Tag Archives: Richard Hawley

Musikalsk årsoppgjer for 2005

Standard

2005 vil vel neppe gå inn i historia som eit legendarisk år på musikkfronten. Det har likevel komme langt meir plater enn kva eg har klart å fordøye. Skal ikkje sjå bort frå at det finst skattar eg ennå ikkje har oppdaga. På reutgjevings- og koke-suppe-på-ein-spiker fronten var nok utan tvil Bob Dylan sin No Direction Home det mest inspirerande tiltaket. Hadde nok kanskje håpa på eit endå meir utvida jubileumsopplag av Patti Smith sin Horses, men den var ikkje så ueffen den heller.

Eit aldri så lite høgdepunkt var også oppdaginga av den gamle hasjfolkloristen Gary Higgins. Hans pot-tette og fine Red Hash frå 1973, dokumenterer (saman med Vashti Bunyan sin like fine Just Like a Diamond) at psych-folk slett ikkje er ei nyoppfinning.

Årets dårligaste plater har eg heilt sikkert ikkje høyrt (og kjem ikkje til å gjere det heller, ein har trass alt anna å bruke tida på), men eit par skuffelsar kan ein jo ta med. Den fantastiske søskentrioen Fiery Furnaces starta året med ein fin liten samling av singlar og rarities, men kom i haust med den overpretensiøse, melodilause og trøyttande Rehearsing My Choir. At det nye Big Star albumet skulle bli særlig minneverdig hadde eg nok ikkje den store trua på (og fekk heilt rett), skuffelsen var vel mest den at også Alex Chilton måtte prøve seg på dette gjenforeinings-idiotiet.

For ein som bur eit stykke utanfor konsertløypa vert det dessverre altfor lite levande musikk. Den beste konserten i året som gjekk trur eg var Micah P. Hinson på Kamelon i Bergen. Ellers bydde jo Ekstremsportveka her i bygda på ein del bra. Med Mastodon og deLillos som høgdepunkt, og eit ukjent band frå Odda, Major Parkinson, som sterk utfordrar (kanskje eit namn å sjå opp for).

Pariakasten konsertalbum har som regel berre limitert interesse, men det kom tre stykke i år som er verdt å nemne. Magnolia Electric Co. sin sørstatsharvande og Young-infiserte mikstur av gamle og nye låtar i Trials & Errors, Bonnie Prince Billy si skeive og elektriske tolking av eigne klassikarar (Summer In the Southeast), og ikkje minst Wilco sitt livskraftige og utviklande dykk ned i eigen katalog (Kicking Television).

Frå heimlege trakter er det verdt å trekke fram Sgt. Petter sin oppegåande og lett psykedeliserte countrypop på Monkey Tonk Matters, Jake Ziah sitt skakke og djupfølte These Days Do You No Justice, samt eit band eg kjem tilbake til når lista under openbarer seg.

Sjølv om 2005 kanskje ikkje har produsert dei himmelstormande klassikarane har det under redigeringa av den endelige «10 beste»-lista vore fleire album det slett ikkje var lett å utelate. Namn som Castanets, Bunky, Franz Ferdinand, Wolf Parade, Josh Rouse, Magic Numbers, Fruit Bats, Dan Sartain, Ryan Adams, Akron/Family, Go-Betweens, Jackie-O Motherfucker, Great Lake Swimmers, Archer Prewitt, Richmond Fontaine, The Clientele, Ry Cooder, Vashti Bunyan, Cloud Cult, Laura Veirs, Iron & Wine/Calexico, A Silver Mt. Zion og CocoRosie stod alle på kladdeblokka. Og aller nærast til å kome med av dei som tilslutt hamna på utsida av lista var desse fem albuma:

Sufjan Stevens – Illinois
The New Pornographers – Twin Cinema
Pinetop Seven – The Night’s Bloom
Low – The Great Destroyer
British Sea Power – Open Season.

