Det finst sjølvsagt flust av ting ein har gjort altfor lite av. Eg har for eksempel lytta altfor lite til Steve Gunn. Ja for ei veke sidan hadde eg knapt nok lytta til han i det heile. Feil prioritering kan eg no seie, definitivt feil prioritering. Siste veka har eg lytta meir til han enn nokon andre. Med god grunn.
Eit vasshjul gjer det same heile tida, går rundt og rundt, tar imot vatn, og går rundt, tar imot meir vatn, og går rundt, og så kanskje litt fortare rundt. Slik driv det på, så lenge det er vatn. Steve Gunn spelar ei låt han har kalla Water Wheel. Tonane i songen gjer mykje av det same heile tida, går rundt, sirkulerar, tar til seg litt meir, går nye rundar, rundt same tema. Men eg som lyttar føler ikkje stillstand og uuthaldelig monotoni i selskap med Gunn. Neidå, eg får ei kjensle av å bli sveipt inn i musikken, av å være der, av å ville være der.
Steve Gunn har spelt gitar nokre år. Inspirert av John Fahey, Michael Chapman, Jack Rose. Han har spelt med Kurt Vile også. I bandet hans. Dei kjem frå same forstad i Philadelphia. No bur Steve Gunn i Brooklyn.
Water Wheel er opningssporet på ei plate han gav ut sommaren 2013. Time Off heiter den. Det er fem spor til på plata. Dei er på ingen måte eksepsjonelt annleis enn Water Wheel. Steve Gunn syng, noko han ikkje har gjort så mykje på tidlegare plater, syng med ei døsig røyst. Han kan minne meg litt om JJ Cale. Steve Gunn syng om å luske rundt, og det ein då ser, eller trur ein ser, i nabolaget og der omkring. Lurker er ein slik song. Eit presist og minimalisert tema spelt på ein akustisk gitar snørar og snørar, vandrar og vandrar, suggererande. Ein elektrisk gitar kjem innom bak der, og dansar nennsamt, kurrar psykedelisk. Bassisten og trommisen er med i drivet, det gyngande drivet. Det ragaliknande drivet. Det blir med over i neste spor, og neste ….
Eg blir ikkje ferdig med tonane til Steve Gunn. 7. oktober kjem han med ei ny plate, Way Out Weather.
Lurker:
Milly’s Garden (frå det komande albumet):