Damien Jurado – Caught in the Trees

Standard

Introspektive viser med og utan elektrisitet, og ein hit.

7

cover

«How does it feel to be what you sing about?»

Linja dukkar opp midtvegs i songen Coats of Ice. Ein song om ein songar som har hamna på utsida av sitt trygge tilvære. Han likar seg ikkje der. Publikum masar om songar han aldri plar spele. Han vil helst vere ein annan stad. For «you’ll be happy to know the situation is worse». Eit ekteskap har gått under. Hans ekteskap.

«You look like you’d be better dead».

Denne «you», denne songaren, det er Damien sjølv det. Damien som i over ti år, og på nesten like mange album, har fortalt vemodstunge historier om folk som ikkje heilt får det til å fungere. Det har aldri handla om han sjølv. Det har vore oppdikta. Sjølv har han levd eit godt liv saman med kone og familie. No har kona reist sin veg. No lagar Damien songar om seg sjølv. Caught in the Trees har han titulert sin Blood on the Tracks.

Han har ikkje vore åleine om å lage plata. Det har han ikkje vore før heller. Rosie Thomas har jo vore med å harmonert og duettert rett så ofte. Og Eric Fisher har nesten alltid vore der. Med gitarane sine, og keyboardet, og litt anna. Ved førre korsveg, kalla And Now That I’m in Your Shadow (2006), fekk Fisher ei litt ny rolle. Han vart ein del av bandet Damien Jurado. Ein trio. Damien, Eric og Jenna Conrad. Damien stadfestar at det er slik det er no, i avslutningssporet Predictive Living: «Just when you thought you had me pegged, thinking I’m the same, then I go and change, three become a name».

Ikkje berre er Caught in the Trees ei bandplate. Den høyrest ut som ei bandplate også. Meir enn førre gong, synest eg. Kanskje fordi det er meir elektrisitet i gitarane. Men og fordi lyden dei skaper har eit veldig så samspelt vesen. Som sist utvidar David Broecker (bass) og Casey Foubert (trommer/perkusjon) trioen til å bli ein kvintett. På subtilt og gunstig vis.

No er det på ingen måte ei revolusjonerande endring som har funne stad med Damien. Han er ikkje vanskelig å kjenne att. Røysta er den same varme avmålte. Ei kvinnestemme støttar han ein meter bak, Jenna. Melodiane er henta frå det same området han har plukka før. Men tekstane er kanskje meir diktslekta kjensleskildringar, enn dei tidlegare novelleslekta melankolske kvardagshistoriene.

«Like a noise that you hear on return, it’s easy to land but harder to fall». Han prøver å få greie på kva som er hans Last Rights, medan sjalusien og saknet gneg der det gjer mest vondt. Jenna Conrad sin cello understrekar, Nick Drake er ikkje så langt unna, og eit avsluttande mantra er fullt av sårt håp; «should you ever need me to stick around».

«Lord knows I don’t want to compete, but I still sleep in the very sheets he’s been in». Det er ein uuthaldelig verk her. Er det noko anger der? Svelg i alle fall løgnene! Bandet omfamnar Sheets med meir og meir lyd, men songaren, han finn ikkje roen inni der.

Han er fanga i eit mareritt, men han vil ikkje vere der. På eit eller anna tidspunkt må dette livet gå vidare. Så «put you’re best dress on, I’m tired of fighting, let’s take it out on the town, do some old style dancing».

Der det hos Jurado før ofte har vore skildringar av folk fanga i eit tilvære, ein situasjon med få uttalte håp om at lenkene vil bli låst opp, snakkar tekstane denne gongen om ei von, om å kjempe seg laus frå det lammande, og fram i lyset att. Han gjer det utan å bli sjenerande personlig.

Før Damien for alvor byrjar snakke om det personlige, aller fremst i løypa, presenterer han ein song med eit særdeles hektande vesen. Ein merkelig tittel, Gillian Was a Horse. Ein tekst som eg ikkje heilt finn utav. Den fortel om visna kjærleik, om rykter og løgner, om ein konfrontasjon, om ein som dør i krigen og blir ein helt, og om hovudpersonen («the town’s hopeless romantic») som blir funne død på ein parkeringspark nær det lokale biblioteket, utan at det skapar særlig til blest i byen. Det er sannsynlegvis ikkje slikt stoff ein hit veks fram av. Men heime i stova mi er den i alle fall nett det. Ein hit. Trillande barroom piano og smittande countryfargar i eit poprockande bilde. Wilco har gjort liknande saker. Damien er velkommen til å gjere det han også.

Ja, heile Caught in the Trees er i grunn velkommen. Det kan kanskje gjere litt vondt. Men det er bra. Veldig bra.

Først publisert på Groove.no (i 2008)

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s