Tag Archives: Temples

Dei 5 beste albuma frå februar 2014 (Slik eg har oppfatta det)

Standard

Sun Kil Moon – Benji        9

Benji 46 år gammal er Mark Kozelek no over tjue år inn i ein musikk-karriere som har avfødd fleire plateutgjevingar enn det eg har oversikt over. Det første tiåret under signaturen Red House Painters, seinare under eige namn, og i diverse samarbeidskonstellasjonar, men først og fremst som Sun Kil Moon. Heile tida i dette ikkje spesielt hastige tempoet, med den akustiske nylonstrenggitaren som det sentrale instrumentet, og  med melankolien som den drivande grunnkrafta. Einsformig seier nokon, styggelig vanedannande seier eg (og på Benji for så vidt ein tanke meir variert enn den gjennomsnittlege Kozelek-utgjevinga – kva no det er).

Mark Kozelek høyrer nok med blant desse ein kan nytte det noko omstridde begrepet litterær låtskrivar om. Det er ikkje mindre aktuelt denne gongen, for aldri har han fylt songane sine med fleire ord. I tillegg er det freistande å trekke ein parallell til eit konkret litterært verk, Karl Ove Knausgård sin Min Kamp. Akkurat som Knausgård går Kozelek inn i sin private sfære, blottlegg eigne kjensler, fortel det slik det blir opplevd, eller slik minnet om noko som hendte fortonar seg, utan ironi, utan metaforar, i eit enkelt og dagligdags språk. Nokre gonger nesten på grensa til platt, ved andre høve utstrålar det ei poetisk kraft, men heile tida maktar Kozelek, akkurat som romanforfattaren, å skape noko med ein suggestiv energi i seg.

Men Kozelek er ikkje forfattar, han er låtskrivar, så det han byr på er først og fremst songar. Energien i orda hans hadde nok ikkje vore den same om dei ikkje hadde hatt sin eksistens i lag med tonar. Eller om dei ikkje hadde blitt fortalt i songaren sin slentrande, modne og sterkt nærverande songstil, akkompagnert av fingerplukka gitartonar, og litt meir (litt koring, ein xylofon, ein bass, eit tangentinstrument, ja endåtil trommer ved nokre høve, og ein saksofon i avslutningslåta).

Ein dryg time varer plata. Den kjennest berre så altfor kort. Akkurat som livet, for oss middelaldrande menn, og kvinner. Dette er songar for oss det.

Låt: Ben’s My Friend 

 

Angel Olsen – Burn Your Fire For No Witness       8

Burn Your Fire for No Witness For eit par år sidan høyrde eg Angel Olsen synge nokre songar saman med Bonnie Prince Billy på hans Wilfroy Goes To Town. Sterkast kan eg minnast henne i eit ikkje heilt udramatisk augeblikk spørje «Ain’t I a woman? Ain’t you a man? Why wait for somebody? Why make a plan?» og så konkludere med «Fuck birds in bushes! Lets take em in hand!». Det handlar om kvinner og menn i songane ho syng på denne sin eigen plate også, men like direkte til matfatet fer ho nok ikkje her.

Eg opplever songane hennar som omskiftelige. Dei er fulle av kjensler, men ikkje av einsretta kjensler. Ho kan vere krass og bruke harde ord, men evnar samstundes å vere reflektert. Perspektivet ho startar ein song med kan dreie seg ganske kraftig undervegs. Frå åtak til vørdnad, frå draum til realitet, frå kjærast til fiende, frå skrik til song. Og gjerne tilbake igjen, eller inn i ein tredje eller uklar retning.

Burn Your Fire For No Witness er Angel Olsen si tredje plateutgjeving. På dei to første (6-spors mini-lp’en Strange Cacti og albumet Half Way Home) har det ikkje vore så veldig mykje meir enn ho og gitaren. Omslutta av romklang på Strange Cacti, heilt nær på Half Way Home. To faktorar som blir kombinert på Burn Your Fire For No Witness, i tillegg til at ho har fått seg eit lite band. Det har ikkje gjort songane hennar vondt. Songar som beveger seg mellom det skjøre og det konfronterande. På ei plate som framstår som ganske så ueinsarta. Når den så i tillegg er fostra på vitalitet, har bevart passeleg med smuss, og er melodisk velhalden, sitt eg i grunn att ganske så tomhendt på innvendingar.

