Tag Archives: Ben Weaver

Musikalsk årsoppgjer for 2007

Standard

Joda, det vart gjeve ut ein del bra plater i 2007 også. Eg har heilt sikkert ikkje høyrt alle. Men i alle fall nok til at eg har klart å sette saman ei liste med ti album eg med handa på hjerta kan seie inneheld mykje god musikk. I tillegg ligg det fleire og vaker like under, desse kunne sikkert ved eit anna høve om ei veke eller sju ha erstatta nokre av dei som til slutt vart valt.

Det gjeld album som:
The Sadies – New Seasons
Phosphorescent – Pride
Yeasayer – All Hour Cymbals
P.J. Harvey – White Chalk
Sarabeth Tucek – Sarabeth Tucek
Nina Nastasia & Jim White – You Follow Me
Robert Plant & Alison Krauss – Raising Sand
Andrew Bird – Armchair Apocrypha
Blanche – Little Amber Bottles
Grinderman – Grinderman
Black Cab – Jesus East
Wilco – Sky Blue Sky
Dungen – Tio Bitar
Oakley Hall – I’ll Follow You
The Bees – Octopus

Av norske utgjevingar, skulle i alle fall desse vere verdt å nemne:
Salvatore – Days of Rage
Valkyrien Allstars – Valkyrien Allstars
Texum – Different Strokes For Different Folks
The Lionheart Brothers – Dizzy Kiss
Arve Henriksen – Strjon
I Was a King – Loosing Something Good For Something Better

Så over til dei ti eg landa på:

10.Battles – Mirrored

Musikk oppstår aldri utan å ha ei forankring i noko som har vore der før. Heller ikkje Battles. Men dei er no likevel noko for seg sjølv. Der dei miksar suggererande elektronisk framdrift med rock-riff, jazzige glimt, sugande rytmar og ein forvrengt vokal som har trakka ned fleire dusin smurfar på sin veg fram i lyset. Og Atlas har vel alt som skal til av slikt for å kunne gå av med sigeren i kåringa ”årets mest vanedannande låt”.

9.Radical Face – Ghost

Radical Face er Ben Cooper. Ghost er det andre albumet hans. Det ber sitt namn med rette. Den grunnleggjande tanken til Cooper denne gongen var å skape noko kring ideen om at eit gammalt hus har ein historie. Ein historie saman med menneske. Så kva om huset sine veggar kunne fortelje sin historie? Kva om menneska som har levd i huset no bur i veggene, eller under golvplankane?
Det skikkelig storarta er at i dette knirkande, dunkle og atmosfærekallande opplegget dukkar det fram den eine flotte popsongen etter den andre. Litt for like i både puls og tone er det kanskje nokon som vil hevde. Sterkt forførande i både puls og tone hellar nok underteikna ganske så kraftig mot å hevde.

8.Animal Collective – Strawberry Jam

Eg skal innrømme at eg ved tidlegare høve har opplevd Animal Collective som eit litt i drygaste laget merkverdig tiltak. Der rare påfunn stundevis har vore på kollisjonskurs med groovy framdrift og det melodiske prinsipp. Denne gongen derimot finn eg brygget deira særdeles velsmakande. Skarpt, røft og hasardiøst. Javisst. Men det yppale groovet vik aldri ein tomme og den melodiske tone gøymer seg aldri for lenge bak atonale påfunn. Strawberry Jam forever.

7.Panda Bear – Person Pitch

Noah Lennox snik seg av og til bort frå det noko ustyrlige Animal Collective, kler seg i pandadrakt, og serverer tonar av ein noko meir yndefull karakter. Person Pitch er ein suggererande og surrealistisk popsymfonisk draum henta utav eit landskap der Brian Wilson sine idear flyt rundt på ei dunlett men ikkje heilt ufarlig sky. Ei rekke av subtile påfunn flyt saman til eit dynamisk heile, og blir til ein mektig, mangestemt og vidunderlig vakker popkollasje.

6.The Shins – Wincing The Night Away

Vegen inn til dei skinande poptonane er smalare denne gongen. Den tredje gongen. Litt farga av natta dei prøver å røske bort. Litt farga av psykedeliske undertonar. Litt farga av eit noko meir intrikat vesen. Men dei er der. Og dei skin. Frå Sleeping Lessons til A Comet Appears. Og James Mercer syng minst like overtydande som han har for vane å gjere. Så derfor blir det også denne gongen ei flott plate, frå eit gnistrande band.

5.Corrina Repp – The Absent and the Distant

Eg oppdaga Corrina Repp i 2007. Det er eg glad for. Mark Kozelek oppdaga ho før meg, og gav ut denne plata på sin eigen label.
Det er ikkje så vanskelig å skjøne kvifor Kozelek falt for denne dama. The Absent and The Distant hentar sine tonar og sin stemning frå dei same dunkelt opplyste kveldstimar som Kozelek sjølv har for vane å rote seg inn i. Dvelande rundt, og midt i, eit folksy uttrykk syng Corrina Repp om sjelelige plager og strevet med å halde seg flytande. Stemma hennar har sitt slektskap med soniske medsøstrer som Cat Power, Nina Nastasia og Julie Doiron. Men det er ikkje noko ein skal henge seg altfor mykje opp i, og i alle fall ikkje bruke mot henne. Ho viser seg nemlig å vere noko meir enn ei i mengda.
Eit sinnbilde som står sentralt i mi oppleving av denne plata, er sinnbildet av eit stort og dunkelt opplyst rom. Månelyset prøver å trenge gjennom nokre sprekkar i tak og vegger, og ei 40 watts lyspære sukkar medtatt og blå bakom ein haug med rusta jern. Anar eg havet utafor? Eg trur det er varmt utafor. Det er klamt innafor. Det dryp. Pianodråpar fell mot klangfullt underlag. Pianotårer fell på steingrunn.
I sanning eit kjærkome funn.

