Tag Archives: Wilco

Litt om Jason Isbell, Wilco, Dr. Dre

Standard

 

Sommaren 2015 har ikkje berre handla om regn og gråvær, den har sjølvsagt også handla litt om musikk. Innimellom rundar med Stone Roses, Father John Misty, Love, Parliament, Kendrick Lamar og Violent Femmes har det i tillegg blitt tid til  nyleg arrivert musikk. I første rekke dei nye platene til Ezra Furman og Tame Impala. Begge omtalt i rosande ordelag på denne bloggen dei siste vekene.

I tillegg har eg tatt meg tid til å høyre på dei ferske platene til Jason Isbell, Wilco og Dr. Dre. Naturleg nok. Eg hadde jo forventningar. Men, tenker eg no, er dei i grunn så bra som dei burde ha vore?

  Something More Than Free har Jason Isbell titulert si plate. Omslaget er i svart/kvitt, akkurat som Southeastern var. Med eit portrett av Isbell sjølv, akkurat som på Southeastern. Med tonar produsert av Dave Cobb, akkurat som på Southeastern. Med songar om folk med ei fortid, akkurat som på Southeastern. Konsise gode skildringar av menneskeskjebner, akkurat som på Southeastern. Akkurat som Jason Isbell har gjort til sitt kjennemerke sidan han dukka opp med legendariske Outfit for tolv år sidan.

Southeastern var ei særdeles god plate. Jason Isbell si beste plate. Den var eit oppgjer med ei fortid der alkoholen og usympatisk åtferd hadde vore sentrale faktorar. Med minneverdige songar som Cover Me og Elephant i sin midte. Something More Than Free handlar om det tittelen lovar. At det finst noko ein må plusse på fridomen med for at livet skal kjennast bra. Og det ein plussar på med – «a reason» – tar noko vekk frå fridomen. Og så blir livet levd, i strev og glede, og Isbell spør seg: «Are you living the life you chose» eller «Are you living the life that chose you»?

Tonane er som dratt like utav Southeastern. Det er countryrock, folkrock, blue-collar, akustisk med litt elektrisk strø. Det er ei plate eg får ei kjensle av at det står nr II på. Den har sitt å gje, men den gjer meg ikkje like mykje som Southeastern, absolutt ikkje. 6.

  Star Wars har Wilco, av ukjente grunnar, kalla sitt plateframstøyt av året. Og plata kom som skote utav ei E-11 Blaster Rifle. Over natta, midt i juli, blei den lagt ut til fri nedlasting, heilt utan føreannonsering. Eit prisverdig tiltak det for så vidt. For bra er den jo også, om enn noko ujamn.

Nels Cline og Jeff Tweedy har kvesst gitarane sine noko alvorlig. Kvesst dei og så fuzza dei til. Rytmikken er blitt rista i ein boks det står The Feelies anno 1980 på. Og 100% ferdiggjering kan ikkje ha vore eit mantra under innspelinga. Alt dette er jo lovande. Det som ikkje er like lovande er den indre kvalitet i kvar einskilt låt. Det finst meir enn ein låt, ja ein dryg halvpart vil eg hevde, som nok ikkje har det heilt store melodiske vesen eller djupfølte schwung over seg. Litt sånn lettvektarkaliber med andre ord.

Og så finst det ein låt eg aldri skal gløyme. Manande, fuzzande, groande, vidunderlige You Satellite. Kombinasjonen av eit shoegaze-møter-krautrock-driv og ein mild melodisk tone er av det uimotståelige slaget, og linja «you can’t sing what you can’t give away» høyrest temmelig så riktig ut.

You Satellite er den einaste songen på plate som varer over fem minutt, ja den er den einaste som varer over fire minutt også. Plata tippar så vidt halvtimen og songane er av +/- 3 minuttar sorten. Random Name Generator og Cold Slope er to fuzzpoplåtar som kitlar i magen, og The Joke Explained er frisk og fengande countryrock. Sånn elles? … vel vel. 6.

  Compton er tittelen på Dr. Dre sitt ferske album. Hans tredje soloalbum, og det første på denne sida av årtusenskiftet. Dei seksten åra som har gått sidan førre album har han jobba med eit hyperambisiøst prosjekt kalla The Detox. For eit år sidan konkluderte han med at det var og blei skrale saker og skrinla heile greia. Compton tok så form. Som ein slags gjenvisitt til det legendariske NWA-albumet Straight Outta Compton (som no også er tittelen på ein film om Dre og hans kompisar).

På Compton ser Dre tilbake, men like mykje, nei meir, ser han inn i dagens situasjon. Til Los Angeles forstaden Compton, med sin kriminalitet og sine høge drapstal, mot USA elles og den høgaktuelle afroamerikanar vs politi situasjonen, og så snakkar han sjølvsagt om seg sjølv. Legg ikkje skjul på at han er styrtrik («still got Eminem checks I ain’t opened yet»), og gjer det klinkande klart at hans «influence run deep like the ocean» så «don’t get it fucked up».

I sonisk forstand er Compton eit mildt sagt innhaldsrikt album. Her skjer det, og skjer det og skjer det. Soniske utskeiingar fylgjer i hælane på kvarandre. Kvile må ein gjere ein anna stad. Dette er action, og lyd, lyd, lyd. Men ikkje vindskeiv og ute-av-kontroll-lyd. Dre har grepet på alt som skjer. Han og hans studiomusikantar har laga eit velsmurt album. For velsmurt? For utsøkt? For mykje?

Dre har sjølvsagt med seg ein god gjeng av rapparar og songarar (velkjente og totalt ukjente). Frå NWA-kompis Ice Cube via Snoop Dogg til Eminem. Men det er Kendrick Lamar som stel showet. Gjennom tre vers frå tre ulike spor etterlet han seg ikkje fnugg av tvil. Han set fyr på sakene. På Genocide, på Darkside/Gone og på Deep Water. Men den aller beste låta er sannsynlegvis Animals. Der ein ung Los Angeles fyr med ei soul-fylt røyst og det noko merkelige namnet Anderson.Paak (han gjer seg forresten gjeldande på fleire spor her) går i eggande klinsj med Dre. I ein song om å bli stempla, om korleis ei heil gruppe («niggas») blir kategorisert utifrå gjerningane til nokre få.

Dre har laga, spelt inn, produsert, og vore med på ein god bunke plater som er betre enn Compton. Men inni her. I denne dryge, veldige timen, finst det saker som får varmen til å breie seg, eller hjarta til å banke, eller beina til å vandre, så noko mindre enn ei bra plate er det jo ikkje. 7.

 

Musikalsk årsoppgjer for 2004

Standard

Endå eit år er kome til sin ende, og det er tid for den særdeles viktige oppsummeringa; Årets beste plater. Skjønt den med tanke på kva som skjedde 26. desember i det Indiske hav, fortonar seg som ein mikroskopisk bagatell.

Etter nærare ettersyn vart eg sitjande att med drøyt 20 album som eg syntes fortjente plass på lista (så det må ha vore eit brukandes år). Her på Groove skal ein imidlertid ned i 10 stykk, så derfor var det berre å setje i gang og kutte ytterligare ned på antallet.

Desse 12 vart ein etter ein, og nokså ufortent fjerna frå lista:
The Gospel Of Progress – Micah P. Hinson
Rejoicing In The Hands – Devendra Banhart
The Graceful Ghost – Grey DeLisle
Cathedral – Castanets
Winged Life – Shearwater
Escondida – Jolie Holland
Amasskoul – Tinariwen
Stories Under Nails – Ben Weaver
Great Lake Swimmers – Great Lake Swimmers
Favourite Colours – The Sadies
Franz Ferdinand – Franz Ferdinand
Seven Swans – Sufjan Stevens

Ingen norske altså, korkje blant desse eller dei ti ”heldige” vinnarane. Men både Tussler, William Hut, Euroboys og nokre til har levert solide saker.

