Tag Archives: Dropping Houses

Wussy – Forever Sounds

Standard

Bandnamnet er ei løgn, men med platetittelen derimot … der er dei inne på noko.                9

  Gitar, gitar, elektrisk gitar. Det er det som gjeld her. Det er Forever Sounds det. Frå start til slutt. Frå Dropping Houses til My Parade.

Dropping Houses?

Dropping Houses ja. Opningssporet og kva no det måtte handle om. Med Lisa Walker i vokalrolla, men der også Chuck Cleaver syng med, idet vi når refrenget. Syng «Spent so long sucking on a snake bite, trying to keep the venom from entering the bloodstream». Så det må då handle om trøbbel dette, alvorlig trøbbel? Eller? Tja, kanskje handlar det meir om å møte trøbbelet med rak rygg. Om å ikkje bukke under, i eit forhold av den kanskje ikkje heilt sunne sorten. Lisa Walker fortel sjølv i eit intervju med magasinet Spin at hennar bilde av fallande hus er henta frå Wizard of Oz, og frå sentrumet av ein tornado og kva ho ser for seg kan openbara seg der. Dramatisk utslettande tilhøve altså. Men samstundes smått surrealistiske. Ein dualitet som vel ikkje blir mindre av den konkluderande meldinga «you give it the old heave ho til the bitter end». Og sidan eg no nemnte dualitet. Her er kva same Walker seier til same magasin om dei soniske tilhøva kring Dropping Houses: «Our dorky dual fandom of 90’s shoegaze + Tom Petty has fully surfaced and become a really singable wall of noise». Eg høyrer på Dropping Houses og skjønar kva ho snakkar om. Eg høyrer på Dropping Houses igjen, og igjen, og igjen. Eg blir i grunn ikkje ferdig med å høyre på Dropping Houses. Den må ha treft sentralnervesystemet eller eit eller anna slikt hos meg. For eg hamnar stadig vekk tilbake i songens klør. Men altså, eg høyrer, og høyrer (og har som de forstår null og niks imot det). I starten høyrte eg eit nesten ugjennomtrengelig gitarnummer. Eg har trengt igjennom. Trengt inn mellom gitarlinjer som brenn, dansande psykedelia, feedback og eit monster av eit groove, og der, der har eg funne melodien. Sjølvaste melodien, den heilt uimotståelige. Slik Lisa Walker syng den (og Chuck Cleaver). Og slått fast at denne låta det er rock’n roll på sitt mest forføreriske vis det.

Eg blei for alvor kjent med Cincinnati-kvintetten Wussy då dei kom med sitt førre album Attica! i 2014. Eit album så dugelig inspirert på eldfull rock’n roll at eg spelte det fram og tilbake til endes og over dei fleste breiddegrader. Frå paradenummeret Teenage Wasteland til den mektig/skranglete duetten Beautiful svinga dei seg i rockehistoria med ein slik glødande kjærleik at eg ikkje hadde anna val enn å omfamne dei. Saman med den dynamiske vekslinga mellom Lisa Walker og Chuck Cleaver sine ganske så ulike røyster har gitaren frå første stund (les 2001) vore bandet sitt fremste soniske våpen. Men den har vel aldri vore meir i skingrande fokus enn det den er her på Forever Sounds, deira sjette album.

Det der som Lisa Walker nemner om shoegaze har forresten gyldigheit for eit par spor til. Det gjeld Hand of God, der Lisa i skuggen av psykedeliske kaskadar manar fram linjer med bibelske dommedagsperspektiv over seg. Og det gjeld Gone, der Chuck Cleaver ser dei fleste håp som «gone», om ikkje Jesus sine frelsande evner skulle vise seg som verkelige då. I så fall: «he’d better run», for sigarettane er borte, hjerta er knuste og våpna lada. Dei sju resterande spora skal eg ikkje trekke shoegaze-kappa rundt i same grad. Utan at eg dermed har sagt at gitarlyden fer stillferdig og pertentlig gjennom dei (det skulle tatt seg ut du).

Eit definitivt høgdepunkt er Donny’s Death Scene. Eit smått episk nummer der gitarar rusar seg opp og ned rundt uhellsvarslande folkmelodiske linjer sunge av Lisa. Linjer som handlar om brå og tragisk død. Som er direkte inspirert av det som hendte karakteren Donny (spelt av Steve Buscemi) i den myteomspunne Coen-brothers filmen The Big Lebowski. Død er så definitivt også eit tema i den Cleaver-sunge og hardt jagande låta She’s Killed Hundreds. Kven denne «she» er blir imidlertid aldri gjort klart. Kanskje eit uvær?

Sjølv om eg har drista meg til å ha nokre oppfatningar av kva Wussy har føre seg på det tekstlige plan er dette sjølvsagt ikkje på noko vis opplagt. Dei er vel helst dunkle og smått surrealistiske desse tekstane deira. Så når eg no seier at den krokete songen Hello, I’m  a Ghost handlar om at etter ein del år i eit samliv byrjar partnarane å bli som ein del av tapeten for kvarandre, så er det slett ikkje sikkert at det er det Chuck Cleaver har hatt i tankane. Eg kan også insinuere at Lisa Walker si skakke skingrevisa Majestic-12 handlar om å kjenne seg framand og avkledd under ugjestmilde tilhøve, men eg er open for at eg kan ta feil. Men det eg føler meg nokså overtydd om er at songane oftare strenar rundt i sinnets mørkare og gåtefulle sider enn at dei vitjar dei lyse og klare. Eller for å bruke Cleaver sine eigne ord om livet: «At least I know this, it may be wrapped up, and tied with a bow, but it isn’t a gift».

Det er dei som hevdar at Wussy er det beste bandet som finst i Amerika for tida. Dei er for så vidt ikkje mange, men dei finst altså. Eg er definitivt i nærleiken. Forever Sounds har ikkje akkurat svekka den tanken.

TIDAL: WUSSY – FOREVER SOUNDS