Postpunkånda sitt urolige sinnelag har tatt ein fruktbar bustad i Ought. 8
Tre og eit halvt minutt inn i låta On the Line touchar Ought Gloria. Patti Smith sin Gloria. Bandet driv inn i den rytmiske oppbyggingsstrukturen til Gloria, og ein intens avslutningsseanse tar form. På sin måte, i sin tone, med eigne ord touchar Ought ein legende, Gloria, og skapar eit eldfullt rock’n roll augeblikk. Samstundes er det jo også slik at det kan hevdast at det er der dei høyrer heime, Montreal-kvartetten Ought. Hos Gloria, i New York, i 1975, og åra som fylgjer. Fram til 80-talet så vidt startar å spire. I selskap med Talking Heads, Television og The Feelies. Ja vel så mykje med desse som selskap som med Gloria. Men likevel der, i ånda og i tonen til det som skjedde på dei kantar på den tida. Og det er sjølvsagt heilt i orden.
Sun Coming Down er Ought sitt andre album, og er ikkje ein heilt annan dans enn debutalbumet. For det var jo der dei var då også. Då dei i fjor kalla plata si More Than Any Other Day og var veldig til stades. Til stades i seg sjølv, i augeblikket, og i dette punktet i musikkhistoria som dirrar tettare, meir kantete, meir nervøst, meir hektisk enn dei aller fleste punkt i musikkhistoria. Postpunk vert det ofte kalla no i ettertid (sjølv om det vel til dels levde ganske så parallelt med punken).
I tilfellet Ought handlar det oftast om få akkordar og stram rytmisk ferdsel. Langt meir over mot det minimalistiske enn mot det maksimalistiske altså. Utan at eg vil kalle dei einsarta. For låtane på plata, åtte i talet, skil seg i grunn veldig så greitt i frå kvarandre. Dei har eit slektskap, men eit eige både ytre og indre vesen.
Sentralt plassert finn vi den nesten åtte minuttar lange Beautiful Blue Sky. Ei ode til det vanlige livet. Og såleis passar det jo at det ikkje er noko ekstraordinært over låta. Den finn groovet sitt raskt, og driv og driv, ein veg, framover. Blir bygd med enkle middel. Gitaren knurrar litt meir nokre stader enn andre stader. Og elles? vel den veks, umerkelig, men den veks. Den er repeterande, men den er i utvikling. Songaren, Tim Darcy (den same Tim som siste heitte Beeler), som også er bandets gitarist, syng og snakkesyng om det vanlige, om flosklane, om det som gjentar seg og gjentar seg, til det kjedsommelige – «beautiful weather today … I feel alright … how’s the family? … how’s the job? … beautiful weather today». Om igjen og om igjen seier slike ting. Som ein tirade. Framoverlena, med ein tiltrekkande energi i diksjonen (litt som David Byrne i Once In A Lifetime). Fram til konklusjonen: «I’m no longer afraid to die, cause that is all that I have left». Og deretter to «yes», to verknadsfulle «yes». To fuktige stønn, eller sukk, av nokre «yes», før Darcy så hevdar at han heller ikkje lenger er redd for å danse, og fylgjer opp med to nye «yes», lystne «yes». Og så går låta sin gang, og slik går livet sin gang, og det funkar, Ought har klart å lage ei sterk låt utav det.
No er det vel også slik at det er nokon fleire musikkhistoriske tangentpunkter i det Ought har å by på enn denne femårs-epoken i New York. Ein kan jo til dømes hoppe nokre år fram, ikkje så mange rett nok, men nokre, og der står Sonic Youth og spelar gitt. Ikkje Men For Miles, for det er det Ought som gjer, no i 2015. Men har ikkje låta ei ilter og opponerande gitaråtferd i god Sonic Youth-ånd? Jo då, og det kler den. Den bevegar seg langs skuggelagte flater, og Darcy snerrar. «Excuse me, would you say there’s a chance of bringing this whole fucker down?» snerrar han, som ein Mark E. Smith, eller beatpoet, med blikket retta mot eit monument, på veg opp til monumentet, med tverre tankar, mot eit forløysande (om enn ikkje spesielt beroligande) refreng: «There were men for miles, There were men for miles, And doesn’t it just bring a tear to your eye».
Fullt ut melodiske kan Ought vere også. Dei er det i Passionate Turn. Ein song utan sonisk tverrskap, der tonane har eit rundare preg. Ein ballade som ikkje er nokon ballade, fordi det rytmiske har eit iherdig vesen. Sannelig om den ikkje minner meg litt om ein song eller fire av The National. For så vidt den minst typiske Ought-låta på plata. Utan at den fell mindre i smak. Ikkje mindre i smak enn den pågåande kranglete (The Fall-slekta) The Combo, eller det syresyrlige nestentittelkuttet Sun’s Coming Down, eller punkfunky og arty Celebration, eller no mercy-infiserte Never Better, eller …
Energi som riv og slit, som koplar på og koplar feil. Mørkesøkande og ikkje heilt ufarlig, men først og fremst livlig påkopla.