Så til dei ti utvalgte:

1. A Ghost Is Born – Wilco
Etter eit meisterstykke kjem ofte eit antiklimaks. Yankee Hotel Foxtrot var eit meisterstykke, men A Ghost Is Born er ikkje eit antiklimaks. I staden serverer Wilco nok eit meisterstykke, og tek samstundes eit skritt vidare på si innovative oppdagarferd i rock-universet. Albumet skil seg frå forgjengaren først og fremst med å redusere på mengden av synthbaserte og maskindrevne lydinnfall. Bildet er meir jordnært og varmt, enn dei noko bistrare og eksotiske strekane bandet farga (med magnetisk kraft) forrige gong. Fortsatt skuer Tweedy og hans medsamansvorne villig inn på uutforska territorier. Men aldri gjer dei slikt for å være sære, vanskelige eller pretensiøse. Her er ingen fakter og tull og tøys, berre pur kjærleik til musikken. Og sjølv om bandet er eit prosjekt i stadig endring har dei også sin lett gjenkjennelige signatur. Den står skreven der, innimellom den store handlefridom, dei lettbeinte utfluktene, den dempa uroen, og det åpne minimalistiske bildet, bakom Tweedy sine resignerte men sjelfulle vokale avleveringar, i hjarta av hans låtskrivarkunst.
Han avsluttar albumet med å hevde at; ”the best songs will never get sung”.
Sjølv om den påstanden kan virke nokså kategorisk trur eg det er nett desse songane, dei beste, dei usungne, Tweedy og hans Wilco heile tida jaktar på. Og dei tolv han har fanga denne gongen, og gjeve ein sonisk fødsel i ei mangefarga spøkelsesdrakt må då komme veldig nær nett slike skussmål.

2. Aw Cmon / No You Cmon – Lambchop
Eit dobbeltalbum eller to separate album? Det kan egentlig være det same. Det viktigaste er at Kurt Wagner og hans kollektiv fortsatt viser at dei er totalt immune mot å prestere likegyldige og daffe tone-framstøt. I forhold til dei seinare utgjevingane og spesielt den ekstraordinært sordinerte Is A Woman, har dei denne gangen retta opp ryggen og sett seg litt lenger fram på stolkanten. Dei talrike instrumentalistane har fått tildelt ei meir dominerande sonisk rolle, og overdøyver rett som det er Kurt sin vokal. Like fullt, det er herr Wagner som styrer vogna fortsatt. Med vokale tonar henta frå eit djupare bass territorium enn nokon gong før, smyg han seg rundt blant eit rikt antall meisterlige komposisjonar. Ja Aw Cmon / No You Cmon står faktisk fram som bandet sitt mest varierte og rikast fasetterte framstøt til nå, og er eit oppkomme av storveges Lambchop-klang. Litt annleis, men likevel kjent og kjært.

3. Chutes Too Narrow – The Shins
Denne kom opphavleg ut i oktober 2003, men fekk først i mars 2004 sin offisielle release i Norge. Og sidan det først var då den nådde mine øyregangar, blir den med på årets liste.
Frå dei lynsnart klappar sakene i gang, tett fulgt av eit kvikt ”woooh” på Kissing The Lipless, blir ein teken med på ei ferd inn i ei fargerik verd, der heftige hooks og briljante tonar presenterer seg i så tett ordning at ein aldri klarer å tørke vekk det fornøyde gliset før lenge etter at siste plystre-tone i avslutningssporet har lagt seg til ro. Tru likevel ikkje at dette er eit ”kjekt i dag gløymt imorgon opplegg”. Melodilinjene til The Shins har både substans og varig dynamisk kraft, og fylgjer slett ikkje alltid den aller mest opplagte ruta. Tekstane er glede, smerte og angst i eit surrealistisk fellesskap. Tilsaman er seansen den friskaste omgangane med tradisjonell popmusikk slik Beatles lærte oss den sidan The La’s kom vandrande utav Liverpool sine bakgater i 1990 (og forsvant like fort tilbake).

4. Dogs – Nina Nastasia
Endå eit album som eigentlig ikkje tilhøyrer 2004 årgangen. Dogs er Nina Nastasia sin debut, og fant vegen ut til publikum for første gong ved inngangen til dette årtusenet. Det gjorde den i eit svært begrensa antall (2000 eksemplar). Og har sidan vore umulig å finne for oss som fant fram til Nina si verd seinare. I år har den blitt trykt opp på nytt, og takk for det.
Nina er ein sjeldan fugl. Ein singer/songwriter med sterke låtar, personleg stemme og ein original innfallsvinkel. Ei dame som ikkje skuar i retning vedtatte normer for låtoppbygging, som tør å leve litt på sida av det gjennomsnittlege og sjølvsagt vinn mykje på det. Først og fremst fordi dei ulike angrepsvinklane ho nyttar seg av, gang på gang skapar praktfull dynamikk. Der ute på kanten, der det nennsomme rett som det er blir utfordra av det desperate. I det eine augeblikket kjempar ho mot lumske kastevindar, i det neste lener ho seg tilbake ei stille morgonstund, for så kanskje like etter å vitje skuggane i skumringstimen. På det tekstmessige plan er det vel sistnemnte tilstand som oftast blir frekventert. For Nina lar oss ofte møte kvinner og menn som stirar katastrofen i augene, som har eit hjarta innkapsla av bitande og angstfylte gifttrådar, som har mista grepet på tilværet, og der utfallet sjeldan ser ut til å bli av det gode.
Steve Albini har produsert, og lar Nina være i sentrum. Det er minimalistisk, usminka, vakkert og forførande.

5. Abattoir Blues / The Lyre Of Orpheus – Nick Cave & The Bad Seeds
Det er ein del år sidan no at det verkeleg slo gnistar rundt Nick og hans medspelerar. Ti år for å være nøyaktig. Med årets dobbelutgåve har mannen funne tonen igjen. Spelet er det same gamle velkjente, sjølv om det nok ikkje er like frenetisk og overoppheita som i mannen sine yngre dagar. Men det han skulle mangle av dristige utspel tar han igjen i smart struktur, sterk melodikk og generell rutinert faenskap.
Det kanskje dårligaste frøet av dei alle Blixa Bargeld har tatt farvel med laget. Men når den villaste katten har reist sin veg, tek dei andre til å frese litt ekstra. Kanskje skal dei innbudte gjestene frå London Gospel Community Choir og deires vitale og elegante sangglede få litt av skylda for det flotte resultatet også.
To innhaldsrike rundar med høgoktan gospel, inspirert blues, monumentale raid, flørting med poptonar, lumsk lusking, sakrale hymner samt omskriving av ein gresk tragedie.

6. Funeral – The Arcade Fire
Prisen for årets debut går til denne sekstetten frå Montreal. Ekteparet Regine Chassagne og Win Butler leiar an ei ferd rik på vanedannande musikalske opptrinn. Det går an å gjere det enkelt for seg og nemne Talking Heads, Gang Of Four, Flaming Lips, Pixies, Roxy Music og fleire andre, men Arcade Fire er meir enn summen av alt dei liknar litt på. Arcade Fire har med utgangspunkt i det som har blitt utvikla tidlegare meisla sitt eige uttrykk. Med mot, eit ope sinn samt eit arsenal av instrument skaper dei eit mangeslungent uttrykk, som spenner frå det overveldande via det kvilelause og febrilske til det tandre. Med ein fabulerande og undrande, av og til nesten naiv, innfallsvinkel oppdagar hovudpersonane i låtane deires eit nabolag og ein verden av løgn, smerte, lengsler og død. Det kunne blitt over toppen og patetisk, det blir glødande, vakkert og uimotståelig.

