med sans for det konsise, og for kontrastar.
Let England Shake er ei plate om krigen og om England, men meir enn det handlar den om mennesket. Først og fremst handlar den om mennesket. Og slik femner den vidare enn vidt, og treff nærare enn nært.

1. Josh T. Pearson – Last of the Country Gentlemen
Texanaren Josh T. Pearson har vore i meir enn ein heis, og han har gjort seg sine erfaringar. På Last of the Country Gentlemen fortel han om nokre som har sett evigvarande spor. Dei handlar om livet med kvinna, om livet utan kvinna, om livet i selskap med alkoholen, om livet med Gud, og utan Gud, og om livet med musikken.
Han syng ikkje høgt, men eg høyrer han godt. Det går ei fortvilingas skjær igjennom han, han kviskrar, han sukkar, han skjelv, han svelgjer nokre ord, eg kan høyre klumpen i halsen hans. Han er intenst til stades, han er i feber, desperasjonen kryp rundt anklane hans, ein brann ulmar i bringa hans, han har noko han må få sagt, noko han må tilstå, eit tyngande skriftemål, han syng det. Som ein countrysongar. På sitt særeigne vis, som ein countrysongar. Ein tålmodskrevande og omstendelig countrysongar. Med ein gitar, ein kamerat på fiolin, og 100% sjel.

 

Nokre veker etter at denne lista vart publisert på Groove.no fant eg fram ei Kurt Vile plate eg hadde lagt til sides. Den steig etterkvart veldig i kurs, og må vel seiast å vere blant dei aller beste platene gitt ut i 2011:
Kurt Vile – Smoke Ring For My Halo

Seinare skulle også Hiss Golden Messenger sin Poor Moon bli ei kjær plate.

 

 

Musikalsk årsoppgjer for 2005

Standard

2005 vil vel neppe gå inn i historia som eit legendarisk år på musikkfronten. Det har likevel komme langt meir plater enn kva eg har klart å fordøye. Skal ikkje sjå bort frå at det finst skattar eg ennå ikkje har oppdaga. På reutgjevings- og koke-suppe-på-ein-spiker fronten var nok utan tvil Bob Dylan sin No Direction Home det mest inspirerande tiltaket. Hadde nok kanskje håpa på eit endå meir utvida jubileumsopplag av Patti Smith sin Horses, men den var ikkje så ueffen den heller.

Eit aldri så lite høgdepunkt var også oppdaginga av den gamle hasjfolkloristen Gary Higgins. Hans pot-tette og fine Red Hash frå 1973, dokumenterer (saman med Vashti Bunyan sin like fine Just Like a Diamond) at psych-folk slett ikkje er ei nyoppfinning.

Årets dårligaste plater har eg heilt sikkert ikkje høyrt (og kjem ikkje til å gjere det heller, ein har trass alt anna å bruke tida på), men eit par skuffelsar kan ein jo ta med. Den fantastiske søskentrioen Fiery Furnaces starta året med ein fin liten samling av singlar og rarities, men kom i haust med den overpretensiøse, melodilause og trøyttande Rehearsing My Choir. At det nye Big Star albumet skulle bli særlig minneverdig hadde eg nok ikkje den store trua på (og fekk heilt rett), skuffelsen var vel mest den at også Alex Chilton måtte prøve seg på dette gjenforeinings-idiotiet.

For ein som bur eit stykke utanfor konsertløypa vert det dessverre altfor lite levande musikk. Den beste konserten i året som gjekk trur eg var Micah P. Hinson på Kamelon i Bergen. Ellers bydde jo Ekstremsportveka her i bygda på ein del bra. Med Mastodon og deLillos som høgdepunkt, og eit ukjent band frå Odda, Major Parkinson, som sterk utfordrar (kanskje eit namn å sjå opp for).

Pariakasten konsertalbum har som regel berre limitert interesse, men det kom tre stykke i år som er verdt å nemne. Magnolia Electric Co. sin sørstatsharvande og Young-infiserte mikstur av gamle og nye låtar i Trials & Errors, Bonnie Prince Billy si skeive og elektriske tolking av eigne klassikarar (Summer In the Southeast), og ikkje minst Wilco sitt livskraftige og utviklande dykk ned i eigen katalog (Kicking Television).

Frå heimlege trakter er det verdt å trekke fram Sgt. Petter sin oppegåande og lett psykedeliserte countrypop på Monkey Tonk Matters, Jake Ziah sitt skakke og djupfølte These Days Do You No Justice, samt eit band eg kjem tilbake til når lista under openbarer seg.