10.Bonnie Prince Billy & Matt Sweeney – Superwolf

På sida av alle trendar, langt unna kommersialismen sitt griske grep, luskar det rundt ein ulv i ufrivillige fåreklede. Mystisk, lumsk, svolten, hårete og bister, men av og til også lykkeleg. Ofte søker han offeret sitt åleine, andre gonger har han med seg ein liten flokk. Kanskje i eit håp om å endelig bli tatt for den ulven han verkeleg er kallar han denne gongen framstøyte sitt for Superwolf. Eller kanskje helst fordi han gjer det i tett samarbeid med ein annan ulv, gitaristen Matt Sweeney. Superwolf dukkar ned i det grumsete og blodige, men løftar også hovudet, smiler og er tilfreds. Den er både raffinert og uhøvla. Og består av både mangslungne låtar og meir einsarta saker. I Oldham-katalogen har den kanskje sin næraste slektning i Palace Music utgjevinga Viva Last Blues.

9.Philip Kane – Time: Gentlemen

I det sør-austre hjørnet av London bur ein mann med ei fabelaktig songstemme. Her lever han i anonyme former, avsondra frå det moderne og pulserande bylivet. Han verkar å ha både asosiale og sjølvdestruktive anlegg, men også frisinna og omfamnande perspektiv. Han er eit mysterium og ein altfor godt gøymt løyndom. Med soul-kraft og crooner-glød, poetiske brodd og inspirerte tonar serverer han både mørke og merkelige historier om folk på kant med tilværet, det vedtekne, sanningane, løgnene og seg sjølv. Reint melodisk turnerer låtane hans kring velkjente formlar, men det er sterke formlar. Han skaper tonar som med den «rette» straumlinjeforma produksjonen, og dei «korrekte» harmlause formuleringane sikkert kunne sjarmert seg inn i hjerta til veldig mange. Men det er sjølvsagt ikkje vegen å gå for ein sjølvdestruktiv faen som mykje heller vil skildre dei forhutla, forkasta, forelska, fortvila og forbanna enn å tekkast dei vellykka, velorienterte, veltalande, velmeinande og velskodde.

8.Serena Maneesh – Serena Maneesh

Serena Maneesh lever ikkje i eit tomrom eller gjer forsøk på å komme opp med revolusjonerande saker. Dei har spora opp mykje substansielt stoff (My Bloody Valentine, Spaceman 3, Krautrock, Velvet Underground), og latt seg inspirere, for så å skape eit dynamisk uttrykk. Sitt eige. Eit uttrykk tufta på kontrastar og polarisering. Det hemningslause versus det kontrollerte, det stygge versus det yndefulle, og himmel versus helvete. Frå kvar si side av musikken sitt sentrum lar dei det atonale ramme det melodiøse, og det pompøse elske med det usminka. Det er raffinert råskap med syn for kvite og vevre stråler. Men aller mest så gnistrar og glødar dette som eit lynnedslag i ei røys av usikra elektrisitet.

7.Richard Hawley – Coles Corner

Eit praktfullt album, støypt i ei vever og vakker melankolsk form. Der dei viktigaste ingrediensane er plukka frå tonar som spreidde seg utover verda på 40-, 50- og 60-talet. Den gongen Frank Sinatra flaut nedover Moon River, Eddie Cochran hevda å vere Three Steps From Heaven, Johnny Cash medgav at han Still Miss Someone og Roy Orbison song for Only The Lonely. Richard Hawley syng med ei baryton-stemme som smyg seg fram med utvungen og vemodsfull croonerkraft. Han er stemma til den einsame nattevandrar som lutrygga og håpefull nærmar seg lysa, men som ikkje får oppleve den salige lykka nede på Coles Corner. Han er stemma til han som ventar, han som flyktar, han som søv aleine og han som håpar. Han er den flottaste stemma frå Sheffield.

6.The White Stripes – Get Behind Me Satan

Skulle denne Satan vere ein representant for den musikalske fortida til The White Stripes, ja så har dei med sitt femte album klart kva tittelen krev. Garasjeblues-avtalen dei gjorde i eit vegkryss ein gong på nittitalet vert her kasta på bålet, men opp av oska stig nye og langt meir ulikt forma tonar. Den dynamiske White-duoen konfronterer fram melodilinjer av både demonisk og velsignande karakter, og ein nygift Jack syng om kjærleikshunger, tapt kjærleik, fridomstrang, vemodskjensle, løgner og forknytte tankar. Og sjølv om Jack i langt større grad enn tidlegare prioriterer pianoet framfor gitaren er Get Behind Me Satan ein potent og vaken affære frå første kåte gitarriff til siste vemodsfulle pianotåre.