7. Trampin’ – Patti Smith
Trampin’ femner om eit breidt register, frå den skjøraste tone til dei mest infernalske raid. Frå personlege nedteikningar til sterke politiske og dagsaktuelle ytringar. Frå romantiske forestillingar via pretensiøst ordgyteri til kraftfulle utsegn, rikt krydra med fabelaktig surrealisme og vakre lyriske bilder. Det sentrale øyeblikket er like fullt det kraftfulle rittet Radio Baghdad. Tolv minuttar som er både dagsaktuelle og evigvarande. Tolv minuttar vekslande mellom sang, deklamering, kviskring og høglydte sukk. Tolv minuttar med same intense nerva vi fant i klassiske rock’n roll rekviemer som Land, Gloria, Radio Ethiopia og Rock’n Roll Nigger. Tolv minuttar med eit heilt anna verdensbilde enn den amerikanske administrasjonen. Tolv minuttar som får meg til å minnast kvifor eg tok til å elske Patti Smith, ein gong i det forrige årtusen.
Mykje bra blant dei resterande kutta også, både blant dei sakrale balladane og dei drivande rockenummer. Trampin’ er kort fortalt det beste dama har gjort sidan Easter, ein gong i det forrige årtusen.

8. Love Songs For Patriots – American Music Club
For ti år sidan var det stopp, gjengen som hadde gjeve oss California, Everclear og Mercury gjekk kvar sin veg. No har den vegen endelig ført dei saman igjen, og her presenterer Eitzel og hans klubbmedlemmer tretten låtar og ein time i velkjent AMC fasong. Det betyr musikk vaklande mellom dei varaste tonar og el-gitar feedback, forstyrra bassgangar, og anna glødande grums. Musikk som er free folkrockin’ nedover ein grusveg få andre tør følgje, men som hentar inspirasjonen frå store deler av det amerikanske musikk kartet; rock, folk, blues, country, jazz.
Frå sitt skeive hjørne har Mark Eitzel stadig noko å melde, både som sjelegranskar og som skildrar av meir politisk karakter. Og sjølv om det er livet sine mørkare irrgangar som oftast blir granska, og samfunnsynet hans er heller pessimistisk, så viser han på Love Songs For Patriots at han og har eit lite lyst glimt innerst i augekroken.
Årets comeback, og eit nytt kapittel i AMC sine makelause bulletiner frå dei skrå breidder.

9. Blueberry Boat – The Fiery Furnaces
Med utgangspunkt i søskenparet Friedberger sin interesse for The Who sine rock-opera tilfeller A Quick One (While He’s Away) og Rael legg Blueberry Boat til land med ei musikalsk last fylt til randen (eller kanskje helst over randen) av fargerike, fantasifulle og smått infame soniske påfunn. For sjølv om The Fiery Furnaces drikk av kjelder også andre har forsynt seg frå, ser det ut som effekten blir noko annleis når dette amerikanske søskenparet får stoffet innabords. Allereie på sitt friske og vindskeive debutalbum Gallowsbird’s Bark, frå i fjor, framstod dei som noko litt for seg sjølv. Men klarer likevel å plassere seg endå nokre hakk lengre vekk frå normal folkeskikk her på oppfølgjaren. Med tonar hente frå ulike hjørner av rockehistorien, cabaret-formen, musikalar, spenstig folk og …. tja, litt av kvart igrunn, serverer dei ein ordrik, vanvittig og surrealistisk seanse, vel verdt å få med seg.

10. Antics – Interpol
Med ein debut bak seg som fullt fortjent fekk mykje godord for sitt mørke og suggestive vesen, kan det ikkje ha vore berre lett å forme oppfølgjaren. Dei mest slåande endringane i forhold til debutskiva er at Paul Banks sin vokal er plassert lengre fram i bildet, tonen kan virke litt lysare, og ein del av låtane viser seg å ha kvaliteter i retning popdrops-lende. Slik blir dette noko litt anna, men og ei plate som har minst ein fot trygt plassert innafor det same feltet dei dreiv rundt på sist.
Bandet sin tone har stadig sine tydelige likhetstrekk med britiske new wave aktørar som Joy Division, The Sounds og Echo & The Bunnymen, men er fyldigare og meir velkledd. Det er tøft det er coolt det er stillstand i møte med eksplosivitet, det er smarte taktskifter og eggande rytmegangar, og på toppen av det heile injiserer dei stoffet med særdeles velutvikla dosar tiltalande melodilinjer.

Og når vekene, månadane og åra no har gått ser eg sjølvsagt at desse platene også burde ha vore nemnt, og kanskje til og med blitt tildelt atskilleg med skryt, i denne samanhengen:
The Walkmen – Bows + Arrows
Dungen – Ta Det Lungt
Devendra Banhart – Nino Rojo
Iron & Wine – Our Endless Numbered Days
Black Cab – Altamont Diary

Wilco – The Whole Love

Standard

Lite er nytt, mykje er bra, 34% er magisk.

7

cover

Det finst gode grunnar til å like Wilco. Det har eg alltid synst. Eg er ikkje heilt åleine om det. Folk som finn gode grunnar til å like Wilco har etterkvart blitt ein talrik skare. Men den same grunnen til å like Chigaco-bandet har dei nødvendigvis ikkje. Det er nemlig mange syn på kva som er den beste Wilco-plata. Ja minst like mange syn som det finst Wilco-plater. Skal vi rekne det litt grovt (og noko unøyaktig) kan vi dele Wilcofolket i to leirar. Dei som synst bandet vrei og rota soundet sitt unødig til på første halvdel av 2000-talet, med albuma Yankee Hotel Foxtrot og A Ghost Is Born, og dei som synst bandet nettopp med desse to platene støyflørta seg inn på sitt beste spor. Eg kamperer i sistnemnte leir, men har ikkje funne alvorlige grunnar til å mislike eit einaste av dei andre Wilco-albuma.

Eg ser føre meg Wilco si utvikling litt slik som ei Tour de France-løype som går bratt oppover frå første kilometer av. Bandet starta i låglandet saman med resten av feltet av countryrockande gitar- og boogieband. Men med plate nummer to, talande nok titulert Being There, var største delen av feltet allereie fråkøyrt. Eit felt som på ingen måte var komme nærmare då Summerteeth presenterte seg ueinsarta og opplagt tre år lengre framme i løypa. Etter det steig det skikkelig. Halsstarrig og på tvers av sunn sonisk fornuft gjorde bandet eit rykk som først heldt på å felle dei. Direktørar og rådgjevarar ropte vent og ta det med ro. Då dei ikkje vart høyrte surna dei til og nekta å yte meir bistand. Wilco gav seg ikkje av den grunn, og tråkka vidare mot Yankee Hotel Foxtrot, fant nye partnarar i ånda der oppe i tynnlufta, og nådde toppen i einsam majestet, til åtgaum frå både kritikarar og eit større publikum. Dei lente seg ikkje tilbake og venta på selskap av den grunn. Dei hadde ein ny topp i sikte. Like eigenrådige og noko mørkare i blikket tråkka dei seg opp dit, og fødde eit spøkelse framstilt av lumske edderkoppar, Handshake Drugs og nokre få håpefulle tankar. Etter så å ha manifestert denne heroiske klatringa med eit livealbum, bar det utfor.

Ikkje så brått og bratt at det gjekk gale, men då det flata ut nede i dalen såg himmelen ganske så blå og godmodig ut, tilstanden var langt mindre sveitt, og dei var blitt henta inn av eit større felt. Sidan har bandet helde fram i flatare terreng og levert gode men ikkje fantastiske The Album. Det same kan vel i grunn seiast om årets The Whole Love. Ei plate som med to essensielle unntak nok ikkje evnar å sprenge noko felt, eller forårsake alvorlige svingingar i sjela.

