«I am not in Kansas, where I am, I don’t know». Slik lyde refrenget her. Ja slik lyde første del av refrenget på det mest sentrale kuttet på The National sitt åttande studioalbum, I Am Easy To Find.
«Toto, I’ve a feeling we’re not in Kansas anymore» seier ei noko bekymra Dorothy, i filmen The Wizard of Oz, etter at ein tornado har frakta henne og hunden til ukjente territorium. Seinare er replikken blitt eit ordtak for det å hamne utanfor komfortsona.
Og det er vel akkurat det Matt Berninger vil ha fram i songen Not In Kansas. At han nå, akkurat nå, står midt i ei tid han ikkje kjenner seg komfortabel i. Han skulle nok ha takla det annleis. «Father what is wrong with me». Han skulle så absolutt hatt ballar til å smelle til ein Nazist.
Nei då var nok fotfestet langt betre i ei anna tid. Åttitalet til dømes. Han minnest ei Dylan-plate frå den tida, og ein Psychedelic Furs-låt, og aller mest REM («Begin the Begin over and over»). Det er eit spartansk orkestrert nummer. Nesten utan deltaking frå bandets hyperspirituelle trommeslagar Bryan Devendorf. Det er seks minuttar med songaren i hovudrolla. Ein song laga av enkle, men i mine øyrer særdeles tiltalande tonar. Tilsett eit lite framandelement. Ein annan song. Ein heilt annan song. Laga og spelt inn på nittitalet av nokre heilt andre. Eit obskurt avantpop-band kalla Thinking Fellers Union Local #282 (ja slikt noko går det også an å kalle eit band). The National har gitt tre damer i oppgåve å synge den delen av nummeret. Gail Ann Dorsey, Lisa Hannigan og Kate Stables. Desse tre damene, og andre damer dukkar opp i fleire av songane på albumet.
Eve Owen har ei minst like viktig vokalrolle som Berninger i eit anna sterkt nummer på plata, Where Is Her Head. Ein draumepopsong. Eterisk, hypnotisk, med den hyperspirituelle trommeslagaren Devendorf veldig påkopla. Det er han også når Rylan dukkar opp. Ein song som har vore med bandet i snart ti år, og blitt spelt live, men utan å ha blitt heilt ferdig. Før nå. Den kan nok kallast ein typisk The National-låt. Ein absolutt bra ein.
Albumet som så, kan vel i noko mindre grad kallast eit typisk The National-album. Det har altså alle desse kvinnerøystene. Det har eit noko meir eksperimentelt uttrykk. Er meir orkestrert og svevande. Er eit bra eit…men fleirtalet av album som bandet har gitt ut tidlegare vil eg hevde er betre.