Tag Archives: The Shins

Musikalsk årsoppgjer for 2007

Standard

Joda, det vart gjeve ut ein del bra plater i 2007 også. Eg har heilt sikkert ikkje høyrt alle. Men i alle fall nok til at eg har klart å sette saman ei liste med ti album eg med handa på hjerta kan seie inneheld mykje god musikk. I tillegg ligg det fleire og vaker like under, desse kunne sikkert ved eit anna høve om ei veke eller sju ha erstatta nokre av dei som til slutt vart valt.

Det gjeld album som:
The Sadies – New Seasons
Phosphorescent – Pride
Yeasayer – All Hour Cymbals
P.J. Harvey – White Chalk
Sarabeth Tucek – Sarabeth Tucek
Nina Nastasia & Jim White – You Follow Me
Robert Plant & Alison Krauss – Raising Sand
Andrew Bird – Armchair Apocrypha
Blanche – Little Amber Bottles
Grinderman – Grinderman
Black Cab – Jesus East
Wilco – Sky Blue Sky
Dungen – Tio Bitar
Oakley Hall – I’ll Follow You
The Bees – Octopus

Av norske utgjevingar, skulle i alle fall desse vere verdt å nemne:
Salvatore – Days of Rage
Valkyrien Allstars – Valkyrien Allstars
Texum – Different Strokes For Different Folks
The Lionheart Brothers – Dizzy Kiss
Arve Henriksen – Strjon
I Was a King – Loosing Something Good For Something Better

Så over til dei ti eg landa på:

10.Battles – Mirrored

Musikk oppstår aldri utan å ha ei forankring i noko som har vore der før. Heller ikkje Battles. Men dei er no likevel noko for seg sjølv. Der dei miksar suggererande elektronisk framdrift med rock-riff, jazzige glimt, sugande rytmar og ein forvrengt vokal som har trakka ned fleire dusin smurfar på sin veg fram i lyset. Og Atlas har vel alt som skal til av slikt for å kunne gå av med sigeren i kåringa ”årets mest vanedannande låt”.

9.Radical Face – Ghost

Radical Face er Ben Cooper. Ghost er det andre albumet hans. Det ber sitt namn med rette. Den grunnleggjande tanken til Cooper denne gongen var å skape noko kring ideen om at eit gammalt hus har ein historie. Ein historie saman med menneske. Så kva om huset sine veggar kunne fortelje sin historie? Kva om menneska som har levd i huset no bur i veggene, eller under golvplankane?
Det skikkelig storarta er at i dette knirkande, dunkle og atmosfærekallande opplegget dukkar det fram den eine flotte popsongen etter den andre. Litt for like i både puls og tone er det kanskje nokon som vil hevde. Sterkt forførande i både puls og tone hellar nok underteikna ganske så kraftig mot å hevde.

8.Animal Collective – Strawberry Jam

Eg skal innrømme at eg ved tidlegare høve har opplevd Animal Collective som eit litt i drygaste laget merkverdig tiltak. Der rare påfunn stundevis har vore på kollisjonskurs med groovy framdrift og det melodiske prinsipp. Denne gongen derimot finn eg brygget deira særdeles velsmakande. Skarpt, røft og hasardiøst. Javisst. Men det yppale groovet vik aldri ein tomme og den melodiske tone gøymer seg aldri for lenge bak atonale påfunn. Strawberry Jam forever.

7.Panda Bear – Person Pitch

Noah Lennox snik seg av og til bort frå det noko ustyrlige Animal Collective, kler seg i pandadrakt, og serverer tonar av ein noko meir yndefull karakter. Person Pitch er ein suggererande og surrealistisk popsymfonisk draum henta utav eit landskap der Brian Wilson sine idear flyt rundt på ei dunlett men ikkje heilt ufarlig sky. Ei rekke av subtile påfunn flyt saman til eit dynamisk heile, og blir til ein mektig, mangestemt og vidunderlig vakker popkollasje.