Men altså, The Whole Love har to låtar eg aldri kjem til å komme utanom. Den første og den siste. Dei tar sin plass. Til saman varer dei i nitten minuttar og nitten sekund, og utgjer 34% av albumets soniske flate. Art Of Almost heiter den første. Den kjem mot meg med statisk gnissel, flyt etterkvart inn i eit melodisk område dominert av Tweedy sin slepande halvmedvitne straum av ord om framandgjering og nestengjerningar, heile tida med ein suggererande rytmikk omgitt av diverse urolige soniske forhold. Opne og romslige forhold. Ekspansive forhold, som driv mot ein eksplosjon som kjem. Kjem i form av den mest elektriske gitarsoloen Nels Cline har kalla fram i heile si wilcotid. Elektrisk, hissig og hårreisande. Art Of Almost er Wilco i krautslag. Eit slag dei tidlegare har skapt slektande låtar som Spiders (Kidsmoke) og Bull Black Nova i. Eit slag dei burde vore i oftare. Dei er absolutt ikkje i eit slikt slag når dei til slutt når fram til One Sunday Morning (Song For Jane Smiley’s Boyfriend). Men du verden, det finst fleire måtar å bergta på.

One Sunday Morning gjer det over tolv minuttar, ti vers, og eit vokallaust refreng. Langsamt, varlig og gjentakande. Med ein marginal melodi som veks seg meir uimotståelig for kvar gong eg møter den. Songe fram med nattsida av Tweedy sitt stemmeleie. Løfta opp av subtilt gnikk og spel frå resten av gjengen, der særlig pianoet til Patrick Sansone skal nemnast. Jane Smiley sin kjærast finn eg ikkje att andre stader enn i tittelens parentes. Det eg høyrer, i teksten, og mellom linjene, er ein miks av søndagsmorgonmelankoli, gudsfornekting og ein ny morgons nye sjansar. I ein song som aldri truar med å springe frå meg, som berre går og går, lengre og lengre inn i meg.

Det som finst imellom desse to suverene har ikkje heilt same verdi. Ingenting festar eit grep eg tenker er av det evigvarande slaget. Men eg synst då bra om eit og anna av det like fullt. Om Open Mind, ein imøtekommande og attraktiv countryballade. Om I Might, ein konsistent rockelåt med ein kort Stooges-sampling («Brutha!»-ropet frå T.V. Eye). Om Born Alone, ein rockelåt av det slaget Paul Westerberg så heilt naturlig kom opp med rett som det var tidleg på nittitalet. Om Capitol City, der den dansar godlynt fram i jazzbrisa popform. Og om tittelkuttet, med sine falsettsungne vers og sitt absolutt dugande funky vesen.

Til saman femner plata det meste Wilco har vore innom sidan starten for 16 år sidan. Og kan kanskje såleis sjåast som ei samleplate med berre nye låtar. Ei god ei.

Først publisert på Groove.no (i 2011)

 

Wilco – Wilco (The Album)

Standard

Eit modent og velspelande Wilco konsoliderer stillingen. Med gode låtar, og ein og annan ikkje fullt så god låt.

7

cover

I løpet av dei femten åra dei har eksistert som band har det vore få tendensar til stillstand i Wilcoleiren. Det har alltid vore ein trong der til å utforske nye territorium. Ikkje ukritisk, retningslaust og altomfattande, og ikkje utan den karakteristiske Tweedyske tonen sentralt på plass. Men den har ikkje fått vore heilt i fred denne tonen. Den har ofte blitt utsett for både eksperimentelle og smått provokative angrep. Soniske angrep, og fintar, som har vore med på å gjere Wilco til eit av dette tiårets mest interessante band.

Utretta av eit stadig skiftande lag av musikarar, der berre frontfigur Jeff Tweedy og bassist John Stirratt har vore med heile vegen. Men kan vi ane konturane av eit meir stabilt Wilco no? For første gong kjem dei nemlig med eit album som har nøyaktig det same mannskapet som på albumet før. Det nokså mildt forma poprock albumet Sky Blue Sky. Litt mindre mild i forma er nok (The Album).

Litt, for eit baskande og vrangvillig framstøyt er ikkje dette på noko som helst vis. Ikkje eit som representerer ei ny Wilco-lei heller. Albumet er i staden fullt opp av 11 låtar som alle har slektningar på tidlegare Wilco-album. Støypt i ei sonisk form som er ei slags innstramming og sofistikering av det Tweedy har tillete seg å gjere før.

Med andre ord, kan vi ane ein viss stillstand i Wilco-leiren? Kanskje. Men daffe og uinteressante som eit anna Smashing Pumpkins eller REM er dei ikkje blitt (enno). Og låtar som maktar bore seg inn i hjerta eins byr dei framleis på.

Bull Black Nova heiter låta med dei aller sterkaste slike evner. Krautrocken til Neu! vert her kryssa med Television si stålskarpe melodiføring, i ei låt som har sin næraste slektning i fantastiske Spiders (Kidsmoke) frå A Ghost Is Born. Eit monotont suggererande gitar/keyboard-tema masserar songaren iherdig langs ryggrada. Ein songar som (på dette, og fleire andre av albumets kutt) viser seg frå ei veldig så overtydande side. Ein songar som på desperat vis syng om angeren etter ei brutal og uopprettelig handling. Eit drap. Rimelig treffande då at låta sklir inn i eit sonisk helvete i det den nærmar seg sin undergang.

Fleire av det slaget har ikkje albumet. Resten av låtane er forma i mindre urovekkande former. Frå kraftfull og spenstig poprock til meir dempa balladar. Nokon vil bli gløymt, men fleire har livets rett, og vel så det.

You And I for eksempel, der Tweedy syng duett med canadiske Feist. Ei enkel og vakker vise om å verne om mystikken og x-faktoren i kjærleiken, for slik å halde den levande. Saker og ting som ikkje har gjort seg heilt til kjenne (men kanskje burde ha gjort det) lurer også i krokar og under gulvplankar i det krypande tilfellet Deeper Down. Lenger framme i lyset ligg utfordringane i vemodsvakre One Wing. Det er kjærleiken det handlar om her også. Kjærleiken, og dens noko innfløkte vesen. Nels Cline lurer på plass ein av sine mange eksplisitte og glassklare små gitarsoloar, og Tweedy fortel ein fabel. Ein fabel som handlar om at det trengs to venger for å flyge, ei venge «can only wave goodbye». Men utan håp er songen ikkje.

Det er Country Disappeared. Ein temperert west coast-infisert ballade, av det slaget Jackson Browne kanskje kunne komme opp med i sine beste tidleg-syttitals stunder. Der Tweedy hentar fram dei ømmaste strengene i røysta si for å skildre ein situasjon som viser seg verre enn frykta.

Frå eit heilt anna hjørne. Eit beint fram muntert eit møter Wilco oss i snedig titulerte Wilco (The Song). «Wilco will love you baby» lyde refrenget, i ein song Tweedy med glimt i auga ynskjer skal vere ei «sonic shoulder for you to cry on». Låta går ikkje inn i historia som ein Wilco-klassikar. På ingen måte. Samstundes har den ein sympatisk popsnert og eit tilforlatelig vesen denne lyttaren ikkje klarer vende ryggen til. Noko av det same opplever eg med den sonisk sett slektande duoen You Never Know og Sonny Feeling. Den første drar rett nok sine George Harrison-fakter vel langt i Jeff Lynne-retning, og den andre forsøker å hekte ein med ganske så opplagte popløysingar, men eg klarar ikkje fri meg frå å synast dei har ein bra dose popsjarm også. Begge to.

