Tag Archives: Radical Face

Musikalsk årsoppgjer for 2007

Standard

Joda, det vart gjeve ut ein del bra plater i 2007 også. Eg har heilt sikkert ikkje høyrt alle. Men i alle fall nok til at eg har klart å sette saman ei liste med ti album eg med handa på hjerta kan seie inneheld mykje god musikk. I tillegg ligg det fleire og vaker like under, desse kunne sikkert ved eit anna høve om ei veke eller sju ha erstatta nokre av dei som til slutt vart valt.

Det gjeld album som:
The Sadies – New Seasons
Phosphorescent – Pride
Yeasayer – All Hour Cymbals
P.J. Harvey – White Chalk
Sarabeth Tucek – Sarabeth Tucek
Nina Nastasia & Jim White – You Follow Me
Robert Plant & Alison Krauss – Raising Sand
Andrew Bird – Armchair Apocrypha
Blanche – Little Amber Bottles
Grinderman – Grinderman
Black Cab – Jesus East
Wilco – Sky Blue Sky
Dungen – Tio Bitar
Oakley Hall – I’ll Follow You
The Bees – Octopus

Av norske utgjevingar, skulle i alle fall desse vere verdt å nemne:
Salvatore – Days of Rage
Valkyrien Allstars – Valkyrien Allstars
Texum – Different Strokes For Different Folks
The Lionheart Brothers – Dizzy Kiss
Arve Henriksen – Strjon
I Was a King – Loosing Something Good For Something Better

Så over til dei ti eg landa på:

10.Battles – Mirrored

Musikk oppstår aldri utan å ha ei forankring i noko som har vore der før. Heller ikkje Battles. Men dei er no likevel noko for seg sjølv. Der dei miksar suggererande elektronisk framdrift med rock-riff, jazzige glimt, sugande rytmar og ein forvrengt vokal som har trakka ned fleire dusin smurfar på sin veg fram i lyset. Og Atlas har vel alt som skal til av slikt for å kunne gå av med sigeren i kåringa ”årets mest vanedannande låt”.

9.Radical Face – Ghost

Radical Face er Ben Cooper. Ghost er det andre albumet hans. Det ber sitt namn med rette. Den grunnleggjande tanken til Cooper denne gongen var å skape noko kring ideen om at eit gammalt hus har ein historie. Ein historie saman med menneske. Så kva om huset sine veggar kunne fortelje sin historie? Kva om menneska som har levd i huset no bur i veggene, eller under golvplankane?
Det skikkelig storarta er at i dette knirkande, dunkle og atmosfærekallande opplegget dukkar det fram den eine flotte popsongen etter den andre. Litt for like i både puls og tone er det kanskje nokon som vil hevde. Sterkt forførande i både puls og tone hellar nok underteikna ganske så kraftig mot å hevde.

8.Animal Collective – Strawberry Jam

Eg skal innrømme at eg ved tidlegare høve har opplevd Animal Collective som eit litt i drygaste laget merkverdig tiltak. Der rare påfunn stundevis har vore på kollisjonskurs med groovy framdrift og det melodiske prinsipp. Denne gongen derimot finn eg brygget deira særdeles velsmakande. Skarpt, røft og hasardiøst. Javisst. Men det yppale groovet vik aldri ein tomme og den melodiske tone gøymer seg aldri for lenge bak atonale påfunn. Strawberry Jam forever.

7.Panda Bear – Person Pitch

Noah Lennox snik seg av og til bort frå det noko ustyrlige Animal Collective, kler seg i pandadrakt, og serverer tonar av ein noko meir yndefull karakter. Person Pitch er ein suggererande og surrealistisk popsymfonisk draum henta utav eit landskap der Brian Wilson sine idear flyt rundt på ei dunlett men ikkje heilt ufarlig sky. Ei rekke av subtile påfunn flyt saman til eit dynamisk heile, og blir til ein mektig, mangestemt og vidunderlig vakker popkollasje.

6.The Shins – Wincing The Night Away

Vegen inn til dei skinande poptonane er smalare denne gongen. Den tredje gongen. Litt farga av natta dei prøver å røske bort. Litt farga av psykedeliske undertonar. Litt farga av eit noko meir intrikat vesen. Men dei er der. Og dei skin. Frå Sleeping Lessons til A Comet Appears. Og James Mercer syng minst like overtydande som han har for vane å gjere. Så derfor blir det også denne gongen ei flott plate, frå eit gnistrande band.