Sjølv om 2005 kanskje ikkje har produsert dei himmelstormande klassikarane har det under redigeringa av den endelige «10 beste»-lista vore fleire album det slett ikkje var lett å utelate. Namn som Castanets, Bunky, Franz Ferdinand, Wolf Parade, Josh Rouse, Magic Numbers, Fruit Bats, Dan Sartain, Ryan Adams, Akron/Family, Go-Betweens, Jackie-O Motherfucker, Great Lake Swimmers, Archer Prewitt, Richmond Fontaine, The Clientele, Ry Cooder, Vashti Bunyan, Cloud Cult, Laura Veirs, Iron & Wine/Calexico, A Silver Mt. Zion og CocoRosie stod alle på kladdeblokka. Og aller nærast til å kome med av dei som tilslutt hamna på utsida av lista var desse fem albuma:

Sufjan Stevens – Illinois
The New Pornographers – Twin Cinema
Pinetop Seven – The Night’s Bloom
Low – The Great Destroyer
British Sea Power – Open Season.

10.Bonnie Prince Billy & Matt Sweeney – Superwolf

På sida av alle trendar, langt unna kommersialismen sitt griske grep, luskar det rundt ein ulv i ufrivillige fåreklede. Mystisk, lumsk, svolten, hårete og bister, men av og til også lykkeleg. Ofte søker han offeret sitt åleine, andre gonger har han med seg ein liten flokk. Kanskje i eit håp om å endelig bli tatt for den ulven han verkeleg er kallar han denne gongen framstøyte sitt for Superwolf. Eller kanskje helst fordi han gjer det i tett samarbeid med ein annan ulv, gitaristen Matt Sweeney. Superwolf dukkar ned i det grumsete og blodige, men løftar også hovudet, smiler og er tilfreds. Den er både raffinert og uhøvla. Og består av både mangslungne låtar og meir einsarta saker. I Oldham-katalogen har den kanskje sin næraste slektning i Palace Music utgjevinga Viva Last Blues.

9.Philip Kane – Time: Gentlemen

I det sør-austre hjørnet av London bur ein mann med ei fabelaktig songstemme. Her lever han i anonyme former, avsondra frå det moderne og pulserande bylivet. Han verkar å ha både asosiale og sjølvdestruktive anlegg, men også frisinna og omfamnande perspektiv. Han er eit mysterium og ein altfor godt gøymt løyndom. Med soul-kraft og crooner-glød, poetiske brodd og inspirerte tonar serverer han både mørke og merkelige historier om folk på kant med tilværet, det vedtekne, sanningane, løgnene og seg sjølv. Reint melodisk turnerer låtane hans kring velkjente formlar, men det er sterke formlar. Han skaper tonar som med den «rette» straumlinjeforma produksjonen, og dei «korrekte» harmlause formuleringane sikkert kunne sjarmert seg inn i hjerta til veldig mange. Men det er sjølvsagt ikkje vegen å gå for ein sjølvdestruktiv faen som mykje heller vil skildre dei forhutla, forkasta, forelska, fortvila og forbanna enn å tekkast dei vellykka, velorienterte, veltalande, velmeinande og velskodde.

8.Serena Maneesh – Serena Maneesh

Serena Maneesh lever ikkje i eit tomrom eller gjer forsøk på å komme opp med revolusjonerande saker. Dei har spora opp mykje substansielt stoff (My Bloody Valentine, Spaceman 3, Krautrock, Velvet Underground), og latt seg inspirere, for så å skape eit dynamisk uttrykk. Sitt eige. Eit uttrykk tufta på kontrastar og polarisering. Det hemningslause versus det kontrollerte, det stygge versus det yndefulle, og himmel versus helvete. Frå kvar si side av musikken sitt sentrum lar dei det atonale ramme det melodiøse, og det pompøse elske med det usminka. Det er raffinert råskap med syn for kvite og vevre stråler. Men aller mest så gnistrar og glødar dette som eit lynnedslag i ei røys av usikra elektrisitet.

