Eg er ein album-mann, men EP’ar kan også ha saker og ting å by på. Her er tre av det slaget. To av dei er lange til EP å være. To av dei er av norsk opphav. To av dei har ein link til Paul Simon. Alle tre er bra.
Ought – Once More With Feeling
Før Montrealbandet Ought kom med sitt sjølvlysande debutalbum av året, ja nesten to år før, gav dei ut sin debut EP (New Calm). Ein bra EP, men bandet har i ettertid komme fram til at den kunne ha vore betre. Ein av låtane derifrå (Pleasant Heart) blei i ei nyinnspelt form førstespor på det temperamentsfulle debutalbumet av året. I sommar spelte dei så to låtar til ifrå EP’en inn på nytt. I ei meir frenetisk form, i ei meir sjølvsikker form. Begge låtane er med på denne ferske EP’en av 2014, i lag med to andre spor som heller ikkje er flunkande nye.
Ikkje flunkande nytt, men Once More With Feeling tar av. Tar av i den energiske høgt/lågt forma som gjorde debutalbumet til slik ei storarta affære. Og kan vel slik få rolla som ein appendix til det albumet, og berre gjere det endå eit hakk betre.
Postpunk var, og vel for så vidt er, det mest nærliggande sjangerbegrepet å ty til for å beskrive lyden av Ought. Det yte dei sjølvsagt ikkje full rettferd, dei er meir enn juksarar i postpunk-faget, dei driv inn i musikkens inste kjerne og hentar fram ekstasen. Ein ganske så essensiell ting å gjere i grunn, og noko som gjer det temmelig underordna at ein, for å plassere dei på musikkartet, også kan dra inn meir enn eit band frå den gylne perioden 1977-1982.
Det er verknadsfullt, det er først og fremst verknadsfullt. Når balladen Pill slentrar av garde utan å bli sløv. Og snarare, langt snarare, fangar gode tonar og drar seg til. Dansar inn i eit farmasøytisk regn av «give it to me», elektrisitet og suggererande krefter. Det blir ikkje mindre av slikt i låtane som fylgjer. New Calm, pt. 2 (som saman med Pill er dei nemnte nyinnspelte) tar seg raskt inn i det, og kjem ikkje utav det før 7 minutt er gått. Det trengte den for så vidt ikkje ha gjort. Den er ein rivande god plass å vere. I all sin intensitet, i all sin mantrakallande skapnad. «Hear me now that I am dead inside» blir det gjentatt og gjentatt, saman med innrømminga «you gave me your calm, and I give it away no,no,no,no» og eit nervøst «daradada, daradada». Og jammen blir det stilt nokre spenstige spørsmål også: «Who built a house, just to lock me out? Who started a fire, yeah that one over there? Who invited Paul Simon?»»Not me». Lou Reed derimot trur eg ikkje dei hadde stilt spørsmål med. New Calm, pt. 3 har i alle fall sin bit med Velvet Undergroundske kaskadar. Slike som reinskar opp og skitnar til i same tonedrag, og det har som kjent mykje for seg.
Bandet avsluttar med ei låt som ikkje fekk lov til å bli med på debutalbumet. Det har nok i så måte vore ein viss anger ute å gått i etterkant. For Waiting er så absolutt utstyrt med alle kvalitetar som kjenneteiknar det albumet. Den har det melodiske, den har drivet, den har rastløysa, den brenn, den ulmar, den vil, og den vil endå litt meir. Og alt dette medan songaren gjer uttrykk for ei skam over å ha latt eit anna menneske vente og vente.
Personleg ventar eg spent på neste framstøyt.
WIMP-link: Ought – Once More With Feeling
Ida Jenshus – Let It Go
Til EP å vere er denne uhorvelig lang – 32 minutt. Nærpå halvparten av tida tar det innleiande sporet, Shallow River. Ein femten-minuttars songsuite sett saman av tre songar (Shallow River, Storms, Let It Go). Laga i eit lydbilde som vel kan seiast å vere ei slags vidareutvikling av slik Ida Jenshus presenterte seg på sitt førre (og tredje) album. Mindre country, meir pop, større lyd, søkande lyd. Litt i slekt med det Emmylou Harris gjorde då ho hyra inn Daniel Lanois som produsent og spelte inn sin Wrecking Ball. Ida Jenshus sin Lanois heiter Kåre Vestrheim, både på det førre albumet og på årets EP (og sikkert også på albumet som er lova på nyåret).