5.Bright Eyes – I’m Wide Awake, It’s Morning

To simultant utgitte album var den produktive Oberst Conor sitt bidrag på albumfronten dette året. Det eine var ei berre tidvis vellykka forskarferd inn i den digitale lydverda, den andre, ei jordluktande og uforfalska ode om einsemd, angst, desillusjonisme, krig, måneskin, minner og oppvakning, viste seg fort å vere Conor si kanskje aller sterkaste låtsamling så langt i karrieren. I eit folk- og country-tona lende leverer han ti låtar med solid melodisk gripeevne og tekstlig mot. Den unge mannen har ikkje lagt pretensjonane på hylla, men med å tone dei litt ned får han fram eit sterkare ettertenksamt element, noko som definitivt kler han. Den vakre og lengtande røysta til Emmylou Harris dukkar også opp på tre spor, og finn seg særlig godt tilrette i den vekselvis skjøre og dramatiske Landlocked Blues. Men røysta til Conor står i sentrum, og handsamar dette med ektefølt og skjelvande autoritet frå den innleiande styrtande heisaturen At the Bottom of Everything fram til han i den noko ironisk titulerte Road to Joy avsluttar med å be bandet om å lage litt bråk.

4.Antony and the Johnsons – I Am a Bird Now

Med ei lys, vibrerande og englevakker stemme som i det eine augeblikket omfamnar lidenskapen og i det neste melankolien tar den androgyne New Yorkaren Antony oss med inn striden. Striden om å finne håpet sin venger, og bli ein fugl som er «free at last». Frå fanskaren har ei lita handfull med namngjetne medhjelparar også blitt med i striden. Nå kunne heilt sikkert Antony hanka dette opplegget i land med overtydande kraft kun med hjelp av eiga stemme, men når dei no først er her spelar dei definitivt ei rolle. Med smått sliten stemme er Boy George ein effektfull kontrast til Antony si glasklare i fantastiske You Are My Sister. Devendra Banhart og Rufus Wainwright er også med på kvar si låt, og Lou Reed gjer ei kort innleiande melding i Fistful of Love før han seinare sleng innom med slepne gitarlicks i det låta jumper over i ein brassdriven og bombastisk siste del. Antony balanserar ofte på den tynne lina over pompøsiteten sin endelause avgrunn, men misser aldri fotfeste. I alle fall ikkje før vengene er på og han rettar blikket mot himmelen.

3.Devendra Banhart – Cripple Crow

Den unge frifolkaren har pensa inn på eit litt meir tilgjengelig spor, og tek oss med på ein fryktlaus, naivistisk, idérik, blendande og melodisk erobrande tur. I front saman med Banhart si karakteristiske røyst høyrer vi den akustiske gitaren, men denne gongen har den i langt større grad enn tidlegare eit band i ryggen. Saman kan dei trille fram tonar som kan skape både leirbålstemning, blomeduft og skyfri himmel midt i november, men som også kan bringe fram det ettertenksame og melankolske ein lys julikveld. Det handlar om kjærleiken, lidenskapen og naturen, det handlar om krigen, døden og bluesen, og det handlar om barndom, ungdom og begeistring. Det startar med fridomslengsel og endar i eit velsmakande kyss. Det er meir enn vi ba om, men vi fordøyer det med ei salig og tilfreds mine.

