Ein ny dose varm Gunn-folkrock til å forsvinne inn i. 8
«Take your time, ease up, look around, and waste the day» seier Jules. Hovudpersonen i songen Ancient Jules. Ein song som innleiar det sjuande soloalbumet til Steve Gunn. Linja er ikkje berre noko denne Jules ytrar, den karakteriserer også, tykkjer eg, albumets vesen. Ikkje fordi dette er eit album som oppmodar til å sulle bort dagen med slendrianfakter, men fordi det er eit album som får meg til å senke skuldrene, slenge beina på bordet, stirre litt hit og litt dit, og forsvinne inn i tonane som blir spelt. Tonar som er lette å ta inn, varmt melodiske som dei er. Tonar som ikkje er lette å bli kvitt, der dei sirklar og rullar i eit godt groovy selskap.
Steve Gunn er ein fabelaktig gitarist. Ikkje fordi han tyr til spektakulære gitarløp eller på anna vis viser fram teknisk briljans av sjeldsynt kaliber, for det gjer han ikkje. Men at han er noko for seg sjølv, det er han. Og han er det gjennom den lyriske tonen han hentar fram idet fingrane hans dansar så lett og så naturlig over strengene i sirkulerande og gjentakande former. Hans distinkte signatur kan vi vel kalle det. Gitaren kan vere akustisk, men meir dominant på denne plata er den elektriske gitaren. Men uansett kva gitar Gunn har mellom henda finn han eit tema, eit farlig tiltalande eit, og så er han i gang. Skapar noko av nærast hypnotisk karakter. Som bevegar seg frå forsiktig til glødande og tilbake igjen.
Men Gunn er her ikkje heilt åleine gjennom dei ni songane som utgjer Eyes On the Lines. Det er nyttig det gitaristen James Elkington gjer også, enten han opptrer som velvillig samtalepartnar, eller kjem med små kontrastøyt. I ryggen har desse to bassist Justin Tripp og trommis Nathan Bowles. Tripp og Bowles bidrar også på ymse tangentinstrument, og elles stikk det innom folk som spelar på fløyte og harpe og endå meir gitar. Og lyttaren, i alle fall denne lyttaren, blir sveiva inn i det. I song etter song.
«Landscape of repetition» ytrar Gunn i ein av dei sterkaste songane på plata. «Landscape of constant rhythm» konstaterer Gunn i den same songen. Og er midt i essensen av kva denne plata, denne Eyes On the Lines, handlar om. Det å vere i bevegelse ute i opent lende. På veg frå her til der. On the road. Der det å vere til stades, midt i det repeterande som hender her, akkurat no, i den konstante rytmen som grip om sansane, med blikket retta mot linjene der borte, der framme, og så samstundes vere i bevegelsen i retning av eit mål som er mindre viktig enn det som skjer akkurat no, akkurat her. Det går sikkert an å hevde at Eyes On the Lines har eit impresjonistisk vesen.
«Landscape of repetition, drained out at the service station» er den første strofa Gunn syng i songen The Drop. Ein av dei sterkaste songane på plata. Det kan vere at songen handlar om ein trailersjåfør og monotonien. Ein vakker monotoni. Det kan også hende at songen handlar om noko anna, men det får så vere. Sikkert er det at den rullar doggfriskt i eit melodisk sigrande landskap. Og at den har arven frå både Richard Thompson og Grateful Dead med på lasset.
To namn eg opplever som dei kanskje fremste musikkhistoriske referansepunkta til fleire av songane på denne plata. Den før nemnte Ancient Jules er der. Like så den godt drivande Full Moon Tide, med sin fiffige påstand om at «out on the road there are nowhere to go». Ein påstand som ikkje høyrer heime i ei skildring av songen Conditions Wild. For den finn vegar å gå, albumets mest framoverlena affære som den er. Eit rock’n roll nummer med ein god slant psykedelia innabords. Å hevde at den er fengande kjennes på ingen måte feil. Å hevde at den har albumets beste refreng, ja eit beint fram psycht eskalerande refreng, kjennes heller ikkje feil.
Langt meir enn personlige skriftemål og melankolsk grubling så er Gunn sitt tekstlige univers skildringar av sanseinntrykk. Inntrykk som kan tolkast i fleire retningar, som kan skape fleire bilde, men som like fullt ofte står klinkande klare for meg. Det står også rimelig klart for meg at mannen har plassert meir håp enn håpløyse i desse bilda.
Hans uttrykk har både i si soniske og si tekstlige form eit minimalistisk vesen. Der skil han seg kraftig frå det Grateful Deadske. Sjølv når songane driv inn i det jam-prega held dei seg nære sitt eige hjerte, tar ikkje turen ut i villnisse eller tåkelandskapet. Det tekstlige har på si side ei korthogd form, nok ord til å skape eit bilde, men ikkje fleire. Av og til nærast ei stikkordform. Som i smidige (og nydelige) Night Wander. Der ein persons nattlige ekspedisjon under ein lysande måne blir summert opp med nokre få meiningsberande ord, men der eg tydelig ser for meg seansen, frå han klatrar ned veggen til han han skodar «through the trees to the day ahead».
Steve Gunn sitt førre soloalbum, Way Out Weather, var ei lita openbaring av suggererande folkrock. Og er ei plate som aldri er langt unna. Den er der, like i nærleiken, Eyes On the Lines også.
TIDAL: STEVE GUNN – EYES ON THE LINES