Wussy – What Heaven Is Like

Standard

Eit Wussy i bra, men ikkje sitt beste, slag.

  Å nytte Gloria som songtittel er ikkje ei spesielt ny oppfinning. Det trur eg ikkje affiserer Wussy det minste. Dei er ikkje her for å presentere nye oppfinningar. Men dei er her. Og det er bra. Med sitt rock-groove, sine elektriske gitarar og sin sympatiske pasjon for det upretensiøse skapar kvintetten eit godt grumsete psykedelisk garasjebråk, samstundes som dei held eit bra tak i det melodiske.

Bandet frå Cincinatti har helde det gåande ei tid nå, og What Heaven Is Like er deira sjuande album. Det plasserer seg ganske så greitt midt i det soniske feltet bandet har vore desse åra. Ikkje fullt så sterkt og overtydande som på dei to føregåande albuma (Attica! og Forever Sounds) men med ei handfull låtar som avgjort vinn fram.

Og då kanskje først og fremst Gloria. Ein song inspirert av hovudpersonen i Fargo, sesong tre, Gloria Burgle. Ei ubestikkeleg kvinne som søker sanninga i ei verd som bognar over av løgn og faenskap. Ein vemodstung og skingrande ballade som søker nokon, ei kraft, som kan vere til hjelp i «the darkness that surrounds» oss. «Her name is Gloria» syng Wussy sin kvinnelege songar Lisa Walker, og eg har gjort meg tankar om at det nærast er noko religiøst over songen. Men det er det ikkje. Snarare høyrer eg ein song som hyllar mot og humanisme, og slik sett vel er ganske så aktuell, i ei tid farga av mistru, fundamentalisme, narsissisme, twitter-skrål og alternative sanningar.

One Per Customer syng Wussy sin mannlege songar Chuck Cleaver. Den nå 59 år gamle mannen som kalla sitt andre band Wussy (hans første heitte Ass Pony) fordi han tenkte namnet ville ta seg bra ut på ei t-skjorte. Ein fyr med ei røyst som har sine knirk, som renn på som ei krokete elv, men som viser seg å ha full kontakt med tonen, med melodien. One Per Customer er ein klassisk Wussy-song i godt melodisk og rockdynamisk slag. Ein song om svunne tider og tapte sjansar. Sjansar verkar å stå på spel i Tall Weeds også. Ein duett mellom dei to vokalistane om det å frenetisk prøve å søke opp ein fredeleg plett litt utanfor skotlinja. På det soniske plan er songen ein slags miks av klassisk americana-rock og shoegaze.

Av dei ti låtane på plata er det to coverlåtar. Aliens In Our Midst frå det nokså obskure California-bandet The Twinkiez, og Kath Bloom-låta Oblivion. Dugande versjonar, men ikkje slike som går inn i historia. Det kan nok seiast om fleire av dei sjølvkomponerte her også. Så: ikkje ei openbaring av ei plate, ord eg godt kunne ha funne på å nytta om bandets to føregåande, men velkomen er den.

7/10

TIDAL: WUSSY – WHAT HEAVEN IS LIKE

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s