6.The Shins – Wincing The Night Away

Vegen inn til dei skinande poptonane er smalare denne gongen. Den tredje gongen. Litt farga av natta dei prøver å røske bort. Litt farga av psykedeliske undertonar. Litt farga av eit noko meir intrikat vesen. Men dei er der. Og dei skin. Frå Sleeping Lessons til A Comet Appears. Og James Mercer syng minst like overtydande som han har for vane å gjere. Så derfor blir det også denne gongen ei flott plate, frå eit gnistrande band.

5.Corrina Repp – The Absent and the Distant

Eg oppdaga Corrina Repp i 2007. Det er eg glad for. Mark Kozelek oppdaga ho før meg, og gav ut denne plata på sin eigen label.
Det er ikkje så vanskelig å skjøne kvifor Kozelek falt for denne dama. The Absent and The Distant hentar sine tonar og sin stemning frå dei same dunkelt opplyste kveldstimar som Kozelek sjølv har for vane å rote seg inn i. Dvelande rundt, og midt i, eit folksy uttrykk syng Corrina Repp om sjelelige plager og strevet med å halde seg flytande. Stemma hennar har sitt slektskap med soniske medsøstrer som Cat Power, Nina Nastasia og Julie Doiron. Men det er ikkje noko ein skal henge seg altfor mykje opp i, og i alle fall ikkje bruke mot henne. Ho viser seg nemlig å vere noko meir enn ei i mengda.
Eit sinnbilde som står sentralt i mi oppleving av denne plata, er sinnbildet av eit stort og dunkelt opplyst rom. Månelyset prøver å trenge gjennom nokre sprekkar i tak og vegger, og ei 40 watts lyspære sukkar medtatt og blå bakom ein haug med rusta jern. Anar eg havet utafor? Eg trur det er varmt utafor. Det er klamt innafor. Det dryp. Pianodråpar fell mot klangfullt underlag. Pianotårer fell på steingrunn.
I sanning eit kjærkome funn.

4.Ben Weaver – Paper Sky

Det er som kjent ikkje berre himmelen som er laga av skjørt material. Livet i seg sjølv er jo også ein svakt armert konstruksjon. For ikkje å snakke om illusjonane vi fyller det med, og kjærleiken vi krydrar det med, og hjerta som prøver å halde det heile i gang. Så derfor sit han der då, den einsame trubadur, og prøver å ”draw with black on black”. Det er definitivt ikkje alle som får slikt til. Men Ben Weaver får det til. Kanskje fordi han har denne røffe og uforfalska røysta? Kanskje fordi han har spora opp tonar som slett ikkje høyrest nye eller originale ut, men som er sterkt medrivande, og som brenn? Eller kanskje fordi han har eit skarpskodd instinkt for å handtere ord?
Ein kan verken sonisk eller tematisk skulde Weaver for å operere innafor eit vidtfemnande eller grensesprengande territorium. For sjølv om det er nokre desibel som skil den nennsame haustvisa In November og den nesten Crazy Horse harvande Geisha så har dei begge grodd fram på den same americana-enga der Weaver ruslar rundt og plukkar sine tonar. Med låtane han fyller Paper Sky med, set Weaver sine spor der han også. Definitivt.

3.LCD Soundsystem – Sound of Silver

LCD Soundsystem vil ha oss opp av indiestolen og ut på dansegolvet. Ikkje golvet der plastikkrytmane rår, men eit anna eit, der staffasjen og narrespelet må vike for innhald og groove. LCD Soundsystem er eit funky punky tiltak der forførande rytmar og uimotståelige melodilinjer svingar seg saman i siamesisk skapnad. Smart, tøft og heitt, og med store deler av rockehistoria klistra tett til ryggraden.
På sin debutsingle Losing My Edge frå 2002, namnedroppar LCD Soundsystem sitt alter ego James Murphy ein heil drøss av artistar som har inspirert han til å gjere det han gjer. Frå Can og Lou Reed via Gil Scott Heron til Daft Punk. Det doble sjølvtitulerte debutalbumet som kom nokre år seinare var eit viltveksande oppkomme av spenstige idear og fabelaktige låtar.
På sitt nyaste framstøyt flyttar han lydsystemet sitt eit par sølvkanta steg i popmotorisk retning. Det har definitivt ikkje gjort han mindre inspirerande å frekventere. Lada med rytmisk kåtskap, hooks og melodisk vellyst er så definitivt Sound Of Silver lyd som skin. Her fresar han mot sit eige heimland i råheftige North American Scum, miksar Neu og episk rock på sterkt vanedannande vis i All My Friends, og avsluttar med ei særdeles minneverdig ode til heimbyen sin i New York, I Love You But You Bringing Me Down.
Til å bli sterkt oppspelt av.