Det har ikkje I’ll Fight. Den forsøker vere ei storslagen kjærleikserklæring, men vert nok helst ein preglaus og stampande soulrockar. Det store minneverdige avtrykket set ikkje dei to trivielle popvisene Solitaire og Everlasting Everything etter seg heller.

Så kva skal eg seie? Eit Wilco-album øvst der oppe er dette ikkje. Og heller ikkje eit som søker ut i vilnisset, eller kikkar ned i avgrunnen. Absolutt ikkje. Det er eit album som heller søker mot dit ein finn komfort. Stort sett i alle fall. Så får det vere opp til kvar enkelt å finne ut av kor ein helst vil fylgje bandet.

Alt til si tid, er vel kanskje underteikna mest tilbøyelig til å tenke. Og at det finst tider for (The Album) også, det veit eg sikkert.

Først publisert på Groove.no (i 2009)

 

Wilco – Sky Blue Sky

Standard

Tweedy har funne ro i sjela. Det smittar over på Wilco.

7

cover

Det er sjølvsagt inga lov som seier at det ein artist skaper vert farga av korleis hans eller hennes private liv fortonar seg. Men det er vel heller ikkje til å undrast over om det av og til blir nett slik. Jeff Tweedy har fortalt det i fleire intervju, og han gjer det klart i fleire av songane på den nye plata. Kanskje er ikkje himmelen heilt blå, men det er definitivt eit tynnare skylag som skil han frå den grenselause harmoni i desse dagar enn kva som var situasjonen då han og Wilco-gjengen skjenka oss det bistre og skytunge meisterverket A Ghost Is Born for 3 år sidan. Den gongen sleit han med migreneanfall, eit eskalerande pillemisbruk og eit sinn i ferd med å rakne. Så han er vel i sin fulle rett når han i det lyseblå tittelkuttet refererer til det som rotne tider.

«With a sky blue sky
This rotten time
Wouldn’t seem so bad to me now
Oh, I didn’t die
I should be satisfied
I survived
That’s good enough for now»

Det er klart Tweedy skal få lene seg tilbake i sofaen og vere tilfreds. Det er klart vi ikkje skal forlange å få servert eit rastlaust og urovekkande album à la Yankee Hotel Foxtrot eller A Ghost Is Born i år. Det er klart vi skal vere glad på Tweedy sine vegne.

Om lesaren no ventar seg eit men, eller trur at dette er innleiinga til eit postulat om den lidande kunstnaren sine uana evner til å skape, og den fornøgde kunstnaren sine skortande evner til å få til det same. Vel, så er det ikkje det. Eg trur ikkje på ei slik hypotese. Eg trur god musikk kan gro fram frå dei fleste tilstandar. Og eg trur dårlig musikk kan gro fram frå dei fleste tilstandar.

Det meste av det som rører seg på Sky Blue Sky er bra stoff. Albumet evnar rett nok ikkje å overliste meg på same verknadsfulle vis som det dei beste Wilco-albuma gjer, men det evnar å etterlate meg i ein særdeles tilfreds tilstand. Og då kan ein vel ikkje klage så altfor mykje?

Det har blitt ein slags tradisjon at kvar gong Wilco kjem med nytt album så har det vore skifte i mannskapet. I forhold til kven som utgjorde bandet på A Ghost Is Born er det slik denne gongen også. Men dei to ferskingane, gitaristen Nels Cline og multi-instrumentalisten Pat Sansone, kom med på laget like i etterkant av at spøkelset vart født, og var såleis også ein del av laget på live-albumet Kicking Television. Med tanke på at Nels Cline har ei fri-jazzande fortid i utkanten av den konvensjonelle musikkverda, har det vore visse forventningar om at han skulle spele ei viktig og eksperimentvillig rolle i Wilco sin fordomsfrie og ikkje alltid like rettvinkla måte å framføre sin rock’n roll på. Han spelar definitivt ei viktig rolle på Sky Blue Sky, men kanskje ikkje heilt slik det var forventa.

På Sky Blue Sky har Wilco filt bort alle kantar, lagt støyen til sides og gitt lite rom for tverre tonar. Her blir det satsa på mjuke tonar. Tonar dei fører fram i eit avslappa og levande samspel, og med få tilsettingar (les overdubs). Men samstundes som dei kanskje har ein høgare organisk faktor enn på fleire år er det vel også liten tvil om at dei har nærma seg den konvensjonelle midtstripa, og gjort seg sjølve litt mindre særprega.

Det er likevel nok av Wilco-preg, ledig samspel og sjelfull tilnærming til at albumet set sine spor. Eit definitivt høgdepunkt er soulsøkaren Side With The Seeds der Tweedy gjer ein av sine beste songprestasjonar til dags dato. Pat Sansone ligg under med duvande orgeltonar og Nels Cline tar ein glødande liten runde på strengene sine, men utan å forsvinne ut i opent lende. Den lengste gitarutflukta til Cline får vi servert i Impossible Germany. Her han møter Tweedy og Sansone til ein duell som kanskje kan karakteriserast som ein sofistikert variant av Tom Verlaine vs. Richard Lloyd på Marquee Moon. Elles høgg Cline solid til i midtpartiet av You Are My Face. Ei låt som elles har visse vokalharmoniske likheitstrekk med Simon & Garfunkel. Og der i dei folkprega sfærar er det at albumet sitt tyngdepunkt er å finne. Ein liten liketil melodisk vinnar i så måte er What Light, med sin Dylanske countrytone, sitt nesten gospelaktige refreng, og si oppfordring om å gjere det ein føler for same kva andre måtte meine.

«If you feel like singing a song
And you want other people to sing along
Just sing what you feel
Don’t let anyone say it’s wrong»

Det er få uforståelige surrealistiske innfall eller gåtefulle metaforar i Tweedy sine tekstar denne gongen. I staden får vi servert mange ganske så direkte og til tider trivielle refleksjonar omkring dei nære ting. «Maybe you still love me, maybe you don’t, either you will or you won’t» heiter det til folkjazzy tonar i Either Way. Ei låt som har sine åndsfrendar i både Please Be Patient With Me og On and On and On. Det er samlivet mellom kvinne og mann, og dets aldri heilt problemfrie vesen det ofte handlar om, men stort sett framstilt i ein forsiktig optimistisk tone.

Optimistisk kan ein vel neppe seie at hovudpersonen i Hate It Here er, der han rastlaus og fortvila prøver å halde tak i eit syltynt håp om at ho som har reist skal vende tilbake. Det er likevel noko friskt, og beint fram smittande flott, over den Van Morrison møter Rolling Stones fasongen som låta har fått. Og det er frå desse folka og ein del andre sine glansdagar på det seine sekstitalet og det tidlege syttitalet at Wilco hentar mesteparten av inspirasjonen sin. Slik det vel eigentlig alltid har vore.

Og inspirerte er dei, berre i ei litt mildare og meir lettfattelig form enn før.

Først publisert på Groove.no (i 2007)

 

The Minus 5 – The Minus 5

Standard

Scott McCaughey har nok ein gong invitert kjentfolk til eit poptreff av det fyrige slaget.

cover  Då Scott McCaughey nokre skjebnetunge septemberdøgn i 2001 gjekk Down With Wilco i eit Chicago-studio vart det gjeve inspirert fødselshjelp til eit album ganske så fullstappa av åndsfriske og brunstige poptonar. Ja, med ei stygt forulempa View From Below blei det i sjølvironiske ordelag slått fast at I’m Not Bitter, medan minnet prøvde å fange The Days of Wine and Booze og medynke fekk auga på The Town That Lost Its Groove Supply. Den tekstlige tematikken dvelte på skrudd vis ved dei meir resignasjonskallande og mistrøystige opplevingane livet kan by på. Det var nok ikkje utan grunn at albumet (som på grunn av plateselskapskepsis ikkje kom ut før i 2003) hadde undertittelen A Tragedy In Three Halfs. Tonane var som på tidlegare Minus 5 framstøyt sterkt farga av 60-talet og Beatles/Byrds/Beach Boys. Mykje er ved det same på oppfylgjaren også.