Låt: Stars 

 

Beck – Morning Phase        7

Morning Phase Dette er temmelig langt unna friskusen frå Odelay. Men det er ikkje så veldig langt unna den tynga melankolikaren frå Sea Change. «A companion piece of sorts» i fylgje opphavsmannen sjølv. Og sidan det no er han som seier det, og tonen ein gong er lagt i denne tålsamt glidande og akustisk-orienterte leia, skal ikkje eg legge inn dei store protestane. «California music» har Beck også kalla det, og her eg sit med Laurel Canyon på tungespissen er heller ikkje det ein karakteristikk eg kjenner sterkt for å motseie.

Tar eg vegen inn i orda så merkar eg meg at det er tale om einsemd og avskjed, eg høyrer han synge om at det er ingenting att «except the damage done», og eg høyrer han nemne drukning og underdønningar. Lystelig kan ein vel neppe kalle slikt. Men i staden for å slåss med dønningane kan ein kanskje finne ei bølgje og flyte med, og så heiter jo ikkje plata Morning Phase heilt utan grunn, det er eit morgonlys å spore her. Ein fred å kvile i. Så like botnlaus melankolsk som Sea Change er ikkje denne plata. Heilt like bra er den vel heller ikkje. Den har sine anonyme låtar som ikkje heilt klarar å komme seg ut av sin anonymitet, utan at det frustrerar meg nemneverdig. For mest av alt er plata deilig lat og vakker.

Låt: Blue Moon 

 

Hurray For the Riff Raff – Small Town Heroes       7

Small Town Heroes Dette er songar som kunne vore her for lenge sidan. Dei har eit gammalt Amerika i seg. Men dei er heilt nye, det er i grunn ikkje så vanskelig å oppfatte. Dei er alle skrivne av 26 år gamle Alynda Lee Segarra. Ho har saker og ting på hjerta.

Alynda Lee Segarra har foreldre frå Puerto Rico, ho vaks opp i New York, men som tenåring slengte ho sekken på ryggen og drog USA på kryss og tvers. Av alle byane og stadane ho var innom likte ho New Orleans aller best. No bur ho der. Og har dette bandet, som ho er den definitive drivkrafta i, men som er eit band.

Small Town Heroes er på ingen måte eit debutalbum. Det er bandets femte. Det føregåande, Look Out Mama, er av same kaliber.

Songane Til Alynda er befolka av personar som ikkje lever sine liv i den offisielle amerikanske draumen. Ho syng om den mytiske helten John Henry, om draumaren, vandraren, dei misforståtte, dei misbrukte, dei valdsutsatte, dei homoseksuelle, dei verkelige heltane, og så syng ho om byen ho bur i.

I eit friskt oppkok av folk, country og blues. Tradisjon utan datostempel.

Låt: The Body Electric 

 

Temples – Sun Structures         7

Sun Structures Fleire songar som kunne ha vore her for lenge sidan. I alle fall for 47 år sidan. Tettpakka som dei er av kaleidoskopiske strukturar og svevande bildespråk kunne dei ha blitt til på den amerikanske vestkysten midt i den psykedeliske høgtida. Men heilt slik står det altså ikkje til. Desse tonane har blitt til i den heller anonyme engelske Midlandsbyen Kettering, no ganske så nylig. Av ein ung kvartett som har høyrt sin dose av The Byrds, Jefferson Airplane og The Moody Blues.

På dette debutalbumet omfamnar dei herlegdomen med energisk lyst og velorienterte melodiske evner. Lyden er stor, av Spectorske dimensjonar. Romklangen varmar inne i eit luftig tåkelag. Trommene lyde bombastisk og tolvstrengsgitaren ringer, og innimellom blir det sunge som om det var glamrock dei dreiv med og ikkje ei kosmisk reise.

I all denne klangen av saker som har komme til dei utanfrå lukkast Temples med å vise att sjølve. Uttrykke ein personlegdom. Og det er jo bra.

Låt: Colours To Life