Om ikkje så mange dagar. Meir presist 3. juni, er popkrokenfavoritt Steve Gunn her med eit flunkande nytt album.
Det kjem sjølvsagt til å bli omtala her inne med tida.
Mitt ærend akkurat no er å spele ein låt frå eit album som musikkmagasinet Mojo har sett saman. Heilt nye coverversjonar av samtlige låtar på Dylans meisterverk, Blonde on Blonde (sånn mens vi ventar på Tom Roger Aadland sine versjonar). Eg vil hevde at det ikkje akkurat er eit uspennande knippe av artistar Mojo har fått med på laget. Eg nemner: Phosphorescent, Kevin Morby, Marissa Nadler, Jim O’Rourke, og ikkje minst Steve Gunn. Han gjer ein meir enn dugande versjon av ein av dei aller beste Dylan-låtane, Visions Of Johanna.