Dette er den sjuande gongen det dukkar opp eit album under The Minus 5 signaturen, og på tradisjonelt vis har McCaughey dratt med seg ein velrenommert gjeng i studio. Peter Buck er som vanlig med, heile Wilco er innom som sist, Ken Stringfellow er med som så ofte før, medan Colin Meloy frå The Decemberists er med for første gong. Dei går aldri i vegen for kvarandre. Dei yppar kvarandre til fruktbar strid. For all del, det er ein Pistol og definitivt ingen Revolver McCaughey og banden har lada opp, og plata er kledd i svart og kjem for all framtid til å bli titulert The Gun Album og slett ikkje The White Album, likevel, her er meir enn nok kraftkost for den popsvoltne.

Dei Beatleske referansepunkta lever og andar kanskje aller sterkast i det pianoborne opningssporet, noko ei linje som «if happiness is warm I’ll take the fur» vel også gjer sitt for å stadfeste. Det soniske parallellogrammet My Life as a Creep kjem i så måte hakk i hæl. Her møter vi forresten ein fyr som har komme noko uheldig ut med sine omgjevnader, men som ber på eit håp om at «one day you’ll understand I’m not supremely evil».

Dette er ikkje den einaste skildringa på albumet med svartmuskete tankar. På sitt vante vis smeltar McCaughey saman friske tonar med skildringar av motlause sjeler, dubiøs åtferd og omtåka tankeverksemd. Nokre gonger, som i det primitive pop-punk nummeret Aw Shit Man, tippar det vel kanskje over i det parodiske, og ein veit ikkje heilt om ein skal glise eller gremmast; «I found another girl that I had to love, aw shit man. She’s the kind of woman I’ve been so scared of, aw shit man. Now I’m going to make her mine, aw shit man».

Vidare sympatisk kan ein vel ikkje seie at opningslinja i den raffinerte boogierockaren Out There on the Maroon er heller; «I had six white Russians tonight, and two of them were people». Men idet neste line er uttalt aukar nok sympatien for den einsame skikkelsen ein god del; «It’s not pretty when your best friend is a saloon, and you’re always out there on the maroon». Premien for den største kontrasten mellom ord og tone, trur eg Twilight Distillery skal få. Her fargar harmonitette og vakre tonar ei dunkel og fordrukken scene der undergangen står og bankar på døra.

Dei fleste låtane er spelt inn i Seattle i produserande samarbeid med tidlegare Young Fresh Fellows-kompis Kurt Bloch. To låtar, Hotel Senator og det vesle melodiske trumfesset With a Gun stammar frå Chicago-seansen med Wilco. Medan den bittersøte Bought a Rope og Beat Farmers-riffande Original Luke, stammar frå ein seanse heime hos tidlegare Dharma Burns-gitarist Eric Lovre.

Den kanskje finaste songen, Cemetery Row W 14, har McCaughey overlete til Colin Moley å synge. Ein pianoboren ballade, som har visse melodiske likskapstrekk med Ian Hunter sin Irene Wilde. «Memory Lane runs in the other direction», ingenting er synd og barane stenger aldri. Så «Cemetery Row is not such a bad place – don’t you want to go?». Du skal ikkje sjå bort i frå det, nei.

Kanskje ikkje heilt der oppe (eller bør vi heller seie nede) med Down With Wilco, men ein skarpskodd seanse like fullt.

6/10

Først publisert på Groove.no (i 2006)

 

Jay Bennett – The Magnificent Defeat

Standard

Han var der for ti år sidan. Han er der ikkje no.

cover  Etter å ha vore Wilco sin nestkommanderande i seks år, vart Jay Bennett pressa ut av bandet idet innspelingane av meisterverket Yankee Hotel Foxtrot gjekk inn i siste fase. Den same aprildagen i 2002 som Yankee Hotel Foxtrot endelig kom ut, var så Bennett der med sitt første post-Wilco album. Eit samarbeidsprosjekt med vennen Edward Burch som bar tittelen The Palace At 4 A.M. Albumet var milevis unna å få den same merksemda som plata til gamlebandet hans vart til del. Det fortente den nok ikkje heller: Ei sympatisk men ikkje særlig spennande plate med countryfolksy poprock.

Eg har etter den tid latt Bennett få drive med sitt utan å bry meg med kva han skulle ha å bestille. Er hans Rykodisc-debut, The Magnificent Defeat, representativ for kvaliteten på hans to mellomliggande utgjevingar, har eg nok ikkje godt glipp av dei store tinga. 13 låtar i eit relativt lydomfattande poprock-bilde som berre unntaksvis byr seg fram som appetittvekkande.

Låtane på plata er blitt til i etterdønningane av ei skilsmisse. Noko det tekstlige, neppe så overraskande, ber preg av. Eller kva skal vi seie om tilfeldig utvalte strofer som; «she was a pretty bad kisser, she kept cryin» through her teeth at night, but still I think I’m gonna miss her» eller «I’m so sorry that I blew your cover, but it wasn’t that hard when you jump from under one sheet to another» eller «so what’s a man with a woman with a mission to do?».

Nei, det der kjærleikslivet er ikkje så lett å forstå seg på, du.

Det kanskje største problemet til The Magnificent Defeat gjev seg til kjenne noko alldeles voldsamt med ein gong. La oss kalle det for drapsforsøket på ei allereie død låt. I ei kaotisk stressande og lydmessig overlessa form går Bennett til åtak på opningssporet Slow Beautifully Seconds Faster og trampar den meir død enn det eigentlig er fysisk mulig å få til. Rett nok utan å bli like ille foruretta som dette, så slit fleire av spora seg fram i eit overivrig og krampaktig sonisk bilde. Det er som om Bennett skal vise at han har flust av idear han også, og så slenger han like godt alle saman i fjeset på lyttaren samstundes.

Okay då, innimellom har han nokre dugande saker å by på. 5th Grade er ein kjapp framoverbøygd og fin poplåt med både gamle Wilco-minner og Elvis Costello-fakter som sentrale verkemidler. Costello-tankar dukkar forresten titt og ofte opp heile albumet igjennom. Det er noko med stemma og fraseringsteknikken til Bennett som er skummelt likt den brillefine engelske Elvisen. Ikkje minst i den blå, og litt grå, King of America-inspirerte balladen The Palace At 4 A.M. (ja, den har same tittel som solo-debutalbumet til Bennett, men er heilt ny).

Wide Open og Out All Night strenar seg framover med energiske og habile Tom Petty-slekta takter i ryggen. Replace You er ein riffskarp og orgeldrivande liten djevel. Og Survey the Damage klorar og klør på høvelig vis for så å slå til med eit yndefullt refreng. Men då er det vel jamt slutt på det positive også. Om ein då ikkje skal trekke fram den uannonserte og barroom-piano utstyrte countryrockaren som dukkar opp som ekstranummer. Den er, om ikkje anna, i alle fall fullstendig upretensiøs.

No trur eg vel ikkje at Jay Bennett har stoff i seg til å lage dei store meisterverka, men om han prøver litt mindre ser eg ikkje bort frå at han har ei fin lita pop-plate eller to innabords.