5.Corrina Repp – The Absent and the Distant

Eg oppdaga Corrina Repp i 2007. Det er eg glad for. Mark Kozelek oppdaga ho før meg, og gav ut denne plata på sin eigen label.
Det er ikkje så vanskelig å skjøne kvifor Kozelek falt for denne dama. The Absent and The Distant hentar sine tonar og sin stemning frå dei same dunkelt opplyste kveldstimar som Kozelek sjølv har for vane å rote seg inn i. Dvelande rundt, og midt i, eit folksy uttrykk syng Corrina Repp om sjelelige plager og strevet med å halde seg flytande. Stemma hennar har sitt slektskap med soniske medsøstrer som Cat Power, Nina Nastasia og Julie Doiron. Men det er ikkje noko ein skal henge seg altfor mykje opp i, og i alle fall ikkje bruke mot henne. Ho viser seg nemlig å vere noko meir enn ei i mengda.
Eit sinnbilde som står sentralt i mi oppleving av denne plata, er sinnbildet av eit stort og dunkelt opplyst rom. Månelyset prøver å trenge gjennom nokre sprekkar i tak og vegger, og ei 40 watts lyspære sukkar medtatt og blå bakom ein haug med rusta jern. Anar eg havet utafor? Eg trur det er varmt utafor. Det er klamt innafor. Det dryp. Pianodråpar fell mot klangfullt underlag. Pianotårer fell på steingrunn.
I sanning eit kjærkome funn.

4.Ben Weaver – Paper Sky

Det er som kjent ikkje berre himmelen som er laga av skjørt material. Livet i seg sjølv er jo også ein svakt armert konstruksjon. For ikkje å snakke om illusjonane vi fyller det med, og kjærleiken vi krydrar det med, og hjerta som prøver å halde det heile i gang. Så derfor sit han der då, den einsame trubadur, og prøver å ”draw with black on black”. Det er definitivt ikkje alle som får slikt til. Men Ben Weaver får det til. Kanskje fordi han har denne røffe og uforfalska røysta? Kanskje fordi han har spora opp tonar som slett ikkje høyrest nye eller originale ut, men som er sterkt medrivande, og som brenn? Eller kanskje fordi han har eit skarpskodd instinkt for å handtere ord?
Ein kan verken sonisk eller tematisk skulde Weaver for å operere innafor eit vidtfemnande eller grensesprengande territorium. For sjølv om det er nokre desibel som skil den nennsame haustvisa In November og den nesten Crazy Horse harvande Geisha så har dei begge grodd fram på den same americana-enga der Weaver ruslar rundt og plukkar sine tonar. Med låtane han fyller Paper Sky med, set Weaver sine spor der han også. Definitivt.

3.LCD Soundsystem – Sound of Silver

LCD Soundsystem vil ha oss opp av indiestolen og ut på dansegolvet. Ikkje golvet der plastikkrytmane rår, men eit anna eit, der staffasjen og narrespelet må vike for innhald og groove. LCD Soundsystem er eit funky punky tiltak der forførande rytmar og uimotståelige melodilinjer svingar seg saman i siamesisk skapnad. Smart, tøft og heitt, og med store deler av rockehistoria klistra tett til ryggraden.
På sin debutsingle Losing My Edge frå 2002, namnedroppar LCD Soundsystem sitt alter ego James Murphy ein heil drøss av artistar som har inspirert han til å gjere det han gjer. Frå Can og Lou Reed via Gil Scott Heron til Daft Punk. Det doble sjølvtitulerte debutalbumet som kom nokre år seinare var eit viltveksande oppkomme av spenstige idear og fabelaktige låtar.
På sitt nyaste framstøyt flyttar han lydsystemet sitt eit par sølvkanta steg i popmotorisk retning. Det har definitivt ikkje gjort han mindre inspirerande å frekventere. Lada med rytmisk kåtskap, hooks og melodisk vellyst er så definitivt Sound Of Silver lyd som skin. Her fresar han mot sit eige heimland i råheftige North American Scum, miksar Neu og episk rock på sterkt vanedannande vis i All My Friends, og avsluttar med ei særdeles minneverdig ode til heimbyen sin i New York, I Love You But You Bringing Me Down.
Til å bli sterkt oppspelt av.