4.Ben Weaver – Paper Sky

Det er som kjent ikkje berre himmelen som er laga av skjørt material. Livet i seg sjølv er jo også ein svakt armert konstruksjon. For ikkje å snakke om illusjonane vi fyller det med, og kjærleiken vi krydrar det med, og hjerta som prøver å halde det heile i gang. Så derfor sit han der då, den einsame trubadur, og prøver å ”draw with black on black”. Det er definitivt ikkje alle som får slikt til. Men Ben Weaver får det til. Kanskje fordi han har denne røffe og uforfalska røysta? Kanskje fordi han har spora opp tonar som slett ikkje høyrest nye eller originale ut, men som er sterkt medrivande, og som brenn? Eller kanskje fordi han har eit skarpskodd instinkt for å handtere ord?
Ein kan verken sonisk eller tematisk skulde Weaver for å operere innafor eit vidtfemnande eller grensesprengande territorium. For sjølv om det er nokre desibel som skil den nennsame haustvisa In November og den nesten Crazy Horse harvande Geisha så har dei begge grodd fram på den same americana-enga der Weaver ruslar rundt og plukkar sine tonar. Med låtane han fyller Paper Sky med, set Weaver sine spor der han også. Definitivt.

3.LCD Soundsystem – Sound of Silver

LCD Soundsystem vil ha oss opp av indiestolen og ut på dansegolvet. Ikkje golvet der plastikkrytmane rår, men eit anna eit, der staffasjen og narrespelet må vike for innhald og groove. LCD Soundsystem er eit funky punky tiltak der forførande rytmar og uimotståelige melodilinjer svingar seg saman i siamesisk skapnad. Smart, tøft og heitt, og med store deler av rockehistoria klistra tett til ryggraden.
På sin debutsingle Losing My Edge frå 2002, namnedroppar LCD Soundsystem sitt alter ego James Murphy ein heil drøss av artistar som har inspirert han til å gjere det han gjer. Frå Can og Lou Reed via Gil Scott Heron til Daft Punk. Det doble sjølvtitulerte debutalbumet som kom nokre år seinare var eit viltveksande oppkomme av spenstige idear og fabelaktige låtar.
På sitt nyaste framstøyt flyttar han lydsystemet sitt eit par sølvkanta steg i popmotorisk retning. Det har definitivt ikkje gjort han mindre inspirerande å frekventere. Lada med rytmisk kåtskap, hooks og melodisk vellyst er så definitivt Sound Of Silver lyd som skin. Her fresar han mot sit eige heimland i råheftige North American Scum, miksar Neu og episk rock på sterkt vanedannande vis i All My Friends, og avsluttar med ei særdeles minneverdig ode til heimbyen sin i New York, I Love You But You Bringing Me Down.
Til å bli sterkt oppspelt av.

2.Okkervil River – The Stage Names

Der Okkervil River sitt førre album Black Sheep Boy ikkje slapp lyttaren inn på seg utan ein viss motstand opnar The Stage Names døra med det same. Utan at alt dei har by på vert avslørt av den grunn, her er for mange rom til det. Og utan at desse tonane, som så raskt finn beinvegen inn i ryggmargen min, luskar mindre inspirerande ut bakvegen nokre rundar seinare. Slett ikkje, dei er der framleis, og er like utkrope fengande, og like vemodsfullt vakre som då dei kom.
The Stage Names gjer inntrykk av å vere Okkervil River si mest sofistikerte og arrangerte plate. Samstundes som eg opplever at den kanskje har eit vel så laust og luftig vesen som det deira tidlegare verk kan skilte med. Ja er dei ikkje litt meir leikne tru? Litt meir på veg til fest og lått? Men ikkje utan at dei byrdefulle kjenslene og sjela sine mørkare krokar slår følgje. Seriøst følgje. Og få er det i dag som gjer uttrykk for slikt med like intens bravur som Okkervil River sin songar og låtskrivar Will Sheff. Han er over songen, han er i songen, ja han er songen. Songar og skildringar som denne gongen er plassert på meir nåtidige scener. Livet som ein sveitt og rotlaus, men også glorifisert, rock’n roller på veg frå by til by dukkar opp som tema i fleire av låtane. Eit liv som vert både feira og forbanna. På ei plate definitivt verdt å feire.

1.The National – Boxer

Ja slik er det. Den subtile New York-kvintetten har levert årets beste i år også, akkurat som i 2005. Det finst meir enn ein grunn til det.
Matt Berninger er ein av dei mest eigenarta rockepoetane som har komme til etter årtusenskiftet. Tematisk kan vel det han har føre seg neppe kallast originalt. Det handlar om relasjonar på randen av undergang, kanossagang eller til nød på veg mot ein ekstraomgang. Han gjer det imidlertid med særdeles låg klisjéfaktor, høg fintefaktor og ein lakonisk poetisk klang.
Men The National er ikkje berre Berninger. Bandet er også brødreparene Dressner og Devendorf. Og dei gjer absolutt sitt for at deira fjerde album blir den vinnaren det er.
Over tolv rundar prøver aldri The Boxer å få inn det eine avgjerande støyte, i staden flyr, flyt og dansar den rundt i ringen på raffinert vis. Den lener seg mot taua. Den stiller seg for slag. Den blør. Den reiser seg. Den får inn ein hook, og ein til, og ein til. Det er til å bli sveitt av. Det er til å miste pusten av. Det vert aldri slått i tomme lufta. Det vert aldri spelt ei unødig note. Den dansar bakover, sidevegs og framover. Den fintar og den dukkar. Den er upretensiøse og raffinerte. Den er ikkje til å bli heilt klok på. Men idet gongongen går for siste gong har den prikka inn så tett med melodiske vinnarar og sitatfreistande linjer at det sjølvsagt ikkje kan bli noko anna enn ein einstemmig og overlegen poengsiger.