2.Okkervil River – The Stage Names

Der Okkervil River sitt førre album Black Sheep Boy ikkje slapp lyttaren inn på seg utan ein viss motstand opnar The Stage Names døra med det same. Utan at alt dei har by på vert avslørt av den grunn, her er for mange rom til det. Og utan at desse tonane, som så raskt finn beinvegen inn i ryggmargen min, luskar mindre inspirerande ut bakvegen nokre rundar seinare. Slett ikkje, dei er der framleis, og er like utkrope fengande, og like vemodsfullt vakre som då dei kom.
The Stage Names gjer inntrykk av å vere Okkervil River si mest sofistikerte og arrangerte plate. Samstundes som eg opplever at den kanskje har eit vel så laust og luftig vesen som det deira tidlegare verk kan skilte med. Ja er dei ikkje litt meir leikne tru? Litt meir på veg til fest og lått? Men ikkje utan at dei byrdefulle kjenslene og sjela sine mørkare krokar slår følgje. Seriøst følgje. Og få er det i dag som gjer uttrykk for slikt med like intens bravur som Okkervil River sin songar og låtskrivar Will Sheff. Han er over songen, han er i songen, ja han er songen. Songar og skildringar som denne gongen er plassert på meir nåtidige scener. Livet som ein sveitt og rotlaus, men også glorifisert, rock’n roller på veg frå by til by dukkar opp som tema i fleire av låtane. Eit liv som vert både feira og forbanna. På ei plate definitivt verdt å feire.

1.The National – Boxer

Ja slik er det. Den subtile New York-kvintetten har levert årets beste i år også, akkurat som i 2005. Det finst meir enn ein grunn til det.
Matt Berninger er ein av dei mest eigenarta rockepoetane som har komme til etter årtusenskiftet. Tematisk kan vel det han har føre seg neppe kallast originalt. Det handlar om relasjonar på randen av undergang, kanossagang eller til nød på veg mot ein ekstraomgang. Han gjer det imidlertid med særdeles låg klisjéfaktor, høg fintefaktor og ein lakonisk poetisk klang.
Men The National er ikkje berre Berninger. Bandet er også brødreparene Dressner og Devendorf. Og dei gjer absolutt sitt for at deira fjerde album blir den vinnaren det er.
Over tolv rundar prøver aldri The Boxer å få inn det eine avgjerande støyte, i staden flyr, flyt og dansar den rundt i ringen på raffinert vis. Den lener seg mot taua. Den stiller seg for slag. Den blør. Den reiser seg. Den får inn ein hook, og ein til, og ein til. Det er til å bli sveitt av. Det er til å miste pusten av. Det vert aldri slått i tomme lufta. Det vert aldri spelt ei unødig note. Den dansar bakover, sidevegs og framover. Den fintar og den dukkar. Den er upretensiøse og raffinerte. Den er ikkje til å bli heilt klok på. Men idet gongongen går for siste gong har den prikka inn så tett med melodiske vinnarar og sitatfreistande linjer at det sjølvsagt ikkje kan bli noko anna enn ein einstemmig og overlegen poengsiger.


Så skulle eg nokre månader etter at året var omme oppdage Elisabeth Cook si friske plate Balls. Det er eg glad for.

Musikalsk årsoppgjer for 2004

Standard

Endå eit år er kome til sin ende, og det er tid for den særdeles viktige oppsummeringa; Årets beste plater. Skjønt den med tanke på kva som skjedde 26. desember i det Indiske hav, fortonar seg som ein mikroskopisk bagatell.