7.Richard Hawley – Coles Corner

Eit praktfullt album, støypt i ei vever og vakker melankolsk form. Der dei viktigaste ingrediensane er plukka frå tonar som spreidde seg utover verda på 40-, 50- og 60-talet. Den gongen Frank Sinatra flaut nedover Moon River, Eddie Cochran hevda å vere Three Steps From Heaven, Johnny Cash medgav at han Still Miss Someone og Roy Orbison song for Only The Lonely. Richard Hawley syng med ei baryton-stemme som smyg seg fram med utvungen og vemodsfull croonerkraft. Han er stemma til den einsame nattevandrar som lutrygga og håpefull nærmar seg lysa, men som ikkje får oppleve den salige lykka nede på Coles Corner. Han er stemma til han som ventar, han som flyktar, han som søv aleine og han som håpar. Han er den flottaste stemma frå Sheffield.

6.The White Stripes – Get Behind Me Satan

Skulle denne Satan vere ein representant for den musikalske fortida til The White Stripes, ja så har dei med sitt femte album klart kva tittelen krev. Garasjeblues-avtalen dei gjorde i eit vegkryss ein gong på nittitalet vert her kasta på bålet, men opp av oska stig nye og langt meir ulikt forma tonar. Den dynamiske White-duoen konfronterer fram melodilinjer av både demonisk og velsignande karakter, og ein nygift Jack syng om kjærleikshunger, tapt kjærleik, fridomstrang, vemodskjensle, løgner og forknytte tankar. Og sjølv om Jack i langt større grad enn tidlegare prioriterer pianoet framfor gitaren er Get Behind Me Satan ein potent og vaken affære frå første kåte gitarriff til siste vemodsfulle pianotåre.

5.Bright Eyes – I’m Wide Awake, It’s Morning

To simultant utgitte album var den produktive Oberst Conor sitt bidrag på albumfronten dette året. Det eine var ei berre tidvis vellykka forskarferd inn i den digitale lydverda, den andre, ei jordluktande og uforfalska ode om einsemd, angst, desillusjonisme, krig, måneskin, minner og oppvakning, viste seg fort å vere Conor si kanskje aller sterkaste låtsamling så langt i karrieren. I eit folk- og country-tona lende leverer han ti låtar med solid melodisk gripeevne og tekstlig mot. Den unge mannen har ikkje lagt pretensjonane på hylla, men med å tone dei litt ned får han fram eit sterkare ettertenksamt element, noko som definitivt kler han. Den vakre og lengtande røysta til Emmylou Harris dukkar også opp på tre spor, og finn seg særlig godt tilrette i den vekselvis skjøre og dramatiske Landlocked Blues. Men røysta til Conor står i sentrum, og handsamar dette med ektefølt og skjelvande autoritet frå den innleiande styrtande heisaturen At the Bottom of Everything fram til han i den noko ironisk titulerte Road to Joy avsluttar med å be bandet om å lage litt bråk.

4.Antony and the Johnsons – I Am a Bird Now

Med ei lys, vibrerande og englevakker stemme som i det eine augeblikket omfamnar lidenskapen og i det neste melankolien tar den androgyne New Yorkaren Antony oss med inn striden. Striden om å finne håpet sin venger, og bli ein fugl som er «free at last». Frå fanskaren har ei lita handfull med namngjetne medhjelparar også blitt med i striden. Nå kunne heilt sikkert Antony hanka dette opplegget i land med overtydande kraft kun med hjelp av eiga stemme, men når dei no først er her spelar dei definitivt ei rolle. Med smått sliten stemme er Boy George ein effektfull kontrast til Antony si glasklare i fantastiske You Are My Sister. Devendra Banhart og Rufus Wainwright er også med på kvar si låt, og Lou Reed gjer ei kort innleiande melding i Fistful of Love før han seinare sleng innom med slepne gitarlicks i det låta jumper over i ein brassdriven og bombastisk siste del. Antony balanserar ofte på den tynne lina over pompøsiteten sin endelause avgrunn, men misser aldri fotfeste. I alle fall ikkje før vengene er på og han rettar blikket mot himmelen.

3.Devendra Banhart – Cripple Crow

Den unge frifolkaren har pensa inn på eit litt meir tilgjengelig spor, og tek oss med på ein fryktlaus, naivistisk, idérik, blendande og melodisk erobrande tur. I front saman med Banhart si karakteristiske røyst høyrer vi den akustiske gitaren, men denne gongen har den i langt større grad enn tidlegare eit band i ryggen. Saman kan dei trille fram tonar som kan skape både leirbålstemning, blomeduft og skyfri himmel midt i november, men som også kan bringe fram det ettertenksame og melankolske ein lys julikveld. Det handlar om kjærleiken, lidenskapen og naturen, det handlar om krigen, døden og bluesen, og det handlar om barndom, ungdom og begeistring. Det startar med fridomslengsel og endar i eit velsmakande kyss. Det er meir enn vi ba om, men vi fordøyer det med ei salig og tilfreds mine.