Så skulle eg nokre månader etter at året var omme oppdage Elisabeth Cook si friske plate Balls. Det er eg glad for.

Musikalsk årsoppgjer for 2003

Standard

Heime i stova mi har det faktisk vore teikn til elektrisk stemning under avspelinga av både det eine og det andre av årets musikalske framstøt, så sjølv om det ikkje er heilt 1969, 1975, 1977 eller 1991 kan eg vel ikkje gjere anna enn å seie meg godt fornøyd med plateåret 2003. Her er platene eg fann det aller riktigast å trekke fram:

1. Ben Weaver – Hollerin» At a Woodpecker
Det er sannelig ikkje kvar dag ein får oppleve sangarar som går så fryktlaust og direkte til verks i historiane sine som unge Ben Weaver frå St. Paul, Minnesota. Historiar om tap, savn, redsel, mot, håp, motgang, blod, fortvilelse, død, hat og lidenskap. Med ei stemme som ber i seg fjellets fasthet, skogens mystikk, præriens einsemd og elvas villskap leverer han 14 sangar som nektar å være likegyldige. Der han fjernar all ferniss og søker mot sjela til karakterane sine. Han finn den og, som regel skakkøyrt og ulykkelig, men med eit romantisk hjerte som dunkar ikkje langt unna.
Han pløyer ikkje ukjent mark, men han pløyer med ein intensitet og ein smertelig råskap som lagar spor få har gjort før han. Det er eit enkelt komp han har valgt som følge; akustisk gitar, banjo, mandolin, fele, litt enkel rytme og eit munnspel som er overalt. Sangane hentar sin inspirasjon frå folk, country og blues, det lyder friskt og ekte, og er som ein renselse mot alt det kjønnslause og masseproduserte.

2. Lucinda Williams – World Without Tears
La det være sagt med ein gong; World Without Tears representerer femte kapittel i føljetongen «Lucinda Williams sine ekstraordinære album». For nok ein gang har den Louisiana fødte Lucinda levert eit briljant album i skjæringspunktet mellom country, folk, blues og rock.
Sjeldan har eg høyrt ei plate så intenst levande som denne. Den er eit knust hjerte, ei skadeskutt sjel, eit rått og nakent oppgjer, og er full av lengsel og begjær. Det er ikkje mange som har mot til å servere ein så hudlaus, og til tider brutal poesi som det Williams gjer i desse 13 sangane. Ho opptrer utan sikkerhetsnett i sine skildringar av korleis innvollane vrir seg av fortviling og vrede over svikefulle elskarar, eller i framstillingane av frynsete og stormfull lidenskap. Men ho er aldri i nærleiken av å brekke nakken, den presise inn-til-beinet poesien fangar essensen, og Lucinda framstår nok ein gong som ein av vår tids mest truverdige skildrarar av mellommenneskelige (unntaks)tilstandar.

3. Joe Henry – Tiny Voices
Joe Henry sitt siste verk, døypt Tiny Voices, er ingenting mindre enn ein musikalsk fest av dimensjonar. Ein drøy time med store låtar, stor musikalitet, løpske instrument, eklektisk innstilling og sjel, sjel, sjel.
Det er ikkje støtt ord som levande, friskt og idérikt er like treffande som tilfellet er i forhold til denne vesle dingsen med innspelt musikk. Her sprett det fram tone etter tone med ei magnetisk tiltrekningskraft, som fører ein avgårde på eit usedvanlig fargerikt musikalsk eventyr. Vel kan det seiast å være atmosfæriske sammenvevde og intrikate klangar som dukkar opp. Men der andre i samme ærend ofte går seg fast i flinkheten og idérikdommen, har Joe ein så grødefull melodiskatt på baklomma at sangane aldri står i fare for å bli livlause skjelett.

4. Ed Harcourt – From Every Sphere
Det skulle ha vore eit dobbeltalbum. Det skulle hatt tittelen The Ghosts Parade, og det skulle bli eit ambisiøst konseptalbum om spøkelser, eventyr, fantasiar og draumar. Eit lengre kjærleiksforhold gjekk imidlertid i oppløysning i starten av prosjektet, slik endte Harcourt opp med mange sangar om savn og lidenskap. Så det blei litt annleis. Tittelen kunne likevel framleis vore dekkande, for spøkelser av ulike valørar har ei framtredande rolle på albumet. Men From Every Sphere er ein god tittel det og, for Ed Harcourt forsyner oss med opplevingar frå mange sfærer her. Det handlar om dei harde realitetane og uregjerlige fantasiane, om håpefulle draumar og svette mareritt, om fortida sine spøkelser og framtida sine forhåpningar, men aller mest handlar det om livet, om kjærleiken og om døden.