4/10

Først publisert på Groove.no (i 2006)

 

The Minus 5 – At The Organ

Standard

Mange friske tonar frå overskotslageret til eit overskotsband.

cover  Scott McCaughey har spelt for åtte tilhøyrarar. Scott McCaughey har også spelt for 125 000 tilhøyrarar. Scott McCaughey har spelt piano på ei plate som er selt i heile 5 millionar eksemplar. Scott McCaughey har også skreve låtar, sunge og spelt inn ei plate som har selt i skarve 450 eksemplar. Scott McCaughey har dreve med musikk sidan 70-talet. Han har vore frontfigur i Young Fresh Fellows, han har spelt i Tuatura og han har sidan midten av 90-talet vore assosiert medlem av REM. The Minus 5 er monikoren han nyttar når han inviterer kjente og mindre kjente musikkvenner på pop-party.

Forrige gong heitte partyet Down With Wilco. Det starta med friskt mot i Chicago 10. september 2001, og heldt fram dagane derpå i ein heller forvirra og bekymra tilstand. Ny økt fulgte nokre månader seinare. Albumet frå innspelingane såg dagens lys tidleg i 2003, og var, til trass for omstenda deler av materielet vart til under, solid spekka med spenstig popstoff.

At the Organ er ein sjuspors EP (+ ein video) der deler av materialet er henta frå Down With Wilco seansen. Her får vi 11. september-versjonen av killerlåta The Days of Wine And Booze. Hissig, skitten, bakfull og vakker. Endå betre enn versjonen som fant vegen til 2003 albumet. Det kanskje aller mest vitale nummeret på det albumet bar tittelen The Town That Lost Its Groove Supply (for ein skjebne). På denne EPen er den å finne i ei nyinnspelt og meir gitarstraigt (og Wilco-fri) utgåve. Ikkje fullt på høgde med 13 sept. 2001 gjennomføringa. Låta har også inspirert Scott Ferril og Chris Mars (han frå Replacements, ja) til å lage ein groovy video, den får ein også høve til å glane på om ein skaffar seg At the Organ.

(I’ve Got a) Lyrical Stance er ein kjapp liten poppunk-røvar, komponert av trekløveret McCaughey, Tweedy og Buck. Hotel Senator ein nyare litt Kinks-aktig og finfin sak. Formerly Hail Centurion stammar opphavlig frå den omtalte Wilco seansen. Ein fabelaktig «Alex Chilton møter Brian Wilson»-sak, som mystisk nok ikkje fekk vere med på albumet. I Film Of The Movie spenner McCaughey og tre ukjente på seg sporane og rir av gårde i frodig countryrock-drakt. Så sjølv om det Bo Diddley influerte avslutningssporet One More Bottle to Go ikkje heilt held mål kunne eg godt tenkt meg meir av Scott og hans mange venner eg (det kjem visst også, i løpet av 2005 eingong)

Har du (og set pris på) Down With Wilco, er denne EPen eit sjølvsagt supplement. Eig du ikkje Down With Wilco, ja då…

6/10

Først publisert på Groove.no (i 2005)

 

Wilco – A Ghost Is Born

Standard

Rock gjort på Wilcovis er ikkje heilt som an rock. Eller: Endå ei frilyndt plate frå bandet som aldri spør om kva som er lov.

cover  Det er lettare å reagere enn å være original, blir det hevda. Det er vel ikkje så vanskelig å være einig i nett det. Jeff Tweedy syslar ikkje med det lettvinte, det opplagte. Han går gjerne fruktbare omvegar eller tek uredde sidesprang. Jeff Tweedy er ein original, ein musikalsk innovatør. Nå har ikkje Jeff funne opp rock’n’roll-kruttet. Men han og resten av Wilco-banden foretar seg ganske så særeigne ting med dette kruttet, så smellet lyde litt annleis, røyken har ein annan farge og lukta blir ei anna.

Sånn høyrer og ser eg det i alle fall.

Eg var inne på tanken allereie for 12 år sidan då Jeff saman med Jay Farrar var grunnstamma i legendariske Uncle Tupelo, men gjekk likevel ikkje heilt for det den gongen. Ikkje for det, Uncle Tupelo var eit fantastisk band, og gav endåtil navn til ei heil lita bølge av rockinfisert countrymusikk på første halvdel av 90-talet (No Depression). Dei gjorde vel til og med enkelte små ting litt annleis enn kva nokon andre hadde gjort før. Men kanskje dei var litt for mykje av ei naturleg vidareføring av ting Hank Williams, Gram Parsons, Neil Young og The Long Ryders hadde foretatt seg tidlegare til at eit skråsikkert innovatørbegrep kunne få innpass. Likevel, insisterar nokon, skal ikkje eg stå i vegen.

Eg høyrde definitivt ingen musikalsk nybrotsmann for 9 år sidan då Jeff og ein handplukka gjeng debuterte under Wilco-signaturen. Albumet bar tittelen A.M. og var spekka med trivelig nok countryinspirert rockemusikk, men slett ikkje originalt.

Eg såg imidlertid kraftige konturar av eigenarta rockemusikk i 1996, då dobbeltalbumet Being There dukka opp. Albumet var nemlig eit solid steg i retning gullkanta melodi-riker for den godaste Tweedy. Ein overflod av små sprelske idear kombinert med skarp meloditeft. Ein hyllest til rock’n’roll og dens evner til å kunne kommunisere enkelt, ærlig og direkte.

I 1999 dumpa han på nytt inn i stova mi med flott musikk. Summerteeth heitte Wilco-albumet dette året. Mange av låtane var denne gongen i ei sommarfrisk og Beatlesk poplei. Og stilt saman med elektrisk glødande balladar som She’s a Jar og Via Chicago vart det ei strålande plate. Sjølv om heller ikkje den representerer steget inn i innovasjonen sine kammer.

Det steget tok Tweedy og Wilco i 2002. Plata heitte Yankee Hotel Foxtrot og var så makelaus at plateselskapet deires egentlig ikkje ville gje den ut (eit lite teikn på originalitet, berre det). Eigenarta og gnistrande arrangementer. Atonalitet og varsom støy får lov å fargelegge bildet, men er aldri i nærleiken av å spolere grunntonen. Fortsatt er melodien i sentrum. Men i eit meir spennande sentrum enn nokon gong før. Kompromisslaust utført etter intuisjon og innfallsmetoden, frilynt og utan å skue for mykje i retning normal framferd. Jodå, dette var originale tonar.

No skriv vi 2004. Framføre meg ligg Wilco sitt femte album (hvis vi ikkje reknar med dei to dei har gjort saman med Billy Bragg). Eg er spent, veldig spent. For vil denne vesle dingsen klekke ut samme originale musikken forgjengaren gjorde? Statistisk sett har det jo vist seg at det er få artistar unt å ha i seg meir enn eit formidabelt album. Derfor ber eg ei stille bøn; Wilco, please make it two!

A Ghost Is Born.

Eg spelar den ein gong, to gonger, tre gonger. Hmmm, eg tvilar litt.

Eg spelar den fire gonger, fem gonger, seks gonger. Eg tvilar mindre.

Eg spelar den sju gonger, åtte gonger. Eg tvilar ikkje.

Ni gonger. Eg er overbevist.

Ti gonger. Og no trur eg ikkje eg klarar å slutte å spele den. Elleve, tolv …

Sånn, då får eg vel gjere eit spinkelt forsøk på å beskrive kva eg har opplevd desse siste dagane i samvær med det nyfødde spøkelset.

Songane, tolv stykker denne gongen, er rota i velkjente melodi- og rytmemønster. Vers, refreng, pop, rock, balladar. Rett nok har komponist Tweedy eit nærare tilhøve til forgylte tonar enn dei fleste andre, men han brukar avgjort den gamle velkjente formelen, han også. Likevel, sluttresultatet blir litt annleis i Wilcoland.