Etter nærare ettersyn vart eg sitjande att med drøyt 20 album som eg syntes fortjente plass på lista (så det må ha vore eit brukandes år). Her på Groove skal ein imidlertid ned i 10 stykk, så derfor var det berre å setje i gang og kutte ytterligare ned på antallet.

Desse 12 vart ein etter ein, og nokså ufortent fjerna frå lista:
The Gospel Of Progress – Micah P. Hinson
Rejoicing In The Hands – Devendra Banhart
The Graceful Ghost – Grey DeLisle
Cathedral – Castanets
Winged Life – Shearwater
Escondida – Jolie Holland
Amasskoul – Tinariwen
Stories Under Nails – Ben Weaver
Great Lake Swimmers – Great Lake Swimmers
Favourite Colours – The Sadies
Franz Ferdinand – Franz Ferdinand
Seven Swans – Sufjan Stevens

Ingen norske altså, korkje blant desse eller dei ti ”heldige” vinnarane. Men både Tussler, William Hut, Euroboys og nokre til har levert solide saker.

Så til dei ti utvalgte:

1. A Ghost Is Born – Wilco
Etter eit meisterstykke kjem ofte eit antiklimaks. Yankee Hotel Foxtrot var eit meisterstykke, men A Ghost Is Born er ikkje eit antiklimaks. I staden serverer Wilco nok eit meisterstykke, og tek samstundes eit skritt vidare på si innovative oppdagarferd i rock-universet. Albumet skil seg frå forgjengaren først og fremst med å redusere på mengden av synthbaserte og maskindrevne lydinnfall. Bildet er meir jordnært og varmt, enn dei noko bistrare og eksotiske strekane bandet farga (med magnetisk kraft) forrige gong. Fortsatt skuer Tweedy og hans medsamansvorne villig inn på uutforska territorier. Men aldri gjer dei slikt for å være sære, vanskelige eller pretensiøse. Her er ingen fakter og tull og tøys, berre pur kjærleik til musikken. Og sjølv om bandet er eit prosjekt i stadig endring har dei også sin lett gjenkjennelige signatur. Den står skreven der, innimellom den store handlefridom, dei lettbeinte utfluktene, den dempa uroen, og det åpne minimalistiske bildet, bakom Tweedy sine resignerte men sjelfulle vokale avleveringar, i hjarta av hans låtskrivarkunst.
Han avsluttar albumet med å hevde at; ”the best songs will never get sung”.
Sjølv om den påstanden kan virke nokså kategorisk trur eg det er nett desse songane, dei beste, dei usungne, Tweedy og hans Wilco heile tida jaktar på. Og dei tolv han har fanga denne gongen, og gjeve ein sonisk fødsel i ei mangefarga spøkelsesdrakt må då komme veldig nær nett slike skussmål.

2. Aw Cmon / No You Cmon – Lambchop
Eit dobbeltalbum eller to separate album? Det kan egentlig være det same. Det viktigaste er at Kurt Wagner og hans kollektiv fortsatt viser at dei er totalt immune mot å prestere likegyldige og daffe tone-framstøt. I forhold til dei seinare utgjevingane og spesielt den ekstraordinært sordinerte Is A Woman, har dei denne gangen retta opp ryggen og sett seg litt lenger fram på stolkanten. Dei talrike instrumentalistane har fått tildelt ei meir dominerande sonisk rolle, og overdøyver rett som det er Kurt sin vokal. Like fullt, det er herr Wagner som styrer vogna fortsatt. Med vokale tonar henta frå eit djupare bass territorium enn nokon gong før, smyg han seg rundt blant eit rikt antall meisterlige komposisjonar. Ja Aw Cmon / No You Cmon står faktisk fram som bandet sitt mest varierte og rikast fasetterte framstøt til nå, og er eit oppkomme av storveges Lambchop-klang. Litt annleis, men likevel kjent og kjært.