5. The Fiery Furnaces – Gallowsbird’s Bark
Vil du helst ha din rock og din blues kraftfull, kompakt, rakrygga og konvensjonell, kan du like godt stige av her. For denne turen ber rake vegen til ein blues-gjødsla grøftekant der slike førestellingar er heilt ukjente. Det er ein grøftekant eg ikkje ante eksisterte, men som har nokre av dei styggvakraste blomane eg nokon gong har oppspora. Dei veks opp av steinar, ut av metallrestar, igjennom knuste glasflasker, og dei får sin gjødning frå ein kakkelovn som spyr ut gloheite, skarpslipte og vaklevorne riff og tonar henta frå ein ilsken men ikkje så lite fascinerande blues-republikk som for fleire år sidan blei utstøtt frå det gode selskap. Dei har ein uanstrengt haldning til sine røter, kan være respektlause, er ikkje redd for å bryte reglar, og har i all sin snodighet eit særdeles vinnande vesen. Dei kallar seg The Fiery Furnaces.

6. Nina Nastasia – Run to Ruin
Dette kunne vore åtte låtar gjort i ein konvensjonell folkcountry-stil, og sikkert blitt eit rett så bra album. Dette kunne vore ei lita diktsamling, åtte minimalistiske nedteikningar, og det hadde også blitt patent. Men dette er likevel noko heilt anna: Det er Nina Nastasia si røyst, dvelande og forførande men framfor alt veldig levande, som opptrer i perfekt selskap med eit glødande ensemble, der instrumenter som cello, fiolin og kontrabass, samt Jim White (Dirty Three) sitt smidige trommespel spelar viktige roller. Her i krysningspunktet mellom Nina sine vokale prestasjonar og bandet sine frenetiske, men i høgaste grad dynamiske, avleveringar er det Run To Ruin sitt sanne ansikt og magnetiske tiltrekningskraft ligg. Her blir motsetningane sett opp mot kvarandre; lys versus skygge, det melodiøse versus det atonale, det skjøre versus det brutale, det vakre versus det stygge.

7. Richmond Fontaine – Post To Wire
Langt borte frå tonepyntarane og lydakklimatisererane sin verden går livet stadig sin skeive gang. Eit gjeng som manar fram inspirerte tonar frå denne delen av musikk-kartet er Portland, Oregon kvartetten Richmond Fontaine. Bandet sin femte utgjeving, med tittelen Post To Wire, gjer det klart og tydelig at vi her har å gjere med eit band som har så vel skarpsindige ord som tonar på programmet. På ein sti like i nærleiken av countryrock terrenget Uncle Tupelo, Jayhawks (Mark Olson-æra) og Whiskeytown vandra rundt i på 90-talet har dei funne eit åpent lende der så vel sår akustikk som truande ørkenvind og råbarka gitar overhalingar for lov å gjere seg gjeldande. Ein plass der også melodi-snittet til gamle heltar som Paul Westerberg (The Replacements) og Grant Hart (Hüsker Dü) gror.
Utan tvil eit av dei aller mest oppegåande country-infiserte rocke-tiltaka i dagens musikkbilde.

8. My Morning Jacket – It Still Moves
Neil Young + Wayne Coyne (Flaming Lips) : 2 = Jim James. Dette er ikkje matematikk, dette er ikkje ei udiskutabel sanning, men det er noko i fraseringane til My Morning Jacket sin sangar som minner veldig om dei to nevnte herrar. Det totale bildet er det imidlertid Jim og hans kompanjongar frå Louisville, Kentucky som komponerer med heilt sjølvmiksa fargar. Og det er eit stort lerret dei har sett seg føre å dekke (12 låtar, 70 minuttar), likevel er det sjeldan dei går trøtte og dreg uinspirerte linjer og strøk. For med noko som minner om sitt bysbarn Muhammed Ali sin smidighet, vev dei saman eit mektig brygg av seig boogie, countryflørt, riff rock samt kraftfulle droner og serverer det heile med eit melodi-mønster skapt av ein James som veit korleis rocke-vendingar skal gjerast og kor popskapet står.

9. Outkast – Speakerboxxx/The Love Below
Ingen årsbeste-liste utan ein dose med skikkelig funky saker, og då kjem ein ikkje forbi sørstats-duoen Outkast, som for tre år sidan leverte noko som minna sterkt om tidenes beste hip-hop album (Stankonia). Nå er dei tilbake med ein dobbel porsjon, henta frå kvar sin sydande seanse. Speakerboxxx tilhøyrer Big Boi og The Love Below er Andre 3000 sin. Og for ein rett dei serverer, for sjølv om det kanskje finst ingrediensar ein dyttar litt til sides, og ein sit noko aldeles stappmett tilbake hvis ein inntar alt i ei vending, er dette definitivt heftige saker. Hovedingrediensen er fortsatt Hip-Hop men det heile er i endå sterkare grad enn tidlegare tilført ein salig blanding av psykedelia, soul, jazz, swing, funk og pop. Hey Ya!

10. Pedal Steel Transmission – The Angel of the Squared Circle
Er du redd for steel gitarar, høyrest dette bandnavnet sikkert skummelt ut. Men det er ingen grunn til å skygge unna, for Pedal Steel Transmission leverer ein time rockbasert musikk som bør røre ved sjela til langt fleire enn steel gitar interesserte. Ja når sant skal seiast er det nok atskillig meir å hente her for tilhengarar av frigjort rock’n roll enn for dogmatiske country entusiastar. På programmet står nemlig ein saliggjerande mikstur av det meste ein kan tenke seg frå countryrock via psykedelia og progrock til postrock. Definitivt eit av denne hausten sine aller mest innbydande rock’n roll brygg. Der ein kan kjenne smaken av alt frå Love og Flying Burrito Brothers til nyare akter som Mercury Rev, Built To Spill og Wilco. Men når det er sagt; blandingen PST serverer er aller mest noko heilt for seg sjølv.