2.Clap Your Hands Say Yeah – Clap Your Hands Say Yeah

Ja så hadde visst Pitchfork rett likevel då. New York-kvintetten med det spektakulære namnet har verkelig noko å by på. Med ei høgenergisk men samstundes smått skjødeslaus innstilling serverer dei nemlig ei aldri så lita feststund her i sitt aller første forsøk. Låtskrivar og songar Alec Ounsworth manglar kanskje litt av det poetiske sinnelaget til David Byrne og Howard Devoto, men har mykje av det same frenetiske og eggande pågangsmotet desse skapte saman med sine respektive band for vel 25 år sidan. Når han så i tillegg har styltra saman ein bugnande porsjon med vinnande melodilinjer, og har med seg ein gjeng som både forsterkar og utfordrar desse, ja då blir dette rett så uimotståelig. Stemma til Ounsworth seier Talking Heads, men går ein forbi den kan ein vel så gjerne finne sprelske Modest Mouse-liknande fakter og snoande Radioheadske tilsnitt, alt bore fram av ein flamme like glødande som den fjorårets beste debutantar Arcade Fire kom ridande på. Høyr berre på den hektisk rytmiserte, fresande synthdraperte, skimrande gitarkledde og himmelsk vakkert melodiserte The Skin of My Yellow Country Teeth. Årets låt. Årets debut. Årets neste beste frå New York.

1.The National – Alligator

Er no dette eigentlig noko å gå av skaftet for då? For når alt kjem til alt er vel ikkje The National noko særlig anna enn eit ganske alminnelig rockeband. Eit rockeband som kryssar folkrock med asfaltdunstande New York angst, popfinesse med postpunk, blåe strofer med raudglødande tonar, og lakonisk bar-crooning med ryggen mot veggen resignasjon. Sant nok er det ikkje alle rockeband som gjer nett det, men spektakulært og innovativt er det vel ikkje. Det er berre det at innafor desse veggene er dei eit frigjort og glødande ensemble med nokre av dei beste låtane som har gjort seg til kjenne så langt i dette årtusenet på programmet. Heilt sidan debuten i 2001 har dei vist gode takter, men med sitt tredje album tek kvintetten steget ut i eit litt meir risikabelt farvatn, og med utsyn mot eit romslegare musikalsk landskap malar dei sitt meisterverk. På hardkorna, ironisk, angerfullt og vemodsfullt vis skildrar National-skalden Matt Berninger det ustabile kjønns- og sjelelivet. Av og til i ein særdeles direkte tone, andre gonger noko meir underfundig, men nesten alltid i briljant språkdrakt av sitatfreistande kaliber. Som i denne essensielle linja frå eit duknakka men trillande vakkert opningsspor; «I had a secret meeting in the basement of my brain.» Utvilsamt.

SÅNN I ETTERTID:
Det er dette med å ha den heile og fulle oversikta når ein lagar lista. Det bør ein.
Men dette året glapp eg rimelig alvorlig. For sjølvsagt skulle Okkervil River sin Black Sheep Boy vore høgt oppe på denne lista.
Andre: når eg får tenkt meg om — eller fordi dei rett og slett ikkje var lytta til på det tidspunktet — :
M Ward – Transistor Radio
LCD Soundsystem – LCD Soundsystem
Andrew Bird – The Mysterious Production Of Eggs
Black Mountain – Black Mountain
Magnolia Electric Co – Trials & Errors
Magnolia Electric Co – What Comes After The Blues
Thåström – Skebokvarnsv. 209

Bonnie Prince Billy – Wolfroy Goes To Town

Standard

Det er ikkje mykje bråk på den siste plata til Bonnie Prince Billy, men her er uro, og flust av meisterlige songar.

8

cover

Så er det årlige albumet til Bonnie Prince Billy her. Denne gongen i rosa omslag, og med eit knippe låtar som etterlet seg eit temmelig så spartansk inntrykk. Men rosa er det berre utanpå, inni er det svart. Og spartansk er ikkje synonymt med nusselig om noko skulle falle for å tru det. Ta heller då ein smak på tittelen; Wolfroy Goes To Town. Nemlig, ulven er på ferde, igjen.

