Angel Olsen – My Woman

Standard

Frå det elektrisk pågåande til det praktfullt ettertenksame.                                                   8

My Woman  Det startar med ein song som flyt av garde på ei draumeven bylgje av synth-tonar. Songen heiter Intern og handlar om forelsking og det store ønskje om å «be alive» og «make something real». Den er laga på ein melodi til å krype inntil, til å varme seg på, og den er så definitivt verkelig.

Baby don’t forget
don’t forget it’s a song
I’ll be the thing that lives in the dream when it’s gone

Det sluttar med at Angel Olsen sit åleine ved pianoet. Der framfører ho Pops, ein tynnhuda song om å kjenne seg forkommen, forlaten og einsam. Pianotonane hutrar, men maktar like fullt å vere vakre. Angel Olsen syng med skjelv i målet, og spør «what is it my hearts made of?». Men ho syng også med kraftfull indignasjon «live out your life, I’ll never tell you you’re wrong». Og så syng ho sisteverset eg har sitert like før dette avsnittet. I all sin enkelheit føler eg ikkje at det er heilt opplagt kva verset vil sei meg. Men eg veit det er vakkert (det er nok ein av årsakene til at eg måtte sitere det), og eg verar at det ber på eit håp, trass alt. Noko eg for så vidt synst høver seg som eit slags punktum, for det er jo eit spor Angel Olsen er inne på i fleire av songane undervegs, håp-sporet. I større grad enn kva som har vore tilfelle på hennar tre tidlegare plater.

Det er nokre år (6 år), og nokre soniske steg, sidan Angel Olsen ganske så folk-varleg debuterte med mini-albumet Strange Cacti. For så to år seinare å fylgje opp med eit nytt folk-album (Half Way Home) som heller ikkje bevega seg utafor den akustiske sfære. Annleis, ganske så annleis, skulle det bli når ho i 2014 presenterte seg med sitt tredje album, Burn Your Fire for No Witness. Ei plate der ho hadde eit aldri så lite band med seg, og handterte den elektriske gitaren like så flittig som den akustiske. Resultatet var ein ganske så variert seanse, der både det fyrige, det smussige, og det varlige fekk sin plass.

Når det gjeld My Woman og variasjon stiller det heile seg på ein litt annan måte. Eg har nemnt den soniske og tekstlige avstanden mellom første og siste song. Mellom desse pustar og lever det åtte andre songar med ein meir gitarorientert legning. Men Angel Olsen har gjort noko litt uvanlig når ho har bestemt kva rekkefølgje låtane skal ha. Ho har nemlig valgt, etter at varmen frå førstesporet har lagt seg, å pøse på med dei mest energiske låtane på albumet. For så i albumet sin andre halvdel å både roe tempoet betraktelig og la eit par av låtane flyte av garde til dei nesten passerer 8 minuttar. Om dette påfunnet kan ein jo då komme med den innvendinga at ho ved å stille songane som liknar mest på kvarandre nærast kvarandre rokkar ved variasjonen. Gjer den mindre. Mindre enn nødvendig. Kanskje gjer ho det også? Samstundes opplever eg at kvar enkelt song på plata stemplar inn med såpass eigenart at dei toler det.

I dare you to understand
what makes me a woman

Og plata heiter My Woman, og Angel Olsen er ei kvinne på 29 år, og ho har fortalt at plata mellom anna tar for seg kampen det er å vere kvinne, og det må jo vere vettug å ta for seg. Ho gjer det i samanhengar der det mellommenneskelige er ein vesentlig faktor, og då oftast det der mellommenneskelige som kallast kjærleik. Slik tilfelle er i den eine av dei nemnte lange låtane. Woman heiter den enkelt nok, men kjærleikstilhøvet som blir skildra i den er ikkje like enkelt. Hovudpersonen dobbelkommuniserer, ho fortel ein person at vedkomande kan dra sin veg , men ho gjer også uttrykk for at dei to har noko spesielt saman. Ho bryt og ho ber. Går ned på kne og syng «tell me what I wouldn’t do, tell me that love isn’t true, I dare you to understand, what makes me a woman». Ein gitarsolo, ein oppskrubba ein, gjer eit slags svar. I ei låt som sig fram med psykedeliske synth-fargar som bakteppe, ikkje så veldig langt unna trakter der Portishead har gjort mykje bra. Medan Angel Olsen si allsidige stemme vandrar mellom det kraftfulle og det vevre.

Til I am nothing else
but the feeling

Og røysta hennar er så mykje, frå rå til engleaktig og meir til, og heilt uaffektert er den det. På sitt råaste er den i grunge-åtaket Not Gonna Kill You. Ein song der kjenslene dansar utanpå, og der bøna «let the light shine in» går i nærkamp med destruktive krefter. Røff i mål og tone er dama også i songen som nok har det klaraste hit-potensialet på albumet, Shut Up Kiss Me. Ein song som ganske så eksplisitt maktar å fange augeblikket etter ein krangel der partane ikkje er heilt klare for å gå vidare enno. Men der den eine er nærare det enn den andre. Her er det ho. Noko ho med tydelig diksjon gjer til kjenne i refrenget – «Shut up kiss me hold me tight».

There is nothing new under the sun
heartache ends, heartache ends, heartache ends,
And begins again

Med Heart Shaped Face driv Angel Olsen inn i albumet sin rolege, dvelande avdeling. Det er eit snev av country å spore i den låta, av den sorten Lucinda Williams kunne skape i sine beste dagar, på nittitalet. Samstundes har den også eit vesen som kan minne meg om Sharon Van Etten. Å vere i endring er eit tema som blir tatt opp i låta. Noko den har til felles med Sister, den kanskje flottaste songen på plata. Eit snev av country er det i den også, der den sig framover, og forsiktig bygger seg oppover, og held tak i nokre drivande vakre tonar. «All of my life I thought had changed» er eit mantra i siste del av songen. Den andre songen som strekk seg mot åtte minuttar. Men mest opplever eg den som ei kjærleikserklæring til livet og til ei søster – «I want to live life, I want to die right, next to you».

Slik, med songar som går audmjukt til verks, med songar som er fulle av vilje, og med songar som har snerren i seg, tar Angel Olsen lyttaren med på ei variert ferd som når siste sukk tonar ut viser seg å henge bra i hop.

TIDAL: ANGEL OLSEN – MY WOMAN

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s