Og når eg så fekk tenkt meg om, i vekene, månadane og åra som kom etter at denne lista vart til, så ser eg så definitivt at desse platene også skulle ha vore med der:

Songs: Ohia   – The Magnolia Electric Co
M. Ward  – Transfiguration Of Vincent
The Wrens  – The Meadowlands
Okkervil River  – Down the River of Golden Dreams
Drive-By Truckers – Decoration Day
Broken Social Scene – You Forgot It In People
The New Pornographers –  Electric Version
The National – Sad Songs For Dirty Lovers
Sufjan Stevens  – Greetings From Michigan
Super Furry Animals – Phantom Power

Ben Weaver – Paper Sky

Standard

Tretten usentimentale og skarpskodde skildringar frå eit Amerika der håpet ikkje har dei aller beste veksttilhøve.

8

cover

Coveret er pastellfarga. Men det er berre utanpå. For denne papirhimmelen er ein himmel full av fuglar, ilskne fuglar, og opprørt hav så langt ein ser. Ei jord der trøbbel gror. Treng eg seie så mykje meir?

Tja, kanskje eg kan seie noko om himmelen. At den ikkje er kva den ein gong var. Rett nok er den framleis blå på ein skyfri dag. Og det blir stadig hardnakka hevda frå mulla og prest at den rommar det siste håp. Men er no ikkje det i ferd med å dunste bort tru? For himmelen er slett ikkje uovervinnelig. Himmelen er såra. Svikta og stygt såra. Så den kjem ikkje til å vare evig. Den kjem til å rivna. Rivna som eit jævla sprittusjforgifta papirark, som er blitt spytta mot og trakka på, altfor lenge, og med altfor skitne sko.

Det er som kjent ikkje berre himmelen som er laga av skjørt material. Livet i seg sjølv er jo også ein svakt armert konstruksjon. For ikkje å snakke om illusjonane vi fyller det med, og kjærleiken vi krydrar det med, og hjerta som prøver å halde det heile i gang. Så derfor sit han der då, den einsame trubadur, og prøver å «draw with black on black». Det er definitivt ikkje alle som får slikt til. Men Ben Weaver får det til. Kanskje fordi han har denne røffe og uforfalska røysta? Kanskje fordi han har spora opp tonar som slett ikkje høyrest nye eller originale ut, men som er sterkt medrivande, og som brenn? Eller kanskje fordi han har eit skarpskodd instinkt for å handtere ord?

Paper Sky er 27 år gamle Ben Weaver sitt femte album. Til å produsere det har han hanka inn den ikkje heilt ukjente Brian Deck (Modest Mouse, Califone, Iron & Wine). Deck har ikkje på noko som helst vis prøvd å gjere Weaver om til noko anna. Han er nok framleis mykje slik vi kjenner han frå tidlegare bedrifter som Stories Under Nails og Hollerin» at a Woodpecker. Litt endring er her likevel å spore. Det kan det vere Deck som står bak. Det kan også vere den kjensgjerninga at Weaver har flytta frå meir rurale strøk og inn til St. Paul, Minnesota. Eller det kan vere Weaver si oppdaging av den Austerrikske lap-top innovatøren Fennesz. Mest sannsynleg er det ein kombinasjon.

I alle fall, Paper Sky er tilført ein dose, men langt ifrå ein overdose, med lyd frå såkalla synthetiske lydkjelder. Det gjer slett ikkje vondt. Like lite som det gjer vondt når Weaver drar fram banjoen, legg gitaren i fanget eller tar plass på pianokrakken. Velretta tonar frå ein cello, spelt av ei dame med namn Julia Kent, dukkar også opp titt og ofte. Ikkje like ofte, men absolutt velgjerande når det skjer, spring det også fram litt sordinert harmonering frå ei kvinnerøyst eller to.

Ein kan verken sonisk eller tematisk skulde Weaver for å operere innafor eit vidtfemnande eller grensesprengande territorium. Ja, sjølv om det er nokre desibel som skil den nennsame haustvisa In November og den nesten Crazy Horse harvande Geisha så har dei begge grodd fram på den same americana-enga der Weaver ruslar rundt og plukkar sine tonar. Der er det andre som har rusla før han.

Like mykje som Ben Weaver fylgjer i fotspora til Leonard Cohen, Townes Van Zandt og 70-talets Tom Waits, like mykje kan han sin Charles Bukowski, sin Tennessee Williams og sin William Faulkner. Han var ein god venn av den no avdøde forfattaren Larry Brown, og han hevdar å kjøpe 15 bøker pr. veke. Tidlegare i år debuterte han då også i bokform, på eige forlag, med den vesle lyrikkboka Hand Me Downs Can Be Haunted.

Ben Weaver har på sine fire føregåande utgjevingar vist seg å vere ein skikkelig trave med metaforar. Enkelte av desse har det kanskje vore grunn til å stille spørsmål ved, men brorparten har så definitivt vist seg å vere rett så kløktige og slagkraftige. Metaforar er det fleire av på Paper Sky også. Men her får dei i større grad selskap av det ein kanskje kan kalle eit litt meir lyrisk bildespråk.

