Dama som nektar å bli uinteressant.
8
Det sit ein hund ved himmelens port, ved sin herres føter, og ventar. Det har den gjort i snart totusen år. Dens namn er Banga. Eg sit å høyrer på ei ny plate av Patti Smith. Med nyskrevne songar av Patti Smith. Åtte år etter at noko slikt hende sist. Dens namn er Banga.
Eg har vel i grunnen heilt sidan eg oppdaga henne (og så kom til hektene igjen) tenkt at i jungelen av musikksjangrar så er Patti Smith sin eigen sjanger. Når ho i desse dagar leverer sitt tiande album av eigenproduserte låtar, tenker eg det framleis slik. Ho nyttar ikkje høvet til å sprenge seg ut av sjangeren. Ho er den ho er. Men ho er det sterkt, minst like sterkt som då ho var her med Trampin» i 2004.
For all del, det var ikkje alt som kom ut i tida mellom Easter (1978) og nemnte Trampin» som imponerte. Av plater, i grunnen berre elegiske Gone Again. Og, det har vore ein pretensiøs dimensjon til stades i mykje av det ho har føretatt seg etter Horses (det 37 år gamle debutalbumet som eg ikkje oppfattar slik, det er reinspikka feber, blasfemi og lidenskap) som eg stundevis har stilt meg litt avventande til. Samstundes har ho denne evna til å jorde det ho formulerer. Til å dra det høgtravande og blomstrande ned. Til å pare det med primitiv rock’n roll, avkledde klagesongar eller improvisatoriske febertalar. Då blir det som regel ikkje for mykje.
Det er ingen fakter hos Patti Smith. Ho prøver ikkje vere, noko, eller nokon. Ho er, stemma, poeten og rytmen. Framleis, i ein alder av 65 år, er ho det. Aldri halvhjerta, aldri noko mindre enn vital, tidvis formidabel.
Constantine’s Dream er formidabel. Levande, dirrande, ekspanderande, og formidabel. I løpet av sine 10 minuttar filtrar låta saman historie og nåtid, draum og røyndom, religion og kunst, naturen og mennesket. Det er ikkje for mykje. «I dreamed a dream» syng Patti Smith i første linje. Ho nøyer seg altså ikkje med eit «I had a dream». Ho vil ha maks patos. Det blir ikkje for mykje. I draumen har ho sett Frans Av Assisi knele og be ei bønn «for the birds and the beasts and all humankind». Derifrå og ut formulerer ho så ein improvisatorisk tale som drar inn den første kristne keisaren i Romerriket (Konstantin I), han som seinare malte eit bilde av denne keisarens draum (Piero della Francesca), og som døydde same året som Columbus steig i land i Amerika, og der såg «nature unspoiled». The New World, eit Eden som ville ha letta hjerta til den heilage Frans, som sender ein overvelda Columbus inn ein søvn som gradvis flettar seg saman med framtida. «The twenty-first century» stig fram som engelen i keisarens draum, oppdagaren ser naturen i flammar, ei øydelegging, og den rojalistiske draumen forsvinn inn i natta. Apokalypsen er fullbrakt. Men det kjem eit etterpå. Ein gammal Neil Young-song. After The Goldrush. Skyvd nokre tiår fram i tid. «Look at Mother Nature on the run, in the twenty-first century» syng Patti Smith, og nokre barn. Det nærmar seg kanskje då, men det blir likevel ikkje for mykje.
Og restane av den siste pianotonen set eit sakralt punktum.
Ein time tidlegare har ho starta albumet med Amerigo. Ein song der ein europear (anno 1500) rapporterer med idyll i blikket og forståing i hjerta frå kontinentet som nett er blitt oppdaga. Slik er songens tone også, vennlig og tiltalande. Men Banga er ikkje først og fremst songar om Amerika. Albumet strekker seg vidare enn som så. Dette er songar om dei frittflygande og om demonane, om skjønnheiten og undergangen, og om håpet å få døy «on the back of adventure».
Ho syng songar til to nyleg avdøde kvinner. Sørgmodige men samstundes oppløftande This Is The Girl, tileigna Amy Winehouse. Og den sorgtunge og umåtelig vakre Maria, tileigna den franske skodespelaren Maria Schneider, mest kjent for si rolle i Siste Tango I Paris. «Wild wild hair, sad sad eyes …… tangoing from heaven to hell».
Ho ber fram ei rock’n roll bøn for japanarane som vart ramma av tsunamien i fjor, oppkalla etter deira stolte fjell Fuji-San. Ho presenterer ei ode til kjærleiken, livet og «the human beat», titulert Mosaic. Og balanserar på kanten av for mykje. Men balansegang kan vere bra.
Russisk litteratur og film gjer seg også bemerka på plata. Den heller middelmåtige poplåta April Fool referer til fødselsdagen til Nikolai Gogol, og hentar inspirasjon frå hans mest kjente bok Døde Sjeler. Den slettes ikkje middelmåtige, men derimot røft og lealaust rockande tittellåta (med Johnny Depp på gitar) vart til etter at Patti hadde lest Mikhail Bulgakov sin finurlige roman Mesteren og Margarita, om ein besynderlig djevel og hans intrikate affærar (i Moskva, Jerusalem, og Gud veit sikkert ikkje kor). Mick Jagger skal etter seiande ha laga Sympathy For The Devil etter å ha lest same bok. Patti Smith tar utgangspunkt i ein liten historie i boka om Pontius Pilatus og hans lojale hund Banga som sitt utafor himmelporten og ventar på Kristus. Kva songen eigentlig handlar om må djevelen vite. Om lojalitet kanskje, eller kanskje om at «the way to heaven is true – true blue»? Og the Second Stop is Jupiter. Men då er vi hos Tarkovsky. Den store russiske filmregissøren. Songen som Patti Smith har gitt hans namn er like mykje eit dikt, med tonar lånt av Sun Ra. Flytande, dvelande, med draumeliknande bilde i eit gråfarga landskap. Magisk i grunn. Som ein film av – Tarkovsky.
Med seg på plata har Patti Smith sine evige kombattantar Lenny Kaye og Jay Dee Daugherty, og den litt seinare arriverte Tony Shanahan. Dei er bandet hennar, og dei er medkomponistar. Patti Smith Group kalla dei seg ein gong i tida. Dei er ikkje yngre no enn den gong, men dei har eit eller anna avgjerande i seg som dei fleste andre som har vore ute der like lenge har lagt ifrå seg. Det viser Banga alle teikn på.
Først publisert på Groove.no (i 2012)