Tag Archives: Rosanne Cash

Dei 5 beste albuma frå januar 2014 (Slik eg har oppfatta det):

Standard

coverBig Ups - Eighteen Hours Of Staticdoug tuttlecover

1. Damien Jurado – Brothers And Sisters of the Eternal Son

Den tidlegare trubaduren har for alvor funne fram til det dansbare, det psykedeliske, og det spirituelle. Med surrealistiske vinklingar og mystiske dialogar drar han inn Gud, Sonen og Den Heilage Ande i eit opplegg som ikkje er heilt til å forstå, men som er det beste han har levert til dags dato.

Metallic Cloud:

2. Big Ups – Eighteen Hours of Static

Ein ung kvartett frå Brooklyn hiv seg over amerikanske undergrunnstonar slik dei lydde den gongen Pixies og Jesus Lizard var unge. Dei gjer det med glød i blikket og angst i bringa.

Goes Black:

3. Doug Tuttle – Doug Tuttle

Heilt psykedelisk. Etter nokre plater med bandet MMOSS albumdebuterar Tuttle som soloartist med ein dose psykedeliske popdrops det smakar evig sekstital og tapt kjærleik av.

I Won’t Do:

4. Ai Phoenix – Hey Now / Being Here Is Everything

Det tok si tid før Ai Phoenix dukka opp att. Men her er dei, med sine tonar utan hastverk. Og det er minst like bra som det nokon gong har vore.

Here’s To You:

5. Rosanne Cash – The River & The Thread

Ei dotter, ei kvinne, elva som renn igjennom henne, og tråden ho prøver å lære seg å elske. Rosanne Cash har oppsøkt sine røter.

When the Master Calls the Roll:

Rosanne Cash – The River & The Thread

Standard

Ei dotter, ei kvinne, elva som renn igjennom henne, og tråden ho prøver å lære seg å elske.          7

cover   Ein draum: «I was dreaming of the Tallahatchie Bridge, a thousand miles from where we live». Det blei ikkje berre med draumen. Rosanne Cash og ektemannen drog dit. Til brua. Han tok eit bilde av henne der ho stod og skoda nedover elva. Bildet er blitt til coverframside på dama sitt tolvte album. Ein stoisk ro pregar bildet, og eit mystisismens skjær.

«You can cross the bridge and carve your name, but the river stays the same». Ho nærmar seg slutten av siste song, Money Road. Og vegen er verkelig nok den. Du finn den nede ved Mississippi-deltaet. Den går forbi staden der den 14-årige afroamerikanaren Emmett Till vart drepen (i 1955), etter at han flørta med ei kvit dame. Nokre steg seinare passerer den grava til Robert Johnson. Før den ganske så sikkert når fram til eit vegkryss. Rosanne Cash har oppsøkt sine røter.

The River & The Thread er elleve songar der dei amerikanske sørstatane på ulikt vis kjem til syne. Songane er blitt til i løpet av turar som Rosanne Cash og mannen hennar John Leventhal har gjort ned dit dei siste åra. Ned dit både hennar mor og far vaks opp. Men ikkje ho. Rosanne sin barndom fann stad i solfylte California, og dei siste tjue åra har ho budd i New York City. Når ho no er der nede ved Deltaet, eller i Dyess, Arkansas, eller i Memphis, Tennesse, er det ikkje slik at ho kjenner seg 100 % heime, trur eg. Eg anar ei viss avstandstaking. Men også ein kjærleik, og ein varme.

Aller varmast opplever eg henne i Etta’s Tune. Ein song om han som spelte bassgitar i Johnny Cash sitt legendariske backingband (The Tennessee Three), Marshall Grant, og hans kone gjennom 65 år, Etta Grant. Med dei to viktigaste ingrediensane for ein klassisk countrysong trygt på plass – ein medrivande melodi og ein uttrykksfull tekst – grip den tak i meg. «What’s the temperature, darlin»?». Det var hans spørsmål kvar morgon han kom inn på kjøkkenet til sin kjære. Så lite, så stort. Rosanne Cash gjer spørsmålet til gjennomgangsstrofa i songen sin. Så enkelt, så vakkert. Alt den rommar. Om det å leve, om å reise, om å elske, om det å komme heim.