Jeff Tweedy er ein frilynt låtsmed. Han er aldri redd for å ta sjansar med sine små låtskattar. Han lar bandet leike med dei, utforske dei, men aldri drukne dei eller forhalde seg likegyldig til dei. Det er små og litt lengre stykker, nokre er vare, nokre atskilleg meir hardføre. Men dei er alle blitt granska inderlig, snudd på, rista på, smilt til, kjælt med og gjort små rare ting med.

I eit forsøk på å lokalisere Wilco på det store og uoversiktlige musikk-kartet, meiner eg å sjå dei vandrande rundt der borte i spenningsfeltet mellom struktur og fridom. Ein stad det er lov å flytte grenser og å vidareutvikle eigne musikalske idear. Men sjølv om dei er eit band i stadig forandring (arbeidstittelen på denne plata var høvelig nok Wilco happens), har dei også sin lett gjenkjennelig signatur. Den står skreven der, innimellom den store handlefridom, dei lettbeinte utfluktene, den dempa uroen, og det åpne minimalistiske bildet, bakom Tweedy sine resignerte men sjelfulle vokale avleveringar, i hjarta av hans låtskrivarkunst.

A Ghost Is Born skil seg frå forgjengaren først og fremst med å redusere på mengden av synthbaserte og maskindrevne lydinnfall. Nå får nyankomne Mikael Jorgensen lov til å lure med små godsaker frå synth-hjørnet sånn av og til, men denne gongen er det dei såkalla organiske instrumenta som regjerer grunnen. Slik blir bildet på A Ghost Is Born meir jordnært og varmt enn dei noko meir bistre og eksotiske strekane Wilco farga (med magnetisk kraft) forrige gong. Fortsatt skuer imidlertid bandet villig inn på uutforska territorier. Men aldri gjer dei slikt for å være sære, vanskelige eller pretensiøse. Her er ingen fakter og tull og tøys, berre pur kjærleik til musikken. Og gløym alle ideane om alt-country, No Depression og slikt. Det som måtte være av slike tilknytingar hos Wilco pr. i dag har vore inkorporert i rockemusikken heilt sidan Elvis song That’s Alright Mama for femti år sidan.

«I attack with love, pure bug beauty, curl my lips and crawl up to you».

Sitatet er henta frå låta Company In My Back, og kan få være ein metafor over korleis ei Wilco låt oppfører seg. Anten den frambringar kraftfulle lydar, eller går litt meir varsomt til verks. Aldri før har pianoet vore så dominerande på ei Wilco plate som tilfellet er denne gongen. Både avtroppande medlem Leroy Bach, assortert medlem Jim O’Rourke og nyankomne Mikael Jorgensen vekselsvis trillar og dunkar fram tonar frå elfenbeinbrettet. Nennsomt i første del av At Least That’s What You Said, før Bach etterkvart blir overkøyrt av virile gitarangrep frå sjefen sjølv, frå dei Neil Young-farga til dei komplett tøyleslause.

Hell Is Chrome er neste påstand. Ein ny pianodreven affære, meir intenst og skal vi sei djevelsk denne gongen. Bak i bildet stikk det fram små lumske flammar frå Tweedy sin gitar. Låta sin hovedperson finn seg etterkvart vel til rette hos den kromdekte luringen, så det heile blir avslutta i nær gospelstil; «come with me».

Jammen har Wilco gjort mykje flott, men eg lurer på om ikkje spor tre på A Ghost Is Born toppar alt. Låta heiter Spiders (Kidsmoke), varer i drøyt ti minuttar og er vidunderlig i kvart eit sekund. Bass, tromme og piano dannar i beste Neu! ånd ein monoton og hypnotisk metallisk bærebjelke. Rundt denne krøllar Tweedy ein magnifikk sang, og ikkje minst ein stadig veksande mengde av kriblande, klatrande og glødande gitarfigurar. Eg seier med Damo Suzuki; Halleluwah.

Vakre Muzzle of Bees lever i eit akustisk lydbilde men får vitjing av litt meir høglytte tonar mot slutten. Medan den Beatleske Hummingbird blir tilført fiolintonar, og tar slett ikkje skade av det. Tekstane til Tweedy synest eg også har tatt endå eit skritt vidare i poetisk kraft. «His goal in life was to be an echo» syng han i Hummingbird. Om den rastlause og noko forvirra fyren som ikkje klarer å gløyme den der dama. Sjølv om sanninga dessverre er slik at; «a cheap sunset on a television set could upset her, but he never could». Det er som før ofte tvedydige og langt frå opplagte tekstlinjer Tweedy byr på. Men noko ein kan grunna på er jo alltid kjekkare å få servert enn ferdigløyste problemer. Akkurat kva som foregår i Handshake Drugs har eg ennå ikkje heilt funne utav. Men hovedpersonen her er også i farta. Planlaust, ute av seg sjølv driv han av gårde i baksetet på ein taxi. Låta er av det lausslupne og småviltre slaget, helde i taumane av John Stirratt sin bassgang. Den samme Stirratt er for øvrig den einaste ved sida av Tweedy som har deltatt på alle Wilco sine utgjevingar. Wilco er nemlig ein stadig endrande combo, der folk blir henta inn og kasta ut alt etter kva ritt Tweedy er ute på.

Eg nemnte Hummingbird som eit Beatlesk tilfelle. Det samme kan det vel også gå an å seie om yndige Wishful Thinking. Mens Company In My Back har meir tilfelles med Handshake Drugs, og er ein viril og smart rockande sak. Ja, ein skikkelig liten bluesy lurendreiar faktisk; «I move so slow, steady crushing hand, holy shit! there’s a company in my back». I’m a Wheel er på si side ein kåt Replacements-rockar av beste merke. Og er utstyrt med nokre suverene nonsenslinjer; «one, two, three, four, five, six, seven, eight, nine, Once in Germany someone said nein». Albumtittelen dukkar opp mot slutten av den piano-borne midt-tempo saken Theologians. Her er vi også på veg. Kor, er eg ikkje sikker på (antakelig ikkje Tweedy heller), men det er i alle fall til ein plass der kunnskapslause teologar ikkje har adgang.

Less Than You Think er albumet sitt lengste spor. Det dreg seg så vidt over 15 minuttar, og er delt opp i to dramatisk ulike akter. Den første varer i tre minuttar og er ein skjør og nydelig pianoballade. Akt to tar resten av tida og er ein langsomt stigande drone bygd opp av synhetiske og maskinstyrte lydar. Og er sannsynlegvis eit forsøk på å gjenskape eit migreneanfall i auditiv form. Om det i så måte er vellykka? Eg lid heldigvis ikkje av denne sjukdommen, så det kan eg ikkje svare sikkert på. Men det gjer Jeff Tweedy. Og det i så sterk grad at han vart misbrukar av smertestillande medikamenter. Noko som igjen førte til ei lita utsetjing av A Ghost Is Born, sidan han valgte å legge seg inn til behandling for denne avhengigheten. Eg maktar dessverre ikkje heilt å halde på interessa drona igjennom, men eit lite ankepunkt skal jo eitkvart mesterverk slite med. Dette blir uansett veldig fort tilgitt og gløymt når den vesle godlåta Late Greats dukkar fram heilt tilslutt.

Til særdeles spretne og lett likte tonar syng Tweedy om bekymringar av meir solskinnsgrad. Om dei (fiktive) låtane, banda og sangarane som aldri nådde opp. Før han avsluttar i litt større målestokk; «the best songs will never get sung, the best life never leaves your lungs».

Sjølv om den siste påstanden kan virke nokså kategorisk trur eg det er nett desse songane, dei beste, dei usungne, Tweedy og hans Wilco heile tida jaktar på. Og dei tolv han har fanga denne gongen, og gjeve ein sonisk fødsel i ei mangefarga spøkelsesdrakt må då komme veldig nær nett slike skussmål.

9/10

Først publisert på Groove.no (i 2004)