2.Okkervil River – The Stage Names

Der Okkervil River sitt førre album Black Sheep Boy ikkje slapp lyttaren inn på seg utan ein viss motstand opnar The Stage Names døra med det same. Utan at alt dei har by på vert avslørt av den grunn, her er for mange rom til det. Og utan at desse tonane, som så raskt finn beinvegen inn i ryggmargen min, luskar mindre inspirerande ut bakvegen nokre rundar seinare. Slett ikkje, dei er der framleis, og er like utkrope fengande, og like vemodsfullt vakre som då dei kom.
The Stage Names gjer inntrykk av å vere Okkervil River si mest sofistikerte og arrangerte plate. Samstundes som eg opplever at den kanskje har eit vel så laust og luftig vesen som det deira tidlegare verk kan skilte med. Ja er dei ikkje litt meir leikne tru? Litt meir på veg til fest og lått? Men ikkje utan at dei byrdefulle kjenslene og sjela sine mørkare krokar slår følgje. Seriøst følgje. Og få er det i dag som gjer uttrykk for slikt med like intens bravur som Okkervil River sin songar og låtskrivar Will Sheff. Han er over songen, han er i songen, ja han er songen. Songar og skildringar som denne gongen er plassert på meir nåtidige scener. Livet som ein sveitt og rotlaus, men også glorifisert, rock’n roller på veg frå by til by dukkar opp som tema i fleire av låtane. Eit liv som vert både feira og forbanna. På ei plate definitivt verdt å feire.

1.The National – Boxer

Ja slik er det. Den subtile New York-kvintetten har levert årets beste i år også, akkurat som i 2005. Det finst meir enn ein grunn til det.
Matt Berninger er ein av dei mest eigenarta rockepoetane som har komme til etter årtusenskiftet. Tematisk kan vel det han har føre seg neppe kallast originalt. Det handlar om relasjonar på randen av undergang, kanossagang eller til nød på veg mot ein ekstraomgang. Han gjer det imidlertid med særdeles låg klisjéfaktor, høg fintefaktor og ein lakonisk poetisk klang.
Men The National er ikkje berre Berninger. Bandet er også brødreparene Dressner og Devendorf. Og dei gjer absolutt sitt for at deira fjerde album blir den vinnaren det er.
Over tolv rundar prøver aldri The Boxer å få inn det eine avgjerande støyte, i staden flyr, flyt og dansar den rundt i ringen på raffinert vis. Den lener seg mot taua. Den stiller seg for slag. Den blør. Den reiser seg. Den får inn ein hook, og ein til, og ein til. Det er til å bli sveitt av. Det er til å miste pusten av. Det vert aldri slått i tomme lufta. Det vert aldri spelt ei unødig note. Den dansar bakover, sidevegs og framover. Den fintar og den dukkar. Den er upretensiøse og raffinerte. Den er ikkje til å bli heilt klok på. Men idet gongongen går for siste gong har den prikka inn så tett med melodiske vinnarar og sitatfreistande linjer at det sjølvsagt ikkje kan bli noko anna enn ein einstemmig og overlegen poengsiger.


Så skulle eg nokre månader etter at året var omme oppdage Elisabeth Cook si friske plate Balls. Det er eg glad for.

Radical Face – Ghost

Standard

Ein vital popdans blant spøkelse og ugode minner.

8

cover

Kor radikalt fjeset, eller skal vi heller seie det musikalske uttrykket, til 24 år gamle Ben Cooper er, kan nok diskuterast. Nei forresten, det trengst ikkje diskuterast, det er ikkje radikalt. Det har som dei fleste fjes, eller skal vi heller seie musikalske uttrykk, tydelige likskapar med mange andre. Av desse andre snakkar vi i denne samanhengen først og fremst om ein del artistar som av meir eller mindre uforståelige årsaker blir plassert i den altfor digre og særdeles diffuse indiepop-båsen. Tre eg skulle tru kunne ha ein viss retningsgjevande funksjon i så måte: The Shins, Rogue Wave og Sufjan Stevens.

For eit år sidan agerte Ben Cooper under ein annan vignett enn Radical Face. Då kalla han seg Electric President. Det vil seie, han var ikkje heilt aleine om å ta på seg den rolla. Han hadde ein visepresident ved sida av seg, Alex Kane. Saman lagde dei albumet s/t, eit poporientert album der computerar og synthetiske maskiner var dei mest sentrale lydgjevande kjeldene. Det var duoen sitt debutalbum.

Radical Face er eit prosjekt Ben Cooper driv ganske så aleine. Ghost er det andre albumet. Det ber sitt namn med rette. Den grunnleggjande tanken til Cooper denne gongen var å skape noko kring ideen om at eit gammalt hus har ein historie. Ein historie saman med menneske. Så kva om huset sine veggar kunne fortelje sin historie? Kva om menneska som har levd i huset no bur i veggene, eller under golvplankane?