3. Chutes Too Narrow – The Shins
Denne kom opphavleg ut i oktober 2003, men fekk først i mars 2004 sin offisielle release i Norge. Og sidan det først var då den nådde mine øyregangar, blir den med på årets liste.
Frå dei lynsnart klappar sakene i gang, tett fulgt av eit kvikt ”woooh” på Kissing The Lipless, blir ein teken med på ei ferd inn i ei fargerik verd, der heftige hooks og briljante tonar presenterer seg i så tett ordning at ein aldri klarer å tørke vekk det fornøyde gliset før lenge etter at siste plystre-tone i avslutningssporet har lagt seg til ro. Tru likevel ikkje at dette er eit ”kjekt i dag gløymt imorgon opplegg”. Melodilinjene til The Shins har både substans og varig dynamisk kraft, og fylgjer slett ikkje alltid den aller mest opplagte ruta. Tekstane er glede, smerte og angst i eit surrealistisk fellesskap. Tilsaman er seansen den friskaste omgangane med tradisjonell popmusikk slik Beatles lærte oss den sidan The La’s kom vandrande utav Liverpool sine bakgater i 1990 (og forsvant like fort tilbake).

4. Dogs – Nina Nastasia
Endå eit album som eigentlig ikkje tilhøyrer 2004 årgangen. Dogs er Nina Nastasia sin debut, og fant vegen ut til publikum for første gong ved inngangen til dette årtusenet. Det gjorde den i eit svært begrensa antall (2000 eksemplar). Og har sidan vore umulig å finne for oss som fant fram til Nina si verd seinare. I år har den blitt trykt opp på nytt, og takk for det.
Nina er ein sjeldan fugl. Ein singer/songwriter med sterke låtar, personleg stemme og ein original innfallsvinkel. Ei dame som ikkje skuar i retning vedtatte normer for låtoppbygging, som tør å leve litt på sida av det gjennomsnittlege og sjølvsagt vinn mykje på det. Først og fremst fordi dei ulike angrepsvinklane ho nyttar seg av, gang på gang skapar praktfull dynamikk. Der ute på kanten, der det nennsomme rett som det er blir utfordra av det desperate. I det eine augeblikket kjempar ho mot lumske kastevindar, i det neste lener ho seg tilbake ei stille morgonstund, for så kanskje like etter å vitje skuggane i skumringstimen. På det tekstmessige plan er det vel sistnemnte tilstand som oftast blir frekventert. For Nina lar oss ofte møte kvinner og menn som stirar katastrofen i augene, som har eit hjarta innkapsla av bitande og angstfylte gifttrådar, som har mista grepet på tilværet, og der utfallet sjeldan ser ut til å bli av det gode.
Steve Albini har produsert, og lar Nina være i sentrum. Det er minimalistisk, usminka, vakkert og forførande.

5. Abattoir Blues / The Lyre Of Orpheus – Nick Cave & The Bad Seeds
Det er ein del år sidan no at det verkeleg slo gnistar rundt Nick og hans medspelerar. Ti år for å være nøyaktig. Med årets dobbelutgåve har mannen funne tonen igjen. Spelet er det same gamle velkjente, sjølv om det nok ikkje er like frenetisk og overoppheita som i mannen sine yngre dagar. Men det han skulle mangle av dristige utspel tar han igjen i smart struktur, sterk melodikk og generell rutinert faenskap.
Det kanskje dårligaste frøet av dei alle Blixa Bargeld har tatt farvel med laget. Men når den villaste katten har reist sin veg, tek dei andre til å frese litt ekstra. Kanskje skal dei innbudte gjestene frå London Gospel Community Choir og deires vitale og elegante sangglede få litt av skylda for det flotte resultatet også.
To innhaldsrike rundar med høgoktan gospel, inspirert blues, monumentale raid, flørting med poptonar, lumsk lusking, sakrale hymner samt omskriving av ein gresk tragedie.