Men vi snakkar då ikkje om lyrisk av typen «no livnar det i lundar». Weaver held seg for det meste på den andre sida av sommaren. Det er regn i songane hans. Uvær og trøbbel kan det også vere, og «communistically cold». Han syng om hutrande skikkelsar som møter verda med eit «broken sword», og han syng om desse som leitar etter eit stabilt sentrum men berre kan finne det ytterst ute på kanten. Og så syng han om Frankie då, som får beskjed om at «what you see in the mirror, is not what everyone else sees».

Av og til vert det veldig mørkt. «I saw the world, through the eyes, of a grieving bird» syng Weaver i refrenget på Wings as Knives. Ei dyster framstilling av timen før «the sky opens up and away I go», lagt i ein avmålt Waitsian tone. Så heilt bra har han det ikkje fyren i den nakne og dvelande visa Sorrow heller, der han nokså nedtrykt av ei «dark red pain» konkluderar med at «sorrow swims on my skin like shadows in an old Montgomery Clift film».

Men Weaver kan få auga på lyset også. I Plastic Bag, som vel er det næraste Weaver er ein poplåt her (men det er absolutt ikkje ein poplåt), hevdar hovudpersonen at han av og til kjenner seg som ein plastpose «caught in a tree of no further use to someone, left to blow in the wind above the streets». Utan at livslysta forsvinn heilt av den grunn, for medan historia stadig gjentar seg, ser han også «beauty in madness» og vert sterkt tiltalt av dei pretensjonsfrie og sorglause augeblikka, desse som kan samanliknast med eit bilde av eit barn som «trailing a finger in the water over the edge of a boat».

Albumet sitt sterkast synthfurnerte spor er Surrealism + Blues. Den er også kledd i den råaste språkdrakta. Første strofe; «Your eyes are filled with beauty and destruction, for that I will love you the same way I hate you», og litt seinare «I can see up your skirt far as the sun shines between your legs, I don’t want you to fuck me, I want you to blow me away». Her er ein eim av både Bukowski og Cobain, men den er visstnok skrive med Jeffrey Lee Pierce i tankane.

I The Unelected må det vere ein viss president Weaver har i tankane. Og då snakkar vi ikkje om fine tankar. Til tonar som opererer i det melodiske nabolaget til ein Famous Blue Raincoat fortel Weaver presidenten at «the wars in your head, its all in your head» og undrar seg om det først er når «the atmosphere will loosen its grip on the sun» og denne vil hamne som ei eldkule i senga til presidenten at han vil vakne opp og sjå kva han eigentlig har gjort (og ikkje gjort). Reint tematisk blir denne kanskje ein liten avstikkar. Likevel kan ein bakom presidentangrepet merke den same tristessen som i større eller mindre grad pregar heile albumet.

«My best friend, my only friend is calling me in a rush» lyde det vemodsfullt i Rain Leaves Smoke, «it’s that hour if your not asleep your alone».

Eleven Kinds of Loneliness kalla Richard Yates ei novellesamling ein gong i tida. Ben Weaver byr her på tretten av det slaget. Ja for er det ein fellesnemnar på Paper Sky, så må det vere einsemd. Og aller sterkast vert det skildra i den soniske mininovella som avsluttar seansen, Whatever You Want to Haunt You. Nennsamt snakkesyngande startar forteljaren med å ha ein viss distanse til historia; «He told me. You were caught between the fear of boredom and the fear of life». Ein desperat ung mann har hatt eit oppgjer med sitt opphav, og har flykta inn i isolasjonen. Etter kvart som historia vert fortalt blir forteljaren meir og meir ein del av den. Noko det soniske er med på å understøtte ved at det parallelt aukar i styrke og dramatisk utforming. I avslutningsfasen trekk så lydbildet seg tilbake til meir nennsame former og forteljaren finn igjen den meir observerande rolla si. Gripande stoff.

Det er mange som opererer i det same lende som Ben Weaver, men det er ikkje så mange som rissar like skarpt og uttrykksfullt med svart på svart som det han gjer.

Først publisert på Groove.no (i 2007)

 

Ben Weaver – Blueslivinghollerin»

Standard

Dette er ikkje Weaver sitt femte studioalbum. Dette er ei fyldig sporsamling frå hans pre-Fargo dagar, med eit litt uforståelig tyngdepunkt.

cover  Ei av dei kjæraste oppdagingane eg har gjort på musikkfronten dei siste åra er Ben Weaver frå Minnesota. Ein ung fyr med ei vaksen røyst som skriv låtar som set spor etter seg. I ei eigenarta språkdrakt refererer han frå dei meir grumsete krokane av det menneskelige sjeleliv. «I live for the lines» skreiv Ben i eit liten tekst som fulgte med hans tredje album Hollerin» At a Woodpecker. Ja det tvilar eg ikkje på. Det er få låtsmedar der ute med ei like skarpskodd formuleringsevne som det Weaver er innehavar av.

«I get tired of folk music» hevdar han vidare i nemnte tekst, «love that never was love, just trouble. Folk music used to be about stories and dirty cars and murder and love that lasted, now it’s third-rate dime store spirituality, a mid-life crisis looking for a new life and a new duplex. What ever happened to character? Bloodshed? Everybody wants to go to heaven but nobody is willing to die. I think hip-hop is the next form of true music.»

Og sant nok, sjølv om det soniske bilete til Ben Wever nok har sitt utspring frå trakter der karar som Tom Waits, Townes Van Zandt og John Prine har luska rundt kan ein i hans direkte og no-nonsens tekstformidling vere ein nesten like så sterk slektskap mot hip-hop som mot trubadur-tradisjonen. Det er i kombinasjonen mellom dette og den naturskapte røysta vi finn signaturen hans. Kanskje var den ikkje heilt klar og tydelig på mannen sine to første album, men på dei to siste er den rissa i stein.