I Cooper sitt vesle private studio i Jacksonville, Florida har ideen blitt til tre kvarter med stemningsrik, vemodig og vakker popmusikk. Men ikkje av typen knitrete og underprodusert lo-fi. Gitar, piano og handklappa rytmikk dannar utgangspunktet, fleire andre lydberande kjelder får vere med, frå banjo via keyboards til synthetiske strykarar. Tidvis bygger Cooper låtane sine mot ganske så ruvande og omfamnande høgder, men utan å vere i nærleiken av å bli svulstig.

Kall det gjerne eit konseptalbum. Sjølv vel eg å tenke på det som 11 soniske noveller som har visse kontaktpunkter med kvarandre. I første rekke ved at den eg-forteljande hovudpersonen er den same i alle (trur eg i alle fall), og at alle føregår i eller i nærleiken av spøkelseshuset.

I det tekstlause opningssporet Asleep On a Train illustrerer jamne trekkspel-tonar pusten til ein sliten vandrar på veg heim. Nennsame pianotonar, lengtande nynning og feltopptak av toget sin monotone rytme fyller ut eit fredfullt bilde. Forskjellige feltopptak er eit viktig element i og rundt alle spora på albumet. Og då spesielt for å skape bilde av dørar som opnar og lukkar seg, golvplankar som ikkje ligg i ro, og vegger som lever.

Det skikkelig storarta er at i dette knirkande, dunkle og atmosfærekallande opplegget dukkar det fram den eine flotte popsongen etter den andre. Litt for like i både puls og tone er det kanskje nokon som vil hevde. Sterkt forførande i både puls og tone hellar nok underteikna ganske så kraftig mot å hevde.

I det den heimvendte vandrar, bortkomne son og ustabile elskar stig inn døra slår det eit så rungande og Shins-flott «welcome ho-ho-ho-ho-ho-ho-ho-ho-ho-ho-me» imot han at det ikkje er det minste rart han finn seg ein stol og stotrar fram at no er tida inne for å «heal the scars from off my back, I don’t need them anymore». Han skal fort bli heimsøkt av minner som gjer at gro-vilkåra for både det eine og det andre såret nok ikkje blir dei aller beste.

«I closed my eyes and saw my father’s sins,
They cover me like a second skin,
I pealed them off and sure I bled a bit
But now I’m free to sink my own damn ship»

Det er banjo og strykarar og eit mantra som seier at «if blood is thicker than water, then Let the River In». Deretter fører Cooper oss taktfullt over i Glory. Den kanskje aller finaste låta her. Det er triumf og nederlag, sakralt og episk. Ein historie fortalt «at the rooftop’s edge». Med stort utsyn og himmelen som tak sit den namnlause hovudpersonen og prøver å gløyme. Rundt han, anar vi ei framtid i brann: Ei raud sol, ekkel røyk, og ein fugl i trøbbel «pleading for help I can’t provide».

Det er skralt med optimisme, og lite håp i sikte. Den heimvendte, og sterkt heimsøkte, skyt etter spøkelse og ser seg sjølv i ferd med å drukne Wrapped In Piano Strings. I lyset av ein døande måne syng han harmoni med eit spøkelseskor Along the Road. Til mørke og lengtande tonar sukkar han eit «we will fall apart with everything» i Sleepwalking. Og den evige søvnen har for alvor ramma huset sine bebuarar i avslutningssporet Homesick. Likevel er det noko i tonen, i Cooper si lyse røyst og i dei varme og tidvis rett så frodige arrangementa, som i det minste skaper ein illusjon av at ikkje alt håp reiste vidare med toget.

Så kan ein saktens seie at han leverer tett opp til kva ein del andre har gjort før han. Tre av dei vart nemnt innleiingsvis, og fleire kunne sikkert slått fylgje. Mellom anna synst eg, i namnet åt den mjuke og vennligsinna psykedelia, at det er noko Mercury Rev-aktig over Haunted? Og kan han ha hatt Love sin Red Telephone på øyra i første del av Winter Is Coming?

Uansett lån, likskapar og mangel på radikal originalitet, eg trivst skummelt godt i dette selskapet. Derfor er eg veldig glad for at Ghost låte akkurat slik den låte. Så får heller andre ta seg av å låte annleis.

Først publisert på Groove.no (i 2007)