Det har den vore ofte. Ei av dei mest klassiske linjene i heile Bonnie Prince Billy sitt livsløp lyde slik: «Why can’t I be loved as what I am, a wolf among wolves and not as a man among men». Og han har opptrett som både Superwolf og The Signifying Wolf. Han har stira inn i mørket, og høyrt ulven skrape på døra. Han har hatt ulven djupt i seg, og kjent seg som «an evil one». Han har hatt den i hælane, og han har jaga den bort. Men han har aldri blitt ferdig med den. I år kallar den seg Wolfroy, men det er berre utanpå, inni høyrer eg den aldri bli omtalt med det namnet. Der heiter den helst «I» eller «we».

Kva songane her har lyst å fortelje sit eg ikkje pr i dag med eit detaljert og ferdig svar på. Eg kjenner meg sant å seie ganske så langt unna å ha eit ferdig svar på det. Men dei har poesi i seg, det merkar eg, og spenning, kjenner eg, og mystikk, og ei mistru til at det går an å komme rakrygga og levande i frå dette her. Frå denne byturen han har gitt seg ut på, eller tilværet om du vil.

Ulveframferd av typen uling og gauling er sjølvsagt heilt fråverande. Denne ulven luskar og smyg mot målet, men vondt kan den bite. Både mot gud, djevel, venn, fiende, lykka og kjærleiken. Og glefsande kan den formulere seg, og nokså upålitelig. For den er som vi veit seg sjølv og sine lyster og sin svolt nærmast ulven. Det same kan vel seiast om dei han har sine rendezvous og samanstøyt med igjennom plata. Dei er av ulveslekt dei med, trur eg. Slikt kan det vanskelig bli oppbyggelige og trygge songar utav. Det blir det naturligvis ikkje heller, men Billy har invitert med seg ein engel til å gje tilhøva ein annan dimensjon enn kva han hadde klart berre med si eiga røyst.

Angel Olsen. Frå Chicago. Syng er alt ho gjer, men det gjer ho. Langt i frå heile tida, men når ho smett innom så skjer det eit eller anna. Kveikjande, glødande, eggande. Slike ting. Viktige ting. Plata hadde ikkje vore den same utan Angel Olsen si røyst.

Dei fem andre Billy har med seg er alle menn. Nokre har spelt med han fleire gonger. Slik som gitaristen Emmett Kelly. Han og dei andre spelar stort sett varlig, og syng litt harmoni. Til tonar og linjer som tar seg den tida som trengst. God tid.

Det opnar i pur countryskapnad, og med ein tilsynelatande audmjuk songar. «I’m no match for honest men» syng han. Sjølvransakande? Nedkjempa? Vel, kanskje ikkje heilt. Etterkvart reiser han seg og hevdar at det også er saker og ting som er lett match for han. «Those dreams» for eksempel. Og gud. Gud er god, og gud er dårlig. Men «bad god leaves us free», og det er vel i grunn best, høyrer eg Billy tenke. Det er ikkje den einaste songen der gud får seg ein kilevink og to. «God isn’t listening» lyde det i Time To Be Clear, sånn like før Angel Olsen tar eit ordlaust «dara-dara-dam»-tak i songen. Medan Billy i den alt anna enn oppløftande We Are Unhappy nokså nådelaust slår fast at «faith is destroyed, emptiness showing god’s cruelty deployed».

I Quail And Dumplings derimot får gud eit betre skussmål. Saman med ein gjeng lakeiar vert han her omtalt som «our bosom friend», ein det kjennes greitt å lengte etter, ein kvinnelig gud vel å merke. Og platas kvinne, Angel Olsen, syng sine aller sterkaste linjer. Eldfull og freidig, stiller ho spørsmål med menyen, men konkluderer til slutt lakonisk: «Fuck birds in bushes! Let’s take em in hand!». Sånn rett før Billy sjølv kjem opp med fylgjande statement: «Weather ain’t judgement and money ain’t love, the crimes of a criminal ain’t dealt from above». I ei låt som er utstyrt med albumets mest livfulle og melodisk tilgjengelige oppsyn.

Melodisk lett tilgjengelig er ingen gjennomgansmelodi for plata. Dei må vel heller seiast å ha eit noko marginalt tonalt vesen dei fleste låtane. New Whaling til dømes, der Billy i eit smalt toneleie står fram som ein djevelsk skapnad som har gjort ende på både det eine og det andre som har kryssa hans spor. Innimellom Billys dystre sjølvrapportering dukkar så Angel Olsen og eit par herrar fleire gonger opp med eit harmonisk «So far and here we are». Særdeles effektfullt, og på alle vis nyttig for låtas endelig fasong.