2.Clap Your Hands Say Yeah – Clap Your Hands Say Yeah

Ja så hadde visst Pitchfork rett likevel då. New York-kvintetten med det spektakulære namnet har verkelig noko å by på. Med ei høgenergisk men samstundes smått skjødeslaus innstilling serverer dei nemlig ei aldri så lita feststund her i sitt aller første forsøk. Låtskrivar og songar Alec Ounsworth manglar kanskje litt av det poetiske sinnelaget til David Byrne og Howard Devoto, men har mykje av det same frenetiske og eggande pågangsmotet desse skapte saman med sine respektive band for vel 25 år sidan. Når han så i tillegg har styltra saman ein bugnande porsjon med vinnande melodilinjer, og har med seg ein gjeng som både forsterkar og utfordrar desse, ja då blir dette rett så uimotståelig. Stemma til Ounsworth seier Talking Heads, men går ein forbi den kan ein vel så gjerne finne sprelske Modest Mouse-liknande fakter og snoande Radioheadske tilsnitt, alt bore fram av ein flamme like glødande som den fjorårets beste debutantar Arcade Fire kom ridande på. Høyr berre på den hektisk rytmiserte, fresande synthdraperte, skimrande gitarkledde og himmelsk vakkert melodiserte The Skin of My Yellow Country Teeth. Årets låt. Årets debut. Årets neste beste frå New York.

1.The National – Alligator

Er no dette eigentlig noko å gå av skaftet for då? For når alt kjem til alt er vel ikkje The National noko særlig anna enn eit ganske alminnelig rockeband. Eit rockeband som kryssar folkrock med asfaltdunstande New York angst, popfinesse med postpunk, blåe strofer med raudglødande tonar, og lakonisk bar-crooning med ryggen mot veggen resignasjon. Sant nok er det ikkje alle rockeband som gjer nett det, men spektakulært og innovativt er det vel ikkje. Det er berre det at innafor desse veggene er dei eit frigjort og glødande ensemble med nokre av dei beste låtane som har gjort seg til kjenne så langt i dette årtusenet på programmet. Heilt sidan debuten i 2001 har dei vist gode takter, men med sitt tredje album tek kvintetten steget ut i eit litt meir risikabelt farvatn, og med utsyn mot eit romslegare musikalsk landskap malar dei sitt meisterverk. På hardkorna, ironisk, angerfullt og vemodsfullt vis skildrar National-skalden Matt Berninger det ustabile kjønns- og sjelelivet. Av og til i ein særdeles direkte tone, andre gonger noko meir underfundig, men nesten alltid i briljant språkdrakt av sitatfreistande kaliber. Som i denne essensielle linja frå eit duknakka men trillande vakkert opningsspor; «I had a secret meeting in the basement of my brain.» Utvilsamt.

SÅNN I ETTERTID:
Det er dette med å ha den heile og fulle oversikta når ein lagar lista. Det bør ein.
Men dette året glapp eg rimelig alvorlig. For sjølvsagt skulle Okkervil River sin Black Sheep Boy vore høgt oppe på denne lista.
Andre: når eg får tenkt meg om — eller fordi dei rett og slett ikkje var lytta til på det tidspunktet — :
M Ward – Transistor Radio
LCD Soundsystem – LCD Soundsystem
Andrew Bird – The Mysterious Production Of Eggs
Black Mountain – Black Mountain
Magnolia Electric Co – Trials & Errors
Magnolia Electric Co – What Comes After The Blues
Thåström – Skebokvarnsv. 209

Richard Hawley – Lady’s Bridge

Standard

Det er ikkje langt frå Coles Corner til Lady’s Bridge. Men all glød vart ikkje med.

5

cover

Det aller meste er ved det same når Richard Hawley for fjerde gong gjer ut ei plate. Han finn eit landemerke i sin kjære heimby Sheffield og gjer det til tittel på plata. Ei plate han så fyller med songar om lengsel, sakn og ulike grader av smerte. Tonane er av det slaget ein ofte kunne høyre den gongen bilda kom i svart/kvitt og værskifte hadde sine naturlege årsaker. I Hawley sin famn er dei trygge. Han sender dei aldri ut på farefulle vegar. Han lar dei aldri bli tilsmussa av eksperimentell iver. Han gjer det kort sagt ikkje vanskelig, verken for seg sjølv eller songane sine.

Ved førre møte, nede på Coles Corner, fungerte denne tilnærmingsmåten perfekt. Fleirtalet av songane var uimotståelige. Både i kraft av sitt melodiske vesen, og i kraft av ei stille nerve som varleg men like fullt ubønnhørlig låg der og dirra. To element som eg nok synst har fått litt trongare kår når Hawley no, to år seinare, har bevega seg ut på Lady’s Bridge.