Forresten, når det gjeld det der med kjærleiken og folk-musikk, så er det nok ikkje dei problemfrie og varande forholda som er Ben Weaver si greie heller. I nokre av skildringane hans har kjærleiken knapt nok vakna. Andre stader står den skrive i sand, og vil forsvinne i det tidevatnet kjem smygande. Den kan ligge bakom eit dulgt skuldertrekk hos ein desillusjonert fyr. Eller den ligg midt i ein blodpøl i ein bakgard kalla svik.

Blueslivinghollerin» er ikkje Weaver sitt femte studioalbum. Det held han på og spelar inn saman med Brian Deck akkurat i desse dagar. Blueslivinghollerin» er ei samleplate. Plateselskapet Fargo som gav ut mannen sitt fjerde album, Stories Under Nails, har plukka ut ein del låtar frå dei tre første (som vart gjevne ut på den meir obskure labelen 30/30), plussa på med tre Stories-outtakes og ein Dylan-cover, og dermed er CD-plata stappfull den (78 minuttar).

Debutplata hans heiter El Camino Blues og ber nok merke av at dette er ein Ben Weaver i den formative fasen. Dei fire låtane som er henta derifrå er absolutt greie nok dei, men det er jo ganske så mange tusen songar som er det. Etter El Camino Blues har eg ein mistanke om at han tok trappa ned i ein dunkel kjellar. Der spelte han poker, drakk whiskey og røyka langt meir enn sundt var i selskap med Tom Waits, Nick Cave og eit par utemte blueslegender. Så når han stikk hovudet opp og fortel ein forderva mordhistorie som Ella Mae og ein skranglete røvarhistorie som Bill Brown er det med ei stemme så rusken og rå at ein nesten skulle tru det står Waits rissa inn på stemmebandet. Favoritten frå Living In The Ground (som hans andre album ganske så treffande heiter) er forresten den trekkspel-draperte Precious Time med sitt hardkokte utsegn om at «I don’t care if I never see you again, cause you’re always on my mind», og si fastslåing av at «there ain’t story worth tellin» unless it comes from the places you’ve been». Han gjer også ein versjon av Van Zandt klassikaren 2 Girls, utan at han heilt klarer å få den til å bli like trist som det opphavsmannen får til.

Så drar han til skogs. Langt nord i Minnesota hamrar, bankar og syng han, og finn ut at det er det siste han likar best. Dermed spelar han inn 63 minuttar og 39 sekundar med musikk som han kallar Hollerin» At a Woodpecker. I all sin enkle, ekte og nådelause skapnad stadig ei like fabelaktig plate som den var den seinsommaren i 2003 då eg høyrde den for aller første gong. Litt uforståelig at dei ansvarlige for denne samlinga berre har funne plass til fire spor frå den, mot seks frå Living in the Ground. Vel vel, Hollerin» skal jo uansett vere på plass i hylla til alle med det minste snev av interesse for det vi noko upresist vel å kalle Americana. Der kan ein få nærare føling med det forsiktige og uimotståelige gynge i Ocean Ain’t Blue. Ein kan fylgje hovudpersonen i den gnagande Blood på hans veg mot ruin; «the closer I seem to get, the further I slip away from you». Eller ein kan få treffe han som minnast Sara, men som ikkje går under av den grunn; «I drivin» around all by myself, countin» the stars above». Ja, og så kan ein få ein liten resiterande rapport frå den pre-pubertale tida; «remember sitting in my best friends closet, reading his brothers Penthouse and Playboys, before we even knew about masturbation». Den heiter Semis Sounded Like Thunder, og omfattar etterkvart fantasiar om eit par nabofruer. Det var dei fire låtane som er med her, det er ti til der dei kjem i frå. Vil du vite meir om dei, ja så er du ikkje meir enn eit klikk unna.

Neste gong Weaver var i studio var det litt meir elektrisitet bak lydane. Samstundes senka mørket seg ennå tettare rundt skallen på forteljaren. Kanskje var det ein og anna låt på Stories Under Nails som kunne hatt godt av litt meir hugtakande melodiske linjer, men eit sterkt album er det uansett. Stories er ikkje direkte representert på Blueslivinghollerin’, men tre outtakes frå innspelingane har fått plass. Det er ikkje så vanskelig å forstå kvifor ti minuttar lange Boxcars ikkje vart ein del av Stories Under Nails. Det er for så vidt ein fengslande historie om rastløysa og sjelelig armod, men den manglar essensiell melodisk drivkraft. Når Weaver trør til med såre erkjenningar i Liza og dansar i slow-motion gjennom ruinane i den dystre Vapor er han imidlertid inne på spor som vi likar. Mannen har og eit solid grep om sakene når han kastar seg rundt livet på Dylan sin Ballad of a Thin Man.

Blueslivinghollerin» kan absolutt fungere som ein grei introduksjon til den Weaverske verda, men då skal du samstundes vite at du får ei endå større oppleving om du tek strake vegen rett til Hollerin» At a Woodpecker, for så deretter å fange Stories Under Nails. Og då kan det jo hende at du tek med deg Living In The Ground og El Camino Blues i dragsuget, før du set deg rastlaust ned og ventar på mannen sitt neste framstøyt.