Platas mest siterte linje er «as boys we fucked each other». Ei slik ei som Billy plar dra fram iblant. New Tibet heiter songen, og «fucked» slik denne låta etterkvart fer i veg tolkar eg har meir med slåssing og faenskap enn med knulling å gjere. Sonisk har den eit forsiktig ekspanderande vesen. Tematisk finn eg ikkje heilt utav kva den har med Tibet å gjere, etter mitt skjønn handlar den om folk med ganske alvorlige psykopatiske trekk. Slike lyde konklusjonen: «We leave fear of future, love for others, and guilt untouched on our shelves».

Black Captain er ei sårare affære. Ei med eit sakn i seg. Eit sakn etter ein vital læremeister, ein guru, som no har forsvunne inn i den demente tilstanden. Cows er ein annan sak, ein nifsare sak. Billy syng frå sitt djupaste og mørkaste kammer: «Human grace has never been, nor will be. You’re welcome here … but others are not welcome here». Ein el-gitar gjer seg etterkvart til kjenne. Og heilt til slutt strøymer det på stemmer frå fleire hald, og låta blir nokre effektfulle sekund til engelsk folk frå Wicker Man-trakter.

«Night noises are my noises» hevdar Billy i siste låt. Eg finn ingen grunn til å tvile på det. Albumet er som de vel har forstått på ingen måte plaga av støy og ulydar, men til gjengjeld har det flust av nattas stille krypande uroskapande vesen i seg. Førsteinntrykket mitt var at Billy kanskje hadde plassert seg i eit vel eindimensjonalt bilde denne gongen. Det inntrykket har endra seg undervegs. No opplever eg plata som gjennomsyra av noko lumskt dirrande eg må ha meir av. Og endå meir av. Kva sisteinntrykket blir veit berre natta.

Først publisert på Groove.no (i 2011)

 

Bonnie Prince Billy – Beware

Standard

Djupare inn i countryen enn nokon gong. Men tru ikkje at han sviktar. 

8

cover

Coveret er i svart og litt kvitt. Slik det også var då Bonnie Prince Billy for alvor meldte sitt kome med I See A Darkness. Den gongen med eit bilde av ein hovudskalle. Denne gongen med eit bilde av ein annan skalle. Opphavsmannens eigen. Henta rett ut av ei novelle av Edgar Allan Poe. Slik kan det i alle fall sjå ut. Tittelen, Beware, gjer ikkje så mykje for å dempe på det inntrykket. Men tonane frå den runde dingsen innafor dempar på inntrykket.

For dette er ikkje Billy stirande inn i dei mørkaste krokar. Dette er derimot Billy i sitt mest countryprega modus til dags dato. Og sjølv om country sjølvsagt handlar om vonde tap og verkande sakn, omfamnar Billy også fryden det er å kjenne blodet spele gjennom kroppen.

Det har aldri vore ein framand tanke hos Billy å arrangere møter mellom motstridande kjensler. Snarare tvert om, han har ofte gjort dei til dansepartnarar. Kanskje ikkje velvillige og sterkt synkroniserte partnarar. Men like fullt partnarar. Usikre partnarar. Stridige partnarar. Nedstemte partnarar. Og ved førre korsveg, Lie Down in the Light, også rimelig oppstemte partnarar.

Slik også på Beware. Her er smerter og tungsinn, lyster og skjemt. Han syng fram åtvaringar: «If you listen to me, you are lost». Og han syng om lammande sakn: «The more I am without you, the less I am a man». Men han gjev også uttrykk for at det er greitt å ikkje bli elska, berre ho klenger seg til han «all through the night». Eller han kan til livfulle tonar halde fram avskjeden som «the end of something wonderful».

Det har aldri vore ein idé hos Billy å drukne ord og tonar i eit lydrikt bilde. Langt i frå. Det spartanske og luftige har vore hans greie. På Beware er det meir lyd enn vanlig. Instrumenta er mange, og dei slepp til. Laussloppe og utan stramme taumar gjev albumet meg omlag dei same vibbane som det Dylan & The Band si Basement Tapes innspeling gjev meg. Og det er jo vibbar eg kan like å få.

Meir eller mindre harmonisk samsong pregar Beware i større grad enn noko anna album av mannen. Ved nokre høve, som på opningssporet Beware Your Only Friend og det folkrock-jazza avslutningssporet Afraid Ain’t Me, trør songarane til i oppildna og animerte midnattskor-former. Men oftare inntar dei ei noko meir skånsam rolle i bildet. Heldigvis, trur eg vi seier. Det kler liksom songane til Billy betre det.