Og det er vel det det stort sett handlar om. Det vere seg å reise «like spies in paradise», slik ho formulerer det i den blå visa Night School. Eller det kan dreie seg om å finne vegen frå Barcelona til Memphis, om ein skal tru det som vert uttrykt i den raffinert countryrockande Modern Blue. I den vagt jazzige The Long Way Home blir vi presentert for flyktningen som eigentlig har brukt all si tid på å finne ut «how to take the long way home». Medan det i sumpblues-saken A Feather’s Not A Bird vert slått eit slag for å ta «the long way home just to end up in your arms»?.

Sjølvsagt handlar det om litt andre saker også. Det kan til dømes handle om å sjå på verda med ei langt meir sekulær innstilling enn det ein vel kanskje forbind med sørstatane. Og endåtil gjere det i ei gospelvise titulert Tell Heaven. Eller det kan vere å inkorporere ein dose skrudd røyndomsoppfatning, fundere over om det kunne ha vore slik at «Jesus came from Mississippi», og gje det heile eit groovy bastarduttrykk. Slik Rosanne, hennar mann, og nokre til gjer det i World of Strange Design.

Alle songane har Rosanne laga i kompaniskap med mannen sin. Han melodi, ho tekst. Så nær som ein, der har eksmannen hennar, Rodney Crowell, også vore involvert. Då er vi komme til den episke countrysongen When The Master Calls The Roll, der Rosanne formidlar ein historie frå den gongen det var borgarkrig i USA. Ein historie med dei klassiske elementa av kjærleik, sakn og død. Der ei ung kvinne (Amy Helm) og ein tilårskomen bande (Rodney Crowell, Kris Kristoffersen, John Prine og Tony Joe White) har tilrive seg namnet The Master’s Choir og bidrar med koring av det særdeles romslige slaget.

Eg skal ikkje hevde at The River & The Thread er den tredje plata i ein trilogi. For det trur eg Rosanne Cash vil protestere på. Men eg føler likevel at dei høyrer litt i hop dei tre siste platene hennar. Black Cadillac (2006) – om tapet av ein far, ei mor, og ei stemor. The List (2009) – full av faren sine favorittsongar. Og så denne då, der ho søker dit det starta. Der livet hennar vart til. Skal eg rangere dei tre vil eg nok hevde at Black Cadillac er den beste, men du verden den er god denne også.

Rosanne Cash – Black Cadillac

Standard

Ei dotter minnast og tar farvel, med velfunderte ord og sterke tonar.

cover  «Eit kart – eit geografisk kart, eit åndelig kart, eit emosjonelt kart».

Slik omtalar Rosanne Cash sitt nyaste album i eit intervju med New York Times. Det er eit kart ho har rissa opp av pur naudsyn. For å heidre, for å minnast, for å føle, for å sjå, og for å kunne starte på den neste etappen.

15. mai 2003 døydde June Carter Cash. 12. september 2003 døydde Johnny Cash. 24. mai 2005 døydde Vivian Liberto Cash Distin. Rosanne sin stemor, far og mor. Black Cadillac handlar om saknet og om sorga, om minna og om livet etterpå. Den handlar om handfaste stader og verkelige hendingar, om draumar og uhandterlige opplevingar, og om kjærleiken.

Privat og navleskodande, vil kanskje ein del tenke. Ikkje når Rosanne gjer det. Ikkje når ho song om si eiga skilsmisse på albumet Interiors i 1990, og ikkje no. For sjølv om familien er nær og kjenslene inderlige, blir det aldri utleverande eller sentimentalt. Til det er Rosanne ein altfor god låtskrivar. Ho formulerer seg og handsamar orda på kløktig vis. Ho seier ikkje for mykje. Det blir skapt bilete, og det blir nytta talande metaforar. Det lever og gror mykje mellom linjene, og i det usagte. Det handlar definitivt om hennar familie, men kunne også ha handla om veldig mange andre familiar.

«Rosanne, say c’mon». Tre sekundar av eit femti år gamalt opptak. Ein far kommuniserar med si vesle dotter. Band blir knytt. Det er det første vi får høyre når vi set plata i gang. Det neste er ein barsk ubønnhørlig Massive Attack-slekta bassgang. Tittelkuttet er på veg, og vi blir ført inn i den andre enden av livet. I følgje Rosanne skreiv ho denne låta seks veker før det første dødsfallet. Spooky. I ei reinskoren og minimalistisk språkdrakt fører Rosanne oss inn i eit mørkt bilete. I bakgrunnen rullar ein svart Cadillac, og det er gravferd. «It’s a lonely world, I guess it always was, minus you, minus blood, my blood«. Gitarmønsteret er like enkelt som det er effektivt. Ein trompet kjem på ei sordinert vitjing, og eit orgel trenger seg på i siste fase. Ein blir sogen inn, det er ikkje til å unngå. Ein vil ikkje ut att, for her er det vakkert. Vakkert, eldfullt og nådelaust.