6/10

Først publisert på Groove.no (i 2006)

 

Ben Weaver – Hollerin» At A Woodpecker

Standard

Fast som fjellet. Mystisk som skogen. Einsam som prærien. Vill som elva.

cover  Det finst eit stort glupsk monster der ute som kallar seg Musikkindustrien. De livnærer seg på levande musikk, og gjer den om til penger. For penger er det kjæraste Musikkindustrien veit om, og den kan aldri få nok av det. Musikkindustrien har og funne ut at jo meir markedstilpassa (les identitetslaus) den klarar å gjere musikken, jo meir penger er det å hente. Ein stad monsteret verkelig har funnet seg til rette er i Nashville, Tennessee. Herifrå har de spytta ut tallause mengder med markedstilpassa «countrymusikk».

Heldigvis finn vi iblant country/folk-musikarar som Musikkindustrien, avdeling Nashville ikkje har klart å få tak i og gjort om til vingeklipte pengemaskiner. Nokon av desse artistane har til og med ein så sterk identitet at monsteret ser det som ei håplaus oppgave å tilpasse dei.

Mannen som er avbilda på innercoveret på Hollerin» At A Woodpecker er eg overbevist om at Musikkindustrien aldri kjem til å røre. I ein smal korridor lent mot ei låst dør står ein røslig, skjeggkledd kar, med eit blikk som seier «berre ikkje kødd med meg!». Ut her ifrå er det berre ein veg, den går rett mot oss. Og det er nettopp den vegen Ben Weaver tar. Ja det er sannelig ikkje kvar dag ein får oppleve sangarar som går så fryktlaust og direkte til verks i historiane sine. Historiar om tap, savn, redsel, mot, håp, motgang, blod, fortvilelse, død, hat og lidenskap. Med ei stemme som ber i seg fjellets fasthet, skogens mystikk, præriens einsemd og elvas villskap leverer han 14 sangar som nektar å være likegyldige.

Han pløyer ikkje ukjent mark denne Ben Weaver frå St. Paul, Minnesota, men han pløyer med ein intensitet og smertelig råskap som lagar spor få har gjort før han. Det er eit enkelt komp han har valgt som følge; akustisk gitar, banjo, mandolin, fele, litt enkel rytme og eit munnspel som er overalt. Sangane hentar sin inspirasjon frå folk, country og blues, det lyder friskt og ekte, og er som ein renselse mot alt det kjønnslause og masseproduserte.

Weaver presenterer seg i ein slentrande men angrepsvillig tone gjennom åpningssporet The Ocean Ain’t Blue, og vi skjønar fort at her er det ein mann som har ting på hjertet og ordet i sin makt. Det er ein sang som meir er ein beskrivelse av tilstandar enn ein streit historie, frå likegyldighet til ytterste mørke; «it gets so dark sometimes, I could forget I got eyes». I neste låt Sara møter vi ein rastlaus skikkelse som driv rundt og prøver nokså forgjeves å kvitte seg med forestillingane om ei dame som forlot han; «drivin» around all by myself, counting the stars up above». Eit tema som får eit endå mørkare ansikt i låta Blood, der vi møter ein tragisk fyr som opplever fortid, nåtid og framtid gjennom små flash som kjem til han.
«I went down to the river and saw my reflection, it made me want to dive right in and drown» slik startar den desperate Pissin» In the Wind, der Ben i selskap med ein myndig banjo og lengselsfulle munnspeltonar framfører eit manifest over einsemd og angst; «if you can’t live by your heart, you’re pissin» in the wind».

Det er altså slett ikkje dei lystigaste tema den unge Ben Weaver tar for seg. Der han på sitt direkte vis fjernar all ferniss og søker mot sjela til karakterane sine. Han finn den og, som regel skakkøyrt og ulykkelig, men med eit romantisk hjerte som dunkar ikkje langt unna. Han er heller ikkje redd for å bruke ord, mange ord, og stundom må tonane finne seg i at orda kjem i sentrum. Likevel klarar han å få melodiane til å bli luftige og absorberande, takka være ein spartansk produksjon som på samme tid er både primitiv og utsøkt.

Ein country-poet eg ofte høyrer spor av i musikken og historiane til Ben, er Townes van Zandt. I låtar som den hjerteskjærande The Night Is a Coal Pit, den vemodige valsen More Than I Miss You og vakre Sunshine Tonight er det som ein kan føle van Zandts ånd føre sangane avgårde på ei grå sky av melankoli.

Weaver går heller ikkje av vegen for å skape litt demoniske bluesvibrasjonar. Med eit munnspel som snor seg som ein klapperslange ropar Christian Demons på håp, tru og faenskap. Ganske så urovekkande er også den åtte minutter lange folkblues-affæren Nelson Mississippi, der den endar i død og fordervelse som eit munnspeldrevet ritt av kraftfulle dimensjonar.

Beretningane, og innsikten som ofte kjem til syne gjennom dei, skulle tyde på at vi har å gjere med ein erfaren mann. Litt overraska blir ein så når det viser seg at Weaver er så ung. Ein smule skeptisk vil ein kanskje lure på om han verkelig har opplevd nok til å kunne uttrykke seg som han gjer.

Det er då eg kjem i hug;
Bob Dylan: Highway 61 Revisited, 24 år gammal.
Neil Young: Everybody Knows This Is Nowhere, 23 år.
Gram Parsons: The Gilded Palace of Sin, 22 år.
Alle evige klassikarar som ein stadig sug næring ifrå. Då er det vel ingenting i vegen for at Ben Weaver, 23 år kan gjere noko liknande?

Kjør over Nashvilles glupske monster og gje heller Ben Weaver ein sjanse.

9/10

Først publisert på Groove.no (i 2003)