Og det er på ingen måte dårlige songar han har komme opp med denne gongen heller. Sjølv om det knappast er nokon her som vil makte å snike seg inn på lista over hans ti aller mest minneverdige. Men så er no det ei særdeles gullkanta liste også då. Nærast an til noko slikt måtte i tilfelle den finstemte og leduge balladen Without Work, You Have Nothing vere. Der fiolinen kitlar, hornet sukkar, akustiske strenger varmar, og harmonitonen er gåsehud; «work, baby».

Vert å omfamne er også Heart’s Arms. Ein ballade som bygger seg frå nennsam til voluminøs. Ein ballade der hovudpersonen i pasjonerte ordelag etterlyser nokre skrivne ord frå den han elskar. Men han vert ikkje bønnhøyrt. Songens fortvilte maksimum kjem når e-posten endå ein gong viser seg å vere utan ord frå henne; «I open this awful machine, to nothing».

Countrytonen er klassisk i I Don’t Belong To Anyone. Av den sorten som kunne ha vore henta direkte frå The Louvin Brothers sin Tragic Songs of Life. Banjoen talar om lengsel, og songaren gjer likeså. Ikkje ein lengt retta mot ein spesifikk person denne gongen. Men ein lengt etter eit anna liv. Eit liv saman med ei kvinne, og nokon som kan kalle han pappa. Refrenget finn på subtilt vis sin plass i «freedom’s just another word for nothing left to lose»-tradisjonen:

«there’s no one who’ll take care of me,
it’s kind of easy to have some fun,
when you don’t belong to anyone»

Av andre songar verdt å nemne har vi den oppstemte og handklappa You Don’t Love Me, og den steelgitar-losa You Can’t Hurt Me Now. Vi har også I Won’t Ask Again med sitt refreng plukka frå songboka til Crosby, Stills, Nash & Young, den litt intrikate My Life’s Work, og den Nick Cave-slekta balladen You Are Lost.

Og sjå der du, då gløymte eg nesten (utan nokon som helst god grunn) den praktfullt refrengharmonerte Death Final, den smått oppspelte I Am Goodbye, og Nick Drake-blå There Is Something I Have To Say.

Då er vi komme dit hen at det berre står att å sette to strekar under svaret. Eit svar som handlar om at eg ikkje har oppdaga eit einaste svakt spor. Det skulle vel gjere Beware til eit album verdt å merke seg, skulle eg tru. I så måte held Bonnie Prince Billy ein no ti år gammal tradisjon vel i hevd.

Først publisert på Groove.no (i 2009)

Bonnie Prince Billy & Matt Sweeney – Superwolf

Standard

Superduoen finn tonen og dukkar ned i det grumsete og blodige, men løftar også hovudet, smiler og er tilfreds.

cover  Etter at han hoppa av skodespelarkarriera og gav seg til å lage, synge og spele inn songar tidleg på 90-talet har Will Oldham vore ein ganske så aktiv mann på platefronten. Under diverse pseudonym (Palace, Palace Music, Palace Brothers, Bonnie Prince Billy) har han vore ansvarleg for mange av dei siste ti-tolv åra sine mest interessante musikkutgjevingar. I tillegg har han vore deltakar på mange andre artistar sine plateframstøt.

Vi kan prøve å kalle Oldham for singer/songwriter, countrysongar, visesongar, bluessongar eller utøvar av minimalistisk, nennsom og langsom rock’n’roll, og vil avgjort vere inne på noko. Vi kan også kalle han autentisk, gåtefull, melankolsk, beksvart, og skrudd, samt ein skjeggete og syndig liten faen, og ein er nok inne på noko då også. På tonefronten gjer han altså tinga sine innafor ein tett befolka region. Men signaturen hans er tydeligare og meir personleg enn dei fleste andres. Tekstmessig følger han både dei blodige og dei vage spora langt lenger enn dei fleste tar sjansen på å gå.

På sida av alle trendar, langt unna kommersialismen sitt griske grep, luskar det rundt ein ulv i ufrivillige fåreklær. Mystisk, lumsk, svolten, hårete og bister, men av og til også lykkeleg. Ofte søker han offeret sitt åleine, andre gonger har han med seg ein liten flokk. På sitt forrige vesentlege framstøt, 2003 albumet Masters & Everyone, song han; «Why can’t I be loved as what I am, A wolf among wolves, and not as a man among men?»