Songane er for så vidt heilt greie dei. I alle fall dei fleste. «I don’t need no valentine» syng han innleiingsvis, «don’t need no roses», og smektande strykarar set to strekar under svaret, «Cos they just take me back in time, to when you loved me only». Men han kan også la strykarar vere strykarar og gjere det meir sakralt. Som når han syng om å legge Lady Solitude bak seg. Eller når han i country-twang former lar ein hutrande gatevandrar få komme til orde i Dark Road.

Her er eit par songar om elva. Tittelkuttet sjølvsagt. Luftig og medhårsstrykande. Og Roll River Roll, der hovudpersonen helst ynskjer å kaste seg i flaumen som har dratt av garde med hans kjæraste. Det stummande mørkret får også litt merksemd. Sjølvsagt gjer det det. Our Darkness syng han rett så vemodsfullt og vakkert om like før slutt; «so heartless, this darkness», og lar bakgrunnen bli krydra av sordinerte blåsarar. Medan han til tonar, og i eit arrangement som kunne vore henta frå eit utkast til ein Tindersticks-låt tar for seg ein av dei gongene då The Sun Refused to Shine. Denne har litt meir underliggande dramatikk i seg enn resten av feltet. Og så syng fagre Sally Doherty saman med han på. Det er avgjort ikkje øydeleggande.

To gonger dukkar det opp låtar som køyrer i eit meir oppjaga tempo. Eit slags rockabilly tempo. Dei er av typen identitetslause, og allereie gløymt (Serious og I’m Looking For Someone to Find Me trur eg det var dei heitte). Men akkurat dét gjeld berre dei to, eg vil ikkje nytte ord som identitetslaust om resten av Lady’s Bridge. Absolutt ikkje. Det er likevel eit eller anna som ikkje er heilt som eg kunne ønska meg det. Eg får liksom ikkje plata skikkelig innunder huda.

Det er hyggelig melankoli som kan fylle bakgrunnen medan vi sit der, to stykk, og nippar til eit glas med noko raudt i, og lar praten gå om heilt andre ting. Lady’s Bridge vil aldri finne på å forstyrre. Men kanskje er det nett det den burde gjort av og til. Forstyrra litt.

Først publisert på Groove.no (i 2007)

 

Richard Hawley – Coles Corner

Standard

Songar til å omfamne, framført av ei røyst som omfamnar dei mest fundamentale delane av kjensleapparaturen.

cover  Kva kunne vel ein fyr på godt over tretti år, som inntil då berre hadde levd eit musikalsk bakgrunnstilvære, ha å by på som låtskrivar og songar? Eg vil tru eg ikkje var den einaste som trekte likegyldig på skuldrene og bladde forbi Richard Hawley då han i 2000 debuterte under eige namn, med eit minialbum. To full-lengdarar fylgde dei nærmaste åra, utan at så veldig mange møtte opp til gildet. I desse dagar prøver han seg igjen, og denne gongen inviterer han oss ned til Coles Corner.

Og Coles Corner er eit praktfullt album, støypt i ei vever og vakker melankolsk form. Der dei viktigaste ingrediensane er plukka frå tonar som spreidde seg utover verda på 40-, 50- og 60-talet. Den gongen Frank Sinatra flaut nedover Moon River, Eddie Cochran hevda å vere Three Steps From Heaven, Johnny Cash medgav at han Still Miss Someone og Roy Orbison song for Only the Lonely. Alt dette og mykje meir fant Richard i «den beste platesamlinga i heile verda», eigd av faren hans.

Richard Hawley brukte deler av nittitalet til å spele gitar i det middelmådige britpop-bandet Longpigs, samstundes som han lånte bort sine utvilsame evner som gitarist til andre (Robbie Williams, All Saints, Beth Orton), for å kunne spe på ei heller skranten inntekt. Mot slutten av nittitalet, på eit tidspunkt der han sjølv har uttalt at han var i ferd med å gå «mental with drink and drugs», fekk han jobb som turnegitarist med Pulp. Og det var Jarvis Cocker, som etter å ha høyrt nokre demoar, overtala Richard til å komme seg i studio for å spele inn plate.