6. Funeral – The Arcade Fire
Prisen for årets debut går til denne sekstetten frå Montreal. Ekteparet Regine Chassagne og Win Butler leiar an ei ferd rik på vanedannande musikalske opptrinn. Det går an å gjere det enkelt for seg og nemne Talking Heads, Gang Of Four, Flaming Lips, Pixies, Roxy Music og fleire andre, men Arcade Fire er meir enn summen av alt dei liknar litt på. Arcade Fire har med utgangspunkt i det som har blitt utvikla tidlegare meisla sitt eige uttrykk. Med mot, eit ope sinn samt eit arsenal av instrument skaper dei eit mangeslungent uttrykk, som spenner frå det overveldande via det kvilelause og febrilske til det tandre. Med ein fabulerande og undrande, av og til nesten naiv, innfallsvinkel oppdagar hovudpersonane i låtane deires eit nabolag og ein verden av løgn, smerte, lengsler og død. Det kunne blitt over toppen og patetisk, det blir glødande, vakkert og uimotståelig.

7. Trampin’ – Patti Smith
Trampin’ femner om eit breidt register, frå den skjøraste tone til dei mest infernalske raid. Frå personlege nedteikningar til sterke politiske og dagsaktuelle ytringar. Frå romantiske forestillingar via pretensiøst ordgyteri til kraftfulle utsegn, rikt krydra med fabelaktig surrealisme og vakre lyriske bilder. Det sentrale øyeblikket er like fullt det kraftfulle rittet Radio Baghdad. Tolv minuttar som er både dagsaktuelle og evigvarande. Tolv minuttar vekslande mellom sang, deklamering, kviskring og høglydte sukk. Tolv minuttar med same intense nerva vi fant i klassiske rock’n roll rekviemer som Land, Gloria, Radio Ethiopia og Rock’n Roll Nigger. Tolv minuttar med eit heilt anna verdensbilde enn den amerikanske administrasjonen. Tolv minuttar som får meg til å minnast kvifor eg tok til å elske Patti Smith, ein gong i det forrige årtusen.
Mykje bra blant dei resterande kutta også, både blant dei sakrale balladane og dei drivande rockenummer. Trampin’ er kort fortalt det beste dama har gjort sidan Easter, ein gong i det forrige årtusen.

8. Love Songs For Patriots – American Music Club
For ti år sidan var det stopp, gjengen som hadde gjeve oss California, Everclear og Mercury gjekk kvar sin veg. No har den vegen endelig ført dei saman igjen, og her presenterer Eitzel og hans klubbmedlemmer tretten låtar og ein time i velkjent AMC fasong. Det betyr musikk vaklande mellom dei varaste tonar og el-gitar feedback, forstyrra bassgangar, og anna glødande grums. Musikk som er free folkrockin’ nedover ein grusveg få andre tør følgje, men som hentar inspirasjonen frå store deler av det amerikanske musikk kartet; rock, folk, blues, country, jazz.
Frå sitt skeive hjørne har Mark Eitzel stadig noko å melde, både som sjelegranskar og som skildrar av meir politisk karakter. Og sjølv om det er livet sine mørkare irrgangar som oftast blir granska, og samfunnsynet hans er heller pessimistisk, så viser han på Love Songs For Patriots at han og har eit lite lyst glimt innerst i augekroken.
Årets comeback, og eit nytt kapittel i AMC sine makelause bulletiner frå dei skrå breidder.

9. Blueberry Boat – The Fiery Furnaces
Med utgangspunkt i søskenparet Friedberger sin interesse for The Who sine rock-opera tilfeller A Quick One (While He’s Away) og Rael legg Blueberry Boat til land med ei musikalsk last fylt til randen (eller kanskje helst over randen) av fargerike, fantasifulle og smått infame soniske påfunn. For sjølv om The Fiery Furnaces drikk av kjelder også andre har forsynt seg frå, ser det ut som effekten blir noko annleis når dette amerikanske søskenparet får stoffet innabords. Allereie på sitt friske og vindskeive debutalbum Gallowsbird’s Bark, frå i fjor, framstod dei som noko litt for seg sjølv. Men klarer likevel å plassere seg endå nokre hakk lengre vekk frå normal folkeskikk her på oppfølgjaren. Med tonar hente frå ulike hjørner av rockehistorien, cabaret-formen, musikalar, spenstig folk og …. tja, litt av kvart igrunn, serverer dei ein ordrik, vanvittig og surrealistisk seanse, vel verdt å få med seg.

