Ezra Furman – Day Of The Dog

Standard

Tru og tvil i mørke tider. Ein ung fyr frå Chicago hiv gospel i punken, og svingar seg inderlig rundt i rock’n roll tradisjonen.                                                                                                               

  Det var ufattelig lett å bli dus med songane til Ezra Furman. For fire veker sidan hadde eg aldri høyrt mannen framføre ein einaste tone. Eg visste ikkje at han eksisterte, og endå mindre visste eg at songane hans fanst. Likevel, når han først gjorde sin entré opplevde eg han aldri som ein framand. Songane hans kjem nemlig frå ein stad eg har vore før. Mange gonger (sannsynlegvis altfor mange gonger). Frå sjølvaste hjerta av rock’n roll. Dei beveger seg aldri langt vekk frå sin arnestad, men du verden som dei beveger seg.

Når han 13 sekund inn i opningsnummeret startar å synge så er det frå djupast nede i magen og utover det heile. Det er fullt åtak, og ein aggresjon mot det han ser der ute og det han kjenner der inne. «All the world is rising up like vomit, filling up my ugly little mouth, there’s a sickness deep inside my eyeball, got to find that tool to cut it out». At refrenget då blir «I wanna destroy something, I wanna destroy myself» er vel bortimot heilt naturlig.

Punk eller ikkje punk, det er for så vidt ikkje spørsmålet. Men svaret er ja, og nei. Dette er punk men langt meir enn som så. Dette er Bo Diddley-beat og femtitalet som tar seg via Dylan og Velvet Underground til punkens gullalder, derifrå går den i klinsj med Violent Femmes, sparrar med Bright Eyes, og sveittar opp ein dose gospel, for så å bli friskt og tydelig signert med Ezra Furman sitt eige handlag.

Han ser ikkje ut som ein gammal mann denne Ezra Furman. Men jaggu er situasjonen den at Day Of The Dog på ingen måte er hans debutalbum. Etter det eg har klart å finne ut må det vere hans femte full-lengdar. Dei tre første rett nok under vignetten Ezra Furman & The Harpoons, men ganske så umiskjennelig med same mann i hovudrolla.

God Is A Middle-Aged Woman song han på den aller første plata (frå 2007). Og Gud betyr ein god del for Ezra. Han har lest sitt Gamle Testamente. Kanskje fordi hans jødiske røter har dratt han mot det, eller kanskje ganske enkelt fordi han har funne det fascinerande. I alle fall klarer han å krydre songane sine med referansar til den gamle boka på eit rett så opportunt vis. Om enn ikkje i tråd med slik den ortodokse trua ville ha rådd han til å gjere det. And Maybe God Is A Train spør han seg på årets plate, som ei slags oppfølging til den seks år gamle songen. Desperasjonen formelig dirrar i stemmebanda når han vidare spør seg om Gud kanskje heller er ein liten gut som prøver å vere tøff som ein mann, eller kanskje ei lita jente «setting out a table for tea». Eller kanskje alt er slik det er meint å vere. Men i så tilfelle: «what exactly has that got to do with me, when I’m in pain, in pain». Så joda han har eit forhold til Gud, men det er eit ganske så fleirdimensjonelt forhold.

«Now that everyone’s gone, it’s just me and the Lord, in this little apartment in Queens». Slik innleiar Furman det swingande og Tom Waits-frenetiske nummeret Walk On In Darkness. Ein lengt etter det forbode drar etter kvart hovudpersonen utandørs. Gud prøver å kalle han tilbake via hans «portable headset». Samstundes, frå nede i rennesteinen ein stad, kan han høyre lyden av eit horn. (Sannsynligvis ein krumbøygd saksofon). Det regnar, eit evig regn, og gatevandraren forsvinn inn i mørket («tap tap tap»).

Der, inne i mørket, kan det vere at denne fyren møter på fleire av skikkelsane i Furman sine songar. For eksempel han som nyttar refrenget til å be alle om å dra ein viss stad. Tell «Em All To Go To Hell. Ein song, kledd i rockens opphavlige mondur, der Furman teiknar eit portrett av ein desorientert fyr fanga i ei felle han har laga for seg sjølv. Grublande over «redheads» som ikkje har nummeret hans lenger, snerrande mot idear om materiell velstand, heilt utan fotfeste, for redd til å døy, vandrande i skuggen av «the fabulous four».

Ein kan vel med rette hevde at tematikken plata igjennom ikkje er av det lystelige slaget. Det handlar mykje om å vere i ein tilstand nokre sjelelige kilometer unna der ein helst kunne tenkt seg å vere. Men det handlar også om å prøve og komme seg ut av tilstanden, og å søke og finne fram til ein som pinar mindre. Det handlar i liten grad om å lukkast med det.

Om då ikkje dommens dag, eller oppgjerets time, eller Day Of The Dog som Furman vel å kalle det, kan by på noko likare då. For alle dei hardt prøvde. «From the bums on the street to the prisoners inside, from the losers cast out to the runaway child, and the wandering slave through the wilderness fog». Den skingrande og intense gospelrockballade som ber same tittel som plata fremjar i alle fall eit håp om eit rettvist oppgjer ein gong. I den todelte saken Slacker/Adria er Furman inne på noko av det same. På ein litt annan måte. Første del presenterer eit noko misantropisk syn på tilværet («I’m hoping she’ll save me, or at least give me drugs and call me baby»), og groovet er suggererande og Velvet U. Andre del er ein brennande draum om eit utopia (there’s no hidden keys and there’s no secret handshake), plassert midt inne i ein sonisk vinterstorm.

Saman med dei sedvanlige rock’n roll instrumenta spelar ein saksofon ei sentral rolle. Tvers igjennom dei fleste spora kan den putre og kitle, fylgje straighte linjer eller mane til kamp. Uansett, den er med å gjere Day Of The Dog til eit album som til trass for si tydelige gjeld til rock’n roll historia er noko litt for seg sjølv. Noko unge Furman, og hans evne til å ta ein skånsellaus eigedom over kvar forbanna låt sjølvsagt skal få tilkjent største del av æra for. Det være seg om han fullbyrdar ei låt av det meir popprega slaget (My Zero, Cherry Lane) eller om han er der det heile byrja, og rasar ut si fortvila bøn til ein gud han håpar finst, men ikkje heilt stolar på: «Won’t you please come and be my escort, through the dark dark world that we have made». Gospel på sitt beste.

9/10

TIDAL: EZRA FURMAN – DAY OF THE DOG

 

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s