I ei tid der det å klikke seg hastig vidare er blitt til det typiske er det herlig motstraums å plassere eit nummer på femten minutt i førarsetet. No kunne det for så vidt ha vore tre låtar. Slik arrangementet er løyst er det på sett og vis også tre låtar. Dei er ulike, dei glir over i kvarandre, men dei glir aldri inn i kvarandre. Overgangane er tydelige dempa instrumentale mellomspel. Medan dei lengre låt-sekvensane har ein vegg av lyd. Ikkje ein Spectorsk vegg, ein langt luftigare vegg, men like fullt ein vegg. I sentrum av denne veggen lever så songen. Frå det folkblues-prega, litt Led Zeppelinske, førstekapittelet via det melodisk vene andrekapittelet til ein manande og smått hektisk sistedel. Frå ei reise i grunne elveløp til oppmodingar om å opne seg opp mot verda, kaste maska og kappa og vere den ein er.
Etterpå kjem tre låtar til. Lydbildet er mykje av det same. Songane kunne ha blitt til i 1967, i 1972, og der om kring, men høyrer også til andre tider, vår tid for eksempel. Hero, med eit snev av Heartlandrock i seg. Set Us Free, med sine håpefulle vyer. Og som avslutning den næraste og varlegaste av dei, countryvisa om Sylvia. Om ei kvinne på søk, på vandring, som stadig må vidare. Ikkje så heilt ulik ho som syng om henne kanskje.
WIMP-link: Ida Jenshus – Let It Go
Acres Wild – The Prophecies of Skeeter Davis
Apokalyptisk? Glad-apokalyptisk? Skeeter Davies sin profeti? The End of the World? Det er Oslobandet Acres Wild sine eigne ord, kasta fram i eit forsøk på å forklare kva som er tema på denne EP’en. Men kor tar nå desse ni minuttane oss eigentlig? Desse ni minuttane og tre songane som er bandets andre EP. Ikkje heilt ut på kanten av avgrunnen i alle fall.
I fjor presenterte dei seg med ein EP der i alle fall eitt spor har sett seg fast i minnet mitt. Den melodisigrande og friske sommarbrisen med den korte og fyndige tittelen ’63. Ei låt sterk på livfull nostalgi og med eit lite skråblikk på 60-talsfilmen The Graduate. Der ei viss Mrs Robinson var ein sentral skikkelse. Mange er det vel som har sunge med på Paul Simon sin ikkje heilt ukjente hitlåt frå filmen. Karane i Acres Wild mistenker eg for å ha sunge med på meir enn ein Simon-song. The Only Living Boy In New York for eksempel, for korleis kan det elles ha seg at dei i den lakoniske og elegant tilbakelente popsongen Balcony Song stadig gjentar linja «the only living boy in Oslo» (neppe fordi dei er blitt inspirert av Simon Joyner sin The Only Living Boy In Omaha vil eg tru).
Acres Wild er som de no sannsynlegvis har oppfatta eit popband med røter som finn mykje av si næring ifrå sekstitalet. Paul Simon er nemnt, The Beatles og The Byrds og The Zombies kan sjølvsagt også nemnast, og frå seinare tider er det vanskelig å komme utanom Teenage Fanclub.
Some Will Never Die er eit fengande opningsspor med eit Peter Pan liknande tema i teksten. Balcony Song høyrer på si side meir til i lendet beina-på-gelenderet-gitaren-i-fanget. Medan tittelsporet er jingle-jangle, nemnte fanklubb og strålande melodiske linjer, og fremjar eit avslappa forhold til både livet og det som kjem etterpå.
Ein konklusjon? For så vidt ikkje det minste nytt, berre popmelodisk tiltrekkande.
WIMP-link: Acres Wild – The Prophecies of Skeeter Davis