10. Antics – Interpol
Med ein debut bak seg som fullt fortjent fekk mykje godord for sitt mørke og suggestive vesen, kan det ikkje ha vore berre lett å forme oppfølgjaren. Dei mest slåande endringane i forhold til debutskiva er at Paul Banks sin vokal er plassert lengre fram i bildet, tonen kan virke litt lysare, og ein del av låtane viser seg å ha kvaliteter i retning popdrops-lende. Slik blir dette noko litt anna, men og ei plate som har minst ein fot trygt plassert innafor det same feltet dei dreiv rundt på sist.
Bandet sin tone har stadig sine tydelige likhetstrekk med britiske new wave aktørar som Joy Division, The Sounds og Echo & The Bunnymen, men er fyldigare og meir velkledd. Det er tøft det er coolt det er stillstand i møte med eksplosivitet, det er smarte taktskifter og eggande rytmegangar, og på toppen av det heile injiserer dei stoffet med særdeles velutvikla dosar tiltalande melodilinjer.

Og når vekene, månadane og åra no har gått ser eg sjølvsagt at desse platene også burde ha vore nemnt, og kanskje til og med blitt tildelt atskilleg med skryt, i denne samanhengen:
The Walkmen – Bows + Arrows
Dungen – Ta Det Lungt
Devendra Banhart – Nino Rojo
Iron & Wine – Our Endless Numbered Days
Black Cab – Altamont Diary

The Shins – Chutes Too Narrow

Standard

Ein 34 minuttar fyldig popdropspose med 10 utsøkte smakssamansetningar til å suge lenge og fornøyd på.

cover  Albuquerque, New Mexico. I musikk-samanheng absolutt ingen sentral stad. Strengt tatt er det berre to musikkrelaterte saker eg forbind med byen; 1. den sangen på Tonight’s the Night (Neil Young), 2. det er den andre byen den forsmådde ektemannen i By the Time I Get to Phoenix passerer. Nå har eg eit tredje punkt. For som ein del sikkert har fått med seg var det her den fantastiske popkvartetten The Shins fant saman.

No har dei visstnok flytta hovedkvarteret sitt til Portland, Oregon. Men viktigare, gjengen er klar med si andre plate under signaturen The Shins (dei har ei utgjeving også under namnet Flake Music, frå 1997). Og ankomsten til Chutes Too Narrow, som albumet heiter, er blitt ledsaga av rimelig store ovasjoner i indiepop-kretsar, ovasjoner som etterkvart også har nådd heilt fram til desken i norske dagsaviser.

Bandet debuterte i 2001 med albumet Oh, Inverted World. Og frå å være ein liten løyndom for dei få, vaks albumet seg gradvis utav kult-statusen. Dermed måtte dei plutselig også stå til rette for «ungdomssyndene» sine (McDonalds har nytta ein av låtane deira i reklamesamanheng). Slikt vil jo ofte føre til vraking hos den jevne indie-rockar, men det kan virke som om at James Mercer og hans menn har komme heilskinna frå det.

Chutes Too Narrow kom egentlig ut i oktober 2003, men fekk først i mars 2004 sin offisielle release i Norge. Og dei har denne gongen lagt til sides mykje av den lyseblå psykedeliaen som er ein viktig del av Oh, Inverted World. For sjølv om dei ikkje alltid fylgjer den mest opplagte popløypa på Chutes Too Narrow heller står denne fram i ei noko meir kompakt og konvensjonell poprock-drakt enn debuten. Men, vil eg påstå, den kan smykke seg med endå sterkare låtar.

Ja, her snakkar vi faktisk om ein av dei friskaste omgangane med tradisjonell popmusikk slik Beatles lærte oss den, sidan The La’s kom vandrande utor Liverpool sine bakgater i 1990 (og forsvant like fort tilbake). Som det høver seg slik musikk, stappar ein ikkje CDen full. Istaden blir vi tilbudt ein 34 minuttar fyldig dropspose med 10 utsøkte smaks-samansetningar til å suge lenge og fornøyd på.