Vi talar om Oldham sitt alter ego dei siste 6-7 åra Bonnie Prince Billy. Då han for alvor stirra inn i mørkret ein januar dag i 1999 hadde han gjort ferdig den første delen av ein album-trilogi med skakk og reservert, men uvanleg ektefølt og inderlig musikk. Om han syng ut, syng vakkert, syng feil eller berre mumlar, så er han alltid tett på tonen, orda og kjenslene. Han kjem aldri glefsande imot ein, men han kjem aldri krypande heller. Han rettar merksemda mot trådane som bind saman nervesentralen, hjarta, dei syndige lystområda og klumpen i mellomgolvet. På sitt hudlause og sterkt personlege vis får han offeret til å kapitulere, lene seg tilbake og bli oppslukt. Oppslukt av ein verden der perspektiva har andre vinklar enn ein er vant til. Ein verden der tonane kjem uanstrengt og i vakre kler. Og der ein ikkje har panikk for tomrom og åpne lender.

Sitt flunkande nye åtak kallar han Superwolf. Muligens i eit håp om å endelig bli tatt for den ulven han verkeleg er. Eller kanskje helst fordi han gjer dette framstøtet i tett samarbeid med ein annan ulv. Matt Sweeney (Chavez, Zwan) har fått namnet sitt sidestilt med Bonnie Prince Billy på coveret. Han står også oppført som medkomponist av låtar, og han korar litt. Det er likevel som gitartraktør han gjer seg mest gjeldande. Frå poengtert plukking til vitale elektriske utfall. Noko som er med på å stille Superwolf i eit litt anna lys enn dei andre Bonnie Prince-platene.

Master & Everyone er den spartanske, einsarta og målretta ferda inn i dunkelheimen. Ease Down the Road den melodiøse, rikast orkestrerte, og den som slepp mest lys inn. Medan I See a Darkness er ei reise inn i sjela sine mørkaste avkrokar. Stundom nennsomt akustisk, stundom tonelagt med eit hult piano eller vaklande brasstonar, og ved enkelte høve nokså infernalsk. Superwolf dukkar ned i det grumsete og blodige, men løftar også hovudet, smiler og er tilfreds. Den er både raffinert og uhøvla. Og består av både mangeslungne låtar og meir einsarta affærer. I Oldham-katalogen har den kanskje sin næraste slektning i Palace Music utgjevinga Viva Last Blues.

Superwolf bit seg fast med ein gong. My Home Is the Sea heiter det første sporet. Slik startar det: «I have often said that I would like to be dead in sharks mouth…» Ikkje noko allment ynskje, vil eg tru. I Prince Billy sin verden er imidlertid slike lengslar langt meir daglegdagse. Eit utruleg sterkt kutt forresten, som heilt naturlig manøvrerar seg fram mellom lågmælt falsettsang og brunstige Stones-fakter. I same dynamiske klasse finn vi også Goat and Ram. Men der åpningssporet ser mot avgrunnen løftar denne hovudet og står fram som ein vekselvis skjør og inderleg lovsang til livet og kjærleiken. Eit noko anna syn på tilværet har den skakkøyrte Charlie i det åtte minuttar lange dramaet Blood Embrace. Ein dyster og einstonig folkblues om mistenkeliggjering, sjalusi og utruskap. Sterk sak.

Sjølv om Sweeney og Prince Billy får litt trommehjelp frå Peter Townsend og nokre vokale bidrag frå Sue Schofield, gjer dei det meste åleine. Minimalistisk samkvem mellom sang og gitar, altså. Fleirstemt og hastig strengeplukkande i den sadomasochistiske affæren What Are You? Nakent og rett på sak i avsluttande I Gave You. Der hovudpersonen fortvila innser kor dårlig avkastning alle investeringane hans på kjærleiksfronten har gjeve. Meir nennsomt om å verte skyvd ut i kulden er den Nick Drake-aktige Bed Is For Sleeping. Medan Rudy Foolish er ein langsomt brennande og fleirstemt affære frå fjelltraktene der A.P. Carter samla inn tonane sine. Og når Only Someone Running kjem plystrande utav skogen så står superulven og skuar mot horisonten, og syng innstendig: «I sing evil, I sing good, I sing like a seagull should…»

Kan eg då konkludere annleis enn at Superwolf høyrer til blant dei briljante opplegga i den uoversiktlege serien av Oldham-innspelingar? Nei, det kan eg ikkje.

7/10

Først publisert på Groove.no (i 2005)