Coles Corner har trigga underteikna til også å søkje Hawley sine tidlegare framstøyt. Då finn ein tonane til ein kar som allereie frå første innspeling viste fram låtskrivar-kvalitetar, og ikkje minst ei songstemme som kunne røre ved dei inste og skjøraste kjensler. Låtar med tydelige røter i svunne tider, men med eit tidlaust og personlig preg. Ei baryton-stemme som smyg seg fram med utvungen og vemodsfull croonerkraft. Gitaren som hadde vore reiskapen hans så langt er der også og bygger under med skimrande og elegisk åtferd. Med tida har gitaren gradvis trekt seg litt meir i bakgrunnen, og på Coles Corner er det låtane og stemma som har dei soleklare nøkkelrollene. Noko som nok er medverkande til å gjere albumet til hans mest sofistikerte til no. Samstundes er det også hans beste. For der hans tidlegare utgjevingar nok slit med ein og annan litt fargelaus låt innimellom alle dei gyldne stundene, så er Coles Corner heilt utan fyllstoff.

Tittelen på alle albuma hans har sitt utspring i frå heimbyen Sheffield. Late Night Final (1. albumet) er eit uttrykk avisseljarar som tilbyr siste utgåve av Sheffield Star brukar. Lowedges (2. albumet) er eit kallenamn på eit drabantbyområde i stålbyen. Medan Coles Corner var ein namngjeten stemnemøtestad for unge sjeler, som, meir enn tretti år etter at den vart fysisk fjerna, stadig er levande blant byen sine innbyggarar. Men det er ikkje dei lukkeleg elskande Hawley syng om i det strykar-kjælte og Sinatra-inspirerte tittelkuttet. Her er han i staden stemma til den einsame nattevandrar som lutrygga og håpefull nærmar seg lysa, men som nok likevel ikkje kjem til å oppleve den salige gleda ned på hjørnet. Slik går refrenget:

I’m going down town where there’s music,
I’m going where voices fill the air,
Maybe there’s someone waiting for me
With a smile and a flower in her hair
I’m going down town where there’s people
The loneliness hangs in the air.
With no-one there real waiting for me,
No smile, no flower nowhere.

Trist. Og i eit tilsvarande dunkelt lys oppheld hovudpersonane i dei aller fleste av Hawley sine komposisjonar seg. Det er ikkje vanskelig å fatte at dei alle er henta frå same hjerta. Ja, kanskje er det den same fyren vi møter heile vegen, det er i alle fall nær slekta lagnader som blir fortalt. «Lonely, I’ve been lonely… deeper, I’m going deeper» blir det ytra med desperasjon og sakn i den countryfarga I Sleep Alone. Til gnagande tonar frå både gitar og strykarar trakkar Scott Walker-aktige The Ocean seg fram i ei dyster drakt. Eit sug mot bølgjene har ført hovudpersonen ned til strandkanten. Eit «here comes a wave» vert så uttalt før eit gjentakande «the ocean» etterkvart druknar i eit hav av stigande tonar.

Nå er verken den tekstlige eller melodiske tonen like nedstemt heile vegen. Tidvis er det absolutt eit håp å skimte i den Hawleyske verd. Darlin» Wait For Me nærmar seg det tilfredse, og sjølv om Just Like the Rain omtalar lyden av tårer som fell mot asfalten har den noko oppmuntrande i seg også. Kanskje det er den ringande gitaren og den lett vispande country/folk-drakta den har på seg som gjer utslaget. Og apropos country, den heilt klassiske twang-tilstanden har Hawley funne fram til i nydelige Wading Through the Waters of My Time.

Via ei spartansk tolking av voggevisa Who’s Going to Shoe Your Pretty Little Feet glir opplegget avslutningsvis over i ein langsam meditativ instrumental for piano og synthesizer titulert Last Orders. Då er det lett å konkludere med at her har vi eit førsteklasses soundtrack for både verkande søndagsmorgonar og vemodige kveldsstunder.

8/10

Først publisert på Groove.no (i 2005)