Sjølv om vi har høyrt liknande tonar mange gonger før, har eg ingen problem med å hevde at The Shins gjer sin personlige og originale vri på tinga. Frå dei lynsnart klappar sakene i gang, tett fulgt av eit kvikt «woooh», på Kissing the Lipless, blir ein teken med på ei ferd inn i ein fargerik verden, der heftige hooks og briljante tonar presenterer seg i så tett ordning at ein aldri klarer å tørke vekk det fornøyde gliset før lenge etter at siste plystre-tone i nennsomme Those to Come har lagt seg til ro. Sjølvsagt klarer ein ikkje å sitte still, sjølvsagt jobbar både knipsefingrane og beina overtid, og sjølvsagt byr ein både seg sjølv og andre opp til lettbeinte rørsler. Men, og dette er viktig, The Shins er meir enn lettbeint popmusikk. For som nemnt, melodilinjene på Chutes Too Narrow fylgjer ikkje alltid den aller mest opplagte vegen, og småskrudde innfall, rett nok særdeles utvungent og naturlig håndtert, krydrar lydbildet i ny og ne. Slik oppnår dei å klistre lyttaren fast til låta umiddelbart, samstundes som dei unngår at nokon skulle finne på å gå lei før det har gått minst ein evighet.

Det er for øvrig ikkje berre tonekartet som har djupn her, James Mercer sin pop-poesi har og absolutt litt meir å fare med enn kva den gjennomsnittlege pop-snekker brukar å ha på lur ned i skuffa si. Her er både glede, smerte og angst i eit surrealistisk fellesskap. Og meir enn nok å bite i til eit uttal gjennomhøyringar. Slik får desse smarte og tilsynelatande bekymringslause melodilinjene eit verdifullt incitament av både uro og melankoli.

«and secretly I want to bury in the yard the grey remains of a friendship scarred». Edgar Allan Poe? Vel, kanskje ikkje heilt, men James Mercer manifesterer, ved fleire høve her, at han har ei utsøkt poetisk nerve inne. Linja over er henta frå det perfekt oppbygde og smertelige vesle pop-eventyret Kissing the Lipless. I første vers ligg Mercer sin vokal nedpå og heilt i front, så, idet nemnte linje er sunget ferdig byrjar brått korte brunstige el-gitar riff å varsle om at noko er på gang, og det som er på gang er eit ljomande refreng der Mercer flyktar den vemodige lyrikken sin opp i langt høgare tone-sfærer. Slik skaper ein akselererande dynamikk folkens. Betre enn dette blir det ikkje, men du verden så nære dei kjem nokre gonger.

Mercer sin innsats som sangar så vel som gitarist og låtskrivar er nok det sentrale og berande elementet plata igjennom. Som når han fortsetter blant høge oktavar, og lar gitaren både ringe og springe i kraftfulle So Says I. Eller er meir nedpå i folkpop perler som Mine’s Not a High Horse og Young Pilgrims, sistnevnte med eit litt udefinerbart slektskap til XTC sine Skylarking-dagar.

Forhold som tru, skyld, kjærleik og svik står sentralt i sakrale og fiolin-draperte Saint Simon, ein sak som i melodiføring sikkert kan finne sine åndsfrendar vandrande rundt med ein Rubber Soul langs 16 Lovers Lane. Medan den vemodige balladen Pink Bullets låner litt småtteri frå The Who-låta Behind Blue Eyes.

Energiske Fighting In a Sack hentar gnisten sin frå nokre av dei samme jaktmarkene som canadiske The New Pornographers har søkt rundt i. Turn a Square på si side er dreven av ein energi henta frå eit shiffle-liknande gitarjag. Og før dei når finalen tar dei og ein tur innom steelgitar-draperte country-tomter. Nydelige Gone For Good er klassisk countryrock om defekte følelsar, lengsel og einsemd; «I find a fatal flaw in the logic of love».

Så har ein ikkje denne allereie klargjort for sesongens sommartallerken, er det berre å utvide menyen.

9/10

Først publisert på Groove.no (i 2004)