Det fantastiske er at det finst fleire songar på dette albumet som kallar fram liknande kjensler. Den pianoleidde countryballaden I Was Watching You er ein av dei. Veldig ein av dei. Tre vers, tre perpektiv, femti år. I det første verset ser ho sine kommande foreldre på bryllaupsreise mot Texas med «Hank Williams on the radio». Det påfylgjande refrenget fortel at «long before life, there was love«. I det andre verset ser ho faren reise frå henne, søstrene og mora; «you never came back, but I know you tried«. Refrenget trøystar, «when it falls apart, there is love«. I det tredje verset er faren død, men ho kan høyre han synge i det avsluttande refrenget; «long after life, there is love«.

Halvparten av låtane er spelt inn i New York, med Rosanne Cash sin ektemann John Leventhal som produsent-ansvarleg. Den andre halvparten er spelt inn i Los Angeles, og her er det Bill Bottrell (Tom Petty, David Baerwald, Sheryl Crow, Shelby Lynne) som har hatt styringa på knottane. Begge dei to låtane eg har nemnt så langt er frå LA-seansen. Der vart God Is in the Roses også spelt inn. Ei nennsam vise som vert trilla i gang og runda av med velklingande piano-tonar, men som elles lever blant akustiske strenger og smidig rytmikk. Sårt og sjeldsynt vakkert om sakn og smerte;

The sun is on the cemetery,
leaves are on the stones,
there never was a place on earth,
that felt so much like home,
we’re falling like the velvet petals,
we’re bleeding and we’re torn
God is in the roses
and the thorns.

Benmont Tench (kjent frå Tom Petty sitt Heartbreakers, og som tangent-traktør på eit uttal innspelingar) er med både på New York og Los Angeles seansen. Frå sistnemnte er det særlig piano-arbeidet hans ein legg merke til. Tre er nemnt, den fjerde heiter The World Unseen. Ein blå ballade, der pianoet konsulterar ein jazzig akkord og fem, medan ein mutert gitar lever i bakgrunnen. Faren er kanskje ikkje i nærleiken lenger, men ånda hans er ikkje langt unna. Så derfor:

I will look for you in Memphis and the miles between,
I will look for you in morphine and in dreams,
I will look for you in the rhythm of my bloodstream,
westward leading, still proceeding,
to the world unseen.

Rosanne har nok eit litt meir reservert forhold til det gudfryktige enn kva faren hadde. I alle fall fornektar ho religionen og alt dens vesen i ganske så kraftige ordelag i den stridige og smått trippy countryrockaren Like Fugitives; «I don’t want your tired religion, I’m not a soul you need to save«. I ein song som verkar å vere skriven like etter mora sin død kjem ho også med utfall mot skruppellause advokatar, og den tomme «sanninga» på TV-skjermen.

I den småfunky poplåta Dreams Are Not My Home er det draumane ho vil til livs. For Rosanne vil «live inside the world» og «act like a real girl«. Ein anar nok ein kritikk mot kristendommen her også, særlig i fiffige fintar som «the spires of churches, are the last place to enjoy the view«. Siste dose med avstandtaking til kristendommen kjem i det brassdampande og bluesy nummeret World Without Sound. Her er problemstillinga kven ein skal lite på. Kanskje det hadde vore lettare om ein hadde masse pengar, budde i Paris, eller var John Lennon. Eller kanskje om ein var kristen? Trur ikkje det nei, for; «I cannot believe, cause no one in the Bible craves my company«.

Dette er også ei tid for å søke mot sine røter. I den dirrande countryblues-låta House On The Lake er Rosanne på ei reise mot sør; «back to the place where I was born, back to my Southern home«. Og i den avsluttande og varlege visa The Good Intent tar ho oss med heilt tilbake til då den fyrste Cash ankom landet, frå fattige skotske kår med eit håp om å kunne «love this Arkansas».

I desse dagar då filmen om Johnny Cash går sin Oscar-nominerte seiersgang frå Hollywood til Brisbane, kunne det kanskje også vere greitt å få med seg ein litt anna versjon. Ein nærare og meir ekte ein. Levert av ei stemme som er arvelig belasta når det kjem til det å vere varm og myndig.

8/10

Først publisert